Forynging av skog etter hogst Kva betyr dette i praksis? Ved Christian Rekkedal 1
Gjeldande regelverk finst her: Skogbrukslova 6 om forynging og stell av skog, jamfør også Ot.prop 28 (2004-2005) Forskrift om berekraftig skogbruk, (FOR 2006-6-07-593) Kap 2 om miljøomsyn Kap 3 om forynging etter hogst Rundskriv om foryngingsplikt frå SLF 14.04.2011 Naturmangfaldlova 7 12 om miljørettslege prinsipp for sakshandsaming 30 om framande organismar 2
Skogbrukslova 6 Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging. Nødvendige tiltak for å leggje til rette for forynging skal setjast i gang innan 3 år etter at hogsten er skjedd. Fristen for forynging kan utsettes til 5 år der det ut frå klimatiske og lokale forhold er forsvarleg. Dersom skogeigaren ikkje rettar seg etter dette, avgjer kommunen om skogeigaren skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga. 1 Tiltaket må setjast i verk innan ein frist som maksimalt kan vere på 2 år. Blir ikkje tiltaka utførte innan fristen, skal kommunen sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren si rekning. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen kan krevjast dekt frå middel som er avsett i skogfondet. 2 Kostnadene er tvangsgrunnlag for utlegg. 3 Dersom kommunen finn det nødvendig for å hindre store negative effektar på miljøverdiane, under dette ureining av viktige vassførekomstar, kan kommunen nekte skogeigarar å plante i skoglause område, å skifte treslag, å grøfte, gjødsle eller bruke plantevernmiddel. Kommunen kan også setje vilkår i slike høve. Departementet kan fastsetje nærare forskrifter om forynging og stell av skog, under dette krav til tilfredsstillande forynging, skifte av treslag, bruk av utanlandske treslag, grøfting i skog, gjødsling av skog, bruk av plantevernmiddel i skog og frø- og planteforsyninga i skogbruket. 3
Forskrift om berekraftig skogbruk 3.Plikta til å ta miljøomsyn Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sjå til at det blir teke nødvendige omsyn til biologisk mangfald, friluftsliv, landskap og kulturverdiar i samsvar med føresegnene i skogbrukslova. Skogeigar skal sjå til at også dei som gjer arbeid i skogen tek slike omsyn. 4.Miljødokumentasjon og miljøregistreringar Skogeigar skal kunne gjere greie for dei miljøomsyn som ligg til grunn for planlagde eller utførte tiltak i skogen, jf. lov 9. mai 2003 nr. 31 om rett til miljøinformasjon og deltakelse i offentlige beslutningsprosesser av betydning for miljøet (miljøinformasjonsloven). Hogst kan normalt berre skje i område der det er gjennomført miljøregistreringar, jf. forskrift 4. februar 2004 nr. 449 om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer. Ved hogst i område der slike registreringar enno ikkje er gjennomførte, skal dei føre-var-tiltaka som er nedfelte i Norsk PEFC Skogstandard leggjast til grunn. 4
Forskrift om berekraftig skogbruk, 2 5.Miljøomsyn ved skogbrukstiltak (utdrag) ( ) I forynging av barskog skal ein tilstreve eit minimum på 10% lauvtre. Med unntak av skifte av treslag i eikeskog på låg og middels bonitet, kan skifte av treslag i edellauvskog berre skje etter godkjenning frå kommunen. Nygrøfting av myr og sumpskog med sikte på skogproduksjon er forbode. Skogreising på snaumark og skifte av treslag på samanhengande areal over 100 dekar krev melding til kommunen. Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå da meldinga kom fram til kommunen, kan det meldte tiltaket setjast i verk. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon kan berre skje etter godkjenning frå kommunen. Ved avgjerda skal kommunen leggje vekt på å unngå ukontrollert spreiing av slike treslag ved naturleg forynging. (.. ) 5
Forskrift for berekraftig skogbruk, 3 6.Plikta til å forynge Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging, jf. 6 i skogbrukslova. 7.Krav til forynging Skogeigar skal gjennomføre nødvendige tiltak for å sikre tilfredsstillande forynging innan tre år etter hogst. Dersom forynginga skal skje ved planting skal ho vere gjennomført innan tre år etter hogsten. Kommunen kan etter søknad gi utsetjing med denne fristen når det ut frå klimatiske og lokale forhold er nødvendig. Den nye fristen skal ikkje vere lenger enn 5 år etter hogsten. 6
Forskrift om berekraftig skogbruk, 4 8.Tilfredsstillande forynging Ved etablering av ny skog etter hogst skal tala i tabellen nedanfor leggjast til grunn. Tabellen gjeld både naturforynging og planting. Det skal takast omsyn til at det i perioden fram til forynginga er etablert, kan skje både avgang og oppslag av nye planter. Forynginga er etablert når konkurransen frå annan vegetasjon minkar og konkurransen mellom planter av ønskja treslag gjer seg gjeldande. Dersom kommunen finn at forynginga ikkje er tilfredsstillande må kommunen vurdere om det er nødvendig å påleggje tiltak for å få til tilfredsstillande forynging. Kommunen kan berre gi pålegg om å forynge med treslag som naturleg høyrer heime i området. Tilrådd plantetal pr. dekar Minste lovlege plantetal pr. dekar Gran- og/eller lauvdominert skog Furudominert skog G26-G20 G17-G14 G11-G6 F20-F17 F14-F11 F8-F6 300-180 230-130 140-60 340-190 240-120 130-80 150 100 50 150 100 50 7
Rundskriv frå SLF om forynging Kva betyr: «Tilfredsstillende forynging» og «Kommunen kan berre gi pålegg om å forynge med treslag som naturleg høyrer heime i området.»? SLF (dagens Ldir) viser til brev frå LMD 14.04.2011: Departementet sier at skogeier ved hogst selv utløser sin egen foryngelsesplikt. Det sentrale er at skogeierne har et bevisst forhold til valg av foryngelsesform før hogst, og at skogen forynges med dei treslag som er tilpassa veksestaden og som kan gi ein tilfredsstillande produksjon av virke, både volum- og kvalitetsmessig. Det betyr at for å overholde bærekraftforskriftens formål om å fremme et bærekraftig skogbruk som sikrer miljøverdiene i skogen, aktiv foryngelse og oppbygning av ny skog, så må det etableres ny skog etter hogst med en volum- og kvalitetsmessig produksjon som ikke står vesentlig tilbake for den skogen som ble avvirket. Naturlig foryngelse av dunbjørk eller andre lauvtreslag etter hogst av plantet produksjonsskog vil svært sjelden resultere i en slik produksjon. Men forskriften stiller altså krav om tilfredsstillende foryngelse, ikke treslagsvalg. Gran er regnet som et norsk treslag som kan brukes i hele landet, jf. også naturmangfoldloven. Bruk av utenlandske treslag vil bli avklart i forskrift til naturmangfoldloven. 8
NML framande organismar 30.(utsetting og omsetning) Ingen må uten med hjemmel i 31 eller tillatelse fra myndigheten etter denne loven sette ut a) organismer av arter 2 og underarter som ikke finnes naturlig i Norge, herunder utenlandske treslag (..) I lovarbeidet i Stortinget vart dette kommentert slik frå fleirtalet i energi og miljøkomiteen: Komiteen støttar vidare at det blir krav om løyve etter naturmangfaldlova for å sette ut organismar av arter og underarter som ikkje er å finne naturleg i Noreg. Dette vil òg omfatte utanlandske treslag. (..) Komiteen er også samd i at det blir krav om løyve etter naturmangfaldlova for å kunne setje ut vilt av arter, underarter eller bestandar som ikkje frå før er å finne naturlig i distriktet, og at det gjennom forskrift kan stillast krav om at òg utsetjing av andre organismar som ikkje frå tidlegare førekjem naturlig på staden krevjar løyve, men at dette ikkje skal kunne gjelde norske treslag. ( ) 9
Unntak frå kravet om forynging? Skogbrukslova eller forskrifta inneheld ikkje eigne dispensasjonsreglar, men det er opp til kommunen å reagere på brot på foryngingsplikta, 6: Dersom skogeigaren ikkje rettar seg etter dette, avgjer kommunen om skogeigaren skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga. Kva bør ein leggje vekt på i vurderinga? Sjå Ot. Prop nr 28 (2004 2005) om 6 Tilfredsstillande = må stille viss minimumskrav Må også ta høveleg omsyn til miljøkrava i lova Eit samla skjønn Tilhøva på staden kan vere slik at det ikkje er pårekneleg eller ynskjeleg med skogproduksjon Tiltaka må stå i rimeleg forhold til lønsemda Bør praktiserast slik at skogeigar ikkje får pålegg om uforholdsmessige tiltak etter f.eks sjukdom eller naturskade Kommunen har rett til å velje om det skal gjevast pålegg eller ikkje 10
Oppsummering Utgangspunktet i lova er tilfredsstillande forynging etter hogst Forynging på ein måte som gir skog som i kvalitet og volum ikkje er vesentleg dårlegare enn det som vart hogd Gran er eit norsk treslag som kan brukast over heile landet Utanlandske treslag er regulert med eiga forskrift Skal også ta miljøomsyn etter skogbrukslova Kommunen kan gje pålegg om foryngingstiltak Viss ein gir pålegg om forynging, må vedtaket også innehalde ei vurdering etter NML 8-12 Kommunen kan la vere å gje pålegg om forynging, ut frå ei konkret vurdering For kommunale vedtak med heimel i skogbrukslova, er fylkesmannen klageinstans, jamfør skogbrukslova 21 11