Læringsmål. 4 - Tid. Differensiering

Like dokumenter
Læringsmål. 4 - Tid. Differensiering

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. KLASSE 2017/2018. Bjerke m.fl, Matemagisk 5a og 5b, samt oppgåvebøker og digitale ressursar. Anne Fosse Tjørhom

ÅRSPLAN Hordabø skule 2015/2016

Årsplan MATTE 4.klasse 2016/2017 VEKE KOMPETANSEMÅL DELMÅL VURDERING ARBEIDSMÅTAR

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Læringsmål: Eg skal kunne..

Matematikk, barnetrinn 1-2

Klepp kommune Tu skule

Uke Tema Læreplanmål Læringsmål Læremiddel

Kunna rekna med positive og negative tal. Kunna bruka. addisjon og subtraksjon. Automatisera dei ulike rekneartane

Årsplan i matematikk for 4.årssteg

Årsplan i matematikk for 5. årssteg

Årsplan i matematikk for 4.årssteg

1.8 Binære tal DØME. Vi skal no lære å omsetje tal mellom totalssystemet og titalssystemet.

Kartleggingsprøve K1, nynorsk. Del 1

Lokal læreplan for 1.trinn Dalane skule : Matematikk. Sortering. Veke Kompetansemål Tema og Læringsmål «Eg skal kunne...» Vurdering.

Årsplan i matematikk 2. trinn

Merk: Tidspunkta for kor tid me arbeider med dei ulike emna kan avvika frå planen. Me vil arbeida med fleire emne samtidig.

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om statistikk og sannsyn

Matematikk 2.kl / 19. Lærar: Anny Skaar Myrvang. Læreverk: Matemagisk 1A, 1B + oppgåveboka 1A og 1B.

Fagplan, 4. trinn, Matematikk

Årsplan i matematikk for 4.årssteg

Å løyse kvadratiske likningar

KOMPETANSEMÅL I MATEMATIKK 1. KLASSE.

Årsplan Matematikk 8. trinn

- Positive negative tal - Titallsystemet - Standardalgoritmen. addisjon og subtraksjon - Automatisere dei ulike rekneartane

Forstå plassverdisystemet for heile tal. Kunna plassera negative og positive heiltal på tallinja. Kunna gjera overslag og foreta avrunding

Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

ÅRSPLAN MATEMATIKK - 2. TRINN - SINNES SKULE /2018

EMNEPLAN. Årsplan: Matematikk 3.kl Skuleåret: 2016/17 Faglærar: Stine Pedersen. Emne: Addisjon og subtraksjon 3. klasse

ÅRSPLAN matte 2. trinn 2017/2018

Årsplan i matematikk for 6. trinn

Fag : MATEMATIKK Trinn 7. klasse Tidsperiode: Uke 1-2 Tema: Måleenheter og måleusikkerhet

Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål

Årsplan i matematikk for 2.årssteg

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Hausten 2014

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 7. TRINN

Fag matematikk Trinn 3.klasse

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 4. TRINN 2016/2017 Hovudlæreverk: Multi. -Lesa av og plassera koordinatar - Føra etter reglar i kladdeboka

Revidert hausten 2018 Side 1

Kjenna verdien til kvart siffer i både fleirsifra tal og desimaltal.

Årsplan MATEMATIKK 1. klasse 2017/2018 Matemagisk. Veke KOMPETANSEMÅL DELMÅL VURDERING ARBEIDSMÅTAR

LOKAL LÆREPLAN ETTER LK-06 VED TORDENSKJOLDS GATE SKOLE. FAG: Matematikk TRINN: 5. Timefordeling på trinnet: 4 timer i uka

Forstå samanhengen mellom brøk, prosent og desimaltal. - Lesa av tabell og søylediagram - Laga tabell og søylediagram. - Ha ei spørjeundersøking.

Årsplan Matematikk 4. trinn 2015/2016

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Fag matematikk Trinn 3.klasse

Anne-Lise Gjerdrum Elisabet W. Kristiansen. Illustrasjonar: Anne Holt og John Thoresen. Tusen millionar. Nynorsk

Årsplan Matematikk trinn

Årsplan Matematikk 5. trinn 2015/2016

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I MATEMATIKK 2. TRINN

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN, SKOLEÅRET

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om koordinatsystem og rette linjer

Eg skal kunne. sortere og rangere etter ulike kriterium, som farge, størrelse og mengde. Eg skal kunne

Årsplan i matematikk 2017/18

FAGPLAN i matematikk 6. trinn. Mål: Vi skal ha fokus på en praktisk tilnærming til temaene. Uke Tema Læringsmål Kompetansemål. 35 Grunnboka 6A s.

Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk

Multi 4A s.1-17 Oppgavebok s. 2-6

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Faktor terminprøve i matematikk for 8. trinn

ÅRSPLAN. 1.TRINN. 2018/2019

ÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 5. KLASSE, SKULEÅRET 2015/2016

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

UKE TEMA KOMPETANSEMÅL LÆRINGSMÅL INNHOLD METODE VURDERING 34 Repetisjon Koordinatsystemet

ÅRSPLAN. Skoleåret: 2015/16 Trinn: 4.trinn Fag: Matematikk Utarbeidet av: Trine og Espen. Karl Johans Minne skole

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

UKE Tema Læringsmål Kunnskapsløftet Metoder

UKE Tema Læringsmål Kunnskapsløftet Metoder

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål

Emnebytteplan matematikk trinn

Kompetansemål etter 2. steg (KL06)

Halvårsplan i matematikk, våren klasse Ferkingstad skule

Sirdal kommune - Sinnes skule - Årsplan /2017

Årsplan i matematikk 2015/16

Læreplan i matematikk fellesfag - kompetansemål

Måling. Geometri. Tall. Statistikk. Fagplan/årsplan i matematikk 1.trinn 2016/2017 Faglærer: Linn Katrine Hegg Vike. Hovedområde

Læreplan i matematikk fellesfag kompetansemål Kompetansemål etter 4. årstrinn

ÅRSPLAN / HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 1. TRINN BRYNE SKULE 2015/2016

Årsplan Matematikk Årstrinn: 6. årstrinn Eli Aareskjold, Anlaug Laugerud, Måns Bodemar

Brukarrettleiing E-post lesar

Halvårsplan for: 3. trinn, høst 2017 Fag: Matematikk

6-åringar på skuleveg

Årsplan Matematikk 5. trinn 2015/2016

Halvårsplan for: 3. trinn, høst 2018

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Årsplan. Uke Tema Kompetansemål Læringsmål Metode; TPO, strategier. Vurdering (i alle perioder)

til 1000 Du treng: Blyant, passar, linjal og binders.

ÅRSPLAN Arbeidsmåter ( forelesing, individuelt elevarbeid, gruppearbeid, forsøk, ekskursjoner )

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Årsplan. Uke Tema Kompetansemål Læringsmål Metode; TPO, strategier. Vurdering (i alle perioder)

Eksamen MAT1005 matematikk 2P-Y va ren 2015

Multiplikasjon s. 3 Multiplikasjon med desimaltal s. 4 Divisjon s. 5 Divisjon med desimaltal s. 6 Omkrins s. 7 Areal s. 8 Utvide og forkorta brøk s.

Transkript:

Læringsmål 7 kunne samtale om erfaringar med tidseininga minutt kunne lese av og skrive klokkeslett som viser kvart over og kvart på Oppdag samanhengar og diskuter. I tillegg til å arbeide med klokkeslett analogt og digitalt, som er ein repetisjon frå 3. trinn, vil elevane møte sekund, tidssoner og ulike måtar å skrive dato på. La dei diskutere og bruke eigne ord om elementa på side 4. Dei digitale klokkesletta som er viste, bør vere kjende for elevane. Kvifor viser dei ulik tid? Har somme av elevane ringt til andre stader i verda der det har vore eit anna klokkeslett enn i Noreg? Kva for ein dato er vist på klokkene? Kva for ein dato har elevane bursdag? Robo fortel at han har sprunge 3 kilometer på 18 minutt og 23 sekund. Kva tyder det? Kor mange sekund er det i eitt minutt? Er somme av elevane med i ein idrett der det blir operert med minutt og sekund? Differensiering Meir hjelp: Elevene kan bruke kopioriginal 2 som hjelp. De kan også løse oppgavene ved hjelp av ressursen «Klokke» på www.matteoveralt.no. Meir utfordring: Elevane kan velje seg ut to og to klokkeslett og finne ut kor lang tid det er mellom dei. Elevane kan også utfordrast til å finne likskapar og forskjellar mellom korleis klokkesletta blir uttalte i Noreg og i England. 4 - Tid

Utstyr Klokke (kopioriginal 1) Klokke med hjelp (kopioriginal 2) Elevane skal skrive klokkeslettet som er vist på klokka, som tekst. Elevane skal kjenne til omgrepa kvart over og kvart på frå 3. trinn, men det er ikkje sikkert at alle hugsar omgrepa. Snakk derfor med elevane om kor lenge eit kvarter er i minutt, og kor stor del det er av ein time. Femten minutt er det same som eit kvarter. Elevane teiknar visarane på klokka. Klokkeslettet er gitt anten som tekst eller digitalt. Nettressursen til Matte overalt www.matteoveralt.no Frå lærarens ressurssider kan det lastast ned fleire oppgåver med rekning med tid i ulike vanskegradar, som kan skrivast ut. Ressursen «Klokke» viser samanheng mellom digital og analog klokke. Klokka er fin å bruke når ein skal stille klokka fram og tilbake i rekneoppgåver. Aktivitetar Elevane kan komme med forslag til eksempel på ting som varer i eit kvarter, og eksempel på aktivitetar som begynner eller sluttar på klokkeslett med «kvart på» eller «kvart over». Elevane arbeider i grupper og finn løysinga på spørsmål som: Kor mange minutt er det i eit kvarter? Kor mange sekund er det i eit kvarter? Kor mange kvarter er det i ein time? Kor mange kvarter er det i tolv timar? Kor mange kvarter er det i eit døgn? Elevane lagar si eiga klokke ved å bruke kopioriginal 1, som kan kopierast på litt stivare papir. Ein splittbinders kan brukast til å feste visarane. Klokka kan for eksempel brukast ved at læraren eller ein elev seier eit klokkeslett som ein annan elev skal vise på klokka si. 5 - Tid

Læringsmål 7 kjenne til inndelinga av klokka i intervall på ti og fem minutt Elevane skal skrive klokkeslettet som er vist på klokka, som tekst. Elevane skal kjenne til omgrepa frå 3. trinn, men det er ikkje sikkert at alle hugsar dei. Snakk med elevane om plasseringa av minuttvisaren og timevisaren (den «store» og den «vesle» visaren) når klokka er ti på, ti over, ti på halv og ti over halv. Elevane teiknar visarane på klokka. Klokkeslettet er gitt anten som tekst eller digitalt. Differensiering Meir hjelp: Elevane kan bruke kopioriginal 1 og 2 som hjelp. Dei kan også løyse oppgåvene ved hjelp av ressursen «Klokke» på www.matteoveralt.no. Meir utfordring: Elevane bruker klokkene på sidene 6 og 7. Dei kan konkurrere to eller fleire mot kvarandre. Kven er den første til å finne to tidspunkt med eit intervall på under to timar? Over fire? Mellom to og seks osv.? 6 - Tid

Utstyr Klokke (kopioriginal 1) Klokke med hjelp (kopioriginal 2) Klokkespel (kopioriginal 7 A C) Elevane skal skrive kva for to digitale klokkeslett den analoge klokka viser. Dei skal kjenne til omgrepa frå 3. trinn, men det er ikkje sikkert at alle hugsar dei. Snakk med elevane om plasseringa av minuttvisaren og timevisaren når klokka er fem på, fem over, fem på halv og fem over halv. Spør elevane om dei kan forklare forskjellen mellom ti på og fem på. Kva for ei klokke har minuttvisaren nærmast tolv? Kvifor? Elevane teiknar visarane på klokka. Klokkeslettet er gitt anten som tekst eller digitalt. Nettressursen til Matte overalt www.matteoveralt.no Frå lærarens ressurssider kan det lastast ned fleire oppgåver med rekning med tid i ulike vanskegradar, som kan skrivast ut. Ressursen «Klokke» viser samanheng mellom digital og analog klokke. Klokka er fin å bruke når ein skal stille klokka fram og tilbake i rekneoppgåver. Aktivitetar Spel klokkespel (kopioriginal 7 A C). Elevane spelar to og to. Dei legg fire kort på bordet. Resten av korta blir fordelte i to like store bunkar, ein framfor kvar av spelarane. Kvar spelar tek opp fire kort frå bunken sin. Spelarane har no «turen sin» annankvar gong. Oppgåva er å kople kort som høyrer saman. Korta med ord skal beskrive heile eller delar av minuttposisjonen i kort med klokkeslett. Spelarane kan leggje eit kort frå handa med eit klokkeslett oppå eit kort på bordet, dersom kortet på bordet beskriv delar av klokkeslettet. Omvendt kan fleire kort frå handa beskrive delar av eit klokkeslett på bordet. Kortet «Fritt val» kan leggjast på alt. Kvar spelar kan leggje på eitt, to eller tre kort kvar gong det er spelaren sin tur. Kan ein ikkje leggje på kort, må ein trekkje to kort frå motstandarens bunke og leggje på kort ein har, om det no er mogleg. Kvar runde blir avslutta med at spelaren tek kort frå sin eigen bunke slik at han alltid har fire kort på handa. Vinnaren er den som først blir kvitt alle korta sine både på handa og i bunken. Dersom begge spelarane har gått tomme for kort i bunken og ikkje blir kvitt korta dei har på handa, vinn den som har igjen færrast kort på handa. 7 - Tid

Læringsmål 7 kunne variere mellom ulike måtar å angi klokkeslett på vite at det er 60 minutt i ein time og bruke det i praktiske samanhengar Klokkesletta skal førast opp både som tekst og som digital tid formiddag og ettermiddag. Elevane fyller ut det som manglar. I denne oppgåva arbeider elevane med inndelingar av klokkeslett i minutt. Det kan vere vanskeleg for somme elevar å halde orden på klokka. Bruk ressursen «Klokke» på nettressursen til å samtale om dei ulike tidspunkta. Denne klokka viser både analoge og digitale tidspunkt ned til heile minutt. Still klokka til eit valfritt tidspunkt og spør om elevane har forslag til korleis tidspunktet blir uttalt. Er det nokon samanheng mellom analog eller digital tid og måten vi uttaler klokkeslettet på? Kan elevane finne eit mønster her? Differensiering Meir hjelp: På side 8 kan elevane bruke kopioriginal 2, «Klokke med hjelp». På side 9 kan du oppfordre elevane til å gjere om tida i oppgåvene frå timar til minutt. Meir utfordring: På side 8 kan elevane omsetje teksten til engelsk. På side 9 kan dei prøve å finne fleire svar på oppgåvene. 8 - Tid

Utstyr Klokke med hjelp (kopioriginal 2) Klokkememory 1 (kopioriginal 5) Klokkememory 2 (kopioriginal 6) Skiltet viser kor lang tid i minutt det tek å gå til dei ulike stadene. Oppgåva der elevane skal komme med forslag til ulike turar, er open. Det vil seie at det kan vere fleire løysingar. Elevane skal ikkje finne alle løysingane, men bestemme ei løysing som passar til oppgåva. Elevane må kunne veksle mellom minutt og timar, og dei må vite at det er 60 minutt i ein time. Oppgåva kan lastast ned frå nettressursen og gjerast i rekneark. Utstyr Elevane kan bruke reknearket «Turar i minutt» som hjelp til å løyse oppgåvene. Dei skriv inn talet på minutt og får svar i talet på timar og minutt. Nettressursen til Matte overalt www.matteoveralt.no Frå lærarens ressurssider kan det lastast ned fleire oppgåver med rekning med tid i ulike vanskegradar. Med reknearket «Omgjering tid» kan læraren skrive ut fleire oppgåver av same type som på side 8. Ressursen «Klokke» viser samanheng mellom digital og analog klokke. Klokka er fin å bruke når ein skal stille klokka fram og tilbake i rekneoppgåver. Aktivitetar Klokkememory (kopioriginal 5 eller 6): Elevane går saman i grupper og spelar klokkememory. Den første eleven trekkjer to kort. Dersom begge korta viser likt tidspunkt (analogt, digitalt eller med tekst), beheld eleven korta og trekkjer nye. Dersom korta viser ulike klokkeslett, går turen vidare til den andre eleven. Bestem sjølv om kopioriginal 5 eller 6 skal brukast. Kopioriginal 5 har tidspunkt ned til fem minutts intervall, og kopioriginal 6 har minuttintervall. Samtal med elevane om fordelar og ulemper ved å bruke tid som mål for avstand. Ein tur som for eksempel er rekna til å ta 30 minutt, vil ta kortare eller lengre tid alt etter vêr, terreng og dagsforma hos turgåaren. 9 - Tid

Læringsmål 7 kunne lese av informasjon frå ein busstabell kunne finne tidsforskjellen mellom to klokkeslett (digitale) Elevane finn tidsforskjellen mellom to klokkeslett. Forskjellen er mindre enn to timar, slik at elevane kan ta utgangspunkt i det første klokkeslettet og rekne ut kor mange minutt det er til nærmaste time. Deretter kan dei leggje saman desse minutta med så mange minutt som neste klokkeslett viser. Svaret er dermed tidsforskjellen. Elevane skal skrive tidsforskjellen både som minutt og som timar og minutt. Minn elevane på at det er 60 minutt i ein time. Differensiering Meir hjelp: På side 10 kan elevane bruke ei analog klokke som hjelp. Dei kan også oppfordrast til å telje kor mange minutt det er til neste heile time. På side 11 kan elevane bruke ei analog klokke som hjelp, eller dei kan bruke ressursen «Klokke» på nettressursen til Matte overalt. På dei spørsmåla som dreiar seg om ein spesifikk avgang, kan du rettleie dei om korleis dei finn kva for ein avgang det er. Meir utfordring: På side 10 kan elevane arbeide med større tidsintervall. Du kan laste ned og skrive ut fleire oppgåver frå nettressursen til Matte overalt. På side 11 kan elevane lage fleire spørsmål til busstabellen og byte oppgåver med kvarandre. 10 - Tid

Utstyr Lokale tog- eller bussruter Tabellen viser bussruter frå Oslo til Bø i Telemark, der fire avgangar frå Oslo står oppførte. Elevane bruker tabellen til å svare på spørsmåla. Somme av spørsmåla dreiar seg om ein spesifikk avgang, slik at elevane må vurdere kva for ein av dei fire kolonnane dei skal ta utgangspunkt i. Nettressursen til Matte overalt www.matteoveralt.no Frå lærarens ressurssider kan det lastast ned fleire oppgåver med rekning med tid i ulike vanskegradar. Med reknearket «Tidsforskjell» kan læraren skrive ut fleire oppgåver av same type som på side 10. Reknearket «Tid kalkulator» kan elevane bruke til å rekne fram og tilbake med tid, og finne ut kor lang tid det er mellom to klokkeslett. Ressursen «Klokke» viser samanhengen mellom digital og analog klokke. Klokka er fin å bruke når ein skal stille klokka fram og tilbake i rekneoppgåver. Aktivitetar Bruk lokale tog- eller bussruter. Elevane går saman i grupper og lagar oppgåver med utgangspunkt i rutetabellane. Deretter byter gruppene oppgåver og løyser dei. Elevar som tek buss til skolen, kan oppfordrast til å studere busstabellen på stoppestaden og notere om bussen er forseinka og kor stor forseinkinga eventuelt er. Dei kan gjerne bruke resultata til å føre statistikk. 11 - Tid

Læringsmål 7 kunne finne tidsforskjellen mellom to klokkeslett Tabellen viser soloppgang og solnedgang første dag i kvar månad i Trondheim. Elevane skal bruke den tomme tallinja som hjelp til å finne kor lenge sola er oppe. Elevane vel sjølve korleis dei vil hoppe på tallinja. Eksempelet for 1. januar viser at det først blir hoppa til nærmaste time, deretter for kor mange heile timar det er, det vil seie fram til heile timar for solnedgang. Det siste hoppet tilsvarer kor mange minutt det er over heile time ved solnedgang. Minn elevane på at det er 60 minutt i ein time. Det vil seie at når dei skal hoppe til nærmaste time, må dei hoppe fram til 60 for å finne kor mange minutt det er. Samtal med elevane om dei har brukt andre strategiar enn dei som er viste i eksempelet. Differensiering Meir hjelp: Elevane bruker ei analog klokke (kopioriginal 1) til å telje kor mange minutt det er til nærmaste time, kor mange timar, og kor mange minutt over den heile timen ved solnedgang. Meir utfordring: Elevane kan prøve å finne differansen mellom klokkesletta ved hjelp av oppstilt subtraksjon. Dei må da passe på at minnetalet ved veksling er seks ved overgangen mellom timar og ti-minutta. 12 - Tid

Utstyr Klokke (kopioriginal 1) Nettressursen til Matte overalt www.matteoveralt.no Frå lærarens ressurssider kan det lastast ned fleire oppgåver med rekning med tid i ulike vanskegradar. Reknearket «Tidsforskjell med tallinje» gir trening i å bruke tallinje for å rekne ut tidsforskjellar. Reknearket «Tid kalkulator» kan elevane bruke til å rekne fram og tilbake med tid, og finne ut kor lang tid det er mellom to klokkeslett. Ressursen «Klokke» viser samanhengen mellom digital og analog klokke. Klokka er fin å bruke når ein skal stille klokka fram og tilbake i rekneoppgåver. Aktivitetar Fire elevar konkurrerer parvis mot kvarandre. Kvar elev skriv ned eit klokkeslett utan at nokon av dei andre ser kva denne eleven har skrive. Kvart par samanliknar deretter klokkesletta sine, og det paret som har størst tidsforskjell, får eitt poeng. Det første paret som oppnår fem poeng, har vunne. Ein annan variant er at elevane byter parkameratar frå runde til runde. Dei får da poeng individuelt, og den eleven som først får fem poeng, har vunne. Elevane kan registrere soloppgang og solnedgang lokalt, og samanlikne det dei finn, med andre stader. Dei kan gjerne bruke www.timeanddate.no. Er sola oppe i eit lengre eller kortare tidsintervall? Klarer elevane å grunngi svaret? 13 - Tid

Læringsmål 7 bruke analog klokke til å vise tidsintervall gjere om mellom minutt og sekund kunne fortelje om erfaringar med tidseininga sekund Elevane skal teikne to klokkeslett i dei tomme klokkene slik at tidsforskjellen blir det gitte tidsintervallet. Elevane vel sjølve eit starttidspunkt og plasserer visarane slik at dei viser dette tidspunktet. Det enklaste er å ta utgangspunkt i klokka 12. Snakk gjerne med elevane om valet av starttidspunkt, og om at dei på den måten kan vere med på å bestemme vanskegrad. Kor mange timar og minutt er det i 1,5 time? Differensiering Meir hjelp: På side 14 kan ein tipse elevane om at dei kan stille den første klokka på 12 og deretter telje seg fram så mange timar og minutt som tidsintervallet er. På side 15 kan dei bruke «Tid og brøk» (kopioriginal 4) 1 3 som hjelp. For å finne kor mange sekund det er i minutt, finn elevane klokka på kopioriginalen som er delt i tre, og les av kor mange sekund det er. Meir utfordring: Oppgåvene på side 14 kan gjerast meir utfordrande dersom klokka til venstre ikkje står på heile eller halve timar. På side 15 kan elevane også finne ut kor mange sekund det er i ein time, kor mange minutt det er i 12 timar, kor mange minutt i eitt døgn, kor mange sekund i 10 timar, osv. 14 - Tid

Informasjonen kan brukast som ei oppsummering av kjende einingar for tid. Nytt er sekund. Kva kan målast i sekund, i minutt, i dagar? Kan elevane komme med forslag til ting som kan illustrere kor lenge eitt sekund er? Utstyr Tid og brøk (kopioriginal 4) Stoppeklokke Elevane skal skrive tala som manglar. Dei må vite at det er 60 sekund i eit minutt. Minutt angitt som brøk kan illustrerast på ei analog klokke, som vist på kopioriginal 4. Elevane skriv tala som manglar. Legg merke til om alle registrerer at det er brukt ulike nemningar i oppgåva. Forstår dei tid oppgitt i desimaltal? Kor mange minutt er 30 sekund? La elevane bruke eit kladdeark til å gjere mellomrekningar som trengst. Elevane skal lære å lage eit rekneark som gir alderen deira i månader, veker, dagar, timar, minutt og sekund. Dei følgjer instruksjonane på reknearket. Nettressursen til Matte overalt www.matteoveralt.no Frå lærarens ressurssider kan reknearket «Alderen din» lastast ned. Her kan elevane taste inn alderen sin og få alderen oppgitt i ulike einingar. Aktivitetar La elevane prøve å rekne ut sin eigen alder i månader, veker, dagar, timar og kanskje minutt. Presenter gjerne resultata på tavla. Elevane kan taste inn sin eigen alder i reknearket «Alderen din». To og to elevar er utstyrte med stoppeklokke. Dei skal ta tida på kvarandre etter tur. Kven kjem nærmast i å gjette kor langt eitt minutt er når dei sit i ro? Kven kjem nærmast i å gjette kor langt eitt minutt er når dei samtidig reknar denne oppgåva: 345 + 456 = Elevane skal prøve å bestemme lengda av eitt minutt utan å bruke tekniske hjelpemiddel, men dei kan oppfordrast til å velje eige hjelpemiddel som pulsslag, syngje ein song éin eller fleire gonger, gjenta talord som «tusenog-ein, tusen-og-to» osv., eller å bruke klapping, tromming eller anna. La elevane få ei prøve på for eksempel 10 sekund til justering før tidtakinga begynner. Læraren avgjer korleis tidtakinga praktisk skal gjennomførast, og bestemmer inndelinga i par eller grupper. Kven kjem nærmast, og med kva slags framgangsmåte? 15 - Tid

Læringsmål 7 addere og subtrahere med minutt og sekund bli kjend med tidels og hundredels sekund Biletet viser spelelista til Robo, med songtitlar, artistar og kor lenge kvar song varer. Samtal med elevane om bruk av kolon (:) som skiljeteikn mellom minutt og sekund. Denne skrivemåten blir brukt ved tidsmarkeringar innanfor musikk. I Noreg bruker vi vanlegvis punktum for å skilje mellom minutt og sekund. Oppgåvene trenar elevane i addisjon og subtraksjon av ulike tider, og i omgjering mellom minutt og sekund. Differensiering Meir hjelp: På side 16 kan elevane få oppgitt i sekund kor lenge songane varer. På side 17 må elevane vite at det er ti tidels sekund i eitt sekund. Elevane kan fylle inn tidene i ein slik tabell: Time Minutt Sekund Hundredelar.., Meir utfordring: På side 16 kan elevane finne ut kor lenge heile spelelista varer. På side 17 kan dei finne forskjellen mellom verdsrekord og noregsrekord i ulike friidrettsøvingar der det blir operert med tidelar og hundredelar. 16 - Tid

I fleire tilfelle, for eksempel i ein del idrettsgreiner, trengst det måleiningar som er meir nøyaktige enn heile sekund. Da blir det brukt tidels sekund og hundredels sekund. Det er ti tidels sekund i eitt sekund og hundre hundredels sekund i eitt sekund. Utstyr Stoppeklokke Når det gjeld tidsrom som varer i timar, minutt og sekund, bruker vi punktum som skiljeteikn. Verdsrekorden for 50 kilometer kappgang er på 3.34.13, som tyder 3 timar, 34 minutt og 13 sekund. Komma som skiljeteikn bruker vi berre ved desimaltal. Tidelar og hundredelar (for eksempel i samband med tidtaking) er desimaltal: Det går ti tidelar på eit sekund. Derfor skriv vi verdsrekorden på 60 meter 6,39 med komma som skiljeteikn: 6 sekund og 39 hundredelar. Elevane skal skrive kva dei ulike tidsmålingane tyder i tidslengder. Når filmen på kino varer i 1.42, er det 1 time og 42 minutt, ikkje 1 minutt og 42 sekund, sidan måten vi beskriv tida på, er kontekstavhengig. Kva for ein skal ut? Forslag til løysingar kan vere at klokka skal ut fordi ho viser eit klokkeslett, og ikkje at noko varer i fem minutt, som dei andre alternativa. Programmet skal ut fordi det er det einaste tidsintervallet på fem minutt som er oppgitt mellom to klokkeslett. «Robos hit» skal ut fordi det er det einaste alternativet som ikkje er knytt til klokkeslettet 17.55. Egga skal ut fordi det er det einaste alternativet som berre er skrive med tekst. Aktivitetar I samband med kroppsøvingsfaget kan elevane måle sin eigen puls. Pulsen avspeglar hjarteslaga, og dei finn han ved å telje den rytmiske variasjonen i ei blodåre i eitt minutt. Elevane måler kvilepulsen før aktivitetane begynner, pulsen rett etter trening, to minutt etter trening og fire minutt etter trening. Kvar elev fører målingane sine inn i ein tabell og lagar eit søylediagram. Resultata kan brukast som utgangspunkt for ei grafisk framstilling på tavla der for eksempel dei lågaste og høgaste verdiane, og gjennomsnittet for klassa, kan illustrerast. Elevane kan bruke stoppeklokke med tidelar og hundredelar for å finne ut kven som kan få ein binders til å dale så seint som mogleg, jf. frøspreiing frå tre. Frø frå lønn har for eksempel «nasar» som gjer at dei roterer og blir frakta med vinden. Elevane bruker hjelpemiddel som papir, plast eller liknande til å lage ein «fallskjerm» til bindersen. Deretter finn dei ei fallstrekning på rundt 3 5 meter og måler kor lang tid det tek for bindersen å treffe bakken. 17 - Tid

Læringsmål 7 kjenne til korleis vi skriv datoar samanlikne klokkeslett på ulike stader i verda ved hjelp av tidssoner Det er bestemte reglar for korleis datoar skal skrivast. Likevel blir dei ofte skrivne feil, anten det gjeld bruk av mellomrom eller skråstrek. Gyldige variantar er: 10.01.2013, 10.1.13 og 10.01.13. Internasjonal standard er: 2013-01-10, altså med året skrive først, deretter månaden og til slutt dagen. Samtal i klassa om det er nokon som kjenner denne skrivemåten. Det kan vere elevar frå andre land som bruker den internasjonale måten. Merk at punktumet må med når datoen står utan årstal. Da er det snakk om eit rekkjetal niande, ikkje ni, for eksempel slik: 25.9. eller 25.09. (som vi les «tjuefemte i niande», ikkje «tjuefemte i ni»). Når vi skriv månaden med bokstavar, skal det vere mellomrom mellom punktumet og månaden, slik: 8. januar. Elevane skal setje kryss over dei datoane som ikkje eksisterer. Det er ulike årsaker til at datoane er skrivne feil 31.11.11 finst for eksempel ikkje, for det er berre 30 dagar i november. 13.13.2011 finst heller ikkje, for det er berre 12 månader i eit år. Dei aller fleste matvareprodukt er stempla med ein dato. Produktet bør helst vere brukt før den datoen. Elevane skal kjenne igjen datoar på dei tre bileta og rekne ut kor mange dagar det er til, eller kor mange dagar det er sidan, siste bruksdato. Bruk gjerne knokane for å finne kor mange dagar det er i kvar månad. Differensiering Meir hjelp: På side 18 kan elevane bruke ein kalender som hjelp til å telje dagar fram eller tilbake frå 12. mars. På side 19 kan elevane tenkje seg tidssonene som ei tallinje frå -9 til + 11. Dei bruker tallinja som hjelp til å hoppe fram eller tilbake for å finne tidsforskjellane. Meir utfordring: På side 18 kan elevane ta utgangspunkt i datoen i dag, og finne kor mange dagar det er sidan haldbarheitsdatoen gjekk ut. På side 19 kan elevane ta utgangspunkt i kor mykje klokka er akkurat no, og finne kva ho er i dei andre byane. Dei kan også plassere fleire stader på kartet for å finne rette tidssoner. Bruk for eksempel nettsider som www.tidssone.org eller www.timeanddate.no. 18 - Tid

Biletet viser korleis vi kan bruke knokane saman med ein hugseregel for kor mange dagar det er i kvar månad. Begynn på den ytste handknoken, som representerer januar med 31 dagar. Held vi fram vidare, kjem vi til eit mellomrom mellom knokane. Knokane representerer 31 dagar og mellomromma 30 dagar, med unntak av februar som har 28 eller 29 dagar. Utstyr Kalender Tom emballasje Det er viktig å vere klar over tidssonene når ein har kontakt med personar frå andre land. Det gjeld også barn og ungdom som kan komme i kontakt med personar mange stader i verda via datamaskinen, eller som reiser til fjerne destinasjonar eller har familie i andre verdsdelar. Elevane skal bruke kartet med tidssonene til å svare på spørsmåla. Fargekoden øvst på kartet avgjer kva for tidssone byane ligg i. For eksempel ligg Beijing i tidssone +8, men er farga lilla og er derfor i tidssone +7. Nettressursen til Matte overalt www.matteoveralt.no Frå lærarens ressurssider kan reknearket «Kor mange månader og kor mange dagar» lastast ned. Læraren kan skrive ut oppgåver som gir elevane øving i å rekne ut kor mange månader og dagar det er mellom datoar. Ved å taste F9 kan ein generere nye oppgåver. Aktivitetar Elevane tek med tomemballasje heimanfrå eller frå skolen og undersøkjer datostemplinga på varene. Kva varer er haldbare lenge? Kva varer er haldbare i ein kort periode? Kvifor? Her må elevane finne produksjonsdatoen og jamføre med utløpsdatoen for å kunne svare på spørsmåla. Elevane går saman i grupper. Dei skal undersøkje meir om historia om tidssoneinndelinga. Filosofer over om Noreg burde ha éi, to eller fleire tidssoner. Korleis ville det ha vore i USA eller Russland om det blei brukt éi tidssone for heile landet? 19 - Tid

Læringsmål 7 kjenne til inndelinga av klokka i intervall på fem og ti minutt addere og subtrahere med minutt og sekund kunne finne tidsforskjellen mellom to digitale klokkeslett samanlikne klokkeslett på ulike stader i verda ved hjelp av tidssoner Elevane blir testa i å lese av og skrive klokkeslettet. Dei skal skrive klokkeslettet som digitalt formiddag «09.15» og ettermiddag «21.15». Ein vanleg feil er å skrive 19.15 i staden for 21.15. Dette kan ein oppklare ved å telje timane vidare frå kl. 12. Elevane kan også ta utgangspunkt i at det er 12 timar mellom formiddags- og ettermiddagstid, og rekne ut klokkeslettet. Klokke med hjelp (kopioriginal 2) kan vere ei hjelp for elevane. Elevane skal teikne timevisar og minuttvisar på klokkene. Det kan vere vanskeleg å plassere timevisaren presist mellom heile timar. Poenget er å gjere ei skjønnsmessig vurdering ut frå kor mange minutt det er gått over heil time. I «kvart på fire» har timevisaren gått tre firedelar av vegen mellom 3 og 4. Når klokka er «fem på to», har timevisaren nådd nesten fram til 2, og når klokka er «fem over halv», peikar timevisaren om lag midt mellom dei heile timane. Når det gjeld minuttvisaren, vil svara vise om elevane har forstått kva eit kvarter svarer til i minutt, og kva uttrykka «på» og «over» tyder i forhold til heil og halv time. Minuttvisaren skal vere nøyaktig plassert på minuttmarkeringane. Klokke med hjelp (kopioriginal 2) kan vere ei hjelp for elevane. Vidare i arbeidsboka Elevar som ikkje meistrar oppgåvene i «Kan eg dette?», bør arbeide med oppgåvene «Meir hjelp» og «Meir trening». Elevar som klarer oppgåvene i «Kan eg dette?», bør arbeide med oppgåvene «Meir trening» og «Meir utfordring». Oppgåve Meir hjelp Meir trening Meir utfordring 1 7.01 7.03 2 7.02 7.04 3 7.11 7.12 7.13 7.10 4 7.06 7.19 7.20 7.05 7.09 7.21 7.07 7.08 7.22 7.23 5 7.14 7.15 7.16 7.17 7.18 20 - Tid

Robo fortel det som elevane må vite for å kunne løyse oppgåva. I oppgåva 2.38 + 2.23 kan elevane leggje saman sekunda og få 61 sekund. 61 sekund er lik 1 minutt og 1 sekund. Svaret blir derfor 5.01. Om elevane skriv 5.1, kan dei likevel ha forstått oppgåva. Spør elevane om kva som er forskjellen mellom 5.01 og 5.10. Dei må altså gjerast merksame på at det skal vere to siffer på sekundplassane. Utstyr Klokke med hjelp (kopioriginal 2) Å kunne rekne ut kor lenge det er mellom to klokkeslett er nyttig. Tallinja er til god hjelp. Elevane skriv 09.28 og hoppar 32 minutt fram til 10.00, 5 timar fram til 15.00 og 52 minutt fram til 15.52. Da kan dei summere 32 minutt + 5 timar + 52 minutt, og få svaret 6 timar og 24 minutt. Utfordringa er å hugse at det er 60 minutt i ein time i addisjonen av 32 + 52. Tidsintervallet er differansen mellom solnedgang og soloppgang, og klokkesletta kan setjast opp som eit subtraksjonsstykke. Men dette føreset at ein bruker 6 i minnetal i staden for 10 mellom timane og ti-minutta. På dette trinnet rår vi derfor frå å bruke denne framgangsmåten. Klokke med hjelp (kopioriginal 2) er illustrativ og enda sikrare å bruke når ein skal rekne overgang mellom minutt og timar rett. Elevane stiller klokka fram og reknar på tilsvarande måte som ved bruk av tallinja. Dersom elevane ikkje har rekna rett i denne oppgåva, vil dei oftast oppdage sine eigne feil ved å forklare korleis dei gjekk fram for å finne løysinga. Denne oppgåva er enklare og dreiar seg om å finne tidsforskjellen i heile timar mellom to klokkeslett. Klokkesletta er innanfor same dato. 21 - Tid