Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 15. juni 2010

Like dokumenter
Hvem gjør hva og Årshjulet i Telemark Bondelag

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve, Ulefoss Telefon

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Søve vgs, Ulefoss Telefon

Desse møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Olav S. Nordbø, Synne Vahl Rogn, Jon Midtbø, Borghild Hardang-Hanto (TBK), Tove B.B. Hoppestad (1.

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 10. mars 2010

Styret godkjenner innkalling og saksliste. Vedtak: Styret godkjenner protokoll frå styremøtet

Møtedato Vår dato: Møtetid 9:30 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Protokoll styremøte Telemark Bondelag 17. november 2010

Årsmøte Telemark Bondelag 2010

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 21. april 2010

Telefon. Som medlemmer møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Ann Kristin Teksle, Morten Rogn, Lars Vassend, Mathias Kleppen.

Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo

Frå styremøte 23. september Hotell Santi, Krakow

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 20. januar 2010

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

IPT Telemark. Årsmelding Arbeidsutval. Valnemnd

Referat frå styremøte 10. april 2018

39/14 14/ Arbeidsplan Telemark Bondelag gjennomgang av arbeidsplanen

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

-- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Ivar Aae, Marianne Hagen Lie og Ola Mjølhus.

ARBEIDSPLAN

Inn på tunet Telemark

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 27. oktober 2009 Tid: Tysdag 27. oktober 2009 kl Stad: Landbrukets hus, Gvarv

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

Telefon. 1/2013 Godkjenning av saksliste Sakslisten godkjent Ny orienteringssak: Beredskap og krisehåndtering ved dyretragedier

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

MØTEPROTOKOLL NR. 5. Til stades på møtet: Odd Atle Stegegjerde, Olaug Høyheim, Grethe Kristin Lerum, Ingar Norberg, Janne Sætherbø SAKLISTE

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 10. februar 2010

Møtedato Vår dato: Møtetid 9:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtested Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Samnanger kommune Møteprotokoll

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Sak 14/00011 Som medlemmer møtte: Kjell A. Sølverød, Ann Kristin Teksle, Gunleik Mæland, Bergit Li og Line E. Aaselid frå adm.

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag onsdag 22. april 2009

Tone Edland, Tove B. B. Hoppestad (TBK). 2. og 3. vararepresentant var innkalla, men kunne ikkje møte.

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 15. desember 2009

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

RHF-enes strategigruppe for forskning

VINDAFJORD KONTROLLUTVAL PROTOKOLL

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Møtedato Vår dato: Møtetid 10:00 Utvalgssekretær Telemark Bondelag Møtestad Landbrukets hus, Gvarv Telefon

Velkommen til årsmøte i Botne og Hillestad bondelag!

2/2016 Godkjenning av protokoll; styremøte og telefonstyremøte Vedtak: Protokoll frå begge møta blei einstemmig godkjent.

Referat. -- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Elin R. Haugen, Gjermund Stuve, Finn Egil Adolfsen

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Styret i Mental Helse Os kallar inn til årsmøte og deretter hyggetreff tysdag 4. mars kl.18.00, Allaktivitetshuset, 3 etg.

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Områdereguleringsplan for Smiehogen -vedtak om offentleg ettersyn

Møteprotokoll. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Oddmund Klakegg Håkon Myrvang

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Innkalling. Utvalg: Fellesnemnda for Norddal og Stordal Møtestad: Rådhuset i Valldal Dato: Tid: Kl. 17:00

11/12 Kontrollrapport 2011 vedr. skatteoppkrevjarfunksjonen i Kvinnherad kommune.

Utvalg: Kontrollutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Rådhuset i Austevoll Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

Telefon. Fra sekretariatet: Ole Andreas Lilloe-Olsen, Olav Bjotveit og Sissel Røed Waaler (ref.)

Frå styremøte 5.september på Hotel Grand Majestic Plaza, Praha.

3. Soknerådsmøte 2016, 9. mars Referat

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Interesselaget for farga spælsau

Vedtekter for Vestland SV

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Møteprotokoll. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Studenttinget 2015/2016

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Velkommen til. årsmøte!

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Torsdag 16. februar 2017 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av leiar Vanja Ignjatic. Ingen.

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling.

Nye Øygarden kommune Prosjektrådmannen

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

SVEIO KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Tysdag 23. september 2014 blei det halde møte i Sveio kontrollutval under leiing av utvalsleiar Håkon J. Skimmeland.

Samnanger kommune Møteprotokoll

Samnanger kommune Møteprotokoll

Styremøte 6-8. februar, Quality Hotel Grand - Steinkjer

Fortid & notid for framtid

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Sakspapirer til representantskapsmøte Solstrand Hotell og Bad, Os tirsdag kl Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS

2. Soknerådsmøte februar Referat

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Transkript:

Telemark Bondelag Protokoll Utarbeida av Arkiv: 022 Bergit Li / Amund Johnsrud Til Kopi til Styret m. 1.vara 2. og 3. vara Protokoll frå styremøte i Telemark Bondelag 15. juni 2010 Tid: Tysdag 15. juni 2010, kl 10.00. Stad: Søve vgs., Ulefoss Desse møtte: Kjell A. Sølverød (leiar), Jon Midtbø, Synne Vahl Rogn, Olav S. Nordbø, Borghild Hardang-Hanto (TBK) Forfall: Tone Edland, Knut Draugedal (1. vara) Frå kl. 13.15 til kl 15.30 deltok styret på eit møteopplegg i regi av Norsvin Telemark. Det var foredrag v/bedriftsrådgivar Ole Chr. Hallesby om økonomi, kompetanse og leiing i landbruket. Dette fordraget var ein del av Norsvin Telemark si sommarsamling. Saker: Sak 01/10 Godkjenning av innkalling og sakliste. Styret godkjenner innkalling og sakliste. Sak 02/10 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Styret godkjenner protokoll frå styremøtet 10.05.2010 slik den ligg føre. Sak 03/10: Referatsaker 1. Jordbruksforhandlingane 2010 Stortinget skal behandle proposisjon om jordbruksoppgjeret på kvelden 15. juni. Vedlagt sakspapira låg NBs brev som blei presentert for Næringskomiteen på høringa i komiteen 2. juni (Ref. 2009/00677/085). Styret drøfta kort nytta av orienteringsmøtet som TB skipa til 31. mai. Det vart brukt mykje tid til orientering om prosessen kring forhandlingane på møtet, burde brukt meir tid til spørsmål og dialog med salen i staden. Vi ser at for framtida bør eit slikt møte leggast nærare forhandlingane i tid. Viktig å få fram informasjon mens saka framleis er varm.

2av 14 2. Representantskapsmøtet i Landbruksselskapet 12.05 Kjell og Tone møtte for TB. Protokoll frå møtet låg ved sakspapira (Ref. 2008/00353/011). Kjell attvald som styreleiar. Kjell orienterte om behandlinga av Århus-saka, og vidare framdrift her. I gang med riving av den gamle låven. Styret skal behandle saka på møtet i slutten av månaden. Sweco i Seljord vert brukt som konsulent i forhold til kalkylar på investering og drift. Er nå sagt at høvesvis Skien og Telemark Fylkeskommune ytar tilskot på kr 750.000 kvar. 3. Faste nemnder og utval a. Arbeidsutvalet 06.05 Protokoll var lagt ved sakspapira (Ref. 2010/00008/012). b. Grøntutvalet 03.06. Referat frå møtet, med tilråding på prisar ved sjølvplukk og direktesal, samt løningar og akkordsatsar for 2010 vart dela ut på møtet (Ref. 2010/000164/007) 4. Mjølkeprosjektet, møte 10.05 Referat frå møtet er lagt ved sakspapira (Ref 2007/00700/015). Styret merkar seg dei framlagde referatsakene. Sak 04/10: Orienteringssaker 1. Open gard, 22.08 Fire lokallag har meldt frå om at dei skal arrangere Open gard i år; Sannidal/Skåtøy, Heddal, Drangedal/Tørdal, Gjerpen. Bamble og Eidanger arrangerar Open gard annankvart år, det er Bamble sin tur i år, men dei har vanskar med å få nokon til å ta praktisk ansvar for arrangementet. Gjerpen har hatt arrangement kvart år, dei hadde vanskar med å finne vertsgard i år (byggearbeid på Århus), men det ordna seg hos Hans Ove Meen. Styret fordelar besøk på arrangementa slik: Heigarden Kleppe, Tørdal i Drangedal 13. juni: Olav Nordbø var der. Ulike kulturinnslag, naturstig og hesteskokasting. Ein del gamle stigar var rydda på nytt. Ikkje servering, folk hadde med niste. Såg ut til å fungere bra slik. Mykje framand folk! Bufjell, Sannidal, 22. august: Kjell el. Synne Tubås gard, nordre, Heddal 22. august: Olav Sanni, Skien 22. august: Kjell

3av 14 2. Dyrsku n, 10-12.09 Bondens møteplass Det er halde møte for dei aktuelle utstillarane tidlegare i vår. Sigbjørn Haslemo (Tine), Borghild (TBK) og Amund har ansvar for å samordne og følgje opp arbeidet framover. Gjennomgår utforming av standen for å unngå for mykje hummar og kanari og betre får til ein felles utsjånad. Bruke materiellet som vart laga i fjor, og avgrense bruken av organisasjonanes eige materiell. Lage eit aktivitetsområde i midten, og pratekrokar i begge endene av standsarealet. Det bli kafeteria på andre sida av gangen, i regi av Dyrsku n. Smaksprøver Profesjonalisere opplegget med smaksprøver. Bruke Åsne og Bodil frå TBK saman med nokre enkelte i eit utvalt proff-team. Forslag til demonstrasjon er mellom anna: Havre havreår - Havregraut ( ferdigprodukt ) målgruppe idrett. - Havrevaffel med rømme og syltetøy - Knekkebrød med havre Eplemos epleskrelling Andre aktivitetar - Lage videosnuttar der eldre bønder presenterer gamal reiskap og bruk av desse. Etablert samarbeid med Seljord vgs, medielina. Opptak i august - Presentasjon av Nyt Norge den nye merkeordninga - Veging av skinke - Ønske om ein politisk debatt på BM, men ikkje avklara ennå Styret kommenterte mellom anna, at det er viktig for det samla inntrykket at ein får til betre rutinar for reinhald og rydding enn det var i fjor. Landbrukshallen Følgjer i stor grad opplegg frå tidlegare år. Ønskje om å halde fram med å legge aktiviteten i Tine-bua inn i Landbrukshallen. Starta med det i fjor. Presentere Bondelagets nye Matboka mi Oikos er med og har opplegg med samansette smaksprøver med produkt frå samvirket. 3. Kommunevise møte om miljøplan Fylkesmannen oppmoder kommunane om å arrangere lokale informasjonsmøte til hausten for oppdatering/oppfrisking av arbeidet med

4av 14 miljøplan i jordbruket. Det blei tatt opp med kommunane på Fylkesmannens samling for landbrukskontora 2. juni. Mål: Gi informasjon om kva ein god miljøplan er og kva den må innehalde, både trinn 1 og trinn 2. Motivere bonden til framleis aktiv bruk av miljøplan Ansvar for møta blir lagt til den kommunal landbruksforvaltninga, og det er ønske om at dei kan skje i samarbeid med lokale bondelag Døme på innhald i møta: Kommunen: krav til miljøplan og hva er status, både trinn 1 og trinn 2 Lokalt bondelag: hvorfor miljøplan og hvordan brukes den i praksis Norsk Landbruksrådgiving: faginnlegg relatert til miljøplan trinn 1 og trinn 2 Lokalt historielag: om historien i området og verdien av kulturlandskapet, eller annet tema. 4. Orienteringsmøte om erstatnings- og vernereglane for Brattefjell-Vindeggen, m/regjeringsadvokaten. Seljord 20.09. Jf. orienteringssak frå styremøtet 15.12.2009 om organisering av arbeid med erstatningskrav etter Naturmangfaldloven for Brattefjell/Vindeggen landskapsvernområde. Som ei oppfølging til dette er Regjeringsadvokaten v/advokat Chr. Reusch invitert til eit møte som vert på Granvin Kulturhus 20. september (dagmøte). Målgruppe er grunneigarar og rettshavarar i B/V, men også ope for andre interesserte. Arrangementet vert eit samarbeid mellom B/V villrein- og utmarksutval og TB. På møtet vil Reusch orientere om vilkår som må oppfyllast for erstatning og kunne svare på spørsmål. Det vert også vurdert å få til ein programdel på møtet, som handlar om vernereglane i sin alminnelegheit, og korleis dei påverkar næringsverksemd i verneområdet og randsonene. Her er det aktuelt å be representantar frå Stortingsbenken om å delta. 5. Norges Bondelag: kurs/seminar a. Regionalisering/næringsutvikling. 15.09 b. Naturmangfaldslov. 14.09 Innbyding låg ved sakspapira. Aktuelt å delta for styremedlemmar og tilsette i fylkeslaga. 6. Om vegutbygging Århus Nylende, Skien. Foreløpig kommentar frå Fylkesmannen. Brevet frå Fylkesmannen til Skien kommune om saka følgde sakspapira Saka er blitt mykje omtala i media etter at Skien Bystyre gjorde samrøystes vedtak i saka, og da brevet frå Fylkesmannen blei kjent. Mellom anna har det vore ein debatt på NRK Telemark mellom Kim-Erik Ellingsen i Gjerpen

5av 14 Bondelag og Hedda Foss Five, Skien AP. Saka er også tatt opp med TB av råka grunneigarar. Kjell og Amund var med på eit møte med enkelte av dei råka grunneigarane den 14. juni. Grunneigarane ønskjer å arbeide vidare for på eit eigna tidspunkt å kunne presentere eit alternativ som skånar dyrka marka. Aktuelt for både Gjerpen og Telemark Bondelag å gi si støtte til dette når tida er inne. I same sak orienterte Olav om at Vegvesenet no gjennomfører to orienteringsmøte i høvesvis Hjartdal og Seljord, om utbygginga av E-134. Lokale grunneigarar ønskjer å gjere avtale med tidlegare organisasjonssjef i Oppland Bondelag, Nils Rønningen, om bistand undervegs i planprosessen. TB bør kunne spele ei rolle i dette planarbeidet tilsvarande som for utbygginga i Skien. 5. Nytt frå TBK Borghild orienterte. Dei er aktive på å marknadsføre havre som sunn og næringsrik kornsort der bruksområdet med fordel kan utvidast mykje. Jf. mellom anna planen for å marknadsføre havre på Dyrsku n. 21 juni skal dei ha styremøte og planleggje m.a. tevlinga Ganefart, som handlar om kåring av beste spisestad langs vegen. Pressekonferanse om dette samtidig med styremøtet på restaurant Den gode nabo i Bø. Styret merkar seg dei framlagde orienteringssakene. Sak 17/10: Gjennomgang av rutinar og instruksar for arbeidet i Instruks for styre, AU og kontor Saka vart utsett. Sak 24/10: Tildeling av aktivitetsmidlar, lokallaga Søknadsskjema er sendt lokallaga april, både pr. e-post og i vanleg post. Påminning er sendt lokallaga 3. juni, pr. e-post. I budsjettet til Telemark Bondelag er det sett av 57.000 kr til aktivitetar i lokallaga. Fire lokallag har meldt frå om at dei skal arrangere Open gard i år; Heddal, Sannidal og Skåtøy, Drangedal og Tørdal, Gjerpen. Lokallag som arrangerar Open gard har dei seinare åra fått 3.500 i støtte frå fylkeslaget. Telemark Bondelag, i samarbeid med Norges Bondelag, gjennomførte i januar kurset Korleis påverka lokal arealbruk. Styremedlemmer/varamedlemmer i lokale bondelag fekk kurset gratis. Netto utgift for Telemark Bondelag 9.270 kr.

6av 14 Søknadar frå lokallaga: Sannidal og Skåtøy Bondelag: Medlemskontakt rettleiing. Haustmøte, samarbeid med skogeigarlaga i kommunen, 100 deltakarar. Landbruksforum. Arbeid med samarbeidsprosjekt om kulturlandskap i kommunen, Jomfruland, Langøy, kirkeprosjektet og fleire gardar i Sannidal. To stk har deltatt på tomtefestekurs. Høringsinstans for Kragerø kommune. Holla Bondelag: Distribuert Nei til Eu avis. Busstur til Agroteknikk i samarbeid med bondelaga i Midt-Telemark. Studiering om jordbruksforhandlingane, felles avslutning med Lunde og Flåbygd Bondelag. Aksjonsdagen 14. April, stand på Ulefoss. Markvandring 25. mai, samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving. Sommaravslutning i juni, tema ved Landbrukets HMS teneste. Drangedal og Tørdal Bondelag: Skal arrangere Open gard i Kleppegrenda, Tørdal 13. juni. Bø Bondelag: To møte i Landbruksforum. Kurs på KSL eller kornproduksjon. Hjelpe barnehagar og skular med jord og frø. Kontakte potensielle medlemmer. Markdag korn/gras. Julebord saman med skogeigarlaget. (Søknaden er basert på arbeidsplan for 2010). Siljan Bondelag: Medlemsmøte. Ope møte om gaupejakt. Studiering om jordbruksforhandlingane. Medlemstur til Flåm. Julebord. Drift av heimeside for lokallaget. Saude og Nes Bondelag: HMS-kurs. Fagmøte om drenering, SMIL-midlar og miljøplan. Stand på Sauheraddagane. Medlemmer har deltatt på eigarskiftekurs i regi av NLR. Tinn Bondelag: Ope møte i samband med ny landbruksmelding med representantar frå LMD. Samarbeid mellom faglaga i Tinn og Vinje. Kvart lokallag som arrangerar Open gard får 3.500 kr, sum 14.000 kr Sannidal og Skåtøy Bondelag: 5.000 kr Holla Bondelag: 5.000 kr Bø Bondelag: 5.000 kr Siljan Bondelag: 5.000 kr Saude og Nes Bondelag: 5.000 kr Tinn Bondelag: 3.000 kr Kurset Korleis påverke lokal arealbruk : 9.270 kr Sum: 51.270 kr. Dersom fleire lokallag skal arrangere Open gard, får også desse lokallaga 3.500 kr. Bamble har skissert gardsbesøk for eit bestemt klassetrinn komande skuleår. Får dei gjennomført skuleopplegget, vil dei få tilskot til dette. Resterande midlar blir overført til neste år.

7av 14 Ny søknadsfrist for 2011: 01/11 2011. Lokallaga søker da på gjennomførte tiltak/aktivitetar i arbeidsåret 2010-2011 (november 2010 - oktober 2011). Sak 25/10: Årsmøte og representantskap i Norges Bondelag 2010 Årsmøtepapira var sendt ut til delegatane. For dei andre i styret var dei mest sentrale papira kopiert og lagt ved styremøteinnkallinga. Ved sakspapira låg også TB sine årsmøtefråsegn om stortingsmeldinga, samt fråsegn frå styrets behandling på møtet 21. april. På styremøtet hadde ein gjennomgang av årsmøtesakene. Tone har varsla at ho meldar forfall til årsmøtet. Eivind Klevar kjem inn som vara for ho. Statsminister Jens Stoltenberg og Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk har stadfesta at dei kjem til årsmøtet onsdag 23. juni. Brekk held sitt innlegg klokka 11.00 mens statsministeren skal tale klokka 13.00. Saker: Generaldebatt tema. Telemark har eitt førsteprioritert innlegg på tre minutt. Styret drøfta korleis det skal nyttast, samt om tema utover dette som nokon av delegatane ønskjer å kome på talarlista med. Kjell førebur eit innlegg om landbruket i forhold til kjedemakta i daglegvarehandelen. Viktig å halde fokus og opplyse om dette. Amund undersøkjer om innføring av forskrift for krav til registrering av all medisin bruk i nytt Veterinærregister. Spørsmål om kor mykje meirarbeid og kostnader dette fører med seg, både for bonde og veterinær. Vurdere om nokon av delegatane bør ta dette opp i debatten Til årsmeldinga: Kommentere at landbruksorganisasjonane har lagt ned sitt felles Brussel-kontor. Feil prioritering i ei tid da ein treng oppdatering på internasjonalale forhold, og vere synleg på ulike arenaer. Jon vurderer innlegg på dette. Temadebatt ny stortingsmelding om landbruk. Synne held innlegg på bakgrunn av TBs fråsegner om landbruksmeldinga Val og godtgjeringar: Styret drøfta innstillinga frå valnemnda og dei reaksjonane som er kome på den frå ulike delar av landet Representantskapsmøtet: Kjell kommenterer oppfølging av den felles kravpakka Telemark og Agder fylka presenterte til årets jordbruksforhandlingar. Diskusjonen i styret om dei ulike årsmøtesakene vert å ta til etterretning.

8av 14 Sak 26/10: Terminliste hausten 2010 Forslag til terminliste for hausten 2010, samt enkelte møte i 2011 ligg ved sakspapira. Styret merkar seg den framlagde terminlista med endringar som kom fram i styremøtet. Sak 27/10 Høyring. Planprogram, regional plan for reiselivet TB har tidlegare kome med innspel til den regionale planstrategien for 2010-2012 Berekraftige Telemark. Ifølgje denne planstrategien skal det lagast ein regional plan for reiselivet i fylket for same periode. Planprogram for denne planprosessen er nå sendt ut på høring. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planprogrammet, prosess med fristar og deltakarar, aktuelle dokument som skal liggje til grunn for vidare planarbeid med meir. Høringsfrist er 21. juni. Framlegg til høyringsfråsegn for planprogrammet låg ved sakspapira. Styret i TB godkjenner framlegg til høyringsfråsegn for planprogram for reiselivet i Telemark med justeringar gjort i styremøtet. (Ref.: 2009/00490/008) Sak 28/10 Høyring. Planprogram for nyskaping og næringsutvikling TB har tidlegare kome med innspel til den regionale planstrategien for 2010-2012 Berekraftige Telemark. Ifølgje denne planstrategien skal det lagast ein regional plan for nyskaping og næringsutvikling for same periode. Planprogram for denne planprosessen er nå sendt ut på høring. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planprogrammet, prosess med fristar og deltakarar, aktuelle dokument som skal liggje til grunn for vidare planarbeid med meir. Høringsfrist er 21. juni. Framlegg til høyringsfråsegn for planprogrammet låg ved sakspapira. Styret i TB godkjenner framlegg til høyringsfråsegn for planprogram for nyskaping og næringsutvikling med justeringar gjort i styremøtet. (Ref.: 2009/00490/007). Sak 29/10 Høyring. Prioriterte artar og utvalde naturtypar Bakgrunnsdokument i saka var sendt ut på e-post tidlegare. Vedlagt i sakspapira her er framlegg til uttale utarbeidd av Knut Volland, LRØ (utvalde naturtypar) med eit tillegg frå Amund (utvalde artar). Styret i TB godkjenner framlegg til høyringsfråsegner for forskrift for utvalde naturtypar og for utvalde artar med justeringar gjort i styremøtet. (Ref.: 2010/00336/010 og 2010/00337/010).

9av 14 Sak 30/10 Oppstart lokallaga haust 2010. Regionmøte i sept./okt. Ved sakspapira låg nettartikkel, med referat frå samling med lokallagsleiarane i februar. På det møtet var ein samde om å prøve å gjennomføre regionvise oppstartsmøte for styra i lokallaga. Møtetidspunktet vart foreslått i månadsskiftet september/oktober (litt avhengig av elgjakta). Truleg mest aktuelt med kveldsmøte, fordelt i dei gamle krinsane i fylket, dvs.: Vest-Telemark, Aust- Telemark, Midt-Telemark, Grenland, Vestmar. Laga i Vestmar kan evt, vurdere å ha møte saman med Grenlands-laga. Føremålet med møta er å få kome i gang med planlegging av arbeidsåret i lokallaget, førebu årsmøte/val. Eit mål å få til noko tidlegare avvikling av årsmøte for dei laga som er seinast ute. Drøfte opplærings-/kompetansebehov med lokallagsstyra. Viktig i desse møta å leggje vekt på og konkretisere samarbeid om oppgåver og tiltak mellom laga. Få i gang og styrkje aktiviteten framfor årsmøtet og det nye arbeidsåret Kontoret tar kontakt med lokallaga med sikte på å få fastsett møtedatoar for regionvise oppstartsmøte, i månadsskiftet september/oktober. Møta bør gå etter ein felles mal, med tilpassing til lokale forhold i ein dialog med leiarane i laga. Ansvarleg for program og gjennomføring er Amund/Bergit og den/dei i fylkesstyret som bur i regionen. Sak 31/10 Leiarmøte, hausten 2010 og regionmøte vinter 2011 Vi har helde av Morgedal hotell for leiarmøte dagane 23.-24. november. Dette er om lag som tidlegare år. Mtp. på det som er sagt i sak 30/10, om å freiste å få til litt tidlegare oppstart i lokallaga, kunne vi for seinare vurdere å skuve leiarmøtet litt fram. Dette kan skje til neste år, når ein ser om ein lukkast med å få lokallaga med på det. Leiarmøtet i november Leiarmøtet er fylkeslagets hovudsamling i året, i tillegg til fylkesårsmøtet. Føremålet er å informere om prioriterte saker i arbeidsåret, og konkretisere Norges Bondelags arbeidsplan for lokallaga, ha ei gjensidig informasjonsutveksling og eit ordskifte om aktuelle saker. Norges Bondelag stiller med ein frå styret og ein tilsett frå hovudkontoret som vert brukt aktivt som føredragshaldarar på møtet. Enkelte av åra har vi også med eksterne føredragshaldarar, både til politiske emne, (eks. Stein Lier-Hansen, Norsk industri), eller på spesielle fagtema, (eks. Ole G. Hertzenberg, som hadde delkurs om informasjonsarbeid). Eit viktig delmål har vore at lokallaga skal lære av

10av 14 kvarandre samt utveksle erfaringar og tips om aktivitetar og arbeidsmåtar. Det sosiale ved møtet er svært viktig. Regionmøta i januar TB har rutine på å gjennomføre regionmøte for lokallaga i første halvdel av januar. Dei er haldne som opne medlemsmøte, der tema er dei komande jordbruksforhandlingane. Innleiar har orientert på bakgrunn av det utsendte studiemateriellet. Møteserien kom i gang for ein ti års tid sidan, da Terje Riis-Johansen blei vald inn i styret i NB. Dei første åra var han innleiar på alle møta. Etter at Terje gikk over i Regjering har me brukt andre styremedlemmar i NB til å innleie. I perioden har me redusert frå fire til tre årlege møte (Slått saman Aust- og Midt-Telemark, og lagt det til Norsjø Hotell. I starten var det møte både på Fossen kro og på Søve) I 2008 inviterte me spesielt kommunestyrepolitikarane i Telemark til å delta, og brukte opplæringsopplegget til NB i landbrukspolitikk som grunnlag for møteprogrammet. Etter desse åra kan det vere grunnlag for å vurdere møteopplegget og sjå korleis det kan fornyast. Ein del av deltakarane etterlyser ei fornying, og sjølv om deltakinga er rimeleg stabil, kan det verke som det er litt nedgang i oppmøtet. Både leiarmøtet og regionmøta er viktige element i opplæring av og informasjon til dei lokale tillitsvalde. Det gjeld sjølv om regionmøta er opne møte. I praksis er det for det meste dei med styreverv som møter opp (kan variere litt mellom regionane). Kan difor vere nyttig å vurdere desse to møteformene i ein heilskap. Me foreslår difor at det vert nedsett i arbeidsgruppe i styret, som kan arbeide med og gjerne fornye programinnhaldet og forma, både på leiarmøtet og regionmøta. Leiarmøtet for 21010 vert halde på Morgedal hotell 23-24. november. Jon og Amund har ansvar for å utarbeide program for leiarmøtet til hausten, samt vurdere form og innhald for vinterens regionmøte. Dei trekkjer med andre frå fylkesstyret etter behov. Styret vert orientert om førebuingsarbeidet på styremøtet i september. Sak 32/10 Landbrukshelga i Langesund. Jan. 2011 Informasjonsbrev frå BSF Vestfold låg ved sakspapira. Dei arrangerer såkalla Landbrukshelg på Hotell Skjærgården i Langesund laurdag 22. og søndag 23. januar 2011, og inviterer Telemark med på opplegget. For å gjere det uavhengig av fylke, er Landbrukshelga i Langesund sett på som eit aktuelt namn.

11av 14 Samordne fleire kurstilbod og -arrangørar Landbrukshelga er eit innarbeidd opplegg i BSF og fleire fylke har hatt slike arrangement i fleire år. Føremålet med helga er å samordne ulike kurstilbod og kursarrangørar i landbruket, og samle kreftene om ei felles satsing. Dei ulike arrangørane held på sine kurs, men går saman om ei felles overbygning som inneheld felles oppstart og middag/kveldsarrangement. Det verkar som om mange set pris på eit slikt opplegg der medlemmar frå ulike organisasjonar kjem saman og styrkjer fellesskapen innanfor landbruksnæringa i ein fylke/region. Gjennom året er liknande tiltak drøfta på ulikt hald i Telemark. I det såkalla Mjølkeprosjektet er det tatt opp at ein bør ha eit felles kurstilbod for ulike produsentgrupper i Telemark. Mellom anna er det skjela til Sørlandssamlinga i Agder, der husdyrorganisasjonane har gått saman om eit opplegg ikkje ulikt Landbrukshelga. Telemark Landbruksselskap er også oppmoda om å vurdere å få til noko tilsvarande. Å leggje aktuelle kurs som er planlagt i Telemark til Landbrukshelga i Langesund, kan vere ein effektiv måte å gjere det på, teknisk og arbeidsmessig. BSF Vestfold, som inntil vidare også har eit formelt ansvar for Telemark, kan gjere ein jobb som teknisk arrangør. Så kan dei ulike organisasjonane i Telemark konsentrere seg om den innhaldsmessige delen av kursa. Eitt kurs for fleire produsentgrupper? Det er som sagt kome framlegg frå ulikt hald om at fleire av organisasjonane i fylket bør gå saman om eitt kurs-/konferanseopplegg for fleire produsentgrupper, der målet er å auke motivasjonen og styrkje samhaldet blant bønder i Telemark. Det bør vere mogleg å få til eit slikt opplegg i Langesund, sjølv om arrangementet skjer saman med eit nabofylke. Det er opp til aktørar i Telemark å gå saman om å lage sitt spesielle tilbod i Landbrukshelga. TB bør ta kontakt med andre organisasjonar i fylket for å avklare om dette er interessant å arbeide vidare med. Me bør også avklare kva for andre kurstilbod som kan vere aktuelle å leggje til Landbrukshelga, i regi av organisasjonar og tilbydarar med tilhald i Telemark. Aktuelle å spørje er m.a. Landbruksrådgiving Østafjells, Landbrukstenester Telemark, fylkeslag av Norsvin, Sau & geit og Tyr, Tine Meieriet Sør, AT Skog, birøktarlaget, bygdekvinnelaget. Nortura, Felleskjøpet Agri, Gartnerhallen er også aktuelle kursarrangørar, men sidan dei dekkjer både Telemark og Vestfold, vil dei truleg gi tilbod som i utgangspunktet er for folk frå begge fylka. Det er òg aktuelt å spørje Fylkesmannen om å leggje kurstilbod til Landbrukshelga. Evt. andre aktørar som innanfor lokalmat, reiseliv, IPT, økonomi/bedriftsrådgiving/næringsutvikling.

12av 14 TB tar kontakt med andre landbruksorganisasjonar og kurstilbydarar i fylket med sikte på å få lagt aktuelle kurstilbod til Landbrukshelga i Langesund, 22-23. januar 2011. TB ser også positivt på å få til eitt felles kurs-/konferansetilbod ved Landbrukshelga i eit samarbeid med andre organisasjonar, og kan ta på seg ei rolle som koordinator for dette hvis ønskeleg blant dei andre aktuelle samarbeidspartnarane. Mtp. økonomi bør TB samordne ein søknad om tilskot frå landbrukets kompetansemidlar i fylket til kursaktiviteten på Landbrukshelga. Møtet slutt kl. 16.05. Ved protokollen: Amund Johnsrud

13av 14 Terminliste hausten 2010 - Telemark Bondelag Juli: 19-24.07 Årsmøte og landsstemne, Norges Bygdeungdomslag. Trøgstad August: 22.08 Open gard 25.08 Styremøte Telemark Bondelag 27-28.08 Matfestival i Skien. MerSmak 28.08-05.09 Handelsstemnet i Skien September: 31.08-01.09 Sekretariatssamling, NB 10-12.09 Dyrsku n i Seljord 20.09 Infomøte Brattefjell-Vindeggen, Granvin kulturhus 21.09 Styremøte Telemark Bondelag 25.09 Norsk Eplefest, Gvarv Veke 39/40 Regionmøte lokale bondelag (27.09-10.10) Oktober: 11-17.10 Skulens haustferie (veke 41) 21.10 Styremøte Telemark Bondelag 26-27.10 Yrkesmesse Telemark, Skien Veke 43/44 Årsmøte i lokallaga (25.10 07.11) November: 3-4.11 Leiarkonferanse Norges Bondelag 10-12.11 Skattekurs og temadag, Langesund 12-13.11 Samrådingsmøte Telemark Bygdekvinnelag, Bø Hotell 18.11 Styremøte Telemark Bondelag (kan evt. utsetjast til leiarmøtet) 23-24.11 Leiarmøte Telemark Bondelag, Morgedal Hotell Desember: 16.12 Styremøte Telemark Bondelag? Nytt frå TB, 02/2010 2011 Januar? Studieringar om jordbruksforhandlingane. Regionsvise oppstartsmøte. 12-13.01 Temakonferanse, Norsk Landbrukssamvirke, Lillestrøm

14av 14 21.01 Styremøte, Telemark Bondelag (I Langesund, fredag) 22-23.01 Landbrukshelga i Langesund? Organisasjonssjefssamling. NB Februar 08.02 Styremøte, Telemark Bondelag m/besøk frå samarbeidande org. (Tysdag) 09.02(?) Felles AU-møte. Fylkesbondelaga på Austlandet(?) 10.02 Årsmøte, Samarbeidsrådet Aust 21-27.02 Skulens vinterferie (veke 8) 25.02 Frist for innspel til jordbruksforhandlingane. Lokallaga? Årssamling Grøntutvalet TB Mars 10.03 Styremøte Telemark Bondelag 18-19.03 Årsmøte Telemark Bondelag, Bø hotell,? Årsmøte Telemark Bygdekvinnelag 23-24.03 Representantskapsmøte Norges Bondelag April 17.04 Palmesøndag Pr. 2010-06-16