Volda kommune Nytt sportsgolv i gymsal ved Volda ungdomsskule Underlag prisførespurnad Tilbodsfrist: 21.03.2016 1
1 OPPDRAGET 1.1 OPPDRAGSGJEVAR Volda kommune vil med dette be om pris på nytt sportsgolv i gymsal ved Volda ungdomsskule. Golvet har eit areal på ca. 200 m 2. 1.2 TILLEGGSOPPLYSNINGAR OPPDRAGSGJEVAR SIN KONTAKTPERSON Dersom leverandøren finn at konkurransegrunnlaget ikkje gjev tilstrekkeleg rettleiing, kan han be om tilleggsopplysningar på e-post til : siri.birkeland.solheim@volda.kommune.no Alle spørsmål skal vere merka: Nytt sportsgolv Volda ungdomsskule i emnefeltet på e-post. Kvar enkelt tilbydar står fritt til å avtale eiga tid for synfaring i lokala. 2 VANLEGE REGLAR FOR GJENNOMFØRING AV KONKURRANSEN 2.1 REGLAR FOR KONKURRANSEN Konkurransen er underlagt del I i lov om offentlige innkjøp av 16. juli 1999 med tilhøyrande forskrift. Konkurransen gjennomførast som ein open anbodskonkurranse. 2.2 GJENNOMFØRING AV OPEN ANBODSKONKURRANSE Alle leverandørar som vert kvalifisert på bakgrunn av dei krav som er satt i kap 3 Krav til leverandøren vil delta i konkurransen og få tilbodet sitt evaluert. 2.3 OFFENTLEG INNSYNSRETT Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) av 19.05.2006 gir rett til å unnta tilbod og protokoll frå offentleg innsyn, inntil valet av leverandør er gjort ( 23 3.ledd). Etter at kontrakt er tildelt, er tilboda offentlege. Det kan gjerast unntak for teiepliktigbelagde opplysningar etter off. lov 13, jf FOA 3-6. Tilbyder skal sjølv vurdere og merke tekst og opplysningar i tilbodet som blir oppfatta som drifts- og forretningsforhold som det vil vere av konkurransemessig interesse å halde hemmeleg. Oppdragsgjevar har likevel rett og plikt til vurdere om opplysningane kan haldast hemmeleg i samsvar med off. lov 13, jf FOA 3-6. Skjema for eigenerklæring følgjer som vedlegg 5. 2.4 TEIEPLIKT Oppdragsgjevar og hans tilsette plikter å hindre at andre får tilgang, eller kjennskap, til opplysningar om tekniske installasjonar, framgangsmåtar eller drifts- og forretningstilhøve som det vil vere grunnlag for å halde hemmeleg av konkurransemessige omsyn. 3 KRAV TIL LEVERANDØREN 3.1 GENERELT OM KVALIFIKASJONSKRAV Føremålet med å stille krav til leverandørane sine kvalifikasjonar er å sikre at leverandøren er i stand til å oppfylle ein kontrakt. Tilbydar kan bli avvist dersom dokumentasjon og referansar viser at dette ikkje er sannsynleg. 2
Dersom leverandøren er klar over at opplysningane etter kvalifikasjonskrava kan gi uvisse om leverandøren si evne til å oppfylle ein kontrakt, bør relevant tilleggsinformasjon leggast ved tilbodet. Alle krav må vere oppfylt for at leverandør skal bli kvalifisert. Alle delar av tilbodet inkludert dokumentasjon, attestar og bevis skal leverast på Norsk. Dersom kvalifikasjonskrava ikkje er oppfylt vil tilbodet bli avvist. Jf. Forskrift om offentlige anskaffelser 11-10. 3.2 LEVERANDØREN SI ORGANISATORISKE OG JURIDISKE STILLING Oppdragsgjevaren sine kvalifikasjonskrav: Det vert kravd at leverandøren har eit lovleg etablert føretak Dokumentasjon prov på at stilte krav er oppfylt Firmaattest Leverandøren skal sikre like lønnsog arbeidsvilkår uavhengig av nasjonalitet Signert Eigenerklæring ILO konvensjon nr 94 og signert eigenerklæring om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. Sjå vedlegg 3 og 4. 3.3 LEVERANDØREN SINE TEKNISKE OG FAGLEGE KVALIFIKASJONAR OG GJENNOMFØRINGSEVNE Oppdragsgjevaren sine kvalifikasjonskrav: Det vert kravd erfaring frå tilsvarande oppdrag Dokumentasjon prov på at stilte krav er oppfylt Leverandør av sportsgolvet skal kunne vise til minimum 3 referanseprosjekt frå seinare år der tilsvarande tilbode golvsystem er lagt. Oversikt med stad for legging, årstal, storleik, namn og telefonnummer til kontaktpersonar for referanseprosjektet skal leggast ved tilbodet. 3.4 BRUK AV UNDERLEVERANDØRAR/KONTRAKTSPARTNARAR Dersom leverandør inkluderar leveransar frå andre leverandørar, skal tilbydar stå ansvarleg for desse når det gjeld oppfylling av kontrakten. Kva underleverandørar/kontraktspartnarar som skal nyttast, skal opplysast i tilbodet. For underleverandørar gjeld same krav til kvalifikasjonar som for hovudleverandør. 4 KRAV TIL TILBODET 4.1 UTFORMING AV TILBODET OG LEVERING Tilbodet skal vere skriftleg, og skal innehalde eit dagsett og signert tilbodsbrev Tilbodet skal vere utforma på norsk 3
Tilbodet kan leverast direkte til leveringsadressa, sendast med post eller leverast via e- post Tilbodet skal leverast i to eksemplar (eit som skal offentleggjerast) 4.2 TILBODSFRIST Siste frist for innlevering av tilbod er 21.03.2016 kl 12.00. Tilbodet skal vere oppdragsgjevaren i hende på innleveringsstaden før utløpet av tilbodsfristen. Leverandøren har ansvaret for at tilbodet kjem fram i tide innanfor tilbodsfristen. Tilbod som kjem inn etter dette tidspunktet, vert automatisk avvist, dette gjeld sjølv om det skuldast tredjepart (posten, budfirma etc). 4.3 OPPRETTHALDING AV TILBODET Leverandøren er bunden av tilbodet i 2 mnd. 4.4 INNLEVERINGSSTAD Ved levering per post sendas tilbodet til: Volda Kommune Stormyra 2 6100 Volda Att. Eigedomsavdelinga v/ Siri Birkeland Solheim. Ved direkte levering: Volda Kommune Servicekontoret Stormyra 2 6100 Volda Att. Eigedomsavdelinga v/ Siri Birkeland Solheim. Ved levering e-post: siri.birkeland.solheim@volda.kommune.no 4.5 TILBODS- / PRISSKJEMA Prisane skal gjevast på vedlagt prisskjema (Vedlegg 1). Tilbodsskjema skal innleverast i utfylt stand, vere datert, underskreve og stempla med firmaets namn. Prisane skal vere netto i NOK for alle leverandørens kostnader. Prisane skal vere inklusive ev. avgifter, men eks. mva. Tilbodet skal inkludere reise- og opphaldsutgifter. Dersom det er motstrid mellom opplysningane i tilbodsskjema og i tilbodsbrev, har opplysningane i tilbodsbrev forrang. 4
4.6 ATTERHALD Eventuelle atterhald må vere klart og eintydig formulert. Det må gå klart fram kva atterhalda gjeld og kva økonomiske konsekvensar desse vil kunne få. 4.7 TILBOD PÅ DELAR AV TILBODET Det er ikkje høve til å gi tilbod på delar av oppdraget. 4.8 ENDRING OG ATTENDEKALLING AV TILBOD Eit tilbod kan kallast attende eller verte endra fram til utløpet av tilbodsfristen. Attendekalling skal vere skriftleg. Endring av tilbodet er å sjå på som eit nytt tilbod, og skal utformast i samsvar med punkt 4.1. 5 OPPDRAGSGJEVAREN SI HANDSAMING AV TILBODA 5.1 AVVISING AV LEVERANDØRAR Oppdragsgjevaren har plikt til å avvise leverandørar som ikkje har sendt inn tilbodet innan fastsette fristar, samt leverandørar som ikkje oppfyller dei fastsette og kunngjorde kvalifikasjonskrava. Oppdragsgjevaren kan avvise leverandørar som ikkje har sendt inn anna etterspurt dokumentasjon. 5.2 AVVISING AV TILBOD Oppdragsgjevaren pliktar å avvise tilbodet når det: ikkje er levert innan fastsette fristar på grunn av atterhald eller feil, uklare eller ufullstendige tilbod, eller liknande som kan skape tvil om korleis tilbodet skal vurderast i høve dei andre tilboda. Oppdragsgjevaren kan avvise tilbodet når det: ikkje inneheld alle dei opplysningar, oppgåver, prøver mm. som er kravd ikkje gjev opp prisen, slik som føresett i konkurransegrunnlaget verkar unormalt lavt prisa i høve produktet det er gjeve tilbod på ikkje er underteikna 6 AVGJERD AV KONKURRANSEN 6.1 AVLYSING AV KONKURRANSEN OG TOTAL FORKASTING Oppdragsgjevaren tek atterhald om at konkurransen kan verte avlyst dersom det ligg føre sakleg grunn, til dømes ved bortfall av planlagt finansiering eller manglande politisk godkjenning. Oppdragsgjevar kan forkaste alle tilboda, dersom resultatet av konkurransen gir sakleg grunn for det. 5
6.2 KRITERIA FOR TILDELING Tildelinga vert gjort på grunnlag av kva tilbod som økonomisk sett er det mest fordelaktige, basert på følgjande kriterium: Tildelingskriterium Vekting % Pris 70 % Plan for gjennomføring/ tidsplan 10-15 % Kvalitet 15-20 % PRIS Prisskjemaet i vedlegg 1 skal fyllast ut. Pristilbodet skal vere komplett og inkludere alle nødvendige arbeid i prosjektet. Alle prisar skal vere inklusive gebyr og dekke alle kostnader, også reise- og opphaldskostnadar, men eksklusive mva. Prisen skal vere fast og skal ikkje regulerast i kontraktperioden. PLAN FOR GJENNOMFØRING/ TIDSPLAN Leverandøren skal synleggjere varigheita av arbeidet (gjennomføringstid), og oppgi mogleg tidsrom for oppstart. Sidan gymsalen er i dagleg bruk, må tid for gjennomføring koordinerast med bruken. Planen skal skildre alle arbeider. Under evaluering vert varigheita av arbeidet vektlagt. Det er ynskjeleg at leverandøren kan utføre arbeidet i løpet av sommarferien, men dersom dette ikkje er mogleg, er det ynskeleg at arbeidet kan utførast så raskt som mogleg frå medio april. KVALITET Leverandøren skal spesifisere oppbygginga til tilbode golv og legge ved dokumentasjon på varigheits- og slitasjetestar. Under evaluering av kvaliteten vil følgjande moment verte vurdert: Leverandøren skal skildre krav til reingjering, intervall, metode og anbefalte produkt for tilbode golv. Det vert lagt vekt på at produkt og metodar som skal brukast i reinhaldet ikkje skal innebere bruk av kjemikaliar klassifisert som miljøfarlege. Leverandør skal gjere greie for ev. anna vedlikehald golvet krev. Leverandør skal vise til at tilbode golv er nytta i gymsalar/skular tidlegare. Oppbygging og resultat av varigheits- og slitasjetestar vil verte vurdert. Oppdragsgjevar vil vurdere å knyte til seg fagekspertise ved evaluering av kvaliteten. Vektinga av tildelingskriteria skal skje på følgjande vis; I vurderinga blir tilboda gitt poeng frå 1 til 10 for kvart av kriteria, der 10 er beste karakter. Kriteria er oppført med vekting, og det tilbodet med den høgaste samanlagde poengsummen, vert vurdert som det mest fordelaktige tilbodet. Oppdragsgjevar si vurdering i forhold til desse kriteria vil skje på bakgrunn av leverandøren sitt tilbod. Omrekning av pris til poeng vert gjort ut frå ein lineær funksjon der lågaste tilbodssum får 10 poeng, og ein ev. tilbodssum som ligg 100% høgare enn dette får 0 poeng. NB! Det er leverandøren sin rett og plikt å sjå til at det vert sendt med relevant dokumentasjon som gjer oppdragsgjevar i stand til å vurdere tilbodet i forhold til dei oppgjevne tildelingskriteria. Leverandørar som ikkje legg ved etterspurt dokumentasjon kan bli gitt eit lågare poengtal under dei einskilde tildelingskriteria. 6
6.3 INNSTILLING PÅ TILDELING AV KONTRAKT Oppdragsgjevaren si avgjerd om kven som får tildelt kontrakt, skal vere skriftleg, og sendast alle deltakarane samstundes i rimeleg tid før kontrakt vert inngått. Med kontrakt vert inngått meiner ein tidspunktet då begge partar underteiknar kontrakten. Meldinga skal innehalde ei grunngjeving for valet og gje ein frist for eventuell innlevering av klage over vedtaket. 7 KRAV TIL FDVU DOKUMENTASJON FDVU dokumentasjon skal leverast i samsvar med retningslinjer levert av FDV-Huset (FamacWeb), sjå vedlegg 6 for ytterlegare informasjon. Det er eit absolutt krav at FDVU-dokumentasjonen blir levert i FamacWeb, som er Volda kommune sitt eigedomsforvaltningsprogram. Det er mogleg å engasjere FDV-Huset for å gjennomføre denne delen av jobben. 7
8 KRAVSPESIFIKASJON 8.1 OMFANG OG AVGRENSING Volda kommune skal legge nytt golv i ein gymsal ved Volda ungdomsskule. Eksisterande golv i dag er furubord med 5 cm bredde på tilfararar. Ein føresett at ein kan legge flytsjikt av plater rett på furugolvet for deretter å legge polyuretan basert sportsgolv. Tilbydar må gjere greie for oppbygginga av tilbydt golv. Det skal leggast ved referansar der tilbydt golv har vorte brukt i skule/gymsal. Det totale arealet det skal leggast golv på er ca. 200m 2. Det skal i tilbodet vere med merking for basket og minihandball. 8
Overgangslister/rampe til utstyrsrom ca. 330 cm bredde, som har betonggolv i same høgd som eksisterande furugolv skal vere med. 9
Justering av bommar med tilhøyrande hylser må vere med i tilbodet. Det er nedfelt 8 hylser i golvet. 10
Demontering og remontering av 16 ribbeveggar skal vere med i tilbodet. Ribbeveggar heng i hop 4 og 4. Det er 3 dører i rommet. Dørterskel ligg ca. 3 cm over eksisterande golv. 11
VEDLEGG Vedlegg 1: Tilbodsskjema Vedlegg 2: Planteikning Vedlegg 3: Eigenerklæring ILO konvensjon 94 Vedlegg 4: Eigenerklæring om løns- og arbeidsvilkår Vedlegg 5: Eigenerklæring Innsyn i dokument Vedlegg 6: FDVU dokumentasjon 12