Ålvik vekst Kvam KF. Ålvik vekst. Årsmelding 2009. Visjon Ålvik Ein attraktiv tettstad i eit miljøvenleg og inkluderande samfunn.

Like dokumenter
ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE nr. 03/2010

Strategi- og handlingsplan Ålvik vekst Kvam KF

Regionrådet Nordhordland IKS

REFERAT Sak: SMB-programmet evaluering av forprosjektet Sted Dato Varigheit Ålvik

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

HORDALANDD. Utarbeidd av

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2014 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2013 for Sogndal kommune

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Forfall meldast snarest til Ål kommune, avd. Fellestenester, sekretariatet tlf Saker til behandling

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

SAK 01/08 REKNESKAP 2007

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

BØMLO KULTURHUS KF ÅRSREKNESKAP 2014

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Driftsavtale mellom Møre og Romsdal 110-sentral KF og Ålesund kommune

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal

Søknadsnr Søknadsår 2013 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2013 KVAMMALOKK REVISITED - LAKMUSTESTEN

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding 2008 for. Ålvik vekst Kvam KF. Visjon Ålvik Ein attraktiv tettstad i eit miljøvenleg og inkluderande samfunn.

Etablering og drift av kraftselskap

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Forstudie Næringshage i Vinje

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Eigarmelding. Balestrand kommune

SAK 02/15 REKNESKAP 2014

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKT av februar 2007

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

INNKALLING TIL ORDINÆRT ÅRSMØTE 2014

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Saksframlegg FELLES AVLAUP SANGEFJELL? VAL AV AVLAUPSLØYSING FOR EKSISTERANDE OG NYE HYTTER

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Forfall meldast snarest til Ål kommune, sekretariatet, tlf eller

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Kvam herad. Kvam heradsstyre /09 HIAN

ÅRSMELDING FOR VELLEDALEN I BALANSE AS

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 11/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

REGIONRÅDET NORDHORDLAND IKS STRATEGISK PLAN

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer. Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Transkript:

Kvam, 17. mars 2010 Årsmelding 2009 Ålvik vekst Kvam KF Visjon Ålvik Ein attraktiv tettstad i eit miljøvenleg og inkluderande samfunn. Mål Innan 2012 skal det vera minimum 200 lønsame arbeidsplassar Ålvik vekst i Ålvik. Det skal vera tre større industriverksemder med eit internasjonalt marknad. Verksemdene skal ha eit differensiert konjunkturbilete, vera moderne, framtidsretta og miljøvenlege. Ålvik vekst

Innhald side 3 1.0 Innleiing side 4 2.0 Aktivitetar 2009 side 4 Tilflytting av større industriell verksemd til Ålvik side 4 Etablering av mindre verksemd til Ålvik side 5 Støtte til eksisterande verksemd til Ålvik side 5 Etablering av industriareal i Ålvik side 6 Utvikling av bu- og arbeidsstaden Ålvik side 6 SMB-Utvikling i Kvam side 6 Søken etter gode prosjektidear side 7 3.0 Organisering side 7 Eigarar og styret side 7 Administrasjon side 8 Drift omstillingsarbeidet side 8 Samhandling med andre side 9 4.0 Økonomi side 10 5.0 Andre forhold Side 11 6.0 Driftsrekneskap inntektsåret 2009 Side 12 7.0 Balanserekneskap Side 13 8.0 Notar til årsrekneskap Side 14 9.0 Status aktive og avslutta prosjekt Side 15 10.0 Revisjonsmelding 2

1.0 Innleiing I 1976 var det 579 tilsette ved Bjølvefossen, og Ålvik hadde meir enn 1400 innbyggjarar. Fram til 2000 hadde Bjølvefossen gjennom omstillingar og meir spesialisert produksjon redusert talet på tilsette til ca 200. I 2001 slutta ein å produsere standard ferrosilisium og reduserte tilsette til ca 160. Innbyggartalet var då nærare halvert til 745. Fredag 13. oktober 2006 vedtok styret i Elkem å flytta ferrosilisiummanganproduksjonen til Island. Dette ville medføre eit tap på ca 160 arbeidsplassar. Samstundes vedtok dei å setja i gang eit prosjekt som kunne resultere i 40 65 arbeidsplassar (SPL-prosjektet). Vedtaket medførte at Kvam herad etablerte Ålvik vekst Kvam KF som starta sitt virke i mars 2007. I løpet av 2007 gjekkk folketalet i Ålvik ned til 649. Overføring av produksjon til Island vart sterkt forseinka samstundes som prisane på verdsmarknaden var særs gode. Elkem Bjølvefossen produserte for fullt og hadde hausten 2008 nærare 180 personar i arbeid. Krisa kom difor ikkje før finanskrisa sette inn. 2009 har vore eit turbulent år i Ålvik med permitteringar og oppseiingar. Arbeidsdelinga mellom Elkem Bjølvefossen og Ålvik vekst har vore klar: Elkem tek seg av alle prosjekt som høyrer inn under Elkem og Ålvik vekst skal søke etter alternativ verksemd for etablering i Ålvik. Ålvik vekst har arbeidd med næringsutvikling i Ålvik sida mars 2007. I løpet av denne tida har ein vurdert ei rekkje prosjektmoglegheiter og arbeidd med mange oppgåver. 3

2.0 Aktivitetar 2009 Tilflytting av større industriell verksemd til Ålvik Arbeidet var kome godt i gang då finanskrisa kom og ein var i gong med å starte søk etter industriell investor på eit større prosjekt. Dette arbeidet vart stogga, og er enno ikkje tatt opp att. Eit anna større prosjekt vart stogga/satt på vent av eigarane, men dette kan vere aktuelt i 2011/2012. Ein konklusjon var at eksisterande industriareal ikkje vart stort nok for større industriell verksemd som også kravde areal for seinare ekspansjon. Arbeidet med auka areal vart difor prioritert i 2009, sjå under. Etablering av mindre verksemd til Ålvik Sanninga om at ting tar tid har vist seg for fullt. Det har vore arbeidd med fleire moglegheiter for å etablere ei ny verksemd i Ålvik. Etablering av brannslukkemiddelverksemda vart noko uventa stogga av eigar. Her hadde Ålvik vekst arbeidd fram ein avtale mellom verksemda og Statkraft for å sikra vatn til produksjon og det var inngått intensjonsavtale med Elkem Bjølvefossen om etableringsstad og leveranse av tenester. Avtale er under utvikling med Hardangerfjord Water AS om produksjon av drikkevatn basert på vatn frå ei kjelde i Vikedal. Dette arbeidet er kome så langt at ein vil nytta tida fram til våren 2011 med sal og marknadsarbeid for så å etablere seg i Ålvik sumaren 2011. Avtale om vasskjelda er gjort med eigar og det forhandlast om lokaliseringsstad (6 12 tilsette) Ein har og under behandling: ei eigargruppe som vil etablere ei gjødselverksemd i Ålvik (3 4 tilsette) ein eigar som vil etablere ei mindre verksemd basert på trevirke (2 4 tilsette) For begge disse arbeidast det no med forretningsplanar. Det arbeidast også med ei rekkje prosjektidear som må utgreiast nærare. I tillegg støttar Ålvik vekst opp under den kulturbaserte næringsverksemda som har sitt utgangspunkt i Messa. 4

Støtte til eksisterande verksemd til Ålvik Ålvik vekst har i 2009 støtta ei konkret verksemd i Ålvik som i dag har 3 tilsette. I tillegg satsar Ålvik vekst på å byggja opp kompetanseverksemd i Ålvik. I den samanhang har ein engasjert ei verksemd i utvikling av eit nytt web-basert informasjonssystem. I samarbeid med Messa er det under etablering ei verksemd som treng breiband. Det er sett i verk tiltak for å realisere dette. Det er gjennomført ein analyse av kva verksemder som er etablert i Ålvik utanom Elkem Bjølvefossen. Ein har registrert nærare 30 ulike verksemder som i sum omfattar mellom 25 30 årsverk. Det har vore eit felles møte med desse samstundes som ein no er i gang med individuelle intervju for å få fram behov og tankar om vidare vekst. Dette vil vere eit prioritert område i 2010. Etablering av industriareal i Ålvik Skal ein etablera større verksemd i Ålvik må ein ha tilfredsstillande areal med tilgang til naudsynt infrastruktur i form av transportvegar, energi, vatn, arbeidskraft og fellestenester som logistikk, laboratorietenester, mekanikk/elektronikk, osb. Det arealet Elkem har frigitt, er ikkje lokalisert slik at det tilfredsstiller ei større etablering. Kåskjær er difor einaste løysing dersom ein skal ha større industriell verksemd i Ålvik utanom Elkem Bjølvefossen. Ålvik vekst har sett i gang eit større arbeid med å sjekke ut botntilhøve rundt Kåskjær og moglegheit for vidare utfylling av arealet. Dette er mogleg vestover, men ikkje sørover. Basert på dette er det no under arbeid ein reguleringsplan som skal sikre at det vil vere tilstrekkeleg areal. Før ei endeleg godkjenning kan ikkje Ålvik vekst arbeide vidare med å trekkje større industriell verksemd til Ålvik. I tillegg til Kåskjær vil også den gamle kraftstasjonen og arealet rundt vere eit viktig element i samordninga av verksemder i Ålvik. Korridoren mellom Kåskjær og eksisterande industriareal med tilgang til lagringsplass og djupvasskai kan verta ein kritisk faktor. 5

Utvikling av bu- og arbeidsstaden Ålvik Ålvik er ein særs interessant stad med ei 100 årig industrihistorie. Det vil framleis vere trong for nye bustader og nye tenester. Ålvik vekst støttar difor opp under etablering av nye bustader i coop-bygget moglegheit for eldrebustader presentasjon av interessante bustadtomter regulering av sentrum (Torget) etablering av kafédrift etablering av drivstoffpumpe utvikling av stoppar for turistar på Torget Ålvik vekst har også teke tak i behovet for breiband til alle i Ålvik generelt, men i særskilt grad til dei verksemder som nyttar breiband i sin verksemd. Omdømebygging og rekruttering er eit spesifikt område som var ein av SIVAidéane (sjå under). Her er det under etablering eit internett-basert system som skal forsterke dette. Arbeidet skjer lokalt samstundes som det vert lagt stor vekt på lokal kompetanseutvikling. Drifta vil starte hausten 2010. SMB-Utvikling i Kvam Ålvik vekst har i nært samarbeid med næringssjefen i Kvam sett i verk programmet SMB-Utvikling. Programmet er utvikla av Innovasjon Norge og gjeld utvikling av potensialet til små og mellomstore verksemder. Meir enn 50 verksemder vart spurt om å delta. 19 har deltatt i forstudien. Av desse er 8 vidare med forprosjekt i samarbeid med 7 andre. I tillegg er det etablert eit hovudprosjekt. Søken etter gode prosjektidear Sidan 2007 har Ålvik vekst handsama meir enn 80 prosjektidear. I haust har SIVA i eit seminar for nærare 100 deltakarar tatt for seg Ålvik, og i ei idéutvikling framsett meir enn 1 000 idear som så har vorte prioritert ned til 13 for vidareføring. Ålvik vekst har 7 av disse under vidare handsaming. 6

3.0 Organisering Eigarar og styret Ålvik vekst Kvam KF er eit kommunalt føretak eigd av Kvam herad. Styret har i 2009 bestått av fylgjande personar: Jon Klyve Styreleiar Statoil Tove Pedersen Berge Nestleiar Umoe Consulting AS Grete Rusten Medlem Institutt for geografi, Universitetet i Bergen Merethe Gauden Medlem Kvam heradstyre Harald Inge Anderssen Medlem Rådmann, Kvam herad Bjørn Helge Bergesen Medlem Teknisk sjef, Elkem Bjølvefossen Observatørar: Astrid Farestveit Selsvold, Ordførar Kvam herad Hilde Indresøvde, Hordaland fylkeskommune Rolf Middelthon-Moe, Innovasjon Norge Jan Iver Rødland, Granvin herad Styret har i 2009 gjennomført 7 styremøte og 2 telefonstyremøte og behandla 71 saker. Administrasjon Roald A Johansen er engasjert som dagleg leiar basert på 50% stilling. I januar/ april 2009 var Reidun Braut Kjosås utlånt frå Kvam herad som prosjektleiar i 50% stilling, medan Øystein Ådland vart utlånt i 80% stilling frå 1. mai 2009. Post, arkivog rekneskapstenester vert kjøpt av Kvam herad. 7

Drift omstillingsarbeidet Drifta i 2009 har vore retta mot å bidra til å skapa dei første arbeidsplassane i Ålvik. For ordens skuld er det viktig å understreke at Ålvik vekst Kvam KF skal ikkje etablera arbeidsplassar, men bidra til at arbeidsplassar vert etablert. I 2009 har Ålvik vekst løyvd nær 2,8 millionar til prosjektutvikling. I tillegg til eksterne ressursar har ein nytta eigne ressursar i prosjektvurderingar. Spesielt har dagleg leiar, prosjektleiar, styreleiar, nestleiar og styremedlem frå Elkem vore trekt inn i arbeidet med konkrete enkeltprosjekt. I prosjektutviklinga generelt har heile styret og observatørar vore proaktivt både i og utan for styremøta og gjennom sin kompetanse medverka til idéinnsamling, nettverksknyting og prosjektvurdering. Ålvik vekst vert fakturert månadleg for leige av dagleg leiar i samsvar med ført timeliste med oppdeling mellom utviklingsoppgåver/ prosjektoppgåver og administrative oppgåver. 49% av timane i 2009 har vorte utvikling/ prosjektoppgåver (ca 344.000,-) og 51% (ca 365.000,-) administrative oppgåver. Heradet har fakturert Ålvik vekst med til saman 504.000,- for utleige av Reidun Kjosås og Øystein Ådland. Eit estimat er at ca 30% av dette er utviklings/ prosjektarbeid medan resten er administrativt arbeid. Samhandling med andre Det er viktig at Ålvik vekst samhandlar med andre aktørar. Dei viktigaste i 2009 har vore: - Kvam herad: dette er vår eigar. Det er eit tett og godt samarbeid med næringsavdelinga. - Kvam næringsråd for utveksling av idear og prioritering av tiltak. - Lokalt næringsliv gjennom arbeidet med SMB-programmet. - Ålvikutvalet og Kvam heradstyre: Det er viktig med god kontakt og at heradet visar forutsigbarheit og avgjerdseffektivitet. - Elkem. Det er eit særleg godt samarbeid i presentasjon og samordning av fristilt område. Det vert halde jamlege møter for gjensidig informasjon. - Statkraft. Det er viktig for Ålvik vekst å ha eit godt samarbeid med Statkraft både når det gjeld disponering og fristilling av areal og tilbod om kraft og vatn. - Tiltakskomiteen for Ålvik for å sikra lokal forankring. - Lokale kompetansemiljø - Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge - Kompetanseverksemder som CMR, Idevekst AS, Hartmark Consulting AS, Høgskolen i Bergen, Universitetet i Bergen, Playground AS, m.fl. 8

4.0 Økonomi Resultatet for 2009 er som fylgjer (NOK 1.000): Tilskot, momsrefusjon, renter 3.903 Styrehonorar 327 Kontor, reiser og utstyr 484 Prosjektkostnad 832 Honorar dagleg leiar 720 Kjøp av tenester Kvam herad 595 Diverse 24 Meirverdiavgift 353 3.334 Års/driftsresultat 569 Konto for prosjektkostnad omfattar berre det utbetalte tilskot til prosjekt. Tek ein med det som er forplikta, men ikkje utbetalt, må summen aukast med 1,868 millionar kroner. Det reelle resultat er soleis eit meirforbruk (underskot) på 1,3 millionar kroner. Dette vert belasta disposisjonsfondet som etter dette vil vere på 2,2 millionar kroner. 9

5.0 Andre forhold Ålvik vekst Kvam KF si verksemd ureinar ikkje det ytre miljø. Styresamansetjinga viser ei lik fordeling mellom menn og kvinner. Verksemda har ikkje eigne tilsette, men leiger ressursar frå private verksemder og Kvam herad. 2009 har vore eit år som har kravd store ressursar utan at ein har oppnådd dei måla ein har sett seg. Samstundes er det naudsynt med vidare verksemd for å vidareføre prosjekta for å kunne bevare Ålvik som ein stad med gode bu- og arbeidsforhold. Styret har gjennom ein strategiprosess revidert sin plan på korleis ein skal oppnå dette. Kvam, 17. mars 2010 10

6.0 Driftsrekneskap inntekståret 2009 Notar 2009 2008 Inntekter Refusjoner (inntekter) Refusjon pål.moms drift 352 808,98 483 551,05 Sum refusjoner 352 808,98 483 551,05 Tilskot Offentleg tilskot/hdl.fylke 2 500 000,00 3 500 000,00 Innovasjon Norge - 245 000,00 Offentleg tilskot/kvam herad 1 000 000,00 1 000 000,00 Sum tilskot 3 500 000,00 4 745 000,00 Finansinntekter Renter bankinnskot 50 193,00 48 554,00 Sum finansinntekter 50 193,00 48 554,00 SUM DRIFTSINNTEKTER 3 903 001,98 5 277 105,05 Driftsutgifter Løn Styrehonorar 296 000,00 293 000,00 Arbeidsgj.avgift og sosiale kostnader 31 219,00 31 694,00 Sum lønskostnader 327 219,00 324 694,00 Varer og tenester Kontor, reiser og utstyr 484 111,87 548 487,80 Prosjektkostnader Note 4 831 624,40 1 137 761,55 Honorar dagleg leiar 719 899,80 748 770,40 Kvam herad - prosjektleiing og rekneskap 594 592,14 247 200,52 Øvrige honorar 23 844,00 66 217,60 Sum varer og tenester 2 654 072,21 2 748 437,87 Refusjoner (utgifter) Refusjon pål.moms drift 352 808,98 483 551,05 Sum refusjoner 352 808,98 483 551,05 Finansutgifter Rentekostnad bank 163,06 867,40 Sum finansutgifter 163,06 867,40 SUM DRIFTSUTGIFTER 3 334 263,25 3 557 550,32 ÅRS/DRIFTSRESULTAT (mindreforbruk) 568 738,73 1 719 554,73 Avsetningar Avsett til disposisjonsfond Note 1 568 738,73 1 719 554,73 Sum avsetningar 568 738,73 1 719 554,73 11

7.0 Balanserekneskap 12.31.2009 12.31.2008 Omløpsmidlar Til gode moms-kompensasjon 131 374,88 299 548,55 Forskotsbetalte kostnader Note 2 39 904,32 66 386,00 Bankinnskudd Note 3 4 404 331,64 2 987 940,83 Sum omløpsmidlar 4 575 610,84 3 353 875,38 SUM EIGA 4 575 610,84 3 353 875,38 Eigenkapital Disposisjonsfond Note 1 3 507 143,05 2 938 404,32 Sum eigenkapital 3 507 143,05 2 938 404,32 Kortsiktig gjeld Skuldig offentlege avgifter 131 306,00 168 194,00 Anna kortsiktig gjeld 9 431,75 12 761,25 Leverandørgjeld 156 819,75 72 038,63 Påløpne, ikkje betalte kostnader 770 910,29 162 477,18 Sum kortsiktig gjeld 1 068 467,79 415 471,06 SUM EIGENKAPITAL OG GJELD 4 575 610,84 3 353 875,38 12

8.0 Notar til årsrekneskap perioden 01/01-31/12-2009 Innleiing Selskapet vart skipa 06/02-2007 og er eit kommunalt føretak med forretningskontor i Kvam herad. Selskapet arbeider med næringsmessig nyskapning- og omstilling og skal sikra, utvikla og skapa arbeidsplassar og trivsel i Kvam herad - i samarbeid med næringsliv, kommune, region og innbyggjarar. Rekneskapen er utarbeidd under føresetnaden fortsatt drift. Kommunale standarder er lagt til grunn. Selskapet har ikkje erverv til føremål. Selskapet er ikkje skattepliktig jf. skattelova 2-30, 1.ledd bokstav c og 2-5. Selskapet har ingen tilsett og leiger tenester hjå private og Kvam herad til å driva selskapet. Note 1 - disponering av årsresultat (mindreforbruk) Tidlegare års avsetning til disposisjonsfond 2 938 404,32 Avsett til disposisjonsfond 568 738,73 Sum avsetningar 3 507 143,05 Note 2 - forskotsbetalte kostnader Depositum 20 000,00 Datamaskin vidarefakturert IFO i 2010 10 518,40 Forskotsbetalt leasing SU51457 9 385,92 Sum forskotsbetalte kostnader 39 904,32 Note 3 - Bankinnskot Bundne bankinnskot (skattetrekkskonto) 104 987,00 Bankinnskudd (driftskonto) 4 299 344,64 Sum bankinnskot 4 404 331,64 13

9.0 Status aktive og avslutta prosjekt Note 4-2009 Totale løyvingar fordelt på år Tekst Rekneskap 2009 Løyvingar 2009 Løyvingar 2010 Løyvingar 2011 Løyvingar 2012 Totale løyvingar Rest løyvingar P00001 Kåskjær 224 621,60 650 000,00 0,00 0,00 0,00 650 000,00 425 378,40 P00039 Flaskevatn 25 000,00 112 000,00 0,00 0,00 0,00 112 000,00 87 000,00 P00049 Klimasporing 110 205,60 60 000,00 0,00 0,00 0,00 60 000,00-50 205,60 P00051 SMB-utvikling - forprosjekt 205 842,00 1 090 200,00 0,00 0,00 0,00 1 090 200,00 884 358,00 P00052 Grindaverk 0,00 93 250,00 0,00 0,00 0,00 93 250,00 93 250,00 P00054 Sponproduksjon 0,00 30 000,00 0,00 0,00 0,00 30 000,00 30 000,00 P00059 Torget Ålvik AS 0,00 300 000,00 0,00 0,00 0,00 300 000,00 300 000,00 P00060 Agromarin 6 900,00 10 000,00 0,00 0,00 0,00 10 000,00 3 100,00 P00063 www.alvikingar-kom-hem.no 0,00 95 000,00 0,00 0,00 0,00 95 000,00 95 000,00 Sum aktive prosjekt 572 569,20 2 440 450,00 0,00 0,00 0,00 2 440 450,00 1 867 880,80 P00047 Reiselivsmoglegheiter i Ålvik 49 889,60 50 000,00 0,00 0,00 0,00 50 000,00 110,40 P00050 SMB-utvikling 2009 - forstudie 209 165,60 210 000,00 0,00 0,00 0,00 210 000,00 834,40 Sum avslutta prosjekt 259 055,20 260 000,00 0,00 0,00 0,00 260 000,00 944,80 Sum aktive prosjekt 831 624,40 2 700 450,00 0,00 0,00 0,00 2 700 450,00 1 868 825,60 14

10.0 Revisjonsmelding 15

Ålvik Vekst KF, Kvam rådhus, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund T: 56 55 30 00 F: 56 55 30 01 E: post@alvikvekst.no Foretaksnr.: 991 090 673 www.alvikvekst.no Formgjeving: riss-as.no Trykk: oystese-trykkeri.no