RAVNEBJERGET BARNEHAGE ÅRSPLAN 2016-2017 Ein grunnmur for livet
FORORD Helse Bergen Hf eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert driven i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gje opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med melom anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar og andre interesserte og er viktig for samarbeidet med føresette. Årsplanen byggjer på Langtidsplan 2012-2015 som er eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Det er vedtatt i SU at denne blir forlenga i påvente av ny rammeplan. Langtidsplanen skal sikre progresjon og samanheng i barna si læring og opplevingar gjennom heile barnehageopphaldet, og byggjer på «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». Inger Johanne Klausen Barnehagesjef
VÅR VISJON Ein grunnmur for livet Vår visjon ein grunnmur for livet skildrar vårt ønske om å gjere barna trygge på eigne verdiar, at dei skal få eit positivt sjølvbilde, utvikle sosial kompetanse og stå rusta til å møte utfordringar i livet. SOSIAL KOMPETANSE Sosial kompetanse er svært viktig i vårt arbeid med å gi barna ein grunnmur for livet. Vi arbeidar bevisst med å framheve barna sin empati, sjølvstendighet og sjølvkjensle. Vi vaksne er tydelege rollemodellar både i leiken og i kvardagssituasjonar. Vi nyttar dei pedagogiske verktøya «Kanin og Pinnsvin» og «Grønne tanker Glade barn» i samlingstunder, for å tydeleggjere kor viktig det er å utvikle barna sin sosiale kompetanse. observasjonar til bruk i skuleoppgåver. Barna blir då anonymisert. DANNING Danning er ein livslang prosess som skjer i møte med andre menneske. Det handlar mellom anna om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og væremåtar. Danning skjer i samspel med omgjevnadane, og i barnehagen er barna ein del av eit demokrati. Dette inneber å erfare at eigne meiningar blir høyrt, å samarbeide med andre og å vere ein del av eit inkluderande fellesskap. Vi er bevisste på å gi barna utfordringar tilpassa barna sin alder og modning.
LEIK Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Vi ønskjer å legge til rette for mykje god leik, både barnestyrt og inspirert frå dei vaksne. Vi vaksne er bevisst vår avgjerande rolle i barna sin leik og fungerar som støttande stillas der vi gir tid og rom for leik. Vi meinar at barna sin leik er viktig fordi det er her ein dannar vennskap og gjennom leik utviklar barna sine sosiale ferdigheiter. Dei lærer å samarbeide, vente på tur og å bry seg om kvarandre. At barna utviklar sosial kompetanse er ein viktig grunnmur å ha seinare i livet. I leiken blir barna kreative og oppfinnsame og dei trenar opp evna til fantasi og lærar å tolke situasjonar på ulike måtar. Gjennom leik kan barnet øve, prøve, uttrykke seg og lære å meistre kjenslene sine. Ein annan viktig del av leiken er den språklege kompetansen, det er i leiken barnet utviklar språket mest. OMSORG For oss er omsorg at vi bryr oss om kvarandre, være empatisk, syne vilje og evne til samspel. Vi legg vekt på at dei vaksne ser kvart enkelt barn og verdset barna sine skilnadar. Personalet syner omsorg ved å delta og engasjere seg i kvardagsaktivitetar og leik saman med barna. For at barna skal få ein grunnmur for livet er det avgjerande for oss å syne omsorg slik at kvart barn skal kjenne seg sett, trygg og verdifull. Når barnet byrjar i barnehagen vil ei primærkontakt ha ekstra ansvar slik at barnet kjenner tryggheit i den nye kvardagen i barnehagen. LIKESTILLING, INKLUDERING OG LIKEVERD Vi arbeider kontinuerleg for å skape eit inkluderande fellesskap der det er plass til kvart enkelt barn, uansett funksjonsnivå, alder, kjønn og familiebakgrunn. Vi arbeider bevisst for at barna skal bli sjølvstendige og at dei skal ha tru på seg sjølve.
BARNA SI MEDVERKNAD I barnehageåret 2016-2017 ynskjer vi å ha barna si medverking som fokusområde. Ved å velja årstemaet «Realfag ute og inne» meiner vi at vi har eit godt utgangspunkt for arbeidet med barna si medverknad. Vi tek utgangspunkt i barna sine tankar, filosofering og nysgjerrighet rundt årstemaet og bygger aktivitetar rundt desse. Ved å høyre på barna sine initiativ og ved å sjå kva dei er opptekne av tek vi dei med i planlegging og evaluering av aktivitetar. Dette trur vi styrkar barna si sjølvkjensle og gir dei meir tru på seg sjølve. I barnehagen skal barna få innflytelse og lov til å påverke sin eigen kvardag. Kvardagen består av vaksenstyrt, men også barnestyrte aktivitetar. Gjennom å bruke barneintervju får vi innsikt i barna sine tankar omkring aktivitetane vi har gjennomført, deretter tar vi dette med oss i vidare planlegging og evaluering av arbeidet vårt. LÆRING Barn er nysgjerrige, søkande, skapande og kreative. Vi tek utgangspunkt i barna si nysgjerrigheit og skapar tilpassa læringssituasjonar. I barnehagen har vi både formelle læringssituasjonar - dei som er planlagd og leda av personalet (samlingstunder, prosjekt, temaarbeid, aktivitetsgrupper og aldersinndelte grupper) og uformelle læringssituasjonar («her-og-no-situasjonar», kvardagsaktivitetar, leik og annan samhandling). Vi er gode, tydelege rollemodellar og rettleiarar for barna. MILJØARBEID Ravnebjerget barnehage er miljøsertifisert etter ISO 14001. I barnehagen er vi opptatt av miljø og berekraftig utvikling. Vi brukar naturen og nærmiljøet rundt oss, og målet er at når barna ferdast i naturen så vil dei bli glad i den og dermed ynskjer å ta vare på den i framtida. Vi sorterer avfall og barna blir opplærde i dette frå dei er små. Vi har ulike bærbuskar og frukttre i barnehagen, og barna får vere med å hauste frukta kvar haust. På denne måten får barna lære og forstå kvar maten kjem frå.
ÅRSTEMA 2015 2016 «Realfag ute og inne» Vi arbeidar ut frå fagområda «Natur, miljø og teknikk» og «Antal, rom og form» Rammeplanen inneheld sju fagområde som barnehagen skal dekke i løpet av året. Vi syner til Langtidsplanen i Helse Bergen som set mål for fagområda for dei ulike alderstrinna. Alle fagområda har ei naturleg og framtredande plass i kvardagen, men dei må likevel arbeidast spesifikt med enkelte fagområde. I år har vi fokus på to fagområder; Natur, miljø og teknikk og Antal, rom og form. I samarbeid med foreldra og ut i frå forarbeid og planlegging i personalgruppa er temaet «Realfag ute og inne». Vi har laga eit årshjul om temaet som alle avdelingane føl dette året. Barn har ei naturleg nysgjerrighet i seg. Dei spør kvifor, korleis og kva i møte med fenomena som vi kategoriserer som realfag. Kvifor regnar det? Kvar kjem sniglane frå? Kva skjer dersom vi blandar mjølk og kaviar? Gjennom dette året ynskjer vi å undre oss saman med barna, la dei utforske og eksperimentere for å sjå samanhengar, oppdage nye ting og undre seg vidare.
FAGOMRÅDA NÆRMILJØ OG SAMFUNN Vi følg med når naturen vaknar etter vinteren, og tek i bruk vårt fantastiske nærmiljø. I tillegg til unike turmoglegheiter vil vi også kunne finne naturmateriale til bruk i både konstruksjonsleik og land art. Gjennom ferdsel i naturen får barna god erfaring med å ta vare på naturen. ETIKK, RELIGION OG KREATIVITET Vi undrar og filosoferer rundt eksperimenter og fenomen i naturen kvifor frys vatnet? Kvar er fuglane om vinteren? Klima og avfall ute og inne er også eit viktig tema som det er naturleg at vi tek med i vårt berekraftige arbeid. Vi følger tradisjonane våre og markerar dei kristne høgtidene og tradisjonar. I tillegg vil vi ha fokus på barna si medverking sidan det er vårt satsingsområde i år. KUNST, KULTUR OG KREATIVITET Vi vil gi barna anledning til å uttrykke seg estetisk og ynskjer at dei skal oppleve kunst og ha felles kulturelle opplevingar. Slik kan barna ta i bruk fantasi, kreativitet og skaparglede. Vi går ut i naturen der vi tek i bruk land art, men samlar også ting som vi tek med tilbake til barnehagen og er kreative saman der. ANTAL, ROM OG FORM Barna utviklar matematisk kompetanse gjennom leik, eksperimentering, kvardagsaktivitetar og tilrettelagte pedagogiske aktivitetar. Vi går på jakt etter geometriske former, fargar, tal og antal. Vi målar avstandar, vekt, volum og tid, og vi ser etter likheter og ulikheter. Kor mange forskjellege geometriske figurar kan vi finne på tur? Vi sorterer, klassifiserer, tel, målar og samanliknar det vi finn i naturen.
KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST Vi pratar om opplevingar, tankar og kjensler slik at barna kan utvikle språket sitt best mogeleg. Vi vaksne er rollemodellar for barna og bevisst kva omgrep vi brukar. Vi lyttar til barna, slik at dei får erfaringar med å fortelle og beskrive noko. Her kjem også songar, rim og regler inn i arbeidet. NATUR, MILJØ OG TEKNIKK Naturen sitt mangfald gir rom for opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Vi følgjer dei ulike årstidene og observerer og pratar om ulikheter gjennom året. Kvar er småkrypa om vinteren? Kvifor ser vi som regel meitemarken berre når det regnar? Vi grev ned ulike materiale for å sjå korleis naturen sin nedbrytingsprosess fungerer. Kva skjer når vi grev ned ein plastpose? Og kva skjer når vi grev ned ei banan? Ved å ha eit miljøperspektiv ynskjer vi at barna skal bli glade i naturen og ta vare på den. I sommarmånadane kjem småkryp og insekthotell til å bli eit naturleg fokusområde. KROPP, RØRSLE OG HELSE Barn er kroppsleg aktive og uttrykker seg mykje gjennom kroppen. Vi tek i bruk sansane og kroppen vår både ute og inne når vi eksperimenterer og er på jakt etter ulike former, naturmateriale og antal. Korleis kjennes ein trekant, ein firkant og ein sirkel ut? Vi utfordrar kroppen vår og går både korte og lange turar. Vi ferdast mykje i nærmiljøet, men bevegar oss også lengre bort for å få andre inntrykk. Det er viktig for oss at barna utviklar glede over å få ferdast ute i naturen, og at dei få ei forståing for korleis vi brukar og tek vare på naturen.
SLIK JOBBER VI MED FAGOMRÅDENE: REALFAG INNE OG UTE ANTALL, ROM OG FORM NATUR, MILJØ OG TEKNIKK Tal Geometriske forme Mengde Størrelse Romforståing Plasseringsord Eksperimenter Småkryp Naturen i nærområdet Vær Avfall Naturen vaknar Arbeidsmetodar: Fryse vann i ulike former Bygge med geometriske former Bruke naturmateriell til kunst land art Følgje naturen si utvikling Undre seg saman med barna Insektshotell Visualisering av realfag Eksperimentskalender Konstruksjonsleik Lære omgrep i daglege situasjoner Realfagsverkstad Kart/orientering
PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING Vurderingsområde: Barna si medverkning MÅL Barna skal få medverke i planleggingsarbeidet i barnehagen HENSIKT Styrke barna si sjølvkjensle og tru på seg sjølv ARBEIDSMÅTER Vi tek utgangspunkt i barna sine tankar, filosofering og nysgjerrighet rundt årstemaet og bygger aktivitetar rundt det METODER OG TILTAK Vi observerer, intervjuar barna og dokumenterer pedagogisk NÅR Prosjektet vil gå føre seg gjennom heile barnehageåret 2016-2017 og det vil bli evaluert i juni 2017 HVEM Dei pedagogiske leiarane har eit særleg ansvar for planlegging på si avdeling TRADISJONAR AUGUST Barna sin dag på barneklinikken. SEPTEMBER Venskapsuke (mot mobbing) Uke 37 Barnehagen sin bursdag 15. september OKTOBER FN-dagen 24. oktober DESEMBER Julevandring i Årstad kyrkje Langegarden Juleevangeliet i Nykirken Nissefest FEBRUAR Samefolket sin dag 6. februar Fastelavn og temafest 24. februar MARS Påskevandring i Årstad kirke Barnehagedagen APRIL Langegarden Akvariet MAI 17. mai markering i barnehagen, tysdag 16. mai JUNI Sommarfest Overnatting for dei eldste barna Tur til Ulriken med barna 3-6 år
SAMARBEIDSPARTNARAR BANEHAGEN OG HEIMEN Til barnet sitt beste Vi meiner det viktigaste grunnlaget for samarbeid leggast i den daglege kontakta når barna bringast og hentast i barnehagen. Openheit mellom barnehagen og heimen skapar ei kjensle av trygghet, det gir større utviklingsmoglegheiter og gjer barna tilfreds. Vi tek i bruk ulike metodar som saman dannar grunnlag for samarbeid: Foreldremøte for nye barn (juni kvart år). Velkomst- og informasjonsskriv til alle nye foreldre Foreldremøte for alle foreldre i løpet av hausten. Invitasjon til foreldresamtale minimum to gangar i året, med moglegheit for fleire på initiativ frå foreldre eller personale. Foreldrerepresentantar i Samarbeidsutvalet Referat frå FAU- og SU-møter skal ut til alle foreldre Foreldra sin medverknad: Brukar undersøking utførast som utgangspunkt for vidareutvikling og forbetringsområder OVERGANG MELLOM BARNEHAGE OG SKULE Minna har vi saman Barna i Ravnebjerget barnehage kjem får ulike bydelar og soknar dermed til ulike skular. Vi har diverre ikkje moglegheit til å besøke alle skulane som barna skal begynne på, men vi er så heldige å ha eit godt samarbeid med Haukeland skule. Her ønskjast våre barn velkomen til ulike samlingar slik at barna skal få eit trygt og godt første møte med skulen. Siste året i barnehagen samlast dei eldste på avdeling Ole Brumm. Vi vil framheve at barna framleis går i barnehagen og vi verdsett framleis leiken sine verdiar. Vi vil inspirere barna til å glede seg til skulestart, slik at barnet møter skulen med nysgjerrigheit. Det vil bli fokus på praktiske ting som å knyte sko, ta att glidelås, skrive namnet sitt sjølv, ta imot ein kollektiv beskjed, ta ansvar for sine eigne ting etc. Dette ynskjer vi å fokusere på sidan vi veit at i skulekvardagen er det færre vaksne til å hjelpe barna, og vi ynskjer at barna skal utvikle ei kjensle av meistring og få sjølvtillit til å klare ting sjølv. PRAKSISBARNEHAGE Barnehagen tek i mot studentar frå barnehagelærarlinja ved Høgskulen i Bergen. Dette er lærerikt og inspirerande for både oss og studentane. Det kan mellom anna være aktuelt at studentane deltek på foreldremøte og tek observasjonar til bruk i skuleoppgåver. Barna blir då anonymisert.
ANDRE SAMARBEIDSPARTNAR Barnehagen samarbeider med blant andre Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT), helsestasjonen og barnevernet. I dette samarbeidet gjelder lov om tausheit- og opplysningsplikt. I tilfelle der vi eller foreldra er usikre på om barnet utviklar seg som forventa har vi ulike observasjonsverktøy som vi brukar. Dette er: TRAS (Tidleg registrering av språkutvikling) ALLE MED (observasjonsskjema) Kartlegging med nemnde verktøy gjerast i samråd med foreldra. KOMPETANSEUTVIKLING Barnehagane i Helse Bergen har fokus på kompetanseutvikling. Kvaliteten i barnehagane avhenger av personalet sin kunnskap og erfaring. Vi legg vekt på fagleg utvikling gjennom intern opplæring og rettleiing, deltaking på eksterne kurs, fagutviklingsdagar og foredrag. I 2010-2017 vil der være særleg fokus på leiing, leik og danning med mål om å utvikle personalet sin kunnskap og kompetanse. Dei fem planleggingsdagane brukast primært til planlegging og kompetanseutvikling for heile personalgruppa. PLANLEGGINGSDAGAR 12. September 14. Oktober 11. November 03. Februar 26. Mai KONTAKTINFORMASJON Bukkene Bruse / 55 97 49 58 / 902 83 896 Askeladden / 55 97 49 47 / 469 23 983 Bikuben / 55 97 49 57 / 481 42 988 Ole Brumm / 55 97 49 19 / 414 02 238 Lilleputtene / 55 97 49 46 / 481 43 141 Styrer / Ragnhild S Åsheim / 55 97 49 44 / 948 85 758 E-post / ravnebjerget.barnehage@helse-bergen.no ANSATTE Bukkene Bruse: Bente, Rut, Hêlêne, Harald Askeladden: Espen, Oddveig, Anette, Åse Bikuben: Hege, Maria, May Hilde Lilleputtene: Eline, Annbjørg, Christin Ole Brumm: Heine, Hilde Mari, Lorenzo Formgitt av Torun Hunnes // Foto: Barnehagepersonale // Teksta er skreva av styrar og pedagogane ved barnehagen // Teksta er oversatt til nynorsk av Torun Hunnes