Interkommunalt samhandlingsprosjekt Sunnfjord og ytre Sogn Samarbeidande kommunar Dykkar referanse: Sakshandsamar: Magni Håvardstun Tlf. 57612660 Vår referanse: 13/2466-3-MHA-&85 Dato: 27.11.2013 Oppretting og organisering av interkommunal Legevaktsentral i perioden 01.11.14 31.12.15 Viser til 1. Presentasjonen i kommunane i september/oktober 2013, samt utsend presentasjon i etterkant av kommune-/bystyremøta i kommunane 2. Saksutgreiing knytt til ØHD- døgn frå 01.01.16 som også inkluderer og omhandlar organisering av legevaktsentral frå same dato, 01.01.16. Om prosjektet For å nå målsettingane i St.meld. nr 47 (2008-2009) Samhandlingsreforma Rett behandling på rett stad til rett tid, vart det i 2009 etablert eit interkommunalt prosjektsamarbeid mellom kommunane i SIS (Jølster, Naustdal, Førde, Gaular og Flora), HAFS-regionen (Fjaler, Hyllestad, Askvoll og Solund) og Balestrand, Høyanger og Bremanger. Frå våren 2011 har det vore tilsett prosjektmedarbeidarar. Kommunane har pr 01.07.13 samla sett 50 672 innbyggjarar, fordelt på eit relativt stort geografisk område. Arbeidet har vore organisert som prosjekt med styringsgruppe samansett av Ordførar og rådmann i dei samarbeidande kommuane Helse Førde v/samhandlingssjef Brukar- og tilsetterepresentantar Vidare med ei prosjektgruppe beståande av Politikarar, administratorar og fagfolk frå samrabeidskommunane Helse Førde v/fagdirektør, direktør medisinske klinikk og samhandlingssjef SYS-IKL v/legevaktsjef Tilsette prosjektmedarbeidarar Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune, har vore styringsgruppe- og prosjektgruppeleiar. Postadresse: Postboks 338, 6802 Førde Telefon: 57 72 20 00 Bankkonto: 3700 07 00720 www.forde.kommune.no Besøksadresse: Hafstadvegen 42 Fax: 57 82 38 76 Org.nr.: NO 963923511 mva E-post: postmottak@forde.kommune.no
Om denne saka: Oppretting av interkommunal legevaktsentral i perioden 01.11.14 31.12.14 Frå 01.11.14 skal kommunane skal ha eitt fast legevaktsnummer(116117) som gjeld heile døgeret. Dette skal svarast av legevaktsentral (LVS). Då dette nye kravet var så tett knytt opp til innhaldet i det interkommunale samhandlings-prosjektet i Sunnfjord og ytre Sogn knytt til kommunalt krav om ØH-døgnplassar, så var det bestemt å gjere ei utgreiing av interkommunal legevaktsentral knytt opp til dette pågåande prosjektarbeid. Lovgrunnlag Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus Sentrale føringar Brev frå HDIR 18. 07.12: Legevaktsentral i døgndrift i samsvar med forskrift. Informasjonsmøter i regi av fylkeslegen 5. juni og 11 oktober 2012 knytt til innføring av nytt naudnett i kommunar og helseforetak Brev frå Helse Førde 26.06.13: Oppseiing av avtale om legevaktsentraltenester m.v. frå 01.01.14 Brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 20.08.13: Førebuing av nytt naudnett Møte 03.09.13 mellom dei 12 kommunane i samhandlingsprosjektet, Helse Førde og repr. frå HDIR. Presentasjon: Naudnett. Innføring og organisering av legevaktsentraler. Nærer om innhaldet i den nye akuttforskrifta Etter akuttføreskrifta 7 første ledd er kommunane ansvarlege for a) Etablering og drift av eit fast legevaktnummer som er betjent heile døgnet b) Etablering og drift av LV-sentral, jf. 8 og 10. Etter akuttforskrifta 8 skal LVS vere dekka av helsepersonell som tilseier sjukepleiar. Det fylgjer av akuttforskrifta 7c at alt helsepersonell i vakt, skal vere tilgjengeleg i helseradionettet (naudnettet). Legevaktsentralen må altså vere knytt opp til naudnettet, og ha dei tekniske løysingar som dette krev. Naudnettet skal vere fast etablert i Sogn og Fjordane frå 1. november 2014. Legevaktsentral tilseier Eitt dedikert fast legevaktnummer kun for legevakt, med tilstrekkeleg tal linjer heile døgnet. Svartenesta skal ha høg prioritet og naudsynt kapasitet Vanleg telefonnummer til helsetenesta/legekontor (sentralbordnummer) må ikkje nyttast til legevaktsentraltenesta Legevaktnummeret vert svart av helsepersonell som fyller kompetansekrava. Publikum, som ringer legevaktsentral, skal ikkje møte ei svarmaskin som viser til alternative telefonnummer for å kome til legevakt Legevaktsentralen skal ha faste telefonlinjer (evt. IP-samband) kopla til betjeningsapparat ved Legevaktsentralen. Mobiltelefon er ikkje godt nok som svarapparat ved Legevaktsentral Kommunen må sikre seg at dei har svaravtale med t.d. interkommunal legevaktsentral heile døgnet, dersom kommunen sjølv ikkje svarer på fast legevaktnummer Legevaktsentralen skal kunne varsle kommunen sitt helsepersonell i vakt gjennom helseradionettet eller det nye naudnettet heile døgeret Personellet rådfører seg med vakthavande lege i aktuelle kommune ved behov 2
Økonomi I dag kjøper kommunane i Sogn og Fjordane LVS-tenesta frå AMK Helse Førde. Prisen er kr 68,- pr innbyggar. Helse Førde har sagt opp avtalen med kommunane frå 1. januar 2014, men har sagt seg villege til å drive ei mellombels løysing fram til 1. november 2014 for kroner 110 pr innbyggar. Frå 1. november 2014 kan Helse Førde drifte LVS-tenesta permanent vidare for kommunane, men då til ein pris kroner på kring 12,5 mill med befolkningsgrunnlag på kring 50 000. Nordfjord har skipa eigen legevaktssentral der alle kommunane i Nordfjord er med utanom Gloppen. Det same vert no skipa i Sogn, og prisen for dei resterande kommunane i Sunnfjord og Gloppen vert då kroner 223 pr innbyggar om ein vel å kjøpe tenesta vidare frå Helse Førde. Ein kan ikkje trekke synergieffektar på bemanninga frå AMK, og må difor bemanne ein LVS med eigne operatørar. I dag er 9 av kommunane i Sunnfjord etablert med eit interkommunalt legevaktsamarbeid (SYS-IKL). Solund, Flora og Bremanger har eigne legevaktløysingar. Flora vil etablere eigen LVS-løysing på dagtid, dei andre 11 kommunane har valt å gå saman om vidare drift av LVS. Flora vil vere med i dette samarbeidet på kveld/natt og helger. Vidare har Gloppen gitt signal om at dei ynskjer eit samarbeid med Sunnfjord om LVS. SYS-IKL kan drifte ei LVS-løysing frå 1. november 2014, og har fått klarsignal frå dei samarbeidande kommunane om å tinge 3 operatørsentralar, noko som er gjort. Det er ulik trafikk på ein legevakttelefon gjennom døgeret. På dagtid vil nok dei fleste fortsette å nytte telefon direkte til fastlegekontoret. Den største trafikken er mellom kl 15.30 (etter stengetid for fastlegekontora) til om lag kl 23. I denne perioden reknar ein om lag 25.000 innbyggarar pr operatør. Med eit utgangspunkt i 56.000 innbyggarar (sunnfjordsamarbeidet + Gloppen) vil personellbehovet truleg vere 1 på dag, 2 på kveld og 1 på natt i vekedagane. På helg krevst det 2 på dag, 2 på kveld og 1 på natt. Kostnaden for dette er kr 6,1 millioner. Dette tilseier ein pris pr innbygger på kr 108 ved flat berekning. 3
Kostnadsfordeling mellom alle 12 kommunane i tillegg til Gloppen: Kommune Etter folketal 25/75 25 / 75 Per innbyggar Flora 1 267 146 1 067 667 91 Solund 91 215 185 719 221 Hyllestad 154 696 233 330 163 Høyanger 457 373 460 337 109 Balestrand 144 838 225 936 169 Askvoll 326 942 362 514 120 Fjaler 311 018 350 571 122 Gaular 316 651 354 796 121 Jølster 333 442 367 389 119 Førde 1 360 527 1 137 703 91 Naustdal 293 902 337 734 124 Bremanger 427 365 437 831 111 Gloppen 614 886 578 472 102 Sum 6 100 000 6 100 000 108 Oppstartkostnader Ein må ta med ekstra kostnader knytt til etablering og opplæring. Hovudkostnaden er opplæring. Det må utdannast 2 lokale hovudinstruktørar (2 x 4 dagar kurs + reise/opphald). Desse skal vidare utdanne dei lokale operatørane (1 dag) og alle legane i kommunane. Vidare reknar HDir med at ein må nytte 3 arbeidsveker til prosedyrearbeide, konfigurasjon og eigentest. Kostnadane er berekna til 355.000 kroner Drøfting Helse Førde har gjeve munnlege tilbod om å drifte legevaktsentralen frå AMK sine lokaler i perioden 01.01.14 01.11.14 til pris av kr 110 pr innbyggjar. I telefonsamtale vert det pr 26.11.13 presisert at Helse Førde må ta atterhald om event kostnader kan bli endra utfrå kor mange kommunar som vert med på ordninga. Dette er den beste lokaliseringa vi kan få no, ut frå at den interkommunale legevakta er plassert i sjukehuset. Ein vil nytte AMK-lokala fram til permanente lokalar for legevakt/legevaktsentral og ØHDsenger er klare, berekna 01.01.2016. Operatørsentralane vert då flytta til dei nye lokala. Jf tilbodet frå Helse Førde, kr 223 pr innbyggjar, så kan SYS-IKL altså drifte ein legevaktsentral i perioden 01.11.14 31.12.15 til ein rimelegare totalsum. Det er viktig å vere klar over at den kostnaden som her vert presentert er kostnaden for drift av LVS åleine. Frå 1. januar 2016 skal kommunane stille med eit kommunalt Øyeblikkeleg Hjelp døgntilbod (ØHD). ØHD vert planlagt saman med interkommunal legevakt og legevaktsentral, og det vil då vere klare synergieffektar å hente ut av dette, viser her til saka «Etablering av interkommunalt samarbeid om øyeblikkeleg hjelp på døgn». Om ein vel å seie ja til tilbodet frå Helse Førde, på kr 223, vil denne prisen komme på toppen av det ØHD og tilhøyrande opprusting av legevakt vil koste, dette til orientering. LVS er eit kommunalt ansvar, og skal ta imot og handtere henvendingar til lege i vaktberedskap, heimesjukepleiar, jordmor, kriseteam og andre relevante instansar (jf. 10 i forskrift om krav til akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus). Dette skil seg frå AMK sitt ansvar, som er koordinering av meir alvorlege akutthendingar. 4
Det vert ein viktig del av etableringsprosessen å finne gode løysingar m.o.t. rekruttering av tilstrekkeleg personale frå dag ein for ei heilt ny avdeling. Ulike tiltak er under vurdering og rekrutteringa må starte på tidleg tidspunkt for å kunne lukkast. Vedtak i styringsgruppa 25.10.13 Saka går vidare til handsaming slik ho ligg føre, men Styringsgruppa må i møtet den 15. november vurdere o Kostnadsfordeling o Kostnad ved event kjøp av enkelttenester Vedtak i styringsgruppa 15.11.13 Styringsgruppa meiner at forslaget om 25 000 innbyggar pr operatør bør vurderast i lys av at samarbeidet vil «tippe» vel 50 000 innbyggarar Kostnadsfordeling o Legevaktsentral: 25/75-fordeling. Styringsgruppa ber utvalet gjere ei ny vurdering om fordeling etter folketal vil vere meir rimeleg. Prosjektgruppa skal i si saksutgreiing legge siste forslaget frå rådmannsutvalet til grunn Kjøp av enkelttenester: o Legevakt, legevaktsentral og ØH på døgn blir definert som enkelttenester o Utvalet rår til at det ikkje blir gitt høve til å kjøpe delar av enkelttenester (eks.vis delar av legevaktsentralordning) men at kommunane står fritt om dei fullt ut nyttar det dei betalar for Tilbakemelding frå rådmannsutvalet om kostnadsfordelinga, 26.11.13 Rådmannsutvalet held fast på kostnadsfordelinga 25/75. Hovudgrunngjevinga er at alle kommunane får lågare kostnader pr innbyggjar enn ved kjøp frå Helse Førde. RÅDMANNEN SI VURDERING Rådmannen støttar forslaget frå styringsgruppa i det interkommunale samhandlingsprosjektet om etableringa av interkommunal legevaktsentral i perioden 01.11.14 31.12.15 i lokala til AMK, slik skissert i saksutgreiinga. I perioden 01.01.14 31.10.14 kjøper kommunane sjølve legevaktssentralteneste frå Helse Førde. Frå 01.01.16 vert den interkommunale legevaktsentralen ein del av det interkommunale samarbeidet knytt til kommunalt ØHD, jf eiga sak, og den interkommunale legevakta, SYS IKL. RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK 1.... kommune vert ein av samarbeidskommunane i høve etablering av interkommunal legevaktsentral i perioden 01.11.14 31.12.15, jf saksutgreiinga datert 27.11.13 5