Attreising og utvikling

Like dokumenter
Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr Arkiv Dato: 14/117-4 Jan Øhlckers K

Attreising og utvikling. Lærdalsøyri

Attreising og utvikling

Attreising og utvikling. Lærdalsøyri

Attreising og utvikling

Attreising og utvikling

Attreising og utvikling

Sakshandsamar: Jan Øhlckers Arkiv: K1- Arkivsaksnr. 14/ REVIDERT BUDSJETT 2014 PROGRAM FOR ATTREISING OG UTVIKLING AV LÆRDALSØYRI

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Då flaumen ramma Aurland

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kva snakkar me om? Tog Brann Redning Flaum Snø, snøras og i store mengder Kriser

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Finnøy og Rennesøy kommunar

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Kommunale næringsfond

10/60-14/N-211//AMS

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Tertialrapport 2 tertial 2015

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Lærdal kommune. 1. Bakgrunn 3. Programmet 3. Økonomi søknader og prioriteringar Viktige hendingar Organisering 10

Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Ingunn Bårtvedt Skjerdal

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Prosjektplan. Prosjektet reguleringsplan skuleområdet Husnes. gnr 145 bnr 1 m.fl. 1. Mål og rammer

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

-fl- P4AR HAIVIAR

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Kommunikasjonsstrategi

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Lærdal kommune. Planomtale. Mindre reguleringsendring. Lærdalsøyri og Bergo

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Høyring overordna administrativ organisering Nye Øygarden kommune

Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Planprogram Interkommunal kommunedelplan for heilskapleg risiko- og sårbarhetsanalyse (ROSanalyse) og beredskapsplan for Midt-Telemark kommune

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Kommunedelplan for oppvekst

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Brannen i Lærdal

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Quality Hotel Sogndal Møtedato: Tid: 09:30-13:45

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Kulturminne og kulturmiljø

Transkript:

Attreising og utvikling av Lærdalsøyri PROGRAM Attreising og utvikling Lærdalsøyri 20. mars 2014 Lærdal kommune Versjon nr:<0.95> Utkast <20.3.14> Berre til internt bruk

Innhald 1. Bakgrunn 4 2. Oppgåveomfang 8 3. Absolutte krav 10 4. Mål 11 5. Gjennomføring 14 6. HA 1: Oppfølging av akuttfasen 15 7. HA 2: Opprydding 20 8. HA 3: Kartlegging, dokumentasjon og informasjon 23 9. HA 4: Mellombelse og kortsiktige løysingar 27 10. HA 5: Arealplanlegging 30 11. HA 6: Tettstadutvikling 33 12. HA 7: Leiing og kompetanse 36 13. HA 8: Kommunal infrastruktur 44 14. HA 9: Omstilling og næringsutvikling 45 15. HA 10: Følgjeprosjekt 48 16. HA 11: Finansiering, økonomistyring og prosjektleiing 51 17. Overordna tidsplan 54 18. Samla økonomi 55 19. Organisering 57 2

20. Kritiske suksessfaktorar 60 21. Tabellar 61 22. Figurar 62 3

1. Bakgrunn Lærdal og Lærdalsøyri Lærdalsøyri er ein liten tettstad inst i Sognefjorden. Det er administrasjonssenteret i Lærdal kommune. Busetnaden er avgrensa av Sognefjorden i vest, Lærdalselvi i nord og riksveg 5 i sør. Den eldste, tettaste og mest verneverdige busetnaden ligg nær fjorden. Seinare er tettstaden utvida mot aust og nordaust. Her er det ein ikkje fullt så tett og nyare villabusetnad. Dei aller fleste husa er i tre. Brannen Figur 1 Oversiktskart Som dei fleste bybrannar hadde brannen samanheng med sterk vind. I tillegg var det snøbert og langt tørrare enn normalt for årstida. Dei siste 30 døger før brannen fekk Lærdal berre omlag 10 mm nedbør. Perioden var omlag 6 C mildare enn normalt. Vinden var ikkje berre sterk, men turbulent og tørr. Det hadde blåse liten storm i fjellet. Vinden slo ned i dalen. Kasta førte flammane i alle retningar. Vinden var likevel i hovudsak austleg. Figur 2 Brannområdet (merka raudt) Brannen oppstod i Kyrkjeteigen, langt aust på Øyri. Brannvesenet fekk fyrste meldinga kl. 22:53. Den fyrste brannbilen var på plass kl. 22:59. Då hadde eit hus brann i ein yttervegg og var truleg alt overtent. Brannvesenet hadde fått beskjed om at folka hadde kome seg ut. I den sterke vinden var faren for spreiing stor. Kl. 23:02 hadde nok eit hus teke fyr. Det brann og i terrenget. Kl. 23:20 meldte politiet at tre hus stod i brann. Nokre minutt seinare regna det gneistar og glør over heile Lærdalsøyri. Kl. 00.02 var dei fleste bygningane i kvartalet Kyrkjeteigen/Bergo i fyr. 4

Brannen nærma seg bygda si gamle idretts- og skøytebane. Brannen let seg ikkje stogge av den, men gjorde eit sprang på nær 200 m. Etter kvart stod og skyttarhuset og klubbhuset ved skøytebana i lys loge. Flammane begynte å ete seg nordvestover. Eit gamalt lager og fleire næringsbygg tok så fyr. Kl. 01:30 meldte Sogn Avis at 7-8 hus hadde teke fyr. I røynda var langt fleire alt tekne av elden. Fleire hundre personar vart evakuerte. Mange måtte vekkast. Brannen spreidde seg så ut i terrenget på sørsida av dalføret. På austsida av skøytebana nådde brannen ved 02-tida Telenor sin hovudsentral. Kort etter forsvann mobiltelefondekninga. Dette skapte store kommunikasjonsproblem, både i Lærdal og mellom bygda og omverda. Brannstasjonen like ved vart spart takka stor innsats frå frivillige, blant anna bønder med gyllevogner. Lærdal Energi sin sekundærstasjon vart og råka. Straumen vart borte på heile Lærdalsøyri. Det tok fleire dagar før han kom att. Figur 3 Brannområdet (foto Geir Olsen/VG) Brannen kom etter kvart nærare den verneverdige busetnaden. Fleire bygningar tok fyr, men vart sløkt av frivillige og brannmannskap. Kl. 03:30 kom den fyrste meldinga om at brannen nådde den verneverdige busetnaden med trehus tett i tett. Brannvesenet hadde no 3 4 brannfrontar å kjempe imot. Eldkuler og bølgjeblikkplater flaug gjennom lufta. Faren for den verneverdige busetnaden og trehusa mellom dei brennande områda var overhengjande. 5

Brannen vart stansa seint på natta eller tidleg om morgonen 19. januar. Kl. 06:30 meldte brannvesenet at brannen var stabil. Kl. 16:45 etter opp til 18 timar med innsats var brannen under kontroll. Kl. 04:40 natt til den 21. januar blussa elden opp att i terrenget ovafor brannstasjonen. Dette branntilløpet vart straks slått ned. I dagane framover blussa elden opp att fleire gonger, spesielt i hageavfallsplassen heilt sør inntil fjellet på Lærdalsøyri. Heile Lærdalsøyri frå Hansegardsvegen og vestover mot fjorden blei evakuert. 681 menneske i 393 hus. 446 personer var innom Lærdal sjukehus for sjekk, og 270 ble lagt inn for kortare eller lengre tid; dei aller fleste med røykskadar. Ingen vart alvorleg skadd. Kommunen sentral i alle fasar Ein nasjonal katastrofe som dette stiller store krav til alle dei råka, lokalsamfunnet elles, næringsliv, frivillig og offentleg sektor. Særleg merksemd vert retta mot kommunen som naturleg koordinator og sentral aktør, både i kriseleiinga i akuttfasen og i opprydding, attreising og utvikling. Nasjonal dimensjon Katastrofen har nasjonale dimensjonar. Det er ikkje mogleg å tenke seg opprydding og attreising utan monaleg hjelp og støtte frå regionale og nasjonale styresmakter. Regjeringa Alt 20. januar var statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen på plass i Lærdal. Dei formidla at Regjeringa vil hjelpe til i attreisinga og understreka m.a. at Noreg har lange og gode tradisjonar for at storsamfunnet stiller opp ved slike høve. Dei sa og at attreisinga ikkje skulle gå ut over den kommunale økonomien. Fylkesmannen Representantar frå kommunen møtte Fylkesmannen 24. februar 2014. Det vart alt då semje om eit prosjekt for kompetansestøtte til oppbygging og utvikling av kommunen som samfunn og organisasjon på lengre sikt. Kommunen orienterte om at det er starta eit arbeid med: Figur 4 Statsminister Erna Solberg på synfaring (foto Bjarte Hetland/NRK) Søknad om statleg støtte for ekstraordinære utgifter i samband med handtering av sjølve brannen (akuttfasen) Eit eige prosjekt for kompetansestøtte til kommunen på lengre sikt. 6

Programmet Det vart avtalt at kommunen, etter ein modell for prosjektorganisering skal lage ein prosjektplan. I ettertid ser me at programforma er meir dekkande. Eit mandat for eit slik program vart vedteke i kommunestyret i Lærdal 13. februar 2014. Mandatet er grunnlaget for programmet for «Attreising og utvikling av Lærdalsøyri». Programmet syner rammer, status, mål, organisering, økonomi og plan for gjennomføringa. Programmet vert vedlegg til søknader om støtte m.a. til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Evaluering Det vart i møte med Fylkesmannen òg semje om at kommunen må gjennomføre ei intern evaluering i løpet av kort tid. Kommunen må òg vere budd på å dele sine erfaringar med andre (både med andre kommunar i fylket og nasjonalt). Tilskott til utgifter i akuttfasen Etter avtale med Fylkesmannen sendte kommunen 14. februar 2014 inn søknad om skjønnsmidlar for å dekke utgifter under sjølve brannen på til saman 5,4 mill. kr. Utgiftene er spesifiserte i kap. 6. Kommunal- og moderniseringsdepartementet I møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og fylkesmann Ann Karin Hamre 7. februar 2014 oppmoda ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen jr. om: 1. A-kontostøtte på 5 mill. kr for fyrste halvår 2. Løyve til, via Fylkesmannen å sende ein søknad om ekstraordnære omstillingsmidlar og finansiering av eit program for «Attreising og utvikling av Lærdalsøyri» til handsaming i revidert statsbudsjett våren 2014. Departementet gav eit førebels svar 20.2.2014 jf. Kap. 2. Oppgåveomfang. 7

2. Oppgåveomfang Rammer Lite pengar og kunnskap I den fyrste tida etter katastrofen er det alt for få ressursar tilgjengeleg. Det gjeld både kapasitet, kompetanse, utstyr og pengar. Det er teke ei rad avgjerder som ikkje stettar normale prosedyrekrav. Mange av er dei tufta på seinare tilgjeving. Utan slik handlekraft og risikovilje frå mange aktørar ville arbeidet, både under katastrofen og i tida etterpå ha stogga opp. Kombinasjonen av handlekraft og risikovilje redda truleg både liv og verdiar. Utan evne og vilje til seinare tilgjeving vil det og ta mykje lengre tid å kome attende til normalt liv. Det kan framleis vere behov for å ta raske avgjerder. Over tid vert dette normalisert. Dynamisk, interaktiv og avgjerdsprega Planlegging og attreising må skje samstundes og gjerne raskare enn normalt. Det må vere ein dynamisk og interaktiv prosess. Kommunen Kommunen er liten. Folketalet 3. kvartal 2013 var 2 169. Sida 2010 har folketalet minka med 58 innbyggjarar. Økonomien er svak og sårbar. Fylkesmannen har kommunen på ROBEK 1 -lista. Likviditeten er særs dårleg. Kommunen er avhengig av kassakreditt. Det er ikkje fond. Regjeringa er positiv I eit førebels svar gjer kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner det klart at Regjeringa vil bidra med støtte til å handtere den akutte situasjonen. Når departementet har fått eit oversyn over det langsiktige behovet vert det òg vurdert å tildele skjønnsmidlar til sjølve programmet. Ikkje aktuelt med a-konto Ministeren svarar i brevet at det ikkje er aktuelt å gje a-kontostøtte no. Sett i lys av kommunen sin økonomiske situasjon er dette avslaget problematisk. Ekstraordinære omstillingsmidlar Når det gjeld ordinære omstillingsmidlar, vert det synt til fylkeskommunen. Departementet har ikkje svart på kommunen sitt ynske om ekstraordinære omstillingsmidlar. Føremål Departementet meiner eit eventuelt tilskott som skjønnsmidlar (fortrinnsvis) skal gå til: særskilt leiar- og kompetansestøtte 1 «Register om betinga godkjenning og kontroll» 8

attreising av øydelagt kommunal infrastruktur Anslag og ikkje påkomne utgifter Svaret gjer det òg klart at det vert tildelt midlar på grunnlag av utgiftsanslag. Det er opna for å utbetale tilskott før alle utgiftene er påkomne. Kommunen må i etterkant dokumentere at utgiftene er nytta i samsvar med føresetnadene for tildelinga. Slik programmet no er utforma er det teke inn realistiske utgiftsanslag for 2014. Me føreset at det vert konstruktiv dialog med departementet om tilskott for resten av programperioden (2015 og 2016) og opning for eventuell vidareføring etter utgangen av 2016. Programperiode Programmet er førebels sett til ut 2016. Hovudelement Sjølve programmet har desse tre hovudelementa: Figur 5 Hovudelementa i programmet og grenseflata mellom dei Her vil det vere overlapp og grenseflater. Kommunen har gjennom styringsorgana sine ei sentral rolle i å syte for at tempo og ambisjonar i og mellom desse elementa vert godt avstemt. 9

3. Absolutte krav Dei kommunale tenestene skal ikkje verte reduserte som følgje av brannen. På ei rad område vil det vere naudsynt å styrke tenestetilbodet mot dei som er råka. Det er òg naudsynt å styrke ulike sider av den kommunale organisasjonen, både politisk og administrativt. Gjennomføring og styrking av den vedtekne omstillingsplanen blir viktigare enn nokon gong. Ynskelege krav Dei vedtekne kommunale planar og prosessar skal gå mest mogleg upåverka av brannen. Det er ynskjeleg at styrkinga gir varig kompetanse. Avgrensingar Etter vedtak i fylkestinget er Lærdal omstillingskommune. Arbeidet var alt organisert, planlagt og finansiert før brannen. Det skal difor halde fram mest mogleg uavhengig av programmet, men med gjensidig merksemd mot grenseflater og overlapp. Eit eige omstillingstyre er ansvarleg. 10

4. Mål Fasar Ein katastrofe har vanlegvis fire fasar: Akutt Opprydding Attreising Utvikling Akuttfasen er for det meste over. Oppryddinga er langt komen. Programmet vil for det meste gjelde attreising og utvikling. Attreising og utvikling Det aller viktigaste er å skaffe dei som er råka nye heimar. Samstundes skal programmet gjere Lærdalsøyri betre rusta for framtida gjennom rask og effektiv attreising. Ein katastrofe endrar mange av planføresetnadene, men gir òg nye mogelegheiter. Å kombinere attreising og utvikling er mykje meir krevjande enn berre å reparere og reise opp att det som brann ned. Å ha med utviklingsperspektivet kan vere god investering for framtida. Overordna mål (verdival) Det overordna målet er å sikre god balanse mellom tre sentrale og delvis motstridande omsyn (verdival): Føre Lærdalsøyri raskt attende til normalt liv Minke framtidig sårbarheit Utvikle Lærdalsøyri som ein effektiv, verdifull og attraktiv tettstad. Figur 6 Verdival Konkrete mål Dei konkrete måla kjem som resultat av hovudaktivitetane slik dei er lista opp i detalj seinare i programmet (frå kap. 6 HA 1: Oppfølging av akuttfasen til kap.16 HA 11: Finansiering, økonomistyring og prosjektleiing ). 11

Oppfølging av akuttfasen Få eit best mogleg samarbeid med dei som er råka Kartlegge skadeomfanget og kostnadane Fordele skjønnsmiddelkompenasjonen for akuttfasen Gjennomføre evalueringane av akuttfasen Opprydding Få eit best mogleg samarbeid med dei som er råka Få oversikt over dei materielle skadane Syte for at dei som har hatt materielle skadar er godt informerte Rydde all brannråka eigedom Attreising og utvikling Eksterne mål Halde dei råka, media og ålmenta godt oppdatert Tilby alternativ innkvartering/lokale for dei som er råka Tilby ledige, byggeklare tomter Så raskt som mogleg regulere naudsynt areal for attreising Bygge opp att skada infrastruktur så raskt som mogleg Lage program for tettstadutvikling av Lærdalsøyri Byantikvar i fast stilling Identifisere, etablere og finansiere relevante følgjeprosjekt som t.d. o Brannsikring av Gamleøyri o Følgjeforsking o Bustader for vanskelegstilte og flyktningar o Nasjonalt digitalt trehussenter Interne mål Samle, digitalisere og katalogisere all informasjon Gjennomføre undervegs- og sluttevaluering Sjå til at alle fasar og hovudaktivitetar er fullfinansierte Kalkulere og budsjettere realistisk Rapportere på fastsette tidspunkt Administrere midlar frå hjelpefondet Mellombels og så raskt som mogleg styrke dei kommunale tenestene, politikk og administrasjon Sikre at kompetansen også på sikt kjem organisasjonen til gode Omstillingsstyret går gjennom porteføljen for å gjere justeringar i tempo og prioritering som følgje av dei endra planføresetnader som brannen har gitt for satsingsområda: o Vekst i Lærdal o Lev og bu i Lærdal o Opplev Lærdal o Knutepunkt Lærdal 12

Sikre vidare omstillingsstatus og auka løyving Ekstraordinære omstillingsmidlar 13

5. Gjennomføring Programmet har desse hovudaktivitetane 2 : HA 1: Oppfølging av akuttfasen HA 2: Opprydding HA 3: Kartlegging, dokumentasjon og informasjon HA 4: Mellombelse og kortsiktige løysingar HA 5: Arealplanlegging HA 6: Tettstadutvikling HA 7: Leiing og kompetanse HA 8: Kommunal infrastruktur HA 9: Omstilling og næringsutvikling HA 10: Følgjeprosjekt HA 11: Finansiering, økonomistyring og prosjektleiing HA 1, 2 og 4 vert avslutta fyrste halvår 2014. HA 8 noko seinare i 2014. HA 3 og 7 går gjennom heile programperioden. HA 6, 9, 10 og 11 er venta å vare utover sjølve programperioden. Framdrifta er nærare illustrert i kap. 17 Overordna tidsplan. 2 Det er gjort nokre justeringar etter at kommunestyret vedtok mandatet 13.2.14 14

6. HA 1: Oppfølging av akuttfasen Bakgrunn Brannvesenet fekk frå fyrste stund hjelp frå mange frivillige, men forstod raskt at dei måtte ha forsterkningar. Brannvesenet i Årdal vart varsla allereie kl. 23:12. Innan ein time også Sogndal og Aurland seinare Vik, Flora, Førde, Bergen og Voss. Sivilforsvaret vart varsla kl. 23:29, og Røde Kors kl. 23:30. Kommunen si kriseleiing og kriseteam vart mobilisert. Det vart henta inn hjelp frå nabokommunane. Lærdal Energi AS sin sekundærstasjon vart totalskadd. Straum og telenettet vart borte. Det tok fleire dagar å få det opp att, og då berre med mobile og mellombelse løysingar. Status Skadeomfang Brannen øydela 40 bygningar fleire enn nokon annan brann i Noreg sida 1945. 17 bustader brann ned. 13 budde det folk i, dei andre var fritidsbustader. 5 garasjer og 9 uthus brann og ned. 4 av bygningane låg i verneområdet Gamle Lærdalsøyri: Synneva Eri sitt hus frå 1830-åra og Tuten kafé (freda) Jansen-huset (bustadhus) og uthuset Losjehuset (forsamlingshus). 9 andre bygningar brann ned. Det var forsamlingshus, idrettshus, skyttarhus, næringsbygg, feriebustader mm. Minst 3 andre bustader vart totalskadde. Eit ukjent tal andre bygningar fekk brann-, røyk- og vass-skadar. Omlag 70 personar vart husville og mista stort sett alt dei eigde. Fleire organisasjonar og verksemder, både private og offentlege, vart råka. Finans Norge henta inn informasjon frå dei ulike selskapa om skadeomfanget i Lærdal. Dei reknar med at skadane samla utgjer meir enn 200 mill. kr. Endelege tal vil ligge føre når forsikringsoppgjera er gjennomførte. Fylkesmannen fekk 14. februar oversikt over kostnadene i akuttfasen. Den er sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet 17. februar. Samla er det kr 5 424 547. 15

Utgiftene fordeler seg slik: Tabell 1 Dokumenterte utgifter i akuttfasen Kr. Løn tilsette frå 18. januar - 14. februar 2014 kr 1 929 100 Møtegodtgjersle politikarar kr 205 000 Hjelp frå andre kommunar til kriseleiing og psykiatri kr 442 640 Kommunale brannvern kr 2 827 770 Overnatting, servering div. kr 20 037 Sum kr 5 424 547 Fordeling av skjønnskompensasjonen. Søknaden er ferdig handsama. Kompensasjonen er berekna i tråd med tidlegare praksis ved tildeling av ekstraordinære skjønsmidlar etter naturskade 3. Det gir ein kompensasjon på kr 4 881 000. Den vert utbetalt saman med rammetilskotet for april. Mesteparten av pengane går rett ut att til dei som har hatt utgifter. Differansen på kr 543 547 er ikkje finansiert. Me føreset at det ikkje vert trekt ny eigendel ved seinare tildelingar etter brannen. Elles presiserer departementet i brevet at: «Kompensasjonen er berekna ut i frå eit kostnadsanslag. Dette innebêr at kommunen seinare må dokumentere at midla er brukt i tråd med kriteria for tildeling. Departementet ber kommunen om å sende dokumentasjon på bruken av midla til fylkesmannen innan 1. juni 2014. Fylkesmannen må gjennomgå dokumentasjonen og vurdere om kriteria for tildeling er oppfylt: - Utgiftene som vert dekt skal vere ekstraordinære kommunale utgifter knytt til den akutte situasjonen - Utgiftene som vert dekt skal ikkje bli dekt på anna måte, gjennom kommunale eller private forsikringar eller gjennom andre statlege etatar - For eventuelle investeringar skal ein leggje til grunn ei tilbakeføring til opphavleg nivå, og ikkje ei standardheving - Utgifter til førebyggjande tiltak skal ikkje takast med i berekningsgrunnlaget for kompensasjon Dersom midlane ikkje vert brukt, ikkje vert brukt til føremålet eller etter dei nemnde kriteria, presiserer departementet i brevet at kommunen må betale dei attende. 3 Kommunar som har hatt meirutgifter utover 250 kroner per innbyggjar etter at departementet har dekt halvparten av utgiftene har fått dekt det overskytande beløpet over 250 kroner per innbyggjar. 16

Departementet skriv at me i vår rapportering synleggjer kva for utgifter som er knytt til handteringa av krisesituasjonen og kva for utgifter som er knytt til reparasjonar og gjenoppbygging av kommunal infrastruktur, samt kva som gjeld behov for leiar- og kompetansestøtte. Me føreset at dei atterhalda departementet her har teke berre gjeld kompensasjon for utgifter i akuttfasen og ikkje tilskottet til sjølve programmet for Attreising og utvikling av Lærdalsøyri. Lærdal Energi as Lærdal Energi sine utgifter var ikkje med i oversynet som gjekk til Departementet. Etter Dagmar vart heller ikkje energiverka sine utgifter dekte. Det er likevel skilnad mellom dei to ekstremtilfella. Etter brannen kom det utgifter til: Etablering av mellombels straumforsyning i akuttfasen (aggregat mm.) Leige av mellombels forsyning fram til permanent løysing er på plass rett over sumaren 2014. I akuttfasen hadde energiverket difor eit tap på 2,745 mill. kr som ikkje vert dekte av forsikringa 4. Utgiftene fordeler seg slik: Tabell 2 Lærdal Energi sine utgifter i akuttfasen Kr. Hjelp frå andre e-verk kr 1 690 000 Hjelp frå andre verksemder kr 915 000 Drivstoff aggregat kr 140 000 Sum kr 2 745 000 Samarbeid med dei som er råka Kommunen har oversikt over og held kontakt med alle som er råka. Det er gjennomført fleire møte med dei, og dei har peikt ut sine representantar. Det er: Tor Anders Offerdal Marianne Aarethun Rode Vara : Per Steinar Kvamme Tom Stian Nundal Dei råka er og inviterte til individuelle samtaler. Det er gjennomført 19 av 23 samtaler. Dei har og fått éin kontaktperson dei kan vende seg til. 4 Det har heller ikkje vore mogleg å forsikre dette. 17

Eit gjennomgangstema er uvissa kring søknadsfristar og byggestart. Deira største ynske er å reise oppatt husa sine snarast råd, men dei skjønar også grensene som lovverket set for bygginga. Det er sett klare krav til kommunen si informasjonsplikt. Dei som har særskilte interesser/spørsmål, har fortløpande kontakt med kommunale instansar. Det er også forventa at kommunen yter ein ekstrainnsats for dei eldste som har mista husa sine og som kan få særskilte omsorgsbehov i denne situasjonen. Evaluering av akuttfasen Evalueringa av akuttfasen er ikkje ferdig. Kommunen si interne evaluering er i gang. Det er dialog mellom Fylkesmannen og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap om mandatet og omfanget av den eksterne evalueringa. Mål Få eit best mogleg samarbeid med dei som er råka Kartlegge skadeomfanget og kostnadane Fordele skjønnsmiddelkompenasjonen for akuttfasen Gjennomføre evalueringane av akuttfasen Tiltak 1. Få oversikt over dei som er råka a. Syte for at dei er informerte om kva kommunen no gjer og planlegg b. Få oversikt over kva dei venter av hjelp og støtte frå kommunen c. Syte for at dei får eit best mogleg kommunalt tenestetilbod d. Orientere om hjelpefondet (utført) e. Sikre dei eit best mogleg tilbod frå andre offentlege etatar 2. Kartlegge skadeomfanget og kostnadane (utført av forsikringsselskapa) a. Levere Fylkesmannen anslag på eksterne og interne utgifter som ikkje vert dekte på anna vis (forsikring mm). Frist 15. februar 2014 (utført) 3. Fordele skjønnsmiddelkompenasjonen for dei ekstraordinære utgiftene i samband med brannen a. Dokumentere at kompensasjon for ekstraordinære utgifter til sjølve brannen er nytta til føremålet og at det er samsvar mellom anslag og reelle utgifter 4. Gjennomføre evalueringane 5 av akuttfasen Resultat Samarbeidet med dei råka er godt. Skadeomfanget er kartlagt og skjønnsmiddelkompensasjonen er utbetalt. Akuttfasen er evaluert. Organisering Roller og ansvar som i sjølve programmet, jf. kap. 19 Organisering. 5 J.fr. referat frå møte med Fylkesmannen 24.1.14 18

Tidsplan Tabell 3 Tidsplan - Oppfølging av akuttfasen Tiltak Få oversikt over dei som er råka Kartlegge skadeomfanget og kostnadane Fordele skjønnsmiddelkompenasjonen for dei ekstraordinære utgiftene Tidsplan (kvartal) 2014 2015 2016 19

7. HA 2: Opprydding Bakgrunn Det er viktig at all råka eigedom vert rydda so snart skaden er dokumentert og taksert. Heimelshavar og forsikringsselskap har ansvar for dette. Ryddeløyve Rydding skjer etter løyve etter plan- og bygningslova 20-1, med ansvarsrett for eit firma som kan stå ansvarleg for jobben. Det har vore litt ulike firma, men dei har alle vore entreprenørar. Dei må levere inn sluttrapport på levert avfall før dei får ferdigattest. Status Arbeidet med å kartlegge og kostnadsrekne dei materielle skadane er utført. Fleire syner underdekking dvs. at dei ikkje får fullt forsikringsoppgjer. Det gjeld m.a. både idrettslaget og skyttarlaget. I samarbeid med forsikringsselskapa er dei fleste brannråka tomtene rydda. Det står att 4 tomter. Støvsuging av asbest er stort sett gjennomført. Råka verksemder og frivillige organisasjonar har fått tilbod om individuelle samtalar for å kartlegge spesielle problem. Lærdal Næringsutvikling (LNU) har gjennomført dette. Det er gjennomført møte med skyttar- og idrettslaga der dei vart informerte om programmet og fekk høve til å legge fram sine ynskjemål. Verksemder LEAS Eigedom Kontorbygg og lagerbygg ved skøytebana brann ned. Bygningane var leigde ut til Opedal Drift AS. Opedal Drift AS Opedal Drift held no mellombels til i kontorlokale på Håbakken. Dei leiger lagerplass hjå Statens Vegvesen på området ved Lærdalstunnelen. Dei treng nye kontor- og lagerlokale i Lærdal. Driftskontrakten med Statens vegvesen «Indre Sogn» går ut 31. august 2014. Oppdraget er no ute på anbod. Lindstrøm Hotel AS 50 rom på hotellet fekk mindre røykskader. En liten engel Maten og isen i butikken vart øydelagd under brannen pga. straumbrot. Lokale har og ein del røyklukt. Lærdal ITpark Lager i bustadhuset som brann ned. 20

Frivillig sektor Lærdal Idrettslag Klubbhuset ved skøytebana, som vart renovert hausten 2013, gjekk tapt i brannen. Lærdal Skytehus sameige Skytehuset brann ned og alt innbu og utstyr gjekk tapt. Kommunen Kommunen sine utgifter til opprydding er omtalt i kap. 13 HA 8: Kommunal infrastruktur. Eit privathus utan forsikring brann ned. Kommunen vurderer å ta utgiftene med opprydding (særleg asbest) mot å overta tomta. Det er lagt inn kr 350 000 til føremålet. Mål Få eit best mogleg samarbeid med dei som er råka Få oversikt over dei materielle skadane Syte for at dei som har hatt materielle skadar er godt informerte Rydde all brannråka eigedom Tiltak 1. Få oversikt over dei materielle skadane på a. Kommunal eigedom b. Anna offentleg eigedom c. Anna eigedom (private, verksemder og frivillige organisasjonar) (utført) 2. Syte for at dei som har hatt materielle skadar, er informerte om kva kommunen no gjer og planlegg a. Få oversikt over kva dei venter av hjelp og støtte frå kommunen b. Syte for eit best mogleg kommunalt tenestetilbod c. Rettleie i høve anna offentleg tenestetilbod 3. Rydde kommunal eigedom (utført) 4. Syte for at all anna eigedom vert rydda av den som har ansvaret a. Ha god dialog med forsikringsselskapa Resultat Samarbeidet med dei råka er godt. Materielle skadar er kartlagde og kostnadsrekna. All brannskada eigedom er rydda. Organisering Roller og ansvar som i sjølve programmet. 21

Økonomi Tabell 4 Rydding og overtaking 2014 Lygre-huset - rydding og overtaking kr 350 000 Sum kr 350 000 Tidsplan Tabell 5 Tidsplan - Opprydding Tiltak Få oversikt over dei materielle skadane Syte for at dei som har hatt materielle skadar er informerte om kva kommunen no gjer og planlegg Rydde kommunal eigedom Syte for at all anna eigedom vert rydda av den som har ansvaret Tidsplan (kvartal) 2014 2015 2016 22

8. HA 3: Kartlegging, dokumentasjon og informasjon Bakgrunn Kartlegging Etter akuttfasen og helst før oppryddinga er kome langt, er det viktig at skadeomfanget vert kartlagt og dokumentert. Det er grunnlag for forsikringsoppgjer, ansvarsdeling mm. Det gjer det mogleg å etablere eit skilje mellom kva som er attreising ved rein reparasjon og kva som er attreising og utvikling med nye element. Dette skiljet er relevant for private og næringsdrivande, men og for frivillig og offentleg sektor. Dokumentasjon I akuttfasen og rett etterpå var trykket frå media enormt. Det vart handtert av ordføraren, kriseleiing, ekstern hjelp og profesjonelle frivillige. Mange hendingar vart loggførte og mykje er dokumentert gjennom foto, video og lyd. Både for læring/evaluering, for ettertida og i samband med eventuell utstilling/syningssenter er det viktig å få dette stoffet samla, systematisert og teke vare på. Mykje har opphavsrett. Noko vil fort bli sletta eller endra om me ikkje får fatt i det no. Kommunen må ta ansvar for å systematisere og registrere stoffet. Det vert avlevert til Fylkesarkivet når tida er inne. Informasjon Dei som er råka har særleg trong for informasjon. Den må vere aktuell, rett og lett tilgjengeleg. Samstundes må alle som har ei rolle i programmet vere oppdaterte. Ålmenta vil og ha interesse av å følgje programmet i tida som kjem. Status Nytte kommunen si heimeside og andre kanalar til informasjon Lærdal kommune si nettside har fått ei eiga fane for «Attreising». Her vert all relevant informasjon lagt ut. I tillegg vert dei råka sine representantar oppdatert på e-post. Det er gjennomført to fellesmøte med dei råka. Det vert arrangert nye møte etter behov, t.d. for å gjennomgå byggesaksrutinar og forsikringsmekling. Nytte det kommunale arkivsystemet Etter råd frå Fylkesarkivet vert kommunen sitt arkiv/sakshandsamingssystem (ACOS) nytta til all dokumentasjon, både post, media-omtale, lyd og bilete. Det er gjennom LNU engasjert ekstern konsulent til å «hauste» så mykje stoff som mogleg frå brannen starta og ut 2014. Ein god del utanlandske media dekka og brannen. Noko av dette er alt henta inn via donasjonar og arbeid frå utlendingar som har kontaktar/vener i Lærdal. Det foreløpige innsamla materialet er pdf-filer av avisartiklar, samt linkar til nettaviser. 23

Det er og kome inn støtteepostar som er sendt frå private i utlandet. Dette gjeld turistar som har vore her og som sender si medkjensle og sine bekymringsmeldingar til reiselivsverksemder i Lærdal. Det vert no og samla inn private mobilopptak frå brann-natta. Undervegs- og sluttevaluering Jf. kap. 6 HA 1: Oppfølging av akuttfasen. Mål Halde dei råka, media og ålmenta godt oppdatert Samle, digitalisere og katalogisere all informasjon Gjennomføre undervegs- og sluttevaluering Tiltak Nytte kommunen si heimeside og andre kanalar til informasjon 1. Eiga «fane» for Attreising (utført) 2. Folkemøte 3. Møte med dei råka 4. Pressemøte LNU lagar for tida ein kommunikasjonsstrategi. Det er avtalt at den og skal omhandle programmet for Attreising og utvikling av Lærdalsøyri. Det er leigd inn 25 % stilling frå LNU til informasjonsarbeid i programmet. Nytte det kommunale arkivsystemet til å samle: 1. All relevant korrespondanse 2. Presseklipp 3. Foto/video/lyd Me skal hente inn så mykje, og så representativt som mogleg av medieomtalen frå brannen vart meldt kl. 22:53 laurdag 18. januar og utetter 2014. Det gjeld trykte, digitale og elektroniske media, samt dei ulike etermedia - i Noreg og i utlandet. Dei store mediekonserna kan ha sentrale arkivfunksjonar for sine desentraliserte medieeiningar. Døme er NRK, TV2, Media Norge, Schibsted osb. For andre media kan overvakingsselskap/- tenester som «Retreiver» og «Meltwater» hjelpe. Det innsamla materialet vert merkt med kva rettar/klausular me har. Rettar/klausular skal vere avtalt med rettshavarar før dei leverer til oss. Materialet skal ha høveleg format for å gjere oversendinga enklare, men samstundes vere enkle å konvertere for arkivformål i Lærdal/Fylkesarkivet. Me skal og registrere kven som ønsker pengar for materialet, og til kva pris. Gjennomføre undervegs- og sluttevaluering Det er naturleg å gjennomførte undervegsevaluering i starten av siste kvartal kvart år slik at evalueringa kan vere grunnlag for utforminga av programmet i det etterfølgjande året. Mandat, deltakarar, metode og framdrift vil vere tema i den eksterne evalueringa som Direktoratet og Fylkesmannen no set premissane for. 24

Det kan bli aktuelt å gjennomføre følgjeforsking jf. kap. 15 Sluttevalueringa skjer etter at programmet er avslutta, truleg våren 2017. Resultat Dei råka, media og ålmenta er godt oppdaterte til ei kvar tid. Det ligg føre komplett, digitalisert dokumentasjon av alle fasar. Evalueringa er gjennomført, prosjektet avslutta og rapport sendt overordna mynde. Organisering Kartlegging og dokumentasjon vert organisert som sjølve programmet. Førebels vert og informasjonsarbeid organisert slik, men med eit særleg ansvar på ordføraren som kommunen sin fremste talsperson. Når kommunikasjonsstrategien frå LNU er klar, vert organiseringa av informasjonsarbeidet vurdert på nytt. Økonomi 2014 2015 2016 2017 "Hausting" av media Ekstern konsulent kr 200 000 kr 50 000 kr 25 000 Media-overvaking kr 100 000 kr 50 000 kr 50 000 Kjøp av rettar kr 200 000 kr 200 000 kr 200 000 kr 200 000 Lagring kr 100 000 kr 10 000 kr 10 000 kr 10 000 Utstilling / syningssenter kr 150 000 kr 100 000 kr 100 000 kr 100 000 Konsulent - Informasjon kr 250 000 kr 150 000 kr 100 000 kr 50 000 Møte med dei råka, folkemøte mm kr 100 000 kr 50 000 kr 25 000 kr 25 000 Evaluering og rapportering Intern kr 50 000 kr 25 000 kr 25 000 kr 25 000 Ekstern kr 50 000 Rapportering kr 50 000 kr 50 000 kr 50 000 Sum kr 1 200 000 kr 685 000 kr 585 000 kr 460 000 25

Tidsplan Tabell 6 Tidsplan - Kartlegging, dokumentasjon og informasjon Tiltak Nytte kommunen si heimeside og andre kanalar til informasjon Samle, digitalisere og katalogisere all informasjon Revurdere informasjonsstrategien Undervegs- og sluttevaluering Tidsplan (kvartal) 2014 2015 2016 26

9. HA 4: Mellombelse og kortsiktige løysingar Bakgrunn Mange av dei råka står heilt på berr bakke. Fyrsteprioritet var å skaffe dei tak over hovudet, mat og klede. Etterkvart melder og andre behov seg. Kommunen og kriseteamet sto sentralt i fyrste fase. Raskt vart frivillig sektor og kopla inn. Mange tilbaud og tilbyr sine tenester. Status Bustadformidling Gjennom formidlinga som vart etablert fekk alle raskt tak over hovudet. Alle som vart huslause har no tilfredsstillande mellombelse løysingar. Frivillige Frivilligsentralen fekk ei sentral rolle i tilbodet på «Hjelpepleiarskulen», der og kriseteamet heldt til. Det vart levert, sortert og fordelt klede, leiker, sengetøy, kjøkenutstyr, møblar, ved mm. Mange personar/bedrifter hjelpte til med: Kunnskap Utstyr, som t.d. bilar, lastebilar, traktorar med sjåfør Gratis utlån av lagerplass. Etter kvart vart mottaket flytta til Lærdal Grønt/Lerum. Lageret vert no avvikla og sendt vidare til andre med behov. Hjelpefondet 6 Etter brannen vart det samla inn mykje klede og liknande. I tillegg vart det skipa eit fond med føremål å gje økonomiske bidrag til personar som er råka. Føremålet er primært å dekke tap av verdiar som ikkje vert dekte av forsikring eller andre tilskotsordningar. Styre og vedtekter for hjelpefondet er på plass. Mykje av hjelpefondet er fordelt og utbetalt. Det er venta at eventuelle nye problem kjem fram i dei individuelle samtalene. Me utfordrar staten til å bidra til fondet, krone for krone. Ledige, byggeklare tomter Ledige, byggeklare tomter er kartlagde 7. Ofta Vest 2 kommunale tomter. Det er nettopp registrert ein søknad om å få kjøpe tomt 27/34 som no vert handsama. 6 http://www.laerdal.kommune.no/hjelpefond-etter-brannen.314948.no.html 7 http://www.laerdal.kommune.no/ledige-tomter.166358.no.html 27

Øyramarki Ei kommunal tomt, og det ligg ei privat tomt ved sida av. Gjerde Ei kommunal tomt, og det ligg 2 private (same eigar) ved sida av. Saltkjelen Her har kommunen 2 ledige tomter. Borgund Det ligg 9 regulerte ledige tomter i feltet. Under regulering Fortun Her er kommunale tomter. Dei er under regulering. Einemomarki Her er det godkjent reguleringsplan. Det vart gitt rammeløyve for dei fyrste 3 husa med til saman 10 bueiningar i september 2011. Tiltaket er ikkje sett i gang. Det vart stilt krav til flaumsikring i rammeløyvet og krav til endring av planløysinga. Dei nye flaumsonekarta løyser problemet. Planløysinga må likevel gjennom ei endring før me kan gje igangsettingsløyve 8. Lygrehuset Dette er eit av husa som brann ned. Det var ei tilsynssak med pålegg om istandsetting og sikring i forkant av brannen. No er kommunen i dialog med eigar om me kan overta mot at me ryddar branntomta. Kommunen har engasjert jurist til å skrive kontrakt. Mål Tilby alternativ innkvartering/lokale for dei som er råka Tilby ledige, byggeklare tomter Tiltak 1. Tilby alternativ innkvartering for dei som treng det a. Kartlegge bustadmarknaden b. Innkvarteringskontakt 2. Tilby alternative lokale/areal for dei som treng det a. Kartlegge og formidle 3. Fordele hjelpefondet Resultat Alle som vart råka har tilfredsstillande løysingar fram til permanente løysingar er på plass. Hjelpefondet er fordelt. 8 Det er 3 årsfrist for igangsetting. 28

Organisering Roller og ansvar som i sjølve programmet. Økonomi Tabell 7 Bidrag frå hjelpefondet 2014 2015 2016 Innbetalt pr. 11.3.2014 kr 680 000?? Bidrag frå staten, krone for krone kr 680 000?? Sum kr 1 360 000?? Tidsplan Tabell 8 Tidsplan Kortsiktige og mellombelse løysingar Tiltak Tidsplan (kvartal) 2014 2015 2016 Innkvartering/lokale for dei som er råka Tilby ledige, byggeklare tomter 29

10. HA 5: Arealplanlegging Bakgrunn Planlegging og attreising må skje samstundes og gjerne raskare enn normalt. Det vil vere ein dynamisk og interaktiv prosess. Brannen har endra planføresetnadene totalt. Det opnar samstundes eit handlingsrom for strategisk nytenking og tettstadutvikling. Dette er omhandla nærare i kap. 11 HA 6: Tettstadutvikling. Mesteparten av brannområdet vart regulert i 1971. Det har lenge vore ein uavklart status når det gjeld fare for flaum og ras i deler av området. Store deler ligg innafor det teoretiske skredsoneområdet. Det er og omfatta av ei omsynssone - den sokalla «buffersona» mot Gamle Lærdalsøyri jf. kap. 11 HA 6: Tettstadutvikling. Status Flaum og ras Faresonekartet for tusenårs hendinga 9 som NVE/NGI no har laga, syner at alle bustadtomtene, så langt dei kjenner dei, ligg utanfor faregrensa. Figur 7 Faresone skred - Oversikt (NVE) Dette, saman med eksisterande førebelse flaumsonekart for Øyri frå Norconsult, gjer det mogleg å regulere og bygge utan sikringstiltak mot skred eller flaum 10. Dei aktuelle karta ligg på kommunen si heimeside under fana «Attreising». Rapporten er ikkje heilt klar. Delområde A - Lærdalsøyri sør del 1 Det er engasjert ekstern konsulent til å dekke planfunksjonen. 9 Tryggleiksklasse S2 - byggverk der det normalt oppheld seg til vanleg maksimum 10 personar og/eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Døme er einebustad, tomannsbustad, fritidsbustad med inntil to bygningar, små bygg for næringsverksemd og mindre driftsbygningar i landbruket. 10 https://www.dibk.no/no/tema/klimatilpassing/nyheter-klimatilpasning/sikring-mot-skred---hva-sier-regelverket/ 30

I tillegg er det med hjelp frå Aurland kommune fremja sak om start av «Reguleringsplan for Lærdalsøyri sør del 1». Planområdet omfattar området mellom Øyragata og Riksveg 5, til og med Flintegjerdet i aust og til grensa mot skøytebaneanlegget i vest. Figur 8 Kart over Lærdalsøyri sør del 1 Føremålet med planarbeidet er å utarbeide ei detaljregulering som avklarar rammene for attreising av bygningsmassen i området. Det vert eventuelt lagt opp til ein prosess med mindre vesentleg reguleringsendring i samarbeid med kulturstyresmaktene og Fagrådet. Mål Så raskt som mogleg regulere naudsynt areal for attreising Tiltak 1. Kartlegge planstatus for aktuelle areal (både brannområde og andre utbyggingsalternativ) a. Identifisere flaskehalsar i høve: i. Flaum, vern, ras og eigedomstilhøve 2. Arrondere og prioritere reguleringsområde a. Legge ned eventuelt byggeforbod og starte reguleringsarbeidet Resultat Erstatningstomter er klare og ferdig regulerte 31

Organisering Reguleringsplanarbeidet er ei forvaltningsoppgåve etter plan- og bygningslova, med nokre tilpassingar pga. verneområdet og buffersona. Økonomi Tabell 9 Regulering og planlegging 2014 Ekstern konsulent plan kr 500 000 Regulering - Lærdalsøyri sør del 1 kr 150 000 Sum kr 650 000 Tidsplan Tabell 10 Tidsplan - Arealplanlegging Tiltak Kartlegge planstatus for aktuelle areal Identifisere flaskehalsar i høve flaum, vern, ras og eigedomstilhøve Arrondere og prioritere reguleringsområde Regulere Tidsplan (kvartal) 2014 2015 2016 32

11. HA 6: Tettstadutvikling Bakgrunn Det store grepet vert eit tettstadutviklingsprogram som skal sikre verneverdiar og ivareta utvikling av tettstaden Lærdalsøyri. Vidareutvikling av brannsikringstiltak bør vere ein del av dette. Eit slikt program vil i seg sjølv vere ein omfattande og tung prosess som må involvere både lokale, regionale og nasjonale fagorgan. Brannområdet er omfatta av den sokalla «buffersona» mot Gamle Lærdalsøyri som har ein eigen forvaltningsplan 11. Kommunestyret vedtok forvaltningsplanen 27. oktober 2005. Reguleringsplanen vart godkjent i kommunestyret 2. oktober 2011. Vernesona vart utvida så seint som i 2013. Figur 9 Kart over Verneområdet (raudt) og Buffersona (blått) Det er eit eige fagråd for området, med oppgåve å vere eit uavhengig, rådgjevande organ som skal komme med faglege råd og innspel i samband med byggesaker i verneområdet. I tillegg skal Sogn og Fjordane fylkeskommune ha alle dispensasjonssøknader til uttale og har saman med statlege organ klagerett. Status Delområde B (resten av arealet) Det er her vanskelege val mellom Full regulering med eventuelt byggeforbod, som del av eit tettstadutviklingsprogram eller Individuell byggesakshandsaming basert på dispensasjonar frå planen frå 1971 eller Kombinasjonen av desse to 11 http://www.laerdal.kommune.no/gamle-laerdalsoeyri-spesialomraade-bevaring.275374.no.html 33

Det er etablert dialog med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Riksantikvaren, Fagrådet og Fortidsminneforeninga om dette arealet. Byantikvar Riksantikvaren ynsker å styrke kulturminnekompetansen i kommunane, og gir tilskot på inntil kr 400 000 pr. år i to år til ti kommunar som vil tilsette byantikvar 12 i full stilling. Målet er å få byantikvarstillinga fast i kommunen. Tilbodet er sendt ut til 65 bykommunar. Av dette ligg tre i vårt fylke 13. Søknadsfristen er 1. juni. I tillegg til økonomi vil Riksantikvaren følge opp med fagleg støtte og invitere til eit nettverk for byantikvarane. Mål Lage program for tettstadutvikling av Lærdalsøyri Byantikvar i fast stilling Tiltak 1. Lage forprosjekt for tettstadutviklingsprogram 2. Gjennomføre program for tettstadutvikling av Lærdalsøyri 3. Søke om tilskott til stilling som byantikvar Resultat Lærdalsøyri er ein effektiv, verdifull og attraktiv tettstad. Organisering Tettstadutviklingsprogram Eit eige program for tettstadutvikling av Lærdalsøyri set heilt andre krav til metode og organisering. Det vert lagt opp til at restarealet vert handsama gjennom eit tettstadutviklingsprogram. Det er ikkje konkludert på om dette skal skje samla eller i mindre delområde. Dialogen med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Riksantikvaren vil truleg klargjere dette nærare. 12 http://www.riksantikvaren.no/?module=articles;action=article.publicshow;id=135286 13 Flora, Stryn og Lærdal 34

Økonomi Figur 10 Tettstadutvikling 2014 2015 2016 2017 Tettestadutvikling - forprosjekt kr 300 000 Tettestadutvikling - hovudprosjekt??? Byantikvar (Riksantikvaren) Riksantikvaren Riksantikvaren Riksantikvaren Riksantikvaren Byantikvar (kommunal del) kr 200 000 kr 400 000 kr 400 000 kr 200 000 Sum kr 500 000??? Det er ikkje råd å stipulere kostnadane ved å gjennomføre eit tettstadsutviklingsprogram. Me må rekne med monelege kostnader i 2015, 2016 og truleg vidare framover. Finansieringa vil dessutan kome frå fleire ulike kjelder t.d. fylkeskommunen, Riksantikvaren m.m. Tidsplan Tabell 11 Tidsplan - Tettstadutvikling Tiltak Tilsette byantikvar Tettstadutviklingsprogram - forprosjekt Gjennomføre program for tettstadutvikling av Lærdalsøyri Tidsplan (kvartal) 2014 2015 2016 35

12. HA 7: Leiing og kompetanse Bakgrunn Det seier seg sjølv at den politisk leiinga, administrasjonen og tenesteområda ikkje kan løyse alle utfordringar brannen skaper og samstundes drive ordinær tenesteproduksjon, naudsynt planarbeid og anna utvikling. Snarare tvert om: I eit lite samfunn som Lærdal vil alle vere prega av katastrofen i lang tid framover. Det vil og vere slik at ressursbruken i stor grad er retta inn mot attreisinga. Lærdal kommune avslutta 2013 med stram økonomi, knappe ressursar, ROBEK-status, høgt sjukefråvære, men med pågangsmot. I løpet av 2013 er det tilsett leiar for kultur og oppvekst og leiar for organisasjon og personal. Strategisk leiargruppe er på plass. Organisasjonen var klar for ei etterlengta organisasjonsutvikling, mål og resultatstyring, langsiktig tenking, fagleg satsing og styrking av både tilsette og leiarar, utvikling av tenestene m.m. Sjølv i ein normalsituasjon manglar organisasjonen ressursar på ei rekke område: Personal o 40 % stilling som står vakant grunna sjukemelding Tekniske tenester o 100 % stilling som konsulent kart og oppmåling oppseiing, er under rekruttering o 100 % Ingeniørressurs - under rekruttering Plan o 100 % stilling som arealplanleggar ute pga. brannen og sjukemelding. Brannen skaper ekstra planleggingsbehov som også må dekkast inn. Kultur o 45 % stilling som kulturkonsulent oppseiing 5% som bibliotekar o 30 % stilling som kulturkonsulent engasjert på prosjekt fram mot juni 2014 Oppvekst o 100 % stilling som pedagogisk rådgjevar ikkje tilsett grunna manglande økonomiske ressursar Det er vidare endringar som gjer at me har nye tilsette som er under opplæring: Arkiv og servicesentral o Personalet er nytt og under opplæring (to nye, ein har endra oppgåver til arkivleiar i permisjonstid for tidlegare arkivleiar) Skule og barnehage o To nye leiarar frå hausten 2012 (rektor og inspektør). Begge er nye i rollene og under opplæring og utviking. o Ny styrar i den største barnehagen frå januar 2014 o Ny leiar for kultur og oppvekst frå mars 2013 o Ny leiar for organisasjon og personal frå august 2013 36

Me har ein gjennomgåande reduksjon på funksjonar som er viktige i det kommande attreisingsprogrammet. Om me klarer å rekruttere så vil dette rette seg, men me veit at på nokre område t.d. kart og oppmåling kan dette bli særs krevjande. Eit anna spørsmål er også tilførsel av ressursar i form av halve stillingar, om det let seg realisere for så korte periodar me snakkar om her. Alternativet då er å kjøpe tenester. Dette er dyrare enn å rekruttere eller engasjere. Med det nyrekrutteringsbehovet som ligg føre, blir det større krav til leiarane i høve mottak, oppfølging og utvikling av nye medarbeidarar. Dette vert forsterka ved at det også må tilførast ressursar ut over det normale for å handtere attreisinga. Brannen snudde om på planar og oppgåveløysing, både politisk, innan tenesteproduksjon og administrasjon. Brannen fekk store konsekvensar for mange av innbyggarane våre (eldre, store og små). Nokre av kommunen sine eigne tilsette er og hardt råka. Me gjer det me kan for å få dei tilbake til normale tilstandar, men det er utfordrande. Det er inga enkel oppgåve å skildre konkret kva ressursar som har gått med og som framleis vil gå med for å handtere katastrofen. Også fordi enkeltpersonar jobbar langt utover det som er venta av dei, utan å krevje kompensasjon. Alle har strekt seg. Oppgåvene som låg på vent før brannen, klare til å bli tatt fatt på i det nye året, ligg framleis på vent. 37

Tabell 12 Vedtekne prosessar i Lærdal kommune - status og ansvar 38

Departementet har signalisert at dei vil ta omsyn til dette og alt opna for at me kan styrke både leiing og kompetanse. I tillegg er det naudsynt å auke kapasitet der me alt har kompetanse. Status Politisk nivå Det vert no laga ny møtekalender for dei relevante politiske organa slik at det er mogleg å ta politiske avgjerder raskt og effektivt. Formannskapet er styringsgruppe for programmet. Leiing og kompetanse Det er alt engasjert ekstern kompetanse og kapasitet på nokre område som t.d.: Planlegging Reguleringsplanlegging Sakshandsaming og administrasjon Informasjon Jus Prosjektleiing Fylkeskommunen og kommunane i regionen er bedne om å stille spisskompetanse til rådvelde der det vert trong for det. Fylkesarkivet har alt starta rettleiing i høve dokumentasjon. Aurland kommune har gjeve starthjelp i reguleringsarbeidet. NVE/NGI har teke ansvaret for skredsonekartlegging. Me er glade over positiv og rask reaksjon frå mange gode hjelparar. Noko av dette må kommunen dekke. På andre område er dette del av det offentlege sitt tenestetilbod til kommunen. Trongen for ekstra hjelp innafor skule, barnehage, helse osb. er kartlagt og rekrutteringsarbeidet starta. Mål Mellombels og så raskt som mogleg styrke dei kommunale tenestene, politikk og administrasjon Sikre at kompetansen også på sikt kjem organisasjonen til gode Tiltak Styrke dei folkevalde og dei politiske organa Det er og vil verte hyppigare møte i formannskap og kommunestyre, i tillegg til møte i styringsgruppa for attreising. Det fører til eit ekstra behov for sekretær som administrerer møteinnkalling, sakshandsaming og referat. I tillegg treng ordførar administrativ støtte og kapasitet til å dele røynsler og formidle kunnskap om hendinga og attreisinga til andre. Det er alt stort påtrykk frå lokale, regionale og nasjonale aktørar om dette. Det er rekna med 60 % stilling som leiarstøtte fram til juli 2015 Det er behov for fleire møte i styringsgruppa for attreisingsprogrammet, formannskap og kommunestyre. Møtegodtgjersle pr. møte utgjer i dag om lag kr 15.000,- for styringsmøta og formannskap. Godtgjersle for kommunestyret er om lag kr 30.000,- pr. møte. 39

Det er rekna 5 ekstra møte i formannskap, kommunestyre og styringsgruppa i 2014 og 2 møte i 2015. Styrke det kommunale tenestetilbodet mot dei råka Kultur og oppvekst Lærdalsøyri Barnehage Me ser at det er fleire barn som treng tett oppfylging framover. Dette gjeld fire barn på tre avdelingar Det avdelingane treng er å vera fire vaksne kvar dag slik at ein betre vil vera i stand til å ivareta desse barna. Ei stund treng dei ein-til-ein kontakt på avdelingane og nokon gonger skjerming vekke frå avdelinga. Tre avdelingar treng ekstra pedagog barnehageåret 2014 2015: tre pedagogstillingar Lærdalsøyri skule Tre elevar har mista huset sitt. Desse elevane vil i lang tid ha behov for tett oppfølging spesielt i forhold til det psyko-sosiale. Kontaktlærar er svært viktig for desse elevane, og ein brukar no ekstra tid på samtalar/oppfølging. Dette er tid då kontaktlærar normalt skal vere til stades for alle elevane i klassen. Me ser då behov for ekstra ressursar inn i klassane. I 8. klasse går den eine kontaktlæraren ut 50 % av stillinga sin frå 1. mars. Her ser me eit ekstra stort behov. Behov for to tre pedagogstillingar skuleåret 2014 2015 til samtalar og styrking av det psykososiale miljøet i klassane. I tillegg trengs sosiallærar i 25 % stilling. Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri Fagrådet må auke møtefrekvensen monaleg i tida framover.: 10 ekstra møte à 20.000,- kroner 200.000,- kroner Sekretærarbeid 20 % stilling 120.000,- kroner Det trengs og styrkt sakshandsamarkapasitet og leiarressurs på Kultur og oppvekst med til saman 100 %. Helse og omsorg Lege Etter ein periode med svært stor arbeidsbelastning for legetenesta vil ei mogelegheit for å leige inn vikar for å dekke nokon vakter samt innleige i ferieperiodar vere avgjerande for totalsituasjonen. I tillegg er kommunen vertskommune for Sogn Lokalmedisinske Senter (LMS), knytt til Lærdal sjukehus. Legetenesta er ein viktig del av planleggingsarbeidet. Både helsesyster, psykiatrisk sjukepleiar og lege deltek i kriseteamarbeidet som har lagt ned ein stor innsats over lengre tid. Arbeidet tek om lag 1-2 timar kvar dag. Samla vil dette utgjere eit ressursbehov på 40% ekstra legeteneste. 40