Uttale til ny helse- og omsorgslov frå Vestnes formannskap

Like dokumenter
Framlegget frå administrasjonssjefen vart røysta over først. Samrøystes vedteke

Ny kommunal helse- og omsorgslov - høyringsuttale frå Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Strategi Helse Midt-Norge - Uttale frå Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

2. Kva helse- og omsorgsoppgåver forvaltningsnivåa er pålagt ansvar for, og felles oppfatning av kva tiltak partane til ei kvar tid skal utføre

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2012/ Sverre Sæter,

Samhandlingsreforma - framdrift og organisering 2010 og 2011

SAMHANDLINGSAVTALANE : Kompetansebehovet i kommunane og forventningar til spesialisthelsetenesta

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Samhandlingsreforma i Sogn

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Dykkar ref: Vår ref Saksbehandlar Dato /ATG 2010/ Jan Morten Dale

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Forvaltningsrevisjonsrapport - "Samhandlingsreforma i Vestnes kommune" Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Bakteppe/status/utfordringar framover. Tor Arne Gangsø,

Samhandlingsreformen

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

STYRESAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF GÅR TIL: FØRETAK:

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Stordal kommune Servicekontoret

Samhandlingsreforma - oppretting av arbeidsgruppe i Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Bakteppe/status/utfordringar framover. Tor Arne Gangsø,

HØYRINGSUTTALE TIL FRAMLEGG TIL NY LOV OM KOMMUNALE HELSE- OG OMSORGSTENESTER OG NY FOLKEHELSELOV

VÅGSØY KOMMUNE Sentraladministrasjonen

Forpliktande avtalar om samarbeid mellom Helse Fonna og kommunane, retur av to avtalar

Saksnr Utval Møtedato

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Tenesteavtale 3. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Samhandlingsreforma Fylkesmannen sin rolle

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

HØRINGSUTTALE TIL NY FOLKEHELSELOV - SAMHANDLINGSREFORMA-

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Kva veit vi no, vel eit år etter? Ei slags oppsummering

Den akuttmedisinske kjeda

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /246 Tone Roaldsnes

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristine Breivik SAKA GJELD: Mellombels særavtale om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald for Vaksdal kommune

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar.

Kurs i helsepedagogikk 21/3 11 Ottar Grimstad Kommuneoverlege Hareid og Ulstein

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

Oppstart av ny avdeling knytt til Samhandlingsreforma. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Tenesteavtale 6. Mellom Haugesund kommune og Helseføretaket. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

Samhandlingsreformen og konsekvenser for rehabilitering og habilitering i kommunene

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Kontrollutvalget i Alta kommune I N N S T I L L I N G

Prosessevaluering av Samhandlingsreformen: Statlige virkemidler, kommunale innovasjoner

Folkehelsedagane

Forslag til ny forskrift om kommunal betaling for utskrivningsklare pasienter.

SULDAL KOMMUNE Møtebok

Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2010/ Sverre Sæter,

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

Hol kommune SAMLET SAKSFREMSTILLING MØTEBOK Saknr. 2/11 Arkivsaksnr.: 11/11 Arkivkode: F00 &13

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Sak 143/10 Høring - forslag til ny lov om kommunale helse- og omsorgstjenester

Høyring Ny forskrift om ansvar for utgifter til spesialpedagogisk hjelp for barn under opplæringspliktig alder

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Høyringsuttale til nasjonal helse-og omsorgsplan , ny lov om kommunale

Tenesteavtale nr. 4 kommunalt tilbod om strakshjelp døgnopphald etter helse- og omsorgstenestelova 3-5, 3. ledd. for kommunane Fjell og Sund

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Vurdering av den akuttmedisinske beredskapen i regionen på basis av gjennomførte ROS analysar:

Samarbeidsavtale mellom Vestnes kommune og Helse Møre og Romsdal HF. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Utviklingsprosjekt: Kartlegge om Tenesteavtale 3 vert følgt ved akuttinnleggingar på Medisinsk avdeling, Stord Sjukehus. Nasjonalt Topplederprogram

Den akuttmedisinske kjeda

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 15:00

Vågå kommune Felles tenester

Tenesteavtale 6 Retningsline for gjensidig kunnskapsoverføring, informasjonsutveksling, faglege nettverk og hospitering

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

Samhandlingsreformen Styrings- og tilsynsutfordringer

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

RETNINGSLINJE FOR BISTAND FRÅ KOMMUNALT PERSONELL FOR PERSONAR MED SPESIELLE OPPFØLGINGSBEHOV VED INNLEGGING I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /246 Tone Roaldsnes

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

TELEMARK FYLKESKOMMUNE Administrasjonen

Habilitering og rehabilitering. Av seniorrådgiver Eilin Reinaas Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Runa Bakke, Volda kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

Fagdirektør Gerd Juel Homstvedt. SAFO-konferansen Hotel Scandic Oslo Airport 22.januar 2011

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Hjartdal kommune Kontrollutvalet

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Transkript:

VESTNES KOMMUNE Administrasjonssjefen Helse- og omsorgsdepartementet Postboks 8011 Dep 0030 OSLO Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf 17.01.2011 483/2011 2010/1007 Tone Roaldsnes 71 18 40 40 Uttale til ny helse- og omsorgslov frå Vestnes formannskap Vestnes kommune ved formannskapet har i dag samrøystes gjort vedtak om å sende følgjande høyringsuttale: 1. Kva oppgåver ligg til kommunane, og kva ansvar har staten v/helseføretaka? Det nye lovforslaget er ei klar vidareføring av dei ovanfor nemnde lovene, men det har skjedd ei vesentleg endring: Gjeldande kommunehelsetenestelov lister opp kva oppgåver kommunane har, og opplistinga av oppgåver er uttømmande. Slik sett er det kommunale ansvaret pr i dag forholdsvis klart. I dette forslaget blir kommunane gjennom 3-1, 4.ledd, pålagt alle oppgåver som ikke hører inn under stat eller fylkeskommune. I tillegg heiter det i 1-2, 2.ledd, at departementet gjennom forskrift eller i det enkelte tilfellet kan bestemme hva som er helse- og omsorgstjenester etter loven her. Den nye lova er altså ei rammelov, og kommunane har eit sørge-for -ansvar til å ta ansvar for dei oppgåvene som ikkje ligg til spesialisthelsetenesta. Vestnes kommune etterlyser ei klarare ansvarsfordeling mellom staten og kommunane sine oppgåver. Ei slik klargjering blir ikkje gitt i i dette lovforslaget. Det at grensedraginga er uklar kan innebere at stadig fleire oppgåver blir overført til kommunane utan at dette blir kompensert økonomisk. Med grunnlag i lovtekst eller forarbeid vil det vere vanskeleg, eller nærmast uråd, å trekke grensedraginga mellom kommunane og spesialisthelsetenesta sine ansvarsområde, og ikkje minst gråsoneområde. Det er slik sett ikkje klart om det er kommunenivået og/eller helseføretaka som skal ha overordna og juridisk ansvar for t.d. samarbeidsløysingar som dei mykje omtala tenestene på mellomnivå: etablering av akutte døgntilbod (observasjon og etterbehandling), intermediære avdelinger og distriktsmedisinske senter. Gråsonene i forhold til rus, psykiatri forblir tilsvarande uklare. Når avgrensingane for kva som er kommunane sine oppgåver og kva som skal ligge til spesialisthelsetenesta er såpass uklare og lite avgrensa vil kommunane i sine Postadresse: Telefon: Telefaks: Org.nr. Rådhuset 71 18 40 00 71 18 40 01 939 901 965 6390 Vestnes www.vestnes.kommune.no E-post:postmottak@vestnes.kommune.no

samarbeidsavtalar med helseføretaka bli utfordrande både i forhold til innleggings- og utskrivingspraksis. Vi er svært bekymra for at dette kan utvikle seg til ei stille reform ved at fleire og fleire pasientar skal oppfølgjast i kommunehelsetenesta. Dette ser vi allereie i dag ved ein gradvis endring av utskrivingspraksis og kortare liggetid. Dette vil også vise seg etterkvart med ein endra innskrivingspraksis der pasientar som vert innlagte raskt vil bli utskrivne ved å vise til kommunen som rett instans for oppfølgjing. Desse endringane har allereie fått store økonomiske utfordringar for kommunane ved eit auka press på kommunale institusjonstenester og heimetenester. Vestnes kommune er skeptisk til det store fokus som blir lagt på etablering av sjukehusliknande institusjonar i kommunane dvs døgntilbod i akuttsituasjonar (observasjon og etterbehandling), intermediære avdelingar med sjukehusliknande funksjonar, samt lokalmedisinske senter. Det må først vedtakast ein overordna helseplan med klare definisjonar av kva som er eit sjukehus og kva funksjonar eit sjukehus skal ha på lokalt, regionalt og landsdekkande nivå. Kompetanseforutsetningar: Sjølve intensjonen i samhandlingsreforma er å legge helsetenester på kommunenivå slik at spesialisthelsetenesta får tid og ressursar til å ta seg av dei pasientane som krev spesialister. For å kunne vurdere kva som er rett nivå, for å vurdere om innlegging er naudsynt, og for å kunne gi forsvarleg helse- og omsorg, vil kommunane trenge eit kompetanseløft. Dette gjeld både almennlegetenesta, men i særleg grad også etter- og vidareutdanning av faggrupper i den kommunale pleie- og omsorgstenesta. I dag løyver staten ved fylkesmannen midlar til etter- og vidareutdanning av tilsette i kommunane. Denne ordninga har fungert godt og må vidareutviklast og styrkast dersom vi skal ha muligheit til å nå målsettinga i samhandlingsreforma. 2. Framtidig legeteneste i kommunal helse- og omsorgsteneste Ei godt utbygd og kvalitativt god allmennlegeteneste er ein hjørnestein i kommunal helse- og omsorgsteneste. Den skal sikre alle innbyggarar tilgang på helsetenester og vere den grunnmuren som spesialisthelsetenesta bygger på. Allmennlegetenesta er også ein sentral samarbeidspart for dei øvrige kommunale helse- og omsorgstenestene og inngår i ei heilskapleg kommunal helse- og omsorgsteneste. For å kunne lukkast med samhandlingsreforma må følgjande føresetnader vere tilstades: Det må vere god tilgang på allmennleger i kurativ praksis. Det må skje ein auka tilgang på medisinsk kompetanse i kommunane sitt administrative planarbeid. Legetenesta må vere godt integrert i den kommunale helse- og omsorgstenesta slik at eit tverrfagleg samarbeid innan dei kommunale tenestene kan ivaretakast, og slik at finansieringa av legearbeidet blir heilt klart definert. Dette gjeld samarbeid utanom dei faste timane legane har som tilsynslege, helsestasjonslege etc. Samhandlingsreforma vil kreve ein politikk og tiltak som i praksis demonstrerer at det neste tiåret skal tilhøyre kommunehelsetenesta. Nye plikter, større ansvar og fleire oppgåver til kommunane må oppfølgast med auka ressurser, auka mynde og auka tillit. Ein viktig premiss i samhandlingsreforma er at fastlegane skal styrke sin innsats til prioriterte grupper. Dette forutset at det på landsbasis vert fleire fastleger, og at fastlegane kan lønnast for å delta i kommunen sitt generelle arbeid, også på eit førebyggande plan. Journalpostnr:483/2011 Vestnes kommune Side 2 av 5

Vi er svært usikre på om ein modell med 50% per capita tilskot og 50% stykkpris (pasienthonorar + refusjon) vil betre muligheita til å kunne nytte legane meir i kommunal teneste. Det vil kunne føre til eit legeønskje om fleire pasientar på lista si. Dette vil så auke ventelistene og gjere det vanskelegare å drive proaktivt overfor sårbare grupper. 3. Kan framlegget til nye lover medføre auka byråkrati og helseadministrasjon? Lovframlegget legg stor vekt på plan-, system- og styringkrav. Dette er naudsynt i eit moderne rettssamfunn, men det som er hovudmålet, å yte gode og forsvarlege helse- og omsorgstenester, kan stå i fare for å bli nedtona med så mange og omfattande krav til plan, system og styring. Vi må ikkje miste fokus i velferdstaten! For store og omfattande plankrav kan medføre at mindre kommunar vil ha vanskar med å oppfylle lovkrava pga manglande kompetanse på jus-, plan- og avtaleområdet. Her er døme på ein del krav: 3-1, 2.ledd Kommunens ansvar etter første ledd innebærer en plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere virksomheten 3-3 Helsefremmende og forebyggende arbeid etter 3-2 skal blant annet omfatte systematiske tiltak for å identifisere personer som står i fare for å utvikle psykisk eller somatisk sykdom, lidelse eller helseproblem, sosiale problemer eller et rusmiddelproblem. 3-4 Kommunen skal til enhver tid ha oversikt over helsetilstanden i befolkningen og de positive og negative faktorer som kan virke inn på denne. 4-2 Enhver som yter helse- og omsorgstjenester etter denne lov skal sørge for at virksomheten driver systematisk arbeid for å ivareta pasientsikkerhet og kvalitet. Departementet kan i forskrift gi nærmere regler til utfylling og gjennomføring av denne bestemmelsen, herunder krav til lokalpolitisk behandling av kvalitetskrav. 5-2 Kommunen plikter å utarbeide en beredskapsplan for sin helse- og omsorgstjeneste i samsvar med lov om helsemessig og sosial beredskap. Planen skal samordnes med kommunens øvrige beredskapsplaner. Vestnes formannskap meiner at 3-3 må gå ut. 3-4 vil dekke behovet for planlegging. Lov om folkehelse dekkjer også delar av dette området. Dette er eit skrekkeleg eksempel på statleg styringsiver som både er urealistisk, uønska og minner om overvaking og formyndarskap frå styringssett som for lengst er gått ut på dato: Korleis skal dette kunne gjennomførast? Kva slags kompetanse skal ein ha for å forutsjå folks framtidige helseproblem? Og er det eit mål i seg sjølv? Skal vi overvake og angi kvarandre for å skape flest muleg klientar? Skal vi klassifiserast etter fare for sjukdomsutvikling? Skal vi ikkje lenger ta ansvar for vårt eige liv og helse? Journalpostnr:483/2011 Vestnes kommune Side 3 av 5

4. Samarbeidsavtalar og maktforhold ved avtaleinngåing Departementet legg til grunn at det vil oppstå eit behov for omfattande interkommunalt samarbeid for å oppnå tilstrekkeleg innbyggergrunnlag, tilstrekkeleg kompetanse og naudsynt økonomisk styrke. Dette viser at samhandlingsreforma også legg grunnlag for kommunesamanslåingar på noko sikt. Departementet vurderer det slik at samkommunemodellen eller vertskommunemodellen i mange tilfelle vil møte nye framtidige utfordringar og oppgåver innan helse- og omsorgssektoren, særleg for dei minste kommunane. Dette gjer at reforma, slik den i dag vert lagt fram, kan verte ei altfor stor utfordring for mindre kommunar. Faren for oppbygging av kommunale helsebyråkrati finn vi i lovkravet om at kommunane SKAL inngå forpliktande samarbeidsavtalar med helseføretaka og med andre kommunar. Kap 6 i lova omhandlar samarbeidsavtalar, og 6-2 set konkrete krav til innhaldet i avtalen. Generelt sett vil det vere vanskeleg for ei gjennomsnittskommune på under 10.000 innbyggarar å vere likeverdig avtalepart overfor eit stort helseføretak, og det vil kreve større administrative ressursar å handtere juridiske, økonomiske og og faglege spørsmål knytta til avtalar. Helseføretaket vil ha store fordelar ved å ha meir kompetanse tilgjengeleg enn kommunane. Det vil vere uråd at partane blir likestilte. Dette har kommunane fått erfart i partnarskapsarbeidet i NAV-reforma. Departementet legg opp til at partane sjølve skal løyse tvistar, og også vurdere å legge desse fram for domstolane til avgjerd. Dette er uakseptabelt. Det må opprettast nasjonale tvisteløysingsordningar. Uavhengige tvisteløysingsordningar må ikkje gå utover den einskilde pasient. Det bør først og fremst vere det økonomiske ansvaret tvisteløysingsorganet vil ta stilling til. Eit slikt tvisteløysingsorgan vil t.d. kunne avgjere økonomiske tvister i tilknytning til utskrivningsklare pasienter. 5. Finansiering av reforma Ei klar forutsetning for ny helse- og omsorgslov og ny folkehelselov er at det skal satsast meir på førebygging i kommunane. I tillegg skal fleire oppgåver ha sitt utgangspunkt i kommunehelsetenesta. Det er difor med stor uro og undring ein kan lese mange stader i begge høyringsforslaga at forslaget ikke innebærer økonomiske eller administrative konsekvensar. Dette er ulogisk. Særleg i ein overgangsfase med større satsing på førebygging og kompetanseheving i kommunesektoren vil tiltaka ha både økonomiske og administrative konsekvensar. Viser her tildømes til pkt 10.6, pkt 11.8 og pkt 14.6 i høyringsdokumentet som omhandlar kommunale oppgåver. Det er også ei forutsetning for reforma at legetenesta i kommunane skal styrkast. Det er då ei forutsetning at denne styrkinga vert finansiert. Pr i dag er situasjonen i mange kommunar at ein har bra dekning av legar, og såleis legar med kapasitet til kommunalt arbeid, men ein har ikkje økonomi til å nytte desse legane fullt ut. I stortingsmelding 47 vart det fremma forslag om at kommunane skulle få overført 20% av midlane som no går til helseføretaka. Dette skulle så nyttast til å kommunal medfinanisering av 20% av alle innleggingar, alternativt dekkje utgifter til døgnopphald (observasjon, etterbehandling) i kommunal institusjon. I behandlinga av stortingsmeldinga i Stortinget i april 2010, sa samtlege parti nei til dette då det ville medføre for stor finansiell risiko for kommunane. Journalpostnr:483/2011 Vestnes kommune Side 4 av 5

Det vart difor oppretta eit statssekretærutval for å vurdere alternativ : Enten medfinansiering av innleggingar av personar over 80 år Eller medfinansiering av innleggingar som er diagnoseavhengig (t.d. livsstilsjukdommar) Medfinansiering av sjukehusinnleggingar vil medføre store utfordringar og bør ikkje gjennomførast: 1. Kommunane har ikkje styring over innleggingar, og bør heller ikkje ha det. Dermed har ein ikkje styring med utgiftene på dette området, og vil i praksis få budsjett som ikkje kan styrast lokalpolitisk. 2. Legane får for store utfordringar i høve etikk: Dei kan stå i fare for å kjenne seg tvinga til å unngå innleggingar for å spare kommuneøkonomien. Dersom medfinansiering likevel blir gjennomført, bør denne vere diagnosebasert og ikkje aldersbasert. Aldersbasert medfinansiering vil verke aldersdiskriminerande. Når det gjeld betaling for utskrivingsklare pasientar ( 6-2, pkt 4), opplever kommunane allereie i dag konfliktar i forhold til helseføretaka. Dersom prisen for å ha innlagt utskrivingsklare pasientar aukar frå ca kr 1600 pr døgn i dag, til kanskje så mykje som kr 5000 pr døgn (KS sitt anslag), så vil konfliktene på området auke. Her må kriteria for kva som kan definarast som utskrivingsklar bli gjenstand for drøftingar der KS og Helsedirektoratet er sentrale partar. Her må det opprettast lokale tvisteløysingsorgan som kan ta stilling til enkeltsaker. Totalt sett er finansieringa av samhandlingsreforma uklar og uferdig. Høyringsnotatet avklarer lite når det gjeld økonomi. Dette er beklageleg og urovekkande. Det meste av finansieringsspørsmåla vert å kome tilbake til i forskrift eller seinare avklaring. Dermed er situasjonen den same som ved ein del andre reformer. Det blir ein pågåande debatt i ettertid der det er strid om reforma er fullfinansiert og kva kommunane reelt sett har fått av nye ressursar. Ein slik debatt er uheldig og kan vere med å svekke befolkninga si tiltru til reformer og politiske prosessar. Med helsing Tone Roaldsnes administrasjonssjef Journalpostnr:483/2011 Vestnes kommune Side 5 av 5