Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 57673500 E-post: karin.uglum@sisof.no
Da håpar vi alle har hatt fin jule og nyttårshelg og er klar for eit nytt semester og eit nytt arbeidsår. Barne. Litt forandringar på barnegruppa på avdeling Stjerne, Lily har slutta i barnehagen og vi ønskjer ho lykke til i barnehage i Årdal. Vi har fått inn nytt barn på avdelinga det er søster til Tuva på avdeling Sol, ho heiter Vilde, og vi ønskjer ho hjarteleg velkommen. Stadfesting av barnehageplass. I slutten av februar vert det lagt ut skjema for stadfesting av barnehageplass her i Sogndal Studentbarnehage. Dersom det er spørsmål i forbindelse med barnehageplass, ta kontakt med styrar på kontoret. Generell informasjon No har det vore veldig mildt ute, - og før jul var det veldig mykje nedbør og borna vart våte, så eg må minne dykk på å ha godt med tjukkeklede og byte klede i barnehagen. (Vi har no veldig lite utlånstruser, strømper, stillongs mm. i barnehagen så det er viktig at det ligg klede til barnet dykkar i korgene). Medverking Husk at de har moglegheit til å påverke kvardagen i barnehagen. Er det noko de saknar, noko de vil forandre, noko me gjer for lite av, eller anna gje oss tilbakemelding så skal vi sjå om vi ikkje kan legge ønskjer de har inn i våre planar. Barnehagen skal reflektere og samarbeide med heimen om livssyn/ religion, tradisjonar og kulturarv, og det er viktig at de som foreldre kjem å fortel kva og korleis vi kan gjere dette. For barnegen er dette ein fin måte å få kjennskap til andre på, få anledning til å føle eit mangfald, som er nært og konkret. Skulestart Dei av dykk som har barn som skal starte i skulen til hausten må tenke etter kor dykkar barn skal skrivast inn. Barnehagen er behjelpeleg med å oppretta kontakt med den skulen barnet skal byrja i. Foreldrekaffi Fredag 28. februar må de sette av litt tid når de hentar, det vert det enkel servering, i forbindelse med at vi markerar fastelavnen, sjå etter oppslag på døra.
Solfest Fredag 14.februar vil vi markere at sola er tilbake i barnehagen. Då har vi ein kreativ barnehagedag med ulike aktivitetar (maling på store ark ute på veggen i barnehagen, sangleikar, dans og mykje anna moro), barna på alle avdelingane er blanda i, dei voksen spelar skodespele om dronning Sol og kong. Sjå plakat på døra når tida nærmar seg. HISF Vi får student (3F) i barnehagen i veke 9 og 10, dette er ein fordjupingspraksis i pedagogisk. Studenten skal vere litt inne på avdeling og litt saman med styrar. Anna Vil minne om at det er flotte skibakkar både i Hodlekve i Sogndalsdalen og på Heggmyrane på Hafslo. Begge ski anlegga har skitrekk og lysløyper, dei har ope alle helgar og nokon kveldar, for meir informasjon gå inn på deira nettsider, Sogndal skisenter.no og sognskisenter.no.
So er juleferien over og tida har komme til å sjå tilbake på dei to siste månadane i 2013. November og desember dreier seg for oss om juleførebuing. Me legg opp til rolege dagar med leik og tradisjonar, der me får god tid til kvarandre og kan kose oss i lag. Omsorg i barnehagen handlar både om relasjonen mellom personalet og barna og om omsorga barna viser kvarandre. Å gi barn sjansen til å gi og ta imot omsorg for kvarandre er grunnlaget for å utvikle sosial kompetanse og eit viktig bidrag i eit livslangt læringsperspektiv. Rammeplan s.31 Allereie i november starta me med å lage julegåver, og med håpar og trur at det vart mange nøgde mottakarar. I november baka vi peparkaker, som vart brukt i vår adventkalender og som alle fekk med seg heim til jul. Til Lucia baka vi lussekattar. Dagen før 1. desember vart avdelingane pynta med stjernehimmel, lys og litt julepynt. Dette er med på å lage ei spesiell stemning på avdelingane. Under denne stjernehimmelen hadde vi kvar dag adventstund, der vi song og tente lys. Alle barna er med etter tur og organiserer samlinga saman med ein voksen. Det vi observerte før jul var at mange av barna har lært seg fleire nye omgrep og mange nye julesongar i vår adventtid i barnehagen. Elles har vi hørt på julemusikk og barna har dansa på sin måte Lucia feiringa og nissefesten er to store høgdepunkt i desember. Lucia vart feira med lys-tog, song, lussekattar, kaffi, - og ikkje minst så kom det mange søsken og foreldre. På nissefesten var det høg nissefaktor med nissehuer, nissedrakter, graut og.ja, NISSEN. Han hadde med seg ein stor og tung sekk full av nisse- overraskingar. Han delte smilande ut ein til kvar, som me kosa oss med utover dagen. I november har vi feira Aron -1 år! Lily har fått barnehageplass i Årdal og slutta her hos oss. Årstida vi nå går i møte er vinteren (i alle fall på kalenderen). Dette vil naturlegvis vere vårt hovudtema i januar og februar. Vi håpar derfor på snø slik at barna kan oppleve korleis vi kan leike, forme og utfolde seg i dette naturfenomenet. Dette skal vere kjekt og mororisk utviklande. Kanskje vi får muligheit til å forme i snøen, sette farge på den og lage is skulpturar. Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar og gir inspirasjon til estetisk uttrykk. Rammeplan s.44 Medio januar starta vi opp med tema eventyr. Her vil vi dele barna i etter alder. Alle gruppene får eventyr tilpassa etter alder og føresetnader, og vi tek omsyn til mangfaldet i barnegruppa. Arbeidet med eventyr skal avsluttas med ei framføring for dei andre i barnehagen. Det er viktig å ta vare på forteljartradisjonen i barnehagen. Barna får ny næring til leiken, nye omgrep og næring til språket. Å jobbe med eventyr gir oss samtidig muligheit til å jobbe med sosial kompetanse. Vi må hjelpe, dele, ta omsyn til, vente på tur, ha innleving og ikkje minst humor og glede. Dette er element vi har stort fokus på i kvardagen.
Barnehagen skal formidle verdiar og kultur, gi rom for barnas egen kulturskaping og bidra til at alle barna får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap. Rammeplan s.34 I siste halvdel av februar vil vi ha solfest i barnehagen dette er blitt ein tradisjon i vår barnehage, og noko vi gjennomfører i staden for karneval. Denne dagen har vi ulike aktivitetar ute. Vi malar på veggen, pyntar eit tre med solstrålar, dansar til musikk og har songleikar. Aktivitetane føregår ute og det heile blir avslutta med servering av mat ute. I forkant av solfesten har vi ei gul veke der vi pyntar opp barnehagen til solfest. Elles vil vi fortsette med 2-års gruppe på måndagar. Dette vil føregår ute og fokus vil vere fysisk aktivitet der vi mellom anna skal vere på jakt etter spor i snøen (viss den kjem). Nye songar i januar og februar: Sjå opp snør det Kom vesle kvite snøfnugg Bustebartepinn Regla om Snøkrystaller På ein kvit bakketopp Huttetu så kaldt det er.. Reven, rotta og grisen Eventyrvisa Nøtteliten Lille bukken bruse Mikkel rev
JANUAR 2014 SOL OG STJERNE Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 6 Theo Sander 2år 7 8 Jonas 2år! 9 10 2 13 14 15 16 Fiskekarbonader med grønnsaker 17 2011-barna ; Fysisk aktivitet 3 2012/2013 barna: Formingsaktivitet/ uteleik 20 21 22 23 Makaroni og kjøttsaus 24 2011-barna: Fysisk aktivitet 4 2012/2013 barna: Formingsaktivitet/ uteleik 27 28 29 30 Pølse med potetstappe 31 2011-barna: Fysisk aktivitet 5 2012/2013 barna: Formingsaktivitet/ uteleik Personalmøte 16.30-19.30 Graut
FEBRUAR 2014 SOL OG STJERNE Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 3 4 5 6 7 6 2011-barna ; fysisk aktivitet 2012/2013 barna: Formingsaktivitet/ uteleik 10 GULVEKE 11 Leo 3 år 12 Framføring av eventyr. Pasta, skinke og saus 13 14 SOLFEST Feire Sara 2 år 7 17 18 19 20 21 Pølse i brød 8 Bruker uteområdet på Trudvang skule i vinterferieveka 24 25 26 27 28 Fiskekarbonader Med grønnsaker 9 Graut
I november har blå gruppe vore på besøk til Sogndal Omsorgssenter 3 onsdagar og hatt sangstund. Det har vore ei kjekk oppleving både for barna og dei eldre. I slutten av november starta juleførebuinga på avdeling Måne. Vi startar tidleg, slik at vi har god tid til dette arbeidet. Vi har kost oss både peparkake baking og julegåveproduksjon. Juleaktivitetane ble gjennomført i små for halde god stemning og ro rundt desse. Fordi vi startar tidleg med juleaktivitetar blir desember månad ei roleg tid. Vi har hatt adventstund kvar dag og nokre dagar med ekstra kjekke opplevingar. Og for å ta vare på litt av den gamle mattradisjonen har vi laga pølser sjølv, som vi hadde til fredagsmat. Vi fekk og i år invitasjon til å vere med å lage peparkake- hus som skulle vere med å pynte opp på Amfi Sogningen. Som takk for at vi var med, ble barnehagen invitert til frokost i kafeen på Meny. Der fekk vi servert masse god mat, og i tillegg kom nissen på besøk. Stor stas!! Lucia- frukost med stor oppslutnad frå foreldre, og høgtidsstemte barn, er eit høgdepunkt i desember. I forkant baka barna lussekattar og øver flittig på luciasangen. Det er og stas og veldig spennande med nissefesten, med graut, fellessamling, nissebesøk og godtposar. Vi har feira bursdagane til Linnea, Pernille Sofie, Teodor, Maria Elisa ogn Sofie M., hurra!
Byrjinga - DET VAR EN GANG - fortel oss at det som skjer, skjer utanfor tid og sted. Slik byrjar eit riktig eventyr. I folkeeventyra møter du både troll og trollkjerringer, og dyr som snakkar og oppfører seg som folk. Vi har som tradisjon at vi har tema eventyr i januar. I denne mørketida er det koseleg å tenne stearinlys og skape ei spennande eventyrstund. Ein viktig forteljartradisjon som er med på å gi næring til språket og barna får også inspirasjon til ny leik. Dei eldste barna (blå gruppe) skal få høyre om «Guten som kappåt med trollet» eit folkeeventyr utgitt av Asbjørnsen og Moe. Dei yngste barna (raud gruppe) får høyre om «Skinnvotten» eit ukrainsk eventyr gjenfortalt av Alf Prøysen. Vi formidlar eventyra med høgtlesing, bruk av flanellograf, figurar og dramatisering. Når barna blir godt kjent med evnetyret kan dei sjølv vera med å dramatisera for kvarandre og ha ei førestelling for småbarnsavdelingane. Det vert og eventyrlesing i små der barna sjølv får velje eventyr. Vi låner og bøker på biblioteket. Vi skal og ha fokus på vintertida. Vi snakkar om at det er mørkt og at det ikkje er blad på trea. Er det kaldt nok lagar vi is skulpturar i ulike former. Vi vil bruke snøen til leik og forming og male ute. Vi syng vintersangar og barna lagar eit felles vinterbilde og kvar sitt vinterbilde. Det vert også ein ake dag til Hodlekve, men ikkje før i starten av mars, så det kjem vi attende til når det nærmar seg. No startar vi opp med førskulegruppe for dei som skal byrja på skulen til hausten. Det vert Sylvi som har ansvaret for planlegging og gjennomføring. (Karoline er inne som vikar for Sylvi i januar og i starten av februar). Førskulegruppa vert på mandagane, men sjå vekeplan for eventuelle endringar. Det vert utdelt eit eige skriv til dei i førskulegruppa. I februar er det 2009-barne som får klatre. Vi prøver å komme hos opp i storhallen 6 gangar for alle 2009-barna. Om ikkje alle får klatre kvar gang vert det lagt opp til ulike aktivitetar i hallen. Kanskje det og vert eit par turar til storhallen for heile barnegruppa, sjå vekepla. I veke 7 har vi gul veke. Vi malar med sol fargane gult og oransje og barna lagar kvar si sol som vi heng opp på avdelinga. Vi et gul frukt som honningmelon, banan og gule eple. Fredag denne veka vert det Solfest ute i barnehagen, der vi feirar at sola kjem tilbake etter mørketida og at dagane vert lysare og lengre. Aktivitetane ute vert maling, musikk/dans, sangleikar og pynting av gjerdet. Vi får besøk av Kong og Dronning Sol. Vi kosar oss med pølse med brød og gul saft. Og vi slår sola ut av sekken.
Fagområda vi har ekstra fokus på i januar og februar er: Språk, tekst og kommunikasjon (eventyr formidling) Natur, miljø og teknikk (snø, is, vinter kva skjer?) Kunst, kultur og kreativitet (eventyr, drama, solfest og formingsaktivitetar knytta opp mot dette) Månadsang Januar og Februar: Eg heiter JANUAR, og eg er svært til kar, og kommer eg, så må du ikkje gå med nesa bar! Men gåver kan eg gi vist du vil gå på ski, så strør eg snø på veg og sti, i bakkehell og li. Hu og hei - du og eg dansar dagen lang. JANUAR og FEBRUAR har fest og bjelleklang. Snø og sno har vi to vist du likar det. Vil du heller ha litt sol så vent på nummer tre. Eventyrvisa: Ja, kom alle sammen bli med. Vi flakser og bakser av sted til Eventyrland for å se på jøtuler, nøkker og nisser og troll og dverger i tusende fold. Refreng: Vi danser og flyr gjennom eventyr, vi flakser og rir, vi synger og ler til Askaladden, til Pål og Per og Mumle Gåsegg, å tvi tvi tvi tvi. Og Tyrihans leker med gullhøna si, mens Smørbukken sitter fornøyd og blid og gomler så lat på sin skolemat, og Veslefrikk spiller for Tomme Tomme Tommeliten på fela si. Helsing personalet på Måne
JANUAR 2 Eventyr 6 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 7 8 9 10 Tema Blå gruppe på biblioteket Eventyrstund, for raud gruppe Eventyrstund Vi deler i 2 etter alder, blå og raud gruppe. Tema Fiskekaker m/ makaroni og brokkoli 3 Eventyr 13 Tema 14 Eventyrstund, Deler i blå og raud gruppe Feire Nicolaj 4 år, hurra! 15 Eventyrstund Deler i blå og raud gruppe 16 Tema 17 Lapskaus 4 Eventyr 20 Tema 21 Eventyrstund Deler i blå og raud gruppe 22 Eventyrstund Deler i blå og raud gruppe 23 Tema 24 Laks m/ potetmos og gulrøtter 5 Eventyr 27 Tema 28 Eventyrstund Deler i blå og raud gruppe 29 Eventyrstund Deler i blå og raud gruppe Feire Ariel 4 år, hurra! 30 Tema 31 Kyllingskinke m/ris Ps: Set ikkje opp faste turdagar, men går på tur i mindre når vi ser det let seg gjennomføra. Sjå og vekeplan for eventuelle endringar
FEBRUAR 6 Eventyr 3 Måndag Tysdag. Onsdag. Torsdag. Fredag. 4 5 6 7 Klatring for 2009-barna Øva på framføring av eventyr. Øva på framføring av eventyr. Tema Framføring av eventyr for dei andre barna i bhg. Graut 7 Gul veke 10 Gul og oransje frukt denne veka. Klatring for 2009-barna 11 Formingsaktivitet: Vi lagar soler. Feire Caroline 4 år, hurra! 12 Formingsaktivitet: Male med gult og oransje. 13 14 SOLFEST (Sjå plakat) Pølse m/lompe 8 17 Klatring for 2009-barna 18 Barna lagar kvar sitt vinterbilde 19 Klatring for 2009-barna 20 Tema 21 Sjå vekeplan Feire Paranjoy 5 år, hurra! 9 24 Klatring for 2009-barna 25 Bake fastelavens- bolla 26 Klatring for 2009-barna 27 Tema 28 Sjå vekeplan Foreldrekaffi, stopp opp og få ein smakebit ved henting Ps: Set ikkje opp faste turdagar, men går på tur i mindre når vi ser det let seg gjennomføra. Sjå og vekeplan for eventuelle endringar.