Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 029/15 Formannskapet 23.04.2015 020/15 Kommunestyret 07.05.2015 Sakshandsamar: Alf Olsen jr Arkiv: Arkivsaksnr. 15/90-7 Effektiviseringsprosjektet - samordning med deltaking i ROBEK-nettverk Kort samandrag:. I sak 079/14 vedtok kommunestyret at effektiviseringsprosejektet skal førast vidare. Rådmannen fekk i oppdrag å lage ein prosjektplan med mandat, framdriftsplan, varigheit og mål. Lærdal kommune vart oppmoda av fylkesmannen til å delta på nettverk for ROBEKkommunar og kommunen er påmeldt. Målet med deltaking i nettverket er å skape økonomisk handlefridom, komme seg ut av ROBEK-lista og etablere mål og resultatstyring. Mål med deltaking i nettverk for ROBEK-kommunar er svært samanfallande med måla for Det vert difor rådd til å slå prosjekta saman. Rådmannen si tilråding: med hovudtillitsvalde for utdaningsforbundet og sjukepleiarforbundet
23.04.2015 Formannskapet Tilleggsforslag: Tillegg frå Jan Olav Fretland: Styringsgruppa vert supplert med gruppeleiar i Lærdal Venstre Røysting: Samrøystes FS-029/15 Vedtak: med hovudtillitsvalde for utdaningsforbundet, sjukepleiarforbundet og gruppeleiar i Lærdal Venstre 07.05.2015 Kommunestyret Røysting: Samrøystes
KS-020/15 Vedtak: med hovudtillitsvalde for utdaningsforbundet, sjukepleiarforbundet og gruppeleiar i Lærdal Venstre. Vedlegg: Strateginotat for Lærdal kommune - ROBEK - nettverk Relevante dokument i saka Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. Saksutgreiing I budsjettvedtaket for 2015 i sak 079/14 la kommunestyret til grunn at effektiviseringsprosjektet vidareførast og at innsparingane på einingsnivå vert handtert gjennom prosjektet. I forklaringa til vedtaket heiter det vidare: Effektiviseringsprosjektet består av:formannskapet, ein representant frå Venstre, hovudtillitsvalde for Fagforbundet og Utdanningsforbundet, samt rådmann og leiar for organisasjon og personal.
Prosjektplan/ mandat: Rådmannen får i oppdrag å lage ein prosjektplan til neste formannskapsmøte. Denne må inneholde mandat, framdriftsplan, varigheit og mål. Lærdal kommune har etter dette vorte oppmoda av fylkesmannen til å delta på nettverk for ROBEK-kommunar og kommunen er påmeldt. Målet med deltaking i nettverket er å skape økonomisk handlefridom, komme seg ut av ROBEK-lista og etablere mål og resultatstyring. Som grunnlag for deltaking i nettverket og arbeid med tiltak, er kvar kommune utfordra på å lage eit strateginotat. Lærdal kommune sitt starteginotat er lagt ved. Her er skissert mandat, organisering og framdrift. Notatet legg rammene for det vidare arbeidet. Deltaking i ROBEK-nettverket overtek i stor mon føremålet med Det bør såleis vedtakast avslutta og erstatta av arbeidet i ROBEK-nettverket. Det er mykje møteverksemd på nokre politikarar. I staden for ei eiga styringsgruppe med sin eigen møteplan, kan det vere klokt å utnytte eksisterande utval og møteplanar til dette føremålet. Det organ som synest best egna er administrasjonsutvalet. Her sit både politikarar og representantar for dei tilsette. Det er eit ønske å ha ei brei forankring i høve fag og yrkesgrupper. For å ivareta dette kan utvalet supplerast med hovudtillitsvalde frå utdanningsforbundet og sjukepleiarforbundet. At det er innafor sektorane helse, omsorg og oppvekst me finne dei store pengane, forsterkar dette behovet.
Økonomiske konsekvensar Deltaking i ROBEK-nettverk har si eiga finansiering gjennom skjønnsmidlar frå fylkesmannen. Kommunen må dekke eigne kostnader for fleire enn fem deltakarar. Vurdering Mål med deltaking i nettverk for ROBEK-kommunar er svært samanfallande med måla for Det vert difor rådd til å slå desse prosessane saman innafor dei rammer som går fram av strateginotatet. Lærdal kommune sitt starteginotat skisserer mandat, organisering og framdrift. Det vil vere fornuftig om endelege mål, mandat, framdrift og milepålar vert konkretiserte og vedtekne av styringsgruppa. Som styringsgruppe vert føreslege administrasjonsutvalet supplert med hovudtillitsvalde frå utdanningsforbundet og sjukepleiarforbundet.