Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2012/ /2013 Sakshandsamar: Lillian Torsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Like dokumenter
Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2019/ /2019 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 212 Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Oppretting av ein ny skulekrins som inkluderer Bjørke og Viddal får ingen konsekvensar for skulekrinsane Lid/Mork, Folkestad og Dalsfjord/Ulvestad.

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Ekerhovd skule VEDTAK OM NEDLEGGELSE. Velkommen

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Folke- og elevtalsprognose

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato 18/18 Komité for drift og forvaltning

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Skulestruktur for Fjell kommune

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Kva finanskostnader har ein i LTP ved ei investering på kr. 11,5 mill. (full strukturendring) ved bygging av klasserom på Rimbareid?

Skulestruktur for Fjell kommune Framtidsretta og berekraftig

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Møteprotokoll. Utval: Valstyre for Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 16:00-16:30

Skulebruksplan

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/18 Komité for drift og forvaltning

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Ivar-Otto Kristiansen Arkivsak: 2017/2285 Løpenr.: 15798/2018

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Delrapport 2 Modell 2

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Kommunedelplan for skule Framlegg til planprogram

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Høyringssvar frå Kobbeleia Grendalag vedrørande: Sak 3/13 Framlegg til ny skulestruktur i Fjell kommune

HØYRINGSNOTAT. Konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

Vedlegg 1: Oversyn over ekstra skuleskyss i Fjell kommune, 2012.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 15.00

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Uttale til høyringsnotat til

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00

Sørheim -utvalet sin gjennomgangav inntektssystemet - høyringsuttale

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

SUNN KOMMUNEØKONOMI - OPPVEKST

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Høyringsdokument. Framlegg til revidert rettleiande forskrift om krinsgrenser for grunnskulane i Stord kommune

Møteprotokoll. Formannskapsmøte med innstilling i budsjett/økonomiplan og skulestruktursak

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Kommunestyre. Sakliste

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Fjell kommune. Møteinnkalling. Eldrerådet. Utval: Møtestad: Fjell rådhus, komitésalen. Dato: Tid: 11:00 14:00

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

Ordføraren Dato: Vår ref.: 2013/74-405/2013 Ark.kode:

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd.

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Transkript:

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2012/68-3673/2013 Sakshandsamar: Lillian Torsvik Dato: 21.02.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Komite for drift Kommunestyret Ny skulestruktur for Fjell kommune 2013-2030 Samandrag av saka: Fjell kommune har ein desentralisert skulestruktur med totalt 16 barneskular og 2 ungdomsskular. Denne strukturen har gitt stor variasjon mellom skulane i høve elevtal og fysiske tilhøve, og er dessutan økonomisk kostbar. Med forankring i den politiske plattforma for posisjonspartia, etablerte kommunestyret ei tverrpolitisk arbeidsgruppe med mandat å greie ut skulestrukturen i Fjell og koma med framlegg til ny skulestruktur. Komite for drift vedtok i møte 22.01.2013, sak 3/13 å senda framlegg til ny skulestruktur på høyring. Høyringsfristen var sett til 5. mars 2013. Då høyringsfristen gjekk ut var det kome inn 82 høyringsuttalar. Arbeidsgruppa si innstilling til ny skulestruktur etter gjennomgang og vurdering av innkomne høyringsuttalar, er innarbeidd i saka. Innstilling: Kommunestyret vedtek: 1. Algrøy skule vert lagt ned frå nytt skuleår 2013 2. Syltøy skule vert lagt ned frå nytt skuleår 2013 3. Ekerhovd skule vert lagt ned frå nytt skuleår 2014 4. Tellnes skule vert lagt ned frå nytt skuleår 2014 5. Misje skule vert lagt ned frå nytt skuleår 2015 6. Liljevatnet skule vert mellombels avvikla frå nytt skuleår 2014 7. Kommunestyret ber den politiske arbeidsgruppa om å arbeida vidare med punkt 4 i mandatet - Vurdera disponering av potensielt nedlagte skulehus. Eiga sak skal snarast leggjast fram for kommunestyret til avgjerd. 1

Straume, den 21.02.2013 Steinar Nesse Rådmann Wilhelm Anglevik skulesjef Dokument vedlagt saka: Innstilling frå arbeidsgruppa Saksopplysningar: BAKGRUNN Skulepolitikk har alltid vore høgt prioritert i Fjell kommune. Inntil årtusenskiftet vart skulane bygde ut i takt med innflytting og folketalsvekst. Mange skular i Fjell er bygde ut i fleire byggjetrinn. Mellom anna har både Brattholmen og Foldnes skular 5-6 utbyggingar bak seg. Det var då aldri ledig kapasitet ved skulane, men snarare det motsette. I år 2000 vedtok kommunestyret ein ny skulebruksplan som endra biletet totalt. Liljevatnet skule som opna nokre år seinare var den første komplette skulen i Fjell, med fullt utbygd uteareal i tillegg til heilt nye og moderne løysingar inne. Det går ein raud tråd frå vedtaket i år 2000 og fram til dagens skulestrukturdebatt, og framlegget til ny struktur må sjåast i ein historisk samanheng. Rådmannen vil difor i det følgjande gå gjennom dei vedtak som er relevante for denne saka. Politiske vedtak vedkomande skulebruksplan Fjell kommunestyre har i perioden etter 1997 hatt fleire saker om skulebruksplan til politisk behandling. Nedanfor er det gjort greie for saksbehandling og politiske vedtak i periodane 1997-2000, 2007 2011 og 2013 2030. 1997-2000 Kommunestyret vedtok i møte 18.12.97 i sak 117/97, handlingsprogrammet for 1998-2001, at det skulle lagast ny skulebruksplan. Framlegget frå den politiske arbeidsgruppa innebar å oppretthalda ein desentralisert skulestruktur for småskulesteget (1.-4. klasse), men la opp til ein viss sentralisering av mellomsteget (5.-7. klasse). Den tilrådde skulestrukturen innebar følgjande endringar: - Algrøy og Syltøy blir omgjort til 1-4 skular. Mellomsteget blir overført til Skålvik. - Fjell skule vert mellombels lagt ned. Elevane vert overført til Ulveset. - Ågotnes blir gradvis omgjort til rein ungdomsskule. Det blir bygd 1-4 skule på Ågotnes. Mellomsteget blir overført til Landro. Inntaksgrensene mellom Landro og Ågotnes blir regulert slik at Landro berre får ein klasse på kvart årssteg frå 1. 4. klasse. - Knarrevik skule blir lagt ned og det blir bygd ny 1-4 skule på Valen. Mellomsteget blir overført til Hjelteryggen. - Kolltveit blir omgjort til 1-4 skule dersom klassetalet aukar. Mellomsteget blir i så fall overført til Knappskog. - Inntaksgrensene på ungdomssteget blir endra slik at Fjell ungdomsskule ikkje får meir enn 18 klasser og slik at Ågotnes får minst mogleg auke i klassetalet dei fyrste 2

åra. Ulveset skule held fram med 6 klasser. Dette vil føre til endra inntaksgrenser for ungdomssteget. I første omgang for elevar frå Ekerhovd, Knappskog, Tellnes og på sikt kanskje Hjelteryggen. Kommunestyret gjorde slikt vedtak i saka 02.03.00, sak 19/00: Skulebruksplanen vert vedteken med følgjande endringar: A. Skulestrukturen i Fjell vert oppretthalden i sin noverande form med endringar som i pkt. B. Følgjande byggjeprosjekt vert realisert: 1. Det vert planlagt og bygd ny 1-7 skule i Valen/Tona området. Realiseringa vert å koma attende til når byggjeprosjektet vert fremja som eiga sak for kommunestyret innan år 2000 med byggjestart første halvår 2001. 2. Fjell ungdomsskule vert utvida med 33m2 brutto areal, ombygd og tilrettelagt med fleksible rom innan år 2002. Inntaksområda mellom ungdomsskulane vert regulert. 3. Kolltveit skule vert utvida i planperioden utan flytting av elevar. 4. Knappskog skule vert utvida med innreiing av kjellaren i nyeskulen med to klasserom og oppføring av mini-idrettshall delfinansiert med tippemidlar innan 2003. Vidare utviding av nyeskulen til 6 klassar etter 2003. 5. Ny 1-4 skule på Ågotnes med 8 klassar innan 2003. Første byggjesteg vert fullfinansiert etter 2003. Andre byggjesteg med 5-7 skule med 6 klassar vert bygd etter 2003. Ågotnes skule vert på sikt omgjort til ein rein ungdomsskule med regulering av inntaksområdet. 6. Ulveset skule vert utbygd i samsvar med skulebruksplanen. 7. Algrøy skule vert utvida med gymnastikksal/allaktivitetshus med oppstart innan 2003 og fullfinansiert etter 2003. C. Det vert avsett 6,5 mill. kroner til innbu/utstyr i planperioden 2000-2003 og 3 mill. kroner i planperioden 2003-2007. D. Prosjekta vert innarbeidd i investeringsprogrammet som følgjer: År 2000-2003 År 2004-2007 1. Ny skule Valen/Tona området 22,5 mill. kroner 13,5 mill. kroner 2. Fjell ungdomsskule 10,0 3. Kolltveit skule 7,0 3,0 4. Knappskog skule 8,0 4,0 5. Ny skule på Ågotnes 7,0 27,0 6. Ulveset skule 3,0 7. Algrøy skule 1,0 2,0 8. Innbu og utstyr 6,5 3,0 Sum 65,0 mill. kroner 52,5 mill. kroner Rådmannen har i si vurdering i saka mellom anna skrive slik: Skulebruksplanen gjer ei heilskapleg vurdering av alle skulane og skulestrukturen i kommunen, og har som strategi å løyse oppgåvene ved å sjå fleire inntaksområde i samanheng. Rådmannen vil understreka at kommunestyret her står overfor eit særs viktig vegval, som vil få innverknad på all anna løpande sakshandsaming og i særleg grad budsjettarbeidet kvar haust i mange år framover. Dersom ein vert for ekspansiv i tankegangen i denne omgangen og trur at kommunen fiksar alt, vil etter kvart mesteparten av det politiske arbeidet koma til å bestå av nedskjæringsdebattar i Fjell som i så mange andre kommunar. Dersom ein vel å investera, vil ein måtta redusera krava til den løpande drifta. Ut frå denne vurderinga vil rådmannen slå fast følgjande: 3

1. Det vil vera mogeleg å føreta ei vesentleg standardheving av innhaldet i undervisninga berre gjennom ei omlegging av skulestrukturen 2. Ei kvar krone til utbygging vil innebera redusert handlefridom til å oppretthalda, eventuelt styrkja undervisningstilbodet. Desse punkta må vegast opp mot behovet for nærmiljøsatsing. 2007-2011 Med bakgrunn i fleirtalskoalisjonen si tiltredingserklæring for kommunestyreperioden 2007 2011, vart det i komite for drift sitt møte 16.10.2007, sak 68/07, lagt fram ei oppstartssak vedkomande skulebruksplanen. Komite for drift gjorde då slikt vedtak: Administrasjonen får i oppdrag å lage ei sak om revisjon av skulebruksplanen. Der må det også føreligge forslag til mandat. I komite for drift sitt møte 13.11.2007 vart sak 82/07, Skule- og utdanningsplan 2009-2012 - Mandat og organisering, lagt fram til politisk behandling. Komiteen gjorde slikt vedtak: 1. Komite for drift godkjenner framlegget til mandat og organisering slik det går fram av saka, men med følgjande tillegg til mandatet: Praksisnær undervisning i grunnskulen og høgskulesatsinga innanfor undervassteknologi/ tekniske fag skal vidareførast. 2. Styringsgruppa vert sett saman slik: 2 representantar frå komite for drift (KD): Vidar Arnesen, FrP og Marianne Bjorøy, A. 2 representantar frå komite for plan og utvikling (KPU): Odd Bjarne Skogestad, KrF og Jan Erik Dale, SL. 1 representant frå komite for finans og forvaltning (KFF): Kirsten Syljeseth, H (med atterhald) Skule- og utdanningsplan 2011-2014 høyring, var til politisk behandling i komite for drift 09.11.2010, sak 79/10. Komiteen gjorde slikt vedtak: Skule- og utdanningsplan 2012-2014 vert sendt ut på høyring med heimel i plan- og bygningsloven 5-2. Høyringsfristen vert sett til 15.02.11. I komite for drift sitt møte 05.04.2011 var det lagt fram eit revidert saksframlegg om Kommunedelplan for skule- og utdanning 2011-2014. Saka gjekk vidare til kommunestyret 14.04.11, sak 32/11. Kommunestyret gjorde då slikt vedtak: Kommunestyret vedtek framlegg til kommunedelplan for skule- og utdanning 2011-2014. I denne kommunedelplanen var skulestruktur ikkje tema. Det vart lagt til grunn at planen berre skulle handla om satsing på kvalitet og innhald i skulen, og at ein politisk skulle koma tilbake til spørsmåla knytt til struktur når dei kvalitetsmessige måla var vedtekne. 2013 2030 Saka Ny skulestruktur i Fjell, oppretting av arbeidsgruppe, var til behandling i komite for drift 17.01.2012, sak 5/12 og i komite for finans og forvaltning 17.01.2012 og 07.02.2012. Komite for drift gjorde slikt vedtak i saka: Det vert oppretta ei arbeidsgruppe som skal utgreie skulestrukturen i Fjell kommune og vurdere plassering av ny skule i området Skålevik / Sekkingstad / Eide. Arbeidsgruppa får følgjande medlemar frå KD: 4

Leiar: Nestleiar: Medlem: Kirsten Syljeset (H) med personleg vara Elisabeth Sandvik (H) Sveinung Vethe (AP) med personleg vara Gunnar Hannisdal (AP) Ann-May Aase (FrP) med personleg vara Britt Svendsen (FrP) Arbeidsgruppa som skal utgreia skulestrukturen bør få eit 4-delt mandat: 1. På sjølvstendig grunnlag vurdere utgreiing om skulestruktur i vest som vart utarbeidd i 2010, og ta stilling til kva som skal gjerast med denne saka. Ein bør avgjera om saka skal leggjast ut på høyring i vinter, med tanke på ei eventuell endring i skulestrukturen frå hausten 2012. Innstillinga bør koma til Komité for drift så snart som råd er, uavhengig av dei totale framlegga i sak om ny skulestruktur i Fjell. 2.Vurdera skulestrukturen i heile kommunen. Utvalet skal utgreie skulestrukturen for heile Fjell kommune, sjå på kapasitet og behov framover. Det er naudsynt å sjå på utfordringar og løysingar både i nord, i sør og i aust, i tillegg til vest. Gruppa må i dette arbeidet ta omsyn til Danielsen skule og dei verknadene denne skulen vil ha for resten av skulestrukturen i kommunen. 3. Vurdera behov og plassering av ein eventuell ny skule i området Skålevik / Sekkingstad / Eide. Dette arbeidet skal, i tråd med tiltredingserklæringa, gjerast i dialog med representantar for skulekrinsane. 4. Vurdera disponering av potensielt nedlagte skulehus. Komite for finans og forvaltning gjorde 17.01.2012 slikt vedtak i sak 9/12: Sak om oppretting av arbeidsgruppe som skal utgreie skulestrukturen i Fjell kommune og vurdere plassering av ny skule i området Skålevik /Sekkingstad /Eide vert teken til orientering. Arbeidsgruppa får følgjande medlemar og personlege varamedlemmer frå KFF: Medlemmer Varamedlemmer Cecilie Rathem H Harald Ruud KrF Jarle Syltøy SL Tove Iren Vindenes SL I KFF sitt møte 07.02.2012 vart det gjort slikt vedtak i same sak: Cecilie Rathem og Harald Ruud vert bytta om i arbeidsgruppe for ny skulestruktur i Fjell slik: Harald Ruud medlem Cecilie Rathem personleg varamedlem Med bakgrunn i punkt 1 i mandatet til arbeidsgruppa, fekk komite for drift sak 10/12, Algrøy, Syltøy og Skålevik skular vurdering av samanslåing, til politisk behandling i møte 13.03.2012. Komiteen gjorde då slikt vedtak i saka: Sak 10/12 Algrøy, Syltøy og Skålevik skular vurdering av samanslåing, sendast tilbake til arbeidsgruppa for innarbeiding i saka som skal vurdera skulestrukturen i heile kommunen. Referanse vert gjort til punkt 2 i arbeidsgruppa sitt mandat. Saka Framlegg til ny skulestruktur for Fjell kommune 2013-2030 vart behandla i komite for drift 22.01.2013, sak 3/13. Komite for drift gjorde slikt vedtak: 1. Framlegg til ny skulestruktur for Fjell kommune 2013-30 vert lagt ut på høyring. Høyringsfristen vert sett til 5. mars 2013. 2. Komite for drift ber om at rådmannen i god tid før saka skal til 2. gongs handsaming utgreier dei økonomiske verknadane knytt til endringsforslaga i skulestrukturplanen. 5

Utbygging 2000 2012 På bakgrunn av kommunestyrevedtaket i år 2000 og seinare presiseringar, vart Tranevågen ungdomsskule, Knappskog barneskule og Liljevatnet barneskule bygd ny. Fjell ungdomsskule, Kolltveit barneskule, Bjorøy kombinerte skuleanlegg og Algrøy kombinerte skuleanlegg vart bygd ut. Gjennom seinare vedtak er Bjorøy, Brattholmen og Hjelteryggen barneskular bygde om og ut, medan Fjell barneskule vart lagt ned. I tillegg er det ført opp paviljongar ved Landro og Skålevik barneskular. Frå 2003 innførte kommunestyret ei ordning med kvalitetsforbetringsmidlar der samarbeidsutvala (SU) ved skulane vart inviterte til å søkja om tilskot til oppgradering av anlegga med særleg vekt på uteområda. Dette var eit spleiselag også basert på dugnadsinnsats frå foreldra. Samla investeringar i skulane i Fjell var på bortimot ein halv milliard kroner. Privatskular Då kommunestyret gjorde vedtak om skulebruksplanen 02.03.2000, sak 19/00, var det ikkje etablert privatskular i Fjell. Danielsen ungdomsskule på Sotra starta opp hausten 2000 med 60 elevar. På det tidspunktet var skulen godkjent for 180 elevar. Danielsen søkte i 2006 om godkjenning for å starta ein barneskule med inntil 2 parallellar på 1. 7. trinn. Kommunestyret godkjente søknaden i møte 12.09.2006. I 2007 fekk Danielsen godkjenning frå Utdanningsdirektoratet om inntil 662 elevar fordelt på 1.-10. trinn, altså inntil 270 elevar på ungdomstrinnet, og inntil 392 elevar på barnetrinnet. Samstundes med godkjenninga skifta skulen namn til Danielsen barne- og ungdomsskule. 16. juni 2011 vart ein kjøpekontrakt mellom Fjell kommune og Straume Idrettspark AS, og stiftinga Egill Danielsen vedtatt godkjent i kommunestyret. Kontrakten gjaldt kjøp av eigedom på Straume, slik at Danielsen fekk høve til å byggja nye lokale, og såleis utvida elevtalet. Dels grunna dei økonomiske konsekvensane for kommunen, og dels grunna mykje ledig kapasitet i den offentlege skulen i Fjell kommune (1000-1400 ledige elevplassar), innehaldt kjøpekontrakten ein klausul om regulering av elevtalet på barnetrinnet. Kjøpskontrakten (pkt. 12.11) og saksframlegg gir Danielsen høve til å etablera eit skuletilbod på barnesteget avgrensa til maksimalt 175 elevar fram mot 2020, dvs éin klasse på kvart alderssteg. I 2020 er det lagt opp til at Fjell kommune avgjer om ein kan akseptera ei utviding av elevtalet. Frå 2030 vil stiftinga Egill Danielsen ha det avgjerande ordet om utviding, og kan utan samtykkje frå kommunen utvida elevtalet innanfor dei statlege rammene som er gitt. Skuleåret 2012/2013 tok Danielsen i bruk dei nye lokala. Skulen har i dag 240 elevar på ungdomstrinnet og vel 90 elevar på barnetrinnet. Frå hausten 2013 har skulen kapasitet til å ta i mot 25 elevar i første klasse samt ytterlegare 5 elevar på kvart av dei andre barneskuletrinna. HØYRINGSFRAMLEGG Komite for drift gjorde 22. januar 2013 vedtak om å leggje framlegg til Skulestruktur for Fjell kommune 2013 2030, framtidsretta og bærekraftig, ut på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker. Høyringsperioden var frå 23. januar til 5. mars 2013. Høyringsframlegget er utarbeidd av ei tverrpolitisk arbeidsgruppe med representantar frå Høgre, Arbeidarpartiet, Fremskrittspartiet, Kristeleg folkeparti og Sotralista. 6

Framlegget til ny skulestruktur og fullstendig grunnlagsrapport frå Norconsult har vore tilgjengeleg ved Fjell folkeboksamling, servicetorget i Rådhuset, og på kommunen si heimeside www.fjell.kommune.no/skulestruktur Arbeidsgruppa viser i sitt framlegg til at Fjell kommune har ein desentralisert skulestruktur med totalt 16 barneskular og 2 ungdomsskular. I tillegg kjem altså ein privat barne- og ungdomsskule. Dei skriv vidare at denne strukturen er økonomisk kostbar og har gitt stor variasjon mellom skulane i høve elevtal og fysiske tilhøve. Dei fleste skulane har også ledig elevkapasitet, og tal viser at kommunen har mellom 1000-1400 ledige elevplassar. I vurdering og tilråding til framtidig skulestruktur i Fjell kommune har skulegruppa lagt vekt på fleire berande prinsipp: - Berekraftige skuleeiningar - Betre utnytting av elevkapasitet - Likeverd - Nærskuleprinsippet - Dialog Arbeidsgruppa understrekar at ingen tilsette i Fjell kommune vert oppsagt som følgje av omstrukturering i skulen. Tilsette med arbeidsplass i skulen kan bli omplassert til andre skular og/eller oppgåver på meir eller mindre varig basis. Alle endringar vil skje i dialog med dei tilsette og fagorganisasjonane. Ein eventuell reduksjon i tal tilsette vil fortrinnsvis skje med mjuke overgangar, t.d. pensjonering eller eige ønskje om å slutta. Arbeidsgruppa sitt framlegg til tiltaksplan har tre ulike tidsperspektiv kort (2013-2015), mellomlangt (2016-2020) og langt (2020-2030). Dei ulike tiltaka i planen er fordelt på skuleområda ungdomsskulesteget, Litlesotra og Bjorøy, Indre Fjell, Ytre og søre Fjell og Nordre Fjell. Skuleområde ungdomsskulesteget: - Justering av inntaksgrensene for Fjell ungdomsskule i 2013, slik at elevar frå Tellnes og Ulveset går på Fjell ungdomsskule. På mellomlang sikt vil ein vurdera å byggja om noko av det store spesialromarealet til klasserom og personalareal. På lang sikt, i 2020 vil ein vurdera å byggja ny ungdomsskule med auka kapasitet. - Tranevågen ungdomsskule, som i dag er fullt utnytta, vil etterkvart få færre elevar i 2013 grunna endring av inntaksgrense for Fjell ungdomsskule. Skuleområde Litlesotra og Bjorøy: - Når det gjeld Bjorøy skule vil det i 2014 verta etablert paviljongar og enkel ombygging for å auka elevkapasiteten og gjera skulebygget meir funksjonelt. I 2020 vil ein gjera ei ny vurdering av skuledrifta. - For Liljevatnet vert undervisninga sett mellombels ut av drift frå 2013. Elevane vert fordelt på dei tre andre skulane på Litlesotra. Innføringsklassane vert flytta til Knappskog skule. I 2020 vil ein vurdera gjenopning av undervisninga. - Hjelteryggen skule vil i 2013 få tilført elevar frå Liljevatnet; nord for Rv555. - Brattholmen skule vil i 2013 få tilført elevar frå Liljevatnet; Straumsfjellet og Tona/Valen - Foldnes skule får i 2013 tilført elevar frå Liljevatnet; Søre Straume og Litlatræet. 7

Skuleområde Indre Fjell: - Undervisninga ved Ekerhovd skule vert lagt ned i 2013 og elevane vert flytta til Kolltveit skule. - Knappskog skule får i 2013 tilført elevar frå innføringsklasse på Liljevatnet skule. Elevar frå Ekerhovd kan velja å gå på Knappskog og få skuleskyss dekka. På mellomlang sikt kan skulen få nye elevar ved utbygging i Kolltveit-området. - Kolltveit skule får i 2013 tilført elevar frå Ekerhovd. Arealbehovet vert fortløpande vurdert. Elevar frå Ekerhovd kan også velja å gå på Knappskog. Elevvekst knytt til utbygging i området vert på mellomlang sikt mellombels kanalisert til Knappskog. I 2020 vil ein vurdera utbygging av Kolltveit skule. - På lang sikt, i 2020, vil etablering av ny skule på Bildøy verta vurdert. Skuleområde ytre og søre Fjell: - Undervisninga ved Algrøy skule vert lagt ned i 2013 og elevane flytta til Skålevik. - Undervisninga ved Syltøy skule vert lagt ned i 2013 og elevane flytta til Skålevik. - Skålevik skule får i 2013 tilført elevar frå Algrøy og Syltøy. Eventuelt auka arealbehov vert vurdert og korrigert fortløpande. I 2020 vert utbygging eller nytt skulebygg på strekninga Skålevik/Sekkingstad/Eide vurdert. - Ulveset skule får i 2013 tilført elevar frå Tellnes. - Undervisninga ved Tellnes skule vert lagt ned og elevane flytta til Ulveset. Elevar frå Kallestad og Trengereid kan velja å gå på Skogsvåg skule i Sund, dersom Fjell og Sund kommunar vert samde om ein avtale. Skuleområde nordre Fjell: - Undervisninga ved Misje skule vert lagt ned når Landro er ferdig utbygd innan 2015. Elevane frå Turøy kan då velja å gå på Toftøy skule i Øygarden, dersom Fjell og Øygarden kommunar vert samde om ein avtale. - Landro skule skal byggjast ut i perioden 2013-2015 med naudsynte funksjonar og ein kapasitet på 300 elevar. - Når det gjeld Ågotnes skule skal ein i 2020 vurdera skuleanlegg og skulekapasitet i lys av utbyggingstakten i området og elles trongen for nytt skulebygg på strekninga Skålvika-Ågotnes. Den politiske arbeidsgruppa skriv slik i si oppsummering: Gjennom arbeidet med framlegg til ny skulestruktur har den tverrpolitiske skulegruppa tileigna seg eit stort kunnskapsgrunnlag. Gruppa har leigd inn ekstern kompetanse (Norconsult) til å gjennomføra ein grundig analyse av elevkapasitet, elevprognosar og funksjonsanalyse ved alle grunnskulane i Fjell. I tillegg har skulegruppa besøkt alle dei 16 barneskulane, og hatt samtalar med både rektor, lærarar, foreldre og elevar der. Gruppa har lagt stor vekt på å lytta til dei signala gruppa fekk på desse skulemøta. Norconsult-rapporten har gruppa først og fremst nytta som eit faktagrunnlag for eigne vurderingar knytt til framtidig skulestruktur. Norconsult-rapporten viser at Fjell kommune har mellom 1000-1400 ledige elevplassar. Å redusera talet på ledige elevplassar har vore særleg viktig for gruppa. Talet ledige elevplassar er ikkje likt fordelt, og gruppa har satsa på å auke elevkapasiteten i Nordre Fjell på kort sikt. Gjennom den kortsiktige delen av tiltaksplanen har skulegruppa redusert talet ledige elevplassar med om lag 550 plassar. Talet inkluderer auke i elevkapasitet ved to skular. I skuleområdet Litlesotra og Bjorøy vert talet på ledige elevplassar redusert med til saman 220: Litlesotra får 250 færre ledige plassar, medan på Bjorøy blir det oppretta 30 nye 8

plassar for å møta behovet der. Skuleområdet Indre Fjell får 150 færre ledige elevplassar, medan i Ytre og Søre Fjell blir talet på ledige elevplassar redusert med 215. Skuleområdet Nordre Fjell får på kort sikt auka elevkapasitet med om lag 40 elevplassar. På ungdomsskuletrinnet blir talet på elevplassar uendra, men ved å justera inntaksgrensene for dei to ungdomsskulane i kommunen kan ein unngå at presset blir for stort på Tranevågen i framtida. Å utarbeida elevtalsprognosar for framtida er alltid vanskeleg, sjølv om ein legg til grunn alle godkjente og kjente utbyggingsplanar, slik Norconsult har gjort. Skulegruppa har difor lagt opp til ny vurdering av kapasitetsbehov i 2020. På bakgrunn av faktisk elevtalsvekst og utbyggingstakt må det då gjerast vurderingar i alle dei fire skuleområda. Økonomisk innsparing - arbeidsgruppa sitt høyringsframlegg 1. Elevane frå Algrøy og Syltøy overføres til Skålvik frå nytt skuleår 2013 og Algrøy og Syltøy vert avvikla. 2. Elevane frå Ekerhovd overføres til Kolltveit frå nytt skuleår 2013, Ekerhovd vert avvikla. 3. Elevar frå Tellnes overføres til Ulveseth/Sund frå nytt skuleår 2013, Tellnes vert avvikla. 4. Alle elevar v/liljevatnet vert flytta til Brattholmen, Foldnes og Hjelteryggen frå nytt skuleår 2013. 5. Elevane frå Misje skule overføres til Landro frå nytt skuleår 2015, Misje vert avvikla. 6. Innsparingpotensialet vedkomande SFO-ordninga er ikkje innarbeidd i tala. Auke/red. tal klasser Innsparing /auke på sjølve skuledrifta Innsparing/ auke drift og reinhald bygg og eigedom Innsparing Auka naudsynt utgifter til vedlikehald skuleskyss Sum innsparing/ auke (-) Innsparing 2013 Innsparing 2014 Innsparing 2015 Årleg innsparing 2016-2020 Skule: Fjell ungd.skule 0 Tranevågen 0 Bjorøy 0 Liljevatnet **) -8-11 385 000-3 078 172 340 860-14 122 312-5 884 297-14 122 312-14 122 312-14 122 312 Hjelteryggen 2 3 400 000 3 400 000 1 416 667 3 400 000 3 400 000 3 400 000 Brattholmen 0 Foldnes 1 1 200 000 1 200 000 500 000 1 200 000 1 200 000 1 200 000 Knappskog 0 Ekerhovd -5-5 500 000-820 614-700 000-7 020 614-2 925 256-7 020 614-7 020 614-7 020 614 Kolltveit 3 3 600 000 175 920 3 775 920 1 573 300 3 775 920 3 775 920 3 775 920 Algrøy -2-2 001 000-420 760-205 000-2 626 760-1 094 484-2 626 760-2 626 760-2 626 760 Syltøy -2-2 516 000-338 947-700 000-3 554 947-1 481 229-3 554 949-3 554 947-3 554 947 Skålvik (auke m/1 1 kl.) 1 200 000 103 740 1 303 740 543 225 1 303 741 1 303 740 1 303 740 Tellnes *) -4-5 786 000-657 135-115 000-6 558 135-2 732 556-6 558 135-6 558 135-6 558 135 Ulveset 1 1 300 000 59 280 1 359 280 566 367 1 359 280 1 359 280 1 359 280 Misje -4-4 193 000-461 688-150 000-4 804 688-2 001 955-4 804 688 Landro 0 0 167 960 167 960 69 983 167 960 Ågotnes 0 Sum -17-20 681 000-5 597 986-1 870 000 847 760-27 301 243-9 518 263-22 843 829-24 775 800-27 480 556 *) I innsparinga for Tellnes skule er det ikkje teke omsyn til eventuelt kjøp av elevplassar i Sund som vil ha ein kostnad på 80.000 pr. elev. 24 elevar vil utgjera 1,9 mill. **) Innsparing av husleige kr. 3.078.172 gjeld leigde lokale ved flytting av tenester (arbeidssenter, dagsenter, vaksenoppl.) til Liljevatnet. Tek vi omsyn til årleg løns- og prisvekst, vil innsparinga kvart år 2013-2020 verta større. Norconsult sin rapport Norconsult har utarbeidd rapporten Elevkapasitet, elevtalsprognosar og skulestruktur, som grunnlag for arbeidsgruppa sitt arbeid. Rapporten inneheld grundige analysar knytt til elevtalsprognosar, ei kapasitets- og funksjonsvurdering, sentrale moment i vurderinga av framtidige skulestrukturar og alternative modellar. Rapporten inneheld og ei tilråding om framtidig skulestruktur for skuleområda nord, vest, sør og Litlesotra. I tillegg har dei tilrådd nokre langsiktige hovudgrep som gjeld Bildøyna/Litlesotra og Sotra Kystby. Hovudtrekka i tilrådinga er lista opp nedanfor. Skuleområde nord (Knappskog, Ågotnes, Landro og Misje): - Opprettheld skulane Knappskog, Ågotnes og Landro. Undervisninga ved Misje skule vert lagt ned og elevane overført til Landro skule. Landro skule har trong for kapasitetsutbygging. Ågotnes skule har kapasitet til å ta imot vekst på Ågotnes i tråd med utbygging og kommunesenterutvikling. Knappskog skule bør justere inntaksområdet mot Ågotnes ved langsiktige behov. 9

Skuleområde vest (Algrøy, Syltøy, Skålevik og Ulveset): - Opprettheld Ulveset skule. Undervisninga ved Algrøy, Syltøy og Skålevik skular vert lagt ned og elevane overført til Ulveset. Dersom Fjell kommune vel modell Vest A med Ulveset skule og Skålvik skule (inkl. Algrøy og Syltøy), er tilrådinga frå Norconsult å vurdera ei overføring av elevane frå Tellnes skule for å fylla opp Ulveset skule. Skuleområde sør (Kolltveit, Ekerhovd, Bjorøy og Tellnes): - Opprettheld Kolltveit skule (inklusive Ekerhovd) og Bjorøy skule. Undervisninga ved Ekerhovd skule vert lagt ned og elevane overført til Kolltveit. Når det gjeld Tellnes skule peikar Norconsult på tre val: 1. Som i dag. 2. Overføring til Skogsvåg skule. 3. Overføring til Ulveset skule. Norconsult viser til at kommunen vil ha størst økonomisk positiv effekt av å overføra elevane ved Tellnes til Ulveset, men dei gjer samstundes merksam på at ei slik løysing gjev lang reiseveg for einskilde elevar. På lang sikt tilrår Norconsult at Bildøyna vert etablert som eigen skulekrins. Skuleområde Liltlesotra (Hjelteryggen, Liljevatnet, Foldnes og Brattholmen): - Norconsult tilrår ingen strukturelle endringar på barnesteget i dette skuleområdet i denne omgang. Langsiktige hovudgrep Bildøyna/Litlesotra og Sotra Kystby: - Eksisterande skulemiljø på Bildøyna vert utvikla som framtidig skulesenter for Sotra Kystby/Straume/Bildøyna. Dei kommunale og fylkeskommunale behova i høve vidaregåande skule vert samordna. - Byggja ny barneskule på Bildøyna, inntaksområde til Kolltveit skule vert justert tilsvarande. Behova ved Foldnes skule bør vurderast i samband med utviklinga av Sotra Kystby og ny barneskule. Kan hende skal ny barneskule på Bildøyna verta nye Foldnes skule. - Når det gjeld ungdomssteget peikar Norconsult på fire hovudløysingar for å møta framtidig elevtalsvekst: 1. Justering av inntaksgrensene mellom Tranevågen og Fjell ungdomskule. 2. Vurdera ombygging ved Fjell ungdomsskule for å frigje areal til klasserom. 3. Framhald i kapasitetssamarbeidet med Danielsen ungdomsskule. 4. Omgjera Fjell ungdomsskule til barneskuleføremål og byggja ny ungdomsskule framfor ny barneskule på Bildøyna. Høyringsuttalar Då høyringsfristen gjekk ut 5. mars, var det kome inn 82 uttalar. Arbeidsgruppa har gjennomgått og vurdert høyringsuttalane og legg fram si innstilling til ny skulestruktur for Fjell kommune 2013 2030 i lys av desse. Det har kome høyringsuttale frå: 1. Statens vegvesen, region Vest 2. Øyvind Midttveit 3. Niklas Sunnhordvik 4. Arne Bjorøy 5. Irene Gihl Lindberg 6. FAU og SU ved Misje skule 10

7. Landro skule v/samarbeidsutvalet 8. Knut Tøraasen 9. Fjell Eldreråd 10. Algrøy bygdelag 11. Elin E. Veland 12. Samarbeidsutvalet v/landro skule 13. FAU Foldnes skule 14. Hordaland Fylkeskommune 15. Øyvind Midttveit 16. Ina Maukand 17. Samarbeidsutvalet v/brattholmen skule 18. Utdanningsforbundet på Kolltveit 19. Laila Kjeilen Bach 20. FAU/SU ved Kolltveit skule 21. Øygarden kommune 22. Catrine Havre Økland 23. Misje Bygdelag 24. Bjorøy og Tyssøy velforening 25. Kristin Hovland Misje 26. Marianne Monsen 27. Isabell Berge 28. Iris Gisladottir 29. Catrine Havre Økland 30. Sund kommune 31. Ellen Holmemo 32. Marie Jeanette Karlsson 33. Birthe Iren Grotle 34. Cecilie Skauge 35. Vibeke Eriksen 36. Gro Anita Hevrøy 37. Kurt Eide 38. Syltøy Grendalag 39. Kristine Fretheim 40. Kurt Henning Ekerhovd og Elisabeth Førli-Ekerhovd 41. Ørjan Misje 42. Linda Solheim 43. Fjell Venstre 44. SU Liljevatnet skule 45. Solveiga Blaziene 46. Marianne Hufthammer 47. Cecilie Rong og Thomas L. Hansen 48. Stian Borthen 49. Tore Tjelmeland 50. FAU/SU v/tranevågen ungdomsskule 51. Inger og Gunnar Danielsen 52. Synnøve Ekerhovd Hopland 53. Øyvind B. Kvinge 54. Torfinn Solheim 55. Sigrid-Marie Mikkelsen 56. Knarrevik velforening, Valen 57. Kobbeleia Grendalag 58. Tellnes FAU og Grendalag i Søre Fjell 59. Turøy grendalag 11

60. Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne 61. Benjamin Schei 62. FAU ved Ekerhovd skole 63. FAU ved Syltøy skule 64. Ulveset skule 65. SU Tellnes skule 66. Linda Ekeland 67. Hege Misje Birkland 68. Ole Gunnar Ekerhovd 69. Straumstunet Velforening 70. Ungdommens kommunestyre (UKS) 71. Marianne Dyrkolbotn 72. Marianne T. Monsen 73. Stekervika/Utsikten Velforening 74. Hovudverneombodet 75. Elevrådet ved Ekerhovd skule 76. Utdanningsforbundet 77. SU Skålvik skule 78. Fagforbundet 79. Delta Fjell 80. Skrubbeneset Velforening 81. Anglevikhagen Vel 82. LUFS Landslaget for nærmiljøskolen Alle høyringsuttalane er lagt ut på Fjell kommune si heimeside sortert på skuleområde. Sjå følgjande lenke: http://www.fjell.kommune.no/om_fjell/planar/ny-skulestruktur-i-fjell/ Nedanfor er det gitt ei oppsummering av generelle innspel som gjeld sak og prosess, og deretter ei oppsummering av innspel for kvart skuleområde sortert på ulike tema. Innspel som gjeld sak og prosess Føler at prosessen har gått for fort Objektiv utgreiing av pedagogiske, fysiske, økonomiske, sosiale og samfunnsmessige verknader manglar i høyringsframlegget For lite informasjon når det gjeld SFO, hører berre om skule Kommunedelplan for skule og utdanning gjeld fram til 2014 og denne seier at skulestrukturen ikkje skal endrast, med unnatak av Algrøy og Syltøy skular Stiller spørsmål om prosess og arealkrav er innanfor gjeldande lover og forskrifter Skulenedlegging og regulering av krinsgrensar er blanda saman Det kjem ikkje fram i rapporten kor skulekrinsgrensene skal gå Skulen er viktig for ei levande bygd Ynskje om konsekvensanalyse Trygge omgjevnader og ein føreseieleg kvardag med nærleik til skulen og gode pedagogiske opplegg bør tale for at ein opprettheld skulen der barnas beste må vega tyngst Høyringsframlegget tar i svært liten grad stilling til kvalitet i skulen som faktor for om ein skule bør bestå eller ikkje 12

Innspel - Litlesotra og Bjorøy Elevtalsprognosar Generasjonsskifte ikkje teke med Nye bustader i framtida ikkje teke med Det er ikkje justert for vekst ved nytt fastlandssamband Læringsmiljø Ved nedlegging av Liljevatnet misser Fjell kompetanse på baseskule Baseskulen verkar førebyggjande i høve mobbing Tillit tilsette/elevar og mellom kollegaer blir øydelagt Blir store/fulle klassar på dei skulane elevane overførast til Innføringsklassen påverkar miljøet positivt Likeverd Nedlegging bryt mot likeverdsprinsippet ved at framlegget går ut på å leggje ned Liljevatnet for å spreie elevane på tre ulike skular Andre skular som etter høyringsframlegget kan bli lagt ned, skal sende skulen samla til ny skule, men det skal vere mogleg å ynskje seg til alternative skular for elevar frå Ekerhovd og Tellnes Liljevatnet er ein ny skule med standard som ein ynskjer å få på resten av skulane i Fjell Det er viktig med føreseielege tilhøve for elevane sin tryggleik Tvil om Brattholmen og Foldnes har plass til alle Tvil om kor elevane skal gå etter ulike utsegn frå skulegruppa Byggtekniske tilhøve/uteområde Kapasitet i SFO? Må spesialrom som musikk-, data-, og grupperom vike? Støy og lite lys gjer datarommet på Brattholmen uegna til klasserom Det vil vere behov for nye garderobar både til lærarar og elevar på Brattholmen og innbu må supplerast Ein vil kanskje måtte byte lærebøker fordi Liljevatnet har andre læreverk Foldnes skule vil trenge oppussing/ombygging, særleg gymsalen er dårleg Foldnes har dårlege spesialrom, til dømes er sløydsalen plassert i tilfluktsrommet Foldnes treng oppgradering av ballbingen Arealberekninga ved skulane på Litlesotra er ikkje reell, og ein annan aktør må kvalitetssikre tala Trafikk FV 209, dårleg standard ikkje trafikksikker Av- og påstiging v/brattholmen skule underdimensjonert og trafikkfarleg, det same gjeld for Foldnes skule For få parkeringsplassar v/ levering/henting i SFO Gåande frå Straumfjellet mot Foldnes må krysse vegen 14 gonger dette utgjer fare Auka trafikk til/frå skulane på Straume Skulebussane er ofte for seine eller kjem ikkje i det heile Økonomi Elevkostnadene på Liljevatnet er lågare enn snittet i Fjell Utgifter til skuleskyss vil auke 13

Kostnader v/ utbetring av veg og av / påstiging Brattholmen Høyringsframlegget er prega av dårleg utgreiing av økonomien Etterbruk Frykt for at lokalmiljøet vil miste retten til å bruke skulebygget (Liljevatnet) Velforeiningane stiller spørsmål ved om bygget kan brukast som kulturhus Det ligg ikkje føre realistisk framlegg til etterbruken Kva med å få inn vaksenopplæringa, senioruniversitet, seniordans, kulturskule, teaterlag, barnehage Liljevatnet har investert i mykje utstyr som bordtennisbord, biljard, dataspel og anna som bør koma barna tilgode Innspel - indre Fjell Læringsmiljø Nedlegging av Ekerhovd skule vil gå ut over elevane sitt læringsforhold Problem med plass til førsteklasse med 40 elever og utfordringar i forhold til språkdeling Vi blir splitta opp og mister venene våre Søsken blir splitta og må gå på forskjellige skoler Det blir ikkje kjekt på Ekerhovd om skulen forsvinn Byggtekniske tilhøve/uteområde Basen og garderoben ved Kolltveit SFO er ikkje dimensjonert for så mange barn Lite areal til leik og aktivitet ved Kolltveit SFO Ved ei samanslåing vil arealbehovet vera rundt 10.000m2 - fleire elevar utan å utvide utearealet er i strid med opplæringslova 9, elevens velvære og behov for fysisk aktivitet Kolltveit vil ha behov for ekstra kapasitet pga planlagt utbygging og vil trenge plassen i eit noko vidare tidsperspektiv Trafikk Lang og farleg skuleveg, må bruke buss Slutt med sykling og å kunne gå til skulen - vi treng mosjon! Delar av strekninga er utan lys, og vegen manglar trygg overgang i krysset ved Bildøybakken Vegutbetring og trafikksikring: Delar av skulevegen mot Kolltveit er klassifisert som særskilt farleg, m.a. utan lys Familielogistikk: Auka trafikk og komplisert logistikk i forhold til mellom anna henting på SFO Økonomi Kommunedelplan av 2011-2014 reknar ikkje Ekerhovd skule blant dei skulane som har høge utgifter pr elev Ekerhovd skule må tildelast midlar til naudsynt vedlikehald Etterbruk Dersom skulen skal leggast ned vert det tilrådd at dei aktivitetar som er der pr. i dag, så som grendalag, speidaren m.m., får halde fram med å ha tilhald på skulen sitt område 14

Skulen må ikkje leggast ned, då den er ein viktig faktor for trivsel og samhald i bygda Innspel - ytre og søre Fjell Læringsmiljø Utrygg situasjon for elevane med eit nytt, større og ukjent skulemiljø Det vert eit dårlegare pedagogisk læringsmiljø Ekskludert frå leksehjelp grunna bussruter Likeverd Kjem ikkje inn under likehandsaminga som ein ynskjer å oppnå (urimeleg lang skuleveg ved nedlegging av Tellnes skule) Byggtekniske tilhøve/uteområde Sterkt behov for auka romkapasitet og betre bygningsmessig funksjonalitet ved Skålevik skule Skålevik bør utbetrast om skulen skal ta imot elevar frå Algrøy/Syltøy Trafikk Skålevik skule har ikkje godkjent innkjørsel ved parkeringsplass noko som gjer at skulen ikkje er godkjent etter lov om helsevern Farleg skuleveg frå Algrøy og Syltøy til Skålevik, behov for gratis skuleskyss og busskur Det vert lang skuleveg for Tellnes-elevar, opptil 1t kvar veg Elevane på Kallestad/Trengereid som søkjer seg til Skogsvåg skule bur mindre enn 4 km frå skulen og har dermed ikkje krav på skyss Stor omveg og ikkje miljøvennleg å skulle henta og bringa i SFO Økonomi Liten økonomisk vinst å legge ned Tellnes Ekstrakostnadar med skuleskyss og læringsmateriale Den økonomiske grunngjevinga er uklår Etterbruk Nedlegging av skulen vil påverke kommunen sine framtidige arealplanar (rekkefølgekrav) og vil redusere oppføring av bustadar Marknadsverdien på bustadar vil truleg gå ned Innspel - nordre Fjell Elevtalsprognosar For nordre del av Fjell kommune er det ikkje overskot på elevplassar, men eit stort underskot Misje skule er ein av dei få skulane i kommunen som kan visa til stigande prognosar for elevtal Læringsmiljø Det er lite støtte i forskinga for at skulestorleik har stor betyding for kvaliteten i skulen 15

I ei så viktig sak som nedlegging av skular, er det sjølvsagt at ein vurderer kvalitet og trivsel på kvar einskild skule, ut frå resultat i Elevundersøkinga, Lærarundersøkinga og Foreldreundersøkinga Trafikk Både barn og vaksne vil ofte velja den kortaste vegen og ikkje nødvendigvis den tryggaste. Det må skisserast andre alternativ for å sikre trygg skuleveg. Det må vedtakast rekkjefølgjekrav før nedlegging av Misje skule, som beskriv dei tiltak eller den gjennomføring som er planlagt for å sikra trygg skuleveg/transport. Økonomi Misje skule har litt høgare kostnad pr elev enn kommunegjennomsnittet, men det er også kapasitet til ekstra elevar med den bemanninga som er på skulen. Ser vi fram mot 2020, vil skulen ha 60 elevar i følgje prognosen og desse 11 ekstra elevane vil føra til at skulen vil klara seg veldig godt i ein kommunal kostnad pr elev konkurranse. På side 88 i Norconsult sin rapporten er det putta inn 10 millionar til oppussing. Misje skule er løpande utbygd og vedlikehalde (delvis med dugnadsinnsats) og er i god stand. Dette må sjåast opp mot dei ekstra investeringane som vert gjort på Landro skule for å ruste den opp. Det vert også auka kostnadar til transport og trafikksikring. Skulekrinsgrensene: For å nytta den eksisterande kapasiteten utan å bruka mykje midlar på å bygge ut skular, kan gruppa sjå på skulekrinsane i kommunen. Solsvik kan vurderast i så måte. Elevar som bur på Solsvik har kortare veg til Misje enn til Landro. Liten innsparing ved å leggja ned Misje skule Etterbruk Dersom Misje skule likevel vert lagt ned, ynskjer foreldra til skuleborna på Turøy å få uttale seg om kor dei ynskjer borna skal gå på skule (Toftøy eller Landro) ARBEIDSGRUPPA SI ENDELEGE INNSTILLING Arbeidsgruppa har vurdert spørsmålet om ny skulestruktur på nytt etter gjennomgang av innkomne høyringsuttaler. På bakgrunn av dette held gruppa fast på sitt opphavlege framlegg om å leggja ned Algrøy og Syltøy skular frå 2013 og Misje skule når Landro skule er utbygd. Arbeidsgruppa gjer følgjande endringar i høve til høyringsframlegget: Liljevatnet 2014: Undervisninga vert mellombels sett ut av drift. Elevane vert fordelte på dei tre andre skulane på Litlesotra. Innføringsklassane vert flytta til Knappskog skule. Ved å utsetja tiltaket med eit år meinar arbeidsgruppa å ha imøtekome innspel frå høyringa om behov for meir tid til gjennomføring og tilrettelegging for mottak av elevar på dei andre skulane. Ekerhovd 2014: Undervisninga vert lagt ned og elevane flytta til Kolltveit skule Ved å utsetja tiltaket med eitt år meiner arbeidsgruppa å ha imøtekome innspel frå høyringa om behov for meir tid til gjennomføring og tilrettelegging for mottak av elevar. Det er eit særskilt behov for å vurdera eventuelle investeringsbehov ved Kolltveit skule. 16

Tellnes skule 2014: Undervisninga vert lagt ned og elevane flytta til Ulveset. Elevar frå Kallestad og Trengereid kan velja å gå på Skogsvåg skule i Sund kommune. Ved å utsetja tiltaket med eitt år meiner arbeidsgruppa å ha imøtekome innspel frå høyringa om behov for meir tid til gjennomføring og tilstrekkeleg tid til å føra samtalar med Sund kommune om kjøp av elevplassar. Ungdomsskuletrinnet 2014: Justera inntaksgrensene slik at elevar frå Tellnes og Ulveset går på Fjell ungdomsskule. Med bakgrunn i kommunestyret sitt vedtak knytt til ny skulestruktur må rådmannen leggja fram eiga sak med behov for justering av krinsgrenser. Disponering av potensielt nedlagte skulebygg Arbeidsgruppa vil arbeide vidare med punkt fire i mandatet og vil leggja fram eiga sak knytt til tema. Arbeidsgruppa meiner at spørsmålet først kan greiast ut etter at kommunestyret har gjort sitt vedtak om ny skulestruktur. Økonomisk innsparing - arbeidsgruppa si innstilling 1. 2013: Elevane frå Algrøy og Syltøy overføres til Skålvik og Algrøy og Syltøy vert avvikla. 2. 2014: Alle elevar v/liljevatnet vert flytta til Brattholmen, Foldnes og Hjelteryggen. Eksterne leigetilhøve på Sartor vert avvikla og tenestene flytta. 3. 2014: Elevane frå Ekerhovd overføres til Kolltveit, Ekerhovd vert avvikla. 4. 2014: Elevar frå Tellnes overføres til Ulveseth/Sund, Tellnes vert avvikla. 5: 2015: Elevane frå Misje skule overføres til Landro. Misje vert avvikla. 6. Innsparingpotensialet vedkomande SFO-ordninga er ikkje innarbeidd i tala. Auke/red. tal klasser Innsparing /auke på sjølve skuledrifta Innsparing/ auke drift og reinhald bygg og eigedom Innsparing naudsynt vedlikehald Auka utgifter til skuleskyss Sum årleg innsparing/ auke Årleg innsparing 2013 Årleg innsparing 2014 Årleg innsparing 2015 Årleg innsparing kvart år 2016-2020 Skule: Liljevatnet **) -8-11 385 000-3 078 172 340 860-14 122 312-5 884 297-14 122 312-14 122 312 Hjelteryggen 2 3 400 000 3 400 000 1 416 667 3 400 000 3 400 000 Brattholmen 0 Foldnes 1 1 200 000 1 200 000 500 000 1 200 000 1 200 000 Algrøy -2-2 001 000-420 760-205 000-2 626 760-1 094 484-2 626 760-2 626 760-2 626 760 Syltøy -2-2 516 000-338 947-700 000-3 554 947-1 481 229-3 554 949-3 554 947-3 554 947 Skålvik (auke m/1 1 kl.) 1 200 000 103 740 1 303 740 543 225 1 303 741 1 303 740 1 303 740 Ekerhovd -5-5 500 000-820 614-700 000-7 020 614-2 925 256-7 020 614-7 020 614 Kolltveit 3 3 600 000 175 920 3 775 920 1 573 300 3 775 920 3 775 920 Tellnes *) -4-5 786 000-657 135-115 000-6 558 135-2 732 556-6 558 135-6 558 135 Ulveset 1 1 300 000 59 280 1 359 280 566 367 1 359 280 1 359 280 Misje -4-4 193 000-461 688-150 000-4 804 688-2 001 955-4 804 688 Landro 0 0 167 960 167 960 69 983 167 960 Sum -17-20 681 000-5 597 986-1 870 000 847 760-27 301 243-2 032 488-12 363 743-24 775 800-27 480 556 *) I innsparinga for Tellnes skule er det ikkje teke omsyn til eventuelt kjøp av elevplassar i Sund som vil ha ein kostnad på 80.000 pr. elev. 24 elevar vil utgjera 1,9 mill. **) Innsparing av husleige kr. 3.078.172 er estimat på framtidige kostnader i leigde lokale (arbeidssenter, dagsenter, vaksenoppl.). Det er i kostnadene ikkje teke omsyn til renter og avdrag knytt til bygg og eigedom Tek vi omsyn til årleg løns- og prisvekst, vil innsparinga kvart år 2013-2020 verta større. Investeringsbehov For å gjennomføra den nye skulestrukturen i tråd med innstillinga, er det trong for nokre investeringar i form av nybygg, tilbygg og rehabilitering. Paviljongar ved Bjorøy skule må vurderast i perioden 2013-2015 for å auka kapasiteten til ca. 150 elevar på sikt. Det må truleg gjerast nokre investeringar ved Kolltveit skule for å kunna ta imot elevar frå Ekerhovd. Det største investeringsbehovet vil koma ved Landro skule som må byggjast ut og rehabiliterast for å ta imot elevar frå Misje skule. Dersom det vert lagt til grunn tidlegare erfaringstal får vi slikt estimat på investeringsrammer for dei aktuelle skulebygga i åra 2013-2015: 17

Investeringsbehov skular - påbygg/rehabilitering 2013-2015 (Anslag basert på erfaringstal og år for ferdigstilling) Skular: 2013 2014 2015 Kolltveit, paviljong + utbetring 5 Bjorøy, paviljong + utbetring (1 paviljong - ca. 400m2) 8 Landro, påbygg/utbetring/infrastruktur 30 Sum investeringskostnad 13 30 Tala er eksklusive mva. Frå 2014 skal mva-kompensasjon frå investeringar knytast til tiltaket og ikkje førast gjennom driftsrekneskapen. Grunna kommunen si høge lånegjeld må store delar av investeringskostnaden finansierast ved sal av eigedom eller andre inntekter. Det er kommunestyret som tek avgjerd om kva investeringar som skal gjennomførast dei einskilde åra, i arbeidet med økonomiplanen. I 2020 må kommunestyret på ny ta stilling til utbyggingsbehov innanfor skulesektoren i tråd med det arbeidsgruppa har lagt opp til i sitt framlegg. Vurdering: Det finst fleire moglege løysingar for ny skulestruktur i Fjell. Rådmannen vel å leggja til grunn den politiske arbeidsgruppa sitt endelege framlegg etter høyringsperioden, i innstillinga til vedtak. Rådmannen vil i denne vurderinga utdjupa nokre punkt i saka. Dette gjeld gjennomføringa av tiltak, tilhøve til lov og forskrifter, personalmessige verknadar, behovet for informasjon, læringsmiljøet i skulen, befolkningsutvikling og økonomi. Gjennomføring av tiltak Rådmannen legg altså til grunn arbeidsgruppa si innstilling og vil då oppsummera følgjande tiltak knytt til ny skulestruktur: 1. Elevar ved Algrøy og Syltøy skular vert overført til Skålevik skule frå nytt skuleår 2013 og skuledrifta ved Algrøy og Syltøy vert avvikla. Overføringa vil ikkje medføra ekstrakostnader til utbetring/utbygging av Skålevik skule, men det må truleg opprettast ein ny klasse. Samla innsparing i skuledrifta for desse tre skulane vil første året vera om lag 2 mill. og deretter 4,8 mill. kvart år. 2. Elevar ved Ekerhovd vert overført til Kolltveit skule frå nytt skuleår 2014 og skuledrifta ved Ekerhovd vert avvikla. Overføringa vil føra til oppretting av 3 nye klassar ved Kolltveit. Samla innsparing i skuledrifta første året vil vera om lag 1,3 mill. og deretter 3,2 mill. kvart år. Elevoverføringa vil truleg medføra behov for utbetring/utbygging av Kolltveit skule. Rådmannen ser for seg at det her kan vera snakk om paviljong i tillegg til noko utbetringsarbeid. Samla investeringskostnad vil truleg utgjera om lag 5 mill. i 2014, men det vil også vera høve til å leiga paviljong i staden for å kjøpa. Leigeutgiftene åleine kan estimerast til om lag kr. 700.000 800.000 pr. år og i tillegg kjem årlege driftskostnader og reinhald. 3. Elevar ved Tellnes skule vert overført til Ulveset og eventuelt Skogsvåg skule i Sund kommune frå nytt skuleår 2014. Skuledrifta ved Tellnes skule vert avvikla. Dersom alle elevane vert overført til Ulveset vil dette utløysa ein ny klasse ved Ulveset. Samla innsparing vil vera om lag 2,1 mill. i 2014 og deretter om lag 5,2 mill. kvart år. 18

Eventuelt kjøp av elevplassar i Sund kommune vil kosta kr. 80.000 pr. elevplass. 4. Skuledrifta ved Liljevatnet skule vert mellombels avvikla frå nytt skuleår 2014 og elevane vert overført til Hjelteryggen, Brattholmen og Foldnes. Dette vil utløysa to nye klassar ved Hjelteryggen og ein ny klasse ved Foldnes. Liljevatnet kan då gje rom for andre kommunale tenester. Samla innsparing vil første året vera om lag 3,9 mill. og deretter 9,5 mill. kvart år. Innsparinga føreset at vi kan redusera andre husleigekostnader tilsvarande 3 mill. årleg. 5. Elevar ved Misje skule vert frå nytt skuleår 2015 overført til Landro skule. Skuledrifta ved Misje skule vert avvikla. Samla innsparing i skuledrifta første året vil vera om lag 1,9 mill. og deretter 4,6 mill. kvart år. Løysinga vil medføra behov for utbygging av Landro skule før elevane vert overført. Utbygging av Landro skule er estimert med ei investeringsramme på 30 mill. eks mva. 6. Bjorøy skule vert oppretthalden, og dette føreset investeringsmidlar til utviding stipulert til om lag 8 mill. 7. Inntaksgrensene vert justerte slik at elevar frå Tellnes og Ulveset går på Fjell ungdomsskule. Den totale årlege innsparinga i driftsrekneskapen ved gjennomføring av tiltaka vil då verta slik: 2013 2014 2015 2016-2020 -2 032 488-12 363 743-24 775 800-27 480 556 Alternativ bruk av Liljevatnet skule Fjell kommune leiger i dag lokale til fleire kommunale tenester. På Straume leiger vi lokale hos Lieco til vaksenopplæringa, psykiatrisk dagsenter og arbeidssenter, og i tillegg leiger vi lokale på Straume for ungdomsklubb, seniorsenter, basecamp og helsestasjon for ungdom. Frigjering av Liljevatnet skule vil gje høve til at fleire av dei nemnde tenestene kan overførast frå leigde til eigde lokale. Slik rådmannen ser det, vil det vera mange ulike alternativ som kan vera aktuelle i så måte. Vaksenopplæringa og arbeidssenteret kan vera aktuelt å flytta til Liljevatnet. Rådmannen er meir usikker på om Liljevatnet er eigna som lokale for psykiatrisk dagsenter. Rådmannen treng å gjera ei meir heilskapleg vurdering når det gjeld kva tenester som kan samlokaliserast. Rådmannen treng tid både til å finna tenlege løysingar for ulike tenester og til å forhandla med aktuelle huseigarar om oppheving av leigeavtalar. Dette kan først gjerast når kommunestyret har gjort vedtak om den nye skulestrukturen. Rådmannen ber difor om å få koma attende til kommunestyret med ei ny sak som inneheld forslag til bruk av Liljevatnet skule for andre kommunale tenester. Skulekrinsgrensar Nedlegging av skular påverkar ikkje skulekrinsgrensene sett i høve til lov og forskrifter dersom elevane vert overførte til ny nærskule som er i drift. Skulekrinsgrensene vert då automatisk utvida. Dette gjeld: Barnetrinnet Tellnes krins går inn i Ulveset krins 19