Forslag til styret i Helse Vest 7.3.12. Årleg melding 2014 for Helse Bergen HF



Like dokumenter
Matrise for tertialvis rapportering til Helse Vest RHF på utvalte mål i styringsdokumentet 2014

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Matrise for tertialvis rapportering til Helse Vest RHF på utvalte mål i styringsdokumentet tertial

Styringsdokument 2014

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

3. tertialrapport summering av måloppnåing - overordna risikovurdering av utvalde styringsmål i 2017

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Frå visjon til realitet November 2012

Rapportering frå verksemda per august Vedlegg

Program for pasienttryggleik halvårsrapport

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Rapportering frå verksemda per juli Vedlegg

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Styresak. Framlegg til vedtak. Føretak: Helse Førde HF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld:

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Statusrapport Oktober 2015

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Statusrapport. Januar 2017

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Rapportering frå verksemda per april Vedlegg

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Tiltak for å avvikle korridorplassar i helseføretaka

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Dei fire hovudoppgåvene

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial Det skal ikkje vere fristbrot

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Bergen HF. Innhald

Aktivitet Aktivitetsdata for desember er ikkje klart før 30. januar Rapporteringa per desember 2009 er difor basert på budsjett for perioden.

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per februar 2018

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Vedlegg 3: Oversikt over rapportering av styringsparametrar / indikatorar

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Styresak. Gunn Synnøve Dahl Overordna risikostyring oppsummering. Arkivsak Styresak 85/14 A Styremøte

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Verksemdsrapport psykisk helsevern

Informasjon til pasientar og pårørande

Rapportering frå verksemda per februar Vedlegg

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

Matriser for tertialvis rapportering til styret i Helse Vest RHF pa krav i føretaksprotokoll og oppdragsdokument 1. tertial 2014

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Styresak. Forslag til vedtak. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Verksemdsrapport psykisk helsevern


Tenesteavtale 3. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Styresak. Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Kenneth Eikeset Oppfølging av Plan for psykisk helsevern

Styresak. Forslag til vedtak: Styret tar rapporteringa til orientering. Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Matriser for tertialvis rapportering til styret i Helse Vest RHF pa krav i føretaksprotokoll og oppdragsdokument 2. tertial 2014

Pasientens helseteneste

Verksemdsrapport Psykisk helsevern

Regional plan habilitering og rehabilitering. Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF. oktober 2015

DATO: SAKSHANDSAMAR: Alf Henrik Andreassen SAKA GJELD: Oppfølging av tertialrapport på nasjonale kvalitetsindikatorar pr.

Pasientens helseteneste. Utviklingsarbeid for å lage framtidas spesialisthelsetenester i Helse Førde

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

STYRESAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Utkast til strategi

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

Særavtale til tenesteavtale 8 Kjøpav beredskap for følgjeteneste ved svangerskap og fødsel. Sauda kommune

Verksemdsrapport Medisinsk klinikk

Notat. Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Styresak. Admininstrerande direktør Olav Klausen Oppfølging av risikovurdering 1.tertial Helse Fonna HF

Helse Bergen HF. Utvikling frå 2002 til 2010 Styret si rolle

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest

Langtidsbudsjett , vidare prosess

Transkript:

Forslag til styret i Helse Vest 7.3.12 Årleg melding 2014 for Helse Bergen HF 0

Innhold 1 Innleiing... 2 1.1 Visjon, verksemdside og verdigrunnlag... 2 1.2 Helse 2020... 2 2 Hovudområde for styring og oppfølging i 2014... 2 3 Helsefaglege styringsmål... 12 3.1 Aktivitet, økonomi og fag... 12 3.2 Tilgjengelegheit og brukarorientering... 12 3.3 Kvalitet og pasienttryggleik... 16 3.4 Personell, utdanning og kompetanse... 21 3.5 Forsking og innovasjon... 24 3.6 Opplæring av pasientar og pårørande... 25 4 Økonomiske krav og rammevilkår... 25 4.1 Økonomiske resultatkrav... 25 4.2 Endringar i driftskredittramma... 25 4.3 Investeringar... 25 4.4 Lån til investeringar... 26 5 Organisatoriske krav... 27 5.1 Beredskap og sikkerheit... 27 5.2 Endringar i lov om pasient- og brukerrettigheter... 28 5.3 Informasjonsteknologi og digitale tenester (ehelse)... 28 5.4 Utvikling av naudmeldetenesta... 29 5.5 Tiltak på personalområdet... 30 5.6 Tiltak på porteføljestyring... 30 5.7 Miljø og klima... 31 5.8 Laboratoriekodeverk... 31 5.9 Samhandling med Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest IKT... 32 6 Styringsinformasjon... 32 7 Styringsparametrar 2014... 33 8 Plandokument... 38 8.1 Utviklingstrendar og rammer... 38 8.2 Strategiar og planar i helseføretaket... 40 1

1 Innleiing 1.1 Visjon, verksemdside og verdigrunnlag For alle føretaka i Helse Vest-området gjeld visjonen om at det skal fremjast helse og livskvalitet. Helse Bergen har under revisjonen av strategidokumentet valt å vidareføre tre overordna måla for verksemda: Trygge og nære helsetenester Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon Revisjonen av Strategiplanen for Helse Bergen blei gjort parallelt med utarbeiding av Grunnlagsdokument for samarbeid med kommunane og tilhøyrande handlingsplan. Dette gjer at strategien er samkøyrt med kommunane med omsyn til mål og tiltak i komande periode. Strategiplanen samsvarar og med tidshorisonten til langtidsbudsjettet, og heng såleis saman med budsjettmessige prioriteringar. 1.2 Helse 2020 Helse Vest vedtok våren 2011 ein oppdatert versjon av strategien sin, Helse 2020. Den strategiske planen til Helse Bergen er revidert i tråd med denne versjonen og aktuelle nasjonale og regionale planar. Prosessen med revidering av strategien blei fullført då den reviderte strategiplanen blei vedtatt av styret i Helse Bergen. 2 Hovudområde for styring og oppfølging i 2014 Vestlandspasienten Lokalt prosjekt og delprosjekt knytt til det regionale prosjektet «Alle møter» er i rute og ein er i full gang med å innføre ulike tiltak i Helse Bergen og ferdigstille dei første leveransane. Vestlandspasienten.no er ein kommunikasjonskanal mellom sjukehuset og pasienten, og er ein del av prosjektet «Alle møter». Nettsida er ein integrert del av «Min side» på helsenorge.no, kor pasienten loggar inn med elektronisk ID, og får ei oversikt over timeavtalane sine. Vestlandspasienten.no er tatt i bruk for alle einingar i Helse Bergen. Web-løysinga skal sikre at pasientane kan sjå alle timane dei har i spesialisthelsetenesta framover i tid, sjå status for tilvisingar, men og kunne sende melding til sjukehuset dersom ein ønskjer ny time eller lurar på noko med tanke på behandlinga. Helse Bergen har og gjennom «Alle møter» sett i verk fleire tiltak for å sikre god utnytting av kapasiteten i poliklinikkane: Det er utvikla ein simuleringsmodell for å hjelpe til med å lage gode retningslinjer for timetildeling ved dei ulike polikliniske einingane. Modellen skal bidra til at timar blir gitt så raskt som mogleg, at ein ikkje «gå tom» for timar til pasientar med høg 2

prioritet, sikre at pasientane kjem til innanfor den medisinsk-faglege fristen og sørgje for god ressursutnytting. På fleire avdelingar er det tatt i bruk avansert oppgåveplanlegging for behandlarar. Dette skal bidra til betre utnytting av behandlarressursane i poliklinikkane. Alle polikliniske einingar i føretaket kjem til å ta dette planleggingsverktøyet i bruk. Det er tatt i bruk ein forbetra versjon av sms-påminning som skal bidra til at fleire pasientar møter til avtalt time. Divisjon psykisk helsevern har eige prosjekt med same mål, at fleire pasientar skal møte til avtalt time. Fleire avdelingar er i gang med å forenkle innkallingsbrev og frasar (standardtekstar), då mange pasientar strevar med å forstå breva dei får frå sjukehuset. Prosjektarbeidet knytt til «Alle møter» vil fortsette med like stor innsats i 2015. Ein reknar med at gevinsten av prosjektet vil bli større i 2015, når ulike verktøy er samkøyrte og tatt i bruk i fleire avdelingar. Utvida opningstid for planlagt verksemd Utviding av opningstidene blir og vurdert til å vere eit tiltak for å betre utnytte kapasiteten i poliklinikkane. Ved nokre poliklinikkar i Helse Bergen har dei allereie konkrete planar om dette, og nokre har allereie starta opp med utvida opningstider. Andre avdelingar er i gang med prosessar saman med mellom anna tillitsvalde. Føretaket bruker aktivitetsdata for å kartlegge potensialet i utvida opningstider i kvar eining. Pasienttryggleik Helse Bergen følgjer opp innsatsområda i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen I trygge hender. Føretaket har hatt ei sentral rolle i alle innsatsområda og deltatt i alle læringsnettverka i regionen. Kampanjen har som målsetting å redusere pasientskadar, bygge system og kultur for å førebygge skadar og uheldige hendingar. Leiinga er opptatt av at Helse Bergen arbeider systematisk med dette feltet, og følgjer tett opp. Pasienttryggleikskampanjen er vidareført med pasienttryggleiksprogrammet. Gjennom informasjonsmøte i 2013/2014 er programmet gjort kjent for alle nivå 2- og nivå 3-leiarar, verneombod og tillitsvalde i føretaket. Samstundes er intranettsida til Helse Bergen brukt for å formidle informasjon og sette fokus på temaet. Det blir fokusert mykje på forankring i kvar klinikk og betydinga av at det er eigarskap til dei tiltaka som skal setjast i verk. Måla som var sett for 2014 er nådd og det som står att for dette året er godkjenning av spreiingverktøyet. Dette vil bli gjort i desember 2014. Gjennomførte tiltak undervegs: For å sikre god oversikt over innsatsområda for kvar klinikk vil det bli laga eit kart som viser aktiviteten/tiltaka. Klinikkleiingane og føretaksleiinga kan gjennom dette halde oversikt over framdriftsplanen. Dette vil bli klart ved årsskiftet 2014/2015. Kulturmålingar er utført og resultata er presentert i klinikkane. Gjennomgang av journalar er gjort ved bruk av Glober Trigger Tool (GTT) (ein vitskapleg dokumentert metode). Det er laga indikatorar og rapportar på trygg kirurgi. 3

Tiltak innanfor ei rekke område er sette i verk/planlagde på dei avdelingane det er relevant for: Trygg kirurgi Trygg fødsel «I pasientens fotspor» frå læringsnettverk for leiarar Spørjeundersøking til medarbeidarar om pasienttryggleiksprogrammet Legemiddelavstemming Handhygiene Medikamenttryggleik Behandling av hjerneslag Førebygging av trykksår Fallførebygging Førebygging av urinvegsinfeksjonar Slagbehandling Betre oppgåvedeling Betre oppgåvedeling er eit kontinuerleg og langsiktig tema i endrings- og utviklingsprosjekt i Helse Bergen. Det er sett i gang fleire prosjekt i samarbeid med Fagforbundet der oppgåvedeling er tema. Fleire av desse prosjekta er gjennomført på tvers i føretaket. Erfaringar frå prosjekta har vore positive, og nye prosjekt er sette i verk. Utdanning av spesialreinhaldarar ved Fusa vidaregåande skule er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen og Hordaland fylkeskommune. Elevane blir utdanna for å kunne arbeide som reinhaldarar på operasjonsstovene i sjukehuset. Dei kan der gjere nokre av dei oppgåvene som operasjonssjukepleiarane tidlegare har hatt. Denne endringa i oppgåvedeling er svært viktig då det er mangel på operasjonssjukepleiarar. Helse Bergen har utarbeidd ein kompetansestrategi som vil bli lagt fram for styret i desember 2014. Strategien tar utgangspunkt i at effektiv og kvalitativ god pasientbehandling blir sikra gjennom rett kompetanse på rett stad til rett tid. Det er derfor avgjerande at tilgjengeleg arbeidskraft og ressursar blir brukt optimalt. Berekraftig ressursbruk må sikrast gjennom å tenke på tvers av etablerte strukturar og profesjonar der bevisst bruk av oppgåvedeling, tverrfaglege- og tverrprofesjonelle team er sentrale stikkord. Planlegging av framtidas kapasitet og kompetanse kan ikkje berre baserast på dagens organisering og arbeidsdeling. Utviklinga av tenestene må ta utgangspunkt i behovsdriven innovasjon. Dette arbeider Helse Bergen med både på kort og lang sikt. Auke delen faste stillingar og etablere heiltidskultur Helse Bergen arbeider aktivt med dette temaet, og kan vise til gode resultat frå 2010 til i dag. Det er utarbeidd og innført rutinar ved utlysing for å sikre at faste stillingar blir utlyste i så stor stillingsprosent som mogleg. Permisjonsreglementet er gjennomgått for å redusere deltid. Det er utarbeidd retningslinjer som gir tilsette rett til heil stilling i kombinasjon mellom avdeling og føretaket sitt bemanningssenter. Traineeprogrammet for nyutdanna sjukepleiarar er sett i drift og det er til ei kvar tid rundt 40 sjukepleiarar som deltar i programmet. Ordninga hindrar bruk av mellombelse stillingar i deltid. Prosjektet «fastvakter til utagerande pasientar» er sett i drift og fire medarbeidarar til blir tilsett i november 2014. Medarbeidarane skal dekke behovet for fastvakter til pasientar og dessutan vikarbehovet i psykiatriske einingar og Avdeling for rusmedisin. 4

Prosjektet «Hospitaldrift på tvers» utvidar i november med sju nye medarbeidarar. Tilsette arbeider i fire ulike einingar i Hospitaldrift og på denne måten unngår ein bruk av deltid og mellombelse stillingar. Traineeprosjektet er gjennomført i samarbeid med norsk sjukepleiarforbund (NSF) mens dei to siste prosjekta er gjennomført i samarbeid med Fagforbundet. For å sikre føreseieleg tilgang på studentar som arbeider i sjukehuset, og for at studentane gjennom studietida skal kunne tileigne seg god kunnskap om sjukehuset frå ulike einingar, har «Studentstillingar» blitt etablert. Det er tilsett 39 studentar, 27 medisinstudentar og 12 frå profesjonsstudiet i psykologi i faste 22 %-stillingar. Delar av stillinga er fastlagt i ein arbeidsplan mens delar av stillinga ligg i ein timebank. Denne ordninga er etablert saman med Legeforeininga og Psykologforeininga. Det er også tilsett to barnehageassistentar i 100 % faste stillingar. Dei skal arbeide i dei fire barnehagane og dekke opp for mellombelse stillingar. Psykisk helsevern I samsvar med oppdragsdokument dei seinare åra har ressursane i psykisk helsevern blitt styrt mot dei distriktspsykiatriske sentra (DPS) og psykisk helsevern for barn og unge. Psykisk helsevern for vaksne Etter at Kronstad DPS opna i mai 2013 er grunnstrukturen i psykisk helsevern på plass. Det er no seks DPS i opptaksområdet til Helse Bergen. Tre er offentlege og to er privat ideelle. På Voss er ansvaret for DPS delt mellom Bjørkely vaksenpsykiatriske senter (privat ideell) og Voss vaksenpsykiatriske poliklinikk. Poliklinikken er frå 1. oktober 2014 lagt under Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Det blir gjort eit systematisk arbeid med vidareutvikling av DPSa i tråd med nasjonale og regionale krav. Dei siste åra har det særleg vore lagt vekt på å styrke det ambulante arbeidet både fagleg og organisatorisk. Tenesteutviklinga skjer i tett samarbeid med dei private ideelle DPSa. Det er etablert samarbeidsrelasjonar både på administrativt og fagleg nivå. Samarbeidet med kommunane er eit prioritert område tufta på eksisterande avtaleverk og dei overordna samarbeidsutvala med kommunane. Lokale DPS-råd er no innarbeidd som ein del av den formelle samarbeidsstrukturen, og dette gir DPSa høve til å utvikle tenestetilbodet i samarbeid med lokalt, kommunalt tenesteapparat. Det er også etablert ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis brukarmedverknad kan styrkast innanfor psykisk helsevern. Føretaket vil framleis nytta seg av Brukarutvalet i Helse Bergen i saker som gjeld systemnivå, men i tillegg ønskjer ein å opne for at brukarane av tenestene får høve til å koma med meir direkte tilbakemeldingar på det lokale tenestetilbodet. Arbeidet held fram i 2015. Divisjon psykisk helsevern har prioritert arbeidet med å utvikle såkalla standardiserte pasientforløp. Pasientforløp legg til rette for systematisk behandling og føreseielege tenester. Pasienforløp føreset oppfølging for å drøfte og forbetre systemet. Her har forløpsgrupper vist seg som gode verkemiddel. Forløpsgruppa i Akuttforløpet i psykisk helsevern for vaksne er leia av leiaren for Psykiatrisk akuttmottak og har elles representantar frå DPSa og Bergen Legevakt. Samarbeidet med fastlegane har høgste prioritet for utvalet i 2015. På same måte er forløpsgruppa for psykoseforløpet leia av klinikkdirektøren ved Kronstad DPS mens forløpet for rus-psykiatri er leia frå Avdeling for rusmedisin. Desse møteplassane er særs viktige for å oppretthalda gode samarbeidsrelasjonar og rask problemløysing. 5

Fleire nye prosjekt og aktivitetar er med på å modernisera psykisk helsevern. Divisjon psykisk helsevern satsar bevisst på tidleg oppdaging av alvorlege psykiske lidingar. Dette arbeidet skjer både på sjukehus, på DPSa og i forskingssamanheng. Tidleg oppdaging krev også at institusjonane bidrar med informasjon til publikum og samarbeidspartar. Dette blir gjort. emeistring, terapeutassistert behandling via internett, er eit tiltak som har fått mykje merksemd. Sidan våren 2013 har pasientar med sosial angst og panikkliding hatt tilbod om sjølvhjelp via heimepc. I tillegg til informasjon og oppgåver har pasienten kontakt med eigen terapeut via telefon og meldingar. Alt er tilrettelagt innanfor nasjonale krav til IKT-tryggleik. Hausten 2014 blei eit nytt behandlingsopplegg for pasientar med depresjon starta opp som emeisting. Tilbodet er under stadig utvikling både fagleg og funksjonelt, og emesitring fekk i haust innovasjonsprisen frå Helse Vest. emesitring er lokalisert til Bjørgvin DPS og har fått sin første «avleggar» i Vestfold. Eit anna tiltak med mykje merksemd er OCD-teamet ved Kronstad DPS. Teamet gir intensiv behandling til pasientar med tvangslidingar frå heile opptaksområdet til Helse Bergen. Modellen med å organisera tenesta som eit spesialistteam har så langt vore ein suksess, og teamet har oppnådd mange gode resultat på den korte tida tiltaket har vore i drift. Av samarbeidsprosjekt må nemnast Individuell jobbstøtte (IPS) som er eit modellforsøk i samarbeid med NAV Hordaland og Bergen kommune. Prosjektet er finansiert av Helsedirektoratet. Føremålet er å testa ut ein manualbasert modell for å bidra til at menneske med alvorlege psykiske lidingar kan koma i ordinært arbeid. Krumtappen i arbeidet er «jobbspesialisten» som både arbeider mot aktuelle arbeidsgivarar samstundes som dei støttar og følgjer opp jobbsøkjarane. Seks prosjekt på landsbasis inngår i modellforsøket som blir følgt opp av eit forskingsprosjekt. I samarbeid med Husbanken og Bergen kommune deltar Divisjon psykisk helsevern i prosjektet «Housing first» som i innretning har mange likskapsteikn med IPS. Igjen er hovudpoenget å finna ordinære bustadar til menneske med alvorlege psykiske lidingar. Aktivitetane i Individuell jobbstøtte og Housing first skal gå føre samstundes med at pasienten får behandling i psykisk helsevern. Det blir satsa på at kvar brukar får ei rekke med tilbod parallelt i motsetnad til ei sekvensiell innretning der behandling kom før bustad som måtte vere på plass før jobb. Nyare forsking har vist at menneske med alvorlege psykiske lidingar i gjennomsnitt har kring 20 år lågare levealder enn ein gjennomsnittsborgar. Divisjon psykisk helsevern har sett seg som mål å finne fram til gode tiltak som kan bidra til at dette blir endra. Det inneber at psykisk helsevern må ha mykje større merksemd på pasientane si somatiske helse, og at kosthald, røykestopp og fysisk aktivitet må koma på dagsorden på ein annan måte enn tidlegare. Her er psykisk helsevern sjølvsagt heilt avhengige av eit tettare samarbeid med kommunar, brukarorganisasjonar og aktuelle friviljuge organisasjonar. Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) Hovuddelen av tenestetilbodet til barn og unge er organisert i desentraliserte barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP). Frå hausten 2014 er Voss BUP ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge. I tillegg til dei sju BUPane i Helse Bergen har Hospitalet Betanien avtale med Helse Vest om drift av ein BUP. Nokre spesialteam og sengepostar er lokaliserte til Haukeland. 6

Tilbodet til barn og unge står føre eit tidsskilje når det nye barne- og ungdomssjukehuset står ferdig hausten 2016. Mykje aktivitet vil bli lagt ned i å realisere dei mogelegheitene som eit slikt nytt bygg gir. Krava til å tilby rask behandling til barn og unge har blitt skjerpa dei siste åra. PBU har jobba godt med å realisere kravet om vurdering innan 10 vyrkedagar, og det førekjem ikkje fristbrot. Ungdom er mykje på nett, og PBU ligg i front når det gjeld informasjon på internett. Skal ein nå målgruppa med nødvendige opplysningar lyt ein også tilpasse informasjonen til målgruppa. For barn og unge er det oppretta pasientforløp for pasientar med ADHD fleire forløp er under førebuing. Også på barne- og ungdomsfeltet ser ein utvikling av nokre mindre kompetansemiljø ved poliklinikkane. Dette er det me kan kalla for knutepunkt for spesielle lidingar. Slike knutepunkt er no oppretta i høve OCD, spiseforstyrringar, psykose og spe- /småbarnsproblematikk. Dette er uttrykk for at det sjølv innanfor eit generalistmiljø kan vere behov for at nokre fagpersonar fordjupar seg på viktige problemområde. Avdeling for rusmedisin (AFR) Avdeling for rusmedisin (AFR) har vakse dei siste åra. Avdelinga består no av ti seksjonar. Poliklinikkar: Samhandling, Psykiatrisk ungdomsteam (PUT), Poliklinikk vaksne, Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), Floen poliklinikk og dagbehandling Ambulant team Døgnseksjonar: Floen Manger (18 senger), Floen Bergen (15 senger), Tertnes (10 senger), Askøy (30 sengert), Døgnpost for gravide Forskingsseksjon: FoU MO-senter (desentralisert poliklinikk p.t. lågterskel LAR). AFR arbeider tett med Divisjon psykisk helsevern og dei har utarbeidd felles pasientforløp, ROP (rus og psykiatri). I tillegg samarbeider Avdeling for rusmedisin tett med Akuttposten som er administrativt organisert i Mottaksklinikken i Helse Bergen og lokalisert ved sida av Bergen legevakt. AFR har kontor i Sentralblokka, HUS, med konsultteneste. AFR har mange store og små samarbeidsprosjekt med Bergen kommune med mellom anna Bergen fengsel. AFR har og hatt ei aktiv rolle saman med Bergen kommune og politiet med å etablere og gjennomføre handlingsplanen mot opne russcenar knytt til stenging av Nygårdparken i Bergen hausten 2014 (eit tiltak her er MO-senteret). AFR samarbeider og med kollegaer i andre lokale helseføretak, og det er no god kontroll over gjestepasientordninga. Ved Avdeling for rusmedisin var talet på utskrivingar 10 % høgare enn planlagt pr. oktober 2014, og høgare enn i fjor på same tid. Talet på opphaldsdøgn var om lag som planlagt, og 7 % høgare enn i fjor. Beleggsprosenten var ved alle klinikkane over 90 %. Når det gjeld polikliniske konsultasjonar var aktiviteten lågare enn planlagt, men 21 % høgare enn i fjor. Ein grunn til at talet på polikliniske konsultasjonar er lågare enn planlagt, er manglande registrering av poliklinisk aktivitet før vurdering av prioritet for nye tilvisingar. I statsbudsjettet for 2014 blei det vedtatt at kostnad knytt til utdeling av medikament innanfor LAR (legemiddelassistert rehabilitering) skal handterast av helseføretaka. Nye 7

lågterskeltilbod innanfor LAR blei etablert i november 2014 i AFR i Helse Bergen. Seks desentraliserte poliklinikkar er etablert (inkl. MO-senteret nemnt tidlegare). AFR har bygd opp ei forskingseining med om lag 12 tilsette. Rus- og avhengigheitsmedisin er eit forskingssvakt fagområde, og det er eit stort behov for å auke kunnskapen om behandlingsformer og behandlingsresultat. Det største forskingsprosjektet til AFR er knytt til utviklinga av eit medisinsk kvalitetsregister i samarbeid med Korfor (Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking). Det er vedtatt å opprette ein legespesialitet i Rus og avhengigheitsmedisin. AFR ser ut til å vere i god posisjon til å bli akseptert som ein utdanningsinstitusjon for LIS-legane (legar under spesialisering). Ventetider og fristbrot Gjennomsnittleg ventetid i Helse Bergen for pasientar som har fått starta helsehjelp pr. oktober 2014 for alle fagområde og omsorgsnivå var på 68 dagar. For pasientar med rett var ho på 58 dagar og for dei utan rett var ho på 94 dagar. Talet på fristbrot per 3. tertial for pasientar som har starta helsehjelpa i perioden var på 192 pasientar. Det utgjer 2 % av alle pasientar som har starta helsehjelp i same periode. Dette er det lågaste talet nokon gong. Og trenden er tydeleg nedadgåande. Administrerande direktør følgjer desse tala tett opp på alle leiarmøta med leiarar frå både nivå 2 og nivå 3. Leiarane er bedne om å setje i verk nødvendige tiltak for å nå målet om gjennomsnittleg ventetid under 65 dagar og null fristbrot. Det er mellom anna utvikla ein rapport som blir oppdatert to gonger i veka som viser «Ventande som nærmar seg fristdato utan tildelt time eller m/time etter fristdato». Aktuelle avdelingar blir oppmoda om å følgje med på denne rapporten, og å gje pasientane eit tilbod før det blir fristbrot. Avdelingane med ventetid over 65 dagar og fristbrot har sett i verk lokale tiltak tilpassa dei utfordringane dei har. Det er ved fleire avdelingar gjort eit betydeleg arbeid knytt til forbetring av rutinar og praksis rundt handtering av ventelister for å unngå fristbrot. Eksempel på andre tiltak er: Praksis med å gje time i «god» tid før fristdato Flest fristbrot på opererande avdelingar, tiltak som er sette i verk er: o Rydding i ventelistene o Auka tempo i poliklinikkane o Kontinuerleg overvaking av utnyttingsgrad av operasjonsstuer o Fokus på god utnytting av operasjonskapasitet bla. gjennom prepoliklinikkar som bidrar til mindre strykingar o Tett oppfølging i forhold til rett prioritering av operasjonsstuer mellom fagområde o Tett samarbeid mellom operasjonsstuene på Voss og på Haukeland for å sikre god utnytting av kapasitet o Tett samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus Kontaktar andre sjukehus i regionen mellom anna innanfor augefaget Sjå meir i Kap 2 under Vestlandspasienten om prosjekt «Alle møter» 8

I 2013 blei den diagnostiske kapasiteten på PET (skanner) auka og det blei utvida med ei ny CT-maskin. I 2014 er to nye MR-maskiner under bygging. Mange av fristbrota har vore på dei opererande avdelingane. Det blei i 2013 starta opp 10 nye operasjonsstuer i Helse Bergen. Dette har gitt effekt utover i 2014. Økonomi Den økonomiske utviklinga etter 10 månader er om lag som budsjettert. IKT Helse Bergen har deltatt i alle felles regionale IKT-prosjekt med dei ressursane føretaket er beden om å stilla med i året som har gått. I tillegg går det føre seg mange lokale aktivitetar knytt til forbetring av eksisterande IKT-system med fokus på datakvalitet og overvaking av meldingar. Elektroniske pleie- og omsorgsmeldingar til og frå kommunane er tatt i bruk i alle somatiske avdelingar i sjukehuset, og elektroniske reseptar er under utrulling i føretaket. For å sikre god datakvalitet går det og føre seg eit kontinuerleg arbeid for å betre overvakinga av elektroniske meldingar og styrke kompetansen til brukarane gjennom kurs, rettleiing og kontroll. Oppfølging av samhandlingsreforma og samarbeid mellom profesjonar, verksemder og nivå Det er stor fokus på samhandling i Helse Bergen. Både gjennom oppfølging av samhandlingsreforma saman med kommunane og gjennom samarbeid med andre sjukehus både somatiske og psykiatriske. Det blir og arbeidd med å utvikle godt tverrfagleg samarbeid rundt pasientane internt i sjukehuset. Dette er særs viktig både i forløpsarbeid generelt og knytt til Mottaksklinikken og diagnostisk senter spesielt. Føretaket bidrar med ressursar inn i mange store og mindre fellesprosjekt med kommunane. Målet er å utvikle gode tiltak som skal støtte opp under samhandlingsreforma ved å bygge kompetanse, etablere nye tilbod og styrkje samarbeidet. Føretaket har mellom anna bidratt både økonomisk og fagleg til etablering av palliative senger på kommunalt nivå. Det er og saman med kommunar etablert prosjektet «Jordmor heim» der jordmødrer frå Helse Bergen drar heim til nybakte mødrer som etter eige ønskje har dratt tidleg heim frå sjukehuset. God kommunikasjon mellom sjukehus og kommunane er viktig for å få til eit godt samarbeid. Helse Bergen har saman med kommunane etablert fleire tiltak som skal støtte opp under dette i tillegg til dei formelle strukturane som er avtalefesta: - Driftsgrupper knytt til kommunale ØH-senger (akutte) og palliative senger (planlagde). - Kvar veke har Helse Bergen driftsmøte med Bergen kommune og Haraldsplass diakonale sjukehus. - Elektroniske meldingar mellom sjukehus og kommunane. Det har lenge vore eit sentralt mål for helsetenesta at epikrisene skal sendast raskt etter at pasienten er utskriven frå sjukehuset. Samhandlingsreforma har gjort dette målet enda viktigare. Når kommunane raskare tar imot utskrivingsklare pasientar gjer det at behovet for 9

oppdatert informasjon for dei som tar i mot pasienten er større enn nokon gong. For pasientar som skal følgjast opp av pleie- og omsorgstenesta i kommunen skal epikrisa følgje pasienten ved utskriving. For andre pasientar er målet at epikrisene skal sendast innan 7 dagar. Innføringa av talegjenkjenning i somatikken har og bidratt til forbetring i epikrisetida. Ved utgangen av oktober 2014 var 89 % av epikrisene for pasientar utskrivne i oktober sendt ut innan 7 dagar. Det nasjonale målet er at 100 %. Helse Bergen inngjekk avtale om etablering av ØH-senger for fem kommunar i 2012, i 2013 starta fem fleire kommunar opp med ØH-senger. I 2014 har Voss med omegnskommunane og Austevoll inngått avtale med Helse Bergen. Men av ulike grunnar har ingen av dei som gjorde avtale i 2014 starta opp med drift i ØH-sengene enda. Det gjenstår avtale med to kommunar i Helse Bergen sitt opptaksområde: Samnanger kommune og Bergen kommune. Fristen for oppstart av kommunale øh-senger er ved utgangen av 2015. Erfaringa med dei ØH-sengene som har starta opp i kommunane er fortsatt at beleggsprosenten er svært låg. Frå januar 2012 blei kommunane pålagde å betale for dei pasientane som blir liggande på sjukehuset etter at dei er utskrivingsklare. Talet på liggedøgn i sjukehuset for desse pasientane har variert. Men i 2014 har det gått jamt ned, spesielt siste halvdel av året. Det er no få pasientar som blir liggande i sjukehussenger etter at dei er meldt utskrivingsklare frå sjukehuset. Kvalitet og innhald i tenestene Det er sett i verk mange tiltak i Helse Bergen for å sikre god kvalitet i tenestene til pasientane, blant anna: Standardiserte pasientforløp for å sikre rask og kvalitativt god utgreiing og behandling. Sjå fleire eksempel under pkt. 3.2. Opnemning av koordinator for å sikre effektive pasientforløp og god kommunikasjon mellom sjukehuset og pasienten. Sjå fleire eksempel under pkt. 3.2. Pasienttryggleiksprogram for å sikre god kvalitet og sikkerheit i utgreiing og behandling. Sjå meir under pkt. 3.3. Bruk av minimetodevurdering for å sikre at dei metodane som blir tatt i bruk er gode både i forhold til pasientbehandling og ressursbruk. Sjå meir under pkt. 3.3. Praksis for å bruke avviksmeldingar/synergi aktivt for læring ved kvar enkelt avdeling. Sjå meir under punktet om Pasienttryggleik i dette kapittelet. Rekruttering og kompetanseutvikling Helse Bergen har god tilgang på fagpersonell. Det blir jobba aktivt for å rekruttere godt kvalifiserte personell i alle stillingar. Traineeprogrammet for nyutdanna sjukepleiarar er sett i drift og det er til ei kvar tid rundt 40 sjukepleiarar i programmet. Dei som deltar i dette programmet blir ein del av eit planlagt opplæringsprogram som får svært god evaluering. For å sikre at studentar gjennom studiet tileignar seg god kunnskap om sjukehuset frå ulike einingar har «Studentstillingar» blitt etablert. Det er tilsett 39 studentar, 27 medisinstudentar og 12 frå profesjonsstudiet i psykologi i fast 22 % stillingar. Delar av stillinga er fastlagt i ein 10

arbeidsplan, mens delar av stillinga ligg i ein timebank. Denne ordninga er etablert saman med Legeforeininga og Psykologforeininga. Helse Bergen har utarbeidd eigen strategi for kompetanse i framtida. Denne vil bli lagt fram for styret i Helse Bergen i desember 2014. Kompetansestrategien til Helse Bergen skal gi retning for korleis føretaket skal vedlikehalde, utvikle og tilpasse kompetansesamansetninga i framtida. Hovudmålsettinga er å sikre rett kompetanse på rett stad til rett tid og bidra til ei berekraftig helseteneste. Vår viktigaste strategiske utfordring er evna vår til å tiltrekke, rekruttere, utvikle, bruke og behalde medarbeidarar med rett kompetanse. I tilknyting til arbeidet med strategien er det utarbeidd ein eigen rapport som beskriv status for personellsituasjonen i Helse Bergen pr. 2014. Rapporten inneheld vurderingar av framtidige utfordringsbilde for ulike personellgrupper med utgangspunkt i nasjonale framskrivingar, utdanningskapasitet og eksisterande kompetansesamansetning i Helse Bergen. Rapporten vil bli jamleg revidert i planperioden. I tillegg er det utarbeidd ei rekke lokale planar og tiltak. Sjå meir under pkt. 3.4. Benchmarking og faglege revisjonar Helse Bergen deltar i eit felles benchmarkingsprosjekt for alle regionsjukehusa i landet. Det er valt ut nokre område innanfor somatikk der ein samanliknar. Psykiatrien i Helse Bergen deltar på andre året i eit benchmarkingsprosjekt med St. Olav der kostnadseffektivitet er tema. Vidare har ein benchmarking i Helse Bergen gjennom årlege interne kostnadseffektivitetsanalysar. Dette blir gjort for relevante avdelingar på tredje året. Ein er der opptatt av både å sjå på utviklinga mellom avdelingane, men viktigast å sjå på utviklinga i kvar avdeling over tid. Ventetid, auka kapasitet og kompetanse innanfor kreftområdet Stor sett leverer alle einingar på kravet om at 80 % av kreftpasientane skal ha starta behandling innan 20 dagar frå mottatt tilvising. Nokre stadar er det flaskehalsar som gjer at for nokre pasientar kan det gå over 20 dagar, så som innanfor lungekirurgi, CT-rettleia biopsiar og andre røntgenutgreiingar. Dette blir det arbeidd kontinuerleg for å forbetre. Oppstart på behandling av pasientar som først er utgreidd ved andre sjukehus kan også av og til gå over fristen. Det er i dag ikkje gode nok elektroniske verktøy for registrering av forløpet for denne pasientgruppa. Det er derfor arbeidd med å forbetre verktøy for overvaking av dette. Helse Bergen har utvikla forslag til elektronisk verktøyet som vil bli klart til bruk innan utgangen av 2014. Kapasiteten og kompetansen på kreftområdet er eit sentralt tema i Helse Bergen. Dette blir det arbeidd med både på kort og lengre sikt. På kort sikt: Effektivisering av poliklinikkar (jf. prosjektet «alle møter») God utnytting av støttefunksjonar, røntgen, lab og liknande. Auka kapasitet for aktuelle støttefunksjonar 11

På lengre sikt: Planlegge for tilstrekkeleg operasjonskapasitet i framtida Planlegge for tilstrekkeleg behandlingskapasitet gjennom nye bygg og utstyr 3 Helsefaglege styringsmål 3.1 Aktivitet, økonomi og fag Mål 2014: Budsjettert aktivitet er i tråd med bestillinga. Budsjett for ISF (innsatsstyrt finansiering) og poliklinikk er sett opp og følgt i tråd med overordna rammer. Aktivitet er gjennomført noko over plan pr. okt. 14. Investeringsbudsjett og likviditetsbudsjett er sett opp som beskrive frå Helse Vest. Det er styrt innanfor rammene. 3.2 Tilgjengelegheit og brukarorientering Mål 2014: Gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta er under 65 dagar. Gjennomsnittleg ventetid i Helse Bergen for pasientar som har fått starta helsehjelp pr. oktober for alle fagområde og omsorgsnivå var på 68 dagar. For pasientar med rett var den på 58 dagar og for dei utan rett var den på 94 dagar. Som ledd i arbeidet med å redusere ventetidene og talet på fristbrot er det utarbeidd faste rapportar, som gjer det mogleg for klinikkane å overvake desse tala med oppdaterte data to gonger pr. veke. Administrerande direktør følgjer også tala tett opp på alle leiarmøta med leiarar frå både nivå 2 og 3. Leiarane er bedne om å setje i verk nødvendige tiltak for å nå målet om gjennomsnittleg ventetid under 65 dagar. Avdelingane med ventetid over 65 dagar har sett i verk lokale tiltak tilpassa dei utfordringane dei har. Eksempel på tiltak: Fokus på god utnytting av operasjonskapasitet og rett prioritering mellom fagområde Tett samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus (dagleg kontakt) Kontaktar andre sjukehus i regionen mellom anna innanfor augefaget Føretaket jobbar også aktivt med prosjektet «Alle møter», der ein m.a. har utarbeidd ein 12

simulerings-modell for å finne fram til policy for å optimalisere tildeling av polikliniske timar. Målet er ikkje nådd. Ingen fristbrot Talet på fristbrot per 3. tertial (september til oktober) for pasientar som har starta helsehjelpa i perioden var på 192 pasientar. Det utgjer 2 % av alle pasientar som har starta helsehjelp i same periode. Dette er det lågaste talet nokon gong. I arbeidet med å redusere talet på fristbrot, tar føretaket i bruk dei same tiltaka som er nemnde under punktet om ventetider. I tillegg blir avdelingane oppmoda om å kontinuerleg følgje med på rapporten «Ventande som nærmar seg fristdato utan tildelt time eller m/time etter fristdato», og gje dei eit tilbod før det blir fristbrot. Det er på fleire avdelingar også gjort eit betydeleg arbeid knytt til forbetring av rutinar og praksis rundt handtering av ventelister for å unngå fristbrot. Målet ikkje nådd. Redusert ventetid, auka kapasitet og god kompetanse innanfor brystrekonstruksjon for pasientar med brystkreft. Ventetida for brystrekonstruksjon er ca. 6 månadar. Kapasiteten har auka, og kompetansen for alle typar rekonstruksjon er på plass. Det er etablert eit godt samarbeid mellom Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi og Avdeling for plastikkirurgi og brannskadar. Ventetida for operasjon til ca. mamma er godt innan vedtatt ventetid. Det blir utført fleire direkte rekonstruksjonar. Dette vil ein ha endelege tal på ved utgangen av desember. Ventetida på rekonstruksjon av bryst med eget vev (DIEP) er redusert betrakteleg og er no på rundt 12 månedar. Det er rydda i ventelister og tildelt ei ekstra operasjonsstue to gonger i månaden i heile 2014 Alle ventetider på frittsykehusvalg.no er oppdaterte månadleg Ventetidene på frittsykehusvalg.no blir oppdaterte månadleg av klinikkane. Det er etablert varslingsrutinar for å sikre at dette blir gjort. 80 % av kreftpasientane har starta behandling innan 20 dagar frå motteken tilvising Dei fleste einingane har oppnådd dette. Nokre stader er det flaskehalsar som gjer at det kan gå over 20 dagar, så som innanfor CT-rettleia biopsiar og andre røntgenutgreiingar. Dette blir det arbeidd kontinuerleg for å forbetre. Oppstart på behandling av pasientar som først er utgreidd ved andre sjukehus kan også nokon gonger gå over fristen. Det er i dag ikkje gode nok verktøy for registrering av denne pasientgruppa, og det blir derfor arbeidd med å forbetre verktøy for overvaking av dette. Målet er ikkje nådd. 13

Det er gjennomført lokale pasienterfaringsundersøkingar på behandlingseiningsnivå (post/poliklinikk), resultata er offentleggjort på helseføretaka sine nettsider og aktivt følgt opp i tenesta Den årlege PassOPP-undersøkinga går føre seg i haust. Resultat frå lokale pasienterfaringsundersøkingar er tilgjengelege på nettsidene til Helse Bergen under brukarmedverknad. I føretaket tar ein også i bruk erfaringsundersøkingar som ledd i ulike forbetringsprosjekt i klinikkane. Det er etablert brukarstyrte plassar i alle DPS og innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling i alle helseføretak Det er etablert brukarstyrte plassar på DPSa og ved Avdeling for rusmedisin. Det er etablert fleire standardiserte pasientforløp i samsvar med nasjonale retningslinjer for dei ulike fagområda Dei fleste kliniske einingar i Helse Bergen har etablert eit eller fleire pasientforløp. Under er eit utval eksempel: Mottaksklinikken: Under etablering av den nye Mottaksklinikken har vore arbeidd godt med beskriving og standardisering av akuttforløpa. Dei beskrivne forløpa vil etterkvart bli innarbeidd i det nye elektroniske kurvesystemet, KULE. Det blir tatt sikte på at opp mot 80 % av forløpa knytt til Mottaksklinikken skal beskrivast og etablerast. Divisjon psykisk helsevern og Avdeling for rusmedisin: Forløp Rus Psykiatri (ROP) er no under innføring i Divisjon psykisk helsevern og Avdeling for rusmedisin. Forløpet inkluderer også 22 kommunar i opptaksområdet. Divisjon psykisk helsevern har i tillegg utarbeidd akuttforløp og psykoseforløp. Augeavdelinga: Det er implementert to standardiserte pasientforløp innanfor aldersrelatert makuladegenerasjon (sjukdom i netthinna) og kreft. Innanfor synsrehabilitering er forløp snart ferdig som ledd i kvalitetsprosjekt i samarbeid med brukarar og samarbeidspartnarar. Hjarteavdelinga: Avdelinga har pasientforløp for pasientar med brystsmenerter. Voss sjukehus: Det er utarbeidd standardiserte pasientforløp for dei største pasientgruppene både ØH (akutt hjelp) og elektive (planlagte), m.a. for slagpasientar, akutte hjartepasientar, tarmkreft (coloncancer) pasientar, fedmeoperasjoner (bariatri) og for kne- og hofteprotese pasientar Klinikk for hovud-hals: Klinikken har standardiserte pasientforløp for kreft og leppe-kjeveganespalte pasientar i samsvar med nasjonale retningslinjer. Avdelinga har og andre strukturerte pasientforløp. Lungeavdelinga: Det blir kontinuerleg arbeidd med å forbetre pasientforløpa for dei største pasientgruppene som KOLS, lungekreft, pneumoni (lungebetennelse), respirasjonssvikt og søvnapnoe. Dette blir gjort mellom anna med bakgrunn i det som finnes av nasjonale retningslinjer. Ortopedisk klinikk: Faste forløp for nokre pasientgrupper er på plass, m.a. hoftebrot. Alle elektive (planlagde) pasientar går gjennom prepoliklinikk før operasjon. Det er og etablert standardiserte forløp for pasientar med halvsidig lammelse (tetraplegipasientar). På Kysthospitalet i Hagevik blir det jobba med å standardisere forløp for dei store pasientgruppene frå tilvising til poliklinisk kontroll etter operasjon. 14

Yrkesmedisinsk avdeling: Det er etablert pasientforløp for delar av verksemda så som for utgreiing av yrkesdykkarar og Seksjon for hyperbarmedisin (HBO). Det blir arbeidd med å utarbeide standardiserte pasientforløp for fleire andre pasientgrupper. Hudavdelinga: Retningslinjer for terapi/oppfølging av føflekkreft og nasjonal retningslinje for behandling av psoriasis med biologisk medikament blir brukt som utgangspunkt for standardisert terapi. Medisinsk avdeling: Medisinsk avdeling har standardiserte forløp for ulike akuttsjukdomar og standardiserte utgreiingsrutinar for grupper av elektive (planlagde) pasientar. Avdelinga har skriftlege retningslinjer for ulike indremedisinske sjukdommar i Elektronisk kvalitetshandbok inkludert «Metodebok for akutt indremedisin». Avdelinga deltar i arbeidsgrupper som ser på standardiserte akuttforløp knytt til ny Mottaksklinikk. Det er oppnemnt koordinator for pasientar med behov for komplekse eller langvarige og koordinerte tenester Dette er i gang eller under etablering ved dei fleste klinikkane/avdelingane. Dei mest alvorleg sjuke blir prioritert og får derfor i stor grad koordinator. Ordninga vil bli rulla ut for alle aktuelle pasientar. Nokre eksempel: Divisjon psykisk helsevern: Innført for alle klinikkar. Gjennomgang av lokale løysingar medio januar 2015. Hjarteavdelinga: Koordinator er etablert ved TAVI (transkateter aortaventil-implantasjon), Hjertesvikt og thoraxkirurgi Klinikk for hovud-hals: Klinikken har kreftkoordinatorar, kontaktpersonar for døve og pasientar med vestibularisschwanom (godarta svulst som utgår frå balansenerva). Lungeavdelinga: Dette blir varetatt for pasientar med lungekreft og pasientar med heimerespirator. Nevroklinikken: Nevroklinikken har etablert koordinatorordning for pasientar med vestibularisschwannom (godarta svulst på hørselsnerva) og pasientar som skal til gammaknivs-behandling (dei to tenestene klinikken har Nasjonal behandlingsteneste på). I Spinaleininga er det etablert rutinar som tar i vare koordinatorfunksjonen. For hjernesvulstpasientar har klinikken «tumorsjukepleiar», men vurderer å etablere koordinator. Voss sjukehus: Alle pasientar som blir tilvist til Avdeling for rehabilitering og tverrfaglege tenester blir vurdert i høve til eigen koordinator. Medisinsk avdeling: Det er etablert koordinator for stamcelletransplantasjon og kronisk nyresjuke inkl. transplantasjonskandidatar. HIV-koordinator er tilsett i 20 % stilling frå desember 2014. I heile føretaket blir det arbeidd med å synleggjere kompetansebehovet hos dei som skal vere koordinatorar og legge til rette for auka denne kompetansen. Pasientar og pårørande tar del i arbeidet med å definere målsetting og tiltak for pasienttryggleiksprogrammet Helse Bergen samarbeider både med lokalt og regionalt brukarutval om prosjekta som krev deltaking frå brukarar. Til eksempel har prosjekta «Trygge fødsler», «forebygging av 15

overdose i rusbehandling», «Legemiddelsamstemming» og «Fallforebygging» lokale brukarrepresentantar. Mål 2014 (alle helseføretak): 3.3 Kvalitet og pasienttryggleik Tiltakspakkane i pasienttryggleiksprogrammet og i «Program for pasienttryggleik i Helse Vest» inngår som ein del av den ordinære aktiviteten ved sjukehusa og resultata blir følgt opp i leiingslinja og brukte i forbetringsarbeid i dei kliniske einingane. Følgjande tiltak er sette i verk/planlagde på dei avdelingane det er relevant for: Trygg kirurgi Trygg fødsel «I pasientens fotspor» frå læringsnettverk for leiarar Spørjeundersøking til medarbeidarar om pasienttryggleiksprogrammet Legemiddelavstemming Handhygiene Medikamenttryggleik Behandling av hjerneslag Trykksår Fallførebygging Urinvegsinfeksjonar Slagbehandling Programmet er følgt opp med kontakt med aktuelle avdelingar og særskilt rapportering er gitt Helse Vest og nasjonalt pasientsikkerheitsprogram. Nokre tilbakemeldingar frå einingane: Avdeling for rusmedisin: Tiltaka er implementerte og inngår som del av ordinær aktivitet. Mottaksklinikken: Det er utdeling av overdosekort til ruspasientar. Korta blir gått gjennom av lege ved akuttposten saman med pasienten. Korta inneheld konkrete tiltak brukarane kan setje i verk i forhold til førebygging av overdosar. Det er gjennomført teamtrening på akuttforløp hjerneslag med deltakelse fra Nevrologisk avdeling, Mottaksklinikken Radiologisk avdeling og KSK Anestesi. Øvelsen ble videofilmet. Det vil bli arrangert slagseminar i januar 2015 med faglige innlegg, gjennomgang av forløpsskjema og øvingserfaringer. Praktisk teamtrening planlegges gjentatt to ganger årlig.» Nevroklinikken er godt involvert i programmet, og er aktive på områda Trygg kirurgi, Behandling av hjerneslag, Trykksår og Fall, Leiing av pasientsikkerhet og Samstemming av legemiddellister (via utrullinga av eresept-systemet). Nevroklinikken oppretta kvalitetsråd ultimo 2013. Ortopedisk klinikk: Klinikken har fokus på Fallførebygging, Trygg kirurgi og Urinvegsinfeksjonar. Klinikken vil rulle ut retningslinjer og rutinar i full skala innanfor fallførebygging. Godt på plass m.o.t. Trygg kirurgi. Deltar m.a. i forskingsprosjekt. Har «såkornprosjekt» i førebygging av urinvegsinfeksjonar. 16

Voss sjukehus: Arbeider systematisk med å overføre kunnskap frå meldesystem, avvik og alvorlege hendingar. Det blir arbeidd med etablering av «komplikasjonsmøter» et. Barneklinikken: Det er stort fokus på bruk av Synergi (system for registrering av avvik) for læring. Dette er fast tema i leiargruppa og klinikken sitt kvalitetsutval. Hendingar blir anonymisert, og presentert i felles førelesningar for alle tilsette på klinikken og på personalmøte. Det inngår i det kontinuerlege forbetrings- og HMS-arbeidet til klinikken. «Trygg kirurgi» i Helse Bergen er implementert i organisasjonen med kontinuerleg monitorering og ansvar overført til dei kliniske einingane. «Kulturmåling 2014» blir overlevert til oppfølging i avdelingane, og vil bli sluttført innan årets utgang. «Hjerneslag», «Forebygging av selvmord» og «Forebygging av overdose i rusbehandling» blir følgt opp av avdelingane. Målet er nådd Kvalitetsindikatorar og ventetider som blir rapportert til Helsedirektoratet, inkludert til fritt sjukehusval, er rapportert på sjukehusnivå. Kvalitetsindikatorar og ventetider som blir rapportert til Helsedirektoratet, inkludert til fritt sjukehusval, er rapportert på sjukehusnivå. For alle aktuelle pasientar blir det rapportert inn til medisinske kvalitetsregistre med nasjonal status 1. Resultata blir nytta til regelmessig evaluering av klinisk praksis, systematisk forbetringsarbeid, arbeidet med pasienttryggleik og forsking. Resultata blir gjort tilgjengeleg for klinikarar, leiarar og pasientar. Fagsenter for medisinske register har laga ei oversikt over registerkontaktar for alle nasjonale kvalitetsregister på avdelingane i føretaka i Helse Vest. Oversikta blir lagt på nettsidene til fagsenteret og skal vere ein reiskap for å sikre registrering til og bruk av data frå registre. Resultat frå dei nasjonale registra som er forankra i Helse Vest blir førebudd for offentleggjering. Frist for innsending frå registermiljøa til fagsenter for medisinske register var 1. oktober 2014. Analysar viser at Helse Bergen rapporterer inn til dei registra ein skal, og at resultat frå registra i all hovudsak blir nytta regelmessig til evaluering av klinisk praksis, systematisk forbetringsarbeid, arbeidet med pasienttryggleik og forsking. Det har vore stort fokus på å ferdigstille resultatdokument frå kvart av dei nasjonale registra som er forankra i regionen. Desse dokumenta er blitt klar gjennom ein stor innsats frå registra si side, i tett dialog med fagsenter for medisinske registre i Helse Vest. Offentleggjering av resultat frå nasjonale kvalitetsregister blir lagt ut på den nasjonale portalen www.kvalitetsregistre.no og blir presentert i Helsedirektoratet 15. desember 2014. Helse Bergen leverer minst fem kunnskapsbaserte fagprosedyrer til Nasjonalt nettverk for fagprosedyrer i 2014. Prosedyreproduksjonen skal være samordna, velordna og tilpassa klinikarane, utan duplikat. Helseføretaka tilpassar og tar i bruk dei andre prosedyrane som er publisert på nettsida til Helsebiblioteket. 1 Det er per i dag 45 nasjonale medisinske kvalitetsregistre. Sjå www.kvalitetsregistre.no. 17

Helse Bergen har ein medarbeidar med deltidsengasjement i Kunnskapssenteret. Det blir på denne måten sikra at føretaket tar på seg dei forventa oppgåvene og for 2014 leverer Helse Bergen fem prosedyrar i tråd med føringane i dette nettverkssamarbeidet. Nye prosedyrar frå nettverket blir i føretaket gjort tilgjengeleg gjennom rutinar som er innarbeidde i arbeidet med eiga kvalitetshandbok. Det er etablert ein einskapleg og kunnskapsbasert praksis for innføring av nye metodar i samsvar med nasjonalt system for metodevurderingar. Den første mini-metodevurderinga i Helse Vest er gjennomført i Helse Fonna. Det er i tillegg sju mini-metodevurderingar som er starta opp i Helse Bergen hittill i år. Ein ny informasjonsrunde om systemet er under planlegging, og skal gjennomføras i alle føretaka i regionen tidleg i 2015. Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Fonna bidrar med fagekspertar i Nasjonalt system. Alle aktuelle einingar i Helse Bergen er gjort kjende med og har fått/vil få opplæring i bruk av mini-metodevurdering. Nokre eksempel: Laboratorieklinikken: Har tatt i bruk metodevurdering i samsvar med nasjonalt system. Dette er med i handlingsplanen som bygger på den nye strategiplanen for bilde- og laboratorietenester i Helse Bergen. Barneklinikken (BKB): Det er fokus på dette både i BKB, i Kompetansenettverket for legemiddelbehandling hos barn og i leiargruppa til klinikken. Klinikk for hovud-hals: Klinikken har etablert rutinar for gjennomgang av litteratur og metodar, dette blir gjort tilgjengeleg på intranettet og i elektronisk kvalitetshandbok (EK). Nevroklinikken har engasjert seg i emnet, og tatt initiativ til gjennomføring av minimetodevurdering av nye metodar foreslått tatt i bruk i eiga eining. Radiologisk avdeling: Avdelinga arbeider saman med kvalitetsavdelinga med MRprosedyrar ved akutt slag. Nye regionale prosedyrar er lagt inn i Kunnskapssenteret sin database. Avdelinga planlegg Mini-HTA for innføring av nye tracere på PET. Medisinsk avdeling: Mini-HTA gjennomført for ein ny behandlingsmetode og planlagt nytta vidare, blant anna ved innføring av ny endoskopisk terapi. Avdelinga her søkt Helsedirektoratet om å gjennomføre HTA for autolog stamcellebehandling av alvorleg MS. Voss sjukehus: Voss sjukehus er fagleg underordna korresponderande klinikkar på Haukeland universitetssjukehus, og nyttar med få unnatak deira metodar, prosedyrar og indikasjonsstilling. Dette sikrar ein einskapleg og kunnskapsbasert praksis i føretaket. Det er høgare vekst innan psykisk helsevern og rusbehandling enn for somatikk. Det blir lagt til grunn at veksten innan psykisk helsevern skjer ved DPS og innanfor psykisk helsevern for barn og unge. DPS skal byggjast ut og utrustast til å ta ansvar for gode akuttenester gjennom døgnet, ambulante tenester, poliklinikk og døgnbehandling, slik at befolkninga sine behov for vanlege spesialisthelsetenester er dekte. Veksten blir mellom anna målt gjennom endring i kostnader, ventetid og aktivitet. Veksten i Divisjon psykisk helsevern skjer innanfor Psykisk helsevern for barn og unge og ved DPSa. Det blir jobba systematisk med vidareutvikling av DPSa i samsvar med nasjonale 18

og regionale krav. I samarbeid med dei private ideelle DPSa i opptaksområdet er det etablert robuste og gode akutt-tenester. Tenesteutviklinga skjer i tett samarbeid med kommunane gjennom Overordna samarbeidsutval og lokale DPS-råd. Avdeling for rusmedisin fekk budsjettåret 2014 tilført 6 millionar kroner ekstra i ramme (2,5%) for å handtere nye oppgåver innanfor LAR (Lågterskeltilbod). Nye lågterskeltilbod innanfor LAR blei etablert i november 2014. Seks desentraliserte poliklinikkar er under etablering. Det er etablerte ambulant team og døgnpost for gravide med eksterne midlar (Helse Vest) Prosentdel årsverk DPS har auka i forhold til talet årsverk innan psykisk helsevern i sjukehus. Talet på årsverk har auka sterkare ved DPS enn i sjukehus. Det reelle forholdet mellom DPS sjukehus kjem fram om ein også tar årsverka ved dei private ideelle DPSa med. Prosentdel tvangsinnleggingar for helseregionen er redusert med 5 % samanlikna med 2013. Divisjon psykisk helsevern har sidan 2011 arbeidd systematisk med tiltak som kan bidra til redusert og kvalitetssikra bruk av tvang. Både innføring av Akuttforløp og Psykoseforløp må sjåast i den samanheng. Det same gjeld satsinga på ulike typar ambulante team. Desse tiltak skal gjera det enklare å finna friviljuge løysingar før eventuelle tvangstiltak må setjast i verk. Ein søker med dette å nå fram til pasienten før vedkomande vert så sjuk at berre tvangsbehandling står att som alternativ. Helse Bergen har til no ikkje hatt god nok praksis for rapportering av omfang av tvangsinnleggingar. Det er derfor ikkje mogleg å seie noko om endring i talet på dette. Det er under utvikling eit elektronisk verktøy som kan ivareta denne rapporteringa i framtida. Kvalitetsregister rus skal nyttast av minimum ein eining innan TSB som eit internt kvalitetsutviklingsprosjekt. Dette er naudsynt for å validere parametrane. Dette er ikkje innført enno fordi dei tekniske løysingane ikkje er på plass. Målet er ikkje nådd. Døgneiningar innan TSB skal registrere i programmet «Ledig Plass» minst kvar veke. Dette er innført. I samarbeid med kommunane og brukarorganisasjonane er det etablert eit effektivt og brukarorientert utgreiings- og behandlingsforløp for pasientar med langvarige smerte- og utmattingsstilstandar der årsaken er uklar Nevrologisk avdeling har etablert eit fungerande pasientforløp med utgreiing av tilstandar med kronisk utmatting, der det blir tilbydd ei standardisert utgreiing for pasientar tilvist frå primærhelsetenesta. Omring fem pasientar blir utgreidde kvar veke, ressursbruken per pasient 19