Nytte og hygge (Ref #1075) Søknadssum: 160000 Varighet: Ettårig Kategori: Innsatsområder Den kulturelle nistepakka Leseløftet 2010-2014 Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Lindås bibliotek / 935084733 Kvernhushaugae 2 5914 ISDALSTØ www.mittnordhordland.no Institusjonens leder Marit Gro Berge Ansvarlig kontaktperson (søker) Kjersti Kjenes Rydland 56375434 / Mål for prosjektet Formidling og bruk av litteratur i arbeidsmarknadsbedrifter Mål: 1. Auke leseinteressa og auke kjennskapen til fag- og skjønnlitteratur og relevante bibliotektenester hjå arbeidstakarar i arbeidsmarknadsbedrifter. 2. Gi bibliotekarar kunnskap om gode måtar og modellar for formidling til denne gruppa med overføringsverdi til andre delar av fylket og resten av landet. Målgruppe: Arbeidstakarar i arbeidsmarknadsbedrifter. Dei tilsette i desse bedriftene har vanskar i den vanlege arbeidsmarknaden, men dei er ei blanda gruppe av unge og vaksne med ulike føresetnadar og behov, og dei har svært ulikt funksjonsnivå når det gjeld lesing. I tillegg til vanskar for den enkelte i dagleglivet og på arbeidsmarknaden, er det eit demokratisk problem i høve til at ein ikkje klarar å orientere seg og delta fullt ut i institusjonar i samfunnet. Prosjektbeskrivelse Deltakarar: Nordhordlandsbiblioteka (Meland, Lindås, Radøy, Austrheim, Masfjorden og Modalen) Seks arbeidsmarknadsbedrifter i Nordhordland, med til saman rundt 260 tilsette, pluss instruktørar og arbeidsleiarar. Leiarar og pedagogar i bedriftene er svært positive til prosjektet og ønskjer å vere med i prosjektgruppa. I samtalar med samarbeidspartnare har ein konsentrert seg om to strategiar: Side 1 av 5
Besøk på arbeidsplassen og utveljing av media tilpassa ulike behov og føresetnadar. I tillegg kjem ei grundig evaluering av prosjektet for å finne metodar og modellar som har overføringsverdi til andre delar av fylket og resten av landet. Prosjektgruppa vil utvikle nye strategiar basert på dei erfaringane som blir gjort undervegs. 1. Besøk på arbeidsplassen Kvar arbeidsplass skal få to besøk. Kvart besøk vil vere ein dag/eller del av ein dag. Første besøk: Munnleg formidling av innhald i faglitteratur, bokprat og utlån av bøker i bibliotekbussen. Medverkande er ein engasjerande formidlar av faglitteratur og bibliotektilsett(e) som vil ha bokprat og låne ut bøker og andre media som høver frå bibliotekbussen i Lindås. Andre besøk: Samtale om første besøk og kva erfaringar dei hadde med bruk av media. Medverkande ein skjønnlitterær forfattar og bibliotektilsett(e) som vil ha bokprat og låne ut bøker og andre media som høver frå bibliotekbussen i Lindås. 2. Utveljing av media tilpassa ulike behov og føresetnadar I bedriftene finst det menneske med ulike funksjonsnivå, og prosjektet skal differensiere tilboda, slik at dei passar både for dei som les godt sjølve og for dei som har store lesevanskar. Side 2 av 5
Start- og sluttdato for prosjektet Prosjektvarighet Ettårig Fra dato 01-01-2013 Til dato 31-12-2013 Aktivitetsplan for prosjektet Beskrivelse Fra dato Til dato Besøke å inngå avtalar med dei seks bedriftene 15-01-2013 01-03-2013 Inngå avtale med forfattarar 15-01-2013 01-03-2013 Planlegge interiøret i bokbussen 01-01-2013 01-03-2013 Innkjøp av tilrettelagt litteratur 01-02-2013 01-03-2013 Lage avtale med sjåfør 01-02-2013 15-02-2013 Avtale med biblioteka 01-02-2013 15-02-2013 Turnéplan 01-02-2013 01-03-2013 Besøk på arbeidsplassene 01-04-2013 20-11-2013 Evaluering, utvikling av modell og metode 20-11-2013 31-12-2013 Andre opplysninger Samarbeidspartnere Side 3 av 5
Organisasjon/institusjon Formell avtale Rolle Hordaland fylkesbibliotek Pb 7900 5020 ja Deltakar i referanse- og prosjektgruppe Aufera (kommunane Austrheim Fedje Radøy) Kaivegen 278 5936 MANGER Styringsgruppe. representant for arbeidsmarkandsbedirftene / munnleg avtale Folkeuniversitetet i Bergen Postboks 33 Nygårdstangen 5838 Biblioteka i Nordhordland 5986 HOSTELAND Hordaland fylkesbibliotek PB 7900 5020 Arbeidsmarkandsbedriftene Ved /Aufera 5936 MANGER ja Referanse- og prosjektgruppe. (Spesialpedagog). Munnleg avtale Referanse- og prosjektgruppe. (Sekretær Nordhordlandssamarbeidet) Styringsgruppe Referanse - og prosjektgruppe. ((Aufera, Knarvik industri og miljø, Opro, Meland arbeidsseter, Einekavane, Nordhordland industriservice)alle bedriftane er kontakta og er positive) Side 4 av 5
Budsjett Søknadsbeløp fra Nasjonalbiblioteket 160000 Utgifter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Prosjektleiing 45000 45000 Turné: sjåfør 25000 25000 Aktivitetar på arbeidsplassane: 60000 60000 Informasjonsmateriell 20000 20000 Arbeid på biblioteka 45000 45000 Arbeid på fylkesbiblioteket 20000 20000 Innkjøp av media 55000 55000 Totale utgifter 270000 270000 Inntekter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Tilskudd fra Nasjonalbiblioteket 160000 160000 Eigeninnsats, arbeidstid /innkjøp av medier 110000 110000 Totale inntekter 270000 270000 Vedleggsoversikt Beskrivelse Utførleg prosjektplan Side 5 av 5