Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen Tilleggsutgreiing April 2016 Formannskapet fatta slikt vedtak i sak 40/16: «Formannskapet ber om ei tilleggsutgreiing av Raubrøtmoen der det blir sett på Raubrøtmoen som naturleg sentrum, med boligutvikling, møteplassar, bumiljø, trafikk, tilgjengeligheit, parkering, samt arealbruk, med plassering av framtidig omsorgstun her.» Denne utgreiinga er utført av rådmannen og er ei oppfølging av dette vedtaket. Innhaldsliste Innhaldsliste... 1 Mogleg løysing... 2 Utgreiing utsikt... 2 Soltilhøve... 5 Kostnader og framdrift... 6 Lokaliseringa er ikkje avgjort gjennom forslaget til arealdel... 7 Eit mogleg scenarie... 8 Rådmannens tilråding... 8 Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen. Tilleggsutgreiing. April 2016 1
Mogleg løysing Vedlagt er ei skisse over ei mogleg løysing: Skissen viser 8000 m 2 BYA bygg i området. Med ei slik løysing kan alle bu-einingar byggast i eit plan. Adminsitrasjonsbygget er tenkt i fleire plan og er vist nordaust i området. Det er vist 1 m koter slik området kan framstå etter planering. Skissen føreset flytting av rundt 40.000 m 3 masse innan området. Frå sør mot nord og frå vest mot aust og frå området der det er tenkt oppretta dammar. Utbygginga kan organiserast rundt tre bilfrie tun. Robølsvegen er lagt om i samsvar med forslaget i arealdelen Eksisterande myrområde med bekk er vist som dammar og park Tur-/gangvegnett mot sentrum, eksisterande bustadområde og omsorgsbustader, nye bustadområde og eksisterande turvegnett er vist Mogleg sport- og samlingsplass er vist aust for området Skissen viser moglege tilkomstar og bygg i områda inntil; nye byggeområde for bustader, tilrettelagte bustader og sentrumsområdet Husbanken har lagt ut gode døme på omsorgsbustader og sjukeheimar her: http://www.husbanken.no/forbildeprosjekter/?type=husbanken_omsorgsboliger_sykehjem&page=1 Døme på løysingar i ein etasje: Skjeggerød omsorgssenter, Andebu: http://www.husbanken.no/forbildeprosjekter/prosjekt/?id=263879 Indre Havn sykehjem (tilrettelagt for personar med demens): http://www.husbanken.no/forbildeprosjekter/prosjekt/?id=213260 Sandetun sykehjem og omsorgsboliger: http://www.husbanken.no/forbildeprosjekter/prosjekt/?id=214401 Utgreiing utsikt Vi definerer Heggefjorden og fjella i vest som viktige mop. utsikt. Med foreslått flytting av masser vil ein truleg sjå fjella i vest frå heile området. Heggefjorden blir ikkje synleg, bortsett frå heilt i sør og heilt i vest. Sjå lengdeprofilane nedanfor: Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen. Tilleggsutgreiing. April 2016 2
Lengdeprofil 1. Planert terreng er vist med stipla blå line. Line for lengdeprofil 1 på forslag til plankart Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen. Tilleggsutgreiing. April 2016 3
Line for lengdeprofil 1 på grunnkart Lengdeprofil 2. Planert terreng er vist med stipla blå liner. Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen. Tilleggsutgreiing. April 2016 4
Lengdeprofil 3. Planert terreng er vist med stipla blå liner. Soltilhøve Vi viser her ei samanlikning mellom Sørre Moen og Raudbrøtmoen. På Sørre Moen er det teke utgangspunkt vest for eksisterande våningshus og på Raudbrøtmoen sentralt i området. Over året er det i gjennomsnitt 10 timar og 6 minutt sol pr. dag på punktet på Sørre Moen og 10 timar og 11 minutt på punktet på Raudbrøtmoen. Skilnaden er med andre ord ubetydeleg over året, men i den mørkast månaden er det derimot ein signifikant skilnad. På Sørre Moen går då ikkje sola over Løkjishøvda. I perioden 9. desember 3. januar er det sol berre frå ca 10:05-11:05 her. På Raudbrøtmoen skin då sola frå vel ein halvtime til nesten ein time lenger pr. dag (ca 11:15-13:00). Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen. Tilleggsutgreiing. April 2016 5
Kostnader og framdrift Spreidd eller konsentrert Generelt er det billegare å byggje konsentrert i fleire plan enn spreidd i eit plan. Meir rør og kabel i bakken knytt til spreidd utbygging er ein stor bidragsytar her. På Raudbrøtmoen kan ein naturlegvis også byggje konsentrert, jf. td. Asplan Viak sitt forslag i deira sentrumsplan. Grunntilhøve og eksisterande bygg Ei spreidd utbygging på Raudbrøtmoen som skissert, vil innebere flytting av rundt 40.000 m 3 masse. Dette er store mengder, men alt tyder på at dette er lausmasser som er forholdsvis kurante å flytte med bulldozer el. Komprimering av massene der det skal førast opp bygg blir tid- og kostnadskrevjande. Med ei konsentrert utbygging på Raudbrøtmoen vil kostnadene til dette bli låge. Det eksisterer ei hytte i området som bør rivast i båe tilfelle. Grunnen på Sørre Moen er silt som generelt er utfordrande. Truleg er dette noko betre oppe i skråningen og ved gardstunet der bygga er foreslått plassert no. Omfanget av masseutskifting blir i alle høve lite i høve til ei spreidd utbygging på Raudbrøtmoen. Riving av eksisterande bygg på garden er langt meir omfattande enn riving av hytta på Raudbrøtmoen. Grunnerverv Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen. Tilleggsutgreiing. April 2016 6
Grunneigar på Sørre Moen er viljug til å avstå grunn. På Raudbrøtmoen må vi pt. rekne med at ekspropriasjon er naudsynt. Dette gjeld truleg grunn frå to grunneigarar, grunneigar av det meste av arealet og eigar av hytteeigedommen. Tids- og ressursbruken på ei ekspropriasjonssak er stor. Og det må i ei tidleg fase vere klargjort at kommunestyret er viljuge til å fatte ekspropriasjonsvedtak. Sitat merknad frå eigar av 27/8 ved 1. offentlege ettersyn og varsel om oppstart: Varsel oppstart: «Viser til Deres brev av 11.11.2014 Som grunneier på eiendom 27.8, ønsker jeg ikke at denne eiendommen skal bebygges, da den skal brukes til landbruk/beite formål. Raubrøtmoen er lett å opparbeide, og har nå planer(nytekning) for dette innen landbruk på dette området som beskrives i planen.» 1 off. ettersyn: «Undertegnede er i dag eier av eiendom 27/8 Raubrøt. Er nå inne i en prosess med å overdra gården til min sønn, som ønsker og har en plan om å utvikle og drive aktivt landbruk på eiendommen Viser til utsendt plan alternativ 2: punkt 4 Dette medfører at min landbrukseiendom blir delt i to, se TH-60 kart. + IH 10, og eiendommen blir ødelagt som landbrukseiendom. Disse to områder er sentrale og nødvendige for drift og utvikling av landbrukseiendommen, og ønsker således at området ikke reguleres som offentlig eller privat tjenesteyting.» Konklusjon Når det gjeld kostnader stipulerer vi at ei konsentrert løysing er billegare enn ei spreidd. Ei konsentrert løysing er truleg noko rimelegare på Raudbrøtmoen enn på Sørre Moen. Når det gjeld framdrift ser det ut som ei lokalisering på Raudbrøtmoen føreset ein ekspropriasjonsprosess, medan ei lokalisering på Sørre Moen krev ein meir grundig og involverande detaljplanplanprosess. Ein ekspropriasjons-prosess kan ta over to år etter reguleringsplan er vedteke. Lokaliseringa er ikkje avgjort gjennom forslaget til arealdel Forslaget til arealdel viser i utgangspunktet omsorgssenteret lokalisert på Sørre Moen («Sentr-10»). Lokalisering på ysteri-tomta er også mogleg etter planen, og etter rådmannen si oppfatting gjeld det også Raudbrøtmoen. Planen viser Raudbrøtmoen som område for råstoffutvinning. Råstoffuttaket skal skje på ein slik måte at det blir lagt til rette for utbygging på sikt. Om den vidare prosessen skulle vise at lokalisering på Sørre Moen ikkje er gjennomførbart eller ønskjeleg, vil ein kunne utarbeide ein reguleringsplan for omsorgssenter på Raudbrøtmoen utan svært omfattande prosess. Det er også eit moment at Raudbrøtmoen har vore ute til eit offentleg ettersyn som område for tenesteyting. Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen. Tilleggsutgreiing. April 2016 7
Eit mogleg scenarie - er følgjande: 1. Formannskapet fattar vedtak som gjer at «Sentr-10» før eller sidan blir teke ut frå arealdelen (kommunalt vedtak eller som følgje av motsegn) 2. Det er ikkje fleirtal for ekspropriasjon i kommunestyret Då vil vi sitje att med ysteri-tomta som einaste alternativ på Heggenes. Mykje tyder på at det er ei ueigna tomt til føremålet. Rådmannens tilråding Rådmannen tilrår forslaget til arealdel med «Sentr-10» av to årsaker: 1. Rådmannen ser Sørre Moen som det beste lokaliseringalternativet. Det viktigaste argumentet for dette er at lokalisering på Sørre Moen vil bidra til utvikling av Heggenes sentrum. -Som møteplass med ringverknader for varehandel og etablering, medan lokalisering på Raudbrøtmoen ikkje vil gjere det. Jf. «nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging» - «attraktive og klimavennlige by- og tettstedområder» og rapporten frå Asplan Viak (som er ei uavhengig fagleg tilråding frå eit firma med brei kompetanse innan stadsutvikling): «Et omsorgssenter vil bidra til å styrke sentrum med nye funksjoner og som møteplass.» «På et lite sted som Heggenes vil det være viktig å utvikle møteplasser som allerede har en viss kraft. Området rundt Coop er det naturlige sentrum i Heggenes, i tilknytning til matbutikk, apotek og flere servicefunksjoner, knyttet til hovedvegen gjennom området.» «Øystre Slidre har en liten befolkning spredt over et stort areal. Da er det viktig at det bygges videre på de strukturene som har potensiale i seg til å kunne fungere som møteplasser og som livsgrunnlag for handel og bosetting. Heggenes er avhengig av at kommunen bestemmer seg for å satse og legge til rette for utvikling i sentrum.» «Utbygging av nytt omsorgssenter på Raudbrøtmoen har også mange kvaliteter, men det kommer dårlig ut i forhold til tilknytningen til sentrum. Uten denne tilknytningen blir terskelen for å delta i samfunnet høyere, synergieffektene ved å ha lett tilgang på andre funksjoner faller bort. Dette alternativet vil også slå dårlig ut i forhold til miljø og transport, fordi det er stor sannsynlighet for at flere vil bruke bil, selv på korte avstander, som f.eks. ned til sentrum.» 2. Forslaget gir fleksibilitet. Ein får avklart jordvern-spørsmålet i Sørre Moen i høve statlege styresmakter og kan då på fritt grunnlag velje mellom Sørre Moen og Raudbrøtmoen (og ysteri-tomta) seinare i prosessen. Dersom ein tek ut «Sentr-10» i planen, utelet ein Sørre Moen som alternativ i den vidare prosessen. Det er spesielt uheldig dersom fleirtalet i formannskapet og fleirtalet i kommunestyret har ulike syn i saka. Lokalisering av omsorgssenter på Raudbrøtmoen. Tilleggsutgreiing. April 2016 8