ULVIK HERAD SAKSPAPIR Uttale til arealbruk i randsona - Fylkesdelplan for SAKSGANG: Utval Møtedato Utvalssak Formannskap 04.11.2009 091/09 Sakshandsamar Jarle Grevstad Arkiv: K2-L14 Arkivsaknr 07/220-16 Vedlegg: Kart med arealbruksanbefalingar datert 20.10.2009 Sakstilfang: Nr T Avsendar/Mottakar Tittel 2 I Villreinnemnda for Oppmoding om iverksetting av fylkesdelplan arbeid Vest 1 I Buskerud Invitasjon til oppstartsmøte for fylkesdelplan for 3 I Buskerud Val av styringsgruppe for fylkesdelplan for 5 I Buskerud Representantar til styringsgruppe for fylkesdelpaln for 4 U Buskerud Fylkesdelplan for - representantar til styringsgruppa 6 I Vinje Kommune Vedkomande prosessen omkring tilsetjing av sekretær for arbeidet med fylkesdelplan for 7 I Buskerud fylkeskommune Fylkesdelplan for. Melding om oppstart av planarbeid, høring av planprogram og invitasjon til informasjonsmøte. 9 U Fylkesdelplan for Melding om vedtak - Høyringsuttale til planprogram 10 I Buskerud Vedrørende planprogram for Fylkesdelplan for 11 I * Planprogram revidert 28.01.09 12 U Ulvik bonde- og småbrukarlag; Invitasjon til ope informasjonsmøte kring Felles fylkesdelplan for Ulvik Bondelag; Kyrre Manger; Osa grunneigarlag; Uppsete grunneigarlag; Ulvik fjellstyre 13 I Buskerud Fylkesdelplan for - oversendelse av
fylkeskommune - Utviklingsavdelingen 14 U Ulvik Fjellstyre; Ulvik Bondelag; Ulvik Bonde- og småbrukarlag; Osa grunneigarlag; Kyrre Manger; Ulvik Idrottslag; Osa grendelag 15 U Osa grunneigarlag; Sara Sævartveit vedtatt planprogram og kart med grense for utredningsområdet. Invitasjon til arbeidsmøte - Fylkesdelplan for Referat frå drøftingsmøte kring fylkesdelplan for - 15.06.2009 Saksutgreiing: Det vart i 2007 starta eit arbeid for å utarbeide ein felles fylkesdelplan for. Hovudformålet med planen er å komme fram til ein langsiktig og heilskapeleg plan for bruk av areal som er viktige leveområde for villrein eller som har innverknad på villreinen sine leveområde. Planen skal leggja til rette for lokalsamfunna sine behov for nærings- og bygdeutvikling, samstundes som den skal sikra villreinen langsiktige gode livsvilkår og tilstekkjelege leveområde. Bruk og vern av nasjonalparken og andre verneområde er fastsett i eigne føreskrifter og forvaltingsplanar, og inngår ikkje i vurderingsområdet i denne planen. Felles fylkesdelplan for er ikkje ein verneplan, men ein plan for korleis lokalsamfunna i kommunane som er omfatta av planen kan leggja til rette for nærings- og bygdeutvikling, samstundes som den skal sikre villreina langsiktig gode livsvilkår og tilstrekkelege leveområde. Ordførar og arealplanleggar har vore involvert i planarbeidet fram til no. Ordførar i styringsgruppa, og arealplanleggar i den administrative arbeidsgruppa. Norsk villreinsenter fekk i oppdrag frå Miljøverndepartementet å definere villreinen sitt biologiske/potensielle leveområde (sjå kart/illustrasjon), og det er dette området som ligg til grunn for planarbeidet.
Innlemmes i Nordfjellaplanen Raud strek = Villreinens leveområde Svart strek = Planens ytre grense turområder 5.a. LNF turområder - 5.a. LNF turområder 5.a LNF 2. Samferdsleanlegg- 3. Grøntstruktur - viktige turområder Forutan villeinen sitt biologiske/potensielle leveområde, skal den ytre plangrense og romme influensområda rundt leveområda. Aktiviteten i desse områda har innverknad på aktiviteten inn i villreinområda. Dei biologiske/potensielle leveområda for villrein er eit resultat av ei fagleg registrering og vurdering utførd av Norsk Villreinsenter, og er i dette arbeidet ikkje gjenstand for diskusjon. På den andre sida er grensene for infuensområdet/planens yttergrense eit tema der den lokale kunnskap og dei lokale ynskje for områda er avgjerande. For Ulvik herad sitt vedkommande har vi i store delar av heradet villreingrensa heilt fram på kanten. Det vil si at villreina brukar store delar av fjellplatåa rundt Ulvik. For at den ytre plangrensa ikkje skal ende opp i fjøresteinane, har dei fire hardangerkommunane (Odda,Ullensvang,Eidfjord og Ulvik), saman med Hordaland og Fylkesmannen i Hordaland, fått gjennomslag for at plangrensa i store delar av Hardanger går meir eller mindre parallelt med villreingrensa. Unntaka er dalføra i dei ulike kommunane. Det er einigheit om at dalføra er i mange tilfelle inngangen til fjellet, og at eventuell utbygging av t.d. fritidsbustader/hyttefelt i desse områda vil medføra auka aktivitet inn i villreinområda. Planarbeidet er no kome so langt at dei ulike kommunane skal så lang som mogleg definera arealbrukskategori i dei områda som ligg i influenområda/randsona. Ein har i planarbeidet kome fram til at det mest hensiktsmessige vil vera å nytte arealbrukskategoriane i Plan- og bygningslova (PBL). Det vart den 15.06.2009 arrangert eit møte med aktuelle grunneigarar, grendelag og andre interesserte, der ein so langt som mogleg skulle prøve å komme med forslag til arealbruk. Konklusjonen på møtet var i korte trekk å bruke areala i randsona meir eller mindre som i dag
(LNF-område), med dei restriksjonar og moglegheiter det gjer. Unnataket er Austdalen i Osa, der veganlegget gjer det naturleg å nytta Samferdsleanlegg i tillegg til Grøntstruktur viktige turområder. PBL 11-7 fastset desse arealbrukskategoriane: 1. Bebyggelse og anlegg div. underføremål, m.a.: Fritidsbustader Tett hyttebygging, omfang avklarast i kommuneplan og reguleringsplaner Fritids og turistføremål reiselivsnæring med bygg og skianlegg 2. Samferdsleanlegg Vegar og jernbane 3. Grøntstruktur Viktige natur- og turområder 5a. LNF utan bestemmingar om spreidd utbygging 5b. LNF med spreidd næring 5b. LNF med spreidd bustadbygging 5a. LNF med spreidd fritidsbustadbygging Verna areal Omsynssoner Det er frå prosjektleiinga i fylkesdelplan for, eit ynskje om at dei ulike kommunane kjem med sine innspel til arealbruk innan 31.12.2009. Vurdering: Felles fylkesdelplan for er eit omfattande arbeid, med ni kommunar og tre fylkeskommunar som aktive deltakarar i planarbeidet. Det har vist seg at dei store utfordringane knytt til planen så langt, i all hovudsak er lokalisert på austsida av vidda. For hardangerkommunane er utfordringane litt annleis. Områda utanfor villreinens biologiske/potensielle leveområde er i Hardanger stort sett bratte fjellsider som ikkje er aktuell for utbygging eller andre store tiltak som vil medføra auka trafikk inn i fjellet og villreinområda. For oss her i vest blir utfordringa å så langt som mogleg definera kva vi vil bruke områda i randsona til. Møtet mellom heradet og grunneigarar/grendelag den 15.06.09 konkluderte med at områda i randsona så langt som mogleg skal vera som i dag, altså LNF-område, med dei restriksjonar og moglegheiter dette gjer. Det er eit ynskje frå prosjektleiinga at dei ulike kommunane gjennomførar ei politisk drøfting av arealbruken i randsona før den 31.12.2009. Dette kan gjerast som rein drøfting, vedtak eller uttale til planarbeidet. Rådmannen er av den oppfatning av at Ulvik herad skal gje ein uttale, der ein formidlar Ulvik herad sine ynskje om bruk av areala i randsona i heradet. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Ulvik herad vedtek fylgjande uttale til arbeidet med felles fylkesdelplan for : Ulvik herad vil nytta sine areal i randsona/influensområdet til fylkesdelplan for i tråd med føringane presentert i vedlagde kart datert 20.10.2009
04.11.2009 Formannskap FSK-091/09 SAMRØYSTES VEDTAK: Ulvik herad vedtek fylgjande uttale til arbeidet med felles fylkesdelplan for : Ulvik herad vil nytta sine areal i randsona/influensområdet til fylkesdelplan for i tråd med føringane presentert i vedlagde kart datert 20.10.2009