MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 31.01.2008 Kl: 12.30 15.30 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Alle Rådmann Vidar Roseth Pedagogisk rådgjevar Kari Rønnestad (i orienteringssak om Nesse oppv.senter) PPT-leiar Åse Glans Urdahl (i orienteringssak om Nesse oppv.senter) Pleie- og omsorgsleiar Toril Einarsen (i orienteringssaker i.h.t. pleie og omsorg) Kommunelege Gunnar Engan Dato for innkalling: 23.01.08 Merknader: Saker som vart handsama 1/08-2/08 Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Balestrand, ----------------------------------------------- ------------------------------------------------ Side 1 av 5
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 1/08 08/187 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE 2/08 08/188 VAL AV REPRESENTANTAR TIL SAMARBEIDSUTVALA FOR SKULAR OG BARNEHAGAR Side 2 av 5
Orienteringar og drøftingar: Situasjonen ved Nesse oppvekstsenter Rådmannen og pedagogisk rådgjevar orienterte om status i.h.t. overføringa av 5.-7. klasse ved Nesse oppvekstsenter til Sagatun skule og aktuelle vurderingar framover. Brev frå FAU til utvalsleiaren vart referert. Utvalet tek sikte på eit ekstramøte i slutten av februar for å handsame spørsmål knytt til Nesse oppvekstsenter på kort sikt og meir generelle spørsmål i høve til oppvekstsentra på lengre sikt, som innspel til kommuneplanarbeidet. Situasjonen i pleie- og omsorgstenestene Pleie- og omsorgsleiar orienterte. Ho peikte på dei store utfordringane med å handtere tenestetilbod og bemanningssituasjon innanfor tronge rammer på kort sikt, samstundes som leiarane skal planlegge omfattande omstillingar for å kunne halde budsjettrammene framover. Ho ga uttrykk for at situasjonen var svært vanskeleg. Status i høve til arbeidssenteret Rådmannen gjorde kort greie for historikken i saka, og notat om dette vart utdelt. Pleie- og omsorgsleiar peikte på at det er viktig å gjennomføre ei snarleg tilpassing til behova, arbeidssenteret er no ikkje tilrettelagt for den verksemda og brukargruppa ein har, og nokre må i dag få ei oppfylgjing heime av den grunn. Dette medfører og ei dyrare drift. Det var politisk teke til orde for ei ny vurdering av ulike alternativ. Utvalet ba rådmannen syte for ei oppfylgjing i høve til formannskapet den 01.02.08. Prosjektet Kunnskapsløftet i oppvekstsenter tidleg og systematisk innsats i norsk og matematikk Rådmannen orienterte om prosjektet, som er eit samarbeid mellom oppvekstsenter i Vik og Balestrand, Høgskulen i Sogn og Fjordane og PPT. Det vert søkt om midlar frå Utdanningsdirektoratet. Utvalet oppsummerte fylgjande uttale til prosjektet: Utval for oppvekst og omsorg i Balestrand kommune ser behovet for dette prosjektet ut frå dei utfordringane ein har ved oppvekstsenter og fådelte/aldersblanda skular. Gjennom prosjektet kan ein bli i stand til å utnytte dei sterke sidene ved oppvekstsenter. Ved tidleg og systematisk innsats i høve til basisfag som norsk og matematikk og meir glidande overgang mellom barnehage og skule, er det sannsynleg at læringsutbytet vil bli forbetra. Her er det og viktig å ha eit systematisk samarbeid og god kommunikasjon med PPT og kommunale hjelpeinstansar som t.d. helsestasjon og barnevern for å kunne gå tidleg inn der det er behov. For å oppnå resultat, er det naudsynt å sette seg i stand til å gjennomføre eit samarbeid mellom ressurspersonar som kjenner særpreget til slike skular, og at fleire oppvekstsenter samarbeider med kyndig bistand. Vi ser at eit tilskot i samband med Kunnskapsløftet frå ord til handling kan vere avgjerande for å få dette til. Stiftinga Eikely Pleie- og omsorgsleiar orienterte om avtalen med stiftinga Eikely og erfaringar i høve til samarbeidet med stiftinga. Utval for oppvekst og omsorg tek sikte på ein nærare dialog med styret for stiftinga. Grunnlag for berekning av betaling for tenester i heimen Kari Tordis Aarskog viste til avklaring med rådmannen i høve til kva inntekt som er avgjerande for betalingssatsar for hjelp i heimen. Det er fastsett i forskrift at det er netto skattbar inntekt før særfrådrag som skal leggjast til grunn. Informasjon om sjukefråverssituasjonen Kari Tordis Aarskog tok opp at utvalet burde få nærare informasjon om sjukefråverssituasjonen innan pleie og omsorg. Rådmannen fylgjer opp at utvalet får den same informasjonen som arbeidsmiljøutvalet i høve til sitt område. Side 3 av 5
1/08 RAMMEAVTALE MELLOM HELSE FØRDE OG BALESTRAND KOMMUNE Tilråding: Balestrand kommune inngår rammeavtale med Helse Førde HF i samsvar med framlegg av 03.12.07. Handsaming: Det vart røysta over tilrådinga frå rådmannen. Tilråding Balestrand kommune inngår rammeavtale med Helse Førde HF i samsvar med framlegg av 03.12.07. Samrøystes 2/08 VAL AV REPRESENTANTAR TIL SAMARBEIDSUTVALA FOR SKULAR OG BARNEHAGAR Tilråding: Samarbeidsutvala ved skulane vert tillagt funksjonen som skulemiljøutval etter opplæringslova 11-1a. Det skal vere felles samarbeidsutval for skule og barnehage ved Fjordtun oppvekstsenter og Nesse oppvekstsenter. Fylgjande vert valde til samarbeidsutvala for skular og barnehagar for 2008-2011: Samarbeidsutvalet for Sagatun skule:.. Samarbeidsutvalet for Sagatun barnehage:.. Samarbeidsutvalet for Fjordtun oppvekstsenter:.. Samarbeidsutvalet for Nesse oppvekstsenter:.. Handsaming: Utvalet kom samla fram til slikt vedtak: Side 4 av 5
Vedtak Samarbeidsutvala ved skulane vert tillagt funksjonen som skulemiljøutval etter opplæringslova 11-1a. Det skal vere felles samarbeidsutval for skule og barnehage ved Fjordtun oppvekstsenter og Nesse oppvekstsenter. Fylgjande vert valde til samarbeidsutvala for skular og barnehagar for 2008-2011: Samarbeidsutvalet for Sagatun skule: Anne Margrethe Kråvik Samarbeidsutvalet for Sagatun barnehage: Kari Tordis Aarskog Samarbeidsutvalet for Fjordtun oppvekstsenter: Leif Grinde Samarbeidsutvalet for Nesse oppvekstsenter: Gunnvor Linde Samrøystes Side 5 av 5