Statens vegvesen Til: Frå: Kopi: Sogn og Fjordane fylkeskommune Statens vegvesen vegavdeling Sogn og Fjordane Saksbehandlar/innvalsnr: Ole Martin Lilleby - 57724056 Vår dato 06.02.2012 Vår referanse: 2010/008304-086 U Vurdering av alternative tiltak på fv.633 ved Kleiva På bakgrunn av tidligare hendingar har vi no vurdert ulike tiltak som kan vere med å betre tryggleiken for dei som ferdas på vegen til Honningsvåg i Selje kommune. Det som er vurdert er sikring av dagens trasé, ulike tunnelalternativ, samt etablering av ein ny vegtrasé etter innspel frå mellom anna bygdefolket. Dei alternativa som her vert nemnd er vurdert med bakgrunn i den geologiske rapporten frå Statens vegvesen datert 10. november 2011, samt rapport om eksisterande rasoverbygg datert 30. januar 2012. Strakstiltak Kleiva I august/september vart fjellsida vest for det eine rasoverbygget reinska. I etterkant av reinskinga vert det no satt opp ca.120 meter fangnett. Ny støypt murkant der denne vart skada etter reinsking av fjellet er oppsett, samt ny asfalt der den var skadd. Reinsking av fjell 2010. Alternative vegtraséar Som vedlegg til møtereferat frå møtet mellom innbyggarane i Honningsvåg, Selje kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen den 15. september 2011, vart det vedlagt ei kartskisse med fire traséalternativ til Honningsvåg. Med bakgrunn i desse, rapport frå geolog og eigne vurderingar så har vi valt og sjå på utbetring av dagens trasé samt tre nye traséar. Postadresse Telefon: 815 44 010 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Telefaks: 57 65 59 86 Spelhaugen 12 Statens vegvesen Region vest firmapost-vest@vegvesen.no 5147 FYLLINGSDALEN Regnskap Askedalen 4 Båtsfjordveien 18 6863 Leikanger Org.nr: 971032081 9815 VADSØ Telefon: 78 94 15 50 Telefaks: 78 95 33 52
2 Valt vegstandard er 1-felts veg med møteplassar for kvar 250 meter. Med ein forventa ÅDT(20) slik som i dag, er dette tilstrekkelig etter dagens vegnormalar. Det er tatt utgangspunkt i tunnel bygget etter tunnelklasse A med tverrsnitt T5,5, dvs. ein kjørebanebredde på 3,5 meter. Alle kostnader er i 2011 kroner og er innanfor ei uvisse på +/- 40%. Alternativ 0 Utbetring eksisterande veg Det er omfattande skader på dei to eksisterande rasoverbygga Kleiva I og Kleiva II. Skadane består av omfattande armeringskorrosjon. Årstalet 1966 er rissa inn i det eine rasoverbygget. På den tid var det normalt å prosjektere for 50 års levetid. Det er antatt at bygga har ei restlevetid på maksimalt 5 år. Det er gjort en kalkyle på om det er lønsemd i å rehabilitere dei to rasoverbygga for å forlenge levetida deira, men skadane er så omfattande at det ikkje svarer seg. Kleiva I Typisk skade på bjelkar i taket med armeringskorrosjon og avskaling. Oppsprekking langs hjørne på bjelkane. Kleiva II Rasoverbygget Kleiva I bør forlengast nokre meter i høve til eksisterande bygg dersom bygga skal erstattast. Geolog rår også til at fanggjerde som no vert oppsett blir forlenga slik at det får ein naturleg avslutning inn mot fjellvegg mot nordvest. På grunn av utforminga av området er det forventa at arbeidet kan by på utfordringar for entreprenør og det er derfor sett ein faktor for uføresett på 20 %. Kostnadsoverslag alternativ 0 Nye rasoverbygg 70 250 000 17,5 Forlenging av fanggjerde 120 16 667 2,0 Reinsk av fjellside 2,0 Utbetring veg 2,0 Byggherrekostnad 1,5 Grunnerverv 0,1 Uføresett 20 % 5,0 Sum 30,1
3 Alternativ 1 tunnel forbi Kleiva Tunnellengde ca. 1000 meter. Geologen anbefalte påhogg i vest i området som heiter Halsen. Området er vurdert som greitt i høve til rasfare og fjell. Vêrforhold med kraftig vind og snøakkumulasjon kan vera ei utfordring som krev ekstra tiltak. Ved eit påhogg her vil det framleis vere rasfare langs vegen mellom Årvika og Halsen. I aust blir påhoggområde vurdert som greitt, men vi må gjera tiltak over en strekning på ca. 200 meter for å sikre vegen mot snøras. Vi tilrår at tunnelmassar vert nytta for å etablere ein rasvoll langs vegen for å redusere faren. Geologen påpeikar at det er ei svak sone i samband med eit markert gjel. Fjellkvaliteten i området vil påverke mellom anna krav til overdekning, noko som igjen kan føre til at tunnelpåhogg må flyttast. Kostnadsoverslag alternativ 1 Tunnelportal 50 180 000 9,0 Tunnel 1000 80 000 80,0 Sikringsarbeid reinsk/mur/rasvoll etc. 5,0 Grunnerverv 0,1 Byggherrekostnader 5,0 Uføresett 10 % 9,9 Sum 109,0
4 Alternativ 2 lang tunnel Eit lengre tunnelalternativ er frå Årvika til Honningsvåg. Her har vi fleire moglege traséar og det er i figuren over synt to av dei. Påhogg i området Årvika og Teigane vurderast som gode med tanke på geologi og rasfare. I aust er det også fleire alternativ for påhogg. I kostnadsoverslaget er det tatt utgangspunkt i ei lengde på tunnelen på 1600 meter. Det vert behov for reinsk og sikring av nedfall rundt påhogga i begge alternativa. Ved val av trasé med påhogg nærast Honningsvåg, vil vi vera forbi alle registrerte rashendingar/problem langs dagens veg. Kostnadsoverslag alternativ 2 Tunnelportal 50 180 000 9,0 Tunnel 1 600 80 000 128,0 Sikringsarbeid reinsk/mur/rasvoll etc. 7,0 Grunnerverv 0,3 Byggherrekostnader 8,0 Uføresett 10 % 15,2 Sum 167,5
5 Alternativ 3 veg i dagen Dette er det lengste alternativet kor hele vegen ligg i dagen. Utfordringane knytt til dette alternativet er i hovudsak stigninga opp frå Honningsvåg gjennom Buskaret. Geolog har vurdert området, og vegplanleggar har med bakgrunn i desse vurderingane teikna ei linje som tilfredsstillar krava i vegnormalen. Det lar seg gjere å teikne ei veglinje opp frå Honningsvåg, men vegplanlegger tar atterhald i om vegen lar seg bygge i praksis. Det må gjerast ytterligare vurderingar for å få avklara dette. Let det seg realisere, så må vegen gå bak gardane i Honningvåg slik bygdefolket har skissert i eit av deira alternativ. Total lengde på veg i dagen vil verte i underkant av 7 km. Viser det seg derimot at veg i dagen ikkje lar seg gjennomføre, kunne det ha vore aktuelt å legge noko av strekninga i tunnel. På grunn av maksimal lovleg stigning i tunnel er 5 % vil denne tunnelen verte så lang at vi heller bør sjå på tunnelalternativ 1 og 2. Grenda Eltvik aust for Honningsvåg har i dag tilkomst via kommunal veg med lav standard. Det er verdt å merke seg at alternativ 3 gir muligheit for påkobling til Eltvik som vist over.
6 Kostnadsoverslag alternativ 3 Veg i dagen (inkludert sikring) 4 700 20 000 94,0 Veg i dagen (inkludert sikring) 2 200 25 000 55,0 Grunnerverv 1,0 Byggherrekostnader 4,0 Uføresett 10 % 15,4 Sum 169,4