Øystre Slidre kommune «Sse_Navn» Bygdinvegen 1989 2940 Heggenes Til: Valdres Natur- og Kulturpark Skrautvålsvegen 77 2900 FAGERNES Valdreskommunane Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: MOELIV - 14/1391 026 21.11.2014 VNK - Handlingsprogram 2015. Særutskrift frå kommunestyrebehandling Vedlagt følgjer samla saksframstilling og vedtak frå behandlinga i kommunestyret. Med helsing Liv Bodil Tyskeberg Moen Møtesekretær Sentralbord: Dir. telefon: Org.nr: E-mail: Heimeside: 61 35 25 00 «Sbr_Tlf» 961382068 «Sbr_Email» www.oystre-slidre.kommune.no
Øystre Slidre kommune Saksframlegg Saksbehandlar: Kjell Håvard Tuv Arkivsaksnr: 14/1391 Arkiv: 026 Behandla av: Møtedato Saksnr: Kommunestyret VNK - Handlingsprogram 2015 Utskrift til: VNK Valdreskommunane Vedlegg: Andre saksdokument (ikkje vedlagt): Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 I 31.10.2014 Valdres Natur- og Kulturpark VNK - Handlingsprogram 2015 - Høringsrunde Bakgrunn for saka: I samarbeidsavtalen som gjeld for VNK skal forslaget til årleg handlingsprogram sendast avtalepartane for høyring. Styret i VNK handsama 22.10 det framlagde utkastet til handlingsprogram for 2015 og vedtok å sende eit korrigert utkast til kommunane innan 1.november med høyringsfrist 25.nov Saksopplysningar: I samarbeidsavtalen som gjeld for VNK skal forslaget til årleg handlingsprogram sendast avtalepartane for høyring. Styret i VNK handsama 22.10 det framlagde utkastet til handlingsprogram for 2015 og vedtok å sende eit korrigert utkast til kommunane innan 1.november med høyringsfrist 25.nov. Målet er at Valdres Natur-og kulturpark skal være en bygdeutviklingsregion som gjennom langsiktig merkevarebygging knytt til natur-og kulturverdiar og lokal styring- skal gje auka verdiskaping og livskraft i lokalsamfunnet. Arbeidet er basert på en 10-årigsamarbeidsavtale mellom ei rekke aktørar. Valdreskommunane har ei samarbeidsavtale som går i valperioda, frå 2012-2015. Side 2 of 7
I handlingsprogrammet for 2015 er arbeidsoppgåver og tiltak fordelt under definerte innsatsog virkemiddelområde som tidligare. Det er definert 9 innsatsområder, med ein rekke underområde. I tillegg er det definert 5 virkemiddelområde. Av innsatsområda blir det avsett mest midlar til områda «regional merkevarebygging», «næringsliv generelt» og kultur. Midlar til nokre andre innsatsområde er bunde opp til øyremerka midlar og definerte prosjekt som skal gjennomførast. Det gjeld til dømes arbeidet for å vidareutvikle digitale kommunikasjonskanalar i eit samarbeid med VSP i Norske parkar for 2014 og 2015. I høve prioriterte samarbeidsområder mellom Oppland Fylkeskommune og VNK i 2015 er det lista opp: Kompetanseutvikling Regional merkevarebygging som strategi Styrke arbeidet med E-16 gjennom Valdres Vidareutvikle Fagernes Lufthamn som rute- og charterflyplass Vidareføring av VNK`s hytteprogram Vurdering: Generelt er det vanskeleg å vurdere retningsendringar og forslag til nye oppgåver, då ein ikkje har særleg kunnskap om korleis ein har lykkast med å fylle målsettingane ein sette seg for arbeidet i inneværande år. Handlingsprogrammet bør som generell regel vera forankra i dei overordna strategiane som i følgje langtidsprogrammet er: Valdres skal i merkevarebyggingen prioritere landbruk, reiseliv, foredling helse og kultur Valdres skal ta tak i egen utvikling Valdres skal utvikle egne konkurransefortrinn Valdres skal strekke seg lengre og bli betre enn andre på utvalde område Valdreskvalitet i alle ledd. Øystre Slidre kommune ønskjer at VNK gjennom desse overordna strategiane fram til ein eventuell endring i kommunestrukturen, skal vera ein viktig reiskap for Valdreskommunane med omsyn på å skape eit framtidig og moderne Valdressamfunn i vekst og utvikling. Høringsdokumentet og handlingsplanen syner ei ambisiøs satsing på mange og viktige felt. Det kan med så mange satsings- og virkemiddelområde synast noko uoversiktleg kva som høyrer til det eine og det andre, og kva som er mål og kva som er verktøy. Dette gjeld og skillet mellom tiltaksområde og virkemiddelområde. Fleire prosjekt har eiga finansiering og eigne mål og det er viktig at ein er medviten om at dette ikkje tek for mykje fokus frå hovudmåla. Mykje av arbeidet i VNK frå starten har vore regional merkevarebygging. Rådmannen set derfor eit spørsmålsteikn ved kvifor det er naudsynt med ei spesiell prioritering av dette feltet opp mot OFK. Øystre Slidre kommune har lenge etterlyst ei tyngre og meir spissa satsing og på færre felt. Ein bør og vurdere om det er rett å nytte så vidt store delar av den samla økonomiske ramma til utvikling og betring av kommunikasjons kanalar og marknadsføring. Det er i alle fall viktig at ein sikrar nok ressursar til utvikling av produkta som skal ligge i botnen og vera merkevara. Ein medviten og forsterka bruk av ulike profilar og aktørar frå Valdres til marknadsføring av Valdresproduktet på ymse måtar er eit viktig og godt tiltak. Side 3 of 7
Valdres destinasjon er saman med VNK ein tung aktør med omsyn til marknadsføring. Rådmannen i Øystre Slidre er godt nøgd med at ein mellom VNK og VD har ein konstruktiv og god dialog og at ein legg vekt på felles marknadsaktivitetar. Det er viktig at ein i VNK samarbeider tett med kommunane på enkelte innsatsområde, som td. skilting, stigar og løyper. Ein legg i handlingsplanen for 2015 opp til ei gjennomgang av forvaltninga av merkevara og merkevareorganisasjonane. Rådmannen vil rå til at ein her konsentrerer seg meir om innhald enn kommunikasjonsstrategi. Dette er ein særs viktig del av merkevarebygginga og ein bør i løpet av 2015 få ein fornya debatt og ei avklaring på dette. Dette er spesielt viktig etter som det har vore eit konkret mål å få næringslivet meir med og til å bli meir medvitne i merkevarebygginga. Generelt er tålsemd og langsiktigheit eit kjernepunkt i slikt arbeid. Det er ikkje sagt noko om kva ei vidareføring av hytteprogrammet skal innehalde, men Rådmannen støtter ei vidareføring der ein får ei sterkare praktisk kommersiell innretning. Øystre Slidre kommune ser elles mykje positivt i det arbeidet som er lagt ned i 2014 og ønskjer lykke til med utarbeiding av endeleg handlingsprogram for 2015. Rådmannen legg saka fram med slikt forslag til vedtak: Øystre Slidre kommune ønskjer at VNK gjennom dei overordna strategiane i langtidsprogrammet fram til ein eventuell endring i kommunestrukturen, skal vera Valdreskommunane sin reiskap for å skapa eit framtidig Valdres-samfunn i vekst og utvikling. Høringsdokumentet og handlingsplanen syner ei ambisiøs satsing på mange og viktige felt. Det kan med så mange satsings- og virkemiddelområde synast noko uoversiktleg kva som høyrer til det eine og det andre, og kva som er mål og kva som er verktøy. Dette gjeld og skillet mellom tiltaksområde og virkemiddelområde. Fleire prosjekt har eiga finansiering og eigne mål og det er viktig at ein er medviten om at dette ikkje tek for mykje fokus frå hovudmåla. Øystre Slidre kommune har lenge etterlyst ei tyngre og meir spissa satsing og på færre felt. Ein bør og vurdere om det er rett å nytte så vidt store delar av den samla økonomiske ramma til utvikling og betring av kommunikasjons kanalar og marknadsføring. Det er i alle fall viktig at ein sikrar nok ressursar til utvikling av produkta som skal ligge i botnen og vera merkevara. Ein medviten og forsterka bruk av ulike profilar og aktørar frå Valdres til marknadsføring av Valdresproduktet på ymse måtar er eit viktig og godt tiltak. Det er viktig at ein i VNK samarbeider tett med kommunane på enkelte innsatsområde, som td. skilting, stigar og løyper. Ein legg i handlingsplanen for 2015 opp til ei gjennomgang av forvaltninga av merkevara og merkevareorganisasjonane. Øystre Slidre kommune vil rå til at ein her konsentrerer seg meir om innhald enn kommunikasjonsstrategi. Dette er ein særs viktig del av merkevarebygginga og ein bør i løpet av 2015 få ein fornya debatt og ei avklaring på dette. Dette er spesielt viktig etter som det har vore eit konkret mål å få næringslivet meir med og til å bli meir medvitne i merkevarebygginga. Generelt er tålsemd og langsiktigheit eit kjernepunkt i slikt arbeid. Side 4 of 7
Øystre Slidre kommune støtter ei vidareføring av hytteprosjektet der det blir lagt sterkare vekt på ei praktisk og kommersiell innretning av arbeidet. Øystre Slidre kommune ser elles mykje positivt i det arbeidet som er lagt ned i 2014 og ønskjer lykke til med utarbeiding av endeleg handlingsprogram for 2015. 20.11.2014 Kommunestyret Behandling: Gunnar Thue og Pål Lundby la fram slikt forslag: ØSK ønsker så langt som råd at planarbeidet har en form der mål, tiltak, ansvar blir presisert og at en har indikatorer på måloppnåing Gunnar Thue la fram slikt forslag: ØSK ønsker at det prioriteres kr 300.000 til prosjekt Valdres sett frå vegen Rådmannen sitt forsalg til vedtak med tillegg frå Gunnar Thue og Pål Lundby vart samrøystes vedteke. KS-052/14 Vedtak: Øystre Slidre kommune ønskjer at VNK gjennom dei overordna strategiane i langtidsprogrammet fram til ein eventuell endring i kommunestrukturen, skal vera Valdreskommunane sin reiskap for å skapa eit framtidig Valdres-samfunn i vekst og utvikling. Høringsdokumentet og handlingsplanen syner ei ambisiøs satsing på mange og viktige felt. Det kan med så mange satsings- og virkemiddelområde synast noko uoversiktleg kva som høyrer til det eine og det andre, og kva som er mål og kva som er verktøy. Dette gjeld og skillet mellom tiltaksområde og virkemiddelområde. Fleire prosjekt har eiga finansiering og eigne mål og det er viktig at ein er medviten om at dette ikkje tek for mykje fokus frå hovudmåla. Øystre Slidre kommune har lenge etterlyst ei tyngre og meir spissa satsing og på færre felt. Ein bør og vurdere om det er rett å nytte så vidt store delar av den samla økonomiske ramma til utvikling og betring av kommunikasjons kanalar og marknadsføring. Det er i alle fall viktig at ein sikrar nok ressursar til utvikling av produkta som skal ligge i botnen og vera merkevara. Ein medviten og forsterka bruk av ulike profilar og aktørar frå Valdres til marknadsføring av Valdresproduktet på ymse måtar er eit viktig og godt tiltak. Det er viktig at ein i VNK samarbeider tett med kommunane på enkelte innsatsområde, som td. skilting, stigar og løyper. Ein legg i handlingsplanen for 2015 opp til ei gjennomgang av forvaltninga av merkevara og merkevareorganisasjonane. Øystre Slidre kommune vil rå til at ein her konsentrerer seg meir om innhald enn kommunikasjonsstrategi. Dette er ein særs viktig del av merkevarebygginga og ein bør i løpet av 2015 få ein fornya debatt og ei avklaring på dette. Dette er spesielt viktig etter som det har vore eit konkret mål å få næringslivet meir med og til å bli meir medvitne i merkevarebygginga. Generelt er tålsemd og langsiktigheit eit kjernepunkt i slikt arbeid. Øystre Slidre kommune støtter ei vidareføring av hytteprosjektet der det blir lagt sterkare vekt på ei praktisk og kommersiell innretning av arbeidet. Side 5 of 7
Øystre Slidre kommune ser elles mykje positivt i det arbeidet som er lagt ned i 2014 og ønskjer lykke til med utarbeiding av endeleg handlingsprogram for 2015. ØSK ønsker så langt som råd at planarbeidet har en form der mål, tiltak, ansvar blir presisert og at en har indikatorer på måloppnåing ØSK ønsker at det prioriteres kr 300.000 til prosjekt Valdres sett frå vegen Rett møtebok: Side 6 of 7
Side 7 of 7