Årdal, Lærdal og Aurland Prosjekt sau og utmark 2012-2016 prosjektplan søknad om prosjektmidlar
Innhald 1. Bakgrunn... 2 2. Mål... 2 3. Tiltak korleis nå måla?... 4 4. Organisering og roller... 4 5. Økonomi... 5 6. Framdrift... 7 7. Historiske tal - statistikk... 8 Framsidefoto: Sau på innmarksbeite i Erdal Foto: Magnhild Aspevik 1
1. Bakgrunn Dei naturgjevne forholda i Årdal, Lærdal og Aurland er av dei beste i landet for produksjon av sauekjøt. Kompetansen i næringa lokalt er på eit høgt nivå. For å ta vare på og vidareutvikle denne næringa vert det søkt om prosjektmidlar til prosjektarbeid. Det er nedgang i tal sauer og lam og i tal sauebruk i dei tre kommunane, sjå pkt 7. For å snu denne utviklinga, er det behov for å arbeide målretta og systematisk med fleire tiltak som Prosjekt sau og utmark, har sett som mål. 2. Mål Hovudmål Prosjekt for å ta vare på, vidareutvikla og auka verdiskapinga i sauenæringa i Årdal, Lærdal og Aurland. Prosjektet skal arbeide for å auke tal bruk med sauehald og auke tal vinterfora sau og lam. Det må vera eit mål å komme opp på same tal som i år 2000. Delmål Delmål Auke i tal vinterfôra sau Eksisterande sauebruk - utviding Fleire aktive sauebønder auke tal saueflokkar - rekruttering Ta vare på og vidareutvikle kompetansen i sauenæringa Utnytting av areal på ein best mogeleg måte Beskriving Dei tre kommunane har stort potensiale for auke i tal vinterfôra sau. Innmarka kan utnyttast på ein meir rasjonell måte, innmarksbeite kan forbetrast og utnyttast meir rasjonelt, og utmarksbeita har plass til mykje meir dyr på beite. Utviding av eksisterande sauebruk for å auke tal vinterfora sau vil vere eit viktig tiltak. Det må leggast til rette for at dei som driv sauehald i dag, kan utvida produksjonen. For å auka tal vinterfôra sau og utnytte utmarksressursane best muleg, er det eit mål å auke tal saueflokkar og personar som arbeidar med sauehald. Dette fører til større fagmiljø og fleire til å dele på kunnskapen kring sauehald. For å utnytte utmarksbeite på best muleg måte, er det viktig med mange saueflokkar. Det fører til at saueflokkane ikkje vert spreidd over store fjellområde. Naboflokken fungerar som ein barriere/stengsel. I den lokale sauenæringa er kompetansen høg og god. Det er eit viktig mål å ta vare på og vidareutvikle denne kunnskapen og føre den vidare til neste generasjonar. Difor må dette temaet settast fokus på no, før kompetansen forsvinn. Det er viktig for produksjon av fôr, og andre produksjonar innanfor grøntnæringa t.d. grønsaker og potetdyrking, at rett areal vert nytta for å få optimal utnytting av arealressursane. Det er og viktig å få til gode ordningar for utnytting, vedlikehald og istandsetting av innmarksbeite. Vår og haustbeite for saueflokkane kan vera ein avgrensande faktor. 2
Ta i bruk moderne teknologi Nye typar bygningar som forenklar drifta Samarbeid med andre aktørar om foredling og utnytting av sauekjøt og ull Det er viktig at sauenæringa tek i bruk moderne teknologi for å få betre økonomi og meir effektiv drift. Det må mellom anna prøvast ut radiobjøller, digitale løysingar for sauekontroll, automatisk fôring og løysingar for overvaking av dyra på saltingsplass i utmarksområde. Nye typar bygningar med låg byggekostnad og automatisk fôring er viktig for å få god økonomi i sauehaldet. Eit viktig mål må og vera å modera eksisterande bygningar, for å få ein god og framtidsretta arbeidsplass for dei som skal driva med sau. Det må vera eit mål å få på plass prøvefjøsar/demonstrasjonsfjøsar for sau, der ulike driftsmåtar og teknikkar vert utprøvd. For å auka verdiskapinga lokalt, må det vera eit mål å vidareforedle sauekjøt lokal og ull. Dette vil gje arbeidsplassar til bygdene og marknaden får eit kortreist produkt, nesten økologisk, med høg kvalitet. Jordbrukslandskapet treng sau på beite for å haldast i hevd Foto: Magnhild Aspevik 3
3. Tiltak korleis nå måla? Tiltak for å nå målsettingar og tidsrammer for delmåla i prosjektet må klargjerast i startfasen av prosjektarbeidet. Dette vert det fyrste arbeidet prosjektmedarbeidar utfører. Viktige tiltak er: A. Kven ynskjer å vera med? Få oversikt over aktuelle deltakarar. Det må brukast ein del tid i startfasen til å marknadsføre og formidle prosjektarbeidet til sauenæringa og eventuelle nye produsentar. B. Kartlegging av ressursar Innmarksareal, både beiteareal og slåtteareal, og utmarksbeite må kartleggast. Status for driftsapparatet, bygningar og maskin. C. Program for opplæring. For å sette fokus på fagleg utvikling, vil det vere behov for synfaringar og ulike kurs og seminar for sauebøndene og dei som ynskjer å satse på sau. Dette vert eit viktig arbeid i prosjektet. Detaljar for dette må kartleggast i prosjektarbeidet. D. Utvikling av driftsapparat Det må utprøvast teknikkar og ta i bruk ny teknologi for å få betre økonomi i sauenæringa. E. Foredling av saueprodukt For å skape sysselsetting og arbeidsplassar lokalt, i tillegg til sauebruka, er det viktig å arbeide for samarbeid med aktørar som kan utnytte råvarene sauebøndene produserar. Dette vil vera med å skapa eit godt fundament for satsing i sauenæringa lokalt. 4. Organisering og roller Prosjekteigar Kommunane Årdal, Lærdal og Aurland Prosjektansvarleg Felles Landbrukskontor ÅLA v. Magnhild Aspevik evt prosjektmedarbeidar. Stilling vert utlyst når finansiering er på plass. Kontorplassering vert vurdert i ettertid. Alternativ er på Lærdal rådhus på landbrukskontoret eller i eit kontorfellesskap med næringsutvikling. Prosjektleiing Landbrukssjef Magnhild Aspevik og prosjektmedarbeidar 4
Styringsgruppe Politisk: Kvar kommune må peika ut ein folkevald som føl prosjektet Representantar frå Sau og geit: Årdal: Erling Offerdal / Ole Bjarne Hovland Lærdal: Lars Nesse Aurland: Sigurd Vikesland Rapportering Til Fylkesmannen og prosjektleiing 5. Økonomi Kostnad Prosjektmedarbeidar 60% i 4 år (løn og sosiale utgifter) Sum 1.400.000 Kontorutgifter (kontorlokale, utstyr og material) 70.000 Kompetanseutvikling kurs, fagturar og liknande 250.000 Administrasjon (møter, køyregodgjering, telefon, kopiering, porto, servering) 250.000 Diverse 30.000 Samla kostnad 2.000.000 5
Finansiering 2012 (3mnd) 2013 2014 2015 2016 (9mnd) Sum Bu-midlar 62.500 250.000 250.000 250.000 187.500 1.000.000 Årdal kommune (16% av kommunal del) Lærdal kommune (54% av kommunal del) Aurland kommune (30% av kommunal del) 9.375 37.500 37.500 37.500 28.125 150.000 31.250 125.000 125.000 125.000 93.750 500.000 16.875 67.500 67.500 67.500 50.625 270.000 Sauenæringa 5.000 20.000 20.000 20.000 15.000 80.000 Sum 125.000 500.000 500.000 500.000 375.000 2.000.000 6
6. Framdrift Detaljert framdriftsplan vert sett opp når prosjektmedarbeidar er på plass. Oppstart 2012 2013 2014 2015 2016 1.oktober Delrapport - status 31.12. 1.7. og 31.12 Avslutningsrapport 1.7. og 31.12 1.7. og 31.12 1.mai Beitedyr er avgjerande for at me framleis skal oppleva opne jordbrukslandskap Foto: Magnhild Aspevik 7
7. Historiske tal - statistikk Kva Kommune 2011 2010 2009 2008 2007 2001 Endring % 01-11 Tal sau og lam Tal sauebruk Årdal 1856 1792 1809 1718 1768 1919-3,28 (63) Lærdal 9472 9595 9771 9560 9759 11379-16,76 (1907) Aurland 6035 6162 6155 5998 5792 8179-26,21 (2144) Årdal 7 7 7 7 7 12-41,67 (5) Lærdal 56 56 57 57 59 71-21,13 (15) Aurland 44 45 45 46 44 61-27,87 (17) Tal Årdal 888 3 900 882 785 890-2 - lammeslakt 1 Lærdal 4799 4896 4902 4770 4814 - - Aurland 2966 3016 2880 2756 2722 - - Jordbruksareal i drift Tal bruk m. jordbruksareal i drift Tal bruk med grovfôrareal Tal daa grovfôrareal Slakteresultat Tal lam O og betre Slakteresultat % O og betre Årdal 1097 1194 1165 1106 1133 1319-16,83 (222) Lærdal 12849 12703 12641 12639 12492 12837 0,09 (12) Aurland 7553 7572 7467 7470 7199 7147 5,68 (406) Årdal 10 11 12 11 11 18-44,44 (8) Lærdal 101 106 106 107 107 118-14,41 (17) Aurland 69 68 68 68 64 84-17,86 (15) Årdal 9 10 10 9 10 17-47.06 (8) Lærdal 91 93 91 93 95 104-12,5 ( 13) Aurland 67 66 66 67 63 83-19,28 (16) Årdal 1065 1164 1121 1060 1087 1261-15,54 (196) Lærdal 10701 10507 10368 10332 10285 9954 7,51 (747) Aurland 7456 7460 7347 7321 7076 7022 6,18 (434) Årdal 877 886 876 781 882-2 - Lærdal 4642 4748 4780 4664 4642 - - Aurland 2797 2848 2744 2619 2523 - - Årdal 98,76 98,44 99,32 99,49 99,10-2 - Lærdal 96,73 96,98 97,51 97,78 96,42 - - Aurland 94,30 94,43 95,28 95,03 92,69 - - 8
Alle tal henta frå statistikk produksjonstilskot. Alle tal frå søknadsomgangen 31.07, bortsett frå tal lammeslakt som er frå 01.01. 1 lammeslakt frå året etter for å få klassifisering for aktuelt år td lammeslakt 2007 er søknad om tilskot pr 01.01.2008. 2 Ikkje tilskot til lammeslakt i 2001 3 foreløpige tal for lammeslakt då det ikkje er gjort endeleg vedtak for søknadsomgangen januar 2012 enno. Sauen er gode forvaltarar av ressursane i naturen Foto: Magnhild Aspevik Lærdal 31.mai 2012 Magnhild Aspevik - landbrukssjef Felles Landbrukskontor ÅLA 9