Ekstern barnehagevurdering Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage Marianne Meling Kva er ekstern barnehagevurdering og korleis koma i gang med arbeidet?
Metodikken og hovudmålgruppa Basismodell, med moglegheiter for lokale tilpassingar Modellen er basert på metodikken utvikla og brukt i Hardanger/Voss regionen sidan 2007 (2001) Etterkvart har og andre regionar tatt i bruk metodikken, eller variantar av den Udir. har valt ekstern barnehagevurdering som eit verkty for kvalitetsutvikling http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-i-barnehagen/verktoy-forkvalitetsarbeid/ekstern-barnehagevurdering/ Hovudmålgruppa for verktyet er: Barnehagepersonale, barnehageeigarar, eksterne vurderarar. Verktyet kan og vera til nytte for studentar, høgskular og andre.
Metodikken er kontinuerleg i utvikling - og er revidert i forhold til Utdanningsdirektoratet si utvikling av metodikken sidan den vart tatt bruk i skuleutviklingsprogrammet Kunnskapsløftet frå ord til handling i 2006 Evaluering av ordninga med ekstern skulevurdering gjennomført av Oxford Research AS i 2015 Evaluering av ordninga med ekstern barnehagevurdering i regionar som har tatt i bruk metodikken, gjennomført av FAFO i 2016
Kva er ekstern barnehagevurdering - og kvifor gjere det Ekstern barnehagevurdering er eit verkty for å støtta barnehagen sitt arbeid med pedagogisk kvalitetsutvikling Legg vekt på barnehagen som lærande organisasjon Metoden tar utgangspunkt i lov om barnehage med forskrift, Rammeplan for barnehage Gir rom for ulike eigarar, lokale tilpassingar og ulike barnehageprofilar Metoden omfattar intern analyse og ekstern vurdering av kvaliteten i barnehagen, og munnar ut i eit internt/lokalt utviklingsarbeid Viktig refleksjon, praksis i eigen barnehage: kva pregar kulturen der du jobbar eller har ansvar? - bruksteoriar og forsvarsmekanismar el. kultur for læring og utvikling?
Grunngiving av behovet for ekstern vurdering Grunngiving av behovet for ekstern vurdering i barnehage finn ein i Rammeplan for barnehage 2011 s 56, Kap. 4.3 Vurdering av arbeidet i barnehagen; «Arbeidet til barnehagen skal vurderast, det vil seie beskrivast, analyserast og tolkast ut frå kriterium i barnehagelova, rammeplanen og eventuelle lokale retningslinjer og planar.» «Vurdering som blir gjord tilgjengeleg for andre, kan bidra til ein open og brei debatt om måla, innhaldet, oppgåvene og kvaliteten i barnehagen.» «Systematisk vurderingsarbeid legg grunnlaget for barnehagen som lærande organisasjon.» Rammeplanen seier og «Som pedagogisk samfunnsinstitusjon må barnehagen vere i endring og utvikling. Barnehagen skal vere ein lærande organisasjon, slik at han er rusta til å møte nye krav og utfordringar. Kvalitetsutviklinga i barnehagen inneber ei stadig utvikling av kompetansen til personalet.» (Rammeplan for barnehage 2011, s. 21)
Ekstern barnehagevurdering er eit grunnlag for tilstandsrapport om barnehagen, eit nødvendig grunnlag for å få til utvikling. Data om No- situasjon Erkjenna behov for endring Ønska situasjon Refleksjon rundt Fig. Erkjenne behov for endring, Imtec
Det eksterne blikket kan skapa debatt og refleksjon i barnehagen rundt måla, det pedagogiske innhaldet, barnehagen si prioritering av oppgåver, og kvaliteten vurdert opp mot lover og forskrifter kan bryta med ein sterk, samstemt og etablert kultur, og gi barnehagen ny innsikt i eigen praksis. Det kan få tilsette til å sjå behovet for å endra praksis og motivera dei til å arbeida målretta med kvalitetsutvikling i eigen barnehage kan og støtta det barnehagen eller leiinga i barnehagen anar frå før, og på den måten hjelpa barnehagen til å prioritera og setta i gang eit målretta utviklingsarbeid. At ekstern vurdering peiker på tilhøve som er kjent frå før, er ikkje i seg sjølv negativt. Tvert imot kan det gi nødvendig framdrift til ein endringsprosess. Ekstern vurdering kan peika på nye område der utvikling er nødvendig, i tillegg til å styrkja bernehagen sitt eige verkelegheitsbilde.
Vurderarane sin kompetanse likemannsprinsippet Barnehagevurderinga vert gjennomført av «likemenn» - barnehagelærarar - styrarar, pedagogiske leiarar eller barnehagefagleg ansvarlege Det er viktig å understreka at ekstern barnehagevurdering ikkje er, eller skal pregast av kontroll eller tilsyn I små kommunar er det ingen som gjennomfører vurdering i eigen kommune. I desse områda startar dei gjerne eit samarbeid på tvers av kommunegrensene, eller eit regionssamarbeid. For større kommunar vert ikkje dette prinsippet like viktig, men det er viktig legga til rette for ei organisering som gir barnehagane det eksterne blikket
Ekstern vurdering involverer: barna føresette heile personalgruppa og ev. andre relevante samarbeidspartar og er eit godt verkty for refleksjon og drøfting, og kan bidra til open og brei debatt om barnehagen sine mål, innhald, oppgåver og kvalitet.
Ekstern barnehagevurdering består av fem trinn: Velja område for vurdering Laga framtidsbilde Innhenta og strukturera informasjon Analysera og gjera vurdering Spegla tilbake til barnehagen Veksling 1. Velja område for vurdering 2. Laga framtidsbilde 3. Innhenta og strukturera informasjon 4. Analysera og gjera vurdering 5. Spegla tilbake til barnehagen Veksling barnehagen startar utviklingsarbeidet for å auka kvaliteten i barnehagen Fig. 2 Ekstern barnehagevurdering fem trinn
Intern analyse 1.Velja område for vurdering Barnehagen skal velja område/tema for vurdering ut frå resultata av gjennomført Ståstadsanalyse involverer heile personalgruppa Barnehageeigar og representantar frå foreldra bør vera med i drøftingane rundt val av tema
Vurderingsområde Vurderingsområdet tar utgangspunkt i barnehagen sin ståstad, og handlar om forhold som er viktig i barnehagekvardagen element som vil gjera kvardagen til barna og dei tilsette betre, og gjera dei tilsette betre i stand til å utføra sine primære oppgåver knytt til barna sin trivsel, læring og utvikling. Barnehagen vert vurdert ut frå eit skreddarsydd framtidsbilde som skildrar barnehagen sitt ønskje om framtidig tilstand, og er bygd opp på bakgrunn av lover og forskrifter, og informasjon om barnehagen.
Ekstern vurdering 2.Laga framtidsbilde Vurderarane «skreddarsyr» framtidsbilde til kvar barnehage Kjerna i, og utgangspunktet for barnehagevurderinga Sildrar/beskriv «ønska situasjon» innan vurderingsområdet ut frå: - Lov om barnehage - Rammeplan for barnehage - Fagleg forankring/kva me veit om leik, læring, utvikling og god pedagogisk praksis
3.Innhenta og strukturera informasjon Vurderarane samlar inn informasjon før vurderingsveka og i løpet av verderingsveka Settast av tid til forarbeid ståstadsanalyse og innhenting av informasjon/data Tyngdepunktet i barnehagevurderinga er vurderingsveka Tidsbruk: Førarbeid og nettverk: 4 dagar Det må settast av 3-4 dagar der vurderarane er i barnehagen Dette verktyet tar utgangspunkt i fire dagar som er tilrådd
4. Analysera og gjera vurdering Vurderarane ser kritisk på barnehagen sin praksis ved å reflektera over, drøfta og analysera informasjonen dei har sama inn før vurderingsveka og undervegs i vurderingsveka Dei samanstiller og ser etter mønster i informasjonen, og held den opp mot framtidsbilde med teikn på god praksis Vurderarane skriv rapport, - sterke sider og utviklingsområde
5.Spegla tilbake til barnehagen Rapporten vert lagt fram for tilsette, banehageeigar, foreldrerepresentantar og eventuelt andre inviterte Rapporten skal vera eit godt verkty for kvalitetsutvikling i barnehagen etter ekstern barnehagevurdering
Intern/lokalt utviklingsarbeid Veksling Ved slutten av den eksterne barnehagevurderinga skjer det ei veksling - det inneber at barnehageeigar og styrar overtar ansvaret for å legga til rette for og gjennomføra eit utviklingsarbeid for å heva kvaliteten i barnehagen
Ekstern barnehagevurdering er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkty for å vurdera og vidareutvikla kvaliteten i barnehagen Dersom ekstern vurdering skal ha hensikt er det difor nødvendig at vurderinga vert fylgt opp internt i barnehagen Ekstern barnehagevurdering Hvorfor, hvordan og hva er erfaringene? FAFO, v/ Beret Bråten og Henriette Lunde http://www.udir.no/tall-og-forskning/finn-forskning/rapporter/ekstern-vurdering-i-barnehagen/ Evaluering viser at ekstern vurdering i stor grad medverkar til utvikling dersom vurderinga vert fylgt opp! (Oxford Research AS, 2015) http://www.udir.no/tall-og-forskning/finn-forskning/rapporter/evaluering-av-ordningen-med-ekstern-skolevurdering/
Korleis koma i gang med arbeidet Barnehageeigar Må prioritera området Satsa på kvalitetsutvikling i barnehagen Velja metodikk for vurdering Samarbeid og organisering Få tak i interesserte barnehagelærarar, nettverksgruppe, leiar for gr. Skulera eit vurderarkorps Laga handlingsplan for gjennomføring av vurderinga Setta opp ein turnus for vurderingane i dei ulike barnehagane, og gjera det kjent i barnehagane. Finansiering løn? reise? opphald? bytesarbeid mellom kommunar eller bydelar? Styrar må vera positiv, lyttande, ønskja utvikling, leia prosessane og utviklingsarbeidet
For å verta vurderar må du Kriterium: vera interessert i kvalitetsutvikling i barnehagen ha lyst til å læra meir ikkje vera redd for å jobba mykje i periodar ha respekt for dei som jobbar i barnehagar vera utdanna barnehagelærar
Sitat frå masteroppgåve om ekstern barnehagevurdering «( )eg visste, men så er det først etter kvart, eg såg ikkje kor gale det var før me begynte å snakka om det,men samtidig er det jo litt delt og, det var veldig godt å få det, men samtidig var det litt vondt i magen. Her går det barn som du har ansvar for og så er det sånn som dette, men i det lange løp, fantastisk resultat.» «( ), så utan ekstern vurdering så tør eg påstå at det ikkje hadde skjedd så mykje.( ) Det har i alle fall vore eit spark bak.» Solgunn Wiik Bjørke, 2014
LYKKE TIL MED KVALITETSUTVIKLING FOR BARNA I DIN BARNEHAGE! Takk for meg så langt Marianne Meling, 2016
http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kvalitet-ibarnehagen/verktoy-for-kvalitetsarbeid/eksternbarnehagevurdering/
Barnehagevurderinga vert gjennomført av to eksterne vurderarar, pedagogar med brei erfaring og variert pedagogisk bakgrunn med samla kompetanse på fyljande område: Dyktige og reflekterande pedagogar God kjennskap til lovverk, forskrifter og barnehageplanar Kunnskap om nasjonale føringar, sentrale erfaringar, og forsking på det aktuelle vurderingsområdet Varierte erfaringar frå barnehage Systemforståing, forståing av dynamikken i systemet på kort og lang sikt. (barn, barnehagetilsette, team, barnehage, barnehageeigar ) Kunnskap om struktur, organisering og roller Erfaring med metodikken, trinna i prosessen og bruk av malar Kunnskap om ulike metodar for datainnsamling, og evne til å nytta desse til dømes barnesamtalar og intervju Kjennskap til analyseverktyet Ståstadsanalysen for barnehage Kunnskap om, og evne til å gjennomføra observasjonar Analytiske evne, kunnskap om analyse, samanstilling av data og rapportskriving Evne til å legga fram rapport, kommunisera funn og gi tilbakemelding som stimulerer utvikling Evne til teoretisera, basera vurderingar og analysar både på erfaringar og formelle teoriar