Godt fôr gir mjølk, - og pengar Det er artig å driva gard, men det krev pengar. Pengar til fjøs og til maskiner og litt til oss sjølve. Pengar får me i hovudsak frå å selga mjølk. Kua kan gje oss mykje mjølk, men då vil ho ha mykje og god mat. Maud Grøtta Landbruk Nordvest Eva Kaldahl og Knut Haga på Grandaunet i Overhalla vil gje kyrne sine det fôret dei treng for å produsere mykje mjølk. Då må det vere fôr med mykje energi og protein, og det betyr at enga må slåast på eit tidleg utviklingsstadium. Det er ikkje alle artar av gras og kløver som tåler ei slik handtering, det gjeld å finne dei som greier seg godt i eit slik regime og som utnyttar vekstsesongen godt. Knut vil ha fleire slike artar og sortar, det er for få å velje i på den norske frømarknaden. Kg mjølk pr daa Knut vil produsere mykje mjølk pr daa. Dvs at han strevar etter å få til store avlingar av ein kvalitet som får kua til å produsere mjølk. - Og me vil ha mykje mjølk pr. ku. Dei siste åra har me greidd om lag 9000 kg energikorrigert mjølk (EKM) pr årsku. Innhaldet av protein har lege på 3,5-3,7% og feitt på 4,3%. Kua må ha proteinrikt fôr for å mjølke mykje. Store mengder fôr med for lite protein gir feite kyr, det vil me ikkje ha. For å få den fôrkvaliteten me ynskjer må me slå i rett tid, og viss det regnar så slår me dagen før! Rett slåttetid For at grovfôret skal ha høgt nok innhald av energi og protein må enga slåast i byrjande skyting. Byrjande skyting er definert slik: Ein del av akset er synleg på minst 10% av skota. Det betyr at når ein ser toppen av nokre få aks så er tida inne. - I praksis er det veret som bestemmer når graset kan slåast. Er det ein god verperiode så slår eg sjølv om eg tykkjer det er litt for tidleg, seier Knut. God mat vil ho ha, kua. Fôr til kua, ikkje ku til fôret. Knut Haga unngår sortar som avsluttar veksten tidleg for å bu seg på ein lang vinter. Her er det frisk og fin hunde- og raigraseng 17 oktober hausten 2009. Foto: Arnar Lyche 24 Nr. 1
Fakta Grandaune Gran Drives av Eva Kaldahl og Knut Haga Ligger i Overhalla kommune i Nord- Trøndelag 470 daa dyrka mark og 70 daa innmarksbeite Økologisk mjølkeproduksjon 36 årskyr, NRF Avdrått 9000 kg EKM 15 FEm kraftfôr pr 100 kg mjølk Gjennomsnittlig grovfôropptak 13 FEm pr dag Eva Kaldahl og Knut Haga vil gje kyrne sine det fôret dei treng for å produsere mykje mjølk Arkivfoto - Men det skal ikkje vera særleg lenge før byrjande skyting, for då vert den samla avlinga mindre enn ho treng vera. Det er lettare å få til høg nok kvalitet på gjenveksten, men ein må passe på her og, særlig når 1.slåtten tas tidleg vil det bli fleire strå som skyt i gjenveksten. Passande avstand mellom slåttane har vist seg å vere omtrent 4-500 døgngrader, her hjå oss i Nord-Trøndelag vil det oftast seie 4-6 veker, etter type eng. Me har om lag same innhald av energi i alle tre slåttane, om lag 0,95 FEm/kg ts, medan proteininnhaldet er lågare i 1.slåtten enn i fôret frå dei to andre slåttane. PBV er gjerne +15 for 1.slåtten og +30-50 for 2. og 3.slått. Nok kløver Kløverinnhaldet er òg viktig for å få høgt proteininnhald. Det varierer svært mykje frå skifte til skifte, gjennom sesongen og frå år til år. Kløveren er treig om våren når jorda er kald. Difor er det meir kløver og meir protein i gjenveksten. Slår ein svært tidleg vert det lite kløver i 1.slåttfôret. Utover hausten er det kvitkløveren som gjer mest av seg. Kløver treng godt med kalium og andre mineral. Dette er ikkje noko problem på leirjorda, men på lettare jord og myr kan det vere behov for meir gjødsel for at kløveren skal få nok næring. På myr ser me at graset veks bra, men kløveren trivst dårleg. Me ser og at kløveren ikkje trives like godt alle år, i ein kald og våt sommar har han det ikkje så bra, særleg ikkje raudkløveren. Ver og haustingsforhold i attleggsåret har mykje å seie for kløvertilslaget. Legde øydelegg mykje. Om ein blir nøgd til å hauste attlegget under våte forhold går det meir utover kløveren enn graset. - Me har prøvd med ert i korn og grønnfôr for å ha andre belgvekstar enn kløver. Det har ikkje vore så vellukka, fordi duene et ertene frå åkeren. Erta gir meir protein i krossen, men massen er svært vanskeleg å få gjennom trøska. Redusere køyrebelastning Køyring på enga kan øydelegge for både gras og kløver, men særleg raudkløveren er utsett. Ved fleire haustingar, slik me held på, vert det ei større belastning, seier Knut. - Me prøver å redusere skadane så godt me kan: faste fotland og faste kjørevegar, små lass om det er vått, lettast mogleg traktor, lågprofildekk / tvillingdekk, lågt dekktrykk. På attlegg brukar han fôrhaustar, små lass med liten traktor. - Dette tar lang tid, men gir ei skånsam handtering av attlegget. Me har sjølv ei lett rundballepresse på 1700 kg som me slår oppi med 3 tonns traktor. Pressa går på sida av traktorhjula, og med brei slåmaskin unngår me hjul-i-hjul. Av og til har me leigd rundballepressing med normalt tung ekvipasje. Då er det opp mot 50% mindre gjenvekst enn om me har hausta sjølv, men det går fortare unna. Utnytter vekstsesongen Mange sortar og artar av engplantene våre avsluttar veksten mens det enno er rikeleg lys og temperatur til vidare vekst. Særleg i engfrøblandingar til økologisk drift har det vore brukt mykje frø av vintersterke sortar som eignar seg godt høgt til fjells og langt mot nord. Når desse vert brukt i låglandet og sørpå, avsluttar dei veksten unødig tidleg på hausten. Produksjonspotensiale til jord og klima vert ikkje utnytta. Ved å bruke sørlegare sortar vert avlinga på gjenveksten større, og det vert godt beitegras å henta for kyrne til langt uti oktober enkelte år. På skifte eller engparti som lett får vinterskade (søkk, rygger) vert det sådd inn meir vinterherdige sortar, eller ein må lappe oftare. Optimistblanding I Overhalla er det vanleg med to slåttar, men Knut prøvar å få til 3. Han har prøvd seg fram til eigne frøblandingar. Den såkalla optimistblandinga hans som han har bruka dei siste 14 åra består av i kg pr dekar omtrent: - 2 kg hundegras (Frisk) - 1,5 kg fleirårig raigras (Fia, Fenre, Napoleon) Nr. 1 25
- 0,3 kg raudkløver (Reipo, Betty) - 0,1 kg alsikekløver (Alpo, Frida) - 0,2 kg kvitkløver (Milkanova, Hebe, Sonja). - Evt 0,2 kg engrapp Denne blandinga med litt variasjon vert bruka på om lag halve engarealet. Hundegras kjem tidleg om våren, og kan slåast 2-3 veker før timoteienga. Raigraset kjem seinare, men veks betre utover hausten. Slik utfyller dei to artane kvarandre, og vekstsesongen vert godt utnytta i begge endar. Dei toler begge hyppig og sein hausting. Risikoen med denne enga er at hundegraset toler lite berrfrost. Raigraset druknar/rotnar om det er att mykje plantemasse og det kjem blautsnø før frostherdinga er ferdig. Engrapp passer godt i lag med hundegras og raigras og er grei å ha med i mindre mengde. Saman med kvitkløveren tettar han beiteskadar med utløparane sine. Kløverbuffer Knut tar med alle dei tre typane kløver for å ha mest muleg mangfald i enga. - Det er ei utfordring at raudkløver tåler lite av både hjul og klauver. Alsikekløver klarer seg langt betre både i våte og tørre år, sjølv om han er dårlegare enn raudkløveren i mange forsøksfelt. Kvitkløveren er lyskrevjande og kjøresterk, og greier seg godt i denne typen eng som vert hausta 3-4 gonger i sesongen eller beita. I vil han redusere mengda raudkløver i denne blandinga og auke mengda kvitkløver. Pessimistblanding med timotei På andre halvdelen av arealet brukar dei pessimistblandinga med timotei: - 1,2 kg timotei Grindstad - 0,4 kg timotei Vega - 1,5 kg fleirårig raigras - 0,4 kg raudkløver (Reipo) - 0,1 kg alsikekløver - 0,05-0,2 kg kvitkløver Timoteien gir bra avling på god jord, men toler dårleg beiting og hyppig hausting. Knut tar ikkje med engsvingel i frøblandingane fordi denne er lite smakeleg og veks dårleg om hausten. - Engrapp skyt tidlegare om våren enn timotei, og gir for mykje ufordøyelege trevlar når me slår etter utviklinga på timoteien. Kvitkløveren skyt raskt etter 1.slåtten, og er for gamal når timoteien er takande, men på areala som skal beitast er han svært viktig å ha med. Val av frøblanding vert tilpassa jorda på kvart skifte. -Me slit noko med lavt moldinnhald på bakkeplanert leirjord. Her ser eg at hundegraset og timoteien har problem, men at raigras og kløver greier seg fint. I søkk med djup matjord er det derimot hundegras og timotei som dominerer. For få sortar å velje i Knut synes det er altfor få sortar å velje i, særleg når det gjeld raudkløver. Dei tetraploide raudkløversortane er sterkare enn dei diploide, og forsøk på garden har vist at desse gir 30% høgare avling. Likevel har dei fleste norske frøblandingane diploid raudkløver, og ofte berre ein sort. Tetraploide sortar er vanskelegare å dyrke frø på grunna store blomar og lang veksetid. - Reipo er ein sterk norsk sort med betre gjenvekst enn Betty. I Sverige satsar dei no på Torunn som gir 15-20% betre avling enn Betty. Elles må raudkløveren bli avla vidare for å tåle fleire slåttar. Utvalet er betre for kvitkløver. Her har me Milkanova, Sonja og Hebe som alle er storvokste og overvintrar godt. Isåing med kvitkløver og raigras I Grandaunet vert det av og til sådd inn raigras og kvitkløver tidleg på våren før gjødslinga, dersom enga er tynn etter vinteren. Eng som skal vare eit år eller to til, får 1-2 kg fleirårig raigras og 1 hekto kløver, medan sisteårsenga får 2 kg eitt- og toårig raigras. - Dette ser eg godt resultat av på 2. og 3.slåtten same året. Eg synes og at kvitkløverplantene vert mindre utover i engåra. Det ser ut som frøplanta er større enn dei plantene som utviklar seg vegetativt. Enga vert vanlegvis fornya kvart 4. år. Noko eng som er særs bratt vert 6-7 år, men gir bra avling ved jamnleg fornying. Spreie risiko og arbeidstimar i grasberginga Berging av vinterfôr startar med rundballeslått av hundegras. Noko hundegras går i botn av siloen som strukturfôr før dei legg timoteienga. På toppen kjem 2.slått til koppen er full. Dermed kan dei lett blande fleire kvalitetar ved fôringa. Resten av graset vert beita, fôra direkte eller lagt i ball. Er det ein god verperiode så slår eg sjølv om eg tykkje Med to slag frøblandingar i enga vert ikkje alt klart for slått samstundes. Då vert det lettare å rekke over alt arealet i rett tid i høve til graset si utvikling, og det vert heile tida beite tilgjengeleg når graset vekst opp att til ulik tid. Knut prøver så langt det går å unngå vått fôr og skadeleg køyring. Ved ustabilt ver vert siloen dekt til i vente på betre høve for grashausting. - I skitver er det oftast kaldt og det er lite utvikling i enga så det er ikkje noko å stresse etter. Når varmen først kjem, skyt graset vanvittig fort og slåtten må gå unna. Alltid ensileringsmiddel Dei brukar ensileringsmiddel på alt graset til surfôr. Knut seier han tør ikkje prøve utan i siloen, han er redd for varmgang og sporer. - Dessutan er rask ph-senking 26 Nr. 1
r det er litt for tidleg, seier Knut. Arkivfoto viktig for å unngå at proteinet vert brote ned til ammoniakk, hindre tap av sukker og danning av for mykje organiske syrer som set ned fôropptaket, forklarar Knut. - Ensileringsmiddel i rundballane fører til at det heller ikkje blir noko svinn av dette fôret. Eg senker farten til det halve når rundballen er nesten ferdig, slik vert det meir syre i det yttarste laget der det er størst risiko for å få skjemt fôr. God gjæringskvalitet sikrar eit stort grovfôrog næringsopptak hos kyrne, og gir meir mjølk med mindre kraftfôr. Feilgjæra surfôr kan gi smaksfeil og tap av eliten. Beiting og direktefôring Kyrne et mykje meir grovfôr om dei får det friskt samanlikna med kva dei tek av silofôr og rundball. Difor vil Eva og Knut ha så lang sesong med friskt fôr som mogleg. Beiteperioden startar allereie i april på den enga som skal pløyast. Frå midten av mai til omkring midten av oktober hentar kyrne på Grandaunet mykje av fôret sitt på beite. I tillegg får dei direktehausta fôr inne, alt etter beitekvaliteten. - Dette vert gjort for å utnytte arealet godt og for å få kyrne til å ete mykje grovfôr. Eg prøver heile tida å balansere fôret til riktig kvalitet med omsyn til trevleinnhald og protein. Då må kyrne få fleire fôrkvalitetar gjennom døgnet. Mykje av tida kan kyrne sjølv velje om dei vil gå ut og beite eller om dei vil ete av det fôret dei får inne. Er det svært varmt er dei helst inne heile dagen, men går ut om natta. Til beiting og direktefôring høver ei blanding av hundegras, raigras og kvitkløver godt, synest Knut. Denne enga vert då hausta ved beiting eller slått 4-6 gonger. Det er ikkje uvanleg at Knut køyrer på ei vogn med møkk etter at han har slått av dagens fôr. - Hundegras veks så fort at ein kan ikkje vente til dagen etter! Raigraset tåler betre å bli beita på hausten enn dei andre grasartane. I ei blanding ordnar dette seg sjølv for kua tar helst tuvene med raigras og lar hundegras og timotei få stå. Ny eng vert aldri beita på hausten, og er det vått er det berre siste års eng kyrne får sleppe ut på. Direktehausting skader enga mindre enn når 30 tonn kyr trampar omkring. I periodar kan beitinga bli avgrensa til eit par intensive timar om dagen for å hindra tråkk. Likevel tar dei opp mykje av dagsbehovet om graset er høveleg langt. Grovfôr, kraftfôr, kross og mineraler Basisen i fôringa er godt grovfôr som vert tildelt 4-6 gonger om dagen, og Knut har rutiner som inneber turar innom fjøset for å jamne på fôret. - Vegen til postkassa går over fôrbrettet! I tillegg får kyrne som mjølkar mest 0,5-2 FEm våtkrossa korn (1,5-2 kg ts/fem). Av kjøpt kraftfôr vert det bruka 12-15 FEm pr 100 kg mjølk. Krossen er fiberrik, gir høg feittprosent og er eit smakeleg tilleggsfôr, men krev at kua får ekstra protein. Om sommaren blir kross bruka for å balansere svært proteinrikt og fiberfattig beitegras. Ureatalet er eit godt mål på om ein har lukkast med å balansere protein og energi. Eva og Knut ynskjer at ureatalet i mjølka skal ligge over 4 for å sikra god avdrått, men under 6 for å hindre N-tap og dårlegare fruktbarheit. I gjennomsnitt for alle kyrne og gjennom året ligg ureatalet på 4,7. Kross får kyrne i mjølkestallen. - Om kyrne ikkje har ete opp det som ligg på fôrbrettet strør eg på litt havrekross, då kjem dei og et opp, fortel Knut. Mineralblanding vert strødd på grovfôret to gonger om dagen. Alle dyr har alltid tilgang til raud saltslikkestein for å sikre nok natrium og kopar. Eit anna mål på at ting fungerer godt er at kyrne på Grandaunet har høg fruktbarheit; FS-talet ligg på 100, medan gjennomsnittet i regionen er om lag 60. Vil ha tilbake fiskemjølet Eva og Knut har bruka fiskemjøl for å regulera proteintilførselen, både til kyr, ungdyr og kalvar. Dei essensielle aminosyrene i fiskemjølet gjer at dyra utnyttar fiber i grovfôret betre, og kviger og sinkyr klarte seg på attleggshalm attåt kross og fiskemjøl. Etter at det vart forbode med fiskemjøl til fôr må dei velje andre løysingar. Ein av dei er å bytte kraftfôret frå Drøv 17 til det nye Drøv 19 som inneheld lusernemjøl i tillegg til soya. Ei anna løysing er at dei har gått litt ned på bruken av kross. Elles er det å vera bevisst på kva grovfôr som blir bruka. Når det trengs meir protein, slik som på våren før beiteslepp, vert menyen piffa opp med rundballar av tredjeslått. Endå kortare intervall mellom slåttane kan vera ei løysing, men då vil det lett verte for lite struktur i fôret. Å ikkje kunne bruke fiskemjøl har store økonomiske konsekvensar. AAT i fiskemjølet gir god proteintilførsel og høgt proteininnhald i mjølka. - Då det vart slutt på fiskemjølet falt proteininnhaldet i mjølka hjå oss frå 3,7 til 3,5%. Gjennom eit år vil det bety 40-50.000 kr i redusert mjølkeoppgjer. For å erstatte 100 g fiskemjøl til ungdyr pr dag med kraftfôr trengs det 1 kg kraftfôr eller foring med godt surfor. Skal proteinet erstattast gjennom grovfôret må me sannsynlegvis bruke om lag 50-70 daa meir berre til ungdyra. Flat laktasjonskurve For å få til mykje mjølk på lite kraftfôr prøver Eva og Knut å halde topplaktasjonen nede på eit moderat nivå. Då vert det enklare å halde kua i god energibalanse og å halde høg yting Nr. 1 27
Å ikkje kunne bruke fiskemjøl som proteinkilde har store økonomiske konsekvensar. Då det vart slutt på fiskemjølet falt proteininnhaldet i mjølka frå 3,7 til 3,5%. Foto: Arnar Lyche Grøfting og kryssåing mot ugras Knut fortel om korleis dei har opparbeida god hevd på areala, og har nygrøfta storparten av heimejorda og vel 100 daa av leigejorda. På eit skifte med myr, der krypsoleia herja, har han køyrd på leire og matjord. No fungerar det skiftet bra. På andre skifte har graving av kantgrøfter gjort stor forskjell. Likeså er det viktig med jamnleg spyling. I attlegget vert det alltid brukt dekkvekst. Som regel er dette havre som vert slått rundt skyting (veks opp att i lag med attlegget), eller bygg som vert hausta til kross. Grasfrøet vert sådd grunnare enn kornet og i ei anna såretning. Er det tid til det vert graset sådd i to omgangar og slik at det vert brukt tre såretningar. Kryssåinga gjer at graset dekker betre og konkurrerer betre mot tunrappen som kan vere eit problem. Kornet vert sådd først, deretter graset, men helst same dag i tilfelle det regnar dagen etter. i lang tid. Kvigene gir om lag 7.500 kg mjølk, dei vaksne om lag 10.000. Enkelte svært gode beitarar har vore oppe i 13.000 kg. - For å få til dette gis det ei svak oppfôring fram til kalving. Når det er 2-3 veker att til kalving får kua komme inn i lausdrifta og får då fri tilgang på grovfôr. Tildeling av kraftfôr startar 10 dagar før kalving, og aukar opp til 3 kg på kalvingsdato. Det ideelle er å halde dagsavdråtten på om lag 35-40 kg i høglaktasjonen for vaksne kyr og 25-30 kg for kviger. Det er stor genetisk skilnad i NRF-populasjonen; enkelte kyr mjølkar over 50 kg om topplaktasjonen er sommarstid. I stigande laktasjon treng kua god energidekning og moderat proteindekning for å halde seg frisk og klare høg dagsavdrått lenge. Me prøver å få til ei sakte auke av mjølkemengda, slik at kua er i topplaktasjon først etter ein liten månad. Ein annan fordel med å ha ei forsiktig oppfôring fram til kalving er at kalvingane vert lettare. Kjøtbeinmjøl for avling og protein Gjødslinga foregår med slangespreiing der det er muleg. Om våren vert det blanda inn kjøtbeinmjøl i gjødsla i ein mengde som tilsvarar 30-50 kg pr daa, mest på kløverfattig og eldre eng. På eng som ligg langt unna fjøset og er køyresvak, brukar dei om våren 80-90 kg kjøtbeinmjøl blanda med kalk. Fosforfattig nyland (80 daa) får også nærare 100 kg kjøtbeinmjøl i tillegg til gylle. Gjødsla vert spreidd så tidleg som muleg om våren og straks etter 1.slåtten. På hundegras/raigras-eng vert det gjerne spreidd ein 3. gong ved tidleg slått. Det ser ut som denne praksisen gir bra med protein i fôret også i 1.slåtten. Der det skal beitast rett etter 1.slåtten vert det hatt på større mengde på våren og ingenting etter slåtten. Slår i hel høymola Høymola er ikkje Knut så redd for i slåtteenga, ho kan ein slå i hel, meiner han. - Men ein må slå mange gonger. I hundegras/raigraseng går det dårleg med høymola. Kveka trivst heller ikkje med mange slåtter eller beiting. På skifte med mykje ugras har dei grønfor med eitt- og toårig raigras gjerne to år på rad. Saman med god pløying er dette svært effektiv både for å unngå oppvekst frå rota og for å tappe frøbanken i jorda maud.grotta@lr.no 28 Nr. 1