Plan for rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2013 www.sfj.no www.sfj.no
Biletbidrag: Sogn og Fjordane bondelag v/ Merete Støfring (kyr, sau og mjølkeproduksjon) Mo og Jølster vidaregåande skule v/ Knut Vebjørnsen (fôrproduksjon, kjøtskjering og tømrararbeid) Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag v/ Harald Jarl Runde (tømmer) Njøs næringsutvikling v/ Dag Røen (bringebær i tunell)
Bakgrunn for arbeidet Fylkeskommunane har fått auka ansvar og nye oppgåver på område innafor rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Dei overordna rammene for fylkeskommunane som regional utviklingsaktør på landbruks- og matområdet er omtalt i tilskotsbrevet for 2013. For budsjettåret 2013 er det vidareført ei ramme på 20 mill kroner til fylkeskommunane sine tilskotsmidlar til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. For Sogn og Fjordane utgjer dette 1,6 mill kroner i 2013. Frå tilsegnsbrevet frå Landbruks- og matdepartementet 2013: For å nå målsettingen i Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken om økt matproduksjon, er det behov for dyktige bønder, god driftsledelse og god agronomisk kompetanse i hele landbrukssektoren. Fylkeskommunenes ansvar for dette området må ses i sammenheng med fylkeskommunenes brede rolle som utdanningspolitisk og regionalpolitisk aktør. Fylkeskommunene er også eiere av videregående skoler med utdanningsprogram naturbruk som utdanner fagpersoner til landbrukssektoren. Utfordringen framover er å utvikle naturbruksutdanningen og sikre rekruttering til utdanningen. Her har fylkeskommunene en viktig rolle. Det vil også være et stort behov framover for utvikling av gode etter- og videreutdanningstilbud for landbruksnæringen. Med utgangspunkt i departementet sitt tilskotsbrev til fylkeskommunane på landbruks- og matområdet har ei arbeidsgruppe utarbeidd rekrutterings-, likestillings- og kompetanseplan for landbruket i Sogn og Fjordane for 2013. Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen har hatt leiarog sekretariatfunksjonen for arbeidet. Arbeidsgruppa har vore sett saman slik: Knut Grinde, opplæringsavdelinga fylkeskommunen Karoline Aldis Bjerkeset, næringsavdelinga fylkeskommunen Merete Støfring, Sogn og Fjordane bondelag Olav Nesse, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag Ingunn Kjelstad, Sogn og Fjordane skogeigarlag Ingrid Døskeland, landbruksavdelinga, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Politisk handsaming: Hovudutval for plan og næring Leikanger, mars 2013 Knut Grinde rådgjevar opplæringsavdelinga 1
1 Innleiing 1.1 Overordna mål og retningslinjer for ordninga Tilskotsbrevet frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) slår fast at ordninga skal medverka til rekruttering og utdanning av næringsutøvarar som kan ivareta og styrka verdiskapinga i landbruket regionalt. Ordninga skal tilpassast regionale utfordringar knytt til rekruttering, likestilling og kompetanseheving innan både tradisjonelt landbruk og nye næringar. Prioriterte område bør vera: Tilskot til gjennomføring av kompetanseutvikling og kompetansehevande tiltak innan tradisjonelt landbruk og bygdenæringar, herunder støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesutøvarar i landbruket. Det kan også bli gitt støtte til kompetansetiltak som gir vaksne med annan vidaregåande utdanning grunnleggande landbruksutdanning Prosjekt og tiltak knytt til rekruttering til landbruksnæringa Tiltak som bidreg til å styrka rekrutteringa til dei offentlege og private naturbrukslinjene i den vidaregåande skulen Arbeid knytt til likestilling i landbruket 1.2 Sentrale og regionale dokument Som grunnlag for arbeidet med denne planen legg følgjande nasjonale og regionale dokument føringar for arbeidet: Jordbruksavtalen for 2012, der løyvingane for ordninga er vedtekne og ordninga er omtala Tilskotsbrevet frå Landbruks- og matdepartementet til fylkeskommunane for 2013, der ein finn konkret omtale av ordninga Meld. St. 9 Landbruks- og matpolitikken «Velkommen til bords», der ein finn føringar for prioriteringane innan landbrukspolitikken dei kommande åra og også mål for rekruttering, kunnskap og innovasjon Regionalt bygdeutviklingsprogram 2013 2016 Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 2
2. Landbruket i Sogn og Fjordane I dette avsnittet vil vi i korte trekk komma inn på utviklingstrekk innan landbruket i fylket, både produksjon, rekruttering, utdanning, kompetanse og likestilling. 2.1 Utviklingstrekk for landbruket og bygdenæringar i fylket Sogn og Fjordane er eit småskala landbruksfylke med grovfórbasert husdyrhald som bærande produksjonar. Landbruket betyr i gjennomsnitt meir for sysselsetjing og verdiskaping her enn i dei fleste andre fylke i landet. Frå 2001-2011 har det vore ein nedgang på 33 % i tal jordbruksverksemder. Ein har likevel i stor grad halde oppe volumet i produksjonen av mjølk og kjøt fordi jordbruksverksemdene vert større og meir effektive. Jordbruket i Sogn og Fjordane har på lik linje med resten av landet hatt ei utvikling mot færre og større einingar, sjølv om dette ikkje går like fort her som i resten av landet. I gjennomsnitt er den einskilde jordbruksverksemda i vårt fylke mindre enn landsgjennomsnittet. Samla produserer landbruket i fylket meir mat enn det som vert konsumert i eige fylke. I 2011 var det 2847 personar sysselsette innan jord- og skogbruk i Sogn og Fjordane. Dette utgjer 5,0 % av dei sysselsette i fylket medan det for landet utgjer 2,0 %. I forhold til den nasjonale produksjonen produserte vi 7 % av kumjølka, 15 % av geitmjølka, 6 % av storfekjøtet, 9 % av lammekjøtet, 9 % av frukta og 17 % av bæra 1. I tillegg kjem ringverknader av foredlingsindustrien der næringsmiddelindustrien åleine utgjer over 1000 årsverk. Vidare kjem frukt- og bærmottaka, mange småforedlingsbedrifter, sagbruk og sesonghjelp. Verdiskapinga innanfor landbruket i Sogn og Fjordane er totalt berekna til 708,3 millionar kroner, og mjølkeproduksjon utgjer hovudtyngda med 54 %. Arbeidsmengda i landbruket er rekna til 3883 årsverk, og i tillegg er ringverknadene av landbruksverksemda rekna til 554 mill kroner i verdiskaping og 2331 årsverk 2 1 Regional bygdeutviklingsstrategi for Sogn og Fjordane 2013-2016 2 NILF-Notat 2009-14, Verdiskaping i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar i Hordaland og Sogn og Fjordane 3
Tala syner at mjølkebruka vert større, med stor grad av automatisering. Samstundes er det denne produksjonen som set størst krav til at næringsutøvaren er til stades i drifta store deler av døgnet. Mjølkeproduksjon er den klart største og viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing. Fylket har utfordringar med å greie å halda på produksjonsmengda av mjølk og kjøt, og om mogeleg auka denne. Tal dyr går ned, og det er dermed færre dyr som nyttiggjer seg dei gode beiteressursane i utmarka. Innan deler av grøntsektoren har det vore ei positiv utvikling dei siste åra, særleg når vi snakkar om produksjon av bringebær, plommer og morellar. Vi produserer rundt 1100 tonn bringebær (76 % av produksjonen i Noreg) og rundt 120 tonn morellar (40 % av produksjonen i Noreg). Når det gjeld eple- og pære er utsiktene ikkje fullt så lyse, med lite fornying av driftsapparatet og ein høg alder på mange av næringsutøvarane. 4
Med aukande skogressursar i fylket, og potensiale for verdiskaping, går skogbruksnæringa spennande tider i møte. Det har vore gjennomført ei analyse i regi av Skognæringsforum Sogn og Fjordane, som syner potensiale for verdiskaping. Den offentlege partnarskapen set i gong prosjektet Tredrivar Sogn og Fjordane i løpet av 2013, eit prosjekt som skal medverka til auka verdiskaping knytt til bruk av tre. Bygdenæring vert innført som nytt omgrep i Meld. St. 9 om landbruks- og matpolitikken. Med bygdenæring siktar ein til all form for næringar med utspring i landbruket, men som ikkje direkte er knytt opp til tradisjonell produksjon av mat. Det kan vera Inn på tunet, aktivitetstilbod knytt til reiselivet, ulike former for tenester der ein gjer seg nytte av maskinparken som finst på garden til heilt andre føremål enn det tradisjonelle, foredling av råvarer på eige bruk, kafèdrift og mykje meir. For nokon er dette hovudinntektskjelda på garden, for andre er det eit tillegg til den tradisjonelle drifta. Innovasjon Norge har dei siste åra merka dalande interesse for å utvikla bygdenæringar. Årsakene kan vera mange, men i utgangspunktet treng ein dei rette personane som ynskjer å satsa og som ynskjer å bruka tid og krefter på å utvikla ein næringsveg som økonomisk ikkje vil vera noko gullgruve den første tida. Det er viktig å legga til rette for at næringsutvikling knytt til bygdenæringar kan skje, og etter kvart vil det også verta viktig å sikra rekruttering til allereie oppstarta verksemder. 2.2. Mål for landbruket i Sogn og Fjordane I Regional bygdeutviklingsstrategi for Sogn og Fjordane 2013-2016 vert det fokusert på moglegheiter for landbruket i Sogn og Fjordane. Den nye regionale BU-strategien peikar på mellom anna følgjande målsettingar i arbeidet framover: Sogn og Fjordane skal auka matproduksjonen med 1 % pr år og skapa eit mangfald av arbeidsplassar i bygdene samstundes som vi tek vare på det særmerkte kulturlandskapet og oppfyller dei nasjonale måla innan miljø og klima Sogn og Fjordane skal legga til rette for å skapa lønsame arbeidsplassar som også nye brukarar og unge vil satsa på Rekruttering, kompetanse og tilstrekkeleg med kapital vil vera viktige stikkord for å kunna arbeida mot å nå desse måla. Slik sett kan bruken av midlane i denne planen vera ein del av verkemidlane på vegen mot målet. 5
3. Kompetanseheving Landbruksnæringa er i utvikling, og har difor behov for kompetanseheving på stadig nye felt. Det er viktig at bøndene blir oppdaterte og får ny kunnskap knytt til drift og forskrifter. Landbruksog matsektoren har eit samansett kompetansebehov, noko landbruksutdanninga må avspegla heilt frå rekruttering i ungdomsskulen til vidaregåande nivå, på fagskulenivå og i høgare utdanning. Ei undersøking viser at over 70 % av bedriftene i matindustrien vurderer det som vanskeleg eller svært vanskeleg å få tak i fagarbeidarar. Det er også eit stort behov for kandidatar med høgare landbruksfagleg utdanning til forvaltning, rådgiving, undervisning og forsking (Meld.St. nr. 9 2011-2012 Velkomen til bords). Det er viktig å synleggjera sektoren sine kompetansebehov og profilera karrieremulegheitene som finst. Her kan t.d. arbeidslivsfag i ungdomsskulen vera med og skapa interesse for og rekruttering til landbruks- og matfag. Utfordringar: Gje tilbod om kurs- og prosjektdeltaking i samsvar med endringar i landbruket Kostnader med kurs og prosjekt 3.1 Vidaregåande opplæring Både nasjonalt og i Sogn og Fjordane er utdanningsprogrammet naturbruk det minste målt i tal elevar. Ved Mo og Jøster vg skule går totalt 92 elevar på naturbruk (2,1 % av alle elevane i fylket). Ved Sogn jord- og hagebruksskule (landsline) går 11 elevar på landbruk gartnarutdanning (ingen frå fylket) og 12 elevar på økologisk landbruk (2 frå fylket). Skuleåret 2012-2013 er det ein auke i tal elevar på vg1 naturbruk ved Mo og Jølster vg skule, med 13 elevar dette skuleåret mot 7 9 åra før. Også naturbruk med hest har ein liten auke dette skuleåret. Restaurant- og matfag har 2,9 % av elevane i fylket. Skuleåret 2012-2013 vart det teke inn 123 elevar på vg1, ein liten auke frå føregåande år, men nedgang på ca 10 rekna i snitt for dei seks siste åra. 6
Utfordringar: Utdanningstilbodet til naturbruk må stå ved lag i tider med sviktande elevgrunnlag Søking til skulane med naturbruk må stabiliserast og helst aukast Samarbeidet med rådgjevargruppa i grunnskulen må betrast Organisasjonane må vera aktive i profileringsarbeid 3.2 Landbruksopplæring for vaksne Vaksne utan landbruksutdanning som tek over gard eller som kan tenkja seg å bli bonde, treng tilbod om etter- og vidareutdanningskurs innan landbruksfaga. Slike tilbod må tilpassast og leggast til rette som deltidsstudie basert på samlingar og fjernundervisning, slik at utdanninga kan kombinerast med jobb. Fleire skular med naturbruk tilbyr slik komprimert agronom- og/eller gartnarutdanning tilrettelagd for vaksne. Nettbasert agronomutdanning for vaksne er eit undervisningstilbod som gir kompetanse som agronom etter to år. Tilbodet dekkjer erfart behov og inkluderer alle krav til sertifisering i næringa. Det er viktig at ein kan gje eit slikt tilbod i fylket. Det er også viktig med tilbod om produksjonsspesifikke kurs og sertifiseringskurs, der nye bønder kan få relevant opplæring innan sin produksjon. 3.3 Livslang læring Auka krav til effektivisering og betre inntening krev større driftskompetanse. Bonden blir bedriftseigar, og garden ei stadig større bedrift. Bedriftsøkonomisk tenking må difor sterkare inn som ledd i rekrutteringsarbeidet for framtida. 3.4 Mål og prioriterte tiltak kompetanseheving Mål: Fleksible moglegheiter for auka kompetanse hjå aktive yrkesutøvarar i næringa og vaksne som ynskjer å komma inn i næringa Tiltak: Sikra tilbod om agronomutdanning for vaksne Fagkurs knytt til ulike produksjonar/produksjonsmetodar 7
Nettverksbygging og fadderordningar, der utvalde erfarne brukarar utvekslar erfaringar med og rettleier nye 4. Rekruttering Det er behov for betra rekruttering til landbruket og tilhøyrande industri. I eit slikt rekrutteringsarbeid er det nødvendig å få fram kvalitetar, tilbod og mulegheiter i sektoren. Bondeyrket er krevjande, men gir også fleksibilitet og sjølvstende i kvardagen. I tillegg har det nærleik til natur, noko som kan bli verdsett meir og meir framover. Å legga til rette for auka kunnskap om og synleggjering av bygdenæringar som ein mogleg måte å utvikla verksemda på, vil vera ei viktig satsing i eit rekrutteringsperspektiv. Styrking av bøndene sine nettverk vil auka både motivasjon, kunnskap og evne til å utvikla landbruket vidare. Etablering av fadderordningar er også viktige tiltak. Skogbruk, trerelatert industri og næringsmiddelindustri har mange yrkesmulegheiter og karriereval. Slike kvalitetar og mulegheiter må synleggjerast betre enn det blir gjort i dag. 4.1 Mål og prioriterte tiltak rekruttering Mål: Rekrutteringa til utdanningsprogramma i naturbruk skal aukast Viktigaste målsetjinga må vera å sikra rekruttering til næringa, og prosjekt og tiltak knytt til slike mål vil difor bli prioriterte. Tiltak: Gi auka kunnskap om landbruket og utdanningsmoglegheiter innan landbruks- og matfag til rådgjevarar, lærarar, foreldre og elevar i grunnskulen La landbruksnæringa vera tema på næringsreiser for rådgjevarar og kontaktlærarar i ungdomsskular og vidaregåande skular Arrangera ungdomscampar for ungdom (primærgruppe 14 16 år) Bruka media meir aktivt for å spreia gode døme og betra omdømet Bygga nettverk og få i gang fadderordningar 5. Likestilling Det er eit mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha like mulegheiter til å driva næringsverksemd innanfor landbruk. Kvinner eig i dag om lag 25 % av alle landbrukseigedommar, og delen kvinnelege personlege gardbrukarar har auka siste åra til 14,3 % (2009). Situasjonen i Sogn og Fjordane er mykje lik situasjonen elles i landet. Fleire kvinner eig gardsbruk enn dei som er aktive næringsutøvarar. 8
5.1 Mål og prioriterte tiltak likestilling Mål: Landbruket og bygdenæringar med utgangspunkt i garden sine ressursar skal vera ei attraktiv næring for begge kjønn i Sogn og Fjordane I planen har ein vald at kompetanse- og rekrutteringstiltak skal vera felles for begge kjønn. Tiltak: I marknadsføring av tilbod må ein ha mål om auka kvinnedeltaking 6. Organisering av arbeidet Fylkeskommunen har ansvaret for planlegging, gjennomføring og formelle vedtak, men bruken av midlane skal gjerast i nært samarbeid med næringa. Frå tilskotsbrevet frå departementet for 2013: Ordningen og prosjektene det blir gitt støtte til må ses i samanheng med andre ordninger og aktører som arbeider med rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket. Landbruks- og matdepartementet forutsetter at det fortsatt legges til rette for et forpliktende samarbeid med næringen om innretningen av midlene knyttet til rekruttering, likestilling og kompetanseheving og den landbrukspolitiske dialogen i fylket generelt. Planen og grunnlaget for fordeling av midlane er utarbeidd av ei arbeidsgruppe, med fylkeskommunen, næringa sine organisasjonar og fylkesmannen som medlemmer. Fylkeskommunen har ansvaret for sakshandsaming av søknader og vedtak, men dette skjer etter drøftingsmøte der organisasjonane og fylkesmannen har høve til å komma med innspel. Årshjulet under syner arbeidsprosessen gjennom året. Oktober Drøftingsmøte og evaluering av korte kurs Januar Evaluering av prosjekt og start på ny plan September Søknadsfrist prosjektretta tiltak Mars Politisk handsaming av ny plan April Søknadsfrist korte kurs 9
7. Fordeling av midlar Sogn og Fjordane fylkeskommune har fordelt det statlege tilskotet knytt til tiltak innan rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket som vist i tabellen under. Tiltak Kroner Nettbasert agronomutdanning 500 000,- Kompetanseutviklingskurs korte kurs 400 000,- Prosjektretta tiltak innan rekruttering, likestilling og kompetanseheving 700 000,- Sum til fordeling 1 600 000,- 7.1 Rapportering Dei som mottek midlar til ulike tiltak skal gje ein kort statusrapport på tiltaket til fylkeskommunen innan 1. januar påfølgande år. Denne dannar grunnlaget for fylkeskommunen si rapportering til Landbruks- og matdepartementet og for vidare vurderingar og evaluering av plan og prioriteringar. Fylkeskommunen skal rapportera på bruken av midlane til Landbruks- og matdepartementet innan 1. februar 2014. Vidare skal dei som mottek midlar levera ein fullstendig sluttrapport ved gjennomføring av tiltaket, som grunnlag for sluttutbetaling av tilskot. Rapporten må innehalda: ei oppsummering av gjennomført kurs, tal deltakarar, tal kvinner og ei kort evaluering i forhold til måloppnåing fullstendig rekneskap, sett i samanheng med budsjett i innsendt søknad Aktuell utfyllande litteratur og dokument med tilvising til nettadresser: Meld.St.9: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dok/regpubl/stmeld/2011-2012/meld-st-9-20112012.html?id=664980 Regional bygdeutviklingsstrategi for Sogn og Fjordane 2013-2016: http://fylkesmannen.no/documents/dokument%20fmsf/landbruk%20og%20mat/r egionalt%20bygdeutviklingsprogram%20for%20sogn%20og%20fjordane%202013-216.pdf?epslanguage=nn Jordbruksoppgjeret 2012: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dok/regpubl/prop/2011-2012/prop-122-s- 2011-2012.html?id=683611 10