Investeringsprogram 2012 2015 Rådmannen 02.11.2011
B. Finansiering av investeringar Lån Kommunen sin økonomiske situasjon tilseier at ein bør vere svært restriktiv med nye låneopptak der ein ikkje får kompensert rente- og avdragsutgifter frå staten eller som genererer inntekter. I budsjettet for 2012 og økonomiplanen for 2012 2015 er det føresett låneopptak til finansiering av investeringar med kr 4.640.000 i 2012, 6.400.000 i 2013, 500.000 i 2014 og 500.000 i 2015. Låneutgifter nye omsorgsbustader er føresett dekka av leigeinntekter.. Opprusting av kaia i Balestrand sentrum på kr 880.000 i 2012. Dette tiltaket vil ikkje gje auka inntekter, men er eit tiltak som må gjennomførast ut frå sikkerheitsmessige omsyn. Avkastning av kraftfond 1 Kraftfondet har ei avkastning kvart år som dels vert nytta til drift og dels til finansiering av investeringar. Følgjande summar er lagt inn som finansiering av investeringar i perioden: 2012 2013 2014 2014 Avkastning kraftfond 1 600.000 0 0 0 Dette betyr at ein kan nytte moko av avkastning i investering i 2012, medan ein for resten av planperioden har måtte føresett alt brukt i drift. Bruk av kraftfond 2 Dette er fondsmidlar som vart avsett etter sal av aksjar i Sognekraft AS. Etter vedtekne disponeringar og utlån frå fondet, er det no lite til disposisjon for den næraste tida framover. Ved utgangen av 2011 vil det vere 553.000 på fondet som ikkje er føresett nytta til andre føremål. I løpet av 2012 vil det komme inn avdrag i storleik 1.600.000 som vil bli lagt til fondskapitalen. Det er ikkje føresett nytta midlar frå denne fondskapitalen til finansiering av investeringar i planperioden. Ubundne kapitalfond sal av eigedom Ubundne kapitalfond vert bygd opp ved sal av kommunal eigedom som bustadtomter, hus, næringsareal og liknande. Pr i dag er det ikkje diponible midlar, og det er heller ikkje føresett midlar som finansiering frå dette fondet i planperioden. Disposisjonsfond inntekter frå drift Overskot frå drift gjennom ekstra inntekter frå konsesjonskraftsal og ekstra oppmålingsinntekter er føresett sett til fond og nytta til finansiering av investeringar slik; Føresette inntekter: Føresett bruk av driftsmidlar 400.000 400.000 400.000 400.000 Sal av konsesjonskraft 0 600.000 600.000 600.000 Meirinntekt oppmåling 140.000 Totalt 540.000 1.000.000 1.000.000 1.000.000 Tilskot I 2012 er det budsjettert med tilskot/privat innsats(dugnad) for prosjekt i kommunedelplan for idrett og friluftsliv på kr 250.000. I 2013 er det føresett tislkot på samla 4.500.000 til omsorgsbustader og friområde i Hittunsfjøra. Mva-kompensasjon Det er lagt inn følgjande mva-kompensasjon som finansiering Mva-kompensasjon 685.000 2.200..000 140.000 140.000
Prosjekta i økonomiplanen Følgjande investeringsprosjekt er vedteke gjennomført i økonomiplanperioden: IKT-investeringar Ansvar 120 Drift av ein kommune i dag krev løpande oppgradering av IKTmaskin- og programvare. I avsetjinga har ein nytta disponible midlar frå kapitalfond til dette føremålet. Ut over dette vert det så langt som råd teke omsyn til skisserte behov i vedteken IKT-plan for Balestrand kommune. Det vert vist til IKT-planen. Handlingsprogrammet til denne planen vert i utgangspunktet justert slik for 2012: NR Tiltak i 2012 kr 1 Økonomisystem, restløyving 150000 2 Kontorsaksystem 200000 3 Kvalitetssystem 100000 4 Maskinvare til skulane 200000 5 Supplering av maskin og prgramvare 25000 Totalt 675000 Det er vidare lagt inn mva- kompensasjon på 60% i 2012 og 80% i 2013 og full kompensasjon frå 2014. Kostnad 675 700 740 740 Kraftfond 1-600 MVA-kompensasjon -75-100 -140-140 Disposisjonsfond -600-600 -600 Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet klatrevegg i Belehalli Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet går frå 2012-2015. I framlegg til handlingsprogram er det for 2012 teke inn eit prosjekt med klatrevegg i Belehalli. Klatrevegg Klatrevegg i Belehalli. Det har vore bede om ein ca budsjettpris på ein klatrevegg som er tilpassa montering i Belehalli frå Top30climbingwalls. Ut i frå dette vil ein totalkostnad vere kring 600.000 (inkl mva). Klatreveggen vil gå frå golv til tak og ha eit areal på ca 150 m2. Det vil vere ca 600 klatregrep og nødvendige taufester Dette prosjektet er spilt inn frå Sygna vidaregåande skule, og vil gje eit breiare tilbod i deira undervisning. I ttillegg vil klatreveggen kunne gje eit nytt til at prosjekte Kostnad 600 Mva-kompensasjon -70 Tilskot -200 Privat/dugnad -50 Lån -280 Omsorgsbustader yngre brukarar
Ei plangruppe har jobba med å avklare buløysingar for yngre brukarar med særskilde helpebehov. Denne gruppa har konkludert med at kommunen bør bygge eit bygg med kring 6 omsorgsbustader og fellesareal/personalareal. Det har vore sett i gang arbeid med planavklaring av tomt til føremålet. Prosjektet er så langt lagt inn i budsjett økonomiplanen ut i frå følgjande føresetnader: Med 6 einingar på kring 60 m2 og fellesareal/personalareal vil eit samla byggareal komme opp i ca 450-500 m2. Byggkostnaden for slike bustader i har i gjennomsnitt vore ca kr 16.000 kr pr m2. I tillegg kjem tomtekostnad og gebyr og avgifter. Dette vil gje ein samla kostnad på kring 11 mill. Til omsorgsbustader for brukarar med trong for heildøgns helse og sosialtenester er det mogeleg å få 30 % tilskot av godkjende anleggskostnader avgrensa oppad til kr 666.600 pr bueining. Det er ut i frå dette så langt lagt til grunn eit tilskot frå Husbanken på kr 3,0 mill. Det er vidare lagt inn mvakompensasjon på 60% i 2012 og 80% i 2013. Prosjektet har ikkje hatt framdrift som føresett i 2011. Det er ut i frå dette gjort ei ny vurdering av forventa framdrift der det vert sett av ein rammepott på 1,0 mill kr i 2012 slik at all planlegging og prosjektering kan bli gjennomført dette budsjettåret. Vidare er det sett av 10,0 mill kr i 2013 slik at bygging kan gjennomførast dette året. Det er føresett å ha eigen politisk sak knytt til endeleg godkjenning av kostnad og finansiering før byggestart i 2013. Kostnad 1000 10000 Tilskot - Husbanken 0-3000 MVA - kompensasjon -120-1600 Lån (m/inndekking av husleige) -880-5400 Friområde Hittunsføra Kommunen har teke på seg å handtere steinmassane frå Norsk reiselivsmuseum. Det er i den samanhengen gjennomført grunnundersøkingar og planlegging av området i Hittunsføra med tanke på å etablere eit friområde med ein molo som kan gje både badelagune og småbåtplassar. Det er no utarbeidd forprosjekt og vedteke reguleringsplan for området som tilretteleg for gjennomføring av prosjektet. Som førebels siste del av igangsett planlegging vert det no utarbeidd detaljprosjekt og anbodsgrunnlag for bygging av tilkomstveg og molo. Norsk reiselivsmuseum har gjeve melding om at prosjektet no blir lyst ut på anbod. Dette tilseier anleggstart ut på vinteren 2012. For at kommunen skal vere i stand til å ta i mot steinen frå tomta til dette prosjektet slik det er lagt opp til er det sett av midlar til dette prosjektet i 2012 og vidare i 2013 i samsvar med kostnadskalkyler i forprosjektet. Det er å understreke at dette er kalkyler og at endelege kostnader kan avvike frå dette. Fordeling mellom budsjettåra 2012 og 2013 kan også bli endra alt etter korleis opparbeiding av området vert inretta. På finansieringssida er det lagt inn mva- kompensasjon på 60% i 2012 og 80% i 2013. Det vidare lagt inn tilskot på kr 1,5 mill. Dette er er ikkje tilskot kommunen har tilsegn om på noverande tidspunkt, og noko som gjer at ein må ta høgd for ny finansiering av tiltaket. Restsum må finansierast ved låneopptak. Kostnad 2400 3000 Mva-kompensasjon -300-500 Tilskot -1500 Lån 2100 1000 Kaia i Balestrand sentrum På bakgrunn av ein rapport av firmaet Aas Jakobsen 21.04.2010 vart det avgjort å utarbeide eit felles anbodsgrunnlag for nødvendige repararsjonar av kaia samla. Statens vegvesen som har kompetanse på slike arbeid vart byggherre og det vart avtalt at kostnadene vart fordelt dels etter oppdeling i anbod og
dels som relativ del av felleskostnad. Det vart understreka frå vegvesenet at prosjektet måtte ha så romsleg ramme at det kunne gjennomførast sjølv om innkomne anbod låg noko høgre en stipulerte kostnader. I samband med budsjett for 2011 vart det samla sett av kr 2,1 mill til gjennomføring av prosjektet, då ut i frå kostnadskalkyler. Etter anbodsinnhenting og kontrahering viser det seg at kommunen sin kostnad er ca 2.5 mill eks mva, dvs ca 3.1 mill inkl mva. Dette gjer at kommunen må budsjettere med 1,0 mill kr i 2012 utover dei 2,1 som er avsett i budsjettet for 2011. Det er føresett mva- kompensasjon på 60% i 2012. Kostnad 1000 Mva-kompensasjon -120 Lån -880 Geovekstprosjekt høgdedata I geodataplanen for Sogn og Fjordane skal det gjennomførast eit prosjekt med etablering av nye høgdedata for heile kommunen ved laserscanning i 2011og 2012. Høgdedataene vi har i dag er i frå 70- tallet då økonomisk kartverk vart etablert, med unntak av tettbebygde områder og langs riksvegen kor det er etablert nye høgdekotar gjennom fleire geovekstprosjekt dei seinare åra. Metoden ein nyttar i dag er laserscanning, dvs. ein etablerer eit nettverk med høgdepunkt med stor nøyaktigheit ved skanning av terrenget ved bruk av fly eller helikopter, mot tidlegare kor ein konstruerte høgdekurvar ut ifrå flybilete. Kravet til gode høgdetata er vesentleg auka som følgje av den teknologiske utviklinga, kor ein nyttar høgdedata til analyse, prosjektering, skogtaksering og 3D presentasjon. I geodataplan for Sogn og Fjordane er det satt som mål at kommunane skal vere dekt med laserskanna data innan 2012-2013. I 2011 er det planlagt oppstart i 8 kommunar der Balestrand er ein av dei. Prosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Sognekraft, Statens kartverk, Telenor, Fylkesmannen og kommunane. Balestrand sin del i prosjektet er ut ifrå dagens kalkylar sett til kr 280.000,- fordelt på 2011 og 2012. Det er lagt opp til å finansiere heile tiltaket med inntekter frå oppmålingsgebyr. Dette føresett avsetjing av inntekter utover budsjetterte inntekter i driftsbudsjettet til disposisjonsfond som vert nytta til føremålet. Prosjektet har framdrift etter planen og 2012 er siste år. Kostnad 140 Disposisjonsfond -140
Bygdebok, bind 3 trykking Når manus til boka vert ferdig er neste steg trykking av boka. Kostnad med trykking av 1.000 eksemplar vil vere kring 200.000 Kostnad 200 Sal eigedom -200 Bustad-/næringsareal Det er sett av ein rammepott til kjøp og opparbeiding av bustad og eller næringsareal for åra 2012-2014. Det er føresett eigne politiske saker for å avklare konkrete prosjekt. Kostnad 500 500 500 500 Lån -500-500 -500-500 Eigenkapitaltilskot - KLP Ansvar 800 Det må setjast av midlar til eigenkapitaltilskot til KLP også for 2010. Denne må førast i kapitalrekneskapen. For 2010 må det setjast av kr 350.000. Det vil truleg kome krav om liknande beløp dei kommande åra også. Førebels er det ikkje lagt inn noko for desse åra. Kostnad 400 400 400 400 Disposisjonsfond -400-400 -400-400
Investeringsprosjekt frå før 2011 I tillegg vert ikkje ferdigstilte prosjekt frå tidlegare år budsjettert opp att i 2012. Avkjøring Fjordtun 150.000 er for lite til 2012 Sagatun prosjektering 300.000 til 2012 Sentrumstiltak Skulptur parken - sett i gang Gangveg parken Parkering Essoen Veg, gangveg/fortau ved Norsk Reiselivsmuseum OK til 2012 VA-grøft ned til kaia 700.000 brukt 62.230 OK resten til 2012 Kommunedelplan idrett og friluftsliv sandvolleyballbane 300.000 totalt - OK Bygningsmessig vedlikehald 345.000 - OK restsum til 2012 Uteområde Nessane Ca 100 kan vurdere dette. Hyttefelt Kvamsøy 25.000 OK restsum til 2012 Sevicebygg - døropnar 50.000 OK ikkje gjennomført til 2012
Potensielle nye tiltak Ny bæremaskin (traktor) plan og utvikling Maskinparken må med jamne mellomrom fornyast på line med kommunen sine bygg og anlegg. Det har vore sett på, og henta inn tilbod ei bæremaskin med tilhøyrande utstyr som er framtidsretta for både effektiv og god ergonomisk drift med frontmontert krafutak/montering av utstyr (Wille 855 C). Traktorane vi har i dag har berre bakmotert kraftuttak som fører til dårleg arbeidsstilling ved arbeidsstiuasjonar som kantslått og liknande. Kostnad 2500 Mva-kompensasjon -500 Lån -2000 Ventilasjon Sagatun skule Pålegg frå arbeidstilsynet og miljøretta helsevern om å få luftkvaliteteten i samsvar med krav på at CO2 nivået ikkje bør overstige 1000 ppm i bygg A, barneskulen. Set no i verk mindre tiltak og vurderingar knytt til eksisterande anlegg og gjentek målingar for å sjå om dette er tilstrekkeleg. Ei total utskifting av ventilasjon vil føre med seg utskifting av himlingsplater, lys og truleg bygningsmessig tilpassing. Dette vil vere eit prosjekt med kostnadsramme på kring 2,0 mill kr. Denne vurderinga er basert på erfaringstal frå utskifting av ventilasjonen i C-bygget rundt år 2000. Treng vidare avklaring og ev planlegging før budsjettering. Kostnad Solavskjerming Sagatun skule Manglar solavskjerming på bygg D, ungdomsskule- og administrasjonsbygget. Dette er ikkje eit eksakt krav basert på målte kriterie (temperatur), men er eit opplevd behov frå tilsette. Utvendige persienner vert tilrådd og vil ha ein kostnad på ca 100-150.000 alt etter styring (manuell eller automatisk). Slike persienner ved bakkenivå er naturleg nok utsette for skade og også herverk på ein skule. Vi bør difor vurdere om det er gode nok alternative løysingar før vi iverkset eit slik tiltak. 2012 2012 2013 2014 Kostnad 150 Skulekjøkken Sagatun skule Miljøretta helsevern påpeiker trong for å moderniserer skulekjøkkenet. Dette er ikkje planlagt eller kostnadsrekna. 2012 2012 2013 2014 Kostnad 150
Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet skitrekk Saurdal skiarena Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet går frå 2012-2015. I framlegg til handlingsprogram er det for 2013 teke inn eit prosjekt med nytt skitrekk i Saurdal skiarena. Saurdal Skiarena nye skibakke og trekk Viser til tidlegare vedtak om at hovudanlegg for skiaktivitet i Balestrand skal være i Saurdal. Eksisterande tautrekking (som i si tid blei flytta frå Holma myrane) er blitt lite attraktivt for meir aktive utøvarar og det er eit sterkt ønskje m.a. frå eit auka ungdomsmiljø om eit nytt trekk. Saurdal har og fått større merksemd både frå utanbys og innabygds som eit attraktiv skiområde med unike kvalitetar (Eit av få anlegg i landet med fjordutsikt mellom gamle furutre) Planen er å bygge eit familieanlegg på ca. 400 m i eit område sør-vest for vinterparkeringa. Området treng svært lite terrenginngrep, noko bjørkeskog må hoggast, men ein vil prøve å bevare særpreget med sprette furutrær. Her er natrurlege kular for hopp i ulik vanskegrad, det er veg i området for enkel montering, kort veg til trafo og frå parkeringa er det slakt unna til påstigning. Elles kan ein nytte eksisterande prepareringsutstyr, skihytte, tilkomst til skiløypene og bilparkering Det er innhenta ekspertise frå eit heisfirma og med profesjonelle ski kjørarar. I tillegg til skitrekket er det og planar om ei vaktbu med toalett. Kostnad 1500 Mva-kompensasjon -240 Tilskot -500 Private -500 Lån -260 Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet Ballbinge Fjordtun Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet går frå 2012-2015. I framlegg til handlingsprogram er det for 2013 teke inn eit prosjekt med ny ballbinge ved Fjordtun oppvekstsenter. Ballbinge i Vetlefjorden Nytt anlegg. Ligg inne i langtidsprogrammet. Aktuelt å lokalisere ved oppvekstsenteret. Kostnad 450 Mva-kompensasjon -60 Tilskot -200 Private -90 Lån -100
Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet kunstgras Kreklingen Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet går frå 2012-2015. I framlegg til handlingsprogram er det for 2014 teke inn eit prosjekt med nytt kunstgrasdekke på Kreklingen stadion: Nytt kunstgrasdekke Kreklingen stadion Kunstgrasdekket på Kreklingen stadion er vel 8 år gamalt. Dekket held ikkje den kvaliteten som då det var nytt og på langt nær den kvalitet som er på nye dekker. Ved skifte må ein også sjå om det kan gjerast grep som betrar drenering slik at det ikkje dannar seg overvatn ved kraftige regnskyll. Tiltaket må også sjåast i samanheng med Sygna vidaregåande skule og deira topp og breiddesatsing innan fotball. Kan søke spelmidlar frå 2013. Kostnad 3000 Mva-kompensasjon -600 Tilskot -1000 Private -400 lån -1000 Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet Klubbhus Kreklingen Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet går frå 2012-2015. I framlegg til handlingsprogram er det for 2015 teke inn eit prosjekt med nytt klubbhus ved Kreklingen i tilknyting og sambruk med Sagatun skule: Klubbhus på Kreklingen Nytt anlegg. Balestrand idrettslag ynskjer å få eit tenleg klubbhus for idrettslaget i tilknyting til Kreklingen stadion. Dette bør innehalde klubblokale, kiosk, toalett, utstyrsrom for bruksutstyr (ballar og liknande) og lager for større utstyr til bana og andre anlegg. Det vert vurdert ei sambruksløysing med Sagatun skule der framtidig kantine vert løyst. Bygget er innpassa i utomhusplan for Sagatun skule. Kostnader for klubbhusdelen er vurdert til: Kostnad 1500 Mva-kompensasjon -300 Tilskot -500 Private -500 Lån -200 Kyrkja kyrkjestove ved Tjugum kyrkje
Soknerådet har sett fram ynskje om kommunal medverknad i kyrkjestove ved kyrkja på Tjugum. Kostnad Mva-kompensasjon Tilskot Private lån