Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Like dokumenter
Region Ålesund - søknad om tilskot til styrking av samspelet i byregion Ålesund

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Tilskot frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond i 2016

Byen som regional motor - økonomiplanperioden

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

Søknad Byregion Fase 2

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Regional- og næringsutvalet Møtestad: Giske kommune, rådhuset, kommunestyresalen Dato: Tid: 13:15 Protokoll nr: 2/2018

Hvordan ta rollen som regionsenter?

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

LUK frå stunt til varig arbeidsform

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

Erfaringar frå arbeidet med samordna bustad- areal- og transportplanlegging

Nye virkeområde for distriktsretta investeringsstøtte og differensiert arbeidsgivaravgift - verknader for Møre og Romsdal

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

Kontaktpersonsamling 30. sept KOMMUNEREFORMA Frå utgreiing til vedtak

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Søknad Byregion Fase 2

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Dykkar ref Vår ref Dato

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

KOMMUNEREFORMA Ordførarsamling 11. nov v/fylkesmann Lodve Solholm

Kommunereforma i Møre og Romsdal 10. feb Oppstartsmøte Nye Norddal og Stordal kommune

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2016

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

ROMSDAL REGIONRÅD UTVIKLING I STATLIGE ARBEIDSPLASSAR

Søknad om støtte til «Midt-Norge - Føregangsregion for sjøtransport»

Kunnskap og nettverk for klimaløft Ålesundregionen

Heilt eller delt? Møre og Romsdal og regionreforma

Hvor går utviklingen på Nordmøre? mulighetsrommet sett i et regionalt perspektiv

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Søknad - Marine for Health (M4H) - auka verdiskaping for marin ingrediensindustri i Møre og Romsdal

LANDSKONFERANSEN 2017 Fylkeskommunale eldreråd. Ålesund mai

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Bypakkar i Møre og Romsdal

Bransjeprogrammet. Møre og Romsdal. 13. Juni 2019, Astrid F. Paulsen, avd.dir NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal pr august 2016

Kommunereforma. Tilråding. 18. okt. 2016

Kommunereform Samfunnsutviklerrollen

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Oppstart, prosjekt Møre og Romsdal som region mot 2025

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Kommunereforma Tilråding. Pressekonferanse Molde 3. okt. 2016

Søknad Byregion Fase 2

Totalt Møre og Romsdal 2014: ,8 Totalt Møre og Romsdal 2015: ,3 Totalt Møre og Romsdal 2016: ,1

Plannettverksamling. Vanylven 25. mars

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Byen som motor i den regionale utviklinga. Nasjonal nettverkssamling for regional planlegging, , Kjersti Hasselø

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

Utvalg Utvalgssak Møtedato Formannskapet 19/ Kommunestyret 11/

Alternative «ekteskap» i Molde-regionen. Forsker Anja Hjelseth, Raumakonferansen

Målretta samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Ole Helge Haugen Kjersti Hasselø Torbjørn Digernes Jakobsen

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen AS - søknad om tilskot til pilotprosjekt

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:45-14:15. A. Desse møtte:

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus, kommunestyresalen Møtedato: Tid: 09:45-15:20. A.

Referat frå styremøte nr Dato: Tid: kl Stad: Ålesund Kunnskapspark, møterom Ørnetua

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Dykkar ref.: Vår ref.: 11/ Dato: GISKE KOMMUNE SI VURDERING AV FRAMTIDIG KOMMUNESTRUKTUR - VEDTAK I GISKE KOMMUNESTYRE

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Byen som motor i den regionale utviklinga. Bymøte, , fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

DELPROGRAM E Fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal status og vidare strategi

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

#SkatteFUNN. - ditt springbrett til innovasjon

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

HALLINGDAL 2020, REGIONAL POSISJONERING, HOVUDPROSJEKT

Program Oppsummering etter diskusjon med prioritering av utviklingsområder

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Søknad Byregion Fase 2

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

MILEPELSPLAN Status etter møte i Fellesnemnda 30. oktober 2017.

Styrkeanalysen 2017 høst - ROR medlemsmøte Kjelde: nrk.no, foto Gunnar Sandvik

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

ROMSDAL REGIONRÅD UTVIKLING I STATLEGE ARBEIDSPLASSAR. 7. juni 2018 Oddbjørn Vassli, prosjektleiar

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2015 52893/2015 Eivind Vartdal Ryste Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 20.10.2015 Byregionprogram i Kristiansund, Molde og Ålesund Bakgrunn Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjennomfører eit byregionprogram, der målet er å «øke kunnskapen om samspillet mellom by og omland for å styrke disse områdenes regionale vekstkraft» i følgje regjeringen.no. Arbeidet skal fremme økonomisk vekst i regionen, basert på samspelet mellom byen og omlandet. 33 byregionar vart plukka ut, og fekk tilskot til fase 1, ei forprosjektfase. Av desse var Kristiansunds- og Ålesundsregionen med frå vårt fylke, og har også fått delfinansiering på 300 000 kroner kvar frå fylkeskommunen sine regionale utviklingsmidlar. Molderegionen og Ørsta/Volda har også gjennomført utgreiingar tilsvarande fase 1 med 300 000 kvar i støtte frå fylkeskommunen, men desse deltok ikkje i KMD sin fase 1. Ørsta/Volda har ikkje søkt om vidareføring i fase 2. Etter utlysing frå KMD er Kristiansund, Molde og Ålesund med omland no blant dei 37 byregionane som får støtte til fase 2 av byregionprogrammet. Prosjekta skal gå over tre år: Prosjekteigar Deltakande kommunar Godkjend totalkostnad, kr. Tilskot frå KMD, kr. Kristiansund Kristiansund, Averøy, 3 800 000 1 570 000 Tingvoll, Gjemnes, Smøla, Halsa Molde Molde, Aukra, Midsund, 3 650 000 1 410 000 Fræna, Eide, Rauma, Nesset, Vestnes Ålesund Ålesund, Sula, Giske, Skodje, Haram 9 000 000 2 680 000 Fylkeskommunen har mottatt søknad om delfinansiering av fase 2 frå Kristiansund (250 000 kroner) og Ålesund (3 millionar kroner). Molde har ikkje søkt. I denne saka blir alle tre byregionprogramma presentert, og søknad om støtte frå Kristiansunds- og Ålesundsregionen blir vurdert. Prosjekta vil inngå i eit nettverk med dei andre deltakande byregionane i Norge, drifta av Distriktssenteret.

Om Ålesundregionen sitt byregionprosjekt Fase 1 av Ålesund sitt byregionprogrammet har vore gjennomført av Ålesund Kunnskapspark, med Jan Petter Eide og Øyvind Herse som prosjektleiarar. Fase 1 skulle analysere eigenskapane og potensialet for regionen. Prosjektet har brukt Møreforsking til å utarbeide rapport 61:2015: «Ålesundregionen integrert og fragmentert», ført i pennen av Finn Ove Båtevik, Marte Fanneløb Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud. Rapporten konkluderer slik: Ålesundregionen, med kommunene Ålesund, Giske, Haram, Skodje og Sula, representerer et integrert bo- og arbeidsmarked. Regionen har også sterk befolkningsvekst. Samtidig har regionen klare utfordringer. Regionen greier for eksempel ikke å trekke til seg tilstrekkelig mange kvinner, noe som resulterer i et stort mannsoverskot. Det er også en risiko for at man i for sterk grad «lener seg på» et velfungerende næringsliv og forventer at aktørene som representerer dette skal «ta ansvar» for utvikling av regionen. Regionen har en klart definert sentrumskommune. Den har også omlandskommuner med kvaliteter som styrker regionen. I dette ligger et klart potensiale. Samtidig er det et klart behov for sterk bevisshet for sikre en god regional arbeidsdeling mellom kommunene. For å kunne utnytte dette potensiale videre, er det nødvendig å utvikle et regionalt lederskap som kan ta et overordnet ansvar for å utvikle samspillet mellom ulike aktører i regionen. Et slikt lederskap må ha en klar politisk forankring og fremgang i arbeidet krever at man setter i gang tiltak for å utvikle tilliten mellom partene. Ålesundsregionen har brukt fase 1 til ei grundig drøfting av denne utfordringa, og har levert ein fyldig sluttrapport. På bakgrunn av denne har Ålesundregionen ført opp følgjande mål og innsatsområde i søknaden for fase 2 av sitt byregionprogram. Hovudmål: Bygge eit regionalt partnerskap som saman legg til rette for ein framtidsretta og attraktiv byregion for både nærings- og samfunnsliv Delmål: Styrka partnerskap mellom byregionkommunane og representantar for næringslivet Ein felles, definert, regional visjon med utviklingsmål som kan løfte samspelet, attraktiviteten og vekstkrafta i byregionen Strategiar og tiltak i tråd med visjonen er utvikla og sett i verk Samarbeid med andre relevante prosjekt Deltaking i nettverk med andre byregionar Eit positivt omdømme og meir kunnskap om byregionen blant eigne innbyggjarar, bedrifter, potensielle tilflyttarar og sentrale styresmakter Aktivitetar i prosjektperioden: For å nå desse måla skal Ålesundregionen sitt byregionprosjekt gjere følgjande: Etablere prosjektorganisasjon og lage detaljert, omforent prosjektplan med aktivitetar, budsjett og avklart ansvarsfordeling. o Det som no er klart er at Ålesund kommune vil vere prosjekteigar, og ha prosjektansvaret og prosjektleiinga på vegne av alle kommunane. Styringsgruppa vil utgå av partnerskapet. I tillegg vil det bli oppretta eit prosjektråd beståande av ordførarane i regionen, samt ei brei referansegruppe med deltakarar både frå næringsliv, statleg sektor og forskings-/kompetansemiljø i regionen.

Arbeide for eit moderne og effektivt regionalt kollektivtilbod. o Prosjektet vil arbeide saman med fylkeskommunen for å bli ein del av Samferdselsdepartementet sin belønningsordning, noko som vil kunne finansiere eit styrka kollektivtilbod. Etablere eit handlekraftig utviklingsapparat for byregionen. o Utgreie funksjon, organisering og finansiering for eit felles, regionalt utviklingsapparat. Dette er forklart som ein «nettverks-manager» som skal initiere og koordinere prosjekt for regionen, med ei særleg vekt på EU-prosjekt. Kommunisere og profilere byregion Ålesund o Utarbeide ein web-portal som samlar og oppdaterer nyhende om regionen. Bruke denne, saman med trykt materiell og anna marknadsføring retta mot særskilde grupper, i tillegg til å arbeide aktivt mot regionale og nasjonale media. Utforme ein byregionstrategi med eigna tiltak o Gjennomføre ein strategi- og planprosess der ein tek utgangspunkt i utfordringar og muligheiter, og lagar omforente mål og visjonar. Avklare kva som best blir løyst lokalt og regionalt. Samarbeide med andre utviklingsaktørar og prosjekt o Spele på lag med fylkeskommunen, Sunnmøre regionråd, Campus Ålesund, næringsklyngene og andre utviklingsaktørar i Ålesundsregionen. Koordinering, nettverksbygging og gjennomføring av byregionkonferansar Delta aktivt i læringsnettverk med andre byregionar o Både i nettverk i regi av byregionprogrammet og med andre byregionar inn- og utanlands Økonomi I søknaden er det sett opp eit totalbudsjett på 12 millionar kroner, fordelt over ei tre-års prosjektperiode. I si behandling har KMD godkjent eit budsjett på 9 millionar kroner, og dette blir også lagt til grunn i denne saka: Prosjektleiing 900 000 Prosjektmøter 2 600 000 Prosjektorientering 900 000 Kollektivsatsing 1 650 000 Etablere utviklingsapparat 800 000 Profilering 500 000 Regional strategi 550 000 Byregionkonferansar 200 000 Nasjonale nettverkssamlingar 750 000 Diverse 150 000 SUM 2015-2017 9 000 000 Prosjektet søkte om 3 millionar kroner frå KMD, og har fått tilsagn om tilskot på 2 680 000 kroner. Det er søkt om 3 millionar frå fylkeskommunen.

Prosjektet er forøvrig planlagt finansiert slik: Eigeninnsats kommunar/partnarar 6 000 000 Kommunal- og moderniseringsdept 2 680 000 Møre og Romsdal fylkeskommune 3 000 000 Rest pga redusert løyving frå KMD 320 000 SUM 9 000 000 Vurdering Byregionprosjektet i Ålesund har i fase 1 av byregionprogrammet gjort eit grundig analysearbeid, som set fingeren på både utfordringar og muligheiter for Ålesundsregionen, og for så vidt heile Møre og Romsdal. Det er særleg viktig å sette fokus på kommunane som vertskap og utviklingsaktør, og å svare på spørsmålet om kven som tek ansvaret for å realisere regionen sitt potensiale. I foresight-prosjektet «Sunnmøre i framtida» vart Ålesund sin rolle som «lokomotiv» for Sunnmøre etterlyst. Kan byregionprosjektet vere svaret? Ålesund kommune vil no ta prosjektansvaret for byregionprogrammet, og både politisk og administrativ leiing har ytra seg offensivt om Ålesund sin rolle som lokomotiv på Sunnmøre. Det gjev grunn til å tru at byregionprogrammet blir prioritert og kan lukkast. Vi ser det difor som viktig å kome i gang med arbeidet. Prosjektet har fleire mål som fylkeskommunen deler, til dømes når det gjeld styrking av kollektivtrafikken, og utarbeiding av strategiar for byregionen. Andre tiltak, som til dømes etablering av eit regionalt utviklingsapparat, har behov for koordinering med eksisterande aktørar og satsingar. Byregionprogrammet for Ålesundsregionen er, etter vår vurdering, solid på analyse, men førebels noko tynt når det gjeld konkrete tiltak. Kostnadane er ført opp som runde summar, utan nærare spesifikasjonar. Det skal til dømes brukast 2,6 millionar på prosjektmøter, det skal brukast 900 000 kroner på prosjektorientering, og ein skal bruke 750 000 kroner på å delta på nasjonale nettverkssamlingar. Det er i søknaden lagt til grunn ein timesats på 1 200 kroner for prosjektarbeidet, og ein sats på 900 kroner/t for 2300 timar med eigeninnsats. Timeprisen er høg, fylkeskommunen legg i sin saksbehandling til grunn 600 kroner timen for eigeninnsats. For å kome vidare bør prosjektet i første omgang konsentrere om det første tiltaket i søknaden, nemleg å lage ein meir detaljert og konkret prosjektplan for arbeidet. Innstillinga er difor å støtte oppstarten av prosjektet, og at Ålesund kommune kjem attende med ein ny søknad når prosjektorganisasjon og ein meir konkret handlingsplan er på plass. Om Molderegionen sitt byregionprogram Molderegionen er i denne samanhengen kommunane Molde, Fræna, Eide, Midsund, Rauma og Aukra. Desse var ikkje med i fase 1 av Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt byregionprogram, men har gjennomført samfunnsanalyse tilsvarande fase 1, med 300 000 kroner i støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samfunnsanalysen har avdekt at Molderegionen manglar ei kontinuerlig overvaking av den næringsmessige sårbarheita i regionen. Dette gjeld både næringsstrukturen i kvar enkelt kommune og i regionen som heilskap, samt strukturen på bustadtilbodet. Molderegionen vil bruke byregionprogrammet til å etablere ein regional funksjon som overvakar sårbarheit og som planlegg og sett i verk tiltak. Målet med tiltaket er å sikre at potensialet for næringsutvikling og utvikling av bustadtilbod vert utnytta maksimalt, på ein slik måte at byen og omlandskommunane kan utfylle kvarandre sine styrker og svakheiter. Det skal opprettast ei prosjektstilling i Molde kommune sin plan og utviklingsavdeling, og denne skal rapportere til ei styringsgruppe med medlemmar frå kvar deltakarkommune. Oppgåvene vil vere å etablere eit system som ved hjelp av indikatorar kan kartlegge og overvake sårbarheit innan næringsstruktur og bustadtilbod. Dette systemet skal så brukast til å gjere analysar, som blir grunnlag for utvikling av strategiar og tiltak, som så skal gjennomførast av kommunar og næringsliv i regionen. Prosjektet har ein totalkostnad på 3 650 000 kroner, der KMD har gitt tilsegn om 1 410 000 kroner i tilskot over tre år, GassROR IKS går inn med 1 250 000 kroner, medan deltakarkommunane skal finansiere 440 000 kroner. Molderegionen har ikkje søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om støtte. Om Kristiansundsregionen sitt byregionprogram Kristiansund har med seg kommunane Gjemnes, Averøy, Tingvoll, Halsa og Smøla i sitt byregionprogram. Desse vart tatt opp av departementet i fase 1, og gjennomførte då, med innleigd hjelp frå PwC, ein samfunnsanalyse. Denne legg grunnlaget for arbeidet i fase 2, som har fått 1 570 000 kroner i tilskot frå KMD. Dei søkjer om 250 000 kroner i tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Mål: Utgreie og prøve ut tiltak som styrkar samhald og verdiskaping i regionen, og som avklarar nyttige spørsmål med relevans for kommunereformen. Aktivitetar i prosjektperioden: Med bakgrunn i samfunnsanalysen har Kristiansundsregionen peika seg ut følgjande innsatsområde for sitt byregionprogram: Nordmørsbyen o styrke Kristiansund sine senterfunksjonar i partnarskap med omlandet. Dette blir gjort gjennom arbeidet med sentrumsplan, bypakke og prosjekta Byen som regional motor og Våre gater og plasser. Felles planstrategi o Dei deltakande kommunane skal lage sine planstrategiar innan eitt år etter valet 2015. Gjennom byregionprogrammet skal deltakarkommunane samordne sine respektive planstrategiar og sikre at desse har eit regionalt innhald.

Næringsareal o Gjennom koordinert kartlegging og planlegging sikre at Kristiansundsregionen har nok hensiktsmessig og attraktivt næringsareal til å behalde og trekkje til seg bedrifter med vekstpotensiale. Tenestesamarbeid o Samordne tenesteytinga kommunane imellom. Greie ut ulike modellar for tenestesamarbeid. Arbeidet blir kopla til framdrift og innhald i kommunereformen. Kommunal- og regionaldepartementet har godkjent kostnadar på til saman 3 800 000 kroner, fordelt over tre år: Prosjektleiing 1 300 000 Møte og reise 140 000 Rådgivartenester 300 000 Nordmørsbyen 150 000 Felles planstrategi 100 000 Næringsareal 350 000 Tenestesamarbeid 1 400 000 Anna 60 000 SUM 2015-2017 3 800 000 Prosjektet skal finansierast slik: Eige arbeid 1 720 000 Kommunal- og regionaldepartementet 1 570 000 Kommunale midlar 260 000 Møre og Romsdal fylkeskommune 250 000 SUM 2015-2017 3 800 000 Vurdering: Kristiandsundsregionen sitt byregionprosjekt tek opp i seg mykje pågåande arbeid. Å utvikle Kristiansund som regionsenter, «Nordmørsbyen», er også eit mål for prosjektet Byen som regional motor. Fordelen med å bake dette inn i byregionprogrammet, er at ein får forankra i omlandskommunane kor viktig det er å utvikle Kristiansund som regionsenter. Planstrategi er også noko kommunane uansett må lage, men det er positivt at kommunane i Kristiansundsregionen vil samarbeide om det. Då ligg det til rette for at kommunane i større grad tek omsyn til regionale utfordringar og i fellesskap kan finne løysingar på desse. Fylkeskommunen ser positivt på større grad av regional planlegging. Næringsareal er eit openbart samarbeidsområde. Alle kommunar kan ikkje sette av areal til eit kvart formål. Næringslivet og arbeidstakarane opererer regionalt, og det bør planverket også gjere.

Tenestesamarbeid blir no knytt til den pågåande kommunereformen, og kan inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget før politikarar og innbyggjarar skal ta sine val om framtidig struktur. Men uansett korleis kommunereformen landar, vil kommunane kunne ha nytte av å sjå på korleis dei samarbeider, og kvar det er gevinstar å hente. Det er lagt opp til at Kristiansund kommune skal ha prosjektleiaransvaret for byregionprogrammet, men at det i arbeidet med enkelte delar skal kjøpast inn ressursar. Det er viktig at det vert sett av reelle ekstraressursar til dette arbeidet. Med det som ein føresetnad er fylkeskommunen positiv til å støtte prosjektet. Oppsummering, Møre og Romsdal fylkeskommune sin deltaking i byregionprogramma, og kopling til prosjektet «Byen som regional motor». Å satse på byregionane er i tråd med fylkeskommunen sine strategiar, vist konkret i arbeidet med prosjektet «Byen som regional motor», i regional delplan for attraktive byar og tettstader i Møre og Romsdal, og i utvikling av kollektivtrafikk. Også investeringar og virkemiddelbruk syner at fylkeskommunen satsar på byregionane Kristiansund, Molde og Ålesund. Innhaldet i byregionprogramma fell saman med mange av fylkeskommunen sine ansvarsområde og satsingar. Både når det gjeld planlegging, næringsutvikling, kollektivtrafikk, byutvikling og meir har fylkeskommunen og byregionane felles mål. Difor er det viktig at fylkeskommunen følgjer dette arbeidet tett. Når det gjeld Kristiansunds- og Molderegionen er fylkeskommunen allereie invitert inn i styringsgruppene og har takka ja til det. Vi ønsker også same posisjon i Ålesundregionen sitt prosjekt. Prosjektleiar for Byen som regional motor, Kjersti Hasselø, frå regional- og næringsavdelinga vil representere fylkeskommunen i dette arbeidet, og dermed er det sikra ei samordning med prosjektet som skal utvikle Ålesund, Molde og Kristiansund som regionsenter. På meir fagspesifikke område, som utvikling av kollektivtrafikk eller regional planlegging, kan vi sørge for at byregionprosjekta jobbar saman med våre fagfolk med ansvar på desse områda. Distriktssenteret skal legge til rette for nasjonale nettverk, men dei tre byregionprosjekta har i tillegg ønske om nettverkssamarbeid innad i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen vil vere ein tilretteleggar, og kan kombinere nettverk for byregionprogram med etablerte møteplassar for prosjektet Byen som regional motor. Dei to satsingane tek i stor grad for seg samanfallande og tilgrensande problemstillingar, og arbeidet involverer stort sett dei same folka i kommunane. Vi trur ein slik kombinasjon vil styrke begge prosjekta. Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune tek til orientering at byregionprogram fase 2 for Ålesund-, Molde-, og Kristiansundsregionen har fått støtte frå Kommunalog moderniseringsdepartementet til prosjektarbeid i åra 2015-2017. 2. Møre og Romsdal fylkeskommune løyver eit tilskot frå Tiltaksfondet, på inntil 500 000 kroner, avgrensa til 33 prosent av totalkostnad, til første år av byregionprogrammet for Ålesundsregionen.

3. Møre og Romsdal fylkeskommune løyver eit tilskot frå Tiltaksfondet, på inntil 250 000 kroner, avgrensa til 6,5 prosent av totalkostnad, til byregionprogrammet i Kristiansundsregionen. 4. Tilskot er gitt på vilkår av fullfinansiering 5. Møre og Romsdal fylkeskommune vil delta som observatør i styringsgruppene for dei tre byregionprosjekta. 6. Møre og Romsdal fylkeskommunen vil legge til rette for nettverk mellom dei tre byregionprogramma, kopla til møteplassar for prosjektet Byen som regional motor. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Vedlegg 1 Ålesund byregionprogram tilsegn og søknad 2 Molde byregionprogram tilsegn 3 Kristiansund byregionprogram tilsegn og søknad Bergljot Landstad regional- og næringssjef