HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201001132-3 Arkivnr. 146.611 Saksh. Spjeld, Britt Karen Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.03.2010 18.03.2010 UTTALE OM FORSLAG TIL NYE KRITERIA FOR FYLKESVIS FORDELING AV SPELEMIDLAR TIL ANLEGG FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET SAMANDRAG Kulturdepartementet har, i samband med Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen (gjennomføring av forvaltningsreformen), gjort ein gjennomgang av noverande kriterium for fylkesvis fordeling av spelemidlar til idrettsanlegg. Forslag til endring i kriteria for fylkesvise fordelingar av spelemidlar til ordinære idrettsanlegg er at tal innbyggjarar skal vurderast ut frå aldersgruppa 6-19 år og at anleggsfordelinga får ei ny og revidert vektorisering. Det vert gjeve framlegg om at godkjend søknadssum skal vere uendra. Endringsforslaget fører, slik fylkesrådmannen ser det, ikkje til mindre utfordringar for kommunar og frivillige organisasjonar i høve til anleggsutvikling i Hordaland. Hordaland som region bør få større innverknad på forvaltninga av spelemidlane slik at vi blir ein sentral utviklingsaktør i høve til å skape ein aktiv kvardag for folk. Anleggsutvikling og med det aktivitetsutvikling bør baserast på lokale og regionale føresetnader og utfordringar og feltet må ha færre statlege føringar. I prinsippet bør departementet nytte ein overordna kostnadsnøkkel i fordelinga av spelemidlar til fylkeskommunane. Fylkeskommunane bør på si side stå fritt til å utforme ein regional politikk og spesifikk fordeling av spelemidlane i høve til fylket sine eigne utfordringar på feltet. I høve til framlagte rapport bør godkjend søknadssum vektleggjast meir. Godkjend søknadssum er med på å synleggjere eit behov for spelemidlar, og med større vekt på dette vil etterslepet på spelemidlane kunne reduserast. Den viktigaste målgruppa for bruk av spelemidlar til idrettsføremål er barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år). Dette bør framleis vere fokus, men lokale trongsvurderingar bør takast omsyn til slik at det er mogleg for alle å vere i fysisk aktivitet i idretts- og friluftslivsanlegg nært der dei bur. Anleggsdekning som kriterium bør takast ut av fordelingsnøkkelen, då den i for stor grad speglar dagens behov og ikkje framtida sine. Den undergrev lokaldemokratiet og er lite etterprøvbar for søkjar, kommunar og fylker. I samband med endring i kriteria for den fylkesvise fordelinga av spelemidlar, er det ønskjeleg med ei ny idrettsmelding der staten sitt tilhøve til fysisk aktivitet og idrett vert stadfesta. Endring i fordelingsnøkkelen bør vere gjeldande frå tidlegast 2011.
FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Arbeidet innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv må styrkjast som regionalpolitisk område. 2. Forvaltninga av spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og idrett må overførast til regionane. 3. Kulturdepartementet bør sette i gang arbeidet med å revidere gjeldande idrettspolitikk og utarbeide ein ny overordna kostnadsnøkkel for fordeling av spelemidlar med større vekt på regionalpolitisk råderett. 4. Inntil vidare bør gjeldande fordelingsnøkkel for spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet etter overskot i Norsk Tipping A/S endrast slik: Godkjent søknadssum vektast med 70 %. Befolkningsgrunnlag vektast med 30 %. Kriteriet anleggsdekning takast ut av fordelingsnøkkelen. Ny fordelingsnøkkel bør tidlegast gjelde frå 2011. Paul M. Nilsen Ronny B. Skaar Vedlegg: Politisk handsaming av forslag til nye kriteria for fylkesvis fordeling av spelemidlar til idrettsanlegg brev til KUD Kriterier for fordeling av spillemidler til idrettsanlegg høyringsrapport frå KUD 2
FYLKESRÅDMANNEN, 25.02.2010: Bakgrunn Ny fordelingsnøkkel for spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er sendt ut på høyring frå Kulturdepartementet (KUD) (jf. brev av 26.01.2010 om spelemidlar til idrettsanlegg forslag til nye kriterium for fylkesvis fordeling). Frist for innspel til høyringa er sett til 15. mars 2010. Hordaland fylkeskommune har sendt brev til KUD 11.02.2010 om at innspel til høyringsutkast vert oversendt så snart møteprotokoll frå kultur- og ressursutvalet 16. mars 2010 er klar. Dagens fordelingsnøkkel for spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, er forankra i St.meld. nr. 14 (1999-2000) Idrettslivet i endring. Følgjande kriterium er gjeldande for den fylkesvise fordelinga av overskotet i Norsk Tipping A/S: Godkjend søknadssum, vekta med 50 % Tal innbyggjarar, vekta med 25 % Anleggsfordeling, vekta med 25 % Spelemiddelordninga er søknadsbasert og gjeldane kriterium har som mål å vere utjamnande i høve til å kunne leggje til rette for aktivitet for alle innbyggjarar i heile landet. Kriteria skal sikre at alle fylka skal kunne få ein viss del av spelemiddelpotten, uavhengig av søknadssum. Kulturdepartementet har, samband med Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen (gjennomføring av forvaltningsreformen), gjort ein gjennomgang av noverande kriterium for fordeling av spelemidlar til idrettsanlegg. Ei arbeidsgruppe med representantar frå Kommunenes sentralforbund, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité og Norges fotballforbund, utarbeidd eit forslag til endring i fordelingsnøkkelen. Den nye tilrådinga til kriterium for fordeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er: Godkjend søknadssum, vekta med 50 %. Tal innbyggjarar (6-19 år), vekta med 25 %. Anleggsfordeling, vekta med 25 % etter ny modell for vekting av anlegg. Det vert og tilrådd at ordninga med særskilde tilskotssatsar for kommunar i Namdalen, Nordland, Troms og Finnmark og for kommunar med færre enn 2000 innbyggjarar vert teke bort. Styrking av regionalpolitisk råderett I St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn regional framtid gjev kommunal- og regionaldepartementet framlegg om å styrkje det regionale nivå gjennom ei desentralisering av oppgåver. Departementet har som mål at det skal vere ei tydeleg arbeidsdeling mellom staten, regionane og kommunane. Dette skal igjen gje regionane ei sentral rolle i arbeidet med å utnytte dei kvalitetane og vekstpotensiale som finst regionalt og lokalt regionane skal vere drivkraft i å utnytte lokale og regionale fortrinn. I høve til dette har Hordaland fylkeskommune arbeidd på fleire fagfelt med at det regionale nivå skal få større moglegheit til å ikkje bare vere ein formidlar av statlege føringar og politikk. Arbeidet innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv bør styrkjast som regionalpolitisk område. På regionalt nivå har vi ønskje om ha ein utviklingskraft som er støtta av statlege overføringar og tufta på dei moglegheiter og utfordringar som finst regionalt. Dette gjeld også innan arbeidet med å utvikle idretts- og friluftslivsanlegg for å skape ein aktiv kvardag for folk i Hordaland. Eg meiner det er mogleg å overføre store delar av forvaltninga av spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet og idrett til regionane i samband med regionsreforma. Fylkesvis fordeling av spelemidlar bør mellom anna vurderast sterkare ut frå den regionale og lokale samansetninga av folk og befolkningsstruktur. Hordaland fylkeskommune er etter heimel i kgl. res. av 3. april 1987 gjeve fullmakt til å fordele dei spelemidlane som kvart år vert stilt til disposisjon for Hordaland til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Kulturdepartementet har fastsett særskilde krav til fylkeskommunen i høve til prosedyre og handsaming av søknader. Desse krava er nedfelt i Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2009 (V-0732). 3
Målet innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er å skape ein aktiv kvardag for folk i Hordaland. Gjennom samarbeid med offentlege, private og frivillige aktørar har vi von om at Hordaland skal vere eit godt fylke å vekse opp i og vere i. Ut i frå forslag til nye kriterium for fordeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, vil mål og visjon vere vanskeleg å nå. Dei siste åra har søknadsvolumet til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet på nasjonalt nivå auka meir enn dei disponible midlane. Søknadssum har auka med 79 % i tidsrommet 2004-2009 og disponible midlar har auka med 17 % i same tidsrom. Dette medfører at Hordaland har eit stort etterslep på tildeling til ordinære anlegg for idrett og fysisk aktivitet. I gjennomsnitt får kvart femte anlegg spelemidlar og såleis ventetida om lag fem år. Dette har store økonomiske konsekvensar for kommunar og idrettslag. I eit lokalt og regionalt perspektiv vert det vanskeleg å drive ein framtidsretta anleggspolitikk for idrett og friluftsliv når spelemidlane må prioriterast til ferdigstilte og godt påbyrja anlegg. Endring av fordelingsnøkkel Eg er einig i at noverande fordelingsnøkkel bør endrast for å kunne møte dei utfordringar som kommunar og frivillige organisasjonar har i høve til utvikling av anlegg og aktivitet for barn og unge, men at tilrådde fordelingsnøkkel ikkje er ei teneleg løysing. Hordaland fylkeskommune har ønskje om større styring på det regionale nivå med omsyn til spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Godkjend søknadssum I høyringsforslaget vurderer KUD at dette kriteriet gjev uttrykk for behov for anlegg i fylka. Godkjend søknadssum viser dei reelle behova det er for bygging og rehabilitering av anlegg lokalt. I Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (2008-2012) Aktiv kvar dag, er kravet til behovsvurdering skjerpa og gjev grunnlag for ei reell prioritering av anlegg. Tilskot frå spelemidlane har utvikla seg til å vere ei toppfinansiering der engasjement frå kommunar, frivillige organisasjonar og private aktørar er særs viktig for anleggs- og aktivitetsutviklinga i Hordaland. Denne samhandlinga er også heilt avgjerande for å få eit tenleg drift- og vedlikehald av små og store anlegg. Ut i frå dette meiner eg at rammetildeling til ordinære anlegg bør reknast ut etter ein fordelingsnøkkel der godkjent søknadssum vert vekta høgare; med 70 %. Befolkningsgrunnlag Den overordna statlege anleggspolitikken gjev føringar for korleis spelemidlane skal fordelast. Det vert framheva at dei viktigaste målgruppene for bruk av spelemidlane til idrettsføremål er barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år). I sakshandsaminga av søknader frå spelemidlane vert det stilt krav til søkjar om behovsvurdering, der fokus skal vere retta mot tilhøva for barn og unge. Eg meiner at det såleis ikkje er naudsynt å avgrense kriteriet befolkningsgrunnlag til aldersgruppa 6-19 år, då eg ser det tenleg at flest mogleg kan bruke anlegga gjennom heile livet. Anleggsutvikling krev at utbyggjar tenkjer langsiktig med omsyn til kva for behov anlegga skal tilfredsstille. Eg ønskjer at befolkningsgrunnlag skal vektast med 30 %. Anleggsdekning I forslag til endring av kriterium for fylkesvis fordeling av spelemidlar, meiner KUD at det framleis er store forskjellar i anleggsdekninga og at vidareføring er viktig og relevant. Fram til no har alle anlegg vore brukt som grunnlag for vurderinga. I det nye forslaget vert nærmiljøanlegg teke ut av kriteria for anleggsdekning, samstundes med at det berre er eit avgrensa utval av ordinære anlegg som skal vere gjeldande. Dei idrettsanlegga barn og unge brukar mest bør vektast høgast. Eg meinar kriteriet anleggsdekning bør takast ut av fordelingsnøkkelen då den: tek for mykje omsyn til kva for anlegg det er behov for i dag og ikkje kva anlegg som må byggjast for å møte endringar i barn og unge sitt aktivitetsbehov i framtida. undergrev lokaldemokratiet og kommunane sitt planverk og behovsvurderingar. Alle søknader må vere forankra i kommunal plan for idrett og friluftsliv. Det er eit politisk vedteke dokument der innbyggarane i kommunen har vore med på å forme kommunen sin idrettspolitikk. 4
fører til ulik praksis i fylka ved etablering og ajourføring av anleggsregister (grundig registrering gjev dårleg utteljing). Hordaland fylkeskommune er mellom dei fylka som har størst fokus på oppdatering og kursing i anleggsregisteret idrettsanlegg.no. er lite etterprøvbar og gjev dårlege høve til innsyn for søkjar, kommunar og fylke. speglar ikkje kommune- og busettingsstruktur i store delar av landet. Det er lite relevant at det finst tilsvarande anlegg i andre delar av kommunen eller i nabokommunar når det er svært lange reisetider (t.d. i Fedje, Odda og Sveio). God anleggsdekning er viktig for å skape attraktive lokalsamfunn, busetnad, skulestruktur og næringsgrunnlag. God anleggsdekning er også viktig for å nå målsettinga med at anlegg for idrett og friluftsliv skal vere tilgjengeleg for folk i deira nærmiljø (Fylkesdelplan Aktiv kvar dag). Dei siste åra har KUD hatt ei eiga ordning for særlege satsingar i anleggsutviklinga. Gjennom dette anleggspolitiske programmet vert det gjeve ekstra stønad til pressområde, til anlegg som det er særleg behov for og til store anlegg i kommunane. Dette meinar eg kan nyttast til å utjamne forskjellar i anleggsutviklinga i kommunane. Særskilde tilskotssatsar Når det gjeld ordninga med særskilde tilskotssatsar for kommunar i Namdalen, Nordland, Troms og Finnmark og for kommunar med færre enn 2000 innbyggjarar støttar eg dette på grunn av at tilskotssatsen er ein kompliserande faktor i forvaltninga. Utsyn Hordaland fylkeskommune har ønskje om å styrke det regionale nivå sitt arbeid innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Eg meiner at Hordaland bør få styrka potensialet som utviklingsaktør i arbeidet med å utvikle gode aktivitetsarenaer for folk i Hordaland, spesielt i høve til barn og unge. Eg finn det vanskeleg å gjennomføre ei god politisk lokal og regional handsaming av arbeidsgruppa sitt forslag innan den knappe tidsfristen som er gjeve. Den nye spelemiddelnøkkelen bør tidlegast gjelde frå 2011, slik at ein sikrar ein betre prosess rundt viktige endringar i statleg idrettspolitikk som har store følgjer for anleggsutviklinga lokalt. Ei endring i spelemiddelnøkkelen bør kome etter ei generell vurdering av staten sin idrettspolitikk med større vekt på regionalpolitisk råderett på feltet. Difor ser Hordaland fylkeskommune at det er naudsynt at staten utformar og reviderer gjeldande idrettspolitikk. Den siste idrettsmeldinga er frå 2000 og det er tid for ei vurdering av noverande idrettspolitikk for å kunne møte utfordringar i høve til å kunne skape ein aktiv kvar dag for alle. 5