MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtested: Rådhuset Møtedato: 09.12.2009 Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.50 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Fra adm. (evt. andre): Torodd Urnes, Anders Bolstad, Bergljot Buskaker, Stein Olav Njøs, Ivar Kvalen, Sølvi Fretheim Steig, Geir Arve Sandvik. Rådmann Tore Eriksen, Plansjef Arne I Lerum og kommuneplanleggjar Torunn Løne Vinje på Stadanalyse Gaupne. Næringssjef Olav Grov sak 164, 165 og deler av 172. Landbrukssjef Steinulf Skjerdal sak 167. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 163/09 09/3170 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 164/09 09/3090 Nes Gard. Søknad om finansiering 165/09 09/3076 Vest Asfaltfresing AS. Søknad om finansiering 166/09 09/3003 Søknad om lån til bruksutbygging 167/09 08/361 Miljøplan for Luster Kommune 168/09 09/2517 Endring av krinsgrensa mellom skulekrinsane Gaupne og Dale 169/09 09/399 Kommunalt driftstilskot til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum Nær Nær Nær FSk 170/09 09/3176 1
Molland skulehus - overføring av eigarskap. 171/09 08/2394 Gaupne skule - tilbygg, utviding av kostnadsråme 172/09 09/3170 Referat- og drøftingssaker 173/09 09/3079 Matrikkellova - lokal forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
163/09 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 2.12.09 vert godkjent Underskrifter: Stein Olav Njøs og Ivar Kvalen. 164/09 Nes Gard. Søknad om finansiering Nes Gard ved Anders Månum får eit lån i næringsfondet stort kr 600.000,- til investering i reiselivsanlegget. Lånet vert gjeve med ein to års rente- og avdragsfri periode og skal deretter betalast ned over 13 år. Lånet er eit pantelån. 165/09 Vest Asfaltfresing AS. Søknad om finansiering Vest Asfaltfresing AS får eit lån i næringsfondet stort kr 600.000,- til investering i næringsbygg på Røneidsgrandane. Lånet vert gjeve med ein to års rente- og avdragsfri periode og skal deretter betalast ned over 13 år. Lånet er eit pantelån. 166/09 Søknad om lån til bruksutbygging Sølvi Fretheim Steig gjekk frå som ugild. Jan Norvald Steig, 6877 Fortun, får innvilga eit rentefritt lån gjennom næringsfondet på kr 1 117 000,- til bruksutbygging på bruket han er eigar og drivar av, Bjørk gnr. 3, bnr. 3. Lånet skal vera avdragsfritt dei første to åra og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen. 167/09
Miljøplan for Luster Kommune Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken med følgjande presisering og endringar frå formannskapet: Tiltak 4 under delmål side 11 ny tekst erstattar teksten i planframlegget. Delmål side 12 vert justert til: Stasjonær energibruk i Luster kommune skal nærme seg nasjonalt forbruksnivå. Tiltak 1 side 12: Tekst i planframlegget vert ståande: Kommunen skal ikkje subsidiera privat straumforbruk. Tiltak 4 side 12: Tilskot til lågenergihus + beskriving. Formuleringa tilrådd mot 2 røyster. Pkt. 12, side 14: Kommunen skal vere restriktiv.. Formuleringa tilrådd mot 3 røyster. Tiltak 5, side 16 ny formulering: Vurdere bruk av vegsalt opp mot andre tiltak som gjev mindre ureining. Luster kommunestyre vedtek miljøplan (plan for energi, klima og ureining) for Luster kommune for 2010-13 i samsvar med formannskapet sitt planutkast av 17.06.09 og formannskapet sine justeringar av 21.10.09 med slike endringar: 1.6 Strategiske vurderingar Side 9, 8. avsnitt Konsesjonskraft Avsnittet utgår og vert erstatta med: Luster kommune må forvalta konsesjonskrafta slik at det ikkje vert ei sovepute for sparing av straum i kommunen. 1.7.2 Energibruk Tiltak 2 under delmål side 11 Tillegg under beskriving av 2. tiltak om energifokus ved planlegging av nye kommunale bygg og anlegg: Bygg under 500 m² skal vurderast med vassboren varme. Tiltak 4 under delmål side 11 Tekst som erstattar teksten i planframlegget: Luster kommune skal vurdera å verta miljøfyrtårnkommune. Dette inneber at Luster kommune, anten sjølv eller saman med andre, tek på seg ansvaret for sertifisering av verksemder som ynskjer å verta miljøfyrtårn.
Delmål side 12 Heile delmålet går ut og vert erstatta med: Stasjonær energibruk i Luster kommune skal nærme seg nasjonalt forbruksnivå. (jf tab 9). Tiltak 1 side 12 Tekst i planframlegget vert ståande: Kommunen skal ikkje subsidiera privat straumforbruk. Tiltak 3 side 12 Fond for går ut. Ny tekst: Privat energiøkonomisering. Ny beskriving av tiltaket: Kommunen skal stimulere, gjennom rådgjeving, til privat energiøkonomisering. Tiltak 4 Lågenergihus Den opphavlege formuleringa vert ståande som fylgjer: Tilskot til lågenergihus. Det skal vurderast å etablera ei kommunal tilskotsordning for lågenergihus. Tiltak 7 Oljefyrar (nytt) Kommunen skal aktivt arbeida for at ein fjernar eigne og private oljefyrar. 1.7.3 Klima Pkt 12, side 14 Kommunen skal vera restriktiv med å tillata nedbygging av dyrka mark. Nytt punkt 14: Opprinnelsegaranti Kommunen vil arbeida for at krafta kommunen sjølv forbrukar, har opprinnelsesgaranti. 1.7.4 Ureining Tiltak 5 side 16: Vegsalt (nytt) Beskriving: Vurdere bruk av vegsalt opp mot andre tiltak som gjev mindre ureining. 168/09 Endring av krinsgrensa mellom skulekrinsane Gaupne og Dale Luster kommunestyre vedtek, med tilvisning til 8-1 i opplæringslova, følgjande forskrift for området som omfattar noverande krinsgrense mellom skulekrinsane Gaupne og Dale: Krinsgrensa mellom skulekrinsane Dale og Gaupne vert flytta og ny grense vert trekt i området mellom tidlegare Nes skulehus og krysset Rv 55/ privatveg til Høyheim, slik det framgår av f-sak 122/09 vedlegg 2.
169/09 Kommunalt driftstilskot til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken med følgjande tillegg: Kommunestyret vil vurdere avtalen på nytt innan utgangen av 2013. Luster kommunestyre godkjenner føreliggjande utkast til avtale med musea i Sogn og Fjordane om drift av De Heibergske samlingar Sogn folkemuseum gjeldande frå 01.01.2010 under føresetnad av at alle partar har gjort vedtak som godkjenner avtalen. Avtalen sine driftskonsekvensar vert å innarbeide i budsjett og økonomiplanen. Rådmannen får fullmakt til å underteikna avtalen. Kommunestyret vil vurdere avtalen på nytt innan utgangen av 2013. 170/09 Molland skulehus - overføring av eigarskap. Luster kommune overfører Molland skulehus, gnr 159, bnr 5, til Mollandsmarki grendalag. Rådmann får fullmakt til å sluttføra saka i samsvar med saksutgreiing. 171/09 Gaupne skule - tilbygg, utviding av kostnadsråme Rådmannen si tilråding: Kommunestyret utvidar kostnadsoverslaget for tilbygg Gaupne skule til 5,3 mill kr. Auken i kostnadsoverslaget - 0,7 mill kr - vert finansiert av disposisjonsfondet. Formannskapet sette fram slikt framlegg til vedtak: Kommunestyret utvidar kostnadsoverslaget for tilbygg Gaupne skule til 5,4 mill kr. Auken i kostnadsoverslaget - 0,8 mill kr - vert finansiert av disposisjonsfondet. Oppjustert kostnadsoverslag baserer seg på at følgjande innsparingspunkt i rådmannen si saksutgreiing vert innrekna: Fasadeløysing, kr. 50.000,- Takløysing, kr. 63.000,- SD-anlegg, utsett, kr. 110.000,- Ventilasjonskapasitet, kr. 35.000,-
Elektrosida, men ikkje varmekablane - som skal vere med i prosjektet, kr 40.000,-. Rigg / drift, kr. 25.000,- Formannskapet sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Kommunestyret utvidar kostnadsoverslaget for tilbygg Gaupne skule til 5,4 mill kr. Auken i kostnadsoverslaget - 0,8 mill kr - vert finansiert av disposisjonsfondet. Oppjustert kostnadsoverslag baserer seg på at følgjande innsparingspunkt i rådmannen si saksutgreiing vert innrekna: Fasadeløysing, kr. 50.000,- Takløysing, kr. 63.000,- SD-anlegg, utsett, kr. 110.000,- Ventilasjonskapasitet, kr. 35.000,- Elektrosida, men ikkje varmekablane - som skal vere med i prosjektet, kr 40.000,- Rigg / drift, kr. 25.000,- 172/09 Referat- og drøftingssaker Framlagt: Luster Bad. Rapport nr. 1 frå rådmannen til formannskapet. Notat dat. 7.12.09 frå rådmannen. Bustadtilskot, budsjettpost 1.315605.4713 til orientering. Skriv dat. 02.12.09 frå Helse Vest. Invitasjon til å føreslå kandidatar til styra i helseforetak under Helse Vest. Frist: 22. januar 2010. Framlegg til møteplan til drøfting. Informasjonshefte frå Helsedirektoratet, 27.11.09 God rusførebygging. Stadanalyse Gaupne: Første del av møtet vart nytta til orientering/drøfting av det no oppstarta analysearbeidet. Innleigd konsulent, ABO Plan og Arkitektur v/sjur Hjeltnes, innleia og orienterte. Formannskapet kjem attende til dette arbeidet. Formannskapet hadde ei kort drøfting rundt rapport om Luster Bad. Formannskapet drøfta skriv frå Helse Vest. Det blir formidla til Helse Vest at Luster Formannskap meiner at styreleiar Clara Øberg bør halde fram. Framlegg til møteplan vart drøfta. Formannskapet sitt framlegg vert lagt fram for kommunestyret.
LVK-seminar 28.-29.01.10. Ordføraren følgjer opp og sender ut invitasjon til formannskapet. Administrasjonen orienterte om status LMI, NTP, Bio Nordic. Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 173/09 Matrikkellova - lokal forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning. Kommunestyret vedtek å innføre lokal forskrift til Matrikkellova om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning i Luster kommune for perioden 15. november til 1. april i samsvar med høyringsforslaget.