IPAD-TIPS. Appar til kommunikasjon og læring



Like dokumenter
Organisering. Statped nord. Statped midt. Statped søraust. Statped vest

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Steinkjer, 13. april 2016

mmm...med SMAK på timeplanen

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

VEDLEGG 3: APPLIKASJONER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Brukarrettleiing E-post lesar

Til deg som bur i fosterheim år


Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune


Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Vi lærer om respekt og likestilling

«Teknologi i målretta arbeid med elevar med utviklingshemming» SPOT Anita Sande & Anne-Merete Kleppenes

Brukarrettleiing. epolitiker

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Valdres vidaregåande skule

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Refleksjon og skriving

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

! Fleire og ulike nettbrett. Fordelar. Nettbrett. Kva gjer Statped? Organisering

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kva er økologisk matproduksjon?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Prosjekt «Lære å lytte på ipad»

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Formidling og presentasjon

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

til 1000 Du treng: Blyant, passar, linjal og binders.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 2. Matte. Norsk: Se eigen plan på «freewebs.com/kirerot» Samf Mat frå jorda Eng Creating texts

6-åringar på skuleveg

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Brukarmanual.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Informasjon til elevane

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Hva er Smartbok? Hva er Smartbok- PLUSS? Hvordan får jeg tilgang til Smartboka? Hvor kan jeg bruke Smartboka? Kan jeg miste min Smartbok?

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

IKT-kompetanse for øvingsskular

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Månadsplan for Hare November

Psykologisk førstehjelp i skulen

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Førskulegruppe

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

ALFABETISERING Geiranger 5. november Kjelder : Stoff frå Alfakursinga til VOX gjennom 2 år Vigdis Lahaug, Vigdis Alver og Toril Sjo med fleire

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

INNHOLD. Hva er Smartbok? Verktøy/funksjoner. Innholdsbanken. Skylagring

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Lingspeak Lingit AS

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Nytt HFK Intranett

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

HiST i Sosiale Medier

NOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Fag: Norsk Trinn: 1. Periode: 2 (oktober januar) Skoleår: 2015/2016 Tema Kompetansemål Læringsmål for perioden Vurderingsmåter i faget

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Transkript:

IPAD-TIPS Appar til kommunikasjon og læring I dette notatet er det presentert eit utvalg av appar som vi har gjort oss erfaringar med og som vi kan anbefale til bruk! Notatet er som ellers i app-verda i stadig revidering. 18.02.2013

Innhold Innleiing... 4 Autisme... 4 Praktisk tips... 4 ASK: TalkTablet... 5 ASK: Grid Player:... 6 ASK: Tegnordbok 1000... 7 ASK: Andre forslag... 7 Begrep: Ordspillet... 8 Begrep: My PlayHome... 8 Begrep: Andre forslag... 9 Bøker: Se og si... 10 Bøker: Lillesøster... 10 Bøker: Andre forslag... 11 Engelsk: First Words Lite... 12 Engelsk: Zoola opposites... 12 Engelsk: Little Speller Sight Words... 12 Engelsk: Andre forslag... 13 Kalendar: Week Planner for Kids... 14 Kalender: Andre forslag... 14 Kombinerte appar: Sirkus Salaby... 15 Kombinerte appar: Josefine skolehjelp (Josefine finnast i mange ulike variantar!)... 15 Kombinerte appar: Andre forslag... 16 Lese skrive: Happi leser... 17 Lese skrive: ABC spill... 17 Lese skrive: Skoleskrift... 18 Lese skrive: Andre forslag... 18 Matche: Huskespillet... 20 Matche: Lydlotto og Babylotto... 21 Lydotto:... 21 Babylotto:... 21

Matche: Memory King The memory Cards game... 21 Matche: Andre forslag... 22 Matematikk og tal: Tellespillet... 23 Matematikk og tal: Nomp... 23 Matematikk og tal: Andre forslag... 23 Kids Math... 23 Math Puppy... 23 Produksjon: Quickoffice... 24 Produksjon: Andre forslag... 24 Puslespel: Tozzle... 25 Puslespel: Appfor barn... 25 Puslespel: Andre forslag... 25 Sosiale historier: Story Kit... 26 Sosiale historier: Andre forslag... 26 Sosial struktur: Mine sirkler... 27 Sortere: Sort it out 1 og 2... 28 Sortere: Whats different?... 28 Sortere: SmartTwins... 28 Sortere: MatrixMatch 1 og 2:... 29 Teikne og male: Doodle Buddy... 30 Teikne og male: PaintSparkles... 30 Teikne og male: Coloring... 30 Teikne og male: Stickman og Stickman 2... 31 Teikne og male: Andre forslag... 31 Tid/alarm/oversikt: Egg Timer... 32 Tid/alarm/oversikt: Kitchen Timer... 32 Tid/alarm/oversikt: TimeTrack... 32 Årsak virkning: Baby Beagle`s... 33 Årsak virkning: Hippi 1... 33 Årsak virkning: Sound Touch... 33 Årsak virkning: VideoTouch... 34

Årsak virkning: Zoola Animal Lite... 34 Lite kategoriserbare appar Tekstoppfatting: Affes skolevei... 35 Lite kategoriserbare appar - Blåse: Free Candle... 35 Lite kategoriserbare appar Forstå rekkefølge: Making Sequences... 36 Lite kategoriserbare appar Konsentrasjon: Picture Tab... 36 Lite kategoriserbare appar Labyrintar: KidsPony, Labyrint og Maze Game... 36 Lite kategoriserbare appar Oppmerksomhet på lyd: Lytte... 36 Lite kategoriserbare appar Tegne frå sterk til strek: Dot To Dot... 36 Facebook-grupper som er verdt å melde seg på:... 37 Sider med tips, og mulighet for diskusjonar :... 37

Innleiing Bruk av Ipad som eit pedagogisk eller kommunikativt hjelpemiddel er virkeleg ei nyvinning i spesialpedagogisk arbeid. I dette notatet er det presentert eit utvalg av appar som vi har gjort oss erfaringar med og som vi kan anbefale til bruk! Overskriftene er veiledande i det noko som passar for barn i autismespekteret, som til dømes «Mine sirkler», også vil kunne passe for personar med utviklingshemming, eller appar som primært er tenkt for pesonar med behov for ASK også vil kunne nyttast for personar der ein spesifikt jobbar med begrepsopplæring. Det er og gjort eit forsøk på å presentere appane frå lett meir avansert under dei ulike overskriftene, noko som for enkelte typar appar er vanskeleg, og ein må nesten berre prøve seg fram for å gjere vurderinga sjølv. Den pedagogiske bruken av dei ulike appane må den enkelte finne ut av sjølv og tilpasse til sine brukarar, men du kan lese om Torstein her: http://www.statped.no/tema/larevansker/ny-giv-med-nettbrett1/ Autisme Det er mange appar som ein sannsynlegvis kan definere inn under denne overskrifta, men dei fleste av dei vil kunne nyttast for andre enn personar i autismespekteret. Alligator apps har veldig mange apps som passar for mellom anna personar med autisme. Sjå også på appen AutismApps: der kan ein få mange tips (under flippen «categories» kan ein finne ABA, alfabet, fargar, kommunikasjon musikk, tall med meir!)! Praktisk tips For at ein skal kunne vere presise nok i forhold til å arbeide med Ipad`en si overflate krev det ein viss motorisk presisjon. Det finnst ipad/iphone-hanskar, men ein kan også bruke bomull/ullhanskar og klippe tuppen av peikefinger, eller andre fingrar viss det er lettare. Det kan og vere lurt å ha hanske på den andre handa slik at den ikkje trykker viss den tilfeldigvis kjem bort i skjermen. For veldig mange appar kan du finne eksempel på korleis dei blir brukte på for eksempel: www.youtube.com LYKKE TIL, HA DET MORO! Anne- Merete Kleppenes - Seniorrådgjevar, Statped Vest

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) ASK: TalkTablet TalkTablet kostar kr. 630,-. og det er eit ASK-oppsett med norsk talesyntese. Det passar for alle grupperingar med ASK-behov, fordi du kan lage oppsetta så små eller store som brukaren har behov for. Du vil kunne snakke med enkeltord, og bygge setningar. Setningane blir lest opp gjennom å trykke i skrivelinja. Ved å kjøpe Talk Tablet får du eit oppsett på mange sider på engelsk, med symbol og tekst. Der ligg og eit oppsett med berre tekst, det har få sider. I tillegg vil du kunne opprette så mange brukarar som du vil. Ved å gå inn i innstillingane vel du norsk talesyntese (Kari eller Olav), lyd, tempo mm. Talesyntesen fungerer godt syns eg! I innstillingane vil du og kunne seie noko om evt restriksjonar (avheng av brukar). Du kan og dele dine oppsett med andre, og hente fram andre sine ved å gå inn i eit «lager». Det ligg mange instruksjonsfilmar her: http://gusinc.com/2012/talktablet.html Oppsett og redigering: Det enklaste er rett og slett å oversette det orginale engelske oppsettet I utgangspunktet er der ei oppstartside med 4 4 symbol + skrivelinje. Kor mange symbol eller sider ein skal ha må jo vurderast etter kven som skal bruke det. Ein får eit veldig oversikteleg oppsett med fleire enn 4x4symbol. Symbola kan lett endrast i, bakgrunnsfarge, ramme rundt mm. I symbolbanken er der meir enn 12000 symbol å velge i. Appen er lett å redigere i. Korleis redigere finn de mykje informasjon om her: www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=u8puo4msxuw&noredirect=1. Ein svakhet ved det engelske oppsettet er at der er lite systematikk i forhold til korleis sidene ser ut (mange symbol på nokre sider, få på andre, linkar vidare enkelte stader og ikkje andre mm) Talk Tablet er ein god ASK-app med norsk stemme, og eg trur den vil fungere veldig godt! For å lage gode nok oppsett, som fungerer kommunikativt, må det gjerast ganske mange vurderingar i fh til kva side som

skal linke kor, kva symbol som skal vere på kva side, kor tid slettefunksjonen skal fungere og på kva måte o.a. Eg meiner at det krev erfaring med ASK for å få det til. ASK: Grid Player: Kommunikasjonsverktøyet Grid Player er ein app som ein kan laste ned gratis frå app store til både ipad, iphone og/eller ipod. Med appen føl tre ferdige norske kommunikasjonsoppsett. SymbolPrat A, SymbolPrat B og TekstPrat. Symboloppsetta nyttar Widgit symboler og SymbolStix. I tekstoppsettet er det lagt inn norske ordlister og nesteordsforslag. Den syntetiske talen er Acapela, kvinne eller mann. Dersom ein vil tilpasse kommunikasjonsoppsetta med eigne ord, symbol og bilde, kan du gjere det med ein GRID 2 lisens på en windowsmaskin. Oppsetta vert laga i GRID 2 og lastes opp til Grid Player (det er muleg å få gratis prøvelisensar) GRID 2 kan søkast gjennom NAV som kommunikasjonshjelpemiddel. For meir informasjon: www.cognita.no/artikkel/78 Første gongen ein går inn på oppsettet må ein opprette ein konto. Oppsetta som føl med er fine, dei gjev gode muligheter for å få til kommunikasjon. Appen er gratis og er ein god inngangsport og start i forhold til å prøve ut eit ASK-oppsett!

/ ASK: Tegnordbok 1000 Tegnordbok 1000 er en gratis app for iphone utvikla av Møller kompetansesenter. Du vil finne 1000 tegn i appen, alle er henta frå www.tegnordbok.no. Appen er enkel å bruke. Skiv inn det norske ordet du vil lære og ein person viser teiknet. Teikna står lista opp alfabetisk. Slik vi ser det er det et greit oppslagsverk å ha med seg, enten på telefonen eller ipaden, men den har begrenset nytteverdi i praksis. Kan vere fin for nye teiknbrukarar. ASK: Andre forslag Der finnst mange ulike appar som vil kunne nyttast i forhold til enkel kommunikasjon. Her er nokre fleire tips som de kan søke opp og vurdere, dei er veldig ulike både i kor stort omfang dei kan nyttast og i kva grad ein kan få til funksjonell kommunikasjon, trur eg : SoundingBrd GoTalk Now Look-2-learn Say Hi Prologuo2go

Begrep Begrep: Ordspillet Ordspillet er utvikla av barneapps. Denne er ein presentasjon av mange (eller få, du kan velje sjølv) kategoriar gjennom bilde og tekst. Blade: få bilde, trykk ein gang: få tekst (ordbildet, i store bokstavar) og ordet blir opplest. Barnet får tilgang til mange ulike kategoriar av ord! Forholdsvis gode, klare bilder med god kontrast. Begrep: My PlayHome My PlayHome har bilder frå ulike rom i heimen stove, kjøken, soverom og bad. Der er fleire figurar du kan velje å vere. Figurane kan gjere ulike ting i romma; flytte på gjenstandar eller hoppe i sofaen, for eksempel! Ein kan og bevege seg i hagen. Alt ein set «i gong» lagar lyd/bilde respons. I lite-versjonen er det kun 2 rom, fullversjon gir naturligvis flere muligheter.

Brukast til bl.a samtaletrening og begrepsopplæring. Det å kunne utføre/forstå «kan du sette koppen i skåpet?», og finn du du, kan du vise meg, fortell litt om osv. Det beste med appen er at ein kan leike med den! Vi har laga ei lita kommunikasjonsbok med symbol for at også barn med behov for ASK skal kunne vere aktive i leiken med appen. Appen er amerikans, det er lett å sjå når ein går på badet med figurane at dei må dusje med kle på, det er litt rart..men då får ein jo mange ting å snakke om då! Passar frå små barn, i alle fall frå 2 år kanskje yngre og! Appen har mange muligheter ift begrep/språkopplæring og trening, den er mellom anna brukt på 3-4 åringer nyttig å se om barnet oppfatter hva de skal utføre, samt fortelle hva de gjer den gjev god informasjon om både forståing og ekspressivt språk. Også større barn likar den. Begrep: Andre forslag Så å seie alle appar kan brukast i forhold til begrepsopplæring, viss du har det som mål. Der er mange appar knytt til ulike typar begrep, det er kanskje lurt å ta utgangspunkt i barnets interesser og så søke i App Store på det. Der er veldig mange engelske appar. Lærii Min bok for å lære farger Together Sort it out Gårdsdyr Sound Touch bilder/sound Touch film Kids Combo Transport Zoola, mange forskjellege typar Kule ting Kroppen

Bøker Det finnast mange bøker til bruk på ipad! Korleis dei skal brukast og kva ein likar må vurderast ut frå kven som er målgruppa. Eg har henta inn berre noken få bøker, eg syns ikkje det er så moro, det er kjekkare å lese sjølv MEN det er jo lurt å vite om dei! Bøker: Se og si Se og si er basert på Kari Grossmann sine myldrebøker. Den kostar kr. 21,- for ein pakke der du har seks kvardagssituasjonar. Du kan kjøpe tre ekstra pakkar med fire situasjonar i i tillegg for kr. 14,- pr pakke. Den passar for iphone og ipad, og målgruppa er nok i utgangspunktet førskulebarn. Det er ein super app for å jobbe med begrep, men kan nok for enkelte barn vere ein smule kaotisk! Det er tre vanskenivå: Oppgåva/symbolet du skal finne kan du velge om det skal bli vist (dvs at du skal matche), bli vist og sagt, eller berre sagt. Stemma på app`en er god og tydeleg. Veldig god for barn der du arbeider med begrep, men barna må ha evne til å velge ut dei rette symbola i eit virvar av informasjon, evt. at dei får god hjelp av noken som er saman med dei. App`en hjelper deg på veg viss du ikkje finn symbolet Bøker: Lillesøster Min 7 åring har vurdert Lillesøster-bøkene til å vere fine. Stemma som les er variert, dvs at den blir spennande, og historiene er søte. Bøkene kan passe for heile førskuleløpet og kanskje til ca 7 år.

Bøker: Andre forslag I fleire «bokpakkar» kan du hente fram fleire bøker. Lesehesten er ein slik, der finn ein bøker som passar for 1. klasse, og litt oppover. Karsten og Petra bøkene er fine, men eg syns dei blir lest med litt tamme stemmer I Barnetimen +: finn ein både sangar, eventyr, bøker og rim/regle. Ruffen De tre små grisene Mille og Max Godnatthistorier Blåfjell Tommelise Peter Pan

Engelsk Det vil variere kva ein er ute etter i ein engelsk app.det er derfor vanskeleg å gje nokre klare tips! Engelske begrep, og skriving av engelske ord vil kanskje vere aktuelle, og det er eksempel på det som blir presentert vidare. Engelsk: First Words Lite Kjempesøt app med ulike kategoriar, presentert ved ordbilde, uttale, teikning/animasjon og musikk. Kategoriane er dyr, kjøretøy, mat, klære, heime og natur. Engelsk: Zoola opposites Veldig mange begrep som lang kort, tynn tjukk, rein skitten, mm blir presentert ved bilde, ord og uttale. Pris kr. 7,- Kanskje ein app som blir fort oppbrukt, med mindre ein klarar å gjere mykje ut av den sjølv! Ein kan sjølvsagt nytte bilda og bruke den på norsk (dvs at du sjølv eller barnet seier begrepa). Engelsk: Little Speller Sight Words Ved hjelp av eit ord som blir opplest, ordbilde, bokstavar skal du plassere/matche rett bokstav og skrive ordet sjølv. Når ordet er ferdig blir det lest opp, og alle bokstavlydane blir presentert, på engelsk. God øving i uttale og skriving av vanlege engelske ord. Der er mulighet for å gjere ein del tilpassingar! Gratis app. Veldig fin presentasjon her: http://www.youtube.com/watch?v=jxnz-njf628

Engelsk: Andre forslag Veldig mange av appane er på engelsk, så avhengig av kva ein har av målsetjingar knytt til engelskfaget så trur eg der finnst ein app som passar. StoryPatch, er til å lage sosiale historier men kan fint vere ein mulighet til å dikte opp ei Making sequences er i utgangspunktet ein app som skal trene/øve opp evna til å forstå rekkefølge. Det er ein kort tekst under kvart bilde som kan vere gode setningar å øve på engelsk Eller nokre av disse: Learn M Spell Opposites CrissCross FruitFind

Kalendar Kalendar: Week Planner for Kids Kjempefin kalendar, med ulike fargar for kvar dag, og gode muligheter for å skrive inn personlege ting og bilder. Enkel å redigere i. Alle typer tavler og bilder ein sjølv lagar/legg inn er tilgjengeleg frå alle kalendarar som ein opprettar. Kan for eksempel brukast til: å lage god oversikt over veka, som ein god kalendar skal gjere! lære vekedagar jobbe med været belønningssystem matplan for familien osv Pris: ca 14 kr. Kalender: Andre forslag KidsCal PocketLife Calendar 4KidCal!

Kombinerte appar, dvs fleire typar oppga ver i ein app Kombinerte appar: Sirkus Salaby Sirkus Salaby er basert på Gyldendal Forlag sitt internettprogram om Sirkus Salaby. Her er fire ulike oppgåver: REDD KAKA! Barnet skal passe på ei kake, slik at rottene ikkje et den opp. Auditivt og visuelt inne blir trena i det at du skal huske rekkefølga som rottene lagar lyd. Viss du gjer feil, så tar dei ein bit. Eg har sett at det syns nokon barn er veldig moro, slik at dei med vilje gjer feil og rotta tar ein bit. PELLE PÅ LINE: Pelle skal skrive brev til mor, og treng hjelp. Pelle er ein elefant som skal balanser på line. Bokstavane kjem i mot Pelle og han treng hjelp til å «fange» dei KANONGUTTA: Kanongutta skal skytast ut av kanonen og treffe ballongar med tall. Ein får erfaring med korleis tall ser ut og kva rekkefølge dei kjem i (skal sortere frå minst til størst) VEL HJEM: Når sirkuset er slutt skal alle bilane frå parkeringsplassen. Dei skal sendast heim i alfabetisk rekkefølge. Det er bokstavlydane som blir uttalt, dei blir og visualisert. Artig app med mange spennande og artige figurar. Sjå også nettsida for Sirkus Salaby, der er mange oppgåver knytt til 1. og 2. klasse: http://web2.gyldendal.no/salaby/nn/sirkus/ Kombinerte appar: Josefine skolehjelp (Josefine finnast i mange ulike variantar!) / Appen har oppgåver knytta til Norsk: Skrive store bokstavar, sette saman ord, finne bokstavar på tastatur 3 nivå Alfabet: kombinere bilder med forbokstav Engelsk: engelske ord, 3 nivå Matematikk: pluss, minus, gange knytta til fleirvalgsoppgåver, 3 nivå

Den Svarte har tatt fabeldyr til fange dei skal barnet vere med å redde samtidig som dei lærer forbokstavar i ord I innstillingane kan ein justere på musikk, tale, lydeffektar noko som er fint slik at du kan tilpasse dette, og få vekk «bakgrunnsstøy». Nokre av oppgåvene kan vere motorisk krevande (td. Få ein bokstav til å rulle ned på rett plass) Appen kostar litt for kvar oppgåvetype, delar av den er gratis. Kombinerte appar: Andre forslag Mange av appane du kan kjøpe har fleire oppgåver i ein og same app. Ein del tidlegare PC/Mac-spel er blitt gjort om til app`ar, for eksempel Labbe Langøre. Ofte er det slik at nokre av oppgåvene er gode, andre ikkje så bra. TryggTrafikk Labbe Langøre Førskole, Skolestart, 1.klasse, 2.klasse Angelinas verden Injini SirMania Cirkeline Villa Villekulla

Lese-skrive Lese skrive: Happi leser Leseøvingsprogram i tre nivå. Passar for 5 år og oppover. God i forhold til nybegynneropplæring! Gjev god øving. 6 oppgåver på kvart nivå, lenger og vanskelegare ord etterkvart. Eit ord står over tre bilder, lesar skal velge rett bilde for å få poeng. Viss ein svarar feil, ristar bildet på seg og alle tre bilda forsvinn. Svarar du rett får du poeng t.d. ein appelsin. Dette er ein god app, den får minus for dårlege kontrastar på symbola. Det gjer appen vanskeleg for barn med synsvanskar Lese skrive: ABC spill Dette er ein veldig fin app som gir mange muligheter! Læringsverkstedet som har produsert den har laga mange gode appar på ulike tema, denne er ein av mine favorittar! ABC-spillet har tre nivå. Nivå 1: matche bilder likt bilde skal trekkast over på rett bilde, då får du lest opp første bokstavlyd og navnet på bildet, t.d. «F» og «fisk». Barnestemma som blir nytta er veldig god.

Nivå 2: Første bokstaven i eit ord skal trekkast over på rett bilde. Du får lest opp bokstavlyd og ordet også her. Niva 3: Bilde skal trekkast over på rett bokstav. Bokstavlyd og ord blir lest opp. Gjennom jobbinga samlar ein poeng. Du kan velge nivå, og skifte mellom dei. Veldig bra som leseforberedande aktivitet. Lese skrive: Skoleskrift Pris kr 21,- Passar for ipad og finnst for PC (www.activium.no). Den gjev lydstøtte i skriving av bokstavar, ord og setningar. Du får umiddelbar respons på bokstavlyden snakkande tastatur.. Når ein trykke mellomrom blir ordet lest opp, og ved periodeteikn blir heile setninga lest. Du får god trening av bokstav-lyd gjennom appen, dette er ein føresetnad for å knekke lesekoden. Lydrespons på ulike nivå og stavekontroll kan slåast av og på. Pedagogisk bruk: Begynnaropplæring, skrivestøtte, fremmedspråkopplæring, alternativ og/eller supplerande kommunikasjon Appen gir flott funksjonalitet på norsk og anbefalast! Du får større funksjonalitet om du går til ipadens Instillinger -Generelt-Tilgjengelighet: -og set Les opp markering til På: Då kan ein gå tilbake i teksten og markere delar av teksten og få det lest opp. For å bruke appen i framandspråk gjer ein valg av språk i Instillinger: Instillinger -Generelt- Internasjonalt-Språk: velg språk og tast Ferdig. OBS! -ingen lydrespons på bokstavnivå for tysk, fransk og engelsk (enno?) Lese skrive: Andre forslag Det er kommt ein del appar som støttar opp underbokstavinnlæring og lese/skrive-opplæringa. Her er nokre fleire tips, alle er fine og har ulikt innhald: Bokstavrally Les HD

Ordlek Se bokstavlyden Ordjakt (ein slags scrabble) Lærii Stavern

Matcheoppga ver Det ligg mange memory og lotto-oppgåver som appar! Det er lurt å ta utgangspunkt i barnet sine interesser når ein vel ut: dyr, bilar, fuglar osv kva er det som er spennande? Matche: Huskespillet Dette er ein slags Kim`s lek. Der er ein koffert med nokre ting i (2-8). Desse skal ein plukke inn att i kofferten ved å finne dei rette gjenstandane mot fleire (opp til 20). Viss ein tar feil ting, ristar kofferten på seg og kastar tingen ut att. Viss ein klarar det kjem det fram ein figur som spelar ein «trudelutt» og barnestemma seier «Bravo! Du klarte det!» Oppgåvene blir stadig vanskelegare. Stemma les opp namnet på dei ulike gjenstandane når ein tar på dei, så det er god læring i forhold til både minne og begrep. Fin app med mulighet for å brukast sosialt og med fleire læringsmål.

Matche: Lydlotto og Babylotto Desse to liknar veldig på kvarandre, men har litt ulike nivå frå tidleg førskulealder til skulestartarar. Det er ekte, gammaldags lydlotto i tre nivå! Veldig fine appar! Lydotto: På nivå 1 skal du matche lyd mot bilde. På nivå 2 skal du matche bokstavlyd mot bokstav På nivå 3 er oppgåva å finne det rette talet Babylotto: På nivå 1 skal du matche (evt) lyd og ord mot bilde. På nivå 2 skal du matche farge (uttalt) mot rett farge På nivå 3 er oppgåva å finne det rette talet Stemma som blir brukt på appane er veldig fine! Matche: Memory King The memory Cards game Denne appen er ein memory der du enten kan spele åleine eller du kan vere opp til 4 spelarar med. Korta blir snudd, og lest opp på engelsk. Samlar opp poeng i forhold til antall trekk du har, og kor fort du jobbar. To av korta gir spelaren ekstra hjelp. Bilda er variable i kor tydlege dei er, men der er mange og ulike bilder som appelerer til ulike grupper (øgler, robot, dinosaur, perler, lastebil, skilpadde mm). Fin app, spesielt funksjonen som gjev mulighet for å spele med fleire.

Matche: Andre forslag Skewers Snowman KidzBloxF AniMemory Memory Amazing Match GRoink (fleire muligheter) Memo-spill

Matematikk og tal Matematikk og tal: Tellespillet Det blir lest opp ei oppgåve; f.eks: «Kan du telle to gulerøtter?». Når ein trykke på gulerøttene så er der ei barnestemme som seier 1 2, og ein voksen som seier «Du har talt 2 gulerøtter» «Kan du telle alle bananene?» Når alt er talt opp/trykka på dalar gjenstandane ned i ei korg til ein figur/dyr som samler det opp. Mange ulike begrep blir benemt, og tall opp til 10. Kontrastane på bilda kan vere litt dårlege, mykje pastellfargar men bortsett frå det er dette ein fin app. Matematikk og tal: Nomp «Få koll på matten, samla poäng, medaljer och ha kul!». Det er intensjonen med Nomp. Svensk matematikkapp med alle rekneartar på mange niva. Veldig mange øvingsoppgåver som gjev mulighet for å samle seg medaljar og komme vidare i nivåa. Lærarar eller foreldre kan gje oppgåver og sjekke ut framgang. Veldig bra app i forhold til matematikkferdigheter. Barna vil kanskje føle at den er litt for «skolsk»? Må registrere seg før første gangen ein brukar appen. Matematikk og tal: Andre forslag Det er mange appar som har noko med matematikk og tal å gjere! For å øve få repetisjon på ulike rekneartar kan ein f.eks sjå på Math Kid, Math Drills (Lite), Subtract Wiz, Math Drill Fast og Kindergarten Math som alle er gratis og dermed lett kan prøvast ut, og byttast på Kids Math baserer seg på visualisering av oppgåvene og gjev alternative svar. Math Puppy er ein hund med mellom anna bingo-oppgåver. Happi 123

Produksjon (presentasjon) Produksjon: Quickoffice Quickoffice Pro HD er en administrativ app som koster kr 140,-. Denne appen finnes kun til ipad, men Quickoffice finnes også i ulike versjoner og pris til iphone. Du kan laste ned lite-versjonen gratis og prøve den før du kjøper den med full funksjonalitet. Det er også en PDF-leser og filbehandler som fungerer med e-postvedlegg, lokale filer og skylagrede filer (via Dropbox og andre skytjenester). Den kan opprette og redigere Microsoft Office-dokumenter, regneark og presentasjoner. Quickoffice Pro HD fungerer slik: Kan publiseres/sendes via e-post, facebook, Twitter osv. Kan opprette, se/vise og redigere Worddokumenter 1997-2010 (.doc og.docx) Kan opprette, se/vise og redigere Excel-ark 1997-2010 (.xls og.xlsx) Kan opprette, se/vise og redigere Powerpoint 1997-2003 (.ppt) Tips Du kan se/vise Powerpoint 2010 (.pptx), men for å redigere 2010 versjon kan den først lagres i 2003 -versjon på pc-en og hentes ned på ipad via f.eks Dropbox. Produksjon: Andre forslag Det spørs jo kva ein skal gjere.finnst mange forskjellege, for eksempel til å lage film, vise presentasjonar mm. Keynote (vanleg presentasjonsverktøy) Prezi (presentasjon) Free video (laste ned videoar) Video Baby (laste ned video)

Puslespel Puslespel: Tozzle Tozzle finnst i både lite-utgave og til kr. 14,- I betal-utgåva er der 39 ulike motiv, med ulik vanskegrad. Det vil gje fin finmotorisk trening og for eksempel mulighet til å jobbe med former, tal og bokstavar. Viss det er vanskeleg å finne rett plass til brikka, hjelpe appen til med å peike kor den skal leggast. Når puslespelet er ferdig kan ein leike med motivet, gjennom ulike aktivitetar og lydar. Mange muligheter til samtale og leik, veldig artig app for barn heilt ned i eittårsalder og oppover! Puslespel: Appfor barn Gratis lite-utgåve, og betalingsapp til kr. 14,- Liknar litt på Tozzle, mange ulike motiv og animasjonar. Aktivitetane i etterkant av at brikkene er lagt på plass er kanskje endå meir «leik-prega» enn Tozzle. Alt av tale er på norsk, og puslespelet er berekna på aldersgruppa 0 4 år. Det kan heilt sikkert nyttast også av eldre barn. Her er masse å snakke om og leike med! Kjempefin app. Puslespel: Andre forslag Det finnst MANGE og ulike puslespel å finne. Dei varierer både i form av motiv, grafikk, og vanskegrad. Der er mange gratis og elles til rundt kr. 20,- Puslespill for barn Pusleeventyret Wooden Toy Puzzles`n Coloring Jigsaw puzzle

Sosiale historier Det finnast mange variantar av appar der du kan lage sosiale historier. Prisen er frå gratis til ikkje så veldig dyre. På ulike måtar kan ein jobbe med tekst og foto. Ein kan nytte appane med ulike formål; - informasjon heim/skule - lekse - personleg leseopplæringsmateriale - osv. Sosiale historier: Story Kit I bokhylla ligg det fleire ferdige bøker. Ein kan redigere tekst og bilder, samt sette til tale/lyd i disse bøkene. Ein kan også lage sine eigne bøker med tekst, bilde og innlest tale på en enkel måte. Teksten kan også skrivast. Å kunne produsere, delta i klassa sitt tema eller prosjekt med eit produkt er nyttig. Resultatet kan være eit samarbeid med andre elever. Elevar kan for eksempel oversette dei engelske bøkene til norsk eller eit anna språk StoryKit kan brukast i alle fag og temaer. Ein kan enkelt lage sine eigne fortellinger åleine, eller saman med lærar/medelevar. Kan og lage feriebøker og liknande. Sosiale historier: Andre forslag Little story Maker Ritprata StoriesAboutMe Stories2Learn StoryPatch

Sosial struktur Sosial struktur: Mine sirkler Appen Mine sirkler er eit sosialt atferdskart som prøvar å forklare og systematisere elektronisk noko av det sosiale kaoset som mange opplever. Applikasjonen er eit system som skal gje struktur og oversikt og noko å orientere seg etter slik at kvardagen blir mindre stressande og lettare å meistre. Mine sirkler definerer ulike sosiale arenaer i form av sirkler. Det forklarer kva krav og reglar som gjeld på den enkelte arena, og tydeliggjer korleis dei sosiale krava endrar seg frå den eine sirkelen til den andre, fra den innerste og mest private til den ytterste, mest offentlige sirkelen. Til kvar sirkel er det laga støttesystem i form av kommunikasjonsverktøy, avtaler, sosiale historier, eigeninstruksjoner og oppskrifter på hvordan en kan takle spesielle utfordringer (må tilpasse dette til den enkelte). Den er til fri nedlastning. Meir informasjon her: www.statped.no/minesirkler

Sortere Der er laga mange appar som gjev mulighet til å sortere på ulike måtar, og med ulike kategoriar, og som passar for ulike aldrar og utviklingstrinn. På My First App kan ein finne mange og kjekke, eg skriv om nokre av dei under. Mange av dei har forslag på kven dei passar for i alder, og ein kan sortere med mange ulike ting og kategoriar. Sortere: Sort it out 1 og 2 I Sort it out 1 kan ein sortere leikar, fargar, frukt og grønnsaker, former, følelsar med meir!. I den andre utgåva er det andre tema som dyr, møblar, yrker, aktivitetar. Sort it out 1 passar frå 3 år og oppover, 2`aren for dei litt eldre. Fine oppgåver. Du kan kjøpe lite-utgåver, men då er der berre to oppgåver med. Fullversjonen kostar kr. 14,- Sortere: Whats different? Finn ut kva for eit objekt som ikkje passar inn! Du får fire bilder/teikningar og skal trekke den som ikkje passar bort i ei ny rute. Objekta er natur, leikar, frukt og bær, former, dyr mm. Passar i tidleg førskulealder og oppover. Belønning for rett svar er smilefjes og jubel! Sortere: SmartTwins Underholdande, og litt kognitiv krevande app for førskulebarn. Med utgangspunkt i ulike oppgåver skal ein finne ut av å plassere brikkene på rett plass; finne tvillingen. Oppgåvene er knytt til å finne ein del av

eit bilde, finne ut kven sin rygg vi ser (ulike dyr), kva egg passar til kva kylling ut frå mønster, kva fargepenslar passar til kva slags egg, osv. Kjekk app med gode muligheter for å både lære masse om sortering og ulike begrep! I info`en til appen er der mange andre appar som er fine. Sortere: MatrixMatch 1 og 2: Nesten ein Raven-variant i app-utgåve! Ganske avanserte mønster/former/figurar skal plasserast riktig ut frå modellar i rutenett. Passar for sein førskulealder og oppover. Gratis lite-utgåve, fullversjon kostar kr. 14,-

Teikne og male Å tegne er jo moro! Det finnst ulike appar; frihandstegning og fyll inn-tegning/maling, mange er gratis. Teikne og male: Doodle Buddy Masse fargar, former og stempel du kan lage flotte tegningar med denne! Kan sende tegningane til vennar og bekjente ved e-post. Der er ein del muligheter i Innstillingane. Teikne og male: PaintSparkles Glitrande og flotte fargar, som lagar lyd når ein teiknar. Også med innfyllingsmalar. Teikne og male: Coloring Fyll inn med fargar på ulike motiv.

Teikne og male: Stickman og Stickman 2 Morsom teikneoppgåver der fyrstikkmannen som ein teiknar blir animert, og du får nye oppgåver slik at fyrstikkmannen di blir redda! Blir kanskje for oppbrukt, men moro så lenge det varer Teikne og male: Andre forslag ColorMeEaster (Påskeegg) Draw and Daub Mutasia Drawing Den Confetti

Tid/alarm/oversikt Tid/alarm/oversikt: Egg Timer I utgangspunktet er appen laga for koking av egg, så for dei som lever i ein veldig konkret verden kan det kanskje bli litt vanskeleg. Du velge ei tid, og timeglasset blir satt i gang. Ingen lyd, berre stille sand som går gjennom timeglasset. Kan kanskje ha ein beroligande effekt for mange når alarmen «går» er det klukking frå ei høne (den kan du evt endre)! Du kan legge inn tid på timeglasset utan å knytte det til egg! Appen har nokre oppskrifter og tips (i tekst og video) knytt til aktivitet på kjøkkenet, på engelsk. Gratis app. Tid/alarm/oversikt: Kitchen Timer Ein god alarm, der du kan velge tid, lyd, evt repetisjon av lyden. Du kan gjere nokre endringar i form av farge på klokka, kva type lyd. Denne vil vere god for mange. Gratis Tid/alarm/oversikt: TimeTrack Fungerer som «timestokken» som ein kan søke om på NAV Hjelpemiddelsentral. Kan stille inn alarmen på 1 100 minutt visualiserast at tida går ved at eit lite lys blinkar, og forsvinn slik at det blir færre og færre lysprikkar igjen. Veldig fin app! Du kan endre bakgrunnsbilde på appen. Kan vere fint for å synleggjere kva du tel ned i forhold til. Pris ca kr. 7,-

A rsak virkning Årsak virkning: Baby Beagle`s Tydelege og skarpe scener med ender (eller froskar) i badekar; dei skal hoppe ut i vatnet når nokon trykker på dei. Visst ein trykke på dei når dei er i vatnet så hoppar dei opp på kanten igjen. Der er og ein liten film av ei handdukke som leikar med ballar og lagar lyd. Viss ein dyttar i ein av ballane blir den «oversvømt» med ballar. Det er ganske moro for litt større førskulebarn og! I tillegg er der ein bygge og rive leik med ei anna handdukke. Enkel og fin app. Passar for heilt små barn, rundt 1 år. Pris kr. 14,- Årsak virkning: Hippi 1 Veldig søt app med årsak-virkning oppgåver på ulike nivå! Kombinasjon av lydar, ord, enkle fine teikningar gjer denne attraktiv! Kostar kr. 14,- Kan gjere enkle innstillingar i øverste venstre hjørne, mellom anna velge språk. Finnst i 8-9 språk. Er opprinneleg ein svensk app. Årsak virkning: Sound Touch Sound Touch er ein app for språkstimulering, og passar kanskje best til barn fra 1 til 3 år, men mange eldre barn liker den godt! Appen koster kr 35,-. Liteversjonen er gratis. Den har veldig fine klare biilder! Appen har ulike kategorier: dyr, instrumenter, ting du finner i huset og køyretøy. Det kjem opp eit bilde av tingen, og kvar ting har fire ulike fotografier og lydar, så det vil ta lang

tid før barnet går lei. I appen, og på ipaden under innstillinger/generelt kan du tilpasse slik at du får norske lydbilder til de visuelle bildene. Du kan gjere ein del tilpassingar i forhold til for eksempel kor mange bilder du vil ha oppe på ein gong. Prøv gjerne Liteutgaven først, du vil raskt se om dette er noe for dine barn. Årsak virkning: VideoTouch Dette er broren til SoundTouch! Her får du filmar av dyra, kjempefin! Fire korte snuttar under kvart dyr. Årsak virkning: Zoola Animal Lite Zoola liknar på Sound Touch, men har i tillegg til at det er kategoriesert i dyr, også mamma/pappa/barn/venn, det gjer denne veldig søt! Får mange ting å snakke om ved å bruke denne! Finnast både som lite-versjon og til å kjøpe for kr. 28,-

Andre litt vanskeleg kategoriserbare appar Det er ikkje alltid så lett å plassere ein app under ei overskrift. Her har eg lagt til nokon ekstra tips, og seier litt om kvar app. Lite kategoriserbare appar Tekstoppfatting: Affes skolevei Affe, ein apekatt, skal på skulen og treng hjelp på vegen. Han skal komme seg fram og møter mange ja/nei-spørsmål på vegen. Appen trenar lesing, men er ganske krevjande motorisk. Finnst både på nynorsk og bokmål! Lite kategoriserbare appar - Blåse: Free Candle Du kan rett og slett blåse ut flammen på mange forskjellege lys!

Lite kategoriserbare appar Forstå rekkefølge: Making Sequences Veldig fin app med ein del innstillingsmuligheter (velge med lesing, tekst, hjelpetall) der du skal plassere ulike bilder i rett rekkefølge. For eksempel å åpne ein presang. Du kan legge til eigne bilder og lage eigne oppgåver. Lite kategoriserbare appar Konsentrasjon: Picture Tab Konkurrer om å finne bilder først. Du får vist tre bilder du skal finne i eit virvar av fleire bilder for kvar runde. Her gjeld det å vere fokusert. Lite kategoriserbare appar Labyrintar: KidsPony, Labyrint og Maze Game Labyrintar i ulike former og vanskegrader. Lite kategoriserbare appar Oppmerksomhet på lyd: Lytte Møller-Trøndelag kompetansesenter har laga denne appen med utgangspunkt i hørselshemma barn. Det er ei digital bildebok som skal motivere og inspirere hørselshemma barn til å jobbe med evna til lytting. Appen har 39 modular med kvart sitt lyduttrykk. Samme program kan ein finne på www.erher.no Lite kategoriserbare appar Tegne frå sterk til strek: Dot To Dot Trekk linje frå tall til tall, opp til 15 og lag teikning av ulike dyr. Ikkje så lett å sjå kva det skal bli til. Du treng ikkje holde linja/streken nede for å få streken til å «sette seg» - det er nok å trykke på talla.

Gode nettstadar, facebook-grupper mm Facebook-grupper som er verdt å melde seg på: Appar för Särskolan DIS- data i spesialundervisningen! Brettet Apps til børn og voksne med specielle behov Sider med tips, og mulighet for diskusjonar : www.pappasappar.se www.brettped.wordpress.com www.habappar.wordpress.com www.jangamre.wordpress.com www.skolappar.nu www.sarnat.educ.goteborg.se http://www.minskole.no/nped Norsk Pedagogisk Dataforening. Oversikt over gode nettbrettapplikasjoner for heile utdanningsløpet. www.bricksite.com/laererapps/om Lærerens apps. Dansk side med hjelp i jungelen av appar. www.dart-gbg.org/public/anpassningar/ios-android-appar.pdf www.helpkidzlearn.com/apps