Arbeidsmiljøkonferansen 2013 6. og 7. mars Quality Hotel Alexandra, Molde Demokrati og arbeidsmiljø MØRE OG ROMSDAL
ARBEIDSMILJØKONFERANSEN Mål: KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal vil fremje samarbeid og utvikling på arbeidsmiljøfeltet i Møre og Romsdal. Arbeidsmiljøkonferansen er eitt av fleire tiltak samarbeidsgruppa arbeider med for å få dette til. Konferansen har som mål å vere ein viktig møtestad for arbeidsmiljø der ein kan få tilført ny kunnskap og inspirasjon i møte med andre som er opptekne av helse, miljø og tryggleik! Invitasjonen går til: Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane i Møre og Romsdal, helseføretaka, offentleg eigde institusjonar, arbeidstakarorganisasjonane, arbeidsmiljøutvala og tillitsvalde. Målgruppe: Ordførarar, rådmenn, etatssjefar, leiarar, personalansvarlege Arbeidsmiljøutval, attføringsutval, IA-utval, bedriftshelseteneste Hovudverneombod, verneombod, politikarar i arbeidsmiljøtenesta Tillitsvalde i organisasjonane Utdanningsinstitusjonar Arbeidsmiljøkonferansen: Arbeidsgruppa for arbeidsmiljøkonferansen skal arbeide for å arrangere ein årleg konferanse med eit best mogleg fagleg innhald. Arbeidsmiljøprisen: Arbeidsmiljøprisen blir delt ut kvart år, og er ei oppmuntring til ein kommune/fylkeskommune, offentleg eigd institusjon, arbeidsplass eller enkeltperson som har utmerka seg med å leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø. Alle tilsette i kommunane, fylkeskommunen, bedrifter tilslutta KS og offentleg eigde institusjonar kan foreslå kandidatar til prisen. Slagordet vårt: Arbeidsmiljø kjem ikkje av seg sjølv, men gjennom samhandling mellom menneske! Arrangør: Fagforbundet Møre og Romsdal Terje Holmedal Vigdis Martinsen KS Møre og Romsdal May-Ann Bruun Anne-Karin Sjøli Utdanningsforbundet Møre og Romsdal Einar Skjegstad Gerd Botn Brattli
DAG 1, 6. mars Kl. 10.00 10.45 Opning Kulturinnslag Velkomen til Arbeidsmiljøkonferansen! Ottar Brage Guttelvik, fylkesrådmann Innleiing Mariann Brandstad, fylkesleiar Fagforbundet Møre og Romsdal 10.45 12.00 Demokrati og arbeidsmiljø Kåre Hagen, direktør NOVA 12.00 13.00 Lunsj 13.00 13.15 Kulturinnslag 13.15 14.00 Arbeidsmiljøprisen 2013 Knut Støbakk, fylkesstyreleier KS Møre og Romsdal 14.15 15.15 Parallellseminar Tema A: Kvalitetssamtalen Giske kommune Sindre Røsvik, kommunalsjef og Severin Roald, pedagogisk rettleiar Tema B: Meiningsfylt aktivitet og arbeid rusavhengige på jobb midt i blant oss? Line Eikenes, Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon Tema C: Arbeidsorganisering og leiarskap Erlend Dehlin, førsteamanuensis ved NTNU Tema D: Mobbeverk i kroppen Tina Løkke Vie, førsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen 15.30 16.00 Velferdsutfordringar i framtida May-Britt Nordli, rådmann i Jevnaker kommune 16.00-16.30 Meir tillit mindre kontroll = betre arbeidsmiljø Anders Folkestad, leiar Unio 16.30 17.00 Kaffe / te og rundstykke 17.00 18.00 På panelkrakken: Visjonar for arbeidslivspolitikken Aslak Bonde leiar samtalen med Anders Folkestad, Kåre Hagen og May-Britt Nordli 20.00 Konferansemiddag
DAG 2, 7. mars 09.00 10.15 Kulturinnslag 10.15 11.00 Kaffe / te og rundstykke Utsjekking av rom 11.00 12.00 Parallellseminar Arbeidsmiljø sett i eit demokratisk perspektiv - frå Thrane til vår tids IA-avtale Roar Bjørklund, professor i arbeids- og organisasjonspsykologi Tema A: Kvalitetssamtalen Giske kommune Sindre Røsvik, kommunalsjef og Severin Roald, pedagogisk rettleiar Tema B: Meiningsfylt aktivitet og arbeid rusavhengige på jobb midt i blant oss? Line Eikenes, Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon Tema C: Arbeidsorganisering og leiarskap Erlend Dehlin, førsteamanuensis ved NTNU Tema D: Mobbeverk i kroppen Tina Løkke Vie, førsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen 12.15 13.30 Vi er mykje meir enn det du ser! Safia Yusuf Abdi Haase, Stiftelsen Amathea 13.30 Avslutning, lunsj og heimreise
INNLEIARAR Anders Folkestad Leiar i UNIO, som er Noreg sin nest største hovudorganisasjon med over 300 000 medlemar. Tidlegare leiar i Lærarforbundet. Folkestad er styreleiar i Arbeidsmiljøsenteret. Aslak Bonde Politisk journalist i Aftenposten i 11 år. Bonde var tidlegare tilsett i NRK dagsnytt som all-roundreportar og vaktsjef. Sidan 1. februar 2002 har han arbeidd som frittståande analytikar, og utvikla nettstaden www.politiskanalyse.no. Erlend Dehlin Førsteamanuensis ved TØH og førsteamanuensis II ved NTNU, med doktorgrad i organisering, leiing og improvisasjon. Dehlin arbeider som forskar, konsulent og føredragshaldar med spesielt engasjement innan kunnskapsleiing og læring, HR, prosjektleiing samt leiar- og org.utvikling. Kåre Hagen Statsvitar frå UiO og direktør ved Norsk Institutt for Oppvekst, Velferd og Aldring NOVA. Tidlegare forskingsleiar ved FAFO, stipendiat og seniorforskar ved UiO, leiar av Institutt for Offentlige Styringsformer og ved Handelshøyskolen BI. Hagen var medlem av utvalet som utreia NAV-reformen og leiar for utvalet som la fram NOU 2011; Innovasjon i omsorg. Line Eikenes Tidligare rusavhengig med 6 år som profesjonell brukarmedverkar innan fagfeltet rus og psykisk helse. Arbeider på ulike nivå innafor stat, kommune og helseregionar, frå lågterskeltiltak på gateplan til departement og statsråd. Eikenes er utdanna førskulelærar med vidareutdanning i rusproblematikk og boligsosialt arbeid. May-Britt Nordli Rådmann i Jevnaker kommune frå 2012. Kom frå stillinga som direktør i KS, avd. Samfunnsutvikling 2001 2012. Ho har vore ordførar i Hole kommune 1991 95 og personalsjef i Statens kartverk 1987 2001. Nordli er utdanna Master of Management frå BI. Roald Bjørklund Professor og spesialist i arbeids- og organisasjonspsykologi. Har arbeidserfaring frå eksperimentell psykologi, psykofarmakologi, stressforsking, helsepsykologi, arbeidsmiljøforsking, rettspsykologi og org. psykologi. Bjørklund har i ei årrekke arbeidd med sentrale problemstillingar innan norsk arbeidsliv. Safia Yusuf Abdi Haase Utdanna sjukepleiar og tilsett i Stiftelsen Amathea sidan 2005. Ho arbeider med kvinnehelse med fokus på somaliske kvinner og kjønnslemlesting og har vore med i utforminga av Regjeringa sin «Handlingsplan mot kjønnslemlestelse». Haase har Mastergrad i International Welfare and Healt Policy ved HiO. Severin Roald Pedagogisk rettleiar i Giske kommune. Sindre Røsvik Kommunalsjef i Giske kommune. Tina Løkke Vie Doktorgrad (PhD.) i psykologi frå UiB og vidareutdanning frå Norges Idrettshøgskole og Universitetet for miljø- og biovitenskap. Vie er førsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet, UiB, og arbeider som arbeidspsyk. rådgivar ved forskingspoliklinikken Jobbfast ved Yrkesmed.avd., Helse Bergen.
praktiske opplysningar PRISAR Konferanseavgift Konferanseavgifta skal betalast ved påmelding. Hotellrom med heilpensjon og ekstra lunsj: Pr. person i enkeltrom Pr. person i dobbeltrom Kostnad ikkje-buande: Dagpakke pr. dag Middag (2-rettars) kr.1650,- kr.1810,- kr.1610,- kr.415,- kr.375,- PÅMELDING OPPMØTE Hotellutgiftene gjer ein opp med hotellet. Dersom rekning skal sendast betalar, må ein ha med stadfesting på dette. Påmelding på nettsida til Utdanningsforbundet Møre og Romsdal: www.utdanningsforbundet.no/amk-mr BINDANDE PÅMELDING INNAN 15. februar 2013 Spørsmål kan rettast til: Utdanningsforbundet Møre og Romsdal, tlf: 23 13 87 00 eller Fagforbundet Møre og Romsdal, tlf: 71 19 17 30. Quality Hotel Alexandra, Molde Vi oppmodar konferansedeltakarane om å nytte offentleg transport. Bakgrunnsfoto: Ivan Holmedal - www.holmedalfoto.net EKH.no miljømerket trykksak 241 690