Vinje kommune Vinje helse og omsorg Arkiv saknr: 2016/1033 Løpenr.: 16262/2016 Arkivkode: Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Sakshandsamar: Anne Marie Loftsgarden Planprogram Helse og omsorgsplan 2016-2030 Vedlegg: 1 Planprogram Helse og omsorgsplan 2016-2030 2 Planprosess Helse og omsorgsplan 2016-2030 3 Metodar og opplegg for innspel -medverknad 4 Venta folketalsutvikling i Vinje 2019-2027 5 Oversyn over tenester og tilbod Helse og omsorg 2016 6 Brukaroversyn helse og omsorg per 31.12.2015 Dokument i saka: Oversiktsdokument over Folkehelsa i Vinje kommune 2016 Bakgrunn: Lov om kommunale helse- og omsorgstenester pålegg kommunen å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene sitt omfang og innhald er i samsvar med krav fastsett i lov eller forskrift. Planstrategien er eit overordna politisk styringsverkty der planoppgåver i kommunestyreperioden vert gjeveprioritet. Kommuneplanen sin samfunnsdel dannar grunnlaget for einingane sine planar og tenesteproduksjon, og vere eit verkty for tilrettelegging i høve til ynskt samfunnsutvikling. Helse- og omsorgsplan for Vinje kommune er ei prioritert planoppgåve, og er å sjå på som ein delplan til kommuneplanen sin samfunnsdel. Det er ikkje tidlegare laga eit samla plandokument for helse- og omsorgtenestene i kommunen.
Vinje kommune ved eining for Helse og omsorg, har starta planarbeidet. Vinje kommunestyre er planmyndigheit og oppdragsgjevar, helse- og omsorgssjefen er planansvarleg. Planarbeidet er organisert etter metode for prosjektorganisering, med styringsgruppe, prosjektgruppe og referansegrupper. Prosjektgruppa er ansvarleg for utarbeiding av planarbeidet, og består av Helse og omsorgssjef, ass. Helse og omsorgssjef, kommuneoverlegen og fagrådgjevarar. Planarbeidet hadde prosjektetablering og oppstart i april 2016 og ein har som mål at det endeleg plandokumentet skal ligge føre til politisk godkjenning i mars- april 2017. I tråd med avgjerd om kommunalt planarbeid i Plan- og bygningslova er det utarbeidd eit planprogram med tilhøyrande planprosess. Planprogrammet set rammer for planarbeidet, og skal definere og avgrense omfanget av planarbeidet. Vidare skal planprogrammet gjere greie for føremålet med planen, og for viktige tema og satsingsområde planen skal innehalde, samt avklare behovet for evt. utgreiingar. Planprosessen skal skissere tidsplanen med fristar, gjere greie for deltaking, samt metodar og opplegg for medverknad. Planprogrammet skal sikre ein føreseieleg og effektiv prosess. Planprogrammet skal leggjast ut til offentleg ettersyn i tråd med Plan- og bygningslovas 11-12 og 11-13. Når arbeidet med Helse og omsorgsplanen er avslutta, vil plandokumentet bli lagt ut til høyring før politisk handsaming i mars-april 2017. Helse og omsorgsplanen skal ha eit tidsperspektiv fram mot 2030. Nasjonale føringar, medisinske og teknologiske endringar, endring i brukargrupper og nye kompetansebehov vil setje kontinuerleg krav til kommunane som tenesteytarar. Difor vil planen med stort sannsyn måtte reviderast i perspektivperioden. Planen skal også henge i hop med anna planverk i kommunen, og revisjon vil bli vurdert kvart 4. år. Vurdering: Føremålet med planen er å ha eit overordna styringsverkty for helse- og omsorgssektoren som sikrar oppfylling av juridiske plikter, og er i tråd med nasjonale og lokale føringar, og framtidas utfordringsbilete. Planen skal skissere ei retning for tenestene som sikrar framtidsretta og pasientorienterte tenester i tråd med kommunen sitt samfunnsoppdrag. Sentrale nasjonale føringar har som mål at helse og omsorgstenestene skal legge auka vekt på: o helsefremjande og førebyggande arbeid o habilitering og rehabilitering o auka brukarmedverknad, -deltaking og meistring o strukturerte og koordinerte behandlingsforløp o tverrfagleg tilnærming til innbyggjarane sine behov o pasientnære tenester Med grunnlag i nasjonale føringar skal planarbeidet synleggjere utfordringar for kommunale helse og omsorgstenester dei neste åra, og gjennom deltaking og innspel skal vi peike ut satsingsområde og strategiar for Vinje kommune. Det er eit mål at plandokumentet skal fungere som eit styringsverkty, og sikre eit effektivt og forpliktande samarbeid mellom
politikk, administrasjon og tenesteytande nivå for Vinje kommune sine helse og omsorgstenester dei neste 10-15 åra Utfordringane i dei kommunale helse- og omsorgstenestene er mange og av ulik karakter. Dei er knytt til brukarorientering, leiing, rekruttering, kompetanse, organisering og arbeidsformer, tilgjengelegheit, finansieringsordningar, samt roller og ansvar gjeve dei ulike yrkesgruppene gjennom utdanning og regelverk. Det er også utfordringar knytt til endringar i demografi, med fleire eldre og auka innvandring. Dessutan er sjølve sjukdomsbiletet endra. Det er i dag dei ikkje-smittsame sjukdommane som kols, diabetes, kreft, hjarte - karsjukdommar, muskel- og skjelettplager, psykiske lidingar, rusproblem og demens som utgjer hovudutfordingane. Samhandlingsreforma har gjeve kommunane eit utvida samfunnsoppdrag, der fleire tenester skal leverast der pasienten bur, og det skal utviklast eit betre samspel mellom spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta. Det er eit mål å dempe veksten i bruk av sjukehustenester ved at ein større del av helsetenestene vert ytt av kommunehelsetenesta under føresetnad av like god eller betre kvalitet, samt kostnadseffektivitet til det beste for pasientane. Nye krav om innhald og kvalitet i tenestene gjev kommunane berekraftsutfordringar i høve til behovet for ny og auka kompetanse, nye brukargrupper og nye oppgåver. Eit døme på at regjeringa har tydeleggjort kommunane sitt ansvar og plikter er nye lovkrav i tenester til menneske med psykisk sjukdom og rusproblematikk: innføre betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling frå 2017 klargjere at den kommunale plikta til øyeblikkeleg hjelp døgntilbod også omfattar brukarar med psykisk helse- og rusproblematikk frå 2017 Innføre lovkrav om psykologkompetanse frå 2020 Prognoser for folketalsutvikling slår fast at gruppa eldre over 80 år vil vere dobla om 15-20 år. Samstundes veit vi at auke i talet på eldre vil medføre auke i talet på demente. Demensomsorg vil vere ein av dei store utfordringane for kommunane dei neste åra. Innhald i tenester på alle nivå må planlegge og tilpasse seg dette. Regjeringa innfører krav om dagaktivitetstilbod for demente frå 2020, og ber kommunane auke fokus på pasient- og pårørande opplæring, støtte og avlastningstiltak. Dei viktigaste tenestetilboda retta mot born og unge, ved sida av skule og utdanning, er dei helsefremjande og førebyggande tenestene og den tidlege innsatsen som blir ytt gjennom helsestasjons og skulehelsetenesta. For at utsette born og unge skal få den hjelpa dei treng, må utfordringar, risiko og hjelpebehov bli avdekt så tidleg som mogleg. Det krev kompetente fagfolk på alle nivå. Nasjonale føringar legg til grunn at ein på alle nivå skal skape pasientens helsetenester. Tenestene skal fungere godt, både for dei med god helse, for dei med kroniske sjukdommar med behov for oppfølging over tid, og for dei med samansette behov for spesielt tilrettelagte tenester.
Meld. St 26 (2014-2015) Fremtidens primærhelsetjeneste nærhet og helhet karakteriserer morgondagens kommunale helse- og omsorgstenester slik: Har god tilgjengelegheit Har førebygging, forhindring og tidleg innsats i fokus Har fokus på meistring gjennom opplæring og strukturert oppfølging Har fokus på aktive og deltakande brukarar Innrettar seg i tråd med utviklinga i sjukdomsbiletet, fag, teknologi og samfunnsutviklinga elles. Tek innover seg at oppfølging skjer i kommunane, og at meir komplekse oppgåver er overført til kommunane Organiserar tenestene annleis /jobbar på ein annan måte Oppfyller kompetansebehov og krav Har god og auka leiartettleik Helse- og omsorgstenestene skal yte tenester til innbyggjarane gjennom heile livsløpet. Men den kommunale helse- og omsorgstenesta skal ikkje berre yte helsetenester i tradisjonell forstand, men også fremje sosial tryggleik, betre levevilkåra for vanskelegstilte, bidraga til likeverd og likestilling, førebygge sosiale problem og sikre at den einskilde får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Folkehelsearbeidet er eit ansvar på tvers av sektorar og samfunnsområde. Svært mykje av det som verker inn på helsa i befolkninga skjer utanfor helsesektoren. Gode levekår og sosial inkludering er fundamentet for å nå målet om fleire leveår med god helse og reduserte helseforskjellar. Til grunn for planen sitt føremål ligg Kommuneplanens samfunnsdel sine mål og visjonar: I 2035: er samfunnet i Vinje inkluderande og engasjerande er Vinje kommune ein brukarvenleg kommune har Vinje eit utbyggingsmønster som styrkjer busetnaden og skapar trivelege sentrum skal flest mogleg, uavhengig av alder og funksjonsnivå, bu heime så lenge som mogleg. har barn og unge trygge oppvekstvilkår og gode, utfordrande leike- og meistringsarenaer er det god tilgang til friluftsområde og eit godt friluftstilbod både for innbyggjarar og besøkande har tilsette i Vinje kommune rett og oppdatert kompetanse er Vinje ein aktuell kommune for lokalisering av kompetansearbeidsplassar Planprogrammet skal også peike på område som treng spesiell utgreiing. Prosjektgruppa har valt to område: 1. Arealbehov fornying og kapasitetsvekst 2. Interkommunalt samarbeid Veksten i talet på eldre, auke i talet på brukargrupper, krav til teamarbeid, pasient og brukaropplæring, auke i talet på tilsette, samt nye nasjonale føringar og krav til innhald og utforming av morgondagens institusjonar og buformer for heildøgns omsorg og pleie gjer ein gjennomgang av arealbehovet naudsynt.
Regjeringa meiner at større og meir robuste kommunar er ein føresetnad for å realisere samhandlingsreforma sine ambisjonar om at meir av helse- og omsorgstenestene skal ytast i kommunane. Overføring av nye og komplekse oppgåver kan bli krevjande for små kommunar, og kravet til kompetanse, ressursar, kvalitet - og tenesteinnhald kan kome til å auke behovet for interkommunalt samarbeid. I dag er Vinje vertskommune for interkommunal legevakt og kommunale akutt døgnsenger. Vidare deltek kommunen i interkommunalt samarbeid om vaktordning for jordmortenesta. Nasjonale føringar, lokal kunnskap om tenesteområda og ei erkjenning av kompleksiteten og breidda i dei oppgåver og utfordringar kommunen står overfor dei neste åra dannar grunnlaget for val av satsingsområde. I planprosessen så langt har vi lagt vekt på medverknad og innspel frå tenesteutøvarar i og på tvers av einingane i kommunen, samt utvalde brukargrupper. Deira røynsler, og tankar om morgondagens utfordringar har vore viktige bidrag til prosjektgruppa sitt arbeid med å velje satsingsområde. Fylgjande tema- og tenesteområde er valt ut: Meistring og deltaking Samordning av tenester Demensomsorg Born og unge Psykiske lidingar og rus Kompetanseutvikling og rekruttering Planprogrammet omhandlar ikkje val av strategiar, men skisserar opp nasjonale føringar for strategival. Tenesteinnhald og strategiar vil bli eit viktig område i det vidare arbeidet mot endeleg plandokument. Nasjonale satsingsområde og tiltak vil vere førande for helse og omsorgstenestene i Vinje sine strategival. Rådmannens framlegg til vedtak: Planprogram kommunedelplan for Helse og omsorg vert godkjend slik den ligg føre. Rådmannen, Jan Myrekrok, rådmann /s/