Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 901 61 334 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 E-post: barnehage@sisof.no
1 mars Tirsdag 1. mars er den årlige barnehagedagen. Barnehagedagen vart markert med temakveld for foreldre i kulturhuset frå, temaet var «trygge vaksne- trygge barn?». Barnehagedagen vart markert i barnehagen med ein lesedag/ forteljardag. Barnehagen fekk besøk av studentat ved HiSF som les og fortalde eventyr. Måndag 14.mars reiser vi til Hodlekve for å ake. Som tidlegare år vil det vere igjen ei lita gruppe med dei yngste ungane i barnehagen. Barnehagen tek med mat, drikke og elles det utstyret som trengs den dagen. Vi kjører med buss frå barnehagen kl. 10.00, med retur klokka 13.00 frå Hodlekve. For at vi skal ha muligheit til å reise til Hodlekve, må vi be om at alle betalar 30 kroner til bussen denne dagen. Barna må elles ha gode og varme klede, sjølv om vi håper på sol og fint vær! Påske nærmar seg, og tradisjonen tru inviterer vi til påskefrukost på alle avdelingane. Denne dagen inviterer barnehagen, ordførar og barnehagane ansvarleg i kommunen. Vi inviterer våre samarbeidspartnar på høgskulen, og dei av dei tilsette i SISOF som vi ete frukost i barnehagen før dei startar på jobb. Dato for denne frokosten er torsdag 17. mars, mellom kl. 07.30-09.30. Velkommen! Husk å returnere svarslipp over når de ønskjer barnepass i forbindelse med eksamenslesing/ oppgåveinnlevering, så skal vi sette opp barnepass på ettermiddagar fortløpande.
Den siste planleggingsdagen vil verta lagt utanom eksamen, i slutten av barnehageåret, - erfaring tilseier at planleggingsdagane ver i midten av juni. Sender ut eit skriv der de skriv på kva dagar de har eksamen, så prøver vi å finne ein dag då det involverer minst mogleg av dykk men hen blikk på eksamensdagar. Om det er nokon av dykk studentar som har eksamen den dagen så gje beskjed, eg held barnehagen open for dykk. I veke 19 skal 3BLU studentar ha 5 praksisdagar i barnehagen dei kjem i gruppe på 2 og 3, dei møter de på avdeling Måne og Sol 1. Husk å ta porten igjen både med hempa og lenka, både når du går inn og ut. 2. Parker fornuftig slik at andre bilar kjem inn og ut av parkeringsplassen, og stå parkert slik at ikkje porten vert stengt. 3. Vi har hatt ein periode med mykje sjukdom både blant barn og dei tilsette i barnehagen, vi har freista få til gode dagar sjølv om vi har måtte legga lista ned for gjeremål og aktivitet i barnehagen. De har og sikkert opplev at barna dykkar har vore saman med nye vikara, vi ha freist gjort dette så skånsomt så mogleg med kjente vaksne på yttervaktene.
Dei fyste vekene etter jul brukte vi tida til å bli kjent med kvarandre og å komme inn i rutinar etter ferien. Stjerne fekk nye barn så det var viktig å bruke litt tilvenningstid. I veke 3-6 jobba Sol og Stjerne med eventyr som tema. Dei eldste jobba med eventyret om Skinnvotten. Dette vart ein flott prosess der barna var usedvanleg interesserte og engasjerte. Barna fekk utdelt roller som var ulike dyr, noko barna leika ut både heime og i barnehagen. Fekk masse tilbakemelding frå foreldra rundt dette, noko som fortel at dette engasjerte dei største barna. Dei yngste jobba med eventyret Bukkane bruse, etter deira nivå og føresetnad. Alltid kjekt med Bukkane bruse, og dette er eit eventyr vi bruker både i elle og uelle situasjonar i barnehagen. Eventyra blei introdusert gjennom høgtlesing, visualisering og dramatisering. Ved å bruka bilete, figurar, stemme og mimikk blei borna inviterte inn i forteljinga og utdelt roller som til slutt munna ut i ei framføring på ei fellessamling for heile barnehagen. Vidare på planen i januar/februar stod solfesten. Vi gjekk inn i den gule veka der vi hadde mykje gul frukt og pynta avdelingane til det store høgdepunktet som sjølvsagt var solfesten. «Kong vinter» og «dronning sol» kom som tidlegare år, på besøk, til stor begeistring for både vaksne og barn. Vi hadde mange kjekke aktiviteter ute med sang, dans, maling m.m. Pølse med brød blei servert til lunsj. Vi avslutta dagen med å slå sola ut av sekken, og kosa oss med fangsten. Vi hadde og fokus på vinteren som tema, som gjekk parallelt med eventyr. Der fagområdet natur, miljø og teknikk stod i fokus. Vi leika, aka og a i snøen. Lagde is skulpturar og «satte» farge på dei. Nokon av barna har vore opptatt av skilnaden mellom is klump og snø klump. Dette har vi undra oss over, og studert kva som skjer med snøen når den kjem inn. Det har vore ei utfordring på småbarn, å koma seg ut kvar dag med alle dei små barna. Dette håpar vi bli lettare når våren kjem.
I mars og april vil vi ha fokus på fagområdet tal, rom og og kunst, kultur og kreativitet. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna sin matematiske kompetanse (Rammeplanen). Dette fagområdet dekkjer på lik linje med dei andre seks eit vidt læringsfelt, og det er ofte tett saman vevd med dei andre. Tal-talord, teljing og kor mange. Fagområdet omhandlar og Rom plassering t.d. kvar eg er i rommet, under, opp på eller bakom stolen. Desse delane av fagområdet er noko vi jobbar mykje med i uelle og elle situasjonar gjennom heile året. Barnehagen skal bidra til at barna erfarer, utforskar og leker med og mønster. Erfarer ulike typer størrelser, er og mål gjennom å sortere og sammeligne (Rammeplanen). Vi skal klippe, lime, måle, synge, tulle, le og leika oss gjennom fagområda. Kvar finn ein er? Kva kan ein lage og bruke dei til? Ein er omgitt av er overalt, berre ein stoggar og ser. Kanskje de finn noko på veg til barnehagen? Eller når de sit ved middagsbordet?
I veke 10 byrjar med påskeaktivitetar. Vi lagar påskepynt, syng påske songar og vi skal sjølvsagt tradisjonen tru, invitere foreldre og sysken på påske frukost med pynta avdeling Etter påske byrjar vi med våren som tema, der vi mellom anna skal så frø og sjå det spirer, gå på tur og leite etter vårteikn. Følg med på vekeplanen som heng på døra. Songar vi syng i denne perioden: Se min kjole.. Lille trille låg på hylle... Min hatt den har tre kantar... Det satt to katter på eit bord. Månen er så gul og rund... Teljesong Ein liten kylling i egget låg.. Liten kylling sat på eit hønsetak. På en grøn grøn bakketopp Lille måltrost Fløy en liten blå fugl Alle fuglar små dei er
9 Ant,rom Og MARS 2016 SOL OG STJERNE Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 29 1 2 3 4 Sol Felles foreldremøte i kommunen Kl.19.30-21.30 Stjerne Inne / uteleik Pasta og skinke 10 Påske 7 Sol 8 Påskeaktivitet 9 Stjerne 10 Påskeaktivitet 11 Fiskekarbonader, pasta og grønnsaker 11 Påske 14 AKEDAG Sjå plakat 15 Påskeaktivitet 16 Påskeaktivitet 17 PÅSKEFRUKOST ( sjå oppslag på døra) 18 Brødmat Feire Nikolai 1 år 12 PÅSKE Barnehagen er stengt 13 Vår Ant, rom og 28 2.påskedag Barnehagen er stengt 29 Inne/uteleik 30 Inne/uteleik 31 Inne/uteleik 1 Sjå vekeplan
APRIL 2016 SOL OG STJERNE 14 Vår 4 Måndag Tysdag. Onsdag. Torsdag. Fredag. 5 6 5 8 Sol /uteleik Formingsakt: Ant, rom og Stjerne / uteleik Formingsakt: Ant, rom og Sjå vekeplan Ant, rom og 15 VÅR 11 Sol / uteleik 12 Inne/ute leik 13 Stjerne / uteleik 14 Inne / ute leik 15 Sjå vekeplan Ant, rom og 16 VÅR 18 Sol/ uteleik 19 Formingsakt: Vår 20 Stjerne / uteleik 21 Formingsakt: Vår 22 Sjå vekeplan Ant, rom og 17 VÅR 25 Sol / uteleik 26 Inne / ute leik 27 Stjerne / uteleik 28 Inne / ute leik 29 Sjå vekeplan Ant, rom og Sjå og vekeplan for eventuelle endringar, heng på døra inn til avdelingane
I januar begynte me med eventyr og forteljartradisjonar. Barnegruppa vart delt i to, der gruppe 1 jobba med Reveenka, og gruppe 2 jobba med Bukkane Bruse. Det vart brukt ulike teknikkar for å idle eventyra, frå å lese og fortelje fritt, til å dramatisere med figurar og at barna fekk prøve rollar sjølv. Me las òg andre eventyr, men då på initiativ og ønskje frå barna. Me avslutta tema eventyr med å ha to framsyningar ei med Bukkane Bruse og ei med Reveenka og eit lite kor som song eventyrvisa for små og store på Sol/Stjerne. Å idle eventyr på ulike måtar, er spanande både for den som idlar og for den som skal høyre på. Barna har vist stor interesse for det, og syns det er moro. Og barna lærar seg å lytte. Vi ser det òg att i rolleleiken. Flinke skodespelarar som har hatt ei fin utvikling og trer fram meir enn vanleg. Vi vart òg invitert på eventyrframsyning på Sol, der dei største barna på Sol/Stjerne dramatiserte Skinnvotten. Dette var ei flott oppleving! På avdelinga har vi ei bokkasse som blir satt fram kvar dag. Barna likar godt og sjå i bøker og å bli lest for. Personalet skal skape eit miljø der barn og vaksne opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale, og vere bevisst kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar som blir idla. (Kommunikasjon, språk og tekst, Rammeplanen s.41) I same periode fekk me besøk av Inga og Ann Kristin frå Rikskonsertane. Dei ga oss ei flott musikalsk oppleving. Januar og februar har ikkje vore so snørik som i fjor, men me har boltra oss med aking og byggjing i snøen som har vore her. Ein liten kuldeperiode har det vore, og då laga me ulike skulpturar og lyslykter. I veke 8 var det tid for Gul veke. Me feirar at sola har komme tilbake til barnehagen ved å pynte avdelinga med soler i taket, male med solfargane gult og oransje, og til fruktmåltida smakte me på gul frukt. Barna gleda seg til solfesten og bygger opp forventningar til kva som skal skje. Som avslutning på veka laga me til solfest. Ute dansa, malte, dramatiserte og song me. Me såg dramatiseringa om Kong Vinter og Dronning Sol, og kosa oss med pølse m/ lompe ute. Til slutt tok me med oss sambataktene inn og slo Sola ut av sekken. Elles i januar og februar har me vore på fleire turar. Elva og fossen har vore eit mål ved fleire av dei. Der har me opplevd kulde, is, snø, mykje vatn og ikkje minst spor etter oter. I februar har me hatt fine turar til Trudvang, Parken og Storhallen. I kulden har me varma oss på bål i lavvoen, og snøen har ved nokre høve fått eit lite malingsstrøk I januar starta me opp med Førskulegruppa på fredagane. I år er det fem barn i førskulegruppa som får vere med på ulike skuleførebuande aktivitetar. I denne perioden har me feira fem bursdagar; Ariel 6 år, Leo 5 år, Sara 4 år, Vetle 4 år og Vebjørn 4 år. Hurra!!!!
Barnehagedagen 2016 er 1. mars. Tema i år er «Les høgt for oss». Besøk av 6 studentar frå Hisf som dramatiserer eventyr og les for barna. Vi lagar påskepynt på avdelinga, sår karse og barna får lage kvar sin påskepynt dei kan ta med heim. Torsdagen før påskeferien inviterer vi til den årlege påskefrukosten. Her skal spesielt kafé-gjengen vere med og førebu (entreprenørskap). Lage invitasjon til påskefrukosten, handle inn mat og pynte borda. Og alle er med og bakar rundstykke. Barna får kunnskap om kva som må til når ein inviterer til mat. Påskeongar; Ein liten kylling i egget låg. og «liten kylling». Fagområde Kunst, kultur og kreativitet, barnehagen skal bidra til at barna tek i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede. (Rammeplanen) Fagområda vi har ekstra fokus på i april er: Tal, rom og : Vi brukar bl.a. leiker, spel, og ingsmateriell som fremjar leik med tal og. Og vi går på tur for å leite etter ulike er i nærmiljøet. Vi er bevisst vår bruk av matematiske omgrep, og personalet prøver å stimulere til matematisk glede i leiken. Vi snakkar om ulike storleikar og ulike er, og vi tel og veg ting i barnehagen. Når vi lagar mat kan barna vege, telje og sortere. Barna teiknar, fargelegg, klipper og limer og sorterer etter og storleik. Bygge med store klossar og bruke tepper og stolar til å lage små rom i rommet kan vera spennande. Vi brukar mest begrepa sirkel, firkant, kvadrat og trekant. Barna får og lære nye reglar/ rim med tall. Rim og reglar lærer dei ofte fort og barna syns det er spesielt kjekt med tøysereglar/ rim. Barn er tidleg opptekne av tal og teljing, dei utforskar rom og, dei argumenterer og er på jakt etter samanhengar. (Rammeplanen) Etter kvart som våren nærmar seg vil fokuset på nytt liv vera eit gjennomgåande tema. Vi tek fram vårsongane, ser på vårteikn i naturen som smeltande snø, fuglar, knoppar på trea og spirande blomster og gras. Barna skal få oppleve at naturen vaknar til liv og oppleve gleda med og vera i naturen. Barna sår frø som dei skal passe på å vatne og følgje med på kva som skjer. Fagområde Natur, miljø og teknikk skal bidra til at barn blir kjend med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vær. (Rammeplanen). Det vert planlagde og spontane turar med fokus på naturen og ulik fysisk aktivitet. Vi deler som oftast barna i mindre grupper, sjå vekeplan. Turar i nærmiljøet, som ned til fjæra, Rutlin, Ulvehaugen, storhallen mm. Fast turdag bli tysdagane frå 5. april. Når vi er på tur vil vi òg ha fokus på sosial kompetanse som: Å lære å ta vare på kvarandre på tur, halde i handa, hjelpe og
støtte kvarandre i utfordrande terreng og ikkje minst skape gode opplevingar og ha det kjekt på tur. Kan og bli grupper på tvers av avdelingane. Helsing personalet på Måne Ein, to trø i sko. Ein, to trø i sko. Tre, fire kniv i slire. Fem, seks kom ei heks. Sju, åtte sitte på potte. Ni, ti gå ein sti. Elleve, tolv tramp i golv. Tretten, fjorten lås opp porten. Femten, seksten sal på hesten.
MARS Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 9 Tema Bhg dagen 1 BARNEHAGE- DAGEN Feire Vilde 3 år, hurra! 2 3 Lære Mars sangen 4 Førskulegruppe Restemat Feire Mathea 3 år, hurra! 10 Tema Påske 7 Lage påskepynt 8 Lage påskepynt 9 Feire Ingjerd 5 år, hurra! 10 Så karse 11 Kafegjengen handlar til påskefrukost Havregrynsgraut 14 15 16 17 18 11 Tema Påske AKEDAG Sjå plakat Bake rundstykke Pynte til påskefrukost PÅSKE- FRUKOST Sjå plakat Smørjemat 21 22 23 24 25 12 Påskeferie Påskeferie Påskeferie Skjærtorsdag Langfredag 28 29 30 31 13 2. påskedag Maleaktivitet Ps. Sjå vekeplan for eventuelle endringa
APRIL Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 1 13 Førskulegruppe (sjå vekeplan) 4 5 6 7 8 14 Tema Tall, rom og Jobbe med ulike er, tall og rom 11 Ei gruppe på tur 12 Jobbe med ulike er, tall og rom 13 14 Jobbe med ulike er, tall og rom Førskulegruppe (sjå vekeplan) 15 16 Tema Tall, rom og 17 Tema Vår Jobbe med ulike er, tall og rom 18 Så erter og solsikkefrø Ei gruppe på tur 19 Ei gruppe på tur Jobbe med ulike er, tall og rom Førskulegruppe (sjå vekeplan) 20 21 22 Førskulegruppe Bruke instrument og synge vårsangar. (sjå vekeplan) Feire Isak 5 år, hurra! 25 26 27 28 29 18 Tema Vår Formingsaktivitet med vårfargar Ei gruppe på tur Bruke instrument og synge vårsangar. Førskulegruppe (sjå vekeplan) Ps. Sjå vekeplan for meir inasjon og eventuelle endringar.