FoU ved HVO faglege satsingsområde Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering Innstilling frå Forskingsutvalet Volda, 28.05.04
Innleiing Forskingsutvalet oppnemnde i møte 17. januar 2003 eit utval som skulle kome med framlegg om ny strategiplan for FOU-verksemda ved HVO. I mandatet til utvalet blei det understreka at det primært skulle ha fokus på faglege satsingsområde. Utvalet leverte si innstilling 3. mars 2004. Innstillinga blei sendt på høyring i organisasjonen og det har kome kommentarar frå alle avdelingane, Ivar Aasen-instituttet, RLK, Stipendiatforeininga ved HVO, Møreforsking Volda og KEV. Det blei dessutan arrangert eit HVO-forum 24. mars om innstillinga frå utvalet der Gunnar Skirbekk, som er professor II ved HVO, var invitert til å kommentere planen. I tilegg var det fleire kommentarar frå tilsette ved HVO. Innstillinga og høyringsfråsegnene blei drøfta i eit leiarseminar 27. april. Saka vart drøfta på møte i Forskingsutvalet 26. mai, og Forskingsutvalet legg med dette fram si innstilling til høgskulestyret om ny strategiplan for FoU. 1. Visjon for HVO HVO skal utvikle spisskompetanse på utvalde område. HVO skal fremje forsking knytt til og som grunnlag for dei utdanningane ein tilbyr. HVO skal ha ein fruktbar balanse mellom eigeninitiert og styrt FoU som bidreg til kunnskapsproduksjon og samfunnskritikk. FoU skal vere eit middel til nødvendig kompetanseutvikling for kvar einskild vitskapleg tilsett, og eit middel for HVO til å oppnå regional forankring og nasjonal akkreditering. HVO skal oppfylle krava til å vere ein vitskapleg høgskule og vere ein attraktiv samarbeidspartnar. 2. Mål for HVO Om fire år er situasjonen ved HVO slik: Alle vitskapleg tilsette er FoU-aktive og publiserer arbeida sine. Alle vitskapleg tilsette formidlar eigen FoU i undervisninga si. Alle vitskapleg tilsette har i perioden delteke med paper på konferansar og publisert ein artikkel i vitskapleg tidskrift. 15 tilsette har forsvart sine doktorgrader i perioden og 15 stipendiatar og fast tilsette arbeider med avhandlingar. Seks masterutdanningar er akkreditert og det er mange felles emne i desse. HVO har starta arbeidet med å etablere ei doktorgradsutdanning. Programmet er eit samarbeid mellom alle avdelingane. HVO deltek i minst eitt internasjonalt forskingsprogram. 2
3. Utfordringar HVO må i større grad konsentrere FoU-verksemda om utvalde og avgrensa satsingsområde og samstundes gje rom for den eigeninitierte forskinga. Auke FoU-produksjonen og få fleire tilsette aktivt med i FoU-verksemda. Skaffe dei som vil forske gode rammevilkår. Styrke rekrutteringsarbeidet og vidare kompetanseutvikling. Styrke institusjonen som ein ressurs for regional utvikling. 4. Strategiske satsingsområde for FoU ved HVO HVO skal dei komande fire åra legge til rette for FoU på følgjande område: Velferdsforsking o Lokale perspektiv på velferdssamfunnet o Kommunikativ planlegging Kulturmøte o Nynorsk skriftkultur o Religion, livssyn og samfunn o Region, identitet og globalisering o Kulturformidling Journalistikk o Nye medium o Medieetikk o Ytringsfridom og demokrati Utdanningsforsking o Utdanningsreformer o Fagdidaktikk o Tilpassa opplæring 3
5. Satsingsområda og konsekvensar for avdelingane / høgskulen Arbeidet med dei fleste av satsingsområda vil naturleg gå på tvers av eksisterande avdelingsstruktur, men det er likevel både ønskeleg og nødvendig å peike ut kven som har hovudansvaret. Vidare ønskjer ein å konkretisere kva som kan vere måla for kvar avdeling og for høgskulen dersom dei overordna måla i denne strategiplanen skal nåast. Dei kulepunkta som er opprekna nedanfor, er difor ikkje å rekne som pålegg til avdelingane/høgskulen, men dei skal danne utgangspunkt for drøfting og avgjerd i avdelingsstyra og i høgskulestyret. 5.1 Avdeling for humanistiske fag (AHF) og Ivar Aasen-instituttet - situasjonen om 4 år Etablert ein SIP/SHP el. i nynorsk skriftkultur Andel 1. stillingar er uka frå 47 til 50% på AHF Master i nynorsk skriftkultur (vidareført) Etablert eit nytt humanistisk masterstudium knytt til satsingsområdet Kulturmøte 5.2 Avdeling for mediefag (AMF) - situasjonen om 4 år Etablert ein SIP/SHP el. i journalistikk Andel 1. stillingar/professor er auka frå 30 til 50% Det er tilsette professorar i dei to ledige stillingane Etablert ein master i journalistikk 5.3 Avdeling for lærarutdanning (ALU) - situasjonen om 4 år Etablert ein SIP/SHP el. i utdanningsforsking Andel 1. stillingar/professor er auka frå 18 til 35% Tilsett ein professor i ei omgjort stilling Master i yrkesretta spesialpedagogikk (vidareført) Etablert master i lærararbeid (i nært samarbeid med andre avdelingar, særleg ASF og AHF) Medansvarleg og aktivt med i Nordvest Kompetansesenter 4
5.4 Avdeling for samfunnsfag - situasjonen om 4 år SIP i kommunikativ planlegging og utvikling (vidareført) Etablert ein SIP/SHP el. i velferdsforsking med lokalt perspektiv Andel 1. stillingar/professor er framleis 60% Master i samfunnsplanlegging (vidareført) Etablert master i sosialt arbeid med mest mogleg felles undervisning med master i samfunnsplanlegging Etablert eit nytt humanistisk masterstudium knytt til satsingsområdet Kulturmøte i samarbeid med AHF (sjå pkt. 5.1) 5.5 Aktivitetsområdet doktorgradsprogram situasjonen om 4 år Rektor i samarbeid med ei gruppe av professorar frå alle avdelingane har starta arbeidet med å etablere eit doktorgradsprogram. 5