Saksomtale: Tilrettelegging av det kommunale tenestetilbodet til born og unge med spesielle behov og deira familiar forkorta til TaKT.

Like dokumenter
ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Retningslinjer for koordinering og samhandling i Leikanger kommune: Koordinerande eining har mandat til å oppnemne koordinator.

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Referat. Styringsgruppa for kommunereform Os og Fusa Dato: fredag 18. august Tid: kl Stad: Fusa kommune - Kommunetunet Til stades:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Hamaren Næringshagen Dato: Tid: 14:00

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /13 Kommunestyre /13

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Spesialpedagogisk hjelp. 1 Rett til spesialpedagogisk hjelp 2 Innhald 3 Organisering 4 saksgang

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 15:00

Koordinerande Eining i Flora kommune

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Forfall må meldast til utvalssekretær på telefon som syt for innkalling av varamedlemmer. Varamedlemmer møter etter nærare melding.

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

HØRING - NOU 2005: 8 LIKEVERD OG TILGJENGELIGHET. Vedlagt følgjer høyringsuttale frå Flora kommune vedteken i Flora bystyre

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Kontrollutvalet i Sogndal kommune Møtebok

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Nye kommunar i Møre og Romsdal

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Fitjar kommune Møteprotokoll

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Magne Reiten NESTL SP Frits Inge Godø MEDL V Helge Orten LEDER H Aslaug Jenset Sanden MEDL H

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet - Arbeidsmøte Møtestad: Møterom, Midsund sjukeheim Dato:

Tilleggsinnkalling av Kommunestyret

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Kommunedelplan for oppvekst

Rapport Kompetansesenter Rus Midt-Norge

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

Budsjett 2018 prosess

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet - Arbeidsmøte Møtestad: Møterom, Midsund sjukeheim Dato:

MELDING OM DELEGERT VEDTAK

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 14/729 15/ RIF Vedlagt følgjer kommunestyret si handsaming og vedtak i saka.

Vinje kommune. Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Vinje kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Tidspunkt: SAKLISTE.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

MØTEPROTOKOLL. Arbeidstakarrepresentant Anne Siri Bentsen. Vara var kalla inn men kunne ikkje møte. BHT ved Inger Johanne Lomheim SAKLISTE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

BREMAN GER KOMMUNE Sakspapir

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

ÅRSMELDING 2012 FRÅ KONTROLLUTVALET NISSEDAL KOMMUNE

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 038/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

Avvik 1: Nav Osterøy sikrar ikkje at tenesta kvalifiseringsprogram er tilgjengeleg for alle aktuelle deltakarar.

Koordinerande einingar ( KE ), individuell plan ( IP ) og koordinator i Møre og Romsdal

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Medlem V Liv Randi Sæter Balstad Medlem KRF

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Transkript:

SAKSGANG Styre/råd/utval Møtedato Sak nr Saksbeh. Utval for helse og skule 23.03.2010 013/10 UME Formannskapet 26.04.2010 040/10 HV Kommunestyret 10.05.2010 045/10 HV Saksansvarleg: Helge Vreim Arkiv: K1-144, K2-F50 Oppfølgingsansvar: Arkivsaknr.: 09/1301 Tidsfrist: DELPLAN TAKT - TILRETTELEGGING AV DET KOMMUNALE TENESTETILBODET TIL BARN OG UNGE MED SPESIELLE BEHOV OG DEIRA FAMILIAR. ENDELEG AVGJERSLE Vedlegg: Høyringsnotat som blei sendt ut 2. nov 2009 med frist 30. nov 2009. Høyringsuttale frå RUF sak 010/09 Høyringsuttale frå Indigo Høyringsuttale frå Midt-Telemark barnevern Høyringsuttale frå NFU lokallag i Bø Høyringsuttale frå Eininga Kultur og fritid Saksomtale: Tilrettelegging av det kommunale tenestetilbodet til born og unge med spesielle behov og deira familiar forkorta til TaKT. Dette er eit stort og komplisert område der mange arenaer ofte er involvera som t.d. skule, barnehage, helsestasjon, psykisk helse, barnevern, PPT etc. Erfaringane i Bø, og elles i landet, visar at vi frå offentlig hald ikkje klarer å oppfylle dei krava som følgjer opplæringslova, barnehagelova og sosialtenestelova, for å nemne noen. Vi lukkast rett og slett ikkje i oppfølginga av desse familiane. Noen stikkord som går igjen er: Liten fleksibilitet og innflytelse Manglande samordning Manglande tilgjengelegheit Målet med TaKT planen var difor å finne løysingar på kva vi i kommunen kan gjere for å nå dei krava som kommunen er pålagt å innfri. Rådmannen oppnemnte ei prosjektgruppe med representantar frå m.a. helsestasjon, skule, barnehage og open omsorg. Tre av deltakarane i prosjektgruppa deltok også på TaKT opplæringa i fylket (eit landsomfattande opplæringsprogram i regi av Sosial og helsedept.). Prosjektgruppa fant det naturleg å sjå nærare på desse tre områda:

Samordning og samarbeid i kommunen. Bruk av personell og kompetanse i arbeidet med habilitering og rehabilitering av born og unge Samordning og samarbeid med eksterne instansar. Det blei i planen til slutt peika på ni sentrale utfordringar: 1. Korleis finne gode løysingar på samordning av tenester? 2. Finne gode måtar å registrere, melde inn og følgje opp born og unge der ein oppdagar behov for tenester. 3. Førebygge sosiale og emosjonelle vanskar og/eller psykiske vanskar hos born og unge med nedsett funksjonsevne. Korleis yte god foreldrerettleiing? 4. Korleis yte god informasjon? 5. Korleis sikre at tenestene er lett tilgjengelige, enkle å finne ut av, og tilpassa den enkelte (både i skule og elles). Tryggje familien på at dei får hjelpa det er behov for (pålitelig og sikkert tenestetilbod). Brukarmedverknad (ha gode rutinar for dette) 6. Korleis bruke ressursane slik at fleire av dei som har behov kan få hjelp (rett hjelp til rett tid av rett personell)? 7. Korleis blir dei økonomiske konsekvensane dersom ein vel å nytte kompetansen på tvers av einingar og i ei anna form for organisering? 8. Avlastingsbustaden (kvalitet i innhald og kompetanse til dei tilsette). Kompetansehevingsplan, kompetansebank og kartlegging av kompetanse (sikre kvalitet i tenestene) 9. Finne gode samarbeidsformer med eksterne instansar. Bli einige om ansvarsfordeling osv. (kva kan vi forventa av kvarandre og korleis formidle dette vidare til andre) Gjennom kartlegginga og drøftinga i planen kom ein fram til fem konkrete forslag, som ein meiner vil gjere kommunen i stand til å handtere utfordringane ovanfor. 1. Opprette ei ny form for koordinerande eining. I praksis betyr dette at ein opprettar ei ny 100% stilling (som vi har valt å kalle tenestekoordinator). Denne stillinga vil vere kontaktpunktet internt/ekstern i arbeidet med TaKT, og vere adressa for alle med behov for tiltak og/eller informasjon. Det betyr at viss ein instans (skule, helsestasjon etc.) fangar opp eit born/familie dei antar kan ha behov for tenester skal dei melde i frå til tenestekoordinatoren uansett. Stillinga bør vidare har ansvar for m.a.: Å registrera, melde inn og følgje opp born og unge og deira familiar der ein oppdagar behov. Å kunne be om eit utvida Tiltaksteam (sjå nedanfor) Å ha oversikt over ulike tilbod i kommunen og helseregionen Å drive opplæring og utvikle rutinar knytt til individuell plan og koordinatorrolla som følgjer denne. Å leggje til rette for brukarmedverknad Å være sekretær for Tiltaksteamet (sjå nedanfor) og for Tverrfagleg forum for born og unge (sjå nedanfor) Å følgje opp dei økonomiske sidene ved kompetansebanken (sjå nedanfor)

2. Opprette ein kompetansebank i kommunen. Dvs. å registrera kommunens sin kompetanse i ein oversikt over personell med fagkompetanse som kan vere aktuell. Desse personane vil vere tilsett i ulike einingar til dagleg, men skal ved behov gå inn å gjere ein jobb på bestilling frå Tiltaksteamet. Det kan vere ein jobb som er både kort- og langvarig, direkte eller indirekte (ved t.d. rettleiing til anna personell). Slikt arbeid vil kunne vere aktuell innan ulike einingar i kommunen vår, alt etter behov. Skal dette fungere i praksis må alle einingar vere førebudd på at einskilde av dei tilsette vil bli lånt ut i periodar. Den aktuelle eininga som må avstå frå personell må sjølv stå for vikarinnleige. Vi tenkjer oss at utgifter til desse oppdraga skal finansierast av ein eigen budsjettpost (sjå nedanfor under økonomiske konsekvensar) 3. Utvide Tiltaksteamet i saker som gjeld born og unge. Det betyr i praksis at ein i desse sakene supplerar Tiltaksteamet med t.d. helsestasjon, barnehage evt. skule, PPT, barnevern etc. Tiltaksteamet må også få utvida mandatet sitt til å fatte vedtak etter lov om sosiale tenester, opplæringslova og kommunehelsetenestelova. Vidare må teamet få styringsmynde på tvers av einingar ved å t.d. Kunne bestille personell frå ein kompetansebank (til både kartlegging, planlegging og gjennomføring av tiltak/tenester) Kunne utnemne koordinatorar i samband med individuell plan frå alle einingar i kommunen (lærar, helsesøster, sjukepleiar, spesialpedagog, psykiatrisk sjukepleiar etc.) 4. Endre arbeidsforma i Tverrfagleg forum for born og unge til bare å drøfte prinsipielle saker. Dette forumet har sidan oppstarten i 2006 handtera både enkeltsaker og saker av meir prinsipiell karakter. I TaKT planen tenkjer vi at det utvida Tiltaksteamet vil handtere enkeltsaker, mens vi lar Tverrfagleg forum ha fokus på det meir generelle. Vi meiner det er viktig å ha eit bredt samansatt forum beståande av Rektorane/einingsleiarane på skulane Einingsleiarane i barnehagane PPT Barnevern NAV Einingsleiar frå Open omsorg, Helsestasjon Etc. Ein tenkjer at forumet skal drøfte viktige saker/utfordingar i arbeidet rundt born og unge med spesielle behov i Bø kommune. Vi har skissera 4 møter i året. Tenestekoordinator (sjå ovanfor) vil vere sekretær for dette forumet. Leiinga av det bør gå på rundgang (2 år om gongen) slik at alle får eit eigarforhold til det. Forumet må ha høve til å invitere eksterne/interne folk ved behov. 5. Utarbeide konkrete samarbeidsavtaler. Dette betyr at vi nedfell skriftleg dei rutinane vi er samde om å følgje det forpliktar og bevisstgjer oss på kva vi skal følgje opp.

Økonomiske konsekvensar av desse endringane er knytt til to forhold. Etablering av koordinerande eining/oppretting av ein ny 100 % stilling som tenestekoordinator. Vi tenkjer her ei løysing der ein omdefinerar ein sakshandsamarstilling i Open omsorg (som i dag arbeidar med delar av det ein tenestekoordinator skal gjere), men vi må da avlaste denne stillinga med einskilde oppgåver som utgjer om lag 50 % av stillinga. (koordinatoroppgåver og handtering av støttekontaktar). Kostnaden vil da ligge på om lag 200 000 kr i faste lønskostnader i året. Frigjering av personell i samband med kompetansebanken. Kor stor kostnaden er i fht dette er vanskeleg å fastslå eksakt. Vi snakkar her om det vi har omtala som den ukjente variabel i andre delplanar (som t.d. delplan for Institusjons- og heimetenester 2009-2025). Kor mange born og unge som vil ha behov for tenester av denne karakter i framtida er sjølvsagt umulig å fastslå med sikkerhet. Vi tenkjer at ein som eit utg.p setter av 1 million kroner til dette føremålet kvart år. Dette beløpet skal nyttast til vikarinnleige når ein låner ein tilsett for ein periode. Høyringsinstansane (av dei som har kome med innspel) er udelt positive til planen, og støttar dei konklusjonane den har kome med. Vi ønskjer likevel å trekke fram følgjande frå tilbakmeldingane: RFU Samrøystes vedtak frå møte i rådet 17.11.09: Rådet ser på dette som eit svært viktig og godt dokument. Dilemmaet framover vil vere å finne naudsynte økonomiske midlar, og å utvikle kompetanse som er tilstrekkeleg til å realisere planen. NFU lokallag Bø Synes det er viktig at kommunen tar opp en slik sak. Dokumentet virker ærlig Avgjørende at planen forankres på ledernivå dersom en skal lykkes i en så ny måte å behandle slike saker på Noe betenkte i forhold til kostnader har kommunen mulighet/vilje til å sette av penger? IP Ønsker mer aktiv bruk av IP Savner kulturetatens tilstedeværelse i forhold til å ha tilbud til mennesker med spesielle behov Ønsker ikke særtilbud minner om dette selv om de ikke ser at vi har tenkt dette i planen Liker tanken om kompetansebank og fagteam, og at dette ikke skal være en egen organisatorisk enhet. Eininga Kultur og fritid Mener innretninga på planen er god. Er positive til å opprette ei stilling for koordinator Er positive til kompetansebank og mener kommunens samla ressurser da vil kunne nyttes bedre

Foreslår konkret at kompetansebanken også bør bestå av en kunstterapeut. Kommer ellers med en del orientering om einingas tilbud og at de er interessert i å være deltakende. Indigo Uttrykker glede over prosjektets hovedmål, nemlig at hverdagen til barn og unge med spesielle behov og deres familier skal bli bedre. Glad for fokus på samarbeid og kompetanse Opplever at planens første del gir et reelt bilde av virkeligheten i Bø kommune. Viktig å ha et synlig ansikt utad koordinerende enhet. Kompetansebank-konseptet virker veldig bra. Skal kompetansebanken fungere i praksis, er det avgjørende med økonomisk tilskudd. Håper inderlig kommunen ser viktigheten av dette og bevilger penger! Fagteamet er de som jobber nærmest barnet. Viktig at de har regelmessige møter. Det viser seg at folk som jobber med samme barnet og sees hver dag likevel ikke samtaler om ting som skjer i hverdagen. Foreldre må kunne være trygge på at barnet blir ivaretatt og de må kunne stole på at planene i IP og IOP blir fulgt opp av alle aktører. Dette krever at en i fagteamet har hovedansvar for at dette skjer. Tverrfaglig forum er en viktig møteplass, og ved å treffes regelmessig blir samarbeidet bedre. Lavere terskel for å ta kontakt. Positivt å prøve dette som et 3-årig prosjekt. Synes TaKT-planen er et godt gjennomarbeidet dokument hvor det er vektlagt de rette tingene. Midt-Telemark barnevern Synes vi har lykkes i å lage en god plan. Kunne ønsket seg litt mer luft i planen slik at den ble lettere å lese og å holde tråden i de forskjellige delene. Ser positivt på STINA-kontakter Stiller seg bak forslaga som er listet opp i forhold til å lykkes. Mener det er helt nødvendig å ha en koordinerende enhet Rådmannen tilrår: Sidan denne saka er sterkt inngripande i måten vi organiserar tenestene på, ønskjer ein å definere det som eit prosjekt. Rådmannen førebur difor i 2010 oppstarten av eit 3 årig prosjekt med namnet TaKT. Ein tek sikte på å starte opp i 2011 og avslutte prosjektet i 2013. Mandatet til prosjektet vil vere i samsvar med TaKT planens hovudkonklusjonar. Dvs at ein m.a.: - Opprettar ei ny form for koordinerande eining (100% tenestekoordinator) - Utvidar Tiltaksteamet i saker som gjeld born og unge - Endrar arbeidsforma til Tverrfagleg forum for born og unge til bare å drøfte prinsipielle saker - Organisere ein kompetansebank - Utarbeide konkrete samarbeidsavtaler

Prosjektorganisasjonen vil bestå av: - Prosjektansvarleg vert HS utvalet - Styringsgruppa vert beståande av einingsleiarar frå skule, barnehage, Open omsorg og Bø sjukeheim (v/helsestasjon). - Prosjektleiar vert tenestekoordinator - Prosjektgruppe som prosjektleiar nyttar i det daglege (div. fagpersonell) Prosjektet vil måtte definere ein tydeleg framdriftsplan som inneheld ein: planleggingsfase-oppstartsfase-gjennomføringsfase-evalueringsfase Dette prosjektet startar opp så raskt ein har den finansielle delen på plass. Det betyr at ein i budsjettarbeidet for 2011 og i økonomiplanen for 2011-2014 innarbeidar både tenestekoordinatorstillinga på 50 % (200 000 kr) og kostnadene knytt til kompetansebanken (1 000 000 kr) HS-013/10 Tilråding: Som tilrådinga frå rådmannen. Samrøystes. F-040/10 Tilråding: Formannskapet tilrår samrøystes som HS-utvalet (helse og skule) med følgjande tillegg: Den finansielle delen av prosjektet blir tatt stilling til under budsjettarbeidet for 2011 og økonomiplanen for 2011-2014. K-045/10 Vedtak: Som Formannskapet samrøystes. Rett utskrift Dato: Kopi til: Helge Vreim Urban M. Eriksen