Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/1404-11069/2012 Sakshandsamar: Oda Lerstad Dato: 29.05.2012 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Organisering av bustadsosialt arbeid Samandrag av saka: Formannsskapet bestilte i PS 25/12 ei drøftingssak om forholdet mellom Fjell kommune og Fjell Bustadstifting i lys av endringar i regelverket på arbeidsområdet for Fjell Bustadstifting. Fjell Bustadstifting vart oppretta i 1990 og skal, i følgje Helse-, sosial- og omsorgsplan med bustadsosialt handlingsprogram 2008-2011/2016, vere kommunen sin fremste bustadsosiale utbyggar og dekke behovet for kommunale bustader. Fjell Bustadstifting bygger og ervervar bustader/eigedomar for utleige direkte til brukarar og til Fjell kommune. Stiftingar vert regulert av lov om stiftingar av 15.juni 2001. Eit sentralt trekk ved stiftingar er at dei er eigne rettssubjekt og sjølveigande. Styret er stiftinga sitt øvste organ, og ein kommune kan ikkje utøve eigarstyring over ei stifting. Ved framskaffing av sjukeheimsplassar, omsorgs- og utleigebustader frå eksterne aktørar må kommunen følgje lov og forskrift om offentlege anskaffingar og Husbanken sitt tilskotsregelverk. Kommunen lyt også ivareta regelverket om meirverdiavgift og regelverket om offentleg støtte. Denne saka er tenkt å danne grunnlag for det vidare arbeidet med bustadsosial organisering i Fjell kommune og då særleg med omsyn til framskaffing, forvaltning og tildeling av bustader til ulike brukargrupper. Saka vert lagt fram utan innstilling. Innstilling: Saka vert lagt fram utan innstilling. Straume, den 29.05.2012 Steinar Nesse Rådmann Bjørn Erik Kristiansen Kst plan- og utbyggingssjef
Saksopplysningar: Innleiing: Fjell kommune held no på med arbeidet med kommunedelplan for bustadutvikling 2013 2020. Planen har to hovudtema; Attraktiv bustadkommune og bustadsosiale behov og utfordringar. I det vedtekne planprogrammet for kommunedelplanen vert det peika på at det er trong for ei evaluering av det bustadsosiale arbeidet i kommunen og ei utgreiing av utfordringar knytt til Fjell kommune sin bruk av Fjell Bustadstifting i høve til relevante lover og forskrifter. Dette inkluderer mellom anna forholdet til lov og forskrift om offentlege anskaffingar, meirverdiavgift og offentleg støtte. Formannsskapet bestilte i PS 25/12 ei drøftingssak om forholdet mellom Fjell kommune og Fjell Bustadstifting i lys av endringar i regelverket på arbeidsområdet for Fjell Bustadstifting. I april juni vert det gjennomført ei stor evaluering av det bustadsosiale arbeidet i kommunen. Evalueringa vert gjennomført av Norsk institutt for by og regionsforskning (NIBR), og ferdig rapport vert lagt fram i august 2012. Evalueringa skal gi ei tilråding om Fjell kommune sitt bustadbehov i framtida og korleis kommunen kan utnytte ressursane knytt til organisering og verkemiddel for at brukarane skal få eit best mogeleg tilbod. Denne saka omhandlar korleis arbeidet med framskaffing, forvaltning og tildeling av ulike typar bustader er organisert i dag og korleis regelverket legg føringar for korleis det bør vere organisert. Rådmannen har nytta juridisk bistand frå Deloitte. Kva kjenneteiknar ei stifting? Stiftingar er regulert av lov om stiftingar (stiftelsesloven) av 15.juni 2001. Lova trådde i kraft i 2005 og gjeld for både nye og eldre stiftingar. Ei stifting er eit eige rettssubjekt og er sjølveigande. Ei stifting er ikkje eigarstyrt som eit selskap, og har ikkje eigarar. Den er heller ikkje medlemsstyrt som foreiningar, men formålsstyrt. Styret er stiftinga sitt øvste organ. Bruken av stiftinga sine midlar kan ikkje regulerast av ein eigar, og kommunar kan ikkje uttøve eigarstyring over stiftingar. Fjell Bustadstifting Fjell Bustadstifting - FBS er ei stifting oppretta i 1990 etter vedtak i Fjell kommunestyre. Stiftinga har som føremål å skaffa bustader og servicebygg for utleige eller overdraging, utan eige økonomisk føremål. Bustadane og servicebygga vert skaffa ved oppføring eller erverv og vert leigd ut eller overdratt etter gjeldande retningsliner til dei målgrupper som er omfatta av offentlege låne- og tilskottsordningar. Den bustadsosiale handlingsplanen er, jmf stiftinga sin årsrapport 2010, FBS sitt styringsreiskap når nye bustader skal etablerast. Bustadsosialt handlingsprogram i Fjell kommune 2008-2011/2016: Fjell Bustadstifting er, i følgje Helse-, sosial- og omsorgsplan med bustadsosialt handlingsprogram 2008-2011/2016, kommunen sin fremste bustadsosiale utbyggar. Stiftinga skal dekkje behovet for alle kommunale utleige- og innskotsbustader i Fjell kommune.
Det vert i planen understreka at Fjell kommune har eit overordna ansvar for at det vert bygd tilstrekkeleg med bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Omsorgsbustader i Fjell kommune: Pr 01.01.2012 eig, held vedlike og driftar stiftinga 153 omsorgsbustader fordelt på 12 eigedomar, medrekna Kvednatunet. Fjell kommune har tildelingsrett til omsorgsbustader eigd av FBS, medan FBS har ordna det praktiske kring leigekontrakt, husleigeinnkrevjing mv. Leigeforholdet gjeld mellom FBS og bebuar. Fjell kommune eig, held vedlike og driftar 52 omsorgsbustader på Straume bu- og servicesenter. Fjell kommune er utleigar og handterer leigekontrakt og husleigeinnkrevjing mv. Utleigebustader i Fjell kommune: Pr 01.01.2012 eig, held vedlike og driftar stiftinga 171 utleigebustader / bygg fordelt på 22 eigedomar. Dette inkluderar 5 barnehagebygg og 3 prestebustader. Pr mai 2012 huser 40 utleigebustader flyktningar, 52 utleigebustader vert disponert av bebuarar i gruppa rus/psykiatri/omsorg og 65 utleigebustader vert leigd ut til økonomisk vanskelegstilte. I den siste gruppa er 17 tildelingar gjort med bakgrunn i førespurnad frå barnevern eller sosialetat. Det var ved årsskiftet 123 søknadar på venteliste. FBS tek i mot søknadar, administrerer ventelista, tildeler bustad og handterer administrasjon av leigeforholdet. Gjennomsnittleg butid vert antyda å vere om lag 6 år. Aktuelt lovverk Lov om kommunale helse- og omsorgstenester mm (helse- og omsorgstenestelova): Kommunen skal medvirke til å skaffe bustader til personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden. Dette gjeld også bustader med særlig tilpassing og med hjelpe- og vernetiltak for dei som trenger det på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsaker. Kommunane er i lov om sosiale tenester i Nav pålagd å finne mellombels bustadtilbod til husstandar som ikkje sjølv er i stand til å skaffe seg det. Forvaltningsloven gjeld ved kommunens saksbehandling og tildeling av kommunalt disponerte bustader, noko som inneber at søkjaren har klageadgang etter lovens bestemmelser om enkeltvedtak. Lov og forskrift om offentlege anskaffingar omfattar alle typar anskaffingar av varer, tenester og bygge- og anleggsarbeid, uavhengig av om kontrakten gjeld kjøp, leige eller leasing. Dersom kommunen produserer varer eller tenester sjølv innanfor eige rettssubjekt (eigenregi) ligg det ikkje føre ei anskaffing, td vaktmeistertenester i kommunale bygg. Kommunen kan tildele oppdrag direkte til andre rettssubjekt ved utvida eigenregi dersom kommunen har ein tilsvarande kontroll over rettssubjektet som over eigen verksemd, og dersom rettssubjektet utfører hovuddelen av si verksemd for kommunen. Normalt blir dette vurdert ut frå omsetning, der hovudomsetninga må rettast mot kommunen. Ei stifting fell normalt ikkje inn under utvida eigenregi. Det finnes her nokre særs få unntak, og det er strenge vilkår for at eigenregi med stifting kan verte oppfylt. Kommunen er dermed omfatta av regelverket for offentlege anskaffingar når det gjeld å dekke behovet for leige av eksisterande bustader og oppføring av nye bustader gjennom
private aktørar. Lov om offentlege anskaffingar gjeld sjølv om ei anskaffing er omfatta av eit av unntaka i forskrifta. Til dømes vert erverv eller leige av eksisterande bygning ikkje omfatta av forskrifta. Dette er likevel ei anskaffing og lova gjeld, og då særleg lovens 5 om at ei anskaffing så langt det er mogleg skal vere basert på konkurranse. Dette kravet gjeld for å sikra mest mogeleg effektiv ressursbruk i det offentlege og bidra til auka verdiskaping i samfunnet. Av lova følgjer også omsynet til god forretningsskikk, likebehandling av leverandørar og at oppdrag er føreseieleg, transparent og kan etterprøvast for alle anskaffingar ein kommune gjer, utan omsyn til art og verdi. Kompensasjon av meirverdiavgift (mva) etter kompensasjonsloven for kommunar. Ein kommune har generelt rett til kompensasjon for meirverdiavgift med nokre unntak. Etter unntaksregelen vert det ikkje ytt kompensasjon for mva på fast eigedom for sal eller utleige. Dette unntaket gjeld ikkje helse- og sosiale bustader som er spesielt utforma og tilrettelagt for helse- og sosialføremål, td sjukeheimar og ulike omsorgsbustader tilrettelagt for heildøgns tilsyn mv. Unntaket gjeld heller ikkje for bustader som vert stilt vederlagsfritt til disposisjon frå kommunen til ein brukargruppe, evt mot ein eigenandel. Ei stifting som produserer helse- og omsorgstenester eller sosiale tenester som kommunen er pålagt å utføre ved lov, kan krevje kompensasjon for inngåande mva ved oppføring av fast eigedom. Tilbod om omsorgsbustader kan vere ei teneste som etter loven gir rett til kompensasjon for mva for stiftinga. Føresetnaden for at ei stifting sine bustadtenester har rett til kompensasjon er utleda av Skatteetaten og omfattar ma at bustadtenesta er ein integrert del av kommunens lovpålagte tenestetilbod td at brukaren mottar eit tenestetilbod i tillegg til bustaden. Det må vidare føreligge ein avtale mellom bustadutleigar og kommunen om at bustadtilbodet er ein del av ein kommunal yting, og det må vere fatta eit kommunalt enkeltvedtak om tenesteytinga. Dette inneber at den einskilde bebuar har eit vedtak som gjer vedkommande eit rettskrav på eit bustadtilbod frå kommunen. Ved kombinert bruk av kompensasjonsreglar og frådragsrett ved frivillig registrering for utleige av fast eigedom vil stiftinga og kommunen i dei fleste tilfeller ha tilnærma lik avgiftskostnad. Lokalar ut over omsorgsbustader må organiserast som utleige til kommunen for å kunne avløfta meirverdiavgift. Offentleg støtte: EØS-artikkel 61 set grenser for kva moglegheiter kommunar har til å gi støtte til næringsverksemd. Offentleg støtte ligg føre dersom støtta gir mottakaren ein økonomisk fordel, dersom støttetiltaket vert gitt av offentlege midlar, dersom støttetiltaket er selektivt, dersom støttetiltaket vert ytt til føretak som driv økonomisk verksemd, dersom støttetiltaket må kunne føra til at konkurransen på den aktuelle marknaden vert vridd og dersom støtta er eigna til å påverke samhandelen innan EØS- området. Forholdet mellom offentlege og private aktørar skal vere på alminnelege forretningsmessige vilkår, noko som normalt inneber at det vert gjennomført konkurranse ved nye prosjekter som skal utførast av private aktørar for kommunen. Forbodet mot offentleg støtte rammar ein kvar overføring av økonomisk verdi. Husbanken sitt regelverk for tilskot Utleigebustader: Husbanken kan gje tilskot til kommunar, stiftingar og andre aktørar som etablerer og utbetrar utleigebustader. Kommunen skal etter regelverket eige, leige eller ha tildelingsrett til bustadane i minst 20 år. Bustadane det vert gitt tilskot til, skal vere kommunalt disponerte, det skal ligge føre eit forpliktande avtaleforhold mellom
kommunen og eininga som søker/får støtte og det skal vere tinglyst ein klausul om bruk av bustadane kommunen ikkje er eigar til. Når kommunen har tildelingsrett skal det verte inngått ein avtale mellom kommunen og eigar om korleis dette skal skje og korleis leiga skal bereknast. Det er kommunen, ikkje eigar, som skal definere kven som fell inn under målgruppa. Bustadane skal til ein kvar tid vere disponert av vanskelegstilte. Omsorgsbustader og sjukeheimsplassar: Tilskotet kan berre verte gitt til kommunen, og kommunen har ikkje høve til å tildela tilskotet vidare. Kommunen avgjer sjølv om den vil eige sjukeheimsplassane / omsorgsbustadane eller om kommunen skal skaffe desse gjennom avtalar på forretningsmessig basis. Kommunen kan skaffe omsorgsplassar til veie ved å inngå avtale om leige med eksterne aktørar. Dette kan vere leige av bustader som skal oppførast eller leige av bustader som skal byggast om for å møte krava til å få tilskot. I begge tilfelle må kommunen følgje anskaffingsregelverket før kontrakt vert inngått og kommunen må disponere omsorgsbustadane og sjukeheimsplassane i minst 30 år. KS Advokatane legg her til grunn i sin gjennomgang av kva kommunane trygt kan gjere, at kommunen skal vere leigetakar til bustadane for så å framleige desse. Vurdering: Regelverket legg klåre føringar for forholdet mellom Fjell kommune og Fjell Bustadstifting. Under følgjer eit punktvis oversyn over viktige punkt ein lyt ta omsyn til ved framtidige anskaffingar, og utfordringar kring dagens organisering. Anskaffingsregelverket: Ein kommune kan normalt ikkje tildela oppgåver til ei stifting i utvida eigenregi då ei stifting pr definisjon er sjølveigande og ikkje kan kontrollerast av kommunen. Det er ikkje konkret vurdert og dokumentert om dei strenge vilkåra for eigenregi konkret er oppfylt i forholdet mellom Fjell kommune og FBS. Det er kommunen som ber ansvar dette. Dette inneber at eit kvart samarbeid mellom kommunen og FBS som utgangspunkt må følgje regelverket om offentlege anskaffingar. Dette gjeld særleg ved etablering av nye avtaleforhold, men også eksisterande leveransar kan verte sett ut på konkurranse i høve til framtidige ytingar. Fjell kommune lyt i det vidare arbeidet med bustadsosial organisering vurdere det direkte samarbeidet med Fjell Bustadstifting som leverandør av bustadar og bustadtenester med bakgrunn i anskaffingsregelverket. Fjell kommune må sikra at alle nye bustader vert framskaffa i tråd med regelverket. Husbankens investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar: Endringa av tilskotsregelverket medfører at kommunen må behalda tilskotet sjølv, også dersom ein ekstern aktør skal vere eigar av omsorgsbustadane eller sjukeheimsplassane. Endringa medførar at kommunen må inngå leigeavtale med eigar for så å framleige bustadane. Dette er ei endring i høve til dagens praksis for omsorgsbustader, og kommunen lyt vurdera korleis ein skal handtere og organisere desse utvida arbeidsoppgåvene. Husbankens tilskot til utleigebustader: Endringa i tilskotsregelverket for utleigebustader medfører at tildelingsretten til bustadane skal liggje hos kommunen. Dette er ei endring i høve til dagens praksis, og kommunen lyt vurdera korleis ein skal organisera arbeidet med søknader, ventelister og tildeling. Endringa gjeld for nye utleigebustader, men det kan vere hensiktsmessig at kommunen handterer alle tildelingar av utleigebustader. Ved kommunal behandling av søknaden vil forvaltningslova gjelde og søkaren vil ha klagetilgang etter lovens reglar om enkeltvedtak.
Kompensasjon av meirverdiavgift (MVA): For at ei stifting sine bustadtenester skal ha rett på kompensasjon har Skatteetaten lagt nokre føresetnadar til grunn som vist under saksopplysningar. Deloitte peikar på kompleksiteten både i kompensasjon av meirverdiavgift gjennom oppfylling av gitte føresetnadar og i den indirekte metoden med leige frå stiftinga til kommunen og kommunen sin etterfølgjande bruk av eigedom som utløyser rett til kompensasjon for mva. Dette kan vere ein risikofaktor knytt til å løyse bustadbehova gjennom ei stifting og konsekvensen kan vere tap av rett til kompensasjon for mva. Denne risikoen vil og gjelde ved bruk av andre private aktørar, og kommunen må her vurdere ved kvar ny anskaffing kva som vil vere optimalt med omsyn til mva. Offentleg støtte: Dersom kommunen yter støtte til bestemte aktørar, vil desse oppnå ein fordel. Både direkte støtte i form av td tilskot og indirekte støtte i form av td fritak for økonomiske byrder som normalt belastar verksemda sitt budsjett vert sett på som ein fordel og dermed offentleg støtte. Fjell kommune lyt i det vidare arbeide sikre at det ikkje føreligg ulovleg offentleg støtte til FBS. Vegen vidare: I denne saka er gjeldande regelverk presentert og kva verknad dette har på kommunen sin organisering med omsyn til å framskaffe omsorgs- og utleigebustader. Det er klårt at Fjell kommune må endre dagens måte å løyse bustadbehovet i kommunen på og det må i det vidare arbeidet utgreiast korleis denne delen av det bustadsosiale arbeidet skal løysast i framtida. Dei ulike regelverka legg klåre føringar for korleis kommunen kan forholda seg til stiftinga og andre private aktørar, og kommunen lyt sikra at lover, forskrifter og regelverk vert følgt. Det er mogeleg å løyse oppgåvene kommunen har innanfor gjeldande regelverk ved hjelp av private aktørar og stiftingar. Dette krev bevisste val og at det vert gjort avtalar kor omsynet til regelverka er ivareteke ved alle disposisjonar. Rådmannen ser det som føremålsteneleg at kommunedelplanen for bustadutvikling skisserer framlegg til ei heilskapleg organisering av det bustadsosiale arbeidet, med omsyn til organiseringa av framskaffing av bustader, administrasjon av leigeforhold og tildeling av bustader. Den framtidige organiseringa må sjåast i samanheng med tilrådingane i rapporten frå NIBR for å sikra brukarane eit heilskapleg tilbod.
Handsama i Formannskapet - 10.09.2012: Rådmannen orienterte kort om den store mangelen på bustader for ulike brukargrupper, samt forholdet til Fjell bustadstifting sett i lys av endringar i regelverket på arbeidsområde for bustadstiftinga. Formannskapet hadde ei grundig drøfting av saka og ønskte mellom anna meir informasjon om oppløysing av stiftingar når grunnlaget for drifta heilt eller delvis har falle bort. Formannskapet poengterte kor viktig det er å involvere styret i Fjell Bustadstifting i denne prosessen. Rådmannen oppmoda om at det politisk også må drøftast kva andre løysingar for skaffing av bustadar det skal arbeidast vidare med. Behovet er så stort at det må arbeidast med andre løysingar samstundes som det vert avklart kva rolle Fjell Bustadstifting skal ha i framtida. Det vart frå Marianne Bjorøy AP vist til Sandnes kommune og kva dei har greidd på dette området og føreslo samtidig at det vert halde eit felles møte om dette temaet kor representant frå Sandnes kan bli invitert. Det var semje i formannskapet om å arbeide vidare med desse spørsmåla på budsjettseminaret på 18. og 19. oktober, og rådmannen vil arbeide vidare med dei førebelse innspela fram mot seminaret. Vedtak i Formannskapet - 10.09.2012: Det vart vedteke å arbeide vidare med saka slik det kjem fram av handsaminga.