Kommunedelplan trafikk Førde sentrum Hornnes 8 Bergum Førdefjorden Slåtten 09 Hogane Flovegen 609 Ø y rane rn es egen ve Grovene ge n 7 yr Halbrends- Ek 6 lia orn n Halbrend en eg tv Po s afs t sv e g e 10 10 Vie 84 Vieåsen sør 1 Hafstad bydel Hafstad VGS e Halbrend skule Flatane skule Ytre Hafstad g An Pr ve ad 12 1 Vieåsen e E39 Steøyra ina ve ge bø Brattebergkvia be b es Slåttebakkane nee Holtemyrane ge n 484 Ho Korsav Firdavegen Ytre Øyrane Steinen Fjj Fjæ Fjærev egen n g e a sve Førde hotell Vievegen Hafstad 484 4 Fjellvegen Q Æ Sentrum sør Brulandsvellene borg bo Kronborg Sanderplassen Vie Jølstra Bruland Hafstadfjellet 7 Forprosjekt 6 Indre Øyrane Region vest Leikanger Mars 2013 7
Forord Kommunedelplan Trafikk for Førde sentrum skal reviderast. Som eit ledd i arbeidet blir det utarbeida forprosjekt for tiltak innan til saman 12 tiltaksområde. Denne rapporten omhandlar tiltaka i tiltaksområde 6, nytt vegsamband frå Indre Øyrane til Langebruvegen og frå Øyravegen til Storehagen. Forprosjektet skal vurdere eksisterande reguleringsplanar der desse sambanda er med. Rapporten er utarbeidd av Statens vegvesen. På nokre fagtema har Sweco utarbeidd det faglege grunnlaget. Avklaring av saksgang for vidare planlegging vil skje i samråd mellom Førde kommune, Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Februar 2013 I
Innhald 1 BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET... 3 1.1 PROBLEMSTILLING... 4 2 MÅLSETTING FOR PLANARBEIDET... 5 2.1 SAMFUNNSMÅL... 5 2.2 EFFEKTMÅL... 5 2.3 RESULTATMÅL... 5 3 FORHOLDET TIL ANNA PLANLEGGING... 6 3.1 KOMMUNALE PLANAR OG INNSPEL... 6 4 SITUASJONEN I DAG... 8 4.1 PLANOMRÅDE OG PLANAVGRENSING... 8 4.2 AREALBRUK... 8 4.3 VEG OG TRAFIKK... 9 4.3.1 Generelt... 9 4.3.2 Vegstandard... 9 4.3.3 Kollektivtrafikk... 9 4.3.4 Gang- og sykkelvegar... 9 4.3.5 Dagens trafikk... 9 4.3.6 Ulykker... 10 4.4 DIVERSE MILJØTEMA... 10 4.5 GEOLOGI... 11 5 OMTALE AV TILTAKET... 12 5.1 INNLEIING... 12 5.2 DIMENSJONERANDE TRAFIKK... 12 5.3 VEGSTANDARD... 13 5.4 INDRE ØYRANE-LANGEBRUVEGEN (6.01)-VURDERING AV GJELDANDE REGULERINGSPLANAR... 13 5.5 STOREHAGEN-ØYRAVEGEN (6.02)... 13 5.6 KONKLUSJON... 14 6 KONSEKVENSAR AV TILTAKET... 15 6.1 KOSTNADER/PRISSETTE KONSEKVENSAR... 15 6.1.1 Kostnadsoverslag... 15 6.1.2 Nyttekostnadsvurdering... 15 6.1.3 Trafikale verknader... 16 6.1.4 Drifts- og vedlikehaldskostnader... 16 6.1.5 Trafikktryggleik... 16 6.1.6 Støy... 16 6.1.7 Massar... 16 6.2 IKKJE PRISSETTE KONSEKVENSAR... 17 6.2.1 Metodikk nytta i vurdering av ikkje-prissette konsekvensar... 17 6.2.2 Landskap... 19 6.2.3 Nærmiljø og friluftsliv... 21 6.2.4 Naturmiljø... 23 6.2.5 Naturressursar... 26 6.2.6 Kulturmiljø... 27 6.3 SAMLA SAMFUNNSØKONOMISK ANALYSE... 29 6.4 MÅLOPPNÅING... 29 6.5 TILRÅDING... 29 7 VIDARE ARBEID... 30 Februar 2013 II
1 Bakgrunn for planarbeidet Kommunedelplan Trafikk for Førde sentrum vart vedteken i 1998, vestre del av planen vart revidert i 2001. Planen skal no reviderast på nytt. Revideringsarbeidet skal føre til ein tematisk kommunedelplan. Grunnlaget for planarbeidet er gitt i planprogram som vart vedteke av Bystyret i oktober 2011. Planprogrammet vart utarbeida felles for dette planarbeidet og for Kommunedelplan E39 Langeland-Moskog. Det er vidare utarbeida ein Silingsrapport for Lokale gater og vegar i Førde som prioriterer kva tiltak som skal vurderast i arbeidet. Denne vart vedteken av Bystyret i mars 2012. Fig. 1.1 Planprogrammet Førde kommune har og, i samarbeid med nabokommunane og næringslivet, oppretta selskapet Førdepakken AS som kal greie ut om tiltak i Førde og på E39 forbi Førde skal gjennomførast med delvis bompengefinansiering. Prioritering av tiltak vil skje ved handsaming av kommeundelplanen og i arbeidet med Førdepakken. Februar 2013 3
1.1 Problemstilling Det har lenge vore snakk om eit samband mellom Langebruvegen og Indre Øyrane. Ei slik veglenke vil avlasta trafikken på rv. 5 Naustdalsvegen og fv. 481 Storehagen i sentrum. Det er utarbeida reguleringsplan for dette, men sidan planane er gamle er det naudsynt å vurdera dei opp mot nye krav. Dersom denne veglenka skal inngå i eit sykkelnett må tilbod til syklande vurderast. I gjeldande reguleringsplan ligg det i tillegg inne ei veglenke mellom Øyravegen og Firda Billag. Det har vore sett på mogleiken å forlenge denne veglenka gjennom Firda Billag til Storehagen. Så lenge Firda Billag ligg her er ikkje dette aktuelt. Dette forprosjektet omtalar berre kort denne veglenka som internveg på Indre Øyrane. I dette forprosjektet tek me utgangspunkt i at trafikken frå E39 blir lagt utanom dagens trasé i Sentrum sør, samt at bru over Hafstad bydel blir bygd. I trafikkberekningsmodellen er E39- alternativet frå Myra til Brulandsberget nytta. Tiltaka blir vurdert med omsyn til trafikkavvikling, trafikktryggleik, gateutforming, konsekvensar for byutvikling, støy, kostnadar og tilhøve for mjuke trafikantar. Fig. 1.2 Strekningar omtala i forprosjektet Februar 2013 4
2 Målsetting for planarbeidet Ved utarbeiding av planprogrammet vart det utarbeida målsettingar. 2.1 Samfunnsmål Utvikle E39 på strekninga Langeland-Moskog som lekk i eit effektivt nord-sørsamband på Vestlandet innanfor dei rammer og føringar som er gjeve i NTP. Val av løysing for E39 må gi ei god tilknyting til rv. 5 mot Florø og mot anna lokalvegnett. Veg- og transportløysingar skal bidra til å skape ei god sentrumsutvikling i Førde. 2.2 Effektmål Transportkostnaden og reisetida for gjennomgangstrafikk og trafikk til/frå Førde må bli redusert Del av trafikken i Førde som er gåande og syklande må aukast Del av trafikken i Førde som er kollektivreisande må aukast 2.3 Resultatmål Utarbeide kommunedelplan i samsvar med framdriftsplan gitt i kap. 6.4.3. Tilrådd alternativ i planen skal stette dei samfunnsmål og effektmål som er gitt. I dette arbeidet vil vi nytte effektmåla til å evaluere tiltaket. Som nemnt vart planprogrammet utarbeida felles for revisjon av Kommunedelplan Trafikk i Førde sentrum, og for Kommunedelplan E39 Langeland-Moskog. Det fyrste effektmålet er mest relevant for E39, det er dei to siste effektmåla som er mest relevante for tiltak i Førde sentrum. Februar 2013 5
3 Forholdet til anna planlegging Kap. 2.2 i planprogrammet og Del 2 i silingsrapporten gir ein oversikt over andre planar som er viktige å ta omsyn til ved revisjon av kommunedelplanen. Fig. 3.1 Silingsrapport for lokale vegar og gater 3.1 Kommunale planar og innspel I dette arbeidet er kommuneplanen sin arealdel lagt til grunn. Den syner vedtekne arealdisponeringar fram til 2017, kvar nye næringsareal er tenkt etablert, kvar nye bustader skal byggast, landbruksområder, friluftsområder med meir. Kommunen har også vedteke retningslinjer for byutvikling som gir ei rekke haldepunkt for korleis fellesplassar, torg, parkering, gatestruktur med meir, bør organiserast, ivaretakast osv. Slike retningslinjer er også aktuelle for framtidige traseval, standard og utforming. Sykkelbyen Førde er eit sentralt omgrep som bystyret har slutta seg til og gitt føringar for. Sykkeltrasear er viktige vegval for miljøvennleg og helsemessig transport. Den nye traseen for E39 sett i samanheng med rv. 5 og fv. 609 er avgjerande for det lokale veg- og gatenettet. Bystyret har gitt råd om vidare planlegging. Kommunale planar er førande for dei vurderingane som er gjort. Gjeldande reguleringsplanar for området er vist på neste side. Februar 2013 6
I KDP Trafikk frå 2001 ligg det inne at det skal byggjast ei veglenke frå Langebruvegen til Indre Øyrane. Tiltaket er då omtalt med to køyrefelt og tosidige fortau. Reguleringsplan er utarbeidd for dette i 2005, med 6,5 m brei vegbane og 3 m breie fortau. Gjeldande reguleringsplanar for planområdet: Fig. 3.2 Gjeldande reguleringsplan for bru mellom Langebruvegen og Indre Øyrane. Kjelde: Førde kommune Februar 2013 7
4 Situasjonen i dag 4.1 Planområde og planavgrensing Arbeidet med forprosjekt blir avgrensa av Naustdalsvegen i vest, Øyravegen i nord, Langebruvegen i aust og Storehagen i sør. Forprosjektet tek i hovudsak for seg gjeldande reguleringsplanar i planområdet, og vurderer dei opp mot dagens krav. For vegsambandet mellom Indre Øyrane og Langebruvegen blir det vurdert mogleiken for framføring av sykkelrute. Strekninga er om lag 800 m lang, og Langebruvegen har i dag fartsgrense 30 km/t. Fig. 4.1 Planområdet 4.2 Arealbruk Området er eit komplekst område med tett bykjerne med handel og kontor langs Langebruvegen, samt legesenter og Førde Helsetun. På Indre Øyrane er det per no stort sett landbruksareal, men det meste er regulert til offentlege føremål og bustad i gjeldande reguleringsplan. Det ligg ein vidaregåande skule på Indre Øyrane. Februar 2013 8
4.3 Veg og trafikk 4.3.1 Generelt Langebruvegen og Øyravegen er kommunale vegar. 4.3.2 Vegstandard Langebruvegen har ei vegbreidde på 6,5-7 m. Vegen har 2 felt i tillegg til nokre venstresvingefelt i sentrum. Det er tosidig fortau langs store delar av vegen. Nord for Storehagen er det stort sett berre fortau på austsida av vegen. Her er og mykje parkering langs vegen. Det er eitt 4-arma lyskryss midt på Langebruvegen. Elles er det berre mindre kryss og avkøyrsler. 4.3.3 Kollektivtrafikk Langebruvegen er ei sentral innfartsåre til bussterminalen i Førde. Det går i dag over 170 bussar over Langebrua pr. dag. 4.3.4 Gang- og sykkelvegar Det er tosidige fortau langs heile Langebruvegen og Øyravegen. Det er ikkje nokon tilbod til syklistar, men i Nordre del av Langebruvegen, og i Øyravegen er trafikken i dag så liten at det er akseptabelt med blanda trafikk. 4.3.5 Dagens trafikk Det er ikkje gjort registreringar av trafikk i Øyravegen. I Langebruvegen er det gjort teljingar i makstimen, som gir 530 kjt/time. Dette kan tyde på at tala i modellen til Sweco AS kan vera noko for høge. Modellen gir desse trafikktala for dagens vegnett, år 2011: Langebruvegen nord for Storehagen Øyravegen 3900 kjt/døgn 200 kjt/døgn Februar 2013 9
4.3.6 Ulykker I Statens vegvesen sitt ulykkesregister blir ulykker med personskade registrert, ulykker med berre materielle skader blir normalt ikkje registrert. Frå 2002 til og med 2012 er det registrert 2 ulykker i Langebruvegen, og ingen i Øyravegen. Fig. 4.2 Trafikkulykker registrert frå 2001-2010 (grøne punkt er lettare skadde). Kjelde: NVDB Ulykker: - 1 ulykke med fotgjengar, lettare skadd. - 1 ulykke med motorsykkel, lettare skadd. 4.4 Diverse miljøtema Situasjonen i dag for desse er kort omtalt under dei einskilde tema i kap.6.2 «Ikkje prissette konsekvensar». Februar 2013 10
4.5 Geologi I følgje NGU sitt berggrunnskart er det diorittisk til granittisk gneis i heile planområdet. Planområdet ligg på elveavsetningar, og i følgje NGU sitt «Skrednett» ligg det utanfor varsemdsområdet for snø- og steinskred. Februar 2013 11
5 Omtale av tiltaket 5.1 Innleiing For å redusere trafikken i sentrum sør og rv. 5 ved Storehagen kan Øyravegen knytast saman med Langebruvegen. Dette krev bru over Løken i tillegg til oppstramming av Langebruvegen nord for Storehagen. Her er mykje parkering langs gata. Tiltaket vil spreie trafikken i sentrum ut over eit større vegnett, og vil dermed avlaste eksisterande vegnett og kryss. Fig. 5.1 Strekningar omtala i forprosjektet 5.2 Dimensjonerande trafikk Trafikktal er utrekna frå ein trafikkmodell med ny E39 frå Myra til Brulandsberget, og nytt samband over Jølstra ved Hafstad. Dimensjonerande trafikktal 20 år etter opning (år 2040) vil vere: Langebruvegen nord for Storehagen: 4400 kjt/døgn Tala er noko avhengig av opningsår, trafikkvekst og kva alternativ for E39 som blir valt. (Sweco Norge AS sin rapport) Februar 2013 12
5.3 Vegstandard I silingsrapporten for KDP trafikk Førde er vegane på Indre Øyrane definerte som gater, sjølv om dei ligg utanfor definert sentrumsområde i Førde kommune sin byutviklingsplan frå 2005. Med framskrivne trafikktal som grunnlag gjev vegnormalane dette tverrprofilet: Fig. 5.2 Tverrsnitt av gata (Handbok 017) Vegen bør utformast med køyrefelt og sykkelfelt som vist over, i tillegg til tosidig fortau på min 2,5 m. Dette vil gje ein total vegbreidde på 9 m + fortau = 14 m. Vi legg til grunn at dette vil bli ei viktig rute for syklande, og tilrår derfor at det blir bygd sykkelfelt. Dimensjonerande køyretøy blir buss (B). 5.4 Indre Øyrane-Langebruvegen (6.01)-Vurdering av gjeldande reguleringsplanar Gjeldande reguleringsplan for Langebruvegen (frå Kyrkjevegen)-Indre Øyrane: total vegbreidde (6,5 m + 2 x 3 m) = 12,5 m. Vegbreidde på 6,5 m inkl kantsteinsklarering samsvarar med dagens standardkrav. I tillegg trengs det sykkelfelt på minimum 2,5 m til saman. Gjeldande reguleringsplan viser 3 m fortau på kvar side. Gjeldande krav gir min 2,5 m breie fortau. Total vegbreidde er 1,5 m smalare enn naudsynt, dersom ein bygger fortau på 2,5 m og ikkje 3 m som i reguleringsplanen. Gjeldande reguleringsplanar for Langebruvegen frå Kyrkjevegen til Storehagen: Total vegbreidde (6,5 m + 2 m fortau) = 8,5 m. Reguleringsplanane er frå 1985 og 1977. Vegbreidde på 6,5 m inkl kantsteinsklarering samsvarar med dagens standardkrav. I tillegg trengs det sykkelfelt på minimum 2,5 m til saman. Gjeldande reguleringsplan viser 2 m fortau på eine sida (aust). Med auka trafikk trengs det tosidige fortau på min. 2,5 m. Total vegbreidde er 5,5 m smalare enn naudsynt, dersom ein bygger fortau på 2,5 m og ikkje 2 m som i reguleringsplanen. Reguleringsplanen nordaust i krysset med Storehagen viser eit svært trongt kryss. Dersom krysset skal gjerast noko med, må det truleg regulerast på nytt. Krysset mellom Langebruvegen og Kyrkjevegen er utflytande og bør strammast opp. 5.5 Storehagen-Øyravegen (6.02) Gjeldande reguleringsplan for Indre Øyrane legg opp til utbygging av kontor og handel kombinert med bustadar. Vegen frå Øyravegen mot Storehagen vil i første omgang fungere Februar 2013 13
som internveg i eit nærings- og bustadområde. Vegen er regulert med 6 m vegbreidde og tosidige fortau på 3 m. Dette er tilfredstillande vegutforming. Dersom vegen blir forlenga til Firda Billag eller til Storehagen vil trafikken auka, men truleg ikkje så mykje at det vil vera naudsynt med sykkelfelt. Kostnadar er rekna for strekninga Øyravegen-Firda Billag, og er 30-45 mill. kr. 5.6 Konklusjon Gjeldande reguleringsplan for Indre Øyrane legg ikkje opp til eigne anlegg for sykkelfelt. Dette bør med og tverrsnittet må då aukast med 1,5 m. Reguleringsplanane for Langebruvegen frå Kyrkjevegen til Storehagen er gamle og tek ikkje omsyn til mjuke trafikantar på tilstrekkeleg vis. Det må leggast opp til tosidig sykkelfelt og fortau. Tverrsnittet må aukast med 5,5 m. For å føre syklande gjennom krysset med Storehagen kan det vera naudsynt med ny reguleringsplan i krysset. I dag er det fire ulike reguleringsplanar i krysset, eldste er frå 1977. Gjeldande reguleringsplan er tilfredstillande for vegen mellom Storehagen og Øyravegen. Februar 2013 14
6 Konsekvensar av tiltaket 6.1 Kostnader/prissette konsekvensar 6.1.1 Kostnadsoverslag Investeringskostnader for tiltak 6.01 Indre Øyrane-Langebruvegen er berekna i ein forenkla ANSLAG-prosess basert på gjeldande reguleringsplan. For reguleringsplanen for Indre Øyrane vart det i samband med «Førdepakke 1» rekna kostnadar for eit tverrsnitt med 7 m vegbane og fortau på 3 m. Dette gir eit totalt tverrsnitt på 13 m. Dette er 1 m smalare enn anbefalt tverrsnitt med sykkelfelt. Kostnadsoverslaget tek med seg 400 m veg, bru og eit T-kryss ved sjukeheimen. 400 m veg inkluderer 200 m veg på Indre Øyrane og 200 m veg i Langebruvegen. Mellom ny bru og Storehagen er det om lag 270 m som ikkje var med i kostnadsoverslaget. Kostnadane er oppdaterte med denne strekninga i ettertid, og gjeld då frå Øyravegen til krysset mellom Langebruvegen og Storehagen. Kostnadene er rekna til å vere (2011-kr): totalt 75-110 mill. kr Kostnader til eventuelle tiltak sør for Storehagen er ikkje medrekna. Vi vil kort omtale nokre andre tema. Nokre av desse er eit grunnlag for kostnadsrekninga, andre er tema som i ei konsekvensutgreiing normalt blir handsama som prissette konsekvensar. For desse omtaler vi skilnader mellom alternativa. 6.1.2 Nyttekostnadsvurdering Nytte- og kostnadsberekningar er gjennomført i programmet EFFEKT, og utført av Sweco Norge AS. Resultata gjengitt i dette avsnittet er henta frå notat «Prissatte konsekvensar Førde sentrum». Det er berre utført berekningar for tiltak 6.01 Indre Øyrane Langebruvegen. Tabell 6.1 Resultat frå berekning av dei prissatte konsekvensane, tal i millionar-kroner Indre Øyrane-Langebruvegen Alternativ (til lyskryss) TRAFIKANTAR OG TRANSPORTBRUKARAR 184,5 DET OFFENTLEGE -88,9 SAMFUNNET ELLES -0,7 Nettonytte (NN) 94,9 Netto nytte pr. budsjettkrone (NNB) 1,07 Det er tidskostnadane og til dels køyretøykostnadane som hovudsakleg slår ut på nytten. Tiltaket kjem godt ut fordi det har stor nytte for trafikantane og fordi det har låge investeringskostnadar. Berekningane viser at dette tiltaket er ei god investering for samfunnet med ein nettonytte på ca. 95 mill. kroner og nettonytte pr. budsjettkrone på 1,07. Dette tyder at samfunnet får att det dobbelte av investeringa. Februar 2013 15
6.1.3 Trafikale verknader I følgje Sweco AS sine berekningar får den nye veglenka ein del trafikk i år 2011 og vesentleg trafikk i år 2040. Dette skuldast framtidig utbygging i området. Tiltaket medfører vesentleg bedra trafikktilhøve i sentrum. I 2040 viser modellen at utkøyrt distanse i heile modellen (Førde sentrum og omland) i løpet av eitt døgn blir 2200 km kortare ved utbygging av tiltaket. Samla reisetid i heile modellen blir 170 timar kortare i løpet av eit døgn. Samanlikna med alle tiltaka som er vurdert i samband med Kommunedelplan Trafikk for trafikkavviklinga i Førde sentrum, er dette det beste tiltaket for sentrum. 6.1.4 Drifts- og vedlikehaldskostnader Ei ny veglenke vil gi noko auka drift- og vedlikehaldskostnadar. I EFFEKT er auken rekna til 1,3 mill. kr samla over 25 år. 6.1.5 Trafikktryggleik Tiltaket vil bli utforma trafikksikkert i tråd med gjeldande vegnormalar. Fortau og sykkelfelt vil sikre tryggleiken og framkoma for mjuke trafikantar. Redusert køyrelengde for mange trafikantar gir betre trafikktryggleik. I EFFEKT er dette rekna til 5,5 mill. kr samla over 25 år. 6.1.6 Støy Det er nokre bustadar og ein alders- og sjukeheim i området som blir utsett for meir støy ved bygging av brua. Langebruvegen nord for Storehagen må støybereknast, men dette blir ikkje gjort i samband med dette forprosjektet. 6.1.7 Massar Ei utbygging vil ha underskot av gode massar. Massane kan ein eventuelt få i samband med utbygging av E39 eller mogleg tunnelar i sentrum av Førde. I Førde er det også fleire massetak, der ein kan få tak i massar. Februar 2013 16
6.2 Ikkje prissette konsekvensar 6.2.1 Metodikk nytta i vurdering av ikkje-prissette konsekvensar Konsekvensanalysane er utført med utgangspunkt i Statens Vegvesen si Handbok 140 (2006). Omtale av eksisterande situasjon er behandla tidlegare i planomtalen. Denne delen omfattar difor berre sjølve vurderinga av alle relevante fordeler og ulemper som et tiltak vil føre til for samfunnet. (HB140:61). På grunn av storleiken på undersøkingsområdet er det ikkje vurdert som hensiktsmessig å utarbeide eigne fagrapportar for kvar pakke. Utgreiingane i rapporten er vurdert med tanke på å få fram dei mest vesentlege verknadane av tiltaket. Forenkla metodikk for vurdering av ikkje-prissette konsekvensar Vurdering av konsekvensar for dei ikkjeprissette faga (landskapsbilete, nærmiljø og friluftsliv, naturmiljø, naturressursar og kulturminne) er gjennomført etter metoden slik den er omtalt i HB 140: Fig. 6.1 Konsekvensvifte frå Hb 140. Verdisettinga er gjennomført i samsvar med figur 6.16 i Handbok 140 og går etter skalaen liten, middels og stor. Omfanget er fastsett etter kriteria gitt i figur 6.17 i Handbok 140, og har en 5-delt skala. Omfangsvurderingane er eit uttrykk for kor store negative eller positive endringar det aktuelle tiltaket (alternativet) vil medføre for det enkelte området. Omfanget vurderast i forhold til alternativ 0. Konsekvensvurderingar er gjennomført som ei samanstilling av verdi og omfang i samsvar med konsekvensvifta i figur 6.5 i Handbok 140. For å gjere vurderingane oversiktlege og samanliknbare har vi valt å forenkle presentasjonen av vurderingane. Årsaken er at tiltaka i dei fleste pakkane berre har eitt alternativ som ofte gjeld enkle utbetringar av eksisterande veg. Dette inneber at linjal-skalaane som er nytta i Handbok 140 for å syne eksakt gradering av verdi og omfang, ikkje er nytta i dette forprosjektet. Vidare er dei verdi-sette lokalitetane presenterte på ein enklare måte enn kva som er vanleg, dersom ein følgjer metodikken i Handbok 140 fullstendig. I samråd med Statens vegvesen og Førde kommune er dette vurdert å vere ein framgangsmåte som framleis vil gje eit vedtaksrelevant resultat. Februar 2013 17
Datagrunnlag Tiltaksområdet vart synfart 25.oktober 2012. I tillegg er Google Earth, ortofoto og flybilete nytta som visuelt grunnlag. Det er innhenta offentleg tilgjengeleg informasjon i databaser referert i litteraturlista. Vurderingane bygger og på konsekvensutgreiingar som er utarbeidd i samband med kommunedelplan for E39 Langeland-Moskog (Sweco 2012 og 2013). Dei ulike faga har nytta fagspesifikke kjelder og grunnlag i sine verdi- og omfangsvurderingar. For tema landskap, er det i skildringa lagt mest vekt på dei visuelle kvalitetane. Vurderinga av verdi er ei samanlikning med like landskapsområde innanfor same landskapsregion, etter Norsk Referansesystem for Landskap (NIJOS 2005). For tema nærmiljø, er det teke omsyn til Direktoratet for naturforvaltning sine handbøker 18 og 25, i tillegg til handbok 140. Tema naturmiljø har nytta Naturbase og Artsdatabanken (Artskart) som dei viktigaste databasane. Då Førde ikkje har lagt viltdata inn i Naturbase er det gjennomført meir omfattande synfaring inkludert viltsporing i samband med KU Naturmiljø for E39 Langeland-Moskog. Dei viktigaste databasane som er nytta for vurdering av naturressursar er Skog og landskap (www.skogoglandskap.no) og NGU sine databasar for grunnvatn (geo.ngu.no/kart/granada/) og grus- og pukk ressursar (http://geo.ngu.no/kart/grus_pukk/). Dei viktigaste databasane som er nytta for kulturminner og kulturmiljø er Askeladden og Miljøstatus med kartfesting av alle bygg som er bygd før år 1900 (Sefrak-registeret). I tillegg er Førde kommune sin kulturminneplan eit viktig dokument (Førde kommune 2007). Alternativ 0 Omfanget av tiltaket samanliknast med alternativ 0. Alternativ 0 er definert som dagens situasjon inkludert kjente endringar. Konsekvens for tiltaket er dermed dei fordelar og ulemper tiltaket vil føra til i forhold til alternativ 0. Februar 2013 18
6.2.2 Landskap I følgje Handbok 140 skal tema landskapsbilete handle om dei visuelle kvalitetane i omgjevnadene. Landskap er definert som eit område slik det er forma under påverknad frå og samspelet mellom naturlege og menneskeskapte faktorar. Fig. 6.2 Oversikt over influensområdet, landskap. Kjelde: Sweco. Influensområde Influensområdet omfattar dei tettbygde områda i Førde sentrum og dalsidene i sør og nord. Førdefjorden ligg som ei avgrensing i vest medan ein i aust får ein overgang både i fjellsidene og til områda som er meir prega av jordbruk. Kort om landskapselement i planområdet Førde sentrum ligg ved utløpet av Jølstra og ned mot Førdefjorden. Sentrum er tett utbygd med både bustadar og handels- og næringsområde. Det meste av handel og næring er lokalisert på deltaet i Førde sentrum. Bustadar er i stor grad lagt til li- og åssidene opp frå dalbotnen. Områda mot fjorden er i stor grad nytta til industri og både bygg og installasjonar er godt synleg på avstand. Sentrumsområdet er prega av bygg med 3-4 etasjar, og mykje vegareal. Det er store areal satt av til bilparkering, innimellom bygningar med industri og vare/tenestehandel. Elva Jølstra svingar seg gjennom landskapsområdet og er synleg frå delar av området. Ein anar at Førdefjorden ligg utanfor sentrum, men grunna sterk utbygging og flat dalbotn, må ein nær fjorden for å oppleva den dersom ein er i dalbotnen. Både fjorden og elva er godt synlege dersom ein oppheld seg i høgareliggande delar av området. Bustadområdet nord for sentrum er delvis skilt frå sentrum på grunn av Løken, ei lita arm med brakkvatn som går inn i flata rundt Førde sentrum. Februar 2013 19
Verdi Sjølv om dei høge fjella er sterke element i landskapet som gjer området typisk for landskapsregionen, er dei sterke utbyggingane av dalbotnen med på å dra ned opplevinga av landskapet. Totalinntrykket av Førde sentrum blir samla sett redusert på grunn av manglande by-struktur og eit fragmentert sentrum. Nærleiken til fjorden og elva Jølstra kunne ha vore ein større positiv faktor enn det er, men nærings- og industriområde hindrar visuell kontakt og lite av byen vender seg mot elva. Jølstra, fjorden og Løken ligg som meir positive element i området. Verdien for områdane rundt tiltaket i pakke 6 er vurdert til å være liten til middels. Omfang Ei endring av området vil uansett skje, då utbyggingsplanane er vedteken i gjeldande reguleringsplan (sjå kap 3.1). Tiltaket blir likevel vurdert her, då det ikkje er konsekvensvurdert tidlegare. Tiltaket er delvis ein utbetring av eksisterande veg, med få inngrep. Dei to viktigaste endringane i forhold til landskapsbilete er veg over dei opne områda på Indre Øyrane, og ein ny bru over Jølstra. Brua går rettvinkla på Jølstra og forhold seg til eksisterande gatenett. Brua blir liggjande med god avstand til eksisterande bruer og vil stå som eit sjølvstendig element. Brua blir både visuelt og funksjonelt eit bindeledd mellom nord- og sørsida av Jølstra, og blir slik sett eit positivt element i landskapsbildet. Vegbygging på Indre Øyrane bryt delvis med dagens bruk og oppleving av området. Området er opent, men ein veg som ligg godt i terrenget vil ikkje endre dette inntrykket. Avstanden til dei allereie utbygde områda i Førde er dessutan kort. Området rundt Løken blir ikkje direkte påverka av tiltaket, og opplevinga av dette som ein våtmark/tørrlagt elveleie blir ikkje forandra. Tiltaket med kryssing av Jølstra blir vurdert som eit positivt element, mens endringane rundt Løken blir vurdert som eit noko negativt element. Samla sett opphevar dei to endringane kvarandre, og tiltaket blir vurdert ikkje å få noko omfang. Konsekvens Liten til middels verdi og ubetydeleg omfang gjev ubetydeleg konsekvens. Avbøtande tiltak Ikkje naudsynt. Februar 2013 20
6.2.3 Nærmiljø og friluftsliv Nærmiljø definerast i Statens vegvesen si handbok 140 som mennesket sitt daglege livsmiljø. Friluftsliv definerast som opphald og fysisk aktivitet i friluft i fritida med omsyn til miljøforandring og naturoppleving. Begge desse definisjonane skildrar opphald og fysisk aktivitet i friluft knytt til bustad og tettstadnære uteområde, parkar og friluftsområde. Fig. 6.3 Oversiktskart over influensområdet, nærmiljø. Kjelde: Sweco. Influensområde Influensområdet omfattar planområdet, nærliggande areal med registrerte område nytta til leik, opphald og rekreasjon ved bustadområda, samt offentlege/felles møtestadar, uteområde, parkar og løkker som kan tenkast å bli påverka av tiltaket. Kort om nærmiljø og friluftsliv i planområdet Området består for det meste av funksjonsblanda sentrumsområde med mange arbeidsplassar tilknytt kontor og andre næringsverksemder. Løken, som går gjennom området, og Jølstra, som ligg i utkanten av planområdet, kan begge definerast som eit identitetsskapande element. Ved Løken ligg Øyrane vidaregåande skule. Ved siden av skulen ligg ei fotballbane. Planområdet strekker seg inn i eit område som er regulert til Løken friluftsområde. Ein veit om at det går føre seg sporadiske padleaktivitetar i Jølstra (personleg opplysning Arve Seger, februar 2013) og det er tillat å fiske mellom osen og Brulandsfossen i tidsrommet 10. juli til 31. august mellom klokka 20 og 06 (http://www.dirnat.no/multimedia/52171/endelig-forskriftstabell-elv-helelandet.pdf&contentdisposition=attachment. Vi har ikkje innhenta opplysningar om at det går føre seg padling eller fiske i planområdet. Området har samla fått stor verdi. Februar 2013 21
Verdi Høg bruks- og opphaldsintensitet, samt at Løken og Jølstra fungerer som identitetsskapande element gjer at området får stor verdi. Omfang Eksisterande veg vil bli utvida med om lag 7 m til om lag 14 m. Dette vil kunne råke dei bygningane som ligg nærast vegen på grunn av arealbeslag. Ein gang- og sykkelveg vil kunne betre tilgjenge for gåande og syklande mellom viktige målpunkt som sentrum sør, Handelshuset og Øyrane vidaregåande skule. Tiltaket vil kunne redusere trafikkbelastninga i Naustdalsvegen. Konsekvens Stor verdi og lite til middels positivt omfang gjev liten til middels positiv konsekvens. Avbøtande tiltak Ikkje naudsynt. Februar 2013 22
6.2.4 Naturmiljø Naturmiljø omhandlar naturtypar og arts førekomstar som er viktige for dyr og plantar sine levegrunnlag, samt geologiske element. Omgrepet naturmiljø femnar alle terrestriske (landjorda), akvatiske/limnologiske (ferskvatn) og marine (brakkvatn og saltvatn) førekomstar, og biologisk mangfald knytt til desse. Fig. 6.4 Oversiktskart over influensområdet, naturmiljø. Kjelde: Sweco. Influensområde Influensområdet omfattar det samla området som kan bli råka av alle forprosjekta. Verdi I dette området er følgjande naturverdiar registrert: Løken «Lokaliteten utgjer restane av ein stor delvis avsnørt meander til Jølstra, som i nyare tid har blitt kutta nesten heilt av frå hovudelva. Dette har nok tidlegare vore viktig beite- og slåtteland, men nå blir berre eit lite parti slått på søraustsida av vegen som krysser meanderen, og inntil nyleg har dei sørlege delane blitt beita av ungdyr. Området er derfor i noko attgroing, i fyrste omgang av høgt gras (mest strandrør), mens pusleplantesamfunna og brakkvassengene med meir småvaksne storr går attende. Dei ytre, nordvestre delane har best vassutskifting og her veks mellom anna. raudlistearten dvergsivaks enda lokalt rikelig, samt sparsamt med firling. Lengre innover tek dei høge grasa meir over, med unntak av slåtteengpartiet, der det mellom anna. er noko pølstorr. Dei indre, sørlege delane verkar mest ferskvasspåverka og har mykje av trivielle beitemarksplanter, men også her veks det enda litt pusleplanter som firling og evjebrodd. Området har ellers opplagt stor verdi for våtmarksfugl, både ender og vadere. Lokaliteten får samla sett verdi svært viktig (A), sidan dette er den einaste større brakkvassmeanderen som er att i midtre og ytre strøk av fylket, Februar 2013 23
og mellom anna. ein raudlisteart veks her. Verdiane er likevel heilt klart vorte mindre, særleg som følgje av at vasstilførselen frå Jølstra har vorte for liten og området er truga av attgroing. Det beste for naturverdiane er å la området få liggje i fred for tekniske inngrep og nedbygging/forsøpling/ureining. Det er viktig at i det minste delar av området fortsatt blir skjøtta med beite og/eller slått. Vassutskiftinga bør bli betre. Ureining, mellom anna. frå området tilknytta sjukehuset bør stoppast. Det bør snarleg utarbeidast ein eigen forvaltningsplan som tek vare på naturverdiane til området.» (Naturbase). Kroksjøer, meandere og flomløp er i Norsk raudliste for naturtypar (2011) registrert under kategorien «EN - sterkt truga». Denne vurderinga byggjer i tillegg til at naturtypen i utgangspunktet er sjeldan på at mange slike lokalitetar har hatt ein sterk tilstandsreduksjon dei seinaste 50 åra på grunn av ulike tekniske inngrep. Dette er den einaste større brakkvassmeanderen som er att i midtre og ytre strøk av Sogn og fjordane fylke. På tross av at det i dag er ei bru som kryssar Løken og at den er meir eller mindre isolert frå elva Jølstra er området funksjonelt som våtmarksområde og dei hydromorfologiske trekka er intakte. Dei raudlista planteartane dvergsivaks som er nær truga (NT), stilkvasshår og firling som er sårbare (VU) veks og på lokaliteten. Løken er også viktig for våtmarksfugl. Det er i følgje Artsdatabanken gjort registreringar av den strekt trua arten myrrikse (EN) så seint som våren 2012. Arten vipe som i raudlista er registrert som nær truga (NT) er også registrert fleire gonger i 2012. Området har elles framleis preg av kulturpåverknad frå tidlegare slåttenger. Dette elementet er på retur. I KU samanheng får lokaliteten stor verdi då han er svært viktig for det biologiske mangfaldet i Førde kommune. Fig. 6.5 Naturområdet Løken er ein relativt intakt kroksjø med høg verdi for biologisk mangfald. Foto: Førde kommune. Omfang Tiltaket vil medføre ein del arealbeslag i naturområdet Løken, inkludert to nye bruer. Brua over Løken og ny veg vil medføre inngrep i ei strekning på om lag 250 m. Ny bru og auka trafikk vil truleg medføre ein auka barriereeffekt for fugl og flaggermus i høve til den enkle Februar 2013 24
gangbrua som alt fins over Løken. Då desse bruene (og evt ei til jfr Forprosjekt 2) til saman vil splitte opp Løken i fleire delområde er det sannsynleg at ny bru vil ha negativ effekt for fugl. Flaggermus brukar truleg og vegetasjonssonene langs Løken i samband med næringssøk. Bruene sin eventuelle barriereeffekt kan vere eit aktuelt tema å undersøke i den vidare planlegginga. Omfanget vurderast samla som middels negativt. Konsekvensvurdering Stor verdi og middels negativt omfang gjev middels/stor negativ konsekvens. Avbøtande tiltak Generelt vil det vera ønskjeleg om ein kan unngå å fundamentere bru i Løken. Ved utforming av bru bør det takast omsyn til fluktruter fugl og flaggermus har i området. Det bør gjerast feltregistrering av fugl og flaggermus sin bruk av området. Februar 2013 25
6.2.5 Naturressursar Dette deltemaet omfattar generelt ressursane som er grunnlaget for sysselsettinga innan primærproduksjonen, både når det gjeld mengde og kvalitet. Den økonomiske utnyttinga av desse ressursane er derimot ikkje eit tema i denne delutgreiinga. Naturressursar er inndelt i tre hovudkategoriar; vassressursar, jord- og skogbruksressursar samt grus- og pukk ressursar. Fig. 6.6 Oversiktskart over influensområdet, naturressursar. Kjelde: Sweco. Influensområde Influensområdet omfattar det samla området som kan bli råka av alle forprosjekta samla. Verdi Jordbruksområde Øyrane Det jordbruksområdet ligg inneklemt i Førde sentrum mellom Rv.5 og Løken. Området er fulldyrka og er totalt på ca. 136 daa lettdriven jord. På grunn av at området er relativt lite og mykje av arealet er regulert til utbygging er området det vurdert å ha liten verdi som naturressurs. Omfang Tiltaket vil medføre noko arealbeslag på jordbruksområde Øyrane (ca. 200 meter strekning). Sidan området alt er regulert til utbygging vil omfanget i høve til 0-alternativet bli lite. Samla vurderast omfanget til lite negativt. Konsekvens Februar 2013 26
Liten verdi og lite negativt omfang gjev liten til ubetydeleg negativ konsekvens. Avbøtande tiltak Ikkje naudsynt. 6.2.6 Kulturmiljø Med kulturminne meinast enkeltståande minne etter menneskeleg aktivitet. To eller fleire kulturminner som i form, tid eller funksjon har en samanheng blir omtala som eit kulturmiljø. Kulturlandskap, som i denne samanhengen er definert som det menneskeskapte landskapet, vurderast under landskapsbilde. Fig. 6.7 Oversiktskart over influensområdet, kulturmiljø. Kjelde: Sweco. Influensområde Influensområdet omfattar planområdet samt nærliggande areal med registrerte kulturminner og -miljø som kan tenkast å bli påverka av tiltaket. I planområdet er det særlig fysisk påverknad som kan være aktuelt. Utover dette kan tiltaket og verke visuelt inn på dei registrerte verdiane. Potensial for funn av ikkje-kjende automatisk freda kulturminne Potensial for funn vurderast ut frå registrerte kulturminner samt generell kunnskap om lokal og regional forhistorie (der ein kan forvente å finne automatisk freda kulturminner og kva funnkategoriar en kan regne med å finne). Indre Øyrane ligg såpass lågt og nært elveutlaupet, at området truleg ikkje har vore attraktivt for førhistorisk busetnad. Andre stader i influensområdet er sterkt preget av areal påverka av Februar 2013 27
moderne inngrep. Potensialet er difor sett til lite. Det er mogleg at Sogn og Fjordane fylkeskommune vil krevje 9-undersøkingar i dei nye traséane over Indre Øyrane og bak Sunnfjord hotell/rutebilstasjonen. Dette området ligger litt høgare, er trekt attende frå elveutlaupet og er heller ikkje påverka av nyare inngrep. Verdi Dei registrerte kulturhistoriske verdiane ligg for det meste mellom Storehagen og Jølstra. Rutebilstasjonen frå 1962 (B03) er av Førde kommune foreslått freda etter plan- og bygningsloven (2007). I krysset mellom Langebruvegen og Storehagen ligg eit funkishus (C06) som av Førde kommune er foreslått bevart etter plan- og bygningsloven (2007). Fig. 6.8 Langebrua går over Jølstra og forbind nord og sørsida av Førde. Blått bygg på venstre side er bevaringsverdig. Kjelde: Sweco. Rutebilstasjonen og funkisvillaen er vurdert å ha stor verdi. Omfang Vi kan ikkje sjå at eit nytt samband frå Indre Øyrane til Langebruvegen og vidare til E39 vil verke inn på registrerte kulturminne og -miljø. Tiltaket vil ikkje gje noko omfang. Konsekvens Stor verdi og ikkje noko omfang gjev ubetydeleg konsekvens. Avbøtande tiltak Låg konfliktgrad gjer at det ikkje er naudsynt med avbøtande tiltak. Februar 2013 28
6.3 Samla samfunnsøkonomisk analyse Vurderingane for tiltak 6.01 Indre Øyrane - Storehagen er: Tabell 6.2 Samfunnsøkonomisk analyse Tema Konsekvens Kostnad (mill. 2012-kr.) 75-110 Nettonytte/kostnad 1,07 Landskap Ubetydeleg Nærmiljø og friluftsliv Middels positiv Naturmiljø Middels til stor negativ Naturressursar Liten til ubetydeleg negativ Kulturmiljø Ubetydeleg Tiltaket vil verke negativt inn på naturmiljø pga. kryssing av Løken, men har elles små konsekvensar. Sjølv med ganske høge kostnader pga. bygging i sentrumsnære område har tiltaket stor samfunnsnytte. God trafikal verknad for andre vegar i Førde sentrum gir stor reduksjon i tids- og kjøretøykostnader. For kvar krone investert i prosjektet får samfunnet att det dobbelte. 6.4 Måloppnåing Jfr. kap. 2.2 skal tiltak vurderast opp mot desse måla: Del av trafikken i Førde som er gåande og syklande må aukast. Del av trafikk i Førde som er kollektivreisande må aukast. Tiltaket inkluderer bygging av fortau og sykkelfelt, og vil dermed betre tilhøva for gåande og syklande. Tiltaket løyser og ut sentrumsnære utbyggingsområde. Fortetting i Førde sentrum i tråd med gjeldande kommuneplan vil på sikt vere gunstig med tanke på å få fleire til å gå og sykle. Meir utbygging sentralt vil og lette arbeidet med å lage eit godt kollektivtilbod. Sjølv om dette er ei ny veglenke vurderer vi derfor måloppnåinga som god. 6.5 Tilråding Bygging av ny veg frå Langebruvegen til Øyravegen er eit svært nyttig tiltak samfunnsøkonomisk sett. Det bidreg til ønska arealutvikling i Førde og har god måloppnåing. Tiltaket bør derfor ha ei høg prioritering. Bygging av meir direkte samband Storehagen-Øyravegen (6.02) kan eventuelt byggjast meir lokalt fram til Firda Billag, men vil ha ein god overordna verknad først når ein byggjer det over tomta til Firda Billag til Storehagen og løyser ut Firda Billag sitt areal som utbyggingsområde. Februar 2013 29
7 Vidare arbeid I løpet av arbeidet med forprosjekt har vi sett ein del tilhøve som bør vurderast i det vidare arbeidet med veglinja. Støyvurderingar Geotekniske undersøkingar i samband med brua Omregulering i Langebruvegen og krysset med fv. 481 Vurdere omregulering av nytt samband frå Indre Øyrane til Langebruvegen Ev. tap av parkering må vurderast i samband med reguleringsplanlegginga Vurdering av fartsgrenser for nye veglenker Vurdering av brutype Vurdering av krysset med Kyrkjevegen Februar 2013 30
Førde kommune