Versjon 2 Opning av Futurebuilt-konferansen 23. september. Kl 0900, Samfunnssalen, Arbeidersamfunnet, Oslo Gode forsamling. Takk for at eg er invitert hit, det er ei glede å få å opne denne konferansen. Det var svært interessant å høyre byråden frå Oslo presentere dei planane og tiltaka som er ein del av kommunen si satsing på Futurebuilt. Dette er jo ein del av Framtidas byer, er ei stor satsing frå regjeringa sin side, og ikkje minst i dei 13 kommunane som er engasjert der. Framtidas byer vil og bety mykje for innbyggjarane og næringslivet rundt om i alle desse kommunane. Oppgåva til Futurebuilt er krevjande, og ambisjonane er store Eg siterer: Å realisera 25-30 områder og enkeltbygg som forbildeprosjekt med lågast muleg klimagassutslipp, og som samstundes bidreg til eit godt bymiljø, I Oslo og Drammen.
Futurebuilt skal og vere ein arena for innovasjon og kompetanseutvikling og eit utstillingsvindauge nasjonalt og internasjonalt. Det er flott med slike mål. Eg veit at kvardagen til dei fleste utbyggjarane er presset i pris, tid og kvalitet. Då blir inspirerande forbildeprosjekt viktige. Det handlar mellom anna om å betre kunnskapen om kva som eigentleg er god kvalitet i det lange løp. Dei som bestiller byggverk har eit stort ansvar. Det gjeld både i offentleg og privat sektor. Fagfolk på alle plan skal på førehand og undervegs bidra til at me får gode byggverk og god utbygging av heile områder. Det positivt med ein ambisjon om internasjonalt samarbeid, slik at me kan syne det vi gjer. Men også fordi me sjølve kan lære frå dei beste eksempla. Dette er midt i det som opptek oss i departementet, og som me meiner er svært viktig for framtida. Det er difor av stor interesse også for meg å fylgje med og vere orientert om dei resultata som etter kvart kjem frå Futurebuilt. Eg vil no gå gjennom ein del av dei målsettingane og tiltaka som me held på med på statleg hald, og då særleg i Kommunal- og regionaldepartementet.
Me har som mål å halvere energibruken i bygg, frå om lag 80 TWh i dag, til 40 TWh i 2040. Dette skal vere muleg,, gjennom stadig aukande krav til energieffektivisering. Også sjølv om me byggjer fleire kvadratmeter i det same tidsrommet. Naturlegvis er det særs viktig å få til ein vesentleg oppgradering av eksisterande bygg. Om me har eit tidsperspektiv på 10 eller 20 år, vil størstedelen av dei byggverka som då står, allereie eksitere i dag. Me har gode føresetnader for å få til dette. Noreg ligg i mange samanhang langt framme på det byggtekniske området. Mehar ei lang rekkje rapporter, utgreiingar og innspel frå fagfolk som hjelper til med å beskriva status og utfordringar.
I ein rapport frå SINTEFByggforsk (Rapport 55/2010) blir det konkludert med at i europeisk samanhang er Noreg, med utgangspunkt i TEK 07, blant dei som stiller dei strengaste krava til mellom annan vegg og vindauge. Dette fører og til ein meir robust bygningskropp. Det vil truleg også gi seg uttrykk i arkitekturen. Klimaforliket, lei inngått av alle partane på Stortinget, med unntak frå Framstegspartiet, i 2008. Dette er eit viktig dokument for å syna kva styresmaktane no har som ambisjonar framover. Til dømes er det semje om at det skal vurderast å innføre krav om passivhusstandard for alle nybygg innan år 2020. Eg veit at det har blitt ein debatt om kva dette tyder, så eg vil presisere at me snakkar om passivhusnivå, det vil seie bygg som gjev (?)eit moderat fotavtrykk og har eit lågt energiforbruk. Det tyder altså ikkje at alt naudsynt skal byggjast i detalj slik som Norsk Standard NS 3700 definerar passivhus. Her vil aukande kunnskap og erfaring og ikkje minst nye produkt og prosessar,vise oss ulike måtar å oppnå dette. Bygg for framtida, er regjeringa sin miljøhandlingsplan for bustad- og byggesektoren for perioden 2009-2012.
I denne planen kan ein finne både dei langsiktige planane og dei kortsiktige og meir konkrete tiltaka. Det meste av dette er me no godt i gang med : Satsing på energieffektive bygg: her gjeld no energikrava frå 2007 i sin heilskap. Når det gjeld miljøsida har me planlagt å komme med skjerpte forskriftskrav om lag kvart femte år.,det arbeidet startar no. Lågenergiprogrammet starta i fjor. Det er ei satsing som skal sikre kompetanseoppbygging i alle lekk i bransjen, gjennomføre førebileteprosjekt, forsking og utvikling. Programmet omfattar meir energi- og miljøvennlege byggevarer og byggeløysingar I den nye lova som gjeld frå 1. juli er det enkelte skjerpinga i forskriftene med omsyn til: o ei overgang frå fossile til fornybare kjelder til oppvarming o utfasing av oljefyr det er no forbod mot å nytte olje, gass eller elektrisitet som grunnlast i nybygg over 500 kvm, og der gamle oljekjelar erstattas Fleksible energisystem til oppvarming blir no krav i alle nye offentlige bygg, og ved hovudombygging over 500 kvm
Når det gjeld kontroll og tilsyn i byggesaker: her er det ei vesentlig skjerping med innføring av uavhengige kontrollinstansar, men det vil ta enno eit år å få alle godkjenningar på plass Energisjekk er innført frå 1. juli i år, for alle bustader og bygg som skal seljast eller leigast ut mellom anna i ein enkel form som OED har lansert på nettet Enøk-tiltak i eksisterande bygg kan få støtte gjennom Husbanken og Enova Og det blir arbeidd med stadig betre klimastandard for statlige innkjøp Lågenergiutvalet: overleverte i juni 2009 sin rapport til olje- og energiministeren. Der forslår utvalet mellom anna ein halvering av energibruken i bygg innan 2040.
Klimakur er ei embetsmannsgruppe som har hatt i oppgåve å utgreie det faglege grunnlaget og forslå ulike tiltak som kan bidra til dei overordna klimamåla. Det vil seie å redusere norske utslepp med 15-17 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020. Det er lagt ned eit betydeleg arbeid i mange organisasjonar for å gi innspel til Klimakur. Dette vil vere nyttig i den vidaere behandlinga av ei ny klimamelding. Meldinga skal leggjast fram for Stortinget neste år. Arbeidsgruppa: Så fikk eg i desember i fjor oppretta ei arbeidsgruppe som skulle gje innspel til ein handlingsplan for energieffektivisering i bustad- og byggsektoren. Dei blei bedne om å leggjae fram forslag til mål og utarbeide ein tidsplan for å auke energieffektiviteten i nybygg og i eksisterande bygg. Og denne arbeidsgruppa, som var leia av Eli Arnstad, kom med rapport og tilrådingar no i august. Det er ein omfattande rapport dei har fått til på berre eit halvår. Den heiter Energieffektivisering av bygg - en ambisiøs og realistisk plan mot 2040. Rapporten syner at det er realistisk med eit høgt ambisjonsnivå. Passivhusnivå i alle nye bygg kan bli realitet allereie frå 2015. Frå 2020 er det muleg å krevje at nye bygg er nesten null-energibygg det vil seia bygg som brukar lite,
og nær 100 prosent fornybar, energi til oppvarming. Eg har nemnt at me har som ambisjon å halvere energibruken i bygg. Arbeidsgruppa meiner det er meleg innan 2040. Arbeidsgruppa understrekar at det er ambisiøst, men realistisk, å spare 10 TWh i året innan 2020. Gruppa har gjort framlegg om tiltak for både nye og eksisterande bygg. Det blir understreka at for å nå måla er det naudsynt med eit kraftig nasjonalt løft. Rapporten snakkar om endringar av føresegner, økonomiske støtteordningar, kompetanseheving, meir forsking og åtferdsendringar. Gruppa meiner det er grunnleggjande at myndigheitene definerer klåre og presise mål og at rammene for gjennomføring er eintydige og langsiktige. Eg har no tenkt å setje meg grundig inn i dei forslaga som er framlagt. I samarbeid med andre i regjeringa vil eg drøfte kva som kan fylgjast opp raskt. Me vil mellom anna bruke rapporten som eit av grunnlaga for stortingsmeldinga om byggjepolitikken som me skal leggje fram hausten 2011. Dette arbeidet er nettopp starta, og det er no på gong ein møteserie fleire stader i landet. Der kan næringa sine egne folk, lokale politikare og administrasjon og meinigmann fortelje om kva for tema dei er mest opptekne av. Til slutt vil eg ta opp eit poeng som har vært litt debattert i media i den seinare tid, og det er
universell utforming. Eg veit at dette og vil vere sentralt i Futurebuilt I diskriminerings- og tilgjengelighetsloven er universell utforming definert som: utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig. Måler at ingen skal måtte stogge i døra viss dei vil inn i eit bygg som vedkjem dei. Diverre har me framleis eit samfunn med mange praktiske hinder for dei som for kortare eller lengre tid ikkje oppfyller krava til A4-menneske fullt ut. Det gjer at mange ikkje slepper til der me dyrkar fellesskap og deltaking. I lova, som trådde i kraft frå 1. juli, blir krava til tilgjengelegheit skjerpa. Det blir stilt krav til universell utforming av arbeidsbygg og publikumsbygg, og i mange av dei nye bustadene. For meg er universell utforming eit viktig og prioritert arbeidsområde. Det handlar om likeverd og om å unngå diskriminering. Det er riktig at det vil bli litt dyrare og ta litt meir plass. Men om me skal byggje for framtida, så skal me ikkje berre ha omsut for klimaet og miljøet. Me skal og syne at vi bryr oss om kvarandre.
Ved siste boligtellinga kunne berre 17 prosent av bustadene vitjast av ein person i rullestol. Berre 7 prosentvar slik utforma at ein i rullestol faktisk kunne bu der. Så det er langt fram. Om kvar einaste bustad dei neste 20 åra vert bygd med universell utforming, vil det i alle fall sikre at om lag kvar fjerde hushald kunne ta imot ein som sit i rullestol. Utfordringa for Futurebuilt og andre som skal få fram forbildeprosjekta er å komme fram til stadig nye og betre løysingar på desse oppgåvene. Det er fortsett trong til å få konstruktive innspel til korleis vi skal oppnå ambisjonane innanfor byggjesektor. Eg trur slett ikkje at den siste lure tanken her allereie er tenkt. Det blir stadig utvikla nye produkt, prosessar og styringssystem som vil få stor innverknad på det bygde miljø. Erfaringar frå andre tilsvarande tiltak, til dømes Norwegian Wood i Stavanger, syner at for å lukkast er det naudsynt med høg motivasjon hos alle deltakarane. Dersom aktiviteten innan berekraftig bygging og byutvikling skal førast vidare, må det forankrast svært godt i kommunane.
Det ser ut til å være eit prisverdig stort engasjement i Drammen og Oslo. I eit slikt langt løp som dette, over 10 år, kan det og være ei utfordring å halde motivasjonen oppe. Samstundes vil det etter kvart komme konkrete resultat i form av byggverk å glede seg over. Dette er noko me alle ser fram imot. Med dette vil eg ynskje lykke til med konferansen, og ikkje minst med det store arbeidet som er gjort, og som skal gjerast i åra framover.