HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 200903324-42 Arkivnr. 520 Saksh. Langaas, Eva Melvær Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.08.2011 RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR SAMANDRAG Fylkestinget vedtok i samband med budsjettet for 2011, at det skal gjennomførast eit forsøk med anonyme heildagsprøvar ved tre vidaregåande skolar i Hordaland. Skolane som har delteke i forsøket er Bergen Handelsgymnasium, U.Pihl videregående skole og Fusa vidaregåande skule. Forsøket blei planlagt, gjennomført og vurdert i eit samarbeid mellom Opplæringsavdelinga og deltakarskolane våren 2011. Det omfatta 3 heildagsprøvar i norsk på Vg2 og samanlikning av tre oppgåvesett i matematikk frå ulike skolar. I norsk blei det etablert eit samarbeid mellom lærarane frå dei tre deltakarskolane samt ein ekstern lærar. Kvart oppgåvesvar vart vurdert av to lærarar og drøfta i etterkant. I matematikk var det Faggruppa (FAU) for realfag, som er ein del av systemet for kompetanseutvikling for dei vidaregåande skolane, som stod for vurderinga av oppgåvene. Under følgjer ein presentasjon av forsøket og tilbakemeldingar frå elevar og lærarar som har delteke. I tillegg blir det peika på aktuelle problemstillingar knytt til bruk av anonyme prøvar i lys av sentrale intensjonar i forskrift til opplæringslova kap. 3. 3.2 og 3.11. FORSLAG TIL VEDTAK Opplærings- og helseutvalet tek saka til orientering. Paul M. Nilsen Inger Øvsthus Tønder
FYLKESRÅDMANNEN, 04.07.2011: 1. Innleiing Fylkestinget vedtok i samband med budsjettet for 2011, at det skal gjennomførast eit forsøk med anonyme heildagsprøvar ved tre vidaregåande skolar i Hordaland. Bergen Handelsgymnasium, U.Pihl videregående skole, og Fusa vidaregåande skule sa seg villige til å delta i forsøket. Representantar frå opplæringsavdelinga og ein av dei deltakande skolane hadde eit førebuande møte for å sjå nærare på korleis eit slikt forsøk best kunne gjennomførast. I møtet kom det fram ulike vinklingar til kva skolar og skoleeigar kan lære gjennom ei slik forsøksordning, og det vart uttrykt ønske om at forsøket skulle vere utforma slik at det gjekk inn i ein heilskapleg tilnærming til korleis ein kan oppnå einskapleg vurdering internt i klassar og mellom klassar og skolar i Hordaland fylkeskommune. Det vart difor bestemt at ein i tillegg til å gjennomføre anonyme prøvar ville utforme forsøket slik at det oppmuntra til profesjonell læring på tvers av skolar for dei lærarane som deltok. I tillegg vart det ytra ønske om at ein gjennom forsøket kunne samanlikne nivået på oppgåvene som blir gjeve ved heildagsprøvar, då dette er ein faktor som kan påverke vurderinga av elevarbeid. Fylkestinget la til grunn at forsøket skulle gjennomførast våren 2011. Omfanget måtte difor avgrensast på ein slik måte at det var mogeleg å gjennomføre innan tidsramma. Det vart bestemt at forsøk med anonyme prøvar skulle gjennomførast i norsk på Vg2, og at det i tillegg til faglærar skulle vere ein lærar frå ein annan skole som vurderte svara og drøfta dei med faglærar. Det er viktig å understreke at den eksterne læraren i dette forsøket berre hadde rådgjevande funksjon. Det var faglærar som hadde ansvar for å sette endeleg karakter på prøven. Då skolane og lærarane allereie hadde lagt planar for gjennomføring av prøvar og organisering av undervisninga, måtte vi bruke dei ordinære, allereie planlagde prøvane. I tillegg vart det bestemt at ein i forsøket skulle sjå nærare på og samanlikne nivået på oppgåver som deltakarskolane hadde gitt til heildagsprøvar i matematikk. Målet var å finne ut om det kan vere ulik vanskegrad på heildagsprøvar i matematikk frå skole til skole. FAU realfag fekk i oppdrag å samanlikne nivå på dei oppgåvene som blei gjeve i matematikk 2P på Vg2. 2. Tilbakemelding frå lærarane Oppsummeringa under er basert på refleksjonsnotat frå to av faglærarane og tilbakemeldingar i møte mellom representantar frå opplæringsavdelinga og dei deltakande lærarane. 2.1 Erfaringar med anonymisering av prøvesvar i eigen klasse Ingen av lærarane i forsøket hadde gjennomført anonyme prøvar i eigne klassar tidlegare. Lærarane oppgjer at ei av årsakene til at dei valde å delta var at det kunne vere interessant å rette oppgåvesvar frå eigne elevar anonymt. Dei meiner at det i enkelte høve kan vere nyttig å vurdere prøvar anonymt, fordi vurderinga kan opplevast meir objektiv både for elev og lærar. Ein av lærarane trekte fram at ho trur at elevane set pris på få denne prøven vurdert anonymt og at dei opplever at det er ei meir objektiv vurdering. Dersom ein ser på resultatet, har elevane erfart at anonyme prøvar ikkje automatisk gjev betre karakterar (i motsetnad til det 2
mange av dei hadde forventningar om), noko som kan gje større tillit til læraren si evne til å vurdere objektivt. (sitat frå lærar) Det er og interessant å merke seg at lærarane meiner at i den grad andre forhold enn sjølve oppgåvesvaret påverkar vurderingar i norsk skole, så vil det i dei fleste tilfelle komme elevane til gode, fordi dei fleste lærarane ønskjer det beste for elevane sine, noko som kan vere ei kjelde til noko meir positiv vurdering. Likevel er alle lærarane tydelege i tilbakemeldinga om at bruk av anonyme prøvar berre må nyttast i sjeldne høve. Med ei slik prøveform mister faglærar oversikt over den einskilde elev si faglige utvikling, og det vil vere vanskeleg å oppfylle dei intensjonane som er klart uttrykt i vurderingsforskrifta, nemlig at vurdering skal fremje elevane si læring. Denne personlige dialogen mellom lærar og elev er sjølve grunnlaget for å lukkast med ei læringsfremjande vurderingspraksis. 2.2 Erfaringar med å vurdere saman med faglærar frå annan skole Det var høg motivasjon blant lærarane i forsøket for å komme saman med andre faglærarar for å drøfte oppgåveutforming, vurderingskriterium og karaktersetjing, og det var denne delen av forsøket lærarane rapporterte som ein viktig motivasjon for å delta i forsøket. Dette er lærerikt og kan føre til endra og kanskje meir einskapeleg praksis med omsyn til oppgåveutforming og vektlegging av vurderingskriterium, noko som også vil gagne elevane (sitat frå lærar) På spørsmål om kva dei meiner kan vere viktige tiltak i Hordaland fylkeskommune for å oppnå ein meir einskapleg vurderingspraksis, svarar dei til dømes at det å evaluere elevarbeid på tvers av klassar internt på ein skole kan sikre meir felles praksis når det gjeld utarbeiding og fortolking av vurderingskriterium og karaktersetting. Dei trekkjer og fram at nyutdanna lærarar har fått lite formell opplæring og erfaring med vurdering gjennom utdanninga, og slik det fungerer i dag er dei prisgitt at erfarne kollegaer er villige til å avsjå tid til å komme med råd og rettleiing. Dette kan svekke kvaliteten på utviklinga av eigen vurderingspraksis. Det er viktig å understreke at det er store variasjonar med omsyn til grad av samarbeid kring vurderingspraksis mellom utdanningsprogram og at ein ikkje kan trekke generelle konklusjonar på grunnlag av dette forsøket. 3. Tilbakemeldingar frå elevane Denne oppsummeringa er basert på skriftlig tilbakemelding frå 50 elevar frå dei tre skolane som deltok i forsøket. Dei svarte på følgjande spørsmål i etterkant av forsøket: 1. Kva forventningar hadde du til å delta i forsøk med anonyme prøvar? 2. Er det noko du vil trekke frem som positivt med å delta i forsøket? 3. Er det noko du vil trekke frem som negativt med forsøket? Hovudinntrykket er at elevane på spørsmål 1 gjev uttrykk for at dei ikkje hadde spesielle forventningar til å delta i forsøket. Nokre av elevane seier at dei var spente på om ei anonym vurdering ville ha innverknad på karakteren. På spørsmål om det var noko dei såg som positivt ved forsøket var elevane svært positive til at det vart lagt til rette for anonym vurdering av denne heildagsprøven i norsk. Det skuldast både at oppgåvesvara var anonyme og at dei visste at ein annan lærar og skulle vurdere 3
oppgåvesvara. Det er greitt å få ei vurdering utan at ein skal uroe seg for kva den som evaluerar veit om resultata dine får før. Då vert det oppfatta som genuin retting (sitat frå elev) I tillegg set fleire pris på det at dei kan vere trygge for at det berre er sjølve oppgåveteksten som blir vurdert og at ein då kan unngå at ein får ein karakter utifrå personlegdom. Nokre av elevane har forventningar om at eit slikt opplegg kan gje ei meir rettferdig vurdering. Det som og er positivt med eit slikt opplegg er at alle startar likt, og ingen kan bli forskjellsbehandla. (sitat frå elev) På spørsmål om det er noko dei ville trekkje fram som negativt, var det forskjell mellom skolane. Ved ein av skolane trekte elevane hovudsakleg fram det faktum at det tok lang tid å få oppgåvene tilbake. Dette skuldast at prøvane ikkje gjekk føre seg på same tidspunkt og at det difor tok lengre tid før alle hadde gjennomført og kunne møtast til felles vurdering. På den andre skolen synst ikkje elevane det var noko negativt, men ein trekte fram at det vart umogleg med personlege tilbakemeldingar, noko vedkommande synst er veldig viktig. Ved den tredje skolen var det meir variasjon i svara. Nokre av elevane uttrykte bekymring for at læraren på denne måten ikkje kunne sjå utviklinga hjå den einskilde eleven. Det er og særleg interessant å sjå at det ved denne skolen er fleire elevar som er bekymra for at ei anonym vurdering vil kunne føre til ein lågare karakter enn dei var vane med. 4. Samanlikning av resultat i norsk Som det blei sagt i innleiinga var ein del av dette forsøket å sjå på vurdering på tvers av skolar. Norsk blei valt fordi vi veit at dette er eit komplekst og krevjande fag å vurdere, og at det difor aldri er realistisk å forvente 100% samsvar. Dei deltakande lærarane sende inn sine karakterforslag til opplæringsavdelinga før dei møttest til felles vurdering. Når ein skal samanlikne resultatet er det viktig å understreke at skolane i forsøket ikkje hadde same oppgåver og at det ikkje var utarbeida noko felles rettleiing og forståing av oppgåva på førehand. Det var heller ikkje stilt krav til at det skulle vere utarbeida kriterium for vurdering utover det som lærarane hadde gitt sine elevar. Det var ut frå overnemnde føresetnader rimeleg grad av samsvar mellom faglærar og ekstern lærar. På den andre sida kan ein argumentere for at det var såpass mykje forskjellar at det var nyttig og lærerikt for lærarane å komme saman og diskutere og grunngje sine vurderingar. I eitt tilfelle kunne ein sjå at ein lærar nesten systematisk ga lik eller noko høgare karakterar enn den andre. I eit anna tilfelle var vel halvparten av vurderingane like og resten ulike. I dette siste tilfellet var det ikkje systematiske forskjellar med omsyn til kven av lærarane som hadde gitt høgast vurdering. 5. Samanlikning av oppgåver i Matematikk 2P Målet for dette forsøket var å finne ut om det kan vere ulik vanskegrad på heildagsprøvar i matematikk frå skole til skole. Skolane sende inn dei oppgåvene dei hadde nytta våren 2011 i 2P. Grunngjevinga for forsøket var at når ein skal samanlikne vurdering mellom ulike skolar er det viktig og relevant at dei oppgåvene som er gjeve har tilnærma lik vanskegrad. Det var FAU realfag som stod for vurdering av oppgåvene. 4
Konklusjon frå FAU Ved elles lik vurdering vil Skole 1 sin prøve vere noko vanskelegare enn Skole 2 sin. Skole 3 sin prøve er noko enklare. Alle oppgåvesetta er i og for seg gode prøvesett. Det er berre små forskjellar det er tale om. 6. Oppsummering Deltakande elevar og lærarar har vore positive til gjennomføring av forsøk med anonyme prøvar. Vi har ikkje fått tilbakemeldingar om at forsøket har ført til store endringar med omsyn til den einskilde elev sitt resultat. Forsøket har vist at det kan vere forskjellar i vurderinga frå lærar til lærar, noko som understrekar kor viktig det er at det finst arenaer for samarbeid der faglærarar kan drøfte ulike spørsmål knytt til vurdering. Lærarane er tydelege i si tilbakemelding om at omfattande bruk av anonyme prøvar i vidaregåande skole vil gjere det vanskeleg å oppfylle intensjonane om undervegsvurdering i vurderingsforskrifta. Eit overordna oppdrag til skoleeigar og skolar under Kunnskapsløftet er at vi skal ha auka fokus på formativ vurdering, der vurdering inngår som ein integrert del av undervisninga, ofte omtalt som vurdering for læring i norske styringsdokument. Læraren sin kunnskap om den einskilde eleven si forståing og kunnskapsnivå er avgjerande for å gje den naudsynte støtta, slik at eleven kan bevege seg i riktig retning. Vurderingsforskrifta vektlegg elevane sin rett til undervegsvurdering og at målet for slik vurdering er å fremje læring og utvikling hjå elevane og gje grunnlag for tilpassa opplæring. Det er vanskeleg å sjå korleis omfattande bruk av anonyme prøvar i vidaregåande opplæring skal kunne stø opp om eit slikt formativt perspektiv på vurdering og læring, som legg til grunn at vurderingsarbeidet skal vere med på å forme undervisinga og læringsarbeidet. For å sikre at elevar i HFK opplever vurdering av høg profesjonell kvalitet er det frå eit skoleeigar- og skoleleiingsperspektiv viktig å legge til rette for eit systematisk og målretta samarbeid for å oppnå transparent og einskapleg vurdering. Under prinsipp for opplæringa i læreplanen for Kunnskapsløftet (LK06) heiter det: Skolen og lærebedrifta skal vere lærande organisasjonar og leggje til rette for at lærarane kan lære av kvarandre gjennom samarbeid om planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Eit slikt forpliktande samarbeid ser vi som avgjerande i Hordaland fylkeskommune sitt arbeid for å oppnå einskapleg vurdering. 5