REGULERINGSFØRESEGNER Planidentifikasjon: 1516-2010-008 Sak/arkivnr: 2010/432 Planforslagsdato: 06.07.2011
2 1 Generelt 1.1 Formålet med reguleringsplanen er å avklare kryssutbetring, plassering og utforming av busskorrespondanseplass og tiltak for gåande og syklande innanfor planområdet. 1.2 Reguleringsføresegnene gjeld for dei områda som ligg innanfor plangrensene. 1.3 Miljøverndepartementets rettleiing for handsaming av støy i arealplanlegging (T-1442) er lagt til grunn i reguleringsplanen. Målet er å oppfylle grenseverdi 55 db (Lden) på uteplass og 30 db (Leq24h) inne i rom med støyfølsom bruk. 1.4 Støytiltak skal ferdigstillast samtidig med rundkøyring og kollektivknutepunkt 1.5 Det kan ikkje byggast andre avkjørsler frå offentleg veg enn dei som er viste i planen. Avkjørsle frå fylkesveg skal byggast og driftast i samsvar med gjeldande vegnormal (handbok 017) og forskrifter til 43 i veglova. 2 Arealføremål Arealet innanfor reguleringsgrensene skal nyttast til følgjande formål: Områdeføresegner - Anleggsområde BO91 1. Bygningar og anlegg - Areal for bustadbygging 2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur: - Privat avkøyrsle - Felles avkøyrsle - Kjøreveg - Gang- og sykkelveg - Anna veggrunn tekniske anlegg - Kollektivknutepunkt - Parkeringsplass 5. Landbruks-, natur- og friluftsområde samt reindrift: - Landbruk Omsynssoner - a.3) Faresoner: - Høgspenningsanlegg (inkl. høgspentkablar) H370 - c) Bevaring kulturmiljø H570 - c) Område med stort funnpotensiale H570 - d) Bandlegging av automatisk freda kulturminne H730
3 3 Områdeføresegner 3.1 Anleggsområde - Mellombels trafikkområde, masselager og rigg Arealet kan nyttast i samband med vegbygginga. Areala skal etter avslutta anlegg bakkeplanerast og formast med gode terrengtilpassingar. I areala kan det mellombels lagrast massar frå veganlegget og etablerast brakkerigg og lagerområde for anleggsmaskiner og driftsutstyr med plassering til minst mogleg ulempe for omkringliggjande område. Innan 1 år etter avslutta anlegg, skal områda vere avvikla og revegetering igangsett. Områda skal deretter gå over til arealformålet jordbruk 4 Bebyggelse og anlegg 4.1 Bustadbygging. Bygg skal plasserast innanfor regulert byggegrense. Ved etablering av nye bueiningar eller oppattbygging av bustadhus på eigedommane, må tryggleik mot skredfare på førehand avklarast av person eller føretak med relevant geologisk kompetanse. Universell utforming skal leggjast til grunn. Kommunen skal ved handsaming av byggjemelding sjå til at bygga får ei god estetisk utforming og materialbruk, og at bygg i same område vert mest mogleg harmoniske i form og storleik. Innhegning, støttemurar og gjerde mot veg skal godkjennast av kommunen i samsvar med 20-1 i plan- og bygningslova. Samla grunnflate for bustadhus, garasje og biloppstillingsplass (%-BYA) skal vere lik eller mindre enn 30 % av tomta sitt nettoareal. Ved til- eller påbygg av bustadhus, kan gesimshøgda vere inntil 6 meter og mønehøgda inntil 8 meter i høve til gjennomsnittleg planert terreng. Dette gjeld også ved eventuell nyoppføring av bustader Til- eller påbygg skal tilpassast eksisterande bygning og bygningsmiljø i form, material og fargebruk. Det skal vere plass til minst 1 overdekt bilplass og 1 biloppstillingsplass for bil pr. bueining på eigen grunn, jf sine parkeringsvedtekter. Plassering av garasje og biloppstillingsplass skal visast på situasjonsplan som følgjer søknad om løyve til tiltak. Frittliggjande garasje kan oppførast i éin etasje med maksimal mønehøgd på 5 meter i høve til planert terreng ved port, og kan plasserast inntil ein meter frå nabogrense. Bruksareal (BRA) for garasje skal vere lik eller mindre enn 50 m2.
4 5 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur 5.1 Private avkøyrsler Private avkøyrsler er markert med pil o A1: Avkøyrsle for eigedomen 20/25. o A2: Avkøyrsle for eigedomen 20/4. o A3: Avkøyrsle for eigedomen 20/34. o A4: Avkøyrsle for eigedomen 20/30. o A5: Avkøyrsle for eigedomen 20/1. 5.2 Felles avkøyrsler o FA1:Felles driftsavkøyrsle for eigedomen 20/4 og 20/7. o FA2: Avkøyrsle for eigedomen 20/12, 20/17, 20/30, 20/34 og20/35. 5.3 Køyreveg: Vegbana med skuldrer og kryssområde veglommer ligg innafor køyreveg. Dei offentlege vegane skal ha standard i samsvar med gjeldande vegnormal (handbok 017). Planlagt høgde på fylkesveg 61 og fylkesveg 653 går fram av C-teikningar vedlagt reguleringsplanen. 5.4 Gang- og sykkelveg Langs fv.61 skal gang- og sykkelveg byggast som fortau på delar av strekninga. Gangareala skal ha standard i samsvar med gjeldande vegnormal (handbok 017). Gang- og sykkelvegen langs fv.61 mellom kollektivknutepunkt og kommunal veg kan nyttast som driftsveg for eigedommen 20/1. Gang og sykkelvegen langs fv. 653 kan nyttast som tilkomst for eigedommane 20/12, 20/17, 20/30, 20/34 og20/35. 5.5 Anna veggrunn tekniske anlegg Grøfter og skråningar ligg innanfor annen veggrunn. Areala skal utformast med god tilpassing til sideterrenget og få ei tiltalande tilstelling. Teknisk infrastruktur som rør, kabler og sluker kan plasseres innenfor arealet. Mindre endringar i skråningsutslag som går ut over føremålet vil kunne skje som følgje av uforutsette forhold som til dømes grunnforhold eller feil i kartgrunnlaget. Areal som ikkje vert brukt til anna vegføremål vil kunne nyttast til det føremålet som tilliggande areal har. 5.6 Kollektivknutepunkt: Det skal vere kollektivknutepunkt på nordvestsida av fv.61 for omstigning mellom ulike bussar. Kollektivknutepunktet er dimensjonert for opptil seks bussar. Kollektivknutepunktet skal ha standard i samsvar med gjeldande vegnormal. Det skal vere gangareal i tilknyting til kollektivknutepunktet. Universell utforming vert lagt til grunn for utforming av plattformområda. Det kan setjast opp busskur, venterom og ev. andre bygningsmessige tiltak knytt til funksjonen som kollektivknutepunkt.
5 5.7 Parkeringsplass: Det kan etablerast parkeringsplass i tilknyting til kollektivknutepunktet. Minst 5 % av plassane skal vere dimensjonert og reservert for handikappa. 6 Landbruks-, natur- og friluftsområde samt reindrift 6.1 Jordbruk: I jordbruksområde kan det drivast jord- og skogbruk og tilleggsnæringar knytt til landbrukseigedomane. I områda gjeld jord- og skoglova sine føresegner. Det kan oppførast bygningar som er naudsynte for landbruksdrifta. Desse må tilpassast kulturlandskapet. Kulturlandskap og kulturlandskapselement som steingjerde og liknande, skal bevarast. Det viser også til føresegnene for omsynssone c og d) 8.1 og 8.2 7 Omsynssoner 7.1 Faresone - Høgspenningsanlegg (inkl. høgspentkablar) H370: Områda gjeld for høgspentlinjer. Det kan gjennomførast nødvendig flatehogst. 7.2 Omsynssone c) Bevaring kulturmiljø (H570_01) Vernesone rundt automatisk freda kulturminne Fredinga skal gjerast kjent for entreprenør. Grense mellom veg og vernesone skal vere gjerda i anleggsperioden. 7.3 Omsynsone c) - Område med stort funnpotensiale (H570_02) Markane kan slåast som før og eldre grøfter kan takast opp att. Inngrep som nye bygningar, vegar, veiter, mastefeste samt pløging under eksisterande djupne må meldast til fylkeskommunen for nærare avklaring. Fredinga skal gjerast kjent for entreprenør. Grense mellom veg og vernesone skal vere gjerda i anleggsperioden. 7.4 Omsynsone d) - Bandlegging av automatisk freda kulturminne (H730) Det er freda kulturminne på gnr 20, bnr 1, ID 140589 og på gnr 20, bnr 4 ID 140588. Busetjingsspora er automatisk freda etter kultuminnelova 3 og 4. Det er ikkje lov å gjere noko som kan skade eller skjemme busetjingsspora. Jorda kan brukast som før til landbruk, med unntak av aktivitet som medfører inngrep så som jordbearbeiding djupare enn 15 cm, veiting og liknande. Det kan ikkje setjast opp nye mastefeste innanfor omsynssona. Tiltak som kan påverke dei freda kultuminna må høyrast hos fylkeskonservator. Fredinga skal gjerast kjent for entreprenør. Grense mellom veg og vernesone skal vere gjerda i anleggsperioden.