Austevoll kommune Innkalling Kommunestyre Møtestad: Sommarfullmakt Møtedato: 30.06.2015 Møtetid: 08:30 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no. Varamedlemmar møter etter nærare innkalling. Møtet er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagt ut til offentleg gjennomsyn på nettsida til kommunen. Sak nr Tittel Sakliste 079/15 Innsyn i avtale Storebø, 30.06.2015 Renate Møgster Klepsvik Leiar 1
Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 079/15 Kommunestyre PS 30.06.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Wenche Gloppen TI - &01 15/1020 Innsyn i avtale Tilråding frå rådmannen: Avtala mellom avtredande rektor ved Austevoll ungdomsskule og Austevoll kommune vert lagt fram på raudt papir for kommunestyremedlemmane. Dei kan koma på kommunehuset og lesa avtala, levera ho attende og kvittera ut. Avtala er tilgjengeleg på servicekontoret frå tysdag 30. juni. Bakgrunn for saka: Etter kommunestyremøtet 22. juni har det vore mykje støy kring avtala med Tor Grini, noko som i alle fall ikkje tener personvernet. Både rykte og vinkling i media gjer at kommunen totalt sett er lite tent med vidare spekulasjonar kring ordlyden i avtala. Dette av omsyn til ein arbeidstakar, som for tida er sjukmeldt. Etter ei samla vurdering av situasjonen, vil ordførar be rådmannen ha klar avtala med Tor Grini på raudt papir for faste kommunestyremedlemmar som ynskjer innsyn. Dette kan vonleg gje ei avslutning på denne saka, utan vidare spekulasjonar. Sjølv om ein ikkje går direkte inn i saka, kan det vera ei belastning for den tilsette når saka vert så blåst opp som ho er blitt no. Det vert vist til informasjon som rådmannen har gjeve til alle gruppeleiarane i møte på kommunehuset, informasjon rådmannen sendte til gruppeleiarane den 3. juni 2015, og
informasjon som vart gjeve munleg i kommunestyret. Vurdering: For å få ro kring saka om rektor si fråtreding, må avtala mellom Grini og Austevoll kommune leggjast fram for kommunestyrerepresentantane for gjennomsyn. Neste kommunestyremøte er i september. Dette vert sett på eit hastetiltak, og det er då for lenge å venta til det. Kommunestyremedlemmane bør difor få høve til å lesa avtala omgåande. Dei kan koma på kommunehuset og be om å få avtala til gjennomlesing. Når dei har lese avtala, må dei levera ho attende, og kvittera ut for at dei har lese avtala.
Saksframlegg Saksnr Utval Type Dato 079/15 Kommunestyre PS 30.06.2015 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Wenche Gloppen TI - &01 15/1020 Innsyn i avtale Tilråding frå rådmannen: Avtala mellom avtredande rektor ved Austevoll ungdomsskule og Austevoll kommune vert lagt fram på raudt papir for kommunestyremedlemmane. Dei kan koma på kommunehuset og lesa avtala, levera ho attende og kvittera ut. Avtala er tilgjengeleg på servicekontoret frå tysdag 30. juni. Bakgrunn for saka: Etter kommunestyremøtet 22. juni har det vore mykje støy kring avtala med Tor Grini, noko som i alle fall ikkje tener personvernet. Både rykte og vinkling i media gjer at kommunen totalt sett er lite tent med vidare spekulasjonar kring ordlyden i avtala. Dette av omsyn til ein arbeidstakar, som for tida er sjukmeldt. Etter ei samla vurdering av situasjonen, vil ordførar be rådmannen ha klar avtala med Tor Grini på raudt papir for faste kommunestyremedlemmar som ynskjer innsyn. Dette kan vonleg gje ei avslutning på denne saka, utan vidare spekulasjonar. Sjølv om ein ikkje går direkte inn i saka, kan det vera ei belastning for den tilsette når saka vert så blåst opp som ho er blitt no. Det vert vist til informasjon som rådmannen har gjeve til alle gruppeleiarane i møte på kommunehuset, informasjon rådmannen sendte til gruppeleiarane den 3. juni 2015, og informasjon som vart gjeve munleg i kommunestyret.
Vurdering: For å få ro kring saka om rektor si fråtreding, må avtala mellom Grini og Austevoll kommune leggjast fram for kommunestyrerepresentantane for gjennomsyn. Neste kommunestyremøte er i september. Dette vert sett på eit hastetiltak, og det er då for lenge å venta til det. Kommunestyremedlemmane bør difor få høve til å lesa avtala omgåande. Dei kan koma på kommunehuset og be om å få avtala til gjennomlesing. Når dei har lese avtala, må dei levera ho attende, og kvittera ut for at dei har lese avtala.