Strategiplan for folkehelsearbeid. Tannhelsetenesta Hordaland fylkeskommune

Like dokumenter
Den offentlege tannhelsetenesta - folkehelsearbeid

Tenesta for PU og tannhelsetenesta. Tenner for livet

Korleis ta hand om munn og tannhelse?

Tannhelse for eldre. Fylkestannlege Arne Åsan

Helsestasjons- og skulehelsetenesta og tannhelsetensta. Tenner for livet.

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tannhelsetilbod til rusmisbrukarar

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Avtale SAMARBEID MELLOM DEN KOMMUNALE BARNEVERNSTENESTA OG DEN OFFENTLEGE TANNHELSETENESTA. Tenner for livet

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Tannhelse og barnevern, samhandling til beste for barnet.

Til deg som bur i fosterheim år

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Resept for eit sunnare FørdeF

Helsetilbodet til asylsøkjarar - aktuell informasjon 15. mars 2015

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Vår ref. 2014/ Høyringsuttale til tannhelsetenesta sin klinikkstrukturplan

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Plan for overgangar. for barn og unge

Kommunedelplan for oppvekst

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Folkehelsesatsing for barn og unge. Marit Nordstrand Leiande helsesøster og folkehelsekoordinator Høyanger kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Informasjonshefte Tuv barnehage

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Den offentlege tannhelsetenesta AVTALE. Samarbeid mellom barneverntenesta og tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane.

1. Mål med samhandlingsreforma

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Reflekterande team. Oktoberseminaret Ove Heradstveit, kommunepsykolog, Familiens Hus i Øygarden

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Avtalen er utarbeid i samarbeid mellom % U. HORDALAND «xx «SOGN OG HORDANE FYLKESKOMMUNE 3 V \ FYLKESKOMMUNE. Foto: Gitte Boge

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Sogn frisklivssentral Innovasjonskonferanse Helse&omsorg Tysdag 20.mai 2014

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Informasjon til pasientar og pårørande

Fagutvikling av personell i den offentlege tannhelsetenesta. Avslutning. sfj.no

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Tannhelsetenesta

Disposisjon. Hvordan er ståa? Samhandling Tanntastisk i Kvam. Kosthold FA FIA Røyk og snus Alkohol

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Sandeid skule SFO Årsplan

Kva skal gjerast og kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Folkehelsearbeid i tannhelsetjenesten

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

1 :-) Attraktive Bømlo. Foto: Jan Rabben

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Transkript:

Strategiplan for folkehelsearbeid Tannhelsetenesta Hordaland fylkeskommune 2012-2014

Strategiplan for folkehelsearbeid 2012-2014 3 Folkehelsearbeid Samfunnet sin totale innsats for å oppretthalde, betre og fremme befolkninga si helse gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko og styrke faktorar som bidrar til betre helse. IS-1845 H.dir. 2010, Folkehelsearbeidet - veien til god helse for alle. Folkehelsearbeid omfattar ikkje kurative tenester i form av klinisk diagnostikk, behandling, pleie og omsorg. Foto på framsida: Opplysningskontoret for frukt og grønt

4 Strategiplan for folkehelsearbeid 2012-2014 Innhald Innleiing 5 Folkehelsetiltak som skal gjennomførast av alle tannklinikkar årleg 6 Folkehelseplan - årshjul 6 Samarbeidsavtalar 6 Folkehelsetiltak som bør gjennomførast av alle tannklinikkar 8 Folkehelsetiltak som skal gjennomførast i tannhelsetenesta 10

Strategiplan for folkehelsearbeid 2012-2014 5 Lov om tannhelsetjenesten, 1984: Fylkeskommunen skal fremme tannhelsen i befolkningen og ved sin tannhelsetjeneste sørge for nødvendig forebyggelse og behandling. Den skal spre opplysning om og øke interessen for hva den enkelte selv og allmennheten kan gjøre for å fremme tannhelsen. Forebyggende tiltak prioriteres foran behandling. Innleiing Styresmaktene har sett folkehelse på dagsorden. Helsefremmande og førebyggande arbeid er blitt ei oppgåve for heile samfunnet og ikkje berre for helsetenesta. Folkehelsearbeidet er inne i ei brytningstid og i løpet av denne strategiplanperioden kjem tre nye lover som vil ha innverknad på arbeidet vårt. Dette er: Lov om folkehelsearbeid Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. Ny / revidert Lov om tannhelsetenester Nasjonale satsingsområde for strategiplan perioden: Sosial utjamning i helse - tiltak retta mot born og unge med fokus på sosioøkonomisk bakgrunn. Health in all Policies - helse i alt me gjer. Det me føretek oss innan ulike sektorar har innverknad på helsa. Berekraftig utvikling - sette befolkninga i stand til å ta vare på eiga helse, dermed kan me sikra behandling til dei som treng det. Tannhelsetenesta i Hordaland er langt på veg når det gjeld folkehelsearbeid og me har inngått samarbeidsavtalar med alle våre viktigaste samarbeidspartar. Ved å fylgja opp samarbeidsavtalane vil ein syna samarbeidspartane at tannhelsetenesta meiner alvor og at helsefremmande og førebyggande arbeid er høgt prioritert hjå oss. Tannhelsetenesta har lang tradisjon for å arbeida helsefremmande og førebyggande, ein kompetanse me må vidareutvikla, synleggjera og dela med andre aktørar. Me veit at folkehelsearbeid nyttar. Grunna det langsiktige helsefremmande og førebyggande arbeidet har storparten av dagens born og unge ei god tannhelse. Dette tiltross finn ein framleis utfordringar blant enkelte av våre pasientar, noko som gir utslag på tannhelsestatistikken, spesielt gjeld dette DMFT for 12- og 18 åringane. I tillegg opplever ein ei auke i utvikling av dentale erosjonar hjå ungdommar. Vidare må større merksemd rettast mot den aukande delen av pleietrengande pasientar med eigne tenner som kjem inn under Gr. C. Samstundes er det utfordringar og rom for forbetring blant dei andre prioriterte gruppene. I plan for tannhelsetenester i Hordaland, Fylkesdelplan 2010-2013 har ein sett fylgjande mål: 5.3.1 Tannhelsetenesta i Hordaland skal vere best i landet. For å bli best i landet og lukkast med folkehelsearbeidet er ein avhengig av kontinuitet, systematikk og langsiktigheit. I den grad det er mogleg skal ein til ei kvar tid nytta evidensbaserte tiltak og ein skal i større utstrekning leggje lokal tannhelsestatistikk til grunn i våre vurderingar. Tannhelsetenesta i Hordaland har som mål å gje eit einsarta tilbod til heile befolkninga i Hordaland, samstundes skal det vera rom for lokale tilpassingar der det er spesielle utfordringar. Difor vil ein i denne strategiplanen skilja mellom: folkehelsetiltak som skal gjennomførast av alle tannklinikkar. folkehelsetiltak som bør gjennomførast av alle tannklinikkar. folkehelsetiltak som skal gjennomførast i tannhelsetenesta.

6 Strategiplan for folkehelsearbeid 2012-2014 Folkehelsetiltak som skal gjennomførast av alle tannklinikkar årleg. Folkehelseplan- årshjul. Planlegging Detaljert folkehelseplan skal årleg utarbeidast på kvar tannklinikk. Alle på klinikken skal vera involvert i planlegginga. Strategiplan for folkehelse og lokal tannhelsestatistikk skal nyttast og leggast til grunn for planlegginga. Leiande tannpleiar skal vere med på arbeidet. Utfylling av folkehelseplan. Alle tiltak skal førast på med: fullstendig kontaktinformasjon på samarbeidspartar fullt namn på samarbeidspart fullt namn på kontaktperson telefonnummer e-post adresse månad for gjennomføring ansvarleg for gjennomføring estimert tidsbruk 15. januar: Klinikken sin folkehelseplan for inneverande år skal vera sendt til leiande tannpleiar, som samordnar og kvalitetssikrar planane i dialog med klinikksjef. Ansvarleg: Klinikksjef. 31. januar: Leiande tannpleiar vidaresender dei samordna og kvalitetssikra planane for inneverande år samla til rådgjevar for folkehelse og overtannlege. Ansvarleg: Leiande tannpleiar Innrapportering Folkehelsearbeidet skal innrapporterast til leiande tannpleiar tertialvis: 30. april: total tidsbruk på folkehelsearbeid skal lesast av folkehelseplanen og rapporterast inn. 31. august: total tidsbruk på folkehelsearbeid skal lesast av folkehelseplanen skal rapporterast inn. 31. desember: folkehelseplan med reell tidsbruk frå året som har gått skal rapporterast inn. Her skal det koma fram når dei enkelte tiltaka er gjennomført og kven som har gjennomført dei. Dersom eit tiltak ikkje er gjennomført som planlagt skal det grunngjevast. Ansvarleg: Klinikksjef Innrapportert tidsbruk og folkehelseplanar for kvart tannhelsedistrikt skal samordnast og kvalitetssikrast av leiande tannpleiar og vidaresendast samla til rådgjevar for folkehelse og overtannlege innan : 15. mai innrapportert tidsbruk vidaresendes samla 15. sept. innrapportert tidsbruk vidaresendes samla 15. januar. folkehelseplan med reell tidsbruk frå året som har gått vidaresendes Leiande tannpleiar har eit følgemedansvar for å sjå til at planane blir følgde. Ansvarleg: Leiande tannpleiar Samarbeidsavtalar For å kunna gje innbyggarane i Hordaland det tannhelsetilbod dei har rett på og oppfylla krav i Lov om tannhelsetjenester ynskjer tannhelsetenesta i Hordaland å inngå samarbeidsavtalar med alle kommunane i Hordaland. I kjølvatnet av den nye samhandlingsreforma vil det bli auka fokus på tverrsektorielt samarbeid i kommunane. Når me er i kontakt med våre kommunale samarbeidspartar er det særs viktig å presisera at tannhelse ynskjer og kan delta i kommunen sitt folkehelsenettverk tiltross for at me er organisert under fylkeskommunen. Ved inngåing av: 1. Overordna avtale med kommuneleiinga - kommunale helse og sosialtenester. skal: overtannlege, klinikksjef og leiande tannpleiar delta på møtet ( Bergen kommune er eit unntak). Ved inngåing av dei øvrige samarbeidsavtalane 2-7 skal klinikksjef og den personen som vanlegvis er i kontakt med den enkelte institusjon delta på samarbeidsmøtet. Alle tannklinikkar skal vera pådrivarar for å inngå og fylgja opp fylgjande samarbeidsavtalar i sine kommunar: 1. Overordna avtale med kommuneleiinga - kommunale helse- og sosialtenester. Deltakarar på møtet: Overtannlege, klinikksjef og leiande tannpleiar. Innkalla til samarbeidsmøte og skrive referat. I møtet med kommuneleiinga må det presiserast at tannhelse ynskjer og kan delta i kommunen sitt folkehelsenettverk/folkehelsearbeid tiltross for at me er organisert under fylkeskommunen. Tips til tema på samarbeidsmøtet: Informasjon om tannhelsetenesta sitt folkehelsearbeid og alle samarbeidsavtalane. Presentasjon av tannhelsedata for kommunen - om noko utmerkar seg spesielt i positiv eller negativ retning bør dette koma fram. Tannhelsedata for Gr. C, kor mange har rett på gratis tannhelseteneste i kommunen og kor mange takkar ja? Samhandlingsreforma: Tannhelsetenesta ynskjer å bli ein del av kommunen sitt folkehelsenettverk og medverka til å oppfylle samhandlingsreforma. Frisklivssentral: skal kommunen oppretta dette og korleis kan tannhelse knytast inn i arbeidet?

Strategiplan for folkehelsearbeid 2012-2014 7 Eldrebølgja: korleis kan ein nå ut til dei eldre heimebuande i kommunen med informasjon? Innvandrarar/ flyktningar kva er status, er det behov for ein ekstra innsats retta mot denne gruppa i kommunen? Tanntastisk: informer om satsinga og at dette er eit tilbod me gir. 2. Samarbeidsavtale med helsestasjonsog skulehelsetenesta. Innkalla til samarbeidsmøte og skrive referat. Innhenta og vidareformidla statistikk om tannhelseutviklinga hjå barn og unge i kommunen/ distriktet. Tannhelsestatistikken skal nyttast i større grad når ein er i kontakt med helsestasjonar, då det kan bidra til å synleggjera utfordringane ein står ovanfor i den enkelte kommune/distrikt. Er det særskilte utfordringar i eit område bør ein samarbeida med helsestasjon for å setta i verk ekstra tiltak. (Lokal tannhelsestatistikk og visuell framstilling av data er å finna på intranettet under folkehelse) Fylgje opp henvisningar som kjem frå helsestasjonstenesta og gje tilbakemelding. Automatisk henvisning av 2-åringar med spesielle lidingar, diagnosar, familiar med høgkarieserfaring eller innvandrarar med språklege utfordringar. Gje opplæring/ informasjon til helsestasjons- og skulehelsetenesta. På oppfordring halde undervisning for tilsette og foreldre/ born, då hovudsakleg foreldregrupper med auka behov for informasjon. Materiell: Helsesyster deler ut gratis materiell frå tannhelsetenesta til 1 års grupper og framandspråklege. Brosjyra: Munnhygiene og kosthold, (tannklinikken bestiller og distribuerer brosjyrane.) Tannkost 3. Samarbeid med kommunale tenester, pleie og omsorg (Grupper av eldre og uføre i og utanfor institusjon, gr. C1 og C2). Innkalla til samarbeidsmøte og skrive referat. Tannhelsedata for Gr. C skal presenterast: Tal pasientar som har rett på tilbod frå tannhelsetenesta og tal pasientar som mottar tilbodet. Tannklinikken skal utnemna ein kontaktperson som er ansvarleg for samhandlinga med pleie og omsorgstenesta. Gje opplæring/informasjon til pleie og omsorgstenesta om dei til ei kvar tid gjeldande anbefalingane for god oral helse. Her kan ein med fordel i samarbeid med den enkelte institusjon etablera eit system som sikrar at alle pleiarane har fått opplæring i munnhygiene. Oppmod institusjonane til å etablere rutinar for innkjøp av tannkost og tannkrem til bebuarane, på lik linje med andre hygieneartiklar. Materiell: Utdeling av munnstellkort og brosjyra: Er du ein pårørande? 4. Samarbeid med kommunehelsetenesta, sosialtenesta / rusomsorga / NAV Innkalla til samarbeidsmøte og skrive referat. Tannklinikken skal utnemna ein kontaktperson som er ansvarleg for samhandlinga med sosialtenesta/ rusomsorga/ NAV. 5. Samarbeid med kommunale tenester, personar med utviklingshemming, tenester for PU (Psykisk utviklingshemma over 18 år i og utanfor institusjon, gr. B). Innkalla til samarbeidsmøte og skrive referat. Tannklinikken skal utnemna ein kontaktperson som er ansvarleg for samhandlinga med tenesta for PU. Gje opplæring/informasjon til tenesta for PU om dei til ei kvar tid gjeldande anbefalingane for god oral helse. På førespurnad halde undervisning / kurs i munnhygiene og kosthald for tilsette og bebuarar. Materiell: Utdeling av brosjyra: Munnhygiene og kosthold ved behov på tannklinikken. Ved kurs i bufellesskap: utdeling av tannkost, tannkrem og brosjyra Munnhygiene og kosthold. 6. Samarbeid med barnevernstenesta. Innkalla til samarbeidsmøte og skrive referat. Informera barnevernet om tannhelsetenesta sine rutinar for innkalling, informasjon til føresette og sending av bekymringsmeldingar. Senda bekymringsmeldingar når eit barn gjenntatte gongar ikkje møter til avtala time, eller når det er grunn til å tru at eit barn blir utsett for vald, overgrep eller andre former for omsorgssvikt. I tillegg ynskjer ein å inngå samarbeidsavtale med: 7. Statleg mottak Innkalla til samarbeidsmøte og skrive referat. Etter melding frå Statleg mottak, innkalle personar som kjem inn under prioriterte grupper til informasjon, samtale og undersøking på tannklinikken. Gje årleg tilbod om rettleiing og undervisning i tann og munnstell for alle nye bebuarar på mottaket, gjerne som ein del av mottaket sitt opplæringsprogram. Materiell: Utdeling av brosjyra Munnhygiene og kosthold, tannkost og tannkrem.

8 Strategiplan for folkehelsearbeid 2012-2014 Eldredagen 1. oktober Antal pasientar i gruppe C med eigne tenner aukar stadig. Dette skapar utfordringar og krev at tannhelsetenesta aukar sin førebyggande og helsefremmande innsats mot denne gruppa. For å nå bredt ut med informasjon og bevisstgjera eldre og deira pårørande skal tannhelsetenesta markera den nasjonale eldredagen i heile fylket. Stikkord for satsinga: Munnhygiene, medisinbruk, munntørrheit, kosthald og ernæring, kven har rett til gratis tannbehandling? Materiell: Rollup, brosjyra er du ein pårørande?, plakat, utdeling av diverse preparat. Folkehelsetiltak som bør gjennomførast av alle tannklinikkar Barnehagar Dersom nokre barnehagar har mange risikopasientar hjå seg bør ein gjera ein ekstra innsats her. Fiskesprell Nasjonal satsing med fokus på kosthald i barnehagane. Tiltak som rettar seg mot tilsette i barnehagane og når ut til alle born i dei barnehagane som deltek. Kursa vert arrangert av Norsk sjømatsenter og Hordaland fylkeskommune. Heva kompetansen og bidra til auka fokus på sundt kosthald i barnehagar. Tannpleiarane i tannhelsetenesta deltek i kosthaldsundervisninga etter førespurnad. Barneskular I klinikkområder der ein ut frå tannhelsestatistikken ser at det føreligg ekstra behov for informasjon og opplæring skal ein tilby skular undervisning. Fylgjande undervisningsopplegg er utarbeidd for elevar på 5. til 7. trinn og kan med fordel nyttast: Erosjonsundervisning Mat og helse Ungdomskular Tanntastisk Helsefremmande og førebyggande prosjekt for 8. klassar som omhandlar tenner, helse og faktorar som innverkar på helsa. Her når ein ut til alle elevane uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn. Tannhelsetenesta i Hordaland har vedtatt å arbeida for at flest mogleg ungdomskular skal få tilbod om Tanntastisk. Dersom enkelte ungdomskular utmerkar seg med høg kariesfrekvens skal desse få tilbod fyrst. Det vil bli arrangert Tanntastisk-kurs for tilsette etter behov. I strategiplanperioden skal ein årleg utvida satsinga med minimum to ungdomskular i kvart av dei fem tannhelsedistrikta. Leiande tannpleiar og overtannlege i kvart distrikt har ansvar for at målet om deltaking i kvart distrikt blir oppfylt. Framandspråklege - Alle aldrar Ein del framandspråklege som kjem til Noreg synes å ha eit auka behandlingsbehov og fylgjeleg behov for informasjon og opplæring i kosthald og munnhygiene. Dette er ei pasientgruppe som skal prioriterast i strategiplan perioden. Tannhelsetenesta i Hordland har utarbeidd informasjonsbrosjyrer i munnhygiene og kosthald på 15 ulike språk som skal bidra til å letta informasjonsarbeidet. For å nå ut til framandspråklege busett i kommunane skal ein i heile planperioden gå inn for å samarbeida om felles tiltak med ande aktørar i kommunen. Ta kontakt med: helsestasjonen flyktningekontakt folkehelsekoordinator vaksenopplæringa barnehagar og skular frivillige organisasjonar NAV

Strategiplan for folkehelsearbeid 2012-2014 9 Arbeide tverrsektoreiellt for å nå ut med helsefremmande og førebyggande tiltak til minoritetsgrupper med språklege utfordringar. Partnarskap for folkehelse - samarbeid med folkehelsekoordinator i kommunane. Stadig fleire kommunar i Hordaland inngår no partnarskap for folkehelse med Hordaland fylkeskommune. I planperioden skal kvart klinikkområde tilrettelegga for eit tett samarbeid med folkehelsekoordinator i dei kommunane som har inngått partnarskap for folkehelse. Folkehelsekoordinator i kommunane skal inviterast til samlingar der folkehelse er tema.. Folkehelsekoordinator skal inviterast på tannhelsetenesta sine distriktsamlingar. Frisklivssentralar Frisklivssentralar er eit ledd i arbeidet med å styrkja dei førebyggande helsetenestene i kommunen og folkehelsa gjennom auka førebyggande innsats og tidleg intervensjon. Helsedirektoratet ynskjer at alle kommunar skal etablera frisklivssentralar enten aleine eller gjennom interkommunalt samarbeid. I Hordaland er no fleire kommunar i ferd med å planlegga og etablera frisklivssentralar. Sentralane skal hjelpa folk til å endra levesett gjennom å vera ein del av eit fellesskap og nyttar metodar som har dokumentert effekt. Bidra til å endra helseadferd i positiv lei og fremma folkehelsa. Det er viktig at tannhelsetenesta syner interesse og tilbyr å medverke inn i sentralane der dette er naturleg då frisklivssentralane er ein veldig viktig framtidig førebyggande og helsefremmande arena både når det gjeld, kosthald og ernæring, fysisk aktivitet, tobakk, rus, snus og helse generelt. I tilegg vil ein kunna vera med å forma det tilbodet som vil bli gitt samstundes som det med tida vil samlast mykje helsefremmande og førebyggande kompetanse her og det ynskjer me å vera ein del av. Snus og røykeslutt Som helsepersonell pliktar me å informera om helsefarane knytt til røyking. Når me har pasientar som me ser røyker skal me informera dei om helsefarane generelt og verknaden tobakk og snus har på munnhola spesielt, deretter skal me henvisa dei til røyketelefonen. I tilegg bør tobakk og skadar knytt til røyk og snus vera eit av temaa når tannhelsetenesta er ute og undervisar om munnhygiene og kosthald. Det vil i strategiplanperioden vera fokus på kompetanseheving blant tilsette når det gjeld snus og røykeslutt. Heva kompetansen i høve helsefarane knytt til bruk av snus og tobakk og bidra aktivt inn i tobakksførebyggande arbeid.

10 Strategiplan for folkehelsearbeid 2012-2014 Folkehelsetiltak som skal gjennomførast i tannhelsetenesta på tvers av distrikt. Undervisning på vidaregåande skular Helsefag og barne- og omsorgsarbeidarar. Helsefagelevar er framtidas helsepersonell. Helsefagarbeidarar jobbar mellom anna ved sjukehus, barne- og ungdomspsykiatriske avdelingar, alders- og sjukeheimar samt heimebaserte tenester. Ved å gje helsefaglinjene tilbod om opplæring i munnhygiene og kosthald for pleietrengande pasientar vil me skapa eit godt grunnlag for å bevisstgjera og implementera gode munnhygienerutinar hjå framtidas helsepersonell. Barne- og ungdomsarbeidarar jobbar på ulike arenaer der barn og ungdom ferdes, mellom anna barnehagar, skular, sfo samt lag og organisasjonar. Ved å gje barne- og omsorgsarbeidarlinjene tilbod om opplæring i kosthald og munnhygiene for barn og unge vil me kunna gje elevane eit godt kunnskapsgrunnlag,bidra til bevisstgjering og dermed skapa gode holdningar. Undervisning på høgskular med fylgjande utdanningar: Sjukepleiar, vernepleiar, helsesyster og førskule. Her finn me mange av framtidas leiande helse- og pedagogisk personell. Ved å gje å gje desse studentane tilbod om ei heilhetleg opplæring i munnhygiene, kosthald og ernæring under utdanninga vil me kunna bevisstgjera og førebu dei på utfordringane dei vil møta, gje dei eit godt kunnskapsgrunnlag og skapa gode holdningar. Det vil bli utarbeidd undervisningsmateriell som skal nyttast til opplæringa på høgskulane og det vil bli sett ned ei eiga gruppe som er ansvarleg for undervisninga. I løpet av strategiplanperioden skal det utarbeidast undervisningsmateriell av god fagleg og pedagogisk kvalitet. Materiellet skal tilpassast dei ulike utdanningane og ha fokus på munnhygiene, kosthald og ernæring samt tobakk. Dei ulike utdanningsinstitusjonane nemd over skal ha blitt tilbudt undervisning innan utgangen av strategiplanperioden. Det vil bli sett ned ei eiga gruppe som skal vera ansvarleg for undervisninga retta mot utdanningsinstitusjonane. Helse skapast ikkje fyrst og fremst gjennom helsetenesta, men på alle arenaer der menneske lever og virker. Folkehelsearbeid må difor utøvast gjennom felles innsats i og på tvers av tenesteområde og samfunnssektorar.

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar psykisk utviklingshemma, mottakarar av heimesjukepleie, personar på institusjonar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Gjennom førebyggjande arbeid og behandling legg vi grunnlag for god folkehelse i Hordaland. Tannhelseavdelinga, adm. seksjon Agnes Mowinckels gt 5 Postboks 7900 N-5020 BERGEN Telefon: 55 23 90 80 www.hordaland.no Februar 2012