Idrettshall 1602 m 2 Standard idrettshall 23x44 = 1012 m 2 Denne hallstorleiken gir plass til alle tradisjonelle innandørsidrettar. Tribune på den eine langsida med plass til 250 personar = 220 m 2 Hallen må kunne delast opp i tre trening/øvings banar. Lagerrom til hallbruk, i alt 100 m 2. 4 garderobar m/ dusj og toalett, 2 stk garderobar for instruktør/dommar, i alt 270m 2. Hall i Tysværtunet
Vestibyle/Fellesrom 260m 2 Plannemnda ser for seg eit sentralt areal som kommuniserer med dei ulike halldelane. Her kan det settast av plass til utstillingar, kafeteria/kiosk/elevkantine for ungdomsskulen, internettkafe, garderobe/toalettanlegg for brukarar av hallen. Arealet kan være ein møtestad for ung og gamal på veg til/frå ulike aktivitetar i bygget. Fedjehallen Fitjar kultur- og idrettshall Internettkafè i Tysværtunet
Bibliotek 325m 2 Plannemnda tilrår at Øygarden ungdomsskule har sambruk med hovudbiblioteket i kommunen. Drifta av biblioteket kan samordnast med andre halltilbod som t.d. faste og einskilde kulturaktivitetar. Administrative driftsfunksjonar for hallen kan leggast til biblioteket. Plannemnda er innforstått med at KS må gjera eit prinsippvedtak for at ei slik løysing skal kunne takast med i romprogrammet. Vestibyle/bibliotek Tysværtunet Bibliotek Tysneshallen Bibliotek Liljevatnet skule Bibliotek Sandvåg skule
Kultursal 500m 2. Kultursal med plass til 350 personar i amfi. Scene med areal, høgde og utrustning som B-scene etter Rikskonsertane sine krav. Kultursalen kan nyttast som framføringsarena for ØUS, lag, organisasjonar, Kyrkja og eksterne kulturtilbod. I nærleik til scena må det være plass til sminkerom, toalett og lagerrom for scenemateriell. Plannemnda ser for seg at kultursalen kan delast med hev/senk teppe eller vegg slik at ein mindre del av salen kan brukast til arrangement der ein ikkje forventar fullt hus Bømlo kulturhus Tysværtunet Fitjar kultur- og idrettsbygg Fitjar kultur- og idrettsbygg
Musikkrom 360m 2 ØUS, kulturskulen og korpsa treng eigna undervisnings- og øvingslokale der små grupper og heile korps kan øve og halde konsertar. Brukarane treng og lagerplass for instrument. Om kulturskulen for heile Øygarden vert samla på ein stad, treng skulen eige kontor i bygget. Plannemnda ser for seg at det i detaljplanlegginga vert tilrettelagt for fleire øvingslokale av ulik storleik med eit totalt areal på 260m 2, og organisert med foldeveggar mellom romma, slik at to eller fleire rom kan bli eit stort øvings/konsertlokale. Kontor for kulturskulen og lager av ulik storleik 100m 2 Sagvåg skule Sagvåg skule Tysneshallen Lagerplass/øvingsrom Sagvåg skule
Undervisningsareal for ØUS 195m 2 Grunna auke i elevtalet har ØUS behov for meir areal til undervisning i teoretiske fag. Ved å flytte praksisrom for kunst/handverk, musikk og fysikk/kjemi (Newtonrom) eller sløyd til ein ny fleirbrukshall, vil arealbehov i ØUS vere stetta for så langt fram i tid ein kan sjå i dag.
Mat og helse 260m 2 Plannemnda og ØUS ser for seg at eit kjøken i fleirbrukshallen kan vere eit sambruk mellom skulekjøken for ØUS og kjøken som kan nyttast ved ulike arrangement bygget. Ved å flytte kjøken/kantine frå ØUS til hallen, kan skulekjøkenet på ØUS frigjevast til annan bruk (kontor/undervisning). Kjøkenet må naudsynt areal for kjøl/frys/lager, og serveringsareal for skulefrukost/varmt måltid. Matsal/kjøken med direkte tilkomst frå vestibyle Matsal ligg mellom kjøken og vestibyle.
Trimrom/velvære 290 m 2 Aktivitetsrom med plass til moderne treningsapparat. Eige rom for aktivitetar der det ver nytta musikk som ein del av treningsopplegget. Eige rom for squashbane ca 75m 2. Eige buldrerom for klatring utan sikring og eige rom for klatrevegg (Til dømes som del av trapperom) Mindre rom for terapeutisk behandling kan leggast i nærleiken av trimrom. Meland Aktiv Tysværtunet Klatrevegg Austevollhallen Squashbane Austevollhallen
Drama 65m 2 Speilsal for drama og danseundervisning Austevollhallen Tysværtunet Bømlo kulturhus
Bowlinganlegg 390m 2 Bowlinghall med 4 baner og romsleg opphalds/venteareal med plass til sekretariat, skostall og bord/stolar for dei som bowlar og venter på tur til å bowle. Bowling er eit tilbod til folk i alle aldrar. Fedjehallen (4banar) Fedjehallen Tysnestunet (3 banar) Austevollhallen (2 banar)
Skytebane 520m 2 Skytebane for 25m miniatyr/handvåpen og 10m luftvåpen. I alt 10 banar. Lagerrom og rom for oppbevaring av våpen og ammunisjon Møterom/finrom 130m 2 Representasjonslokale for kommunen og for utleige. Ulike brukergrupper. Rommet må plasserast slik at det vert utsikt mot Ulvsundet. Administrasjon. Vaktmester. Frivillighetssentralen 65 m 2 Kontor og lagerfunksjon for administrasjon, vaktmester og frivillighetssentralen Tekniske rom 130m 2 Tekniske rom for ventilasjon, varmeanlegg, reingjeringssentral, bøttekott SUM ALLE AREAL :5092m 2