Budsjett 2017 Økonomiplan

Like dokumenter
BÆREKRAFTIG UTVIKLING

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

BUDSJETTFRAMLEGG 2018

Saksframlegg Valle kommune

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

Ditt liv, ditt val! Innleiing

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

TILLEGGSINNKALLING. Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.16:00. Utval:

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Tertialrapport 2 tertial 2015

Arbeid med kommunebudsjett. HT-samling, Ulvik

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Kommunedelplan for oppvekst

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Dato: kl. 9:00 Kommunestyresalen Arkivsak: 12/ /12 12/ Godkjenning av protokoll for formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

For meir informasjon på nett, sjå

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 15.00

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Magny Lundeberg Medlem AP Bjørn Håvard Olsen Leiar AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Sakspapir. SAKSGANG Utval Møtedato Saknr Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) /19

Radøy kommune Saksframlegg

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ).

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 064/15 Formannskapet PS HØYRINGSUTTALE - FORSLAG OM Å ENDRE EIENDOMSSKATT PÅ VERK OG BRUK

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Ole Aasaaren Regionsjef

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Saksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.

Disponering av investeringsmidlar i opplæringssektoren 2017

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Grete S. Lundekvam møtte frå administrasjonen. Eldgrim Springgard og Hilde Løkensgard Bjørnsvik

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Siv Ragnhild Bjerga K /8073

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 11/12 11/893 Søknad om bygging av landbruksveg - Baukasengvegen

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Innovasjonsmetoden vår

Til veljarane i Tysnes

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

Saksnr. Utval Møtedato 050/17 Skule- og kulturutval /17 Formannskapet Kommunestyret

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 117/17 Formannskapet PS Kommunestyret

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Transkript:

Budsjett 2017 Økonomiplan 2017-2020

INNLEIING: Venstre legg med dette fram sitt forslag til budsjett 2017/økonomiplan 2017-2020. Budsjettframlegget er basert på rådmannen sitt budsjettframlegg slik det vart presentert i kommunestyret 01. November 2016, samt andre opplysningar og fakta som har komme fram i løpet av budsjettprosessen. Skulle det komme fram opplysningar som gir auke i inntekta til kommunen i løpet av budsjettprosessen kan budsjettframlegget justerast deretter. OVERORDNA FØRINGAR: Vi er heldige i Os som har ein kommuneadministrasjon og kommunalt tilsette som gjer ein formidabel jobb til tross for manglande ressursar i fleire einingar. Over fleire år har det vore lagt ned stort arbeid i å drifte effektivt, og med små ressursar administrativt. Os kommune scorar godt på effektiv drift som et resultat av arbeidet gjort administrativt og politisk. Samstundes er det viktig å ha med seg et perspektiv om at kvalitet i tenestene ikkje må bli gløymd i eit forsøk på å levera dei mest kostnadseffektive tenestene. SIO blir eit stort og omfattande prosjekt for kommunen sin del. Kommunen har dyktige leiare og tilsette som jobbar hardt for å gjere kommunen klar for oppgåva. Det er mange utfordringar knytt til SIO, men det er viktig at heile organisasjonen jobbar saman for å finne dei beste løysingane. Utbygginga på Lurane er godt i gang og det vil være eit stort løft for heile kommunen når bygget er ferdig. Kommunen sin aukande gjeld må vere eit viktig fokusområdet i framtida. Det er liten tvil om at prioriteringar av store prosjekt, dårleg planlegging og dårleg vedlikehald har vore medverkande årsaker til at gjelda er høg. Samstundes er det store utfordringar knytt til folketalsveksten i Os. Det er lagt opp til ein ambisiøs, men nødvendig, investeringsplan over dei neste åra. Det gjer at det er viktig at vi som politikarar er edrueleg i forhold til prioriteringane vi gjer, og er spesielt fokusert på det viktigaste først. Skuler, sjukeheimsplassar etc. må komme i første rekke. Ein skal også ha på minne at noko av gjelda er sjølvkost, og noko er knytt opp mot framtidig utvikling av kommunen. På sikt vil det være investeringar som kan gje avkastning. Kommunen bør søke OPS der det er mogleg.

DRIFTSBUDSJETT: Venstre er samd i rådmannen sine anbefalingar i forhold til å ikkje bygge opp tenestetilbodet for mykje. Når utbygginga på Lurane står ferdig vil det være behov for en betydeleg auke i driftsbudsjettet, og det er viktig at kommunen er klar for å takle auken. Det har vore ein strategi å sette av midlar til fondsoppbygging og Venstre er samd i den strategien. Rådmannen har lagt til grunn ein moderat auke i fri inntekter. Venstre finn det forsvarleg å auke skatteinngangen med kr. 6 450 000. Det er ikkje aktuelt for Venstre å innføre eigedomsskatt. Endringar 2017 2018 2019 2020 INNTEKTER Auke skatteanslag 6 450 000 6 450 000 6 450 000 6 450 000 UTGIFTER Felles Næringsfond 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Tilskot Søfteland IL 50 000 Oppvekst og kultur: Gratis halleie 500 000 500 000 500 000 500 000 Vidareføring stillingar 4 000 000 4 000 000 4 000 000 4 000 000 Samfunnsutvikling: Støyskjerming Søfteland skule 300 000 Tiltak fleire bussar 150 000 Ny utgreiing E39 200 000 Planarbeid 250 000 Sum utgifter 6 350 000 Sum varige utgifter 5 550 000 5 550 000 5 550 000 5 550 000

FELLES NÆRINGSFOND Venstre sett av kr 1 000 000 til eit næringsfond i kommunal regi. Eit kommunalt næringsfond skal nyttast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i kommunen. Tildeling av midlar bør gjerast av formannskapet etter innstilling frå næringssjefen. TILSKOT REGULERING SØFTELAND Venstre set av kr 50 000 i tilskot til Søfteland Turn og Idrettslag til arbeidet med regulering av området mellom Eikhaugen og Bergstø (som vist i møtet i formannskapet i september 2016). OPPVEKST OG KULTUR: GRATIS HALLEIE Venstre legg inn ein sum på kr 500 000 til gratis leie av idrettshallane i kommunen for barn og ungdommar. Ei slik ordning vert praktisert i fleire andre kommunar i fylket, og Venstre meiner at det er på tide at ein det blir etablert ei slik ordning i Os. HALHJEM BARNESKULE Venstre meiner at det er på tide med ein revidering av skulebruksplanen. I det arbeidet bør det komme ein utgreiing av Halhjem Barneskule som 1-7 skule. Det er ein betydeleg folkeauke på Halhjem og skulen er allereie ein 2-parallell skule. Ein bør samstundes vurdere å byggje ein idrettshall i tilknyting til skulen. SFO SØFTELAND Venstre vil at kommunen skal, slik skulen har bedt om, sikrar at brakkebygget på Moldmyra (som var mellombels barnehage) vert disponert som nye SFO lokalar for skulen. Dei

noverande lokala (det gamle biblioteket i skulen) er lite egna og ein slit mellom anna med mykje støy. Ein ser også alt at skulen vil ha bruk for meir areal med den sterke folkeveksten i bygda. STILLINGAR UNGDOMSSKULEN Venstre set av kr. 4 000 000 til vidareføring av 2 stillingar ved Os ungdomsskule, samt 2 nye stillingar ved Nore Neset ungdomsskule. Innanfor dei midlane skal også ein stilling vidareførast i meistringsteamet. Os ungdomsskule står i en vanskeleg posisjon etter at dei ikkje lenger får midlar til dei fem statlege finansierte stillingane som dei fekk tidlegare. Det er viktig at begge ungdomsskulane får like vilkår å jobbe etter, så vi ser det difor som rett å sette av pengar til begge skulane. SAMFUNNSUTVIKLING NY RAPPORT, FERJEFRI E39 Den statlege planen om ny ferjefri E39 gjennom Os er det største inngrepet i naturen og bumiljøet i Os nokosinne. Dimensjonane og konsekvensane er så store at utgreiingane som er gjort i regi av Vegdirektoratet bør veies opp mot utgreiingar tinga av ein annan oppdragsgivar enn SVV. Venstre foreslår difor ei utredning om støy, miljø og naturkonsekvensar frå planane om ny E39 Os-Stord. Venstre set av kr 200 000 til tiltaket. VEG SØFTELAND LYSEPARKEN Os Venstre vil at kommunen snarast startar arbeid med å sikra at det vært planlagt og bygd ny veg mellom Lyseparken og Søfteland. Vegen som i dag går over Langedalen er ikkje egna til å ta den trafikkauken som vil koma når nye E39 opnar. I dag er denne vegen kommunal. Med den veksten som kjem vil ein ny veg truleg bli fylkesveg (som mot Lysefjorden). Vegen må inn på prioriteringslista til fylket og kommunen må setja av midlar i langtidsbudsjettet for ei eventuell forskottering av midlar. STØYSKJERMING SØFTELAND SKULE Venstre legg inn ein sum på kr 300 000 til støyskjerming ved Søfteland skule. Støy i uteområda ved Søfteland skule er ei stor plage for alle som oppheld seg der. Området er nyleg også lagt fint til rette for aktivitetar utanom skuletida. Ein støyskjerm ville også kunna

skjerma anlegga for anna forureining frå vegen. Då vegen alltid har vore der - kom før skulen - er reglane slik at Statens Vegvesen ikkje har ansvar for slik skjerming, sjølv om trafikken har mangedobla seg og det er mange fleire som dagleg nyttar området. Kommunen må derfor ta saka og syta for at dette kjem på plass i 2017. TILTAK FOR FLEIRE BUSSRUTER I OS Venstre setter av kr.150 000 til tiltak for fleire bussar i Os. Mange som bur i grendene etterlyser fleire bussavgangar. Dette er særskilt viktig for dei unge som ynskjer å ta del i aktivitetar andre stadar i kommunen eller i Bergen. Venstre foreslår å bruke midlar til å gjennomføre ein innbyggjarundersøking og sjå på moglege private alternativ til Skyss for å betre busstilbodet i alle delar av Os. I tillegg må det arbeidast politisk i fylkeskommunen for å betre Skyss sitt rutetilbod. TURSTIAR: Os kommune har motteke 3,5 millionar frå Staten i tiltaksmidler i tilknyting til den aukande arbeidsløysa på Vestlandet. Venstre foreslå å bruke av disse til oppbygging av turstiar /rekreasjonsområdet. Vi ynskjer mellom anna å fylgje opp forslaget frå Bjørnafjorden Golfklubb omring tursti på nordsida av golfbanen med tilknyting til Nordmarka/Knutabrua. I tillegg ynskjer Venstre at delar av tiltaksmidlene skal gå til fleire lærlingplassar i kommunalt regi. PLAN FOR NÆRSENTER Venstre vil auka posten som er sett av til planarbeid med kr 250.000 (til kr. 1.250.000) for å utarbeida plan for nærsentera og koma i gang med klima og miljøregnskap for kommunen. INVESTERING NÆRINGS/KULTURBYGG Venstre meiner at hotelltomta ved Oseana bør nyttast til eit kommunalt bygg som blant anna skal innehalde bibliotek, ein mindre sal til kultur, kontor og møtelokale for næring,

næringsklynge/hub(som rådmannen har foreslått), samt leilegheiter på dei øvste plan.. Kommunen kan søkje utviklingsmidlar innan den nye statlege satsinga på kultur og næring. VERBALFORSLAG: Framlegg til vedtak: Os kommunestyre vedtek at det skal lages eit utkast til plan for nærsentera i kommunen Framlegg til vedtak: Os kommunestyre vedtek at klima og miljøplanen skal reviderast og innarbeid og innarbeida mål om at kommunen skal bli sertifisert som Miljøfyrtårn innan 2018. Framlegg til vedtak: Os kommunestyre vedtek at kommunen skal søke tilskot til klimatiltak for kommunen Framlegg til vedtak: Os kommunestyre vedtek at kommunen kjøper opprinnelsesgaranti for straum. Framlegg til vedtak: Os kommunestyre vedtek at kommunale bygg skal nytte solcellepanel der det er praktisk mogleg Framlegg til vedtak: Os kommunestyre vedtek ein gjennomgang av aksjeportofolien med mål om å trekke Os kommune ut av aksjar innan kull, olje og gass verksemder. Framlegg til vedtak: Os kommunestyre ber rådmannen starte arbeidet med ein ny strategisk næringsplan for Os.