Årsrapport for Kvinnherad Energi AS 2011



Like dokumenter
Kvinnherad Energi AS Årsrapport Forside: Rimfrost ved Opsangersvatnet (foto: Atle Helland)

Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2012

Varamedlemer møter berre dersom dei vert særskild innkalla. Saksdokumenta vert likevel utsendt til dei første av varamedlemene.

ÅRSMELDING OG REKNESKAP 2014

Utgreiing om framtidig strategival for nettverksemda

Presentasjon av SFE-konsernet. Fylkestinget,

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Fjelberg Kraftlag SA

Fjelberg Kraftlag SA

Etablering og drift av kraftselskap

VEDTEKT av februar 2007

HORDALANDD. Utarbeidd av

Årsmelding Suldal Elverk KF

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

Saksdokument årsmøte 2018 Side 1 av 10. Registrering av stemmer frå kl Oppmøte etter kl.1750 gir ikkje stemmerett på årsmøtet.

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

Årsmelding og rekneskap 2013 Driftsåret driftsår

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

DAGLEG LEIAR HAR ORDET... 3 Kvar finn du oss?... 4 Kven er vi? Fakta om oss:... 4 STYRET SI ÅRSMELDING FOR

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Eigarmelding. Balestrand kommune

SKATT FRÅ KRAFTSELSKAP

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Vedtekter for Fusa Kraftlag

ÅRSMELDING 2015 NORDDAL EIGEDOMSSELSKAP KF

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 2015

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Årsmelding frå styret ordinære driftsår---

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

SOGN OG FJORDANE ENERGI

Vestlandet ein stor matprodusent

FJELLMUSEETS VENNER INNKALLING TIL ÅRSMØTE I FJELLMUSEETS VENNER 14. JUNI 2014 KL 1100 I NORSK FJELLMUSEUM, LOM

MODALEN KOMMUNE. Vedtekter for næringsfondet

Dette er Austevoll Kraftlag

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

11 Eg i arbeidslivet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Organisering av VAR området i Sykkylven. Ivar Selsbakk Sykkylven Energi AS Høstkonferanse

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Andøy Energi AS ÅRSBERETNING

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Delårsrekneskap VOSS SPAREBANK. Markjordbær foto:svein Ulvund

Andøy Energi AS ÅRSBERETNING

ORIENTERING TIL FYLKESTINGET

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

RETNINGSLINER FOR GRUNNRETTAR TIL HØGSPENTANLEGG I KVINNHERAD ENERGI AS (KE) SITT FORSYNINGSOMRÅDE.

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

Erfaring med KILE rapportering FASIT-dagene Ved Tor Bjarne Smedsrud FASIT ansvarleg i Suldal Elverk

59,1 DRIFTSRESULTAT (99,6) 28,1 RESULTAT FØR SKATT TERTIALRAPPORT KRAFTPRODUKSJON GWh (312,9) 394,5 OMSETNING (528,5) 531,0

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Rapport 1/2008 Samnanger kommune. Finansplasseringar

Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder IKS (KAA)

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vedtekter for Sognefrukt SA

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Aurland Sparebank vart skipa 18. mai Vik Sparebank vart skipa 06. juni 1846.

Ordinær Generalforsamling Måndag 27.mai Sak 9 og 10 Strategi

Selskapsavtale for Sogn og Fjordane Revisjon IKS Gjeldande frå

Generalforsamling Voss Veksel- og Landmandsbank ASA 20. april 2016

Trafikkstatistikk for bomringen i Bergen - per september 2013.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Presentasjon av SFE-konsernet. Fylkestinget,

Side 1 av 6. Vår dato Vår referanse Årdal Energi KF NET Revisjon Retningslinjer for anleggsbidrag 3

REKNESKAP Generalforsamling

Engasjements- og eigarskapskontroll i Møre og Romsdal fylkeskommune

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

K v a r t a l s r a p p o r t. 3. k v a r t a l

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Innkalling til. Årsmøte i Aurland Kabel TV. Fredag 5. april 2013 kl. 19:00 på Aurland Fjordhotell

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Lønnsundersøkinga for 2014

Årsregnskap 2015 for Dill AS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

REKNESKAP Generalforsamling 14.april 2010

Transkript:

ÅRSRAPPORT 2011

Årsrapport for Kvinnherad Energi AS 2011 Innhald: Årsmelding frå styret: side: 3 Resultatrekneskap og balanse side: 9 Kontrantstraumoppstilling side: 13 Noter til rekneskapen side: 14 Melding frå revisor side: 22 Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 2 av 24

KVINNHERAD ENERGI AS Styret si årsmelding for 2011 Eigarforhold Kvinnherad Energi AS vart skipa i februar 1993. Selskapet er ei vidareføring av Kvinnherad Kraftverk som vart etablert i 1919. Kvinnherad kommune eig alle aksjane i selskapet. Formål Eiga og driva kraftproduksjon og distribusjonsnett Driva kraftomsetning. Delta i eller samarbeide med andre verksemder med same eller liknande føremål. Driva anna verksemd som naturleg har tilknyting til selskapet sine føremål eller utnytting av selskapet sine ressursar. Det kan delast ut utbyte av årsoverskotet (etter skatt) frå verksemda innanfor ramma av forsvarleg investering og drift av distribusjonsnettet. Vera Kvinnherad kommune sin faglege rådgjevar i energispørsmål Leiing Kvinnherad Energi AS vert leia av eit styre på 6 medlemer der 5 vert vald av generalforsamlinga og ein vert vald frå dei tilsette. Dessutan har dei tilsette ein observatør til styret. Selskapet vert styrt etter aksjelova og dei til ei kvar tid gjeldande vedtekter. Område for nettverksemda Forsyningsområdet omfattar Kvinnherad kommune med unnatak av Valen, Halsnøy, Fjelbergøy og Borgundøy, men med tillegg av Mundheimskrinsen som er ein liten del av Kvam kommune. Dette området har om lag 11.000 fastbuande innbyggjarar. Krafttransport / nettverksemda Transport av kraft til sluttbrukarar i eige konsesjonsområde inkl. tap i fordelingsnettet var i 2011 150,4 GWh, ein reduksjon på 3,7 % i høve til året før, då ein leverte 156,2 GWh. Pr. 31.12.2011 har selskapet 6.692 nettkundar, ein auke på 128 frå året før. Nettleigeinntektene for selskapet vert fastsett på grunnlag av ei inntektsramme fastsett av NVE. Avkastninga innan nettverksemda er difor avhengig av kostnadsnivået i selskapet, kostnadsreduksjon og effektivisering gjev auka avkasting, medan kostnadsauke gjev redusert avkasting. Selskapet inkluderer den såkalla KILE-råma og eigedomsskatt i inntektsberekninga. Anlegg Sekundærstasjonar: 7 stk Fordelingstransformatorar: 408 stk Ledningsnett 230 V 1000 V kablar: 220,2 km 230 V 1000 V luftlinjer: 445,0 km 22 kv kablar: 75,0 km 22 kv luftlinjer: 244,4 km Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 3 av 24

Det lokale elektrisitetstilsyn Selskapet utfører tilsyn i samsvar med planar utarbeidd etter fastsette retningsliner og godkjend av DSB Region Vest-Norge. I 2011 vart det utført tilsyn med 175 private anlegg, 5 gardsbruk og 24 næringskundar. Det har vore utført systemrevisjon hjå 2 elektroinstallatørar i forsyningsområdet. Det har i året vore kontrollert og tilkopla 93 nyanlegg og det er skifta ut 194 målarar som vart underkjende etter statistisk målarkontroll. Kvinnherad Energi har gitt bistand til politiet i etterforsking av to brannar dette året. Til informasjonsarbeid er det medgått 1 månadsverk. Kraftomsetning Kvinnherad Energi AS leverer kraft til sluttbrukarar både innanfor eige nettområde, og til eksterne kundar elles i Noreg, og då i hovudsak til kundar lokalisert i Hordaland. Hovudtyngda av sluttbrukarsalget skjer til marknadspris spotpris pluss påslag, og gjennom forvaltningsproduktet EnergiForvaltning+. Selskapet har som strategi å prissikra og valutasikra alt sal til fastpris for å redusera risiko for tap som følgje av svingingar i kraftpris eller i valutakurs. Selskapet driv tradingaktivitet på kraftbørsen innanfor vedtekne risikoråmer. Kraftomsetnad til sluttbrukarar i 2011 var på 162,6 GWh, som er 14,8 GWh lågare enn i 2010. Marknadsandel i eige nettområde er framleis høg og stabil på 90,2%. Nedgang i omsetnad i nettområde frå 2010 på 123 GWh til 2011 på 114 GWh, men det har vore nedgang i kraftomsetnad på sal utanfor eige nettområde frå 2010 på 53,8 GWh til 2011 på 47,9 GWh, ein nedgang på 10,9%. Kraftproduksjon Det gamle kraftverket i Hattebergsdalen vart stoppa 23. juni 2010 og ein var då klar til oppstart på bygging av ny kraftstasjon som er samlokalisert med nytt vassbehandlingsanlegg for Kvinnherad kommune. Ved årskiftet 2010-2011 var ein godt i gong med reising av nytt bygg og den nye stasjonen vart sett i drift veke 21 i 2011. Den har produsert 17,7 GWh fram til 31.12.2011. Forventa gjennomsnitt årsproduksjon er 24 GWh, ein auke på 16 GWh i høve til den gamle stasjonen. Investeringar og nyanlegg I 2011 vart det investert for kr 31,2 mill., av dette er 18,6 mill. investert i Hattebergsdalen kraftstasjon. Dei største prosjekta i nettet har vore ny høgspentkabel Kaldanesvegen Ulvamyrsvingen kr. 0,7 mill., 22 kv linje Muradalen Omshagen kr. 0,75 mill., forsterking av lågspentlinjer kr. 0,7 mill., nettst. Seimsfoss kr. 0,18 mill., nettst. Fitjarheio kr. 0,13 mill., ombygging 22 kv linje Tufta- Fugleberg inkl. 3 nettstasjonar kr. 2,4 mill., høgspent og nettstasjon Skarveland kr. 0,49 mill.,ny høgspentkabel Bergfjelltunnelen kr. 0,7 mill.og høgspentkabel Muradalen kr.0,8 mill. Det er også investert kr. 1,2 mill. i nye transportmidlar, kr. 1,4 mill.i eige anlegg og kr. 0,95 mill. i oppgradering av adm.bygg. Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 4 av 24

Resultat og finansielle tilhøve Rekneskapen for 2011 er gjort opp med følgjande hovudtal (tal for 2010 i parantes) Omsetning: kr 135,4 mill (kr 164,8 mill) Driftsresultat kr 9,6 mill (kr 22,2 mill) Overskot før skatt: kr 6,6 mill (kr 16,8 mill) Inntektsråma for nettinntektene var for 2011 37,4 mill.kr, ei reduksjon frå 40,1 mill.kr. i 2010. Korrigert for KILE (kompensasjon for ikkje levert energi ved straumbrot), kostnader til regional- og sentralnett, eigedomsskatt mv, vart råma 54,1 mill.kr. Dei faktiske nettinntekter vart kr. 60,3 mill., noko som har medført ei tilbakeført meirinntekt for 2011 på 6,2 mill.kr. Kraftprisen (snitt) har i 2011 vore 12,7 % lågare enn i 2010 Trading innan kraftomsetning i 2011 gav oss eit positivt resultat på kr 1,1 mill, tilsvarande for 2010 var eit negativt resultat på kr. 0,06 mill. Styret foreslår at overskotet vert disponert som fylgjer: Utdeling av ordinært utbyte 2011: kr 4.300.000,- Overføring til annan eigenkapital: kr_ 381.852,-_ Sum disponeringer (= årsresultatet): kr 4.681.852,- Totalkapitalen i morselskapet er pr. 31.12.2011 249,9 mill.kr mot 243,9 mill.kr pr. 31.12.2010 Av dette er eigenkapitalen 100,1 mill.kr, ein auke på 0,4 mill.kr frå året før. Eigenkapitalandelen etter dette års disponering er 40,0% mot 40,8% i 2010 og 48,9% i 2009. Årsrekneskapen er sett opp under føresetnad om fortsatt drift. Tilsette Pr. 31.12.2011 har selskapet 29 tilsette i heil- eller deltidsstillingar. Totalt vart det i 2011 utført 27,2 årsverk. Kvinnherad Energi har ein svært stabil arbeidsstokk. Dette er viktig når så mykje av aktiviteten krev oversikt over, og lokalkunskap om, eit svært stort geografisk område med tilhøyrande tekniske anlegg. Tilsette har høg fagleg kompetanse innanfor distribusjonsnett og kraftomsetning. Verksemda er godkjent lærlingbedrift og har 2 lærlingar tilsett i nett- og produksjonsavdelinga. Sjukefråværet i morselskapet Kvinnherad Energi AS i 2011 var 4,0% der langtidsfråværet utgjorde 2,3%. Tilsvarande tal for 2010 var 5,9 % og 3,8 %. Oppfølging av sjukefråvær, bruk av overtid, arbeidsulukker og arbeidsskader har høg prioritet og gjeldande retningsliner vert følgt. Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 5 av 24

Verne- og miljøarbeid (HMS) / Ytre miljø Det er ikkje registrert alvorlege arbeidsulykker i 2011 relatert til verksemda i konsernet. Det er foreteke vernerundar. Det vert halde årlege tryggings- og førstehjelpskurs for driftspersonalet, dessutan ein del andre pålagde kurs. Verksemda forureinar ikkje vesentlig det ytre miljøet og har ikkje pålegg som ikkje er utført. Forskings- og utviklingsaktivitetar Selskapet har for tida ingen slike aktivitetar men deltek i fellesfinansiserte prosjekt gjennom sitt medlemsskap i Energi Norge AS. Likestilling Konsernet er i ein bransje som tradisjonelt er svært mannsdominert, då det innan kraftmontørfaget generelt finns svært få kvinnelege arbeidstakarar. Også innan IT- og breibandsområdet er dette tilfelle. Selskapet arbeider aktivt for at det ikkje skal forekomme forskjellsbehandling på grunn av kjønn. I konsernet var det ved siste årsskifte 6 kvinnelege tilsette i administrasjonen og 1 kvinneleg lærling blant montørane. Kvinnherad Breiband AS Kvinnherad Breiband AS vart stifta i 2004. Eigarar er Kvinnherad Energi AS med 80% og Fjelberg Kraftlag SA med 20%. Selskapet sitt føremål er å levera breiband til offentlege verksemder, bedrifter og private i Kvinnherad kommune. Selskapet har bygd eit samanhengjande redundant fibernett gjennom heile kommunen. Ein har og bygd ut 19 av totalt 23 telefonsentralar i kommunen med ADSL-utstyr, slik at ein kan levere ADSL-basert breiband. I 2011 avvikla selskapet 3 ADSL sentralar Matre, Seimsfoss og Myklebust då desse områda no er utbygd med fiber. I alt er no 6 ADSL sentralar avvikla. I 2012 vert ytterligare 7 sentralar avvikla, slik at ein sit att med 6 sentralar. Pr 31.12.2011 hadde Kvinnherad Breiband 2802 kundetilknytingar på fiber og ADSL, og selskapet har dermed ein marknadsandel på vel 62% (ca 1% høgare enn i 2010). Hushald og verksemder i Kvinnherad kommune har gjennom nettutbygginga til Kvinnherad Breiband fått eit av dei beste breibandstilboda i heile Noreg. Kvinnherad Breiband kan tilby ADSL eller fiber til kring 99% av alle hushald og verksemder i kommunen. Ca 98 % kan no få fibertilknyting. Selskapet har ved utgongen av året 4 fast tilsette. Til utbygging av fibernettet leiger selskapet inn montørar frå eigarselskapa, eller nyttar regionale entreprenørar. Korttidssjukefråveret i året var på 1,2 % av total arbeidstid. Arbeidsmiljøet er godt. Kvinnherad Breiband AS følgjer eigarselskapa Kvinnherad Energi AS og Fjelberg Kraftlag SA sine planar for HMS. Det er ikkje registrert arbeidsulukker i 2011. Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 6 av 24

Resultat og finansielle tilhøve for konsernet Kvinnherad Energi Då Kvinnherad Energi AS (KE) eig meir enn 50 % av aksjane i Kvinnherad Breiband AS, er det krav om å avleggja konsernrekneskap som ein sum av rekneskapa for selskapa. Konsernrekneskapen for 2011 er gjort opp med følgjande hovudtal (tal for 2010 i parantes) Omsetning: kr 157,2 (kr 185,7 mill) Driftsresultat: kr 11,8 (kr 24,6 mill) Overskot før skatt: kr 7,1 (kr 17,5 mill) Resultat i Kvinnherad Breiband AS på kr 0,5 mill er årsak til høgare resultat i konsernet enn i morselskapet. Drifta av Kvinnherad Breiband AS har vist ei positiv utvikling, og ein ventar fortsatt positiv utvikling for 2012. Styret vil takka alle tilsette og deira organisasjonar for innsats og samarbeid i året som gjekk. Dimmelsvik, 31.12.2011 / 25.04.2012 styret for Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 7 av 24

Opning av Hattebergdalen kraftstasjon og vassbehandlingsanlegg, september 2011 Ein milepæl for selskapet! Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 8 av 24

Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 9 av 24

Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 10 av 24

Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 11 av 24

Dimmelsvik, 31.12.2011 / 07.05.2012 styret for Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 12 av 24

Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 13 av 24

Noter til rekneskapen 2011 Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 14 av 24

Noter til rekneskapen 2011 Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 15 av 24

Noter til rekneskapen 2011 Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 16 av 24

Noter til rekneskapen 2011 Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 17 av 24

Noter til rekneskapen 2011 Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 18 av 24

Noter til rekneskapen 2011 Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 19 av 24

Noter til rekneskapen 2011 Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 20 av 24

Noter til rekneskapen 2011 Kvinnherad Energi AS Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 21 av 24

Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 22 av 24

Årsrapport 2011 Kvinnherad Energi AS Side 23 av 24

-eit kraftsenter for kunden og samfunnet