Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft, -status i planarbeidet- Fylkestinget 23.03.09. Ved Joar Helgheim (prosjektleiar) joar.helgheim@sfj.no tlf. 5782 5008 Bakgrunn Organisering Mål Innhald Medverknad Framdrift Meir info.: www.sfj.no
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Skei 23.03.2009 Bakgrunn Vi (storsamfunnet/staten/regjeringa) ynskjer meir fornybar energiproduksjon Men ikkje all fornybar energiproduksjon er ynskjeleg Styringssignal frå statleg hald: Regionale vind- og vasskraftplanar skal sikre mest muleg fornybar kraft (kwh) til minst muleg ulempe Dvs. planane skal medverke til å svare på kor vi kan produsere kraft utan for store konfliktar med andre samfunnsinteresser Arealavklaring - fakta: - Kor finn vi viktige samfunnsinteresser som kan verte negativt påverka av kraftproduksjon? - Kor manglar vi kunnskap om viktige samfunnsinteresser? Konfliktdemping retningsliner/politikk: - Kan vi stille krav til kraftutbyggingar, slik at eventuelle ulemper vert eliminerte/ akseptable? - Er det nokon stader konfliktane i alle høve vert store?
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Bakgrunn forts. Skei 23.03.2009 Kvar er det kraftressursar som kan nyttast til energiproduksjon? Det avheng av m.a.: -Vindtilhøve; tommelfingerregel årsmiddelvind må vere over 6 m/s -Tilgang til nett (-kapasitet) -Vegtilkomst og kaitilhøve - Avstand til busetnad; minimum 500 m p.g.a. støyrestriksjonar - Utanom verneområde I Sogn og Fjordane peikar nokre landområde seg ut med potensielt gode vindtilhøve: Stadlandet, Vågsøy, Bremangerlandet, Botnane-Svelgen- Ålfoten, Stavang-Vevring, Askvoll, Lutelandet- Hovlandsdalen, Solund og Gulen.
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Bakgrunn forts. Skei 23.03.2009 Kor mykje ny produksjon kan nettet ta imot? Under føresetnad av ny 420 kv- linje, kan vi produsere mykje ny straum i fylket (sjå NVE/ENOVA si Muleghetsstudie for landbasert vindkraft (http://www.nve.no/admin/filearchive/289/rapport18-08.pdf)) I vårt nettområde kan det verte plass til ca 2500 MW ny kraftproduksjon, fram mot 2025. Kor mykje av denne kapasiteten skal vi nytte i Sogn og Fjordane? EKSEMPEL: Dersom Sogn og Fjordane, skal nytte 1/3 av den ledige nettkapasiteten til kraftproduksjon, kan vi for eksempel installere 300 MW vindkraft (ca. 0,9 TWh/år) og 500 MW vasskraft (ca. 2,1 TWh). I dag er det meldt/søkt vindkraftprosjekt på ca. 940 MW (ca. 2,5 TWh), og NVE har rekna potensialet for små kraftverk til å vere på ca. 800 MW installert effekt (3,4 TWh/år), fordelt på ca. 700 prosjekt..
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Skei 23.03.2009 Organisering Prosjektgruppe - fylkesdelplan for vindkraft Fylkeskommunen: Joar Helgheim (Regionalavd.) Trond Sundby (Regionalavd.) Geir Lyngaas (Regionalavd.) Idar Sagen (Regionalavd.) Sigmund Bødal (kulturavdelinga) Fylkesmannen: Truls Hansen Folkestad (Landbruksavdelinga) Tore Larsen (Miljøvernavdelinga) NVE - Arne Olsen, Regionane: Arve Helle, HAFS Øyvind Bang Olsen, SIS Roger B. Silden, Nordfjordrådet Sogn og Fjordane fiskarlag - Nils Myklebust Prosjektgruppe - fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Fylkeskommunen: Joar Helgheim (Regionalavd.) Trond Sundby (Regionalavd.) Geir Lyngaas (Regionalavd.) Idar Sagen (Regionalavd.) (Knut Åland kulturavdelinga) Fylkesmannen: Eli Mundhjeld (Miljøvernavdelinga) Oddgeir Aardal (Landbruksavdelinga) NVE - Randi Holme Regionane: Trude Brosvik, HAFS Eivind Helleland, Sogn regionråd Oddmund Klakegg, SIS Nils Støyva, Nordfjordrådet Referansegruppe open for alle interesserte Styringsgruppe Fylkesutvalet, planprogram vedteke - 21.04.2008 (sak nr. 039/08 og 044/08)
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Skei 23.03.2009 Mål Fylkesdelplan for vindkraft: Overordna mål: Planarbeidet bør legge til rette for at Sogn og Fjordane kan bli eit pilotfylke i arbeidet med å auke produksjon av energi ved å utnytte vindkraft. Operative mål: Kartlegge resursar og avklare arealbruk for produksjon av vindkraft i fylke. Vidare er målet å kartlegge potensiale og utfordringar for ulike næringsinteresser. Samle kunnskap om viktige regionale og nasjonale verdiar i mulege utbyggingsområde, for deretter å fastsette retningsliner som sikrar at desse verdiane vert teke tilfredsstillande omsyn til, ved handsaming av konsesjonssøknader. Dei retningslinene vi fastset skal medverke til å minimalisere uheldige konsekvensar av vindkraftutbygging, slik som tap av naturmangfald, friluftsområde, kulturminne og landskapsverdiar. Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging: Målet med planarbeidet er å samle kunnskap om viktige regionale og nasjonale verdiar i mulege utbyggingsområde, for deretter å fastsette retningsliner som sikrar at desse verdiane vert teke omsyn til, ved handsaming av utbyggingstiltak etter vassdragslovgjevinga og plan og bygningslova. Planarbeidet skal også på eit overordna nivå synleggjere dei positive verknadene av vasskraftutbygging. Aktuelle retningsliner skal medverke til å minimalisere uheldige konsekvensar av vasskraftkraftutbygging, slik som tap av naturmangfald, friluftsområde, kulturminne og landskapsverdiar.
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Skei 23.03.2009 Innhald Planen vert todelt: Faktadel systematisk framstilling, ved hjelp av temakart og tekst, av registrerte verdiar, knytt til viktige tema (Landskap, Biologisk mangfald, Inngrepsfrie område, Kulturminne og -miljø, Friluftsliv, Reiseliv, Støy, Kommunikasjons- og overvakingsanlegg, Sjøfart og fiskeri, Landbruk og Fisk og fiske). Vil prøve å rangere verdi nasjonal, regional og lokal, og vurdere kunnskapsgrunnlag. I hovudsak bruk av etablert/registrert kunnskap registreringar, verneplanar, o.l.. (med vekt på det som kan vere relevant i høve til konfliktpotensial knytt til kraftproduksjon) Politisk del retningsliner (og konfliktvurdering)
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Skei 23.03.2009 Innhald forts. Avgrensing av delområde med bakgrunn i vurdering av konfliktpotensial, geografi, felles problemstillingar osv. Fdp med tema knytt til vasskraftutbygging Fdp. for vindkraft
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Skei 23.03.2009 Konfliktvurdering fdp for vindkraft Skala for samla vurdering: Lite konfliktpotensial: Område utan registrerte nasjonale interesser og maksimum eitt tema med registrerte regionale interesser. Medium konflikpotensial: Område der det er registrert regionale interesser for to fagtema Stort konfliktpotensial: Område med nasjonale interesser eller eventuelt tre eller fleire regionale interesser (samt alle område som fell utanom analyseområde). Uavklara konflikpotensial: Område der vi, for eitt eller fleire fagtema, manglar vesentleg kunnskap og samstundes har grunn til å tru at lokalitetar av nasjonal verdi kan verte avdekka ved nærmare kartlegging. Vil kalibrere/tilpasse skala, dersom for mange område hamnar i same konfliktklasse Analyseområde avgrensing: - Kjerne med vindressurs på minimun 7,0 m/s årsmiddelvind - Minimum 500 frå busetnad - ikkje del av verneområde (etter naturvernlova) - minimum 10 km 2 samanhengande areal
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Skei 23.03.2009 Førebels konfliktvurdering Arbeidsgruppe held på å utforme tekst til faktadel og har så vidt byrja å sjå på konfliktvurdering i forhold til følgjande tema: -Biologisk mangfald -Landskap -Kulturminne - Inngrepsfrie naturområde - Friluftsliv Arbeidsgruppa arbeider mot å få ferdig framlegg til faktadel før sommaren. Når den er ferdig vert det møte med referansegruppa for å presentere faktadelen og få innspel til arbeidet med retningsliner.
Fylkesdelplanar for vind- og vasskraft Skei 23.03.2009 Framdrift 2008 2009 2010 Juni Aug. Okt. Des. Feb. Apr. Juni Aug. Okt. Des. Jan. Faktadel: Temakart og tekst Politisk del: Retningsliner Høyring Referansegruppemøte Infomøte Takk for merksemda! Endeleg planframlegg Vedtak Stadfesting (Miljøverndep.)