Årsmelding frå tenesteeiningane 2010.



Like dokumenter
Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Tertialrapport 2 tertial 2015

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Oversyn over økonomiplanperioden

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Kommunedelplan for oppvekst

Framlegg til planprogram

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Resept for eit sunnare FørdeF

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Budsjett 2012, økonomiplan

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Sandeid skule SFO Årsplan

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger B Liadal Arkivsak: 2016/40 Løpenr.: 242/2016

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

DEN GRØNE TRÅDEN TIDLEG INNSATS

Budsjett 2018, økonomiplan , vedlegg til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag av Rådmannen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Politisk program for Jølster KrF

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Frå visjon til realitet November 2012

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Til deg som bur i fosterheim år

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Årsmelding 2012 løn og personalavdelinga

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Team Hareid Trygg Heime

MØTEPROTOKOLL. Utval for plan og utvikling. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Transkript:

VIK KOMMUNE Årsmelding frå tenesteeiningane 2010. Tenestetorget s. 2 Oppvekst s. 4 Pleie- og omsorg s. 9 Helseavdelinga s. 19 Plan og forvaltningsavdelinga s. 20 NAV-kontoret s. 30 Kommunalteknisk avdeling s. 33 Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 1

TENESTETORGET Faktaopplysningar om avdelinga: Tenestetorget er Vik kommune sitt andlet utad, og vi er opptekne av at vi skal gi gode tenester ut til publikum og overfor alle tilsette i Vik kommune både til indre og ytre einingar. Personalressursar: Anne Guri Schrøder 100% leiar i tenestetorget Åse Berit Balvoll 100% konsulent i tenestetorget frå 01.03.10 Hilde-Gunn Hellen - 80% konsulent i tenestetorget (permisjon i 20%) Bjørnhild Berge 100% konsulent i tenestetorget Camilla N. Røyrvik 80% arkivleiar (permisjon i 20%) Britt Fosse 100% sekretær i arkivet (40% i tida medio februar medio august) Dette gir totalt 5.6 årsverk. Viktige hendingar: CNR starta opp att 1.januar etter å ha vore ute i morspermisjon heile 2009. Også i 2010 har sentralbordet vore dekt opp mellom alle i tenestetorget og GT og WH frå kommunekassen og JO frå plan-og forvaltning. Slik vil det nok sjå ut i tida framover også. Ny kaipark og riving av stallane dette førte til at mykje av arkivet forsvann. Medførte ein del ekstraarbeid med å tømme og flytte arkivmaterialet som var oppbevart der. Ny portal og publiseringsløysing internettsida vart opna 09.11.10. Kommunen fekk 5 stjerner frå Difi. ASH slutta i Vik kommune 28.02.10, og vi fekk ny sekretær på arkivet (BF i 40% frå medio februar medio august) fast 100% frå medio august ÅBB gjekk opp frå 70% til 100% stilling frå 01.03.10 Igangsetjing av arbeidet med elektronisk arkivplan (på slutten av året) Det vart gjennomført medarbeidarsamtalar med dei tilsette i tenestetorget Innføring av nye rutinar for bruk av administrasjonsbilen Dør-til-dør-tenesta vart overført til tenestetorget frå NAV frå 01.01.2010 Førebels svar for sakshandsamarane på kommunehuset vart overteke frå 01.02.2010. Men dette er ikkje vorte nokon suksess, anten det skuldast konsulentane eller sakshandsamarane. Tenestetorget utfører oppgåver for Skatteetaten dette er eit arbeid som berre aukar på. Gjeld serleg søknad om skattekort for utlendingar som er i sommarjobb (bærplukking m.a.). Totalt er det nok fleire hundre i løpet av året i høgsesongen er det ofte lange køar for å få skattekort. Registrering av cruiseskipanløp tenestetorget overtok dette i 2010. Utsending av kommunale avgifter sendast ut 2 gonger årleg her er det viktig at vedlikehaldet blir gjennomført heile året gjennom. Kommunen har gått over til elektronisk registrering av massepost. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 2

Telefonkatalogar her har det vore eit mål å gå gjennom alle avtalar/kontraktar kommunen har inngått med Telefonkatalogen, Eniro, Norges Kommunekalender m.m. Kostra-rapportering blir utført av tenestetorget. Planar som ikkje er gjennomført: Rehabilitering av 1. høgda i kommunehuset - det må skje noko i 2011 kommunen har frist på seg til 01.01.2012 med å få eit godkjent arkiv. Tiltak og gjennomføring: Økonomi: Då arkivet vart fjerna, måtte arkivmaterialet flyttast. Noko vart flytta til lokalhistorisk arkiv (mykje av det var gamle møtebøker) og gnr/bnr-arkivet vart sett opp i 2. etasje v/nødutgangen. Ny portal- og publiseringsløysing i den mest hektiske perioden i arbeidet med dette, vart konsulentane frigjort frå sentralbordtenesta. IKT-leiar var til stor hjelp, og det er nok takka vere han vi kunne opna sida så tidleg som i nov.-10. Tenestetorget gjekk i balanse trass i nytilstjing i 100% stilling frå medio august. Spesielle utfordringar for 2011 og vidare: Den største utfordringa for tenestetorget,også i 2011, vil bli å få kvardagen til å gå i hop. Tenestetorget held fram med å dekke sentralbordtenesta i 2011, slik vil det nok også bli i åra framover. CNR har 100% stilling, men går også i 2011 i 80% p.g.a. små barn. Det same gjeld for HGH, har 100% stilling, men går i redusert stilling (80%) pga små barn. I tillegg har ÅBB sagt opp 30% av stillinga si frå 01.03.11. Ønskjet vårt blir då å få tilsett ein ny person i 50% stilling i tenestetorget. Leiar i tenestetorget går ut i AFP frå 01.11.2011, og det blir ei utfordring korleis arbeidsoppgåvene skal fordelast. Rådmannen vil ha eit fellesmøte med alle i tenestetorget og drøfta dette. Hovudopptak til barnehage og SFO skal gjennomførast i løpet av mars/april dette er det ein god del jobb med, og er eit samarbeid med oppvekstsjefen, rektorane på skulane og styrarane i barnehagane dette er noko som går att kvart år. Tenestetorget har sekretærfunksjon og sender ut førebels svar og tilbod til alle søkjarane etter hovud-/suppleringsopptaka. Det blir også ei utfordring å bli ferdig med ominnreiing m.m. i 1. høgda og særleg i tenestetorget, slik at det blir orden på arkivsituasjonen vår. Intranettet blir opna 22. februar i 2011 avdelingane må vere flinke å passe på, slik at det vert oppdatert tenestetorget tek arbeidet med dette etter innspel frå avdelingane. Det må vere eit mål å få 6 stjerner i Difi i 2011 for den nye heimesida til kommunen.. Hausten 2011 skal det vere kommune-/fylkestingsval. Arbeid med dette er allereie i gang, og leiar i tenestetorget har ansvaret for gjennomføring av valet i lag med økomonileiar Kurt Arne. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 3

OPPVEKST Oppvekstsektoren femner om mange budsjettansvar / avdelingar. I 2010 var dette oppbygginga: Bud.ansv. Namn Funksjon Stillingsheimlar pr. 31.12.2010 Leiar 200 Oppvekst Adm. Leiing + IKT John Ole Vange 1,5 oppvekst 205 PPT PPT- Sogndalsregionen 206 Vaksenopplæring Tilpassa opplæring til Gerd vaksne etter 5-2 i 1,5 Lillesvangstu opplæringslova 208 Barnevern 2,7 Gunn Randi 209 Barne- og ungdomsarbeid Førebyggjande arbeid barn og unge Folkehelsekoordinator 211 Flatbygdi skule Grunnskule 1. 10. Steg SFO 212 Valsvik oppvekstsenter 213 Vangsnes oppvekstsenter 215 Feios oppvekstsenter Grunnskule 1. 7. Steg Barnehage Grunnskule 1. 4. Steg SFO Barnehage Grunnskule 1. 10. Steg SFO Barnehage 216 Fresvik oppvekstsenter Grunnskule 1. 7. Steg Barnehage 220 Vik bibliotek Bibliotektenestene i Vik kommune 225 Vik lokalhistoriske arkiv 1,2 Skule + sfo 27 + 1 Skule + bh 3,75 + 2,3 Skule + sfo+bh 3,8+0,7+3,5 Skule + sfo/bh 9,2+0,3+2 Skule + bh 3,25+0,8 1,37 0,2 Bjørnevoll Britt Marit Stadheim Ole Jørgen Øygarden Anne Gro Stadheim Jon Sunde Werner Madsgård Jarle Christensen Mona Svendsen Arne Inge Sæbø 270 Vik barnehage Barnehage 20,25 Aud Bell Hove 280 Vik kulturskule Kulturskule Odd Roger 3,7 Idrettskule Haugen Sektoren kjem samla ut med eit positivt resultat i forhold til budsjett med godt 1,2 mill. Alle avdelingar har gjennom året hatt sterkt fokus på kostnadssida. Hovudgrunn til positivt resultat er innsparing på løn og auke på nokre inntektspostar (auke i tilskot / tilskotssatsar). Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 4

200 Oppvekst I 2010 har barnehage og skule fått hovudmerksemda. Emner som har hatt mykje fokus: a) Fylgje opp og koma eit steg vidare med forsvarleg system opplæringslova 13 10 Dette arbeidet pågår kontinuerleg og skal i løpet av 2011 innarbeidast som del av felles kvalitetssystem for kommunen. b) Samkøyre planar og skriv for skular og barnehagar der det let seg gjere Ein del av dette arbeidet er del av punktet over. Dette arbeidet er også ein kontinurleg prosess. c) Syte for at nytt administrativt system vert teke i bruk i skulane SATS vart teke i bruk våren 2010. Nye funksjonar / modular skal vurderast i 2011. d) Jobbe for at ein innhaldsmessig skal ha: i. Ein barnehage i Vik kommune ii. Ein grunnskule i Vik kommune e) Tilrettelegging for tilsyn av barnehage / skule frå skuleeigar (politikarar) Våren 2010 vart tilstandsrapporten for grunnskulen i Vik kommune handsama i kommunestyret. Hausten 2010 hadde kommunestyret tilsyn med barnehagar / skular med påfylgjande oppsummering / temadag i kommunestyret. f) Tidleg innsats Prosjekt / utprøving av ny metode for lese- og skriveoplæring 205 PPT Sogn og Fjordane fylkeskommune har etablert ei teneste / eit kontor som kommunane Sogndal, Leikanger og Vik kjøper tenester hjå. På denne måten oppnår ein eit større fagmiljø, samt at same kontor kan fylgje eleven over i vidaregåande skule. 206 Vaksenopplæring Denne eininga jobbar kun med opplæring av vaksne etter opplæringslova 4A-2. Det har i 2010 vore 8 brukarar. Opplæringa er samlokalisert med ASVO, men ein del læring / trening føregår også i nærmiljøet og heimen til brukarane. Tenesta vart redusert frå vel 200% stilling til 150% stilling ved oppstart av skuleåret 2010-2011. 208 og 209 Barnevern, barne- og ungdomsarbeid BUF jobbar både innan førebygging og hjelpetiltak. Av viktige oppgåver innan førebygging kan ein nemne: Leksegruppe 5. 10. klasse ved Flatbygdi (ca 15 elevar), arrangør av ulike kursaktivitetar (for eksempel slalåmkurs, klatrekurs og fotballskule), frikort i skitrekket for nokre barn / unge og liknande. Barne- og ungdomsarbeid vert retta mot førebyggjande tiltak innan fleire områder. Dette kan vera kriminalitetsførebygging, rusførebygging og trivselstiltak. Her ligg ansvaret for drift av Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 5

ungdomsklubben, prosjektet Ungdom, Identitet og Trivsel, politirådet og sekretariat for ungdommens kommunestyre. Hausten 2010 flytta ungdomsklubben opp på Flatbygdi skule. I samarbeid med FAU ved Flatbygdi skule har ein tilrettelagt med mange aktivitetar og eit opplegg der det skal vera fleire vaksne tilstades. Frå august 2010 har ein hatt ei vakant stilling innan dette arbeidsfeltet. Ein har i perioden skyvt på arbeidsoppgåver slik at ein har dekka opp i forhold til barnevern. Denne vakansen saman med bortfall av nokre kostnadskrevjande tiltak resulterte i eit positivt økonomisk resultat for avdelinga. Avdelinga har eit godt tverrfagleg samarbeid med bl.a. barnehagar, skular, PPT, BUP og helse. Mot slutten av 2010 har ein fått ei auke i tal meldingar. 211 216 og 270 Grunnskule, SFO og barnehage I kommunen er det barnehagar og skular i alle bygdelaga. I fire av bygdene er barnehage og skule samlokalisert i oppvekstsenter. Det har vore eit overordna mål å jobbe mot at innhaldet i barnehagane og skulane skal vera det sama uavhengig av bygdelag. Tre av oppvekstsentra har vore med i prosjektet Frå ord til handling i regi av kunnskapsdepartementet. Dette prosjektet vart avslutta i 2010 med stor avslutningskonferanse i Fresvik. I 2010 fekk ein kravet om tilbod om gratis leksehjelp for elevar på 1. 4. steget (2 timar pr. veke). I tillegg vart det lagt ein veketime ekstra på barnesteget. For Vik kommune vert denne timen nytta til engelsk Alle skulane jobbar aktivt med metoden Skrive seg Til Lesing (STL) som del av lese- og skriveopplæringa for dei fyrste årsstega i skulen. Tilbakemeldingane så langt er at metoden gjev gode resultat. Vik barnehage og barnehagen ved Vangsnes oppvekstsenter har i løpet av 2010 vorte fylte opp, og går i dag med fulle avdelingar. Dersom søkjartala for 2011 fortset denne tendensen så får ein kapasitetsproblem ved desse barnehagane. Ulike løysingar må då vurderast. 211 Flatbygdi skule m/ SFO Flatbygdi skule hadde i 2010 ca 240 elevar. På SFO har det vore mellom 20 og 30 elevar gjennom året. Vurdering har vore sentralt tema gjennom året. 01.08.2010 fekk skulen ny rektor Ole Jørgen Øygarden. 212 Valsvik oppvekstsenter I skulen ved oppvekstsenteret er det 14 barn fordelt på stega 1 7. I barnehagen er det 8 barn. Oppvekstsenteret driv aktivt med uteskule. 01.08.2010 fekk skulen ny rektor Anne Gro Stadheim. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 6

213 Vangsnes oppvekstsenter I skulen ved oppvekstsenteret er det 20 barn fordelt på stega 1 4. I barnehagen er det 15 barn. I SFO har oppvekstsenteret 19 barn. Deler av SFO vert organisert saman med barnehagen. Avdelingsleiar i barnehagen tok i desember til på leiarutdanning i regi av Sats på skulen - snu Sogn. 215 Feios oppvekstsenter I skulen ved oppvekstsenteret er det 45 barn fordelt på stega 1 10. I barnehagen er det 7 barn. I august 2010 vart ungdomssteget frå Fresvik og Feios samlokaliserast ved Feios oppvekstsenter. Det har vorte jobba med å få denne samanslåinga til å fungere best muleg. I fylgje rektor ved oppvekstsenteret har dette fungert godt. Organiseringa i skuleåret 2010-2011 har vore meir kosteffektiv enn berekna (både skule og barnehage / SFO). Dette har gitt eit positivt resultat i forhold til budsjett. 216 Fresvik oppvekstsenter I skulen ved oppvekstsenteret er det 13 barn fordelt på stega 1 7. I barnehagen er det 3 barn. Det har vorte jobba med å få skulen til å fungera godt som ein 1 7 skule. Miljøet for både elevar og tilsette har vorte mindre sidan samanslåing av ungdomsstega i Fresvik og Feios frå hausten 2010. Ein vil i 2011 arbeida aktivt for eit meir utstrakt samarbeid mellom dei tilsette ved oppvekstsentra i Feios og Fresvik. Ein har hausten 2010 hatt kun 3 barn i barnehagen. Slik det ser ut for 2011 vil det også for dette året kun vere 3 barn i barnehagen. Vidare drift må i så fall handsamast politisk (jamfør vedtekter for barnehagane). 220 Vik bibliotek Det er bibliotek i alle dei fem bygdelaga i kommunen. Biblioteket i Arnafjord har ikkje hatt ressursar i form av personell i 2010. I 2010 har ein jobba med å digitalisert bokstamma vår for utlån. Avdelinga ved Vik fengsel er heller ikkje i 2010 heilt på plass. Ein ventar på at permanente lokaler skal klargjerast. Statistikk for utlån skal rapporterast på eit seinare tidspunkt. Tala er ikkje klar enno. 225 Vik lokalhistoriske arkiv Gjennom året har det vore ein del førespurnader frå privatpersonar, lag og organisasjonar. Førespurnadane kan vera i forhold til slekter, spesielle hendingar eller konkrete saker. 270 Vik barnehage Barnehagen har 7 avdelingar der det til ved utløpet av 2010 gjekk 100 barn. Alle avdelingsleiarar har førskulelærarutdanning. Ein ynskjer å auke delen av fagarbeidar blant assistentane. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 7

Fyllingsgraden i alle avdelingar er 100%, noko som gjer det umuleg å få plass utanom hovudopptak. Dette gjer også at barnehagen vert driven svært kostnadseffektivt. Ut frå auken i tal barn gav barnehagen eit positivt resultat i forhold til budsjett. Styrar og ein av avdelingsleiarane tok i desember til på leiarutdanninga i regi av Sats på skulen - snu Sogn. 280 Vik kulturskule Kulturskulen gir tilbod innan både kultur og idrett. Det vert undervist i korps, drill, dans, drama, idrett og generell musikkopplæring. 6 kor og korps har motteke tenester frå kulturskulen i 2010. Opplæringa har vore retta mot 128 elevar 17 under gr.skulealder, 100 i gr.skulealder og 11 vaksne. I tillegg til desse elevane kjem korps- og kormedlemmar. Kulturskulen har samarbeid med Flatbygdi skule i form av undervisning på ungdomssteget (Positivt skulemiljø). I 2010 starta kulturskulen og Fresvik oppvekstsenter eit samarbeid om større felles prosjekt som munnar ut i ein musikal som skal framførast våren 2011. Ein vil i 2011 jobbe med eit tettare samarbeid med skulane. Ein skal sjå om ein kan få korpsopplæring inn i skulen / musikkundervisninga. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 8

PLEIE OG OMSORG Innhald: Faktaopplysningar om avdelinga oppgåver/leiar m.m. Viktige hendingar Tiltak og gjennomføring Økonomi / resultatvurdering (forklara evt. store avvik / vurdera ressurstilgangen). Spesielle utfordringar for 2011 og vidare. Målformuleringar - førebels (viktig arbeid som me må køyra interne prosessar på, og som må involvera alle i kvar avdeling) Overordna mål for helse- og sosialsektoren: Sektoren skal bidra til å skapa tryggleik for innbyggjarane, fremja helse og trivsel og yta behandling, hjelp og støtte. Innbyggjarane skal sikrast tenester av god kvalitet. Tenestene skal dekka individuelle behov på ein forsvarleg måte, og i størst mogeleg grad ta utgangspunkt i behova til den einskilde. Alle som ynskjer det, skal få høve til å bu heime så lenge som ein kan gje eit forsvarleg tilbod der. Faktaopplysningar om avdelinga oppgåver/leiar m.m: ORGANISERING: Rådmann Oddbjørn Ese Omsorgssjef Marit J. Anderssen Stab: Merkantilt personell Fellestenester, vaskeri Kvalitetssjukepleiar Vaktinnleige Pleieavd. VBS Vaskeri Avd.1 v/ avd. sjukepleiar Gruppe 3 og 4 m/2 gruppeleiarar Heimesjukepleie/ heimehjelp/fb M/ Avdelingssjukpeliar Rehabilitering M/ leiar Tenesta til Funksjonshemma m/gruppeleiar Kjøkken M/Kjøkkensjef Psykiatri M/ gruppeleiar Fengselshelset. Psyk. sjukepleiar Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 9

Tenester i sektoren: Administrativ leiing: Omsorgssjef Marit J. Anderssen: I stabsfunksjon sit i tillegg sekretær og kvalititetssjukepleiar, Ansvar for overordna arbeid innan fagutvikling, personaladministrasjon, økonomi, fakturering, sentralbord, systemansvar for fagprogram, tildeling av tenester, sakshandsaming, planarbeid. Rehabiliteringstenesta: Leiande fysioterapeut Marta Liljedal: Omfattar Vik velferdssenter, Fysioterapiteneste, Ergoterapiteneste, Hjelpemiddelformidling. Tildeler hjelp til personar som bur på institusjon, i omsorgsbustad og i eigen heim. Fysioterapien har ein kommunal del ( ca 40 % av tidsbruk) og ein kurativ del. Me får statleg fastlønstilskot for dei kommunale fysioterapistillingane Koordinering av samansatte hjelpebehov. Administrerer Individuell plan. Arbeidsplassvurderingar Vik Bygde- og Sjukeheim: Tenester tildelt etter enkeltvedtak: Gruppe 1 og 2 : Avdelingssjukepleiar Marit Mørk/Angunn Systad (vikar frå sommar 2010). Omfattar ansvar for 29 bebuarar på langtidsopphold og korttidsopphold. Kveldsol ; spesialtilbod til mennesker med behov for lindrande behandling ligg i denne avdelingen. Personar med behov for rehabilitering / opptrening får tilbod her. Dagtilbod. Gruppe 3: Gruppeleiar Haldis Dregelid: Skjerma eining for 11 demente. Dagpasientar. Gruppe 4 Gruppeleiar Anne Marie Kleven: Langtidsavdeling for 12 bebuarar med lettare funksjonssvikt. Dagpasientar Nattevakter: Gruppeleiar Marit Christensen: Organisering av nattevakter på VBS. Desse gir også tenester til bebuarar i omsorgsbustad og i eigen heim sentralt i Vik. Kjøkkenavdeling: Kjøkkensjef Tove Helgås: Omfattar levering av mat til VBS, velferdsenter og heimebuande eldre. Leverer også varm mat til Vik Fengsel Vaskeri: Vask av tøy til personar ved VBS, omsorgsbustad og enkelte som bur i eigen heim. Sal av enkelte tenester også privatpersonar. Fotterapi: Tenester til bebuarar på VBS og sal av tenester til heimebuande. Fengselshelsetenesta: Psykiatrisk sjukepleiar/leiar fengselshelsetenesta Terje Solberg: Helsetilbodet til innsette i Vik fengsel er eit kommunalt ansvar. Vik kommune mottek øyremerka midler til drift av fengselshelsetenesta.tilsynslege Ali Moshan Syed har 6 timar pr. veke til arbeidet. I tillegg kjem bruk av vakthavande lege. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 10

Psykiatritenesta: Psykiatrisk sjukepleiar Øydis Kleppe Bøthun: Omfattar: Heimebesøk - hjelp og støtte i dagleglivet støttesamtalar (heime hjå brukar, på kontoret, på institusjon, pr. telefon) førebyggjing av / hjelp ved kriser utflukter / teater / kafèbesøk ferie / overnattingsturar trimgruppe sosial møteplass fylgje til / frå institusjon / arbeid / fritidsaktivitetar oppfylgjing på arbeidsplass oppfylgjing ved opphald på institusjon - samarbeid kring innleggjing / utskriving frå institusjon undervisning - informasjonsarbeid. Sekretærfunksjon for Mental Helse, Vik lokallag. Rettleiining for grupper innan helsesektoren. Samarbeid med fengselet lagar til / kontrollerar medisin hjelper til ved ferieavvikling. Heimesjukepleie: Avdelingssjukepleiar Torunn Ruud: Omfattar hjelp til personar i eigen heim i heile kommunen, i omsorgsbustad, trygdebustad og bebuarar ved Fresvik Omsorgssenter. Tenester som hjelp til hygiene, sårstell, administrering av medisin, levering av mat, oppfølgjing av demente, samtaler, tilsyn, terminal pleie, kreftsjukepleie. Omfattar også administrering av drift ved Fresvik Omsorgssenter, dvs matlaging, pleie, miljøtiltak. Heimesjukepleie vert tildelt etter enkeltvedtak. Heimehjelp: koordinator Oddveig Holstad: Omfattar praktisk bistand til personar som bur i eigen heim, i omsorgsbustad og i trygdebustad. Gjeld heile kommunen. Tenesta tildelt etter enkeltvedtak Tenester til funksjonshemma: Gruppeleiar Laila Nesse Bøthun: Omfattar miljøtiltak, praktisk bistand og opplæring til personar som bur i eigen bustad eller i kommunal leigd bustad som har funksjonssvikt. Omfattar også avlastningstiltak og trenings- tiltak, følgje til arbeid, på ferieopphold og fritidsaktivitetar. Oppfølgjing av støttekontaktar og samarbeid med arbeidsplass. Kommunalt dagtilbod som deler av Vik Veldferdssenter. Tenester tildelt etter enkeltvedtak. Støttekontakt /Omsorgsløn - Tenester tildelt etter enkeltvedtak: Brukarstyrt personlig assistent: Ein måte å yte lovpålagte tenester på, tildelt etter enkeltvedtak. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 11

Tal tilsette i sektoren: Avdeling Årsverk 2010 Tilsette 2010 Årsverk 2009 Tilsette 2009 Årsverk 2008 Tilsette 2008 Årsverk 2007 Tilsette 2007 Årsverk 2006 Helse og sosialsjef 1 1 1 1 Omsorgssjef 1 1 1 1 1 1 Rehab.avd. 6 7 6 7 6 7 7,6 10 7,6 10 VBS 56,6 79 56,7 85 56,5 91 54,8 92 54 88 Open omsorg 42,6 62 38,7 65 35,2 57 36,3 62 35,5 52 Fengselshelsetenesta 1 1 1 1 1 1 1 1 Psykiatri 2,7 4 2,7 4 2,7 4 3,2 4 3,2 4 Sum 109,9 154 106 163 104. 160 110,7 179 108,1 165 Endring på grunn av nye ressurskrevjande brukarar i open omsorg Tal Tilsette 2006 Viktige hendingar: Skisseprosjekt bustader til funksjonshemma er utarbeidd. Arbeid med reguleringsplan er påbegynt. Saka skal til politisk handsaming i 2011 Utdanning/ auka kompetanse; o Fyrste utdanna lærling i helsearbeidar-fag i Vik kommune! o Fleire tilsette deltek på utdanning som helsefagarbeidar, vidaregåande opplæring. 3 tilsatte fekk fagbrev i 2010! o Fleire deltek i vidareutdanning innan ulike greiner på Høgskulen i Sogn og Fjordane. For lite arbeidskraft i eigen kommune, har nytta vikarbyrå i siste halvdel av 2010 for å få personalkabalen til å gå opp. Har rusta opp personalrom / vaktrom på avd. 1 VBS. Nytt medisinrom. Gericakurs for alle tilsette var arrangert i første halvdal av februar månad 2010 2010 er Vik fengsel sitt første hele år der alle 39 soningsplassar har vore i bruk. Seminar om sorg og sorgreaksjonar 21.0g 22.mars, samarbeidsprosjekt mellom kyrkja, psykisk helsevern og kreftomsorgen. Samarbeidet med NAV og psykisk helsevern er styrka Værtilhøva har vore ei utfordring for heimetenestene i 2010. mykje kulde, is og snø gjer det vanskelegare å koma fram til heimebuande. Rasfare kan vera eit arbeidsmiljøproblem. Hsp saknar garasje- anlegg for leasing-bilane. Tiltak og gjennomføring 2010: Hovudfokus i 2010 er å oppretthalda nivå på kvaliteten av tenesta innanfor økonomiske rammer. Me har fått nye ressurskrevjande brukarar og det er tilført nye midlar til desse tiltaka. Elles ser me slitasje på enkelte teneste område/funksjonar og på bygningsmassen Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 12

Sjukefråværprosenten har i 2010 vore høgare enn på lenge. Mange faktorar påverkar denne, me har jobba saman med NAV, dei tilsette og behandlande lege for å ha fokus på IA-avtalen og tilrettelegging for arbeid og aktivitet. Dette er også eit ressurskrevjande arbeid som nok får for lite fokus i ressursknappe tider. Etterspurnaden etter tenester har vore større i dei fleste tenesteområder i 2010. Me ser ein auke i andel av demente som søkjer tenester. Dagens dementavdeling er for einsarta og for liten. I tillegg har me hatt ein auke i store omfattande rehabiliteringssaker som krev samordning av tenester. Samordna innkjøp i heimesjukepleien og på VBS når det gjeld medisinske forbruksvarer. Det kan sjå ut til at dette gir ein positivt effekt på ressursbruken. Kjøkkenet ved VBS har også i 2010 levert mat til Vik fengsel, Nok leasingbilar ei utfordring.innkjøp av 3 bilar som me tidlegare hadde leasing avtale på har betra noko på situasjonen og redusert bruk av privat-bil til heimehjelparane. Samtidig ser me at andre grupper også hadde treng å disponera leasing-bil meir, gjeld særskilt avd. for psykisk helsevern. Samrodnings- mogelegheiter er etter kvart maksimalt utnytta. Samarbeid med ulike utdanningsinstitusjonar så som grunnskulen i Vik og vidaregåande i Hafslo samt høgskiular slik at me stiller opp med undervisning og rettleiing i praksis. Velferdssenteret har vore det einaste organiserte reine dagtilbodet i sektoren i 2010. Eit manifistert tilbod som medfører at eldre kan bu lenger i eigen heim. Avgjerande med tilbod om fellesmåltid for bebuarar i omsorgsbustadene. Fysioterapeutane har delteke aktivt i fleire omfattande rehabiliteringssaker, Det er ressurskrevjande, men meiningsfulle og prioriterte arbeidsoppgåver. Deler av året har drifta vore noko redusert grunna langtidssjukemelding. Barnefysioterapeut samarbeider med helsestasjon, barnehage og skule. Har starta med babybading hausten 2010. Rehabiliteringsavdelinga har hatt studentar i praksis frå høgskule for fysioterapi, ergoterapi og idrettsvitskap. Elevar frå ungdomsskulen har hospitert i nokre dagar. Det er utviklande og lærerikt for avdelinga. Fysioterapi studentane hadde trening for personalgruppa i omsorgssektoren ein gong pr. veke. Gjennomført 1. halvår 2010. Ergoterapitenesta vert nytta til vurdering og tilrettelegging av bustad, arbeidsplassvurdering, utprøving av tekniske hjelpemiddel, rettleiing, og trening av pasientar, rettleiing av personale, Kognitiv kartlegging og trening, og førarkortvurderingar. Svært mykje samarbeid med alle andre kommunale område. Ergoterapeuten gjennomførte kurs i arbeidsplassvurdering, noko som gir rett til refusjon frå NAV. Samarbeidsgruppa har delteke i læringsnettverk om individuell plan og koordinerande eining arrangert av fylkesmannen.. Dette vil bli arbeida med vidare i 2011. Formidling og vedlikehald av hjelpemiddel er ei svært viktig teneste som bygger grunnlag for at brukarar kan vera i eigen heim lengst mogeleg. Kvardagen til mange med ulik Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 13

funksjonssvikt vert lettare; eigenomsorga større. Her er eit nært samarbeid med hjelpemiddelsentralen. Tilbod om tryggleiksalarm og administrering av denne er også ei prioritert oppgåve i omsorgssektoren. Den reddar mange i vanskelege situasjonar, og gir tryggleik for einslege Totalt har 173 innsette ved Vik Fengsel motteke helsehjelp i 2010. Dette er 41 færre enn i 2009, noko som forklarast med at dei innsette i 2010 har hatt lengre dommar. Hele 2010 har vore prega av mange innsette i varetekt. Erfaringsmessig har varetektsinnsatte større behov for helsetenester enn dei som sit på dom. Mange innsette frå utlandet. Utfordringar i høve språk. Psykiater frå Indre Sogn psykiatrisenter har faste dagar i fengselet kvar fjerde veke. Ruskonsulent har også hatt avtalar omlag kvar fjerde veke. Avdeling for Psykisk Helsearbeid har ytt tenester til 61 brukarar i 2010. Dette er 2 fleire enn i fjor. Det auka presset me har opplevd er mest i form av fleire samarbeidsmøter, samt at enkelte brukarar til tider har trengt intensiv oppfylgjing. Tenestene vert tilpassa dei ulike brukarane sine individuelle behov, og varierer difor stort i innhald. Eksempelvis inneber dette alt frå ein enkelt samtale, til oppfylgjing fleire timar dagleg. Brukarar med tilhald i eigen heim vert prioriterte. Alle brukarar som har ynskt eit tilbod har fått det. Me har òg fått ruskonsulent vegg i vegg med oss, noko som er nyttig for begge partar. Pr. 31.12.10 er det 52 pensjonærar på VBS. KURDØGN 2007 2008 2009 2010 Gjennomsnittleg har det vore Langtidsplass 18297 17804 17 892 18.224 52,7 pensjonærar pr. døgn ved institusjonen 38,1 % av Korttidsplass 937 1086 1251 1.056 bebuarane er over 90 år. I 2009 var talet 36,73 %.Det Avlastning 55 86 106 93 har vore 20 dødsfall i 2010, 27 i 2009. Dagplassar 1791 1100 1110 1.227 På Fresvik Bygdeheim har vi hatt 208 døgn med korttidsplass og 173 døgn med avlastningsopphald. Mottakarar av 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 heimesjukepl./hei mehjelp, I alt 135 132 144 163 150 164 153 156 Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 14

Tal brukarar fordelt på alder og kjønn i heimesjukepleie /heimehjelp. Snittalder hjå brukarane har auka med 1 år sidan 2009. me ser også i tabellen at i gruppa mottakarar under 80 år, så er det flest menn, markert motsatt i gruppa 80 +. Alder Menn Kvinn er Alle 0 66 år 16 13 29 67 79 år 20 17 37 80-89 år 31 42 73 90 + 5 12 17 Totalt 72 84 156 Snittalder 75 78 77 Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 15

Økonomi / resultatvurdering: Ansvar Avdeling Rekneskap 2009 Budsjett 2010 Rekneskap 2010 300 Adm. leiing 650 600 680 781 335 Psykiatritenesta 2 297 000 2 311 2 280 Fengselshelsetenesta 211 300 219 201 312 Rehab.avd: Velferdssenteret 362 000 279 403 Fysioterapi 905 000 980 929 Ergoterapi 288 000 512 526 Hjelpemiddelform. 384 000 439 432 Sum rehab.avd. 1 938 000 2 310 2 290 320 VBS: Pleietenesta 28 400 000 30 362 30 285 Kjøkken 3 168 000 3 175 3 324 Adm./felles -4 210 000 --3 882-4 481 Sum VBS 2 7 378 000 29 655 29 128 340 Open omsorg: Aktivitetssenteret 368 000 233 180 Heimesjukepleie 7 769 000 8 488 8 906 Fresvik omsorgs. - 82 000 --77-82 Heimehjelpstenesta 4 920 000 5 068 5 015 Funksjonshemma 7 000 000 7 807 8 873 Sum omsorgsektoren 52 449 900 56 694 57 572 Merknad: Det er stor vilje til budsjett- disiplin i tenesta. Samla sett har me eit overforbruk på om lag 1,5 %. Ekstrakostnadene kjem i heimetenestene. Me har fått nye ressurskrevjande brukarar som er unge og har krav på tilbod i eigen heim. Slike tiltak er det ikkje råd å planlegge for, utgiftene må takast når dei kjem. I tillegg merkar me fleire pleie-trengane eldre i omsorgsbustad og i Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 16

eigen heim med hjelp av pårørande. Heimesjukepleien er pressa på ressursar, omsorgsbustadene nærmar seg sjukeheim når det gjeld omsorgsnivå. Vikarar til Fresvik Bygdaheim er i stor grad utgiftsført på heimesjukepleien av di det er der ein har klart å henta inn personale. Fast tilsette på FB er rekneskapsført på heimehjelp. Det er også fleire søknader om omsorgsløn frå pårørande som har store omsorgsoppgåver. I samband med dette ser me også auka søknad til avlastning i insititusjon. Det syner seg å vera lettare å planlegga utgiftsnivået på sjukeheimen, der det avgrensa tal senger og dermed meir stabilt behov for personale. Eigenbetaling VBS: Det var ein del store etteroppgjer i eigenbetalingar i år, dette har vorte p.g.a at fribeløpet har auka kvart år, og at vi får forlite opplysningar frå NAV ved eventuelt endringar som blir gjort..på innbetaling frå Nav og budsjettering av korttidsopphalg og dagopphald så er det som budsjettert. Det er fleire pensjonærar i det siste som har ekstra pensjonar og dette kjem til gode på inntekta. Av investeringar i 2010 kan nemnast kjøp av 3 bilar som me tidlegare har hatt leasing-avtale på ( 2 i heimesjukepleie og ein i rehab). Elles vart vaktrom på VBS rusta opp, veldig godt å få dette gjort! Bruk av gåvekonti på VBS: Dette er konti som vert nytta når det vert gitt minnegåver m.m. Gåvene skal ikkje nyttast til driftstiltak, men til velferd for bebuarar og evt. Tilsette. Ofte er det satt fram ynskje for bruken når gåva vert gitt. Sekretær ved VBS fører rekneskap for desse kontoane. Dei vert reviderte årleg: KVELDSOL 2008 2009 2010 Overført frå året før 37 657 22 085 25 475 Forbruk - 29 830-1 036-7 023 Gåver /renter 14 258 4 426 145 Saldo ved årsslutt 22 085 25 475 18 698 ANDRE GÅVER Overført frå året før 17 512 24 579 45 209 Forbruk - 66 824-6 146-1 541 Gåver 46 892 14 484 23 779 Saldo ved årsslutt 24 579 45 209 67 447 Spesielle utfordringar for 2011 og vidare: Oppstart av dagtilbod til demente. Avdelingssjukepleiar i heimesjukepleien er fagleg ansvarleg og prosjektet har ei styringsgruppa som består av geriatrisk sjukepleiar, ergoterapeut, avd. sjukepleiar og tilsette ved senteret. Ressursar er henta frå det Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 17

tidlegare aktivitetssenter. Oppstart planlagt i februar 2011 og skal vera ope 2 dagar i veka i Velferdssenter-lokale. Endelig handsaming av prosjekt bustader til funksjonshemma. Ny drift-ordning ved Fresvik Bygdaheim; middag vert koka på VBS og transportert inn dagleg. Rekruttering av tilstrekkeleg personale i tenesta. Gjeld spesielt helgebemanninga. Framhald / utviding av vikarbyrå? Omlegging av turnus? Oppstart sektorplan som del av kommuneplan. Spssielt viktig å få planlagt i høve behovet for kommunale bustader og tal sengeplassar på institusjon. Oppstart elektronisk kvalitetessystem, kvalitetslosen Oppstart kurs/opplæring i Demens-omsorgens ABC Ny leasingbil til hjelpemiddelformidling med utstyr for å handtera tyngre hjelpemiddel. Vurdering av leasing-bil til avd. psykisk helsevern. Fem mellomleiarar i sektoren startar vidareutdanning i leiing i eldreomsorga gjennom Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vidare arbeid med individuell plan og koordinerande eining. Rehabilitering golv i korridor kjellar i 77-fløy VBS grunna fuktproblem. Psykisk helsevern: Gjennomføra eit prosjekt med auka fysisk aktivitet som behandlingsform. Satsa vidare på fagleg oppdatering og kursing i sektoren. Arbeida vidare med å få leasa ein eigen bil for avdelinga vår. Me kan evt. dela bil med leiar av tenesta for funksjonshemma. Få i gang rettleiing for heimehjelpene til brukarar av psykiatritenester. Medikamentkurs for dei tilsette i omsorgstenesta må gjennomførast kvart år. Nytt opplegg i 2011. Sjølvstudium / eksamen på nettet. Vik fengsel: Det vil i 2011 bli jobba med å få på plass elektronisk journalsystem også for sjukepleiar. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 18

HELSEAVDELINGA Avdelinga omfatter legetenester, helsestasjonsverkesemd, jordmortenester og miljøretta helsevern/smittevern. Legekontoret har utført ca 6,3 årsverk. Mesteparten av arbeidet har vore tradisjonelt legearbeid med diagnostikk, behandling, kontrollar og rehabilitering/attføring. Legane har hatt tilsynsoppgåver på VBS, har hatt faste timar i fengselet og har deltatt i kontrollar og oppfølging på helsestasjonen/skulehelsetenesta. Ein del av arbeidsoppgåvene har vore innan førebygging og det har omfatta miljøretta helsevern og smittevern. Kommunen deltek i interkommunal ordning for næringsmiddeltilsyn. Helsestasjonen/skulehelsetensta har hatt 2 årsverk. Dei driv med fast vaksinasjonsprogram, helsekontrollar og oppfølging av barn med somatiske og psykososiale problem. I tillegg driv dei helsestasjon for ungdom. Kommunen har jordmor i 50% stilling. Jordmor driv regelmessige svangerskapskontrollar, kursverksemd for gravide og følgetenester for fødande. Dei tilsette i helseavdelinga har mykje samarbeid med andre kommunale tenester,nav og ein rekke andrelinjetenester. Avdelinga har hatt god budsjettkontroll. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 19

PLAN- OG FORVALTNINGSAVDELINGA Ved utgangen av 2010 hadde avdelinga slik bemanning: Funksjonar Årsverk Merknad Leiing Landbruk Kart og oppmåling Plan og byggesak Kommuneplanlegging GIS - Koordinator Prosjekt Skog Feios prosjekt 10 til 1 0.4 Leiar plan og forvaltningsavd. Norvald Aase 2.6 Årsverka fordeler seg på følgjande stillingar Landbrukssjef (Fagleiar) 1 årsverk, Veronika Seim Back Rådgivar landbruk 0.8 årsverk, Arne Skeie Fagsekretær 0.8 årsverk, Jorunn Orvedal 2.0 Årsverka fordeler seg på følgjande stillingar Oppmålingsingeniør 0.5 årsverk, Arvid Tveit Geodataingeniør 1 årsverk, Arve Hønsi Ingeniør 0.5 årsverk, Espen Holen 1.10 Avdelingsleiar har ansvar for fagområdet. 0.6 årsverk, Norvald Aase Byggesakshandsaming 0.5 årsverk, Espen Holen 1.0 Kommuneplanleggjar 1.0 årsverk, Ottar Wiik 1.0 Stillinga er underlagt Vik kommune, men er i sin heilskap utleigd til Sogn regionråd. Årsverk 1.0, Darek Hauderwicz 0.2 Prosjektleiar Asbjørn Grindedal 0.2 årsverk. Stillinga er finansiert av prosjektmidlar frå fylkesmannen Sogn og Fjordane (varigheit 4 år) Sum 8.3 Utfordingar: Avdelinga har stor fagleg spennvidde, der dei fleste fagområda er dekka av ein person, noko som gjer at avdelinga er sårbar med tanke på langtidssjukefråver og andre årsaker som kan medvirka til redusert effektivitet. Bemanninga på avdelinga er på eit minimumsnivå. Dette medfører til tider lang sakshandsamingstid, og i enkelte tilfeller lengre enn det lovverket gir løyve til. Avdelinga må i framtida ha større fokus på prioritering av arbeidsoppgåver. Med stadig nye lovpålagte arbeidsoppgåver må avdelinga på sikt auke bemanninga med 1-2 årsverk. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 20

Tiltak: Kompetansenivået på avdelinga er tilfredsstillande, men det må setjast av midlar til etterutdanning og kurs for oppdatering av nye lovgiving og statlege pålegg som medfører meir og nye arbeidsoppgåver. Det må også setjast av midlar til nettbaserte løysningar som web-innsyn, oppgradering av digitale eigedomsgrense (DEK), adresseprosjekt, VA-kart og døgnkontinuerleg informasjon. ( elektronisk byggsøk, planarkiv, ol.) Kompetansenivået innafor området skogbruk må styrkast og bør gjerast ved oppretting av ny stilling i samarbeid med andre kommunar i regionen, der Vik sin part er ca. 20%. Økonomi: Tal i 1 000 kr Rekneskap Rekneskap Budsjett Rekneskap avvik 2008 2009 2010 2010 700 UTVIKLING 2 237 1 144 1 251 1 200-51 710 NÆRINGSUTVIKLING 1 240 915 1 056 1 047-8 720 JORDBRUK/SKOGBRUK 1 427 1 868 1 865 1 874 9 730 MILJØ/VILTFORVALTNI NG 10 70 158 166-7 760 KART OG OPPMÅLING 1 179 1 174 1 207 1 252 45 761 BYGGJESAK -126-116 -94 43 137 T O T A L T 8 402 5 055 5 451 5 576 125 Overforbruket på kr 125.000.- skuldast hovudsakeleg avviket mellom avtalt refusjonsbeløp og kostnader for GIS koordinator. Dette utgjer kr 97.000.-. Løn og sosialekostnader for 0.5 stilling ekstra som byggesakshandsamar utgjer på kr 115.000.-. Dei øvrege ansvarsområda har alle positive avvik. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 21

Plan og tilrettelegging: A. Prosjektleiing. Kulturminneprosjektet B. Anna arbeid A Utført oppgåver 2010 som prosjektleiar for prosjektet Samordning for utvikling rundt kulturminne i Vik. Det er laga eigen rapport om status og utført arbeid i prosjektet i 2010. Deler av arbeidet er utført av/i samarbeid med innleidde rådgjevarar, og andre ved avdelinga. Her fylgjer eit kort samandrag : A.1. Reguleringsplanar. 01. Detaljreguleringsplan for Hopperstad oppstarta. 02. Detaljreguleringsplan for del av sjøgrunn på Vikøyri førebudd haust 2010, for oppstart jan 2011. A.2. Turvegar. 01. Turveg parsell Hopperstad-RV13. avsluttande arbeid og sluttoppgjer. Prosjektleiing og byggeleiing. 02. Søknad om spelemidlar for parsell 1 og 2: Ara-Hopperstad-Hove. 03. Detaljplanar og tilbodsinnhenting turveg Ara-Hopperstad-Hove. 04. Kontrahering og oppstart opparbeiding turveg Ara-Hopperstad- Hove. Prosjekt- og byggeleiing. A. 3. Skjøtselsprosjekt, området Hove-Moahaugane-Hopperstad. Samarbeid med Veronika Seim Bech. Rydding og stell av vegetasjon i viktige kulturlandskap. Partar: Grunneigarar, Kommunen, Vik Fengsel, innleidd hjelp/vik Bygdeservice. A.4. Vikøyri Strandpark. 01. Utarbeiding av plangrunnlag og dokumentasjon for søknad om tettstadfornyingsmidlar for Vikøyri strandpark. Vår 10. Tildeling 0,9 mill febr 10. 02. Detaljprosjektering og tilbodsgrunnlag for Kaiparken 03. Kontrahering og byggeleiing for opparbeiding av byggesteg 1, Kaiparken. 04. Forprosjekt for byggesteg 2 Strandpromenaden A.5. Sundagsseminaret. 3 seminar i Vikjahalli med ca 40 deltakarar i snitt. Opplegg og gjennomføring i samarbeid med Arne Inge Sæbø og Vik Ungdomslag. A. 6. Rapportering til Fylkeskommunen/KRD. Årsrapport, rekneskap, søknader om støtte m.m. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 22

B Anna arbeid. Oppstillinga under er ikkje utfyllande 1. Sakshandsaming, plansaker og frådelingssaker. 2. Arbeid med prosjekt Reisemål Vik i Sogn 2020. Deltaking i prosjektgruppa som repr. for Vik Kommune. 3. Oppstart av tematisk kommunedelplan for kulturminne. Etablering av nemnd m.m. 4. Rådgjeving i plan- og byggesaker. 5. Arbeid med kommuneplan. Merknader. Framtidsutsikter. Prosjektet Utvikling rundt Kulturminne i Vik går ut 2011, men tiltak som er/vert starta opp vil ikkje bli ferdigstilte innan den tid. Det gjeld m.m. Vikøyri Strandpark, turvegar i Sylvringen, skjøtselstiltak. Desse prosjekta vil kreva oppfylgjing i form av prosjektleiing, planlegging og byggeleiing, i tillegg til investeringsmidlar i fleire år framover. Slik oppfylging vil vera nødvendig for å få ut dei statlege og fylkeskommunale midlane me har tilsegn på. Ein stor del av min kapasitet vil i 2011 gå med til oppfylging av planlagde/oppstarta prosjekt. Prioritert arbeid ved sida av dette er oppstart og framdrift i arbeid med planstrategi og ny/fornya kommuneplan for Vik. Landbruk: Husdyrhald For landbruket i Vik har mjølkeproduksjon og sauehald til alle tider vore dei viktigaste driftsgreinene, og det intensive husdyrhaldet har forma det flotte kulturlandskapet vårt. Sjølv om det er nedgang i tal gardsbruk i drift er det bra interesser for næringsutvikling på gardane. Det gjeld både tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar. 11 % av innbyggjarane i Vik er sysselsette i primærnæringane. Tal gardsbruk som mottek produksjonstilskot er 174 og 148 gardsbruk har husdyrhald. Samla er 25 bruk med i 6 samdrifter, og det er økologisk husdyrhald på 7 gardsbruk. Kring 13.000 sau og lam er på utmarksbeite i Vik. Konvensjonelt Økologisk Sum 2010 Driftseiningar med mjølkeprod. 47 2 49 Driftseiningar med sau 108 4 112 Mjølkekyr 857 35 892 Andre storfe 1649 92 1741 Mjølkegeit 116 0 116 Sau, vinterfôra 5992 132 6124 Lam slakta 6006 133 6139 Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 23

Innovasjon Norge har i 2010 løyvd BU-midlar til investering /fornying av ein driftsbygning for mjølkeproduksjon. Frukt og bær Det vert drive med ulike former for grøntproduksjon på 46 gardsbruk. Vik er den største kommunen i landet på produksjon av bringebær. Totalt vert det produsert ca 600 tonn til konsum og industri, og 40 produsentar dyrkar bringebær på over 500 dekar. Bringebærproduksjonen er ei næring i vekst. Produksjon av jordbær skjer på over 80 dekar og dei 7 produsentane leverer om lag 65 tonn. Vidare har 15 produsentar levert nesten 47 tonn eple og 5 produsentar har levert 9,2 tonn pærer i 2010. I 2010 er det utbetalt næringstilskot til planting av 20,1 da bringebær og 13,4 da jordbær. Tilleggsnæringar Gardsturisme og vidareforedling av gardsprodukt er viktige tilleggsnæringar og me har fleire døme på vellukka prosjekt. Innovasjon Norge har i 2010 løyvd BU-midlar til tilleggsnæringar på ein gard knytt til foredling av eigne produkt. Omdisponering, frådeling og konsesjon I 2010 vart 2 daa jord godkjent omdisponert til bustadar etter jordlova. Etter Plan og bygningslova vart i tillegg 5 daa dyrka jord godkjent omdisponert. Dette året vart det også godkjent nydyrking av 20 dekar jord. Av 4 søknadar om frådeling etter jordlova vart 2 søknadar heilt eller delvis innvilga, medan 2 fekk avslag. I 2010 vart 5 søknadar om konsesjon handsama og gjevne i medhald av konsesjonslova, alle med vilkår om oppfylling av buplikt. Forvaltning av statstilskot til miljø- og næringsmidlar 2010 Administrasjonen forvaltar Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) og Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK). Tildelingane for 2010 var: Tildelte SMIL-midlar Tilskot, kr. Arealtiltak (gamal kulturmark), 11 eigedomar 176.700 Tilgjenge/opplevingskvalitet, 4 eigedomar 62.500 Restaurering av 4 verneverdige bygningar 110.800 Andre kulturminne, 1 eigedom 25.000 Sum: 375.000 Det kom 34 søknadar om støtte til Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) dette året. Hovudsakleg avdi midlane ikkje strekk til vart det gjeve avslag på 14 søknadar i 2010. Nokre søknadar er utsett i håp om å kunne gje tilskot neste år. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 24

Tildelte NMSK-midlar Tilskot, kr. Skogkultur, stammekvisting, rydding, 2 søknadar 34.500 Skogsvegar, statstilskot, 2 stk 1.765.276 Sum: 1.799.776 For statstilskot til skogsvegar står kommunen for tilrådingane og Fylkesmannen løyver tilskotet. Dei to vegane som har fått løyvd statstilskot gjennom fylkesmannen er Nyastølvegen i Bødalen og Høgretjønn på Vangsnes. Fylkesmannen har også gjeve tilskot til uttak av tømmer med taubane og der det har vore naudsynt med manuell felling til Hogstmaskin. Forvaltning av kommunalt næringsfond 2010 Kommunalt næringsfond vert forvalta etter retningslinjer for næringstilskot vedteke i 2006. Kommunalt næringstilskot Tilskot kr. Etablering og investering, 10 verksemder 393.000 Planting av bær, 8 søkjarar 130.650 Kjøp av mjølkekvote, 1 søkjar 20.700 Skogsvegar, 2 stk 542.000 Sum: 1.086.350 Åtte verksemder under etablering har fått dekka utgifter med ekstern rettleiing til ein samla kostnad på kr. 18.887,-. Tre søknadar om tilskot til investeringar har fått avslag. Saker som ikkje ligg innafor retningslinjene vert handsama av Formannskapet. Dei har løyvd fyljande tilskot: Fresvik Bygdalag, tilskot til deltaking i Bygdeutviklingsprogrammet kr. 20.000,- Fjordabui AS 80.000,- Coop Hordaland, avd. Fresvik 120.000,- Nærøyfjorden Verdsarvpark, oppfyljing av Handlingsplan 2010 50.000,- Sum: 270.000,- Skogbruk Omsett kvantum skogsvyrke i Vik kommune 2010 var på 5484 kbm. Av dette var 5315 kbm gran og 169 kbm furu. Avvirkinga utgjer ein stor auke i høve til førre år, då det vart seld berre 297 kbm. Auken skuldast både betre prisar på tømmer og at dei nye skogsbilvegane vert tekne i bruk. Mykje skog planta på 50-60 talet vert hogstmoden i åra framover og det er venta større aktivitet med omsyn på hogst i kommunen. Interessa for bygging av skogsvegar aukar i samsvar med dette. Det er gjeve byggjeløyve for 6 nye skogs- og landbruksvegar i Vik Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 25

kommune i 2010. Dette er Lundslivegen og Ramnabergtunellen i Feios, Stølsgardane på Risløv, Øksdalsvegen 2 og Kalbakkvegen på Vangsnes, samt Morkavegen i Arnafjord. Kystskogprosjektet Frå ti til ein i Feios går etter planen. Her er målet å få til avvirking og inntekt frå skogbruket gjennom samarbeid mellom dei mange små eigedomane. Bioenergigruppa arbeidar vidare med planar for få til lokal produksjon av flis/pellets og bruk/auka bruk av biovarme i kommunen sitt Eldhus. Viltforvaltning Viltforvaltinga i Vik kommune omfattar i hovudsak oppgåver knytt til hjort. Forvaltninga av hjort er organisert gjennom 5 storvald, Fresvik, Feios, Vik Aust, Vik Vest og Arnafjord, og 15 enkeltvald. Storvaldet Vik Aust vart oppretta våren 2010 og var ei samanslåing av 13 tidlegare småvald. Med dette er heile 71% av det teljande hjortearealet i kommunen forvalta under storvald med eigne bestandplanar. Planane har noko ulike mål for sine områder avhengig av bestandssituasjon og skadepress. Hjorteskade på eng og skog er eit problem fleire stader. Det er endå usikkert korleis den harde vinteren 2010/2011 vil påverke hjorteviltbestanden i kommunen. Våren 2010 vart det gjennomført ei omfattande vårteljing av hjort i heile kommunen. Teljing føregjekk frå bil, kommunen var delt i 10 køyreruter, teljinga vart utført 6 kveldar og 29 personar deltok med frivillig innsats. Teljinga var ein del av merkeprosjektet Hordahjort som kommunen er med i. Av dei 3 dyra som vart merka i kommunen i 2009 er ei kolle død av naturlege årsaker og ein bukk skoten under jakta i 2010. Ein har fått inn verdifull informasjon. Hjortejakta for 2010 i Vik kommune gav 328 felte dyr, ein auka på 23 dyr i høve til året før. Av dei felte hjortane var det 82 kalvar, 111 koller og 123 bukkar Vik Hjortaråd vart oppretta i 2010. Rådet er sett saman av leiarane for storvalda. Leiaren for Vik Sporhundlag har møterett. Hjortarådet er eit rådgjevande organ for kommunen og har hatt to møter. Vik kommune har avtale med Vik Sporhundlag om ettersøk av skada vilt. Sporhundlaget har gjennomført 13 slike ettersøk i 2010 der 4 dyr vart funne og avliva. Saman med 5 andre kommunar, og med Voss kommune som sekretariat, vert det arbeida vidare med ein Interkommunal kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde. Motorferdsel i utmark Avdelinga har ansvaret for arbeid med lovpålagde oppgåver knytt til motorferdsel i utmark. Regulering av motorferdsel i utmark er følgd opp med handsaming av dispensasjonsøknadar, og tildeling av løyver i samsvar med delegasjonsregelement. Det er gjeve 4 leigekøyringsløyve for snøskuter. Desse gjeld Fresvik, Feios, Vangsnes og Vikafjellet aust for Rv 13. Vidare er det gjeve 7 andre løyve til bruk av snøskuter i samband med bygging/tilsyn med anlegg i fjellet. Det er gjeve to løyve til flyging med helikopter og eit løyve til køyring med ATV. Søknadar om løyve til motorferdsel i verna område vert handsama av Fylkesmannen. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 26

Særlege utfordringar Det er viktig å halde oppe husdyrhaldet i alle deler av kommunen, både som sysselsetjing og for å ta vare på kulturlandskapet. Særlege utfordringar for landbruket framover er å få dei unge til å våge å satse på landbruket. Ein skulle ynskt det var fleire som våga å investere i oppgradering og fornying av driftsbygningar. I vidareforedling av gardsprodukt/nisjeproduksjonar er det ei utfordring å få god økonomi utan stort produksjonsomfang. Byggsak Antall av byggjesaker i 2010 har hatt ein oppgang samanlikna med 2009 I 2010 vart det handsama totalt 89 saker i der 39 stk var søknad om tiltak og 50 stk var meldingssaker. Gjennomsnittleg handsamingstid har vore ca 19 dagar. Plansaker Antall plansaker har dei seinaste år vore stabilt, og ligg årleg på 5 til 10 saker. I 2010 har fylgjande plansaker vorte handsama: Reguleringsplan masseuttak Halset - Åse Reguleringsplan Røyrvik endring Reguleringsplan Røysane Reguleringsplan - Søbø Reguleringsplan - Øyane /Sjøtun Reguleringsplan Hagen endring Reguleringsplan Goteviki / Galden Reguleringsplan Vik Fjellandsby endring Reguleringsplan Solali endring Reguleringsplan Følid I tillegg er det utarbeida Kommunedelplan for energi og klima Kommuneplan Grunna manglande kapasitet har arbeidet med kommuneplan 2010 delvis vore lagt på vent, og vil bli starta oppatt i løpet av våren 2011. Arbeid som er utført i: Energi og klimaplan Kjerneområde i landbruk ( ikkje vedteken) Interkommunal delplan for villrein ( ikkje vedteken) Planprogram / dispensasjon Kartgrunnlaget for arealdel av kommuneplan er tilrettelagt, men må justerast for endra reguleringsføremål. Årsmesding 2010 for tenesteeiningane. Side 27