Lev eit friskare liv på nett



Like dokumenter
Roar Stokken. Rådgjevar. Høgskulen i Volda og Regionalt kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring

Praksisfellesskap gruppa som sosial arena. Roar Stokken

Til deg som bur i fosterheim år

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Om læring Frontane i diskusjonar omkring læringsforsking. Ingrid Fossøy Fagdag, 19. september 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane

Med god informasjon i bagasjen


Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Møtet mellom helsearbeidar. likeverd eller?

Metodiske verktøy ved kursleiing

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Psykologisk førstehjelp i skulen

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Brukarrettleiing E-post lesar

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Samtalegruppe for par der den eine har kreft.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Frå novelle til teikneserie

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Helsepedagogikk og -didaktikk

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Danning, retorikk og rådgjeving

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nytt HFK Intranett

mmm...med SMAK på timeplanen

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Ny strategiplan for Høgskulen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Førespurnad om deltaking i forskingsprosjekt. Kontrollgruppe til forskingsprosjekt for behandling av sjukleg overvektige personar

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Om vestibularisnevritt

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Informasjonshefte Tuv barnehage

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Om å høyre meir enn dei fleste

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Vi lærer om respekt og likestilling

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Pedagogisk plattform

Elevundersøkinga 2016

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Lotteri- og stiftingstilsynet

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

IKT-kompetanse for øvingsskular

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Informasjon til pasientar og pårørande

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2

Transkript:

Lev eit friskare liv på nett - eit sjølvhjelpsprogram på internett Prosjekttema: Gi kronisk sjuke eit fleksibelt, geografisk uavhengig og kvalitetssikra tilbod for å lære meistringsstrategiar. Rehabilitering Multippel Sklerose forbundet i Norge Prosjektnr.: 2003/3/0264 Roar Stokken, Gjermund Eikli, Jan Ole Bolsø Prosjektet er gjennomført med kompetanse og/eller støtte frå:

Føreord Dette arbeidet er gjort i ein samanheng, og det er såleis svært mange å takke. Det har vorte vist stor sjenerøsitet i svært så mange samanhengar. Det tyder at dette produktet på ingen måte er forfattarane av rapporten sitt åleine, dugnadsinnsatsen utgjerer såleis ein vesentleg del av innhaldet. Denne innsatsen kjem frå Helse-Noreg, Universitets- og Høgskulesektoren, privat sektor og ikkje minst frå frivillig sektor som har gitt svært viktige bidrag. Typisk nok er bidraga frå frivillig sektor vanskelegare å få auge på sidan dette er innspel som i stor grad høyrer til livsverda og dermed og lukkeleg nok er vanskeleg å gi den plass dei fortener i eit dokument som skal tilfredstille systemet. Men altså ei stor takk til dei som ikkje er nemnde, og som har gitt oss kunnskapar og forståingar som vi har tatt med oss men som er av ein karakter som ikkje får verdi i denne typen dokument. Når systemet, anten ved marknaden eller ved det offentleg adminstrative apparatet overtar den livsverdlege problemløysinga, misser vanlege folk si evne til problemløysing. Og di større blir behovet for systemets profesjonelle hjelp. Dermed tar systemet over endå litt til. Det fører til at nokre til blir sløve, noko som igjen må kompenserast for gjennom systemet. [ ] Den tiltaksevna som blir att i livsverda, er evna til å tigge og krevje meir av det offentlege. Den desperate illusjonen er at det er mogeleg å løyve seg ut av eit kvart problem ved hjelp av pengar, ekspertise og konsulenthjelp. Når systemet koloniserer livsverda, får folk heller ikkje utvikla dei sosiale og moralske eigenskapane som er nødvendige for å betjene systemet på ein korrekt måte. For det er jo vanlege folk som er i systemet også. Men det er i livsverda og berre der ein kan lære seg folkeskikk. Når systemet utarmar den gjennom kolonisering, blir det så som så med folkeskikken både i livsverda og systemet. [1] Vi opplever at denne rapporten har blitt offer for det Hellesnes skildrar over ei kolonisering av livsverda der dei verdiane som er livsverdslege er vanskelege å fange. Vi ber med dette om orsaking for at mange og viktige innspel ikkje vert nemnde, og håpar at det står betre til med folkeskikken i den delen av oss som er i kontakt med livsverda enn i den delen som er fanga av systemet Roar Stokken, Gjermund Eikli, Jan Ole Bolsø 1

Samandrag Målet med dette prosjektet er å gi kronisk sjuke eit fleksibelt geografisk uavhengig og kvalitetssikra tilbod for å lære meistringsstrategiar. Prosjektet har fått namnet Lev eit friskare liv på nett (LFL-nett) og vert gjennomført som eit reint nettbasert kurs. Tiltaket byggjer på Chronic Disease Self Management Program frå Stanford University. Dette er det pasientopplæringsprogrammet i verda som det er forska mest på. Opplegget er diagnoseuavhengig og finnast på ei rekkje språk Opplegget er eit tillegg til anna behandling og inneheld mellom anna emne som teknikkar for å handtere fatigue, frustrasjonar, smerte og isolasjon, treningsteknikkar og kommunikasjon med vener, familie og helsepersonell LFL-nett er utvikla på grunnlag av teoretisk tilnærming, erfaringar frå andre nettbaserte opplæringstiltak og praktisk gjennomprøving av tiltaket. Bakgrunnen for prosjektet er ei ønskje om å gjere det enklare å omsetje ord til handling. Dette har ført til ei omfattande tilpassing til norsk språk og kultur og eit høgt fokus på bruk av grupper. Hausten 2004 gjennomførte ein prøvedrift med 2 kurs som hadde til saman 78 deltakarar fordelt på 8 grupper. Mykje tydar på at kommunikasjonen mellom deltakarane har vore viktig i kurset. Dette kan synleggjerast gjennom det ein deltakar skriv i oppsummeringa: Jeg har funnet ut at jeg er ganske flink til det der å være syk. Det gir trygghet i egen livssituasjon å vite det. 2

Innhald LEV EIT FRISKARE LIV PÅ NETT...0 FØREORD... 1 SAMANDRAG...2 INNHALD...3 DEL 1: INNLEIING...4 Grunnlag... 4 Utvikling... 4 Resultat... 5 DEL 2: TEORETISK BAKGRUNN...6 Dagens sjukehussystem... 6 Pedagogiske helsetenester... 7 Kvalitet... 7 IKT som verkty... 9 Mediering... 9 Designmetodologi... 10 Læringsverktyet PedIT... 11 Personvern... 11 DEL 3: PROSJEKTGJENNOMFØRING... 12 BAKGRUNN... 12 Lev eit friskare liv... 12 Bakgrunn for Lev eit friskare liv... 12 Nettbaserte læringstiltak... 17 PROBLEMOMRÅDE... 21 MENNESKELEGE RESSURSAR... 21 KONSEPT FOR LEV EIT FRISKARE LIV PÅ NETT... 22 Konsekvensar for utviklinga... 23 Hovudprinsipp... 24 Utvikling... 25 Element... 26 TIDSPLAN... 34 ØKONOMI... 35 INVOLVERTE... 36 DEL 4: RESULTAT OG RESULTATVURDERING...37 Forventningar... 37 Utsegner om tiltaket... 37 Statistikk om tiltaket... 38 FORMIDLINGSARBEID... 40 DEL 5: VEGEN VIDARE...42 Økonomi... 42 Ansvar... 42 Driftsorganisasjon... 43 VIDAREFØRING: SØKNAD OM DRIFTSMIDLAR FRÅ HELSE MIDT-NOREG... 44 DEL 6: LITTERATUR...47 3

Del 1: Innleiing Prosjektet gjeld utvikling av eit nettbasert sjølvhjelpsprogram for kronisk sjuke. Programmet har fått namnet Lev eit friskare liv på nett (LFL- nett). Målet med LFL-nett er å gi kronisk sjuke eit fleksibelt geografisk uavhengig og kvalitetssikra tilbod for å lære meistringsstrategiar. Grunnlag Tiltaket byggjer på Chronic Disease Self Management Program frå Stanford University. Dette er det pasientopplæringsprogrammet i verda som det er forska mest på. Opplegget er diagnoseuavhengig og finnast på engelsk, amerikansk, kanadisk, kinesisk, australsk, vietnamesisk, italiensk, spansk, japansk, norsk. Konseptet for det vanlege kurset er ei samling på 2 ½ time i veka i seks veker. Desse samlingane vert leia av to utdanna kursleiarar, der minst den eine skal vere kronisk sjuk. Til kurset høyrer ei bok og avslapnings CD. Kurset er eit tillegg til anna behandling og inneheld mellom anna emne som teknikkar for å handtere fatigue, frustrasjonar, smerte og isolasjon, treningsteknikkar, medisinbruk, kommunikasjon med vener, familie og helsepersonell, kosthald og korleis ein kan vurdere nye behandlingar. Metoden i kurset er viktig, og byggjer på eit ideal om høg deltakaraktivitet. Det er sentralt for opplegget at deltakarane støttar kvarandre, og at kursleiarar er rollemodellar for deltakarane. Sentrale personar i utviklinga av det opphavlege programmet er Halsted Holman, Kate Lorig, David Sobel, Albert Bandura, Virginia González og Diana Laurent. Programmet vart testa på over 1000 personar med hjarte- og lungelidingar, slag eller leddgikt. Desse vart følgt opp til 3 år. Det vart studert helse, bruk av helsetenester, meistringsforventning og bruk av sjølvhjelpsteknikkar. Programmet viste ein signifikant auke i mellom anna trening, symptommeistring, betra kommunikasjon med helsepersonell, subjektiv helse og fatigue. Ein såg også at deltakarane hadde færre sosiale avgrensingar og redusert bruk av helsetenester. I det amerikanske helsevesenet gir tiltaket ein kost/nytte verdi på 1:10. Utvikling Prosjektet er utvikla på grunnlag av teoretisk tilnærming, erfaringar frå andre nettbaserte opplæringstiltak og praktisk gjennomprøving av tiltaket. Tiltaket er tilpassa norsk språk og kultur, for å gjere det enklare å omsetje ord til handling. Premissane for utviklinga av tiltaket byggjer på kunnskap om samlingsbaserte kurs og kunnskap om nettbasert læring. Tiltaket er utvikla etter ein utviklingsmetodologi som tek omsyn til dei psykologiske, pedagogiske, teknologiske, kulturelle og pragmatiske sidene. 4

Tiltaket byggjer på ein grunnleggande ide om å nytte datamaskina som kommunikasjonsverkty. Dette gjer at ein har tolka Lev eit friskare liv under ei forståing for læring der læring skjer gjennom sosial samhandling. Tiltaket har utvikla ein eigen programvaremodul på basis av PedIT frå Norsk Nettskole. Bruken av grupper har vore sentralt i utviklingsprosessen. I praksis tyder det at ein søkjer å stimulere til individuell aktivitet i gruppa. Kurset er leia av to kursleiarar som fungerer som rollemodellar for korleis deltakarane skal forhalde seg til kurset. Det viktigaste elementet for samhandling mellom deltakarane er handlingsplanar. Ein handlingsplan kan kallast eit nyttårsforsett som skal vare i ei veke. I den ordinære versjonen tek handlingsplanar opp mot 1/3 av tida. Desse er svært sentralt plasserte i nettløysinga, saman med eit visuelt bilete av gruppa. Resultat Hausten 2004 avvikla ein i prøvedrift 2 kurs med 78 deltakarar fordelt på 8 grupper. Kvar måndag vert nytt materiale tilgjengeleg. I tillegg går i regelen handlingsplanane frå måndag til måndag. Det kan synast som om kommunikasjonen mellom deltakarane har vore viktig i kurset. Ein deltakar skriv i oppsummeringa: Jeg har funnet ut at jeg er ganske flink til det der å være syk. Det gir trygghet i egen livssituasjon å vite det. Om lag 50% av uttalane som er gjorde i løpet av dei to kursa er deltakarar som svarar deltakarar. Dette er altså kommunikasjon der rettleiarane ikkje er ein part i diskusjonen. Tiltaket er å finne på http://norsknettskole.no/mestring 5

Del 2: Teoretisk bakgrunn Januar 2003 vart Sosial- og helsedirektoratet kontakta med omsyn til utviklinga av ein ide til eit opplæringstiltak. Denne ideen såg ikkje Sosial- og helsedirektoratet at dei kunne støtte, men utfordra i staden Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring (KPI) til å kome med framlegg til prosjekt der pasientar var målgruppe og Internett mediet. Etter nokre rundar landa ein på å vidareutvikle det som fanst av tiltak som er meint å auke menneske med kroniske lidingar si meistringsforventning. Her kunne ein både støtte seg til arbeidet som er gjort ved Stanford University Patient Education Centre og til den erfaringa ein har innan feltet i Noreg, spesielt knytt til Sykehuset Østfold. Eit av hovudargumenta for å ta tak i dette opplegget er at det er diagnoseuavhenging, og at LFL-nett såleis har ei vid målgruppe. Dette gjer at LFL-nett kan verte eit tilbod til grupper som per i dag ikkje har eit tilbod. Ein vil og utvikle opplegget til å bli eit teneleg nettbasert kurs for personar som av ulike årsaker ikkje ynskjer eller kan delta på tradisjonelle kurs. Ein tenkte seg i starten eit samarbeid mellom Helse Midt-Noreg, Høgskulen i Volda, Sykehuset Østfold, Nasjonalt Senter for Telemedisin og Stanford University. Helse Midt-Noreg og Høgskulen i Volda er framleis sentrale aktørar. Det er oppretta eit samarbeid med Sykehuset Østfold, der vi mellom anna har kjøpt undervisningstenester. Vidare er det oppretta samarbeid mellom prosjektet og Stanford University. Dette har mellom anna resultert i at avviklingane av tiltaka er gjort på såkalla forskingslisens. Nasjonalt Senter for Telemedisin Som samarbeidspart blei erstatta av Norsk Nettskole. Grunnen til dette er forseinkingar i prosjektet helsekompetanse.no, som dette prosjektet skulle koplast mot. For 2003 fekk prosjektet 400 000 i støtte frå Sosial og helsedirektoratet gjennom Si@ prosjektet. For 2004 fekk prosjektet 500 000 i støtte frå Helse og rehabilitering. Støtta er gitt via MS-forbundet. Annlaug Stavik har representert MS-forbundet i prosjektet. Dagens sjukehussystem Dagens sjukehussystem har eit hovudfokus og ei organisering som tek sikte på å gjere pasientane friske. Dette fungerer godt for til dømes brotskadar og blindtarmbetennelse, men er ikkje fullt så veleigna når pasientane ikkje vert friske av det dei oppsøkjer sjukehuset for. Denne gruppa er personar med kroniske plager. Gruppa med kronisk sjuke 1 aukar, og skaper ei av dei viktigaste utfordringane helsevesenet har i vår tid. Auken er dels eit resultat av betre behandlingsmetodar og dels eit resultat av at talet på eldre aukar. 1 Med kroniske sjukdommar meiner ein sjukdommar som ikkje kan kurerast, og som ikkje har ein snarleg dødeleg utgang. 6

Pedagogiske helsetenester Det er ei rekkje ting som skil kroniske sjukdommar og akutte sjukdommar, men ein viktig skilnad er at dei som har kroniske sjukdommar i relativt stor grad kan påverke sjukdommen si utviklig. For pasientar med langvarige helseproblem er opplevinga av helse ikkje det same som fråvær av sjukdom. Derimot er det slik at kjensla av meistring er viktig for å leve det ein oppfattar som eit friskare liv. I denne samanhengen er opplæring eit kraftig verkty. Som et grunnlag for utviklinga av LFL-nett var ei forståing av det pedagogiske helsetenestene sin funksjon sentralt. Det har skjedd ei endring i forståinga av kven som har ansvaret for helse, frå samfunnet til individet. Dette har vore med på å gi sjukehusa eit fjerde ansvarsområde. Fram til 2001 hadde sjukehusa tre ansvarsområde: Behandling av pasientar, forsking og utdanning av helsepersonell. No har sjukehusa i tillegg fått ansvar for opplæring av pasientar og pasientar sine pårørande. Opplæring av pasientar og pårørande har lange tradisjonar, både innan det offentlege og innan pasientane sine organisasjonar. Mange av opplæringstiltaka som finnast i dag, er eit samarbeid mellom brukarorganisasjonane og den offentlege helsetenesta. Det tyder at det er vanskeleg å skilje mellom kva som er frivillig sektor sitt bidrag og kva som er offentleg sektor sitt bidrag i tiltaka. Når det i den følgjande teksten vert gjort nytte omgrepet pedagogiske helsetenester handlar dette om tiltak som er meint å betre helsetilstanden til deltakarane, uavhengig av om dei er sette i verk av offentleg eller frivillig sektor. Pedagogiske helsetenester har tradisjonelt vore retta mot korleis kroppen er, slik at pasienten skulle kunne tilpasse det ein gjer til dei problema ein har. Denne typen opplæring har for ein del brukarar gitt meir frustrasjon enn hjelp. Den meir moderne forma for pasientopplæring fokuserer difor meir på erfaringar og handling. Ein brukar mindre tid på kva konsekvensar røyking har, enn kva ein kan gjere for å slutte å røykje. Ved nokre behandlingar er nok at pasienten innfinn seg på rett stad til rett tid. Slik er det aldri når det handlar om opplæring av pasientar og pårørande. Ved opplæring er det ein føresetnad at pasienten tek del i prosessen med sin eigen energi. Helsearbeidaren kan ikkje være den handlande parten (subjekt) og pasienten mottakaren (objekt). Om pasienten er objekt og helsearbeidaren subjekt vert det helsearbeidaren som diagnostiserer pasienten, opererer pasienten, vurderer grunnlag for sjukmelding av pasienten og så bortetter. Slik fungerer det ikkje i pedagogikken. Ved opplæring av pasientar og pårørande må ein tenkje seg pasienten som subjekt og pasienten sin kvardag som samanhengen pasienten er i. Utgangspunktet må dermed korleis ein kan gjere kvardagen lettare for den med kroniske plager. Slik sett kan ein sjå pedagogiske helsetenester som ein prosessagent for meistring av kvardagen. vere Kvalitet Når ein skal utvikle eitt nytt tilbod vert det naudsynt å finne ut korleis ein kan vurdere om tilbodet har kvalitet. Dette har vore eit uklart område når det gjeld pedagogiske helsetenester og vi ville difor søke å skape oss ei felles forståing av kva kvalitet er i denne samanhangen. Ei anna utfordring er knytt til kven som kan vurdere kva som er god opplæring. Ved opplæring av pasientar og pårørande er det korkje helsearbeidaren eller pasienten/pårørande. Det er helsearbeidaren og pasienten/pårørande. Desse er ekspertar på kvart sitt felt. Pasienten og pårørande er ekspertar på eigen situasjon. Helsearbeidaren har eit helsefagleg ekspertområde. Saman kan dei hjelpe kvarandre til å utnytte kvarandre sin kompetanse for å nå målet: Auke pasienten si evne til å samhandle med eigne omgivnader for å skape ei betre helse. Ei helse som er betre enn den hadde vore utan opplæring. 7

I følgje den mest brukte definisjonen er kvalitet å definere som i kva grad ei samling ibuande eigenskapar oppfyller krav. Dette gjer at ein må vite kva krav som vert stilt for å vite om noko har kvalitet. Dette er eit godt stykke frå ordet si tyding i kvardagen. I kvardagen har eple kvalitet om ein likar dei. Legen kan seiast å ha kvalitet om pasienten opplever at ho er flink. I kvardagen kan ein seie at kvalitet ligg opp mot kjensla av å få noko av verdi. Det som tel i kvardagen er dermed ikkje det som tel for systemet. I kvardagen er det dei gode opplevingane. I systemet er det kor mange kryss som vert sett i dei rette rubrikkane. Sjølv om det kan synast uråd, må vi definere kvalitet på ein måte som stig over desse motsetnadane. For å definere kvalitet, må ein dermed først definere kven som skal få stille krav på basis av kva rolle dei har. Det tyder at ein først av alt må finne ut kva relasjon det skal vere mellom helsearbeidar og brukar. Den lydige pasient Den sjølvstendige pasient Den opplærte pasient Samhandling om eiga helse Helsevesenet veit kva som er best [2] Pasienten har funne ut kva som er best [2] Helsevesenet lærer opp pasienten til det som er definert som best [2] Det beste vert funne i møte mellom fagleg kunnskap og kunnskap om kvardagen Med basis i pasienten sin rett til medverknad, vil vi velje det siste scenariet, der fokuset ligg på samhandling om helse, og ikkje på kunnskap om sjukdom. Vidare må ein fastlegge kva perspektiv ein skal legge til grunn for vurderinga. Det er to soleklare dimensjonar som må vere med: om eit tiltak skaper betre helse, objektivt og/eller subjektivt sett kva eit tiltak kostar, slik at ein kan vurdere om det kostar meir eller mindre enn det smakar Etter vårt forstand er ikkje desse to dimensjonane nok. Sidan pasienten skal få råde over sitt eige liv, må der inn ein tredje dimensjon. Det fleire ulike kandidatar til nemning på ein slik akse, t.d.: Autonomi, men dette måler i røynda berre brukaren sin styrke, ikkje kunnskap. Kunnskap, forståing, innsikt. Det er to ting som talar mot desse omgrepa: a) Det er omgrep som må målast opp mot ei norm som vil vere ulik frå individ til individ. b) Ein er ute etter at folk lever helsesamt, ikkje at dei veit korleis dei burde levd helsesamt. Opplæring, men sidan det er ulikt kor mykje støtte ein treng å gi til ulike individ for å oppnå det same, vert dette ein meiningslaus indikator Læring, men sidan læring korkje er målbart i seg sjølv, eller eit mål i seg sjølv, vert dette også ein urimeleg indikator. Meistring, men sidan meistring handlar om å vere herre over situasjonen, vert det å definere grader av meistring vanskeleg. Krava som vert stilt er også svært ulike frå individ til individ. I tillegg er det ikkje sjeldan ein opplever skilnad mellom opplevd meistring hjå utøvar og tilskodar. I tillegg vil ein ved utvikling av vurderingskriterium definere kva som er godt. Det tyder at ein i røynda funne ein slags standard. Vegen frå ein standard til standardiserte tiltak kan dermed vere liten. For å unngå så mange av vanskane som vi klarar, har valt å gå heilt attende til pasienten si helse, og korleis vert skapt. I vårt perspektiv vert helse skapt dagstøtt i har vil den 8

møte med dei omgivnadane ein til ei kvar tid er i. Målet med opplæring av pasientar og pårørande er at det skal bli lettare for pasientane å skape helse.: Den som kan gjøre mest for å påvirke egen helse, er deg selv. Vår oppgåve er å legge til rette for at de sunne valgene ligger snublende nær [7]. Helseminister Dagfinn Høybråten ved lanseringa av Resept for et sunnere Norge For å finne ein type indikator som reflekterer i kva grad ein kan bidra til produksjon av eiga helse i eigen kvardag, har vi valt å kalle den siste aksen for: Samhandling om eiga helse Sidan både det helseøkonomiske perspektivet og helseperspektivet er tatt hand om i dei amerikanske underskingane av Lev eit friskare liv, har vi i evalueringa av LFL-nett valt å rette blikket mot nettopp samhandling om eiga helse. IKT som verkty Når vi nyttar IKT som samarbeidsarena slik som i LFL nett - nyttar vi teknologien som eit medierande artefakt. Med det meinast at ein nyttar IKT som verkty for å overføre noko. Når menneske skaper verkty/artefakt vert det nytta kunnskapar og erfaringar i denne prosessen. Desse kunnskapane vert lagra i det som vert skapt: artefaktet. Det gjer at desse vert tilgjengelege for andre brukarar av det [3]. Eit openlyst døme på eit slikt artefakt er den teksten du no les. Vi har brukt artefaktet datamaskin for å strukturere tankane våre og artefaktet språk både for å kommunisere til deg og for å strukturere oss sjølve. Andre døme kan vere hammar og spikar eller kakeoppskrifter. Desse artefakta gir oss tilgang til kunnskapar (for hammar og spikar om fysikk og for kakeoppskrifter om smak, kjøkenkjemi og praktiske omsyn) som gjer at vi klarar å løyse oppgåver som vi elles ikkje hadde klart. Funksjonelle artefakt vert ofte sett på som forlengingar av mennesket. For at eit artefakt skal kunne kallast funksjonelt må brukaren klare å bli i eitt med verktyet. Eit døme på dette er når ein kjenner at bilen ein køyrer misser veggrepet på bakhjula. Det er ikkje noko ein føler i baken, men der bak. Artefakt kan ha tre funksjonar [4]: Primære artefakt: Dette er verkty som aktørane gjer seg nytte av. Eit slikt døme er hammaren og tekanna. Sekundære artefakt: Her har artefaktet fått sosiale modellar som bestemmer korleis artefaktet skal nyttast. Eit døme på dette er Cafe en Tertiære artefakt: No er artefaktet ein integrert del i, og representasjon av, idear. Her kan demokratiet vere eit døme. IKT har i røynda alle desse tre formene, noko som gjer at ein må vere medviten om at IKT påverkar medieringa på alle desse tre nivåa [4]. Mediering Mediering er eit sentralt omgrep i den teoribasisen vi har lagt til grunn for LFL-nett. Omgrepet kjem frå det tyske Vermittlung som vert omsett med formidling, og uttrykkjer at vi som menneske i mange tilfelle ikkje står i direkte kontakt med omverda, men at omverda vert formidla til oss av fysiske og intellektuelle reiskapar som er integrert i sosiale praksisar [3, s83]. Menneske kan såleis ikkje ta opp i seg omgivnadene utan at omgivnadene gir premissane for, og blir ein del av tolkinga. Dette medfører at tankar og bilete av verda er skapt av, og dermed farga av, vår kultur og dei intellektuelle og fysiske artefakta vi har til rådvelde [3, s83]. Eit medierande artefakt er altså den kulturelt konstruerte gjenstanden eller strukturen som er berar av bodskapen. Dette kan vere i form av språk, teknologi, kutyme osb. Dette medfører at all menneskeleg aktivitet er mediert av artefakt[5]. 9

Sidan IKT er det sentrale verktyet i LFL-nett, er det viktig å bli klar over korleis dette artefaktet, gjennom si medierande rolle, påverkar omgivnadane. Gjennom slik kunnskap vil ein og kunne utnytte IKT sin modererande rolle bevisst, slik at det ikkje berre er eit passivt formidlingsmedium men ein ressurs som kan tilføre meirverdi. Designmetodologi Designen av det nettbaserte læringsmiljøet er gjort med ein teoribasert designmetodologi (Grounded design) i botnen [6, 7]. I teoribasert design er det å skape koplingar mellom praksis, relatert teori og forsking sentralt [6]. Bakgrunnen for metodologien er at sanninga ikkje er å finne midt mellom to sprikande perspektiv. Det gjer at ein får betre utbytte av å forstå skilnadane enn å homogenisere perspektiva. Dette gjer at teoribasert design ikkje definerer spesifikke epistemologiar eller metodologiar som betre enn andre. Teoribasert design er dermed eit rammeverk for å kunne sameine sprikande designpraksis med grunnleggande idear. Dette medfører at teoribasert design har mindre med tru å gjere enn med å setje ulike element og metodar på linje og i samsvar med kvarandre[6, 7]. For at ein design skal kunne seiast å vere teoribasert design må den kunne bestå fire prøver [7]: Designen må vere rotfesta i eit teoretisk rammeverk. Avgjerder ein tek i designprosessen må henge saman med dette rammeverket, og metodane ein nyttar må vere konsistent med dei utleiingane ein gjer. Metodane må vere konsistente med forskinga som vert gjord. Tiltaket skal vere generaliserbart. Dette er ikkje tenkt på den måten at det kan overførast mellom kontekstar, men at prosessar er så veldokumenterte at ein kan nytte dei i situasjonar som liknar. Validering skjer gjennom iterasjonar. Teoribasert design vert validert empirisk gjennom implementasjonar, for å sikre konsistens mellom praksis og den teoretiske botnen. Eit sentralt utgangspunkt for dette rammeverket er at alle læringsmiljø er bygde på fem stolpar [7]: Psykologi: Dette handlar om oppfatningar av korleis menneske lærer og tenkjer. Pedagogikk: Desse oppfatningane styrer korleis ein byggjer det miljøet som skal syte for at dei psykologiske prosessane finn stad. Teknologi: Her er tankar om korleis ulike medium kan støtte opp om, styre eller gjere læringsmiljøet rikare. Kultur: Dette reflekterer den rådande verdiane i eit læringsmiljø Praktikk: Dette handlar om kva ressursar og føringar som legg band på læringsmiljøet rett og slett rammefaktorane. Desse fem stolpane må ligge etter kvarandre, slik at det vert så stort samsvar mellom dei ulike delane som råd. Dess større overlapp, dess betre fundamentering. Dette tyder ikkje at ein startar med psykologi og tar stega fram til praktikken. Alle elementa står i eit dialektisk forhold til kvarandre, og praktikken har kanskje vore vel så styrande for psykologien som motsett. Dette er i følgje teoribasert design uproblematisk, i det at målet er at dei fem stolpane skal vere i samsvar med kvarandre, ikkje stabla oppå kvarandre. Sidan ein i dette prosjektet er ute etter å lage ein ny modell vil vi ha fokus på løysingar. Ein slik løysingsorientert strategi vil vere parallell til slik arkitektar jobbar. Forskarar nyttar derimot gjerne ein problemfokusert strategi [8]. Vi vil i dette prosjektet freiste å nytte ein løysingsorientert strategi, utan å gå på akkord med kvaliteten sett i forskingsperspektivet. 10

Læringsverktyet PedIT Lev eit friskare liv på nett var meint å vere ein del av prosjektet helsekompetanse.no frå Nasjonalt senter for telemedisin. Grunna store forseinkingar i helsekompetanse.no, måtte ein bytte samarbeidspart. På bakgrunn av eit etablert samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Norsk Nettskole valte ein Norsk Nettskole som ny samarbeidspart. Norsk Nettskole AS er eigd av Volda kommune, Sande kommune, Sykkylven kommune og Vanylven kommune. I vedtektene for selskapet står det at overskot i selskapet skal nyttast til utvikling av selskapet. Norsk Nettskole har hovudfokus på skuleverket, og har dermed utvikla ei brei pedagogisk kompetanse. Bruk av Internett som læringsarena har vore sentralt i denne prosessen. Norsk nettskole driv nettbasert undervisning på grunnskolenivå, ulike etterutdanningskurs og vidareutdanning for lærarar. I dette arbeidet har ein utvikla eit eige nettlæringsverkty (PedIT). Dette prosjektet byggjer på denne plattforma. PedIT er utvikla i ein slags sprialmodell for programvareutvikling [9]. Utviklinga starta i 1999 etter at ulike læringsplattformer og løysingar var prøvd ut og vurdert som lite i tråd med dei behova og den pedagogiske praksisen Norsk Nettskole etter kvart hadde utviklet. Norsk Nettskole har valt å ha ei eiga utvikingsavdeling for å sikre at endringar og nye verkty kan utviklast ved behov. Personvern Tiltaket tek omsyn til norsk lovverk på området, og er omfatta av dei reglane som gjeld for opplæringsverksemd og såkalla kunderegister. Saman med brukarnamn og passord får deltakarane informasjon om kva opplysnignar som vert lagra i systemet. Det mest vesentlege aspektet er at deltakarane skal fullt innsyn i kva som vert lagra altså samtykke. 11

Del 3: Prosjektgjennomføring Prosjektet byggjer på Chronic disease self management program, som er utvikla ved Stanford Patient Education Research Center ved Stanford University. Opplegget er teke til Noreg av Sykehuset Østfold HF og tilrettelagt for norske tilhøve i samarbeid med Funksjonshemmedes Studieforbund. På norsk har tiltaket fått nemninga Lev eit friskare liv. Det vert også omtala som meistringskurs. Dette prosjektet skulle ein utvikle ein nettbasert versjon av meistringskursa, og går under nemninga: Lev eit friskare liv på nett. Målgruppa for meistringskursa er alle kronisk sjuke/funksjonshemma, som har hatt diagnosen omlag 6 månader eller lenger, og deira pårørande. Som støtte til kursa er det utvikla eit omfattande sett av reiskapar som inkluderer handbok, kursleiarutdanning, kursleiarperm, utdanning for kursleiarutdannarar og perm for kursleiarutdannarar. Bakgrunn Lev eit friskare liv "Lev eit friskare liv" er i utgangspunktet eit opplegg på 15-timar, spreidd over 6 veker. Kurset vert gjennomført med tradisjonelle deltakaraktive undervisningsformer. Kvar samling er på 2,5 timar. Det er to kursleiarar på kvart kurs, der minst ein, ofte begge, er kronisk sjuke sjølve. For å vere kursleiar må ein gå eit kursleiarkurs. Innhaldet og gjennomføringa av kurset er fastlagt i ei detaljert leiarhandbok. Kurset er eit tillegg til vanleg behandling og sjukdomsspesifikk opplæring. Både menneske med ulike kroniske lidingar eller funksjonshemmingar og deira pårørande/nærståande kan delta. Deltaking i meistringskurset skal gi dei nødvendige ferdigheitene for å kunne meistre den daglige handteringa av sjukdomen, og/eller auke aktiviteten i livet. Stanford Patient Education Research Center har starta utvikling av ein Internettbasert versjon av Lev eit friskare liv. Denne versjonen har ein hatt som bakteppe, men ein har av ulike grunnar valt å utvikle ein eigen norsk Piaget Freud Rogers versjon. Dewey Cognition Bandura Vygotsky Erikson Development Bakgrunn for Lev eit friskare liv Den teoretiske botnen for Lev eit friskare liv ligg i Albert Bandura sitt arbeid. Albert Bandura vert av Illeris [10] plassert langt oppe i det kognitive hjørnet i feltet mellom kognisjon, utvikling og sosialisering. Schøn Engestrøm Wenger Negt Leontjev Alheit Bruner Giddens Lorenzer Marx Pedagogisk praksis er sjeldan utvikla utifrå ei teoretisk Socialization vinkling, men som oftast som eit resultat av kva ein har erfart som effektivt [11]. Dette gjer at ein kan ha lik praksis, sjølv om ein har ulik ståstad. Konsekvensen er at ein kan ha ulike grunngivingar for å gjere omlag det same. Dette gjer at sjølv om Lev eit friskare liv byggjer på ein kognitiv pedagogisk tradisjon kan ein lett forsvare dei metodane som vert nytta i kursa i ei 12

læringsforståing som tek utgangspunkt i sosial praksis. Dette har vore svært viktig for utviklinga av Lev eit friskare liv på nett. Sjølvstyring (Self-management) Omgrepet self-management er ofte omsett med meistring eller eigenmeistring, noko som i beste fall kan kallast misvisande. Omgrepet self-management seier to ting: a)self tyder at ein skal gjere det sjølv og b)management handlar om å handtere på ein slik måte at ein oppnår det ein vil. For å behalde desse to aspekta har vi valt å nytte omgrepet sjølvstyring, sjølv om det ikkje er i samsvar med presedens for omsetjing av omgrepet. Sjølvstyringskurs har følgjande karakteristikkar [12]: Innhaldet i eit sjølvstyringskurs har mindre sjukdomskunnskap enn tradisjonelle pasientskular. Sjølvstyringskursa er ikkje preskriptive. Målet er at deltakarane på kursa skal få til det dei sjølve ønskjer, ikkje det helsepersonell helst ser at dei gjer. Sjølvstyring er ikkje isolert frå medisinsk behandling, men er integrert mot den vanlege behandlinga. Målet er betre helse og mindre bruk av helsetenester. Kursdeltakarane skal oppleve at dei kan påverke korleis ein kronisk tilstand påverkar livet deira Teoretisk botn Pasientar med kroniske sjukdommar tek dagleg avgjerder om å handtere sjukdommen sin. Det gjer at det er pasienten som har kontrollen, og same kva helsevesenet gjer, har pasienten ingen forpliktingar til å gjere det helsearbeidarane tilrår. På den andre sida veit ein at dess tryggare pasienten er på at ein kan betre livssituasjonen sin, dess betre kliniske resultat får ein. Ein veit og at handlingsplanar (nyttårsforsett med kortare gjennomføringstid) aukar sjansen for å lukkast i eit forsøk på å betre livssituasjonen [13]. Corbin and Strauss [14] skisserer 3 sett med oppgåver som menneske med kroniske sjukdommar møter: Medisinsk handtering av sjukdommen, som til dømes medisinering, endring av matvanar og blodsukkermålingar. Skape og vedlikehalde nye og meiningsfulle roller i høve til jobb, familie og vener, og handtere sinne, angst, frustrasjon og depresjon som resultat av det å ha ein kronisk sjukdom. Alt i alt gir dette oss to viktige element i det å definere utdanning i sjølvstyring: Pasientar lærer problemløysingsstrategiar frå sin eigen ståstad gjennom bruk av handlingsplanar Problemløysingsstrategiane vert brukt på tre ulike aspekt ved sjukdommen: medisinsk, sosialt og kjenslemessig Pragmatisk botn I botnen for Lev eit friskare liv ligg der fire grunnleggjande erkjenningar [15]: Menneske med kroniske sjukdommar har i bunn og i grunn dei same bekymringane og problema. Menneske med kroniske sjukdommar må ikkje berre handtere sjukdommen sin, men også korleis den påverkar livet og kjenslene deira. Menneske med kroniske sjukdommar kan, med ei detaljert leiarhandbok, leie kurset Lev eit friskare liv like effektivt, om ikkje meir effektivt, enn helsepersonell. Prosessen eller måten Lev eit friskare liv vert gjennomført på er minst like viktig som innhaldet i kurset. 13

Konsekvensen av desse fire punkta er at ein legg opp til grupper med blanda diagnosar, inkluderer handlingsplanar i kurset og legg til rette for og følgjer opp kronikarar som vil vere kursleiarar. Målet med kurset er å gjere deltakarane i betre stand til å ta hand om livet sitt med omsyn til kronisk(e) lidingar. Det vert definert tre oppåver til det å vere ein god sjølvstyrar [16]: Ta hand om sjukdomen Gjennomføre normale aktivitetar Handtere kjenslemessige utfordringar Sentrale verkemiddel Sjølve Lev eit friskare liv-programmet er raffinert gjennom fleire iterasjonar og det har vorte utvikla ei rekkje retningslinjer for korleis kursa skal gjennomførast. Basert på to akademisk retta bøker[17, 18], ei bok for kursdeltakarane[16], ein kursleiarperm[15], ein kursleiarkursperm[19] og deltaking på to kursleiarkurs, vart dei viktigaste eigenskapane å ta omsyn til ved utvilinga av den nettbaserte versjonen desse: Kurset skal gi kunnskap om korleis sjukdommen påverkar kroppen, omgivnadane og kjenslene. Det er fire strategiar som vert nytta for å skape tryggleik: Handlingsplan med deling og tilbakemelding Modellering av aktivitet Tolking av uttalar Overtaling av dei usikre til å ta del Så lite fokus på leiarane som råd til fordel for kursdeltakarane. Det er ein utstrekt bruk av rollemodellar, både i høve til sjølve kursgjennomføringa og i høve til meistring av kronisk sjukdom. Aktivitet som skal gjennomførast vert først modellert av kursleiarane. Det er eit viktig prinsipp at gruppemedlemmene skal hjelpe kvarandre. Dette gjer at det ikkje skal hentast inn ekspertar for å behandle eit emne. Ein skal også freiste etter beste evne å spreie aktiviteten i gruppa så jamt mellom medlemmene som det let seg gjere. Tryggleik er svært viktig. Ein skal derfor oppfordre til deltaking, men all aktivitet er frivillig. Kjerneaktiviteten i opplegget er ein handlingsplan med tilbakemelding og problemløysing. Eit viktig aspekt både i handlingsplanen og elles i kurset er at ein skal undersøkje eigne erfaringar. Det vert laga system for at ein skal få telefonisk kontakt mellom samlingane, enten med kursleiar eller med ein annan kursdeltakar. Kurset har ein stram struktur som skal sikre innhaldet i kurset. Denne strukturen vert mellom anna vist gjennom detaljert leiarhandbok og at deltakarane si bok vert sett på som eit viktig verkty. Dei viktigaste læringsstrategiane er praksis, diskusjon og spørsmålsstilling Slik oppfattar vi kjernen i pedagogiske termar: Botnen: Lev eit friskare liv er bygd på ein kognitiv pedagogisk tradisjon Meistring av ein kronisk tilstand uttrykkjer meistring av medisinske, sosiale og kjenslemessige utfordringar gjennom kognitiv tilpassing og revisjon. Planlegging og gjennomføring av lystprega aktivitet gjennom handlingsplanar, inkludert realitetsorientering, eigenevaluering, tilbakemelding og oppfølging frå andre personar er eit viktig verkemiddel på veg mot sjølvstyring. Målsetjingar: 14

Lev eit friskare liv skal bu deltakarane på å vere sjølvstyrarar. Lev eit friskare liv skal legge til rette for samarbeid mellom pasient og helsetenester Verkemiddel: Deling av eigne erfaringar hjelper både sendar og mottakar. Dette gjer at deltakarane vert sett på som dei viktigaste bidragsytarane. Lev eit friskare liv er ein prosess der kognitivt arbeid på eigne erfaringar er viktigare enn den nye informasjonen som deltakarane får gjennom kurset Åtferd og tankar vert påverka av andre si åtferd og andre sine tankar. Dette gjer at det å uttrykke desse er viktig. Et godt strukturert opplegg sikrar kvalitet. Inkludere gjennom å oppfordre og overtale - aldri tvinge. Omsetjing eller omdanning Når ein skal overføre eit kurs frå eit språk til eit anna, kan ein i regelen velje to tilnærmingar. Den eine er omsetjing, der ein har høg grad av lojalitet til innhaldet. Den andre strategien er omdanning, der lojaliteten er knytt til ideane bak innhaldet. Målet med Lev eit friskare liv er å hjelpe deltakarane til å gjere ord om til handling. Dette gjer at ein har tradisjon for omdanning ved overflytting av opplegget til nye kulturar. Dette gjer seg mellom anna utslag i at boka som følgjer kurset er å finne i fleire engelskspråklege utgåver. Omdanningane varierer med kva som vert rekna som vesentleg der ein kjem. I Kina vert til dømes den vestlege treninga erstatta med tai chi. I den spansktalande delen av California vert det lagt bønn inn i kursopplegget, og i stillehavsområdet vert bileta bytta ut med personar som har kjende ansiktstrekk. Visjonen vår var å utvikle ei nettbasert teneste som var i samsvar med norsk kultur, noko som førte til at vi måtte gjennomføre ei omdanning av opplegget. For å kunne skape den norske nettversjonen tok vi utgangspunkt i to ulike kunnskapstypar. Den eine var knytt til forståing av konseptet Lev eit friskare liv. Den andre var knytt til nettbasert læring. Desse komponentane er like viktige, sidan den første skaper byggjesteinane i ei oppbygging. Den andre representerer byggjeteknikken. I arbeidet har vi brukt seks kjelder: Den norske versjonen av Lev eit friskare liv Den amerikanske versjonen av Lev eit friskare liv Den amerikanske nettbaserte versjonen av Lev eit friskare liv Erfarne kursleiarar Forskingsrapportar og litteratur Kunnskapar og erfaringar knytt til nettbasert læring Kurset sitt lesestoff er omsett frå den amerikanske nettversjonen. Ein har freista å skape ein uformell språkleg tone. Omsetjinga er gjort av innleigd freelace translatør og prosjektleiar. Translatør har omsett teksten, medan prosjektleiar har drive sjangertilpassing med tanke på teksten sin funksjon og nettet som medium. Grafisk utforming Menneske er gode til å gjenkjenne, men relativt dårlege til å hugse sekvensar [20]. Dette gjer at vi har lagt vekt på å få ein naturleg flyt gjennom programmet. I starten på 90-talet var omgrepet WYSIWYG svært mykje brukt. WYSIWYG er ei samandragning av What You See Is What You Get det du ser er det du får. Grunnen til dette var at fram til då var det som viste på skjermen ulikt det du fekk skrive ut. For oss ligg det nærare å snu dette omgrepet til WYGIWYS What you get is what you see [21] - det du ser er det du får. Dette tyder at vi legg vekt 15

på å utvikle ein stad på nettet, der deltakarane trivast og opplever som vennleg. I den samanhengen vert design av både utsjånad og funksjonalitet viktig. For å skape ein heilskapeleg design og eit vennleg grensesnitt vart det leigd inn designar for å fastlegge fargeval og utsjånad på grafiske element. Fargane vart lagt til svart, kvitt, ein grønleg blåtone (html: #669999) og ein blåleg grøntone (html: #99cc99). Vidare vart det utvikla følgjande grafiske element som gjenkjenning og symbol for navigasjon: Dette er prosjektet sin logo, og vert nytta som element for gjenkjenning av prosjektet. Dette symbolet viser til den primære gruppa deltakarane er med i: Delgruppa. Ei slik gruppe inneheld 8-12 deltakarar Dette symbolet representerer heile gruppa, det vil i praksis seie mellom 30 og 50 personar. Her viser alle fire delgruppene. Dette symbolet viser til lesestoffet som det er meint at deltakarane skal lese. Diskusjonsforum: Her kan deltakarane diskutere det dei måtte ønskje. Her er vi ute etter å vite noko. Dette vert brukt på idédugnad og problemløysing. Handlingsplan.- nyttårsforsett som skal halde i ei veke 16

Ulike stadium i handlingsplanane: Overordna målsetjing Handlingsplan Kommentar frå deltakarar eller rettleiarar Rapportering eigaren av handlingsplanen fortel korleis det har gått Kommentar frå deltakarar eller rettleiarar Symbol for dynamisk skjermaktivitet Symptomsirkelen eit sentralt verkemiddel i oppbygginga av innhaldet i kurset. Nettbaserte læringstiltak Internett, og dermed denne typen bruk av IKT, er ikkje berre eit verkty. Det er ei rekkje ulike sider ved IKT som vert aktualisert når ein vil nytte IKT som pedagogisk reiskap. IKT kan representere både metode, verkty, ferdigheit, innhald og ein del av arbeidslivet sin aktivitet på ein gong. Ut frå vår tankegang er det å lære, det same som å delta. Dermed må alle desse sidene takast omsyn til. Eit viktig aspekt å ta med seg når ein skal nytte nettet som arena for læring er at nettet som møtestad er så mykje mindre forpliktande enn om ein møtest fysisk [22]. Om ein er i eit kurslokale for å lære er det mykje vanskelegare å forlate rommet enn å kople seg av nettet. På nettet vert ein gjerne ikkje lagt merke til om ein er still, og om ein forlet fellesskapet vert ein berre stillare. Slik er det ikkje i kurslokalet det å forlate kurslokalet er ei sterk handling, den tiltrekkjer seg merksemd, og det er mogeleg å sjå eit lite stykke på førehand at det vil skje. På nettet er ein ofte borte like plutseleg som ein kjem det vil seie utan forvarsel av noko slag. Ein av fordelane med å nytte nettet som arena slik vi gjer det er at arbeidet vert gjort asynkront. Det gir deltakarane tid og rom til å jobbe i sitt eige tempo [23]. I tillegg ligg den asynkrone måten å arbeide på nært opp til arbeidsmåtar som lærarar er fortrulege med i tradisjonell undervisning, og er dermed relativt lett tilgjengeleg for aktørar med avgrensa IKT-kunnskapar [24]. Når ein nyttar nettet som læringsarena er dialogen i vårt tilfelle skriftleg. Dette kan vere både ein føremun og ein ulempe. Den gode sida er at det gir rom for ettertanke, grundig refleksjon og fordjuping. Haken er at det å formulere seg skriftleg kan vere knytt til relativt store barrierar. Barrieren kan vere knytt både til det at ein ikkje har for vane å dele det ein skriv med andre eller fordi ein ikkje er komfortabel med å uttale seg. Det er mange som er til stades i eit kurslokale, og som sjeldan opnar munnen utan ein vert utfordra. Desse tek det gjerne att med prat i pausane eller i form av 17

skriftleggjering [25]. Ein må ha respekt for denne skilnaden, men samstundes sjå parallellen til kurslokalet der ein har ei rekkje ulike teknikkar som sikrar at alle uttalar seg. Desse teknikkane er eit resultat av ein tanke om at ein må vere aktiv for å lære noko. Det er noko med at den som er mest aktiv i eit kurslokale, er den som lærer mest og alt for ofte er det læraren. Zane L. Berge[26] har presentert ei liste over oppgåver som kan knytast til det å avvikle nettbaserte kurs. Denne er kategorisert, og oppgåvene er delt på fire ulike roller. Desse rollene er ikkje heilt skilde frå kvarandre. I mange tilfelle har same person fleire av desse rollene eller den er delt mellom fleire personar. Pedagogisk: Den som skal legge til rette for at det skjer læring. Sosial: Den som skaper eit godt klima for læring Styring: Den som har det organisatoriske og administrative ansvaret Teknisk: Den som har ansvar for at teknologien skal bli transparent Robin Mason [27] ved The Open University reflekterer rundt kva som er den magiske formelen for eit vellukka nettstudium. Han trekkjer opp ein del problemstillingar, viser nokre konkrete døme og landar på at det er tre svært viktige sider ein må ta omsyn til: Ein må skape eit trygt læringsmiljø, ein må ha strukturerte aktivitetar og effektiv rettleiing. I IKT-verktyet skal menneske som ikkje møtest fysisk samarbeide. Verktyet er ein arena der ein berre ser spor av menneskeleg aktivitet, eit verkty der samarbeidet mellom aktørane er mediert av ei datamaskin, kort sagt eit verkty der vi i stor grad må skape reglane for interaksjon frå botnen av og som lærarar i eit nettbasert kurs må vi vere veldig tydelege på kva som skal gjerast og kvifor [28, 29]. Den nettbaserte arenaen vil altså legge opp til betre handtering av kroniske lidingar gjennom deling av erfaringar som er knytte til det å ha kroniske lidingar. Ein legg såleis vekt på samtalar mellom deltakarane, og at dei byggjer utsegner på kvarandre, i motsetnad til parallelle meiningsytringar. Dei parallelle ytringane skaper i realiteten ikkje ny kunnskap. I det ein uttalar ein allereie veit, vert uttalane ikkje anna enn sementering av det ein veit. Nettet som læringsarena Internett har store mengder informasjon, men denne informasjonen manglar den menneskelege koplinga som ein ofte finn utanfor nettet. Denne menneskelege koplinga kan ein skape gjennom nettbaserte aktivitetssystem [30]. Preece [30] diskuterer tilhøvet mellom nettbaserte aktivitetssystem og tradisjonelt mellommenneskeleg samvær. Forsking tydar på at dei som nyttar mykje tid på nettet nyttar tid som elles ville blitt nytta til tradisjonelt mellommenneskeleg samvær. På den andre sida ser det ut for at Internett er spesielt godt eigna til å vedlikehalde sterke bindingar mellom menneske, men mindre eigna til å utvikle sterke bindingar. Ein må altså vere klar over at nettbasert aktivitet kan verke eroderande på mellommenneskeleg kontakt. Samstundes veit ein at mellommenneskeleg kontakt minkar i dagens samfunn, og at ein dermed også må ta omsyn til at svake bindingar via Internett er betre enn ingen bindingar. Det er lett å sjå på ulempene med det nettbaserte aktivitetssystemet utan å tenkje på at mange ekte samfunn er stadar fulle av einsemd. Internett har og vist seg å være ein arena der personar med spesielle interesser kan finne kvarandre og oppnå stor grad av fellesskap kring desse interessene. Ein av fordelane med å nytte nettet som arena slik vi gjer det er at arbeidet vert gjort asynkront. Det gir deltakarane tid og rom til å jobbe i sitt eige tempo [23, 30]. Det gjer at det ikkje alltid er dei same personane som tener på ei nettbasert løysing som dei som tener på ei tradisjonell løysing [30]. Those who are strong and confident in a classroom can find themselves floundering and nervous online [30, p 90]. 18

Paradigme innan IKT og læring Timothy Koschmann [31] har ved hjelp av Kuhn sin definisjon av paradigme innan naturvitskapen gjort eit forsøk på å kategorisere bruken av IKT for å oppnå læring i paradigme. I botnen for oppdelinga i desse paradigma ligg at synet på informasjonsteknologi i undervisningssamanheng har endra seg alt etter kva perspektiv på kunnskap og læring som er lagt til grunn [24]. Tidlegare var fokus retta mot korleis datamaskina kunne legge til rette for læring ved at den instruerte den lærande eller ved at den lærande utvikla seg ved å instruere datamaskina. I det (mellombels) siste paradigmet (CSCL) er ikkje datamaskina for kognisjonspartnar å rekne, den har fått rolla som kommunikasjonsverkty. Det er mennesket på andre sida av teknologien som er kognisjonpartnar. Kunnskapen vert innan dette paradigmet skapt i møtet mellom menneske, der menneskeleg interaksjon vert mediert av datateknologien. Tabell 1 Dei fire paradigma som Koschmann (1996) omtalar: Norsk nemning Engelsk nemning Kognisjonspartnar Datamaskina si rolle Datastøtta instruksjon Computer aided Datamaskina Lære av instruction (CAI) Intelligente Intelligent tutoring system Datamaskina Lære av rettleiingssystem (ITS) Logo som latin Logo-as-latin Datamaskina Lære med Datastøtta samarbeidslæring (DSSL) Computer supported collaborative learning (CSCL) Menneske på andre sida av datamaskina Lære med Datastøtta instruksjon: Paradigmet har grunnlag i ein behavioristisk tankegang, der ein er opptatt av kor effektiv læringa er med og utan bruk av datamaskin [31]. Intelligente rettleiingssystem: Dette paradigmet byggjer på informasjonsprossesering, og læringsmiljøa er i realiteten avanserte utgåver av datastøtta instruksjon. Det som skil dette paradigmet frå datastøtta instruksjon er at læringsmiljøa er forbetra med teknologi frå forskinga kring kunstig intelligens [31]. Logo som latin: Kognitiv konstruktivisme er bakgrunnen for tenkinga i dette paradigmet. Paradigmet byggjer på ein tanke om at kunnskap ikkje kan overførast frå datamaskina til eleven, men må byggast av eleven sjølv, i samhandling med datamaskina. Bakgrunnen for nemninga logo som latin er at programmering av datamaskiner er ein aktivitet som skal hjelpe den lærande til å utvikle sine kognitive eigenskapar [31]. Datastøtta samarbeidslæring (Computer Supported Collaborative Learning - CSCL): Dette paradigmet byggjer på ei sosiokulturell forståing for læring. Forskingsbotnen for dette paradigmet er breiare enn dei tidlegare paradigma og har vesentlege innslag frå sosial- og humanvitskapane. Dette gjer at innan dette paradigmet er ein oppteken av å forstå språk, kultur og andre sider ved den sosiale konteksten. CSCL nyttar IKT som eit medierande artefakt, til skilnad frå dei tidlegare paradigma der datamaskina har vore kognisjonspartnar. CSCL byggjer på felles kunnskapsdanning mellom deltakarane. Datamaskina er no blitt redusert til å vere eit verkty for samhandling. Dette skiftet, som gjeld både teori og praksis, medfører at konteksten kjem i forgrunnen og vert det viktigaste studieobjektet. Den læringsmodellen som ligg til grunn for arbeid innan CSCL er samarbeidslæring. [24, 28, 31] Det er innanfor det siste paradigmet vi held oss i bruken av IKT i dette tiltaket. Nettbasert arena Omgrepet Ba kan nyttast for å skildre ein samanheng der det kan skje kunnskapsdanning [32]. Omgrepet er japansk og tyder ei tid og ein stad som er delt. På norsk er det mellom anna omsett til kunnskapshjelpande kontekst [33]. Omgrepet vert gjerne nytta når ein fokuserer på innovativ læring i organisasjonar. 19