SAKSPAPIR SAKSGANG R.f. Styre, råd, utval m.v. Møtedato Saksnr FS Formannskapet 11.06.2014 043/14 KS Kommunestyret 18.06.2014 039/14 Arkiv: K2-X20 Arkivsaknr: 12/1004-11 OVERORDNA RISIKO- OG SÅRBARANALYSE (ROS-ANALYSE) FOR ØYGARDEN KOMMUNE Sakshandsamar: Jarle Kåre Oen Kort om saka: Fem grannekommunar har gjennom eit 2-årig prosjekt no sluttført arbeidet med overordna ROS-analysar på kommunenivå. Dette har vore eit pilotprosjekt, men forankra både politisk og organisatorisk i alle kommunar. Det vert synt til sluttrapporten som no vert lagt fram til endeleg politisk handsaming KystROS 2014. I tillegg har kvar kommune utarbeidd eit tilleggsdokument KommuneROS 2014 som fangar opp lokale tilhøve som ikkje er særskilt nemnd i hovuddokumentet. Rådmannen tilrår at hovuddokumentet KystROS 2014 og tilleggsdokumentet KommuneROS 2014 vert vedtekne slik dei ligg føre. Dokument vedlagt saka: Dok.dato Tittel Dok.ID 06.06.2014 KOMMUNEROS 2014-15. MAI 137132 03.06.2014 KOMMUNEROS 2014 -FARGEKART 136860 03.06.2014 KYSTROS SLUTTRAPPORT PR. 03.06.2014 136879 Aktuelle lover, føresegner, avtalar, planar: - Sivilbeskyttelsesloven - Forskrift om kommunal beredskap - Brann og eksplosjonsvernloven - Smittevernloven - Drikkevannsforkriften Saksopplysningar: Krav i lovverket Lov om Kommunal beredskapsplikt m.m. (Sivilbeskyttelsesloven), som vart sett i kraft 1.1.2010, står det at «Kommunen plikter å kartlegge hvilke uønskede hendelser som kan inntreffe i kommunen, vurdere sannsynligheten for at disse hendelsene inntreffer og hvordan
de i så fall kan påvirke kommunen. Resultatet av dette arbeidet skal vurderes og sammenstilles i en helhetlig risiko- og sårbarhetsanalyse.» Kvar einskild kommunane pliktar såleis å kartleggja kva uønskte hendingar som kan inntreffa i eige geografisk område, vurdera sannsynet for at desse hendingane skjer, og korleis dei kan påverka kommunen (konsekvensar) alt samanfatta i ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Vidare heiter det i andre ledd 14: «Risiko- og sårbarhetsanalysen skal legges til grunn for kommunens arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap, herunder ved utarbeiding av planer etter lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven). Risiko- og sårbarhetsanalysen skal oppdateres i takt med revisjon av kommunedelplaner, jf. lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) 11-4 første ledd, og for øvrig ved endringer i risiko- og sårbarhetsbildet.» I 15 vert det slege fast: «Med utgangspunkt i risiko- og sårbarhetsanalysen etter 14 skal kommunen utarbeide en beredskapsplan. Beredskapsplanen skal inneholde en oversikt over hvilke tiltak kommunen har forberedt for å håndtere uønskede hendelser. Som et minimum skal beredskapsplanen inneholde en plan for kommunens kriseledelse, varslingslister, ressursoversikt, evakueringsplan og plan for informasjon til befolkningen og media. Beredskapsplanen skal være oppdatert og revideres minimum én gang per år. Kommunen skal sørge for at planen blir jevnlig øvet.» Bakgrunn og forankring KystROS 2014 er eit samarbeid mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund, Øygarden og Austevoll, om utarbeiding av felles ROS-analysar. Me høyrer til ein av dei raskast veksande regionane i landet. Samla folketal for dei fem samarbeidskommunane per 1. januar 2014 er om lag 67.500 innbyggjarar. Det som kjenneteiknar kommunane er at det er øykommunar med same topografien og mange felles likskap- og utviklingstrekk. Mellom anna som følgje av naturgitte tilhøve og olje- og gassrelatert verksemd er KystROS-kommunane ein risikoutsett region. Difor er det viktig at samfunnstryggleik blir vektlagt. Alle kommunane har hatt tilsyn frå fylkesmannen der det har blitt peika på at kommunen manglar ein overordna ROS-analyse. På bakgrunn av dette har kommunane sett at samarbeid kan vera nyttig og at ein «felles dugnad» kan spara tid og vera utviklande for alle kommunane. KystROS 2014 fell i stor grad saman med dei områda som FylkesROS 2009 er inndelt i: klimaendringar og naturulukker epidemiar og helseberedskap
fiskesjukdomar og oppdrett, dyresjukdomar og landbruk svikt i kritisk infrastruktur storulukker og masseskader atomulukker og radioaktiv stråling. akutt forureining Krava til ROS-analyse er skjerpa dei siste åra. Reglar i plan- og bygningslova stiller krav om ROS-analysar i plansamanheng. Måla for KystROS er å: 1. Gje eit heilskapleg oversyn over risikobilete i KystROS-kommunane, både med omsyn til naturgitte og menneskeskapte hendingar 2. Auka den generelle kunnskapen omkring samfunnstryggleik 3. Auka merksemda omkring samfunnstryggleik 4. Sluttrapporten skal vera eit viktig overordna dokument innan samfunnstryggleik i den einskilde kommune. Det nasjonale risikobiletet NRB Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap DSB har gjennom fleire år utvikla nasjonale analysar for risiko og sårbarheit. Desse analysane vert årleg samla i «Nasjonalt risikobiletet» - NRB. Informasjonen i Nasjonalt risikobilete skal vera med å danna grunnlaget for ROS-analysar, planprosessar og øvingar både på nasjonalt og lokalt nivå og omsetjast til førebyggjande og skadereduserande tiltak. Om dette står det i statsbudsjettet for 2013, i tråd med Stortingsmelding 29 (2011-2012) Samfunnssikkerhet, at «Regjeringen har bestemt at DSBs nasjonale risikobilde skal danne utgangspunkt for et felles planleggingsgrunnlag på tvers av sektorer og sektormyndigheter i samfunnet. [...] Virksomhetene skal legge dette til grunn i sin planlegging, som et supplement til den oversikten over risiko og sårbarhet som virksomhetene skal ha innenfor eget ansvarsområde. Alle aktørene må derfor vurdere hva risikobildet kan bety for deres ansvarsområde.» Utvalet av hendingar i KystROS 2014 er gjort med eit sideblikk til NRB, og liknande analysar som er laga geografisk til fylket og av andre organisasjonar. Om prosessen fram til endeleg resultat Oppstart Øygarden kommune var først ute tidleg i 2012 med å få vedteke nye akseptkriterium for utarbeiding av ei overordna ROS-analyse. Dette skjedde under rettleiing og tilsyn av Fylkesmannen sin beredskapsavdeling. Bakgrunnen var at kommunen etter eit varsla tilsyn frå Fylkesmannen hadde fått merknad om manglande overordna ROS-analyse. Fleire av nabokommunane kom i same situasjon, m.a. Fjell og Sund. Etter nærare kontakt og drøftingar vart desse tre kommunane samde om å starta eit samarbeid. Austevoll og Askøy kom inn i prosjektet litt seinare, hhv juni og oktober i 2012. Målet var å få utarbeida eit overordna
dokument som gjeld alle dei fem kommunane. I tillegg skal kvar kommune utarbeida eit «KommuneROS»-dokument som tek opp i seg det som er særskilt og fell utanfor fellesdokumentet. Arbeidsgrupper Det vart sett ned tre arbeidsgrupper med faste representantar og varafolk frå alle dei fem kommunane med til saman vel 30 personar. Desse representerte ulike fagmiljø. Gruppene hadde såleis ein brei kompetanse (sjå elles hovuddokumentet). Arbeidsgruppe Kritisk infrastruktur Arbeidsgruppe Miljø Arbeidsgruppe Liv og helse For at gruppene skulle bli kjent med samarbeidskommunane og dei ulike utfordringane desse står overfor, vart møta haldne våren 2013 i den enkelte kommune etter tur (5 samlingar). Det vart gjennomført ROS-analyse innan kvart scenario omtala i prosjektplanen. Styringsgruppa inviterte eksterne aktørar til nokre av gruppesamlingane for å sikra breidde og kvalitet i arbeidet. Styringsgruppa Første møte i styringsgruppa for prosjektet var i Fjell kommune den 29. mai 2012. Til stades var representantar frå kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Styringsgruppa drøfta over ein periode ulike namn på prosjektet, men vedtok til slutt i møte desember 2012 å kalla prosjektet: «KystROS 2014 Risiko- og sårbarheitsanalyse for kommunane Askøy, Austevoll, Fjell, Sund og Øygarden.» Styringsgruppa er sett saman av representantar frå kvar av kommunane. Dette har gjeve gruppa høve til å bli godt kjent med kvarandre og med utfordringane i kommunane. Styringsgruppa har gjennomført møta rundt omkring i samarbeidskommunane. Blant anna har ein arbeida med status i den enkelte kommune, framdriftsplan, milepelar, økonomi, kostnadsdeling, bruk av konsulent, felles tema, grensesnitt, malar, opplæring arbeidsgrupper, felles arbeidsmappe, (dropbox). Til saman har styringsgruppa hatt om lag 20 møte i prosjektperioden frå mai 2012 til mai 2014. Styringsgruppa har forfatta sluttrapporten etter å ha fordelt skrivearbeidet mellom deltakarane. Arbeidet vart avslutta tidleg i mai 2014. Økonomiske konsekvensar: Dei økonomiske konsekvensane av tiltaka vil gå fram av dei årlege budsjetta og i økonomiplanen. Miljøkonsekvensar: Det er mykje miljøproblematikk knytt til ros-analysane. Det vert synt til dokumenta. Folkehelseperspektiv: God førebygging og risikoreduserande tiltak vil kunna fremja folkehelsa. Det vert synt til dokumenta.
Vurdering og konklusjon: I kommuneplanen sitt kapitel om samfunnstryggleik er hovudmålsettinga: «Øygarden kommune skal vera ein trygg kommune å bu, leva opphalda seg og arbeida i.» Samstundes er eit av delmåla å sikra at overordna risiko og sårbarheitsanalysar gjev eit heilskapleg oversyn over risikobiletet i kommunen. No har me komne dit. Verdien av det arbeidet som ligg i «KystROS 2014» vil utan tvil verta størst dersom analysen vert nytta i kommunen. Sluttdokumentet skal vera den enkelte kommune sitt hovuddokument for ei overordna ROS-analyse. «KystROS 2014» vil vidare kunna danna grunnlag og gje retning for den enkelte kommune sine overordna tiltak for samfunnstryggleik og beredskap. Det er viktig at kommunane i kvardagen brukar og viser til dokumentet i plan- og budsjettarbeid. «KystROS 2014» bør verta lagt ut på kommunen si heimeside. Hovudinnhaldet i dokumentet bør også formidlast til leiarsjiktet i kommunen. På tiltakssida har «KystROS 2014» konsentrert seg om hendingar som hamnar i «gul» og «raud» sone. Ansvaret for gjennomføringa av tiltaka kan vera kommunen, kommunen i samarbeid med andre, eller regionale eller statlege etatar. Dette går fram av tiltakstabellane under kvart kapitel. I staden for å ha ei lang liste med mange tiltak, har «KystROS 2014» fokusert på relativt få, men viktige tiltak. Samstundes har analysen «friskemeldt» mange område. Dette betyr likevel ikkje at det innan desse områda ikkje kan skje uønska hendingar. Den beste førebygginga er å alltid ha tanke for risiko i det daglege arbeidet. Skjerpa vilkår i lovverket set stenge krav til ROS-analyser knytt til arealplanlegging. På denne måten vil mange omsyn til å førebyggja uønska hendingar også verta ivareteke i kommunane. Måla for prosjektet er lista opp i kapitel 1.5. Det første målet var å gje eit heilskapleg oversyn over risikobiletet i dei fem kommunane som inngår i «KystROS 2014», både med omsyn til naturgjevne og menneskeskapte hendingar. Etter administrasjonen sitt syn har ein nådd dette målet. Det har vore utfordrande for fem kommunar i «gå i takt.» Prosjektet har difor teke noko lenger tid enn planlagt. Administrasjonen ser på dette som ei «førsteutgåve» av ei samla overordna ROS-analyse. I etterkant ser ein at ting kunne vore gjort annleis. Men dette er ein del av læringa som samarbeidskommunane kan ta med til neste runde. Det andre målet har vore å auka den generelle kunnskapen om risikotilhøve i KystROSkommunane. Dette har ein greidd, sjølv om administrasjonen skulle ha ønska at dokumentasjonsgrunnlaget kunne vore noko betre. Dei viktigaste tilhøva skal vera omtala og vurdert. Eit tredje mål har vore å gje samfunnstryggleik i KystROS-kommunane større merksemd. Etter eit breitt opplagd prosjektarbeid gjennom to års tid meiner ein å ha oppnådd mykje også i denne samanhengen. ROS-analysar og ymse sider ved samfunnstryggleik har vore tema på mange møte og samlingar det siste året. Regionrådet Vest og toppleiinga i kommunane har vorte orientert under vegs. Kommunane har vortne meir medvitne på kva ansvar dei har for samfunnstryggleik og beredskap.
Det fjerde og siste målet var at «KystROS 2014» skal vera eit hovuddokument og verktøy for vidare ROS-analysar på kommunenivå. Rådmannen har gode voner om at dette skal me greia å følgja opp. Dokumentet må rullerast. Styringsgruppa gjer framlegg om at «Regionrådet Vest» gjev klarsignal til naudsynt revisjonsstart seinast i 2017. I tillegg har Øygarden kommune utarbeida «KommuneROS 2014» som eit supplerande dokument til hovuddokumentet. Dette vert ikkje kommentert nærare utover det føremålet dokumentet skal tena. Rådmannen gjev slik INNSTILLING TIL VEDTAK/TILRÅDING: 1. Øygarden kommunestyre vedtek hovuddokumentet «KystROS 2014» slik det ligg føre. 2. Øygarden kommunestyre vedtek tilleggsdokumentet «KommuneROS 2014» slik det ligg føre. 3. Samla utgjer desse dokumenta den overordna ROS-analysen for kommunen og skal vera retningsgjevande for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på kommunenivå. 4. Regionrådet Vest gjev klarsignal når arbeidet med revisjon skal ta til, seinast i 2017. HANDSAMING I FORMANNSKAPET 11.06.2014 Innstillinga vart samrøystes tilrådd. FS-043/14 VEDTAK: Innstillinga vart tilrådd. HANDSAMING I KOMMUNESTYRET 18.06.2014 Samrøystes vedtak i samsvar med innstillinga. KS-039/14 VEDTAK: 1. Øygarden kommunestyre vedtek hovuddokumentet «KystROS 2014» slik det ligg føre. 2. Øygarden kommunestyre vedtek tilleggsdokumentet «KommuneROS 2014» slik det ligg føre. 3. Samla utgjer desse dokumenta den overordna ROS-analysen for kommunen og skal vera retningsgjevande for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på kommunenivå. 4. Regionrådet Vest gjev klarsignal når arbeidet med revisjon skal ta til, seinast i 2017.
Rong : 03.06.2014 Siri Fahlvik Pettersen rådmann Dokumentet er elektronisk godkjent, og krev difor ingen signatur.