Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Like dokumenter
Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 6/2015

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Strategi for kompetanseutvikling

Møteinnkalling. Side1. Utval: Utdanningsutvalet Møtestad: 700 Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30

Nettverksmøte for rådgivarar

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Møteprotokoll. Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: Tid: Protokoll nr: 6/2015. Faste medlemer som møtte:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

RAPPORTERING FYLKESPLAN 2014 SATSINGSOMRÅDE KOMPETANSE

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Karriereveiledning og sosialpedagogikk

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Informasjon om endring i forskrift til opplæringsloven kapittel konsekvenser for rådgiverne. Kjersti Botnan Larsen

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Retten til nødvendig rådgiving Udir

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørnar Dahle Nils Peter Hole. Leiar Nestleiar

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Elev- og lærlingombod i HFK

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

-Ein tydeleg medspelar. Introduksjonsdag. Rune Solenes Opstad, assisterende fylkesutdanningssjef

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Kommunedelplan for oppvekst

SAMARBEID HEIM OG SKULE

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Kvalitetsplan for vidaregåande opplæring

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Kravspesifikasjon for kjøp av PP-tenester

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Saksnr Utval Møtedato Ud-8/13 Utdanningsutvalet

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Kvalitetsplanen for vidarega ande opplæring i Møre og Romsdal

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

INTERNASJONAL STRATEGI

NOU 2018: 15 Kvalifisert, forberedt og motivert. Et kunnskapsgrunnlag om videregående opplæring

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Rapport frå Fylkesutdanningssjefen

Innsøking og organisering. -Ein tydeleg medspelar

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Møre og Romsdal fylke som regional utviklingsaktør - "Arbeidsgivarpolitikk for framtida"

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Program: Fredag 27. januar Kl Møtestart Kl Overrekking av prisen for Årets Ungdomskommune til Smøla ungdomsråd/smøla kommune

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Stordal skule. Plan for UTDANNINGSVAL ved Stordal skule

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ungdomspanelet

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.08.2015 54435/2015 Rose Mari Skarset Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 03.09.2015 Rådgivingsundersøkinga resultat og vegen vidare Bakgrunn «Den enkelte eleven har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Utdannings- og yrkesrådgivinga har som formål å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planleggje utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv.» heiter det i forskrifta til opplæringslova. Rådgivingsundersøkinga vart sett i gong for å skaffe eit forskingsbasert grunnlag for å utarbeide ein framtidsretta strategi for rådgivingstenesta i dei tre midt-noreg fylka, og gi oppdragsgivarane eit best mogleg innsyn i korleis rådgivingstenesta fungerer i dei tre fylka i Midt-Norge i dag. NTNU, IRIS og SINTEF fikk forskingsoppdraget. Undersøkinga omfatta både ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring. Resultata frå undersøkinga skal brukast til å utvikle eit system for å sikre samordning, kvalitet og tilgang på yrkes- og utdanningsrettleiing/karriererettleiing for alle innbyggjarane gjennom ulike livsfasar lokalt, regionalt og nasjonalt. I samband med behandlinga av kvalitetsmeldinga i fylkestinget 09.12.2014 gjorde fylkestinget m.a. følgjande vedtak; «På bakgrunn av den forskingsbaserte kunnskapen ein har fått når det gjeld rådgiving om yrkes- og studieval for elevar skal ein utvikle denne elevtenesta slik at elevane får eit godt grunnlag for å gjere val om utdanning.» Det blei gjennomført både ei kvalitativ og kvantitativ innsamling av data frå både grunnskole og vidaregåande skole (rektorar, rådgivarar, kontaktlærerar, avdelingsleiarar, elevar og føresette). Rapporten vart på heile 316 sider. Den har eigne kapittel for funna i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Rapporten har og et eige kapittel som inneheld forskarane sine tilrådingar og gode grep for å betre rådgivingstenesta. Forskningsrapporten finn du her: http://mrfylke.no/tenesteomraade/utdanning/karriererettleiing Forskingsrapporten vart presentert for dei 3 fylka, direktoratet og organisasjonane 28. august 2014. Dette vart startskotet for det vidare arbeidet i Møre og Romsdal. På leiarsamlinga for leiarane i den vidaregåande skolen i oktober var rådgivingsundersøkinga eit tema. Forskar Trond Buland frå SINTEF presenterte

funna i rapporten. Trond Bulaqnd er ein av landets fremste skoleforskarar og forskingsleiar i rådgivarundersøkinga. Den 3. desember 2014 arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune ein konferanse i Molde med Buland som innleiar. På konferansen møtte m.a. skoleleiarar, rådgivarar, organisasjonar og opplæringskontor. På begge samlingane var det gruppearbeid med systematisk tilbakemelding om kva deltakarane ser føre seg er dei viktigaste tiltaka ein må gjere for å betre kvaliteten på rådgivinga. På fylkeskommunen sine nettverkssamlingar for rådgivarane på både ungdomstrinn og vidaregåande har ein samla informasjonen frå konferansane og prioritert kor innsatsen må settast inn. Forskinga som vart gjort har og vore tema på nasjonale konferansar og samlingar, seinast på den nasjonale samlinga Utdanningsdirektoratet gjennomførte på Lillehammer 12. mai. Karriererettleiing er «under lupen» også nasjonalt. Kunnskapsdepartementet har satt ned eit ekspertutval som skal utrede korleis den livslange karriererettleiinga kan styrkast. Utvalet skal kome med si innstilling innan utgangen av april 2016. Informasjon og mandat for arbeidet finn du her: https://www.regjeringen.no/no/dep/kd/org/styrer-rad-og-utvalg/ekspertutvalg-omkarriereveiledning/id2403779/ Omgrepsavklåring I Opplæringslova nyttast omgrepet «yrkes- og utdanningsrettleiing, dei siste par åra har mellom andre omgrepa «karriererettleiing», «CMS», «karrierekompetanse», «karrierevalg» kome til. Vi som arbeider i dette feltet har spela inn til ekspertutvalet og direktoratet at ein må definere og avgrense kva slags omgrep som skal nyttast. Det som står i lov og forskrift må vere det same som departement og direktorat nyttar i sin kommunikasjon med skolane. Dei viktigaste funna Møre og Romsdal Ungdomsskoleelevane er minst nøgd i Sør-Trøndelag, elevane i vidaregåande er mest nøgd i Møre og Romsdal. Skolane gir elevane det tilbodet dei har rett på, men kvaliteten på tilbodet vert opplevd som ulikt. Organisering av rådgivinga på skolane er ei utfordring, elevane må oppsøke rådgivar - noko som skapar hindringar for bruken av tilbodet. Forskrifta seier at det skal vere eit heilskapleg perspektiv på sosialpedagogisk rettleiing og yrkes- og utdanningsrettleiing. Det sosialpedagogiske arbeidet aukar i omfang og er den dominerande problematikken for rådgivarane. Det er ingen i skolen som gir uttrykk for at dei rettleiar elevane med omsyn til tradisjonelle kjønnsroller, men det er heller ikkje noko særleg bevisstheit rundt at det er sterke strukturar i samfunnet som gjer at vi alle handlar innafor rammene av den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Såleis kan ein seie at Møre og Romsdal ikkje har ei rådgiving som tek godt nok omsyn til kjønnsperspektivet

Rådgivinga skal vere ein prosess, men elevane si oppleving er ofte nokre «happenings», utan noko refleksjon. Elevane vil ha meir refleksjon og «dybde» i utdannings- og yrkesrettleiinga. At karriererettleiinga skal vere heile skolen sitt ansvar er meir ideologi enn praksis Elevane frå yrkesfaglege utdanningsprogram i Møre og Romsdal er den mest nøgde gruppa i heile undersøkinga Elevane på studiespesialiserande utdanningsprogram meiner at dei ikkje får god nok yrkes- og utdanningsrettleiing Skoleeigarane vert opplevd som noko passive i arbeidet med å oppfylle elevane sine krav etter lov og forskrift Møre og Romsdal har ei rådgivingsteneste som har den svakaste formelle kompetansen av dei tre fylka, spesielt gjeld dette i grunnskolen Rådgivarane opplever liten moglegheit til å arbeide systematisk. Ressursen opplevast som for liten til oppgåvene dei tek ansvar for, og elevane sine behov. Vegen vidare tilrådingar og tiltak Det er allereie sett i gang tiltak for å styrke yrkes- og utdanningsrettleiinga i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Det er og sett i gang tiltak som stetter det livslange perspektivet. Arbeidshefte i Karriererettleiing til alle elevar i 10.klasse. Heftet er ein ressurs for ungdomsskolane til å gjere karriererettleiinga meir prosessorientert. Det er oppgåver og informasjon som førebuing og etterarbeid til Karrieredagane og hospitering i vidaregåande skole. Karriere Møre og Romsdal starta opp i november 2014. Dette er eit tilbod til både unge og vaksne. I tillegg til individuell rettleiing gir vi tilbod om kurs for rådgivarar, tilsette i vaksenopplæring i kommune og fylke, NAV og bedrifter i omstilling/nedbemanning. Les meir om Karriere Møre og Romsdal her: www.mrfylke.no/karriere Rådgivingskonferansen i samarbeid med andre Kompetanseheving og nettverksbygging er viktig for at rådgivarane skal kunne gi god rettleiing. Rådgivingskonferansen i april 2016 kjem til å ha ein felles dag med fagopplæring, opplæringskontora i fylket og OT/NAV. Dialogkonferanse Karriere Møre og Romsdal 26. august har Karriere Møre og Romsdal arrangert dialogkonferanse i samarbeid med fagopplæring, vaksenopplæring, ansvarlege for minoritetsspråklege i fylket og NAV. Særskilt fokus var minoritetsspråklege unge og vaksne. Vi treng å jobbe smartare og samhandle meir om denne gruppa for å nå mål om gjennomføring av vidaregåande utdanning og inkludering i arbeidslivet. Gjennomføringsløypa Gjennom prosjektet «Program for betre gjennomføring» samarbeider rådgiving og OT i fylket om å utvikle ein modell for korleis ein skal identifisere og sette i gong målretta tiltak for barn og unge frå dei byrjar i barnehagen. Målet er å bidra til å betre gjennomføringa i vidaregåande utdanning. Molde kommune, med barnehage, barneskolar og

ungdomsskolar, i tillegg til dei 2 store vidaregåande skolane i kommunen sit i arbeidsgruppa i prosjektet saman med utdanningsavdelinga. Målet er ein modell som sikrar at alle har like, og gode moglegheiter til å bli identifisert og få målretta tiltak for å greie den 13-årige grunnopplæringa på best vis. Rådgiving er ein særs viktig faktor i dette arbeidet. Karriereløypa med skjemaforslag til handlingplan for karriererettleiing/yrkes- og utdanningsrettleiing Arbeidet med Karriereløypa er i sluttfasen. Karriereløypa er ein ressurs for skolane i arbeidet med å lage si eiga handlingsplan for karriererettleiing på kvart trinn. Gode innspel til Karriereløypa har kome frå ulike skoler på ulike nivå. Karriereløypa vil bli utforma og selt inn i brosjyreform. Vi ønskjer å legge Karriereløypa ut på heimesida til fylket og skolane, slik kan Karriereløypa vere ein dynamisk ressurs som vil vere i endring med innspel, lov og forskrift. Utfordringa blir å implementere Karrierløypa. Skoleeigarar og rektorar må setje seg i førarsetet og sjå til at det er kvalitet, omfang og samanheng i karriererettleiinga i det 13-årige skoleløpet. Likevel er det viktig at Møre og Romsdal Fylkeskommune og politikarane vel ut nokre satsingsområder som vert flagga høgt. Utfordringar Heile skolen sitt ansvar Yrkes- og utdanningsrettleiing/karriererettleiing kan ikkje bli sett på som eit isolert tiltak i skolen. God rådgiving er viktig for å auke motivasjonen og gjennomføringa i vidaregåande skole. Med god karriererettleiing blir elevane betre i stand til å ta kunnskapsbaserte val, noko som kan gi mindre omval. Skoleeigarar og rektorar har eit ansvar for å sjå til at det finst eit system for rådgiving som er implementerte i skolane. Rådgivingsundersøkinga syner at det er store forskjellar mellom skolane på organiseringa av tenesta. Organisering av tenesta må syne kven som har ansvar for dei ulike delane i prosessen med karriererettleiing. Det er ikkje berre rådgivarane åleine som har ansvaret for karriererettleiinga på skolane. Rådgivarane bør arbeide meir på eit meir systemretta nivå. Dei har og eit ansvar for å gje i frå seg oppgåver som best kan gjerast av kontaktlærar eller faglærar. Foreldre og føresette er ein ressurs som skolane kan bruke i mykje større grad. Føresette er opptekne av kva borna deira skal velje av vidare utdanning, skolane kan trekkje vekslar på denne interessa og involvere føresette endå meir systematisk i prosessen. Det er stor skilnad mellom skolar, og mellom dei ulike nivåa og skoleslaga. Det er dei yrkesfaglege vidaregåande skolane som er «vinnarane». Ungdomsskolane og dei studiespesialiserande vidaregåande skolane har mykje å hente på yrkesretting av fag og yrkes- og utdanningsrettleiing generelt. Relevans i utdanninga er viktig for elevane for motivasjon og for å sjå eit konkret mål med det dei lærer. Kompetanseheving - Karriererettleiing inn i utdanningane Skolen sitt arbeide med karrierekompetanse og yrkes- og utdanningsrettleiing bør inn som tema både i lærarutdanninga og rektorskolen. Vi vil ta eit initiativ ovanfor

Høgskulen i Volda for å drøfte dette. Per i dag er Ungt Entrepenørskap inne og har Gründercamp for lærarstudentane ved Høgskulen i Volda. Rådgivingsressursen Ressursen som blir sett av til rådgiving har stort sett vore uendra sidan 1973 (kilde; forskingsrapporten) sjølv om det er stadig aukande fokus på kor viktig rettleiing og rådgiving er for både elevar og vaksne. Men samla sett med hospiteringsordningar, prosjekt til fordjuping og karrieredagar er fokuset på utdannings- og yrkesrettleiing blitt mykje meir tydeleg for elevar og foreldre. Forskarane meiner likevel at fylka bør styrke ressursen til rådgiving, i vente på nasjonale endringar. Samarbeid med grunnskolen På fleire område jobbar grunnskolen og den vidaregåande skolen tett saman. Vi har nettverket for rådgivarane som fylkesutdanningssjefen har ansvar for, vi har samarbeid om elevar med særskilte utfordringar, vi har hospiteringsordningar og karrieredagar, vi har kompetansehevande samlingar for rådgivarar. Utfordringa er at det er rådgivarane som deltek i desse samarbeidsfora. Rådgivarane i grunnskolen har små ressursar som skal rekke til mange oppgåver, kommunane har ikkje økonomi til å prioritere rådgivarane sine behov for kompetaneheving. Frå utdanningsavdelinga sin side ønskjer vi å kunne nå fram til rektorane og skoleeigarane i grunnskolen med tiltak innafor karriererettleiing og yrkes- og utdanningsrettleiing. Vi kan ikkje legge alt ansvar på rådgivarane. Det er ikkje rådgivarane som skal implementere Karriereløypa eller utarbeide handlingsplanar for karriererettleiing. Dette er skoleleiinga som må organisere og legge til rette for at elevane får ei kvalitativ god utdannings- og yrkesrettleiing. Yrkesretting av alle fag i skolen Alle faglærarane blir bedne om å yrkes- og utdanningsrettleie i sine fag. Ingen kan gjere den jobben betre enn faglærarane sjølv. Elevar opplever at dei teoretiske faga i grunnskolen og på studiespesialiserenda utdanningsprogram blir hengande i lause lufta, dei ser ikkje korleis faga kan leie fram til yrke. Her forsvinn ein raud tråd og motivasjon. Elevane på yrkesfaglege utdanningsprogram kjem ikkje med denne tilbakemeldinga. FYR-prosjektet er retta mot allmennfaga i yrkesfag. FYRprosjektet ville vore til stor nytte for elevar på studiespesialiserande, og i ungdomsskolen. I vedteken kvalitetsplan er det eit mål at skolane etablerer gode koplingar til arbeidslivet og høgare utdanning i regionen for på den måten å utvikle innhaldet i dei studieførebuande programma for at elevane skal oppleve at opplæringa er relevant og praksisnær. Rådgiving er eit langsiktig arbeid. Vi må velje ut nokre mål og arbeide systematisk og målretta med desse.

Forslag til vedtak: 1. Kompetanseheving - Karriererettleiing inn i utdanningane Etter- og vidareutdanning i karriererettleiing og sosialpedagogikk skal vere eit prioritert satsingsområde innafor kompetanseutvikling. Fylkeskommunen skal arbeide for at yrkesretting og yrkes- og utdanningsrettleiing blir implementert i lærarutdanninga. 2. Krav om formell utdannelse for å bli tilsett som rådgivar i skolen Det skal vere krav om formell kompetanse innan rådgiving (sosialpedagogisk og/eller karriererettleiingskompetanse) når nye rådgivarar blir tilsett i dei vidaregåande skolane. 3. Relevans i dei studiespesialiserande utdanningsprogramma Skolane med studiespesialiserande program må etablere gode koplingar til arbeidslivet og høgare utdanning i regionen slik at ein kan utvikle innhaldet i dei studieførebuande programfaga for at elevane kan oppleve at opplæringa er relevant og praksisnær. 4. Karriereløypa og handlingsplan for karriererettleiing/yrkes- og utdanningsrettleiing Dei vidaregåande skolane skal ha en plan for karriererettleiing som årleg vert evaluert og revidert. Karriereløypa skal vere implementert i planen. 5. Rådgivingstenesta i skolen For å arbeide vidare med utvikling av rådgivingstenesta - organisering, innhald og kompetanse ber ein om at fylkesrådmannen tek initiativ til å sette ned ei arbeidsgruppe på tvers av skoleslaga. Utdanningsutvalet ber om at tilrådingar frå ei slik arbeidsgruppe blir lagt fram som eiga sak i løpet av 2016. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Sverre Hollen fylkesutdanningssjef