Strategi- og handlingsplan NORDFJORDRÅDET JAKTA PÅ NY ENERGI FØRER DEG TIL NORDFJORD. Stryn kommune. Gloppen kommune.

Like dokumenter
Ein grønare Nordfjordregion

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Stryn vidaregåande skule i Stryn Dato: Tid: Kl.

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Kommunehuset Smia i Hornindal Møtetid: Kl. 09:00

NORDFJORDRÅDET. Sandane 28. september Leidulf Gloppestad leiar

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Gloppen hotell Møtetid: Kl. 10:00

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Innvandrarar i Noreg 1980: : (2015; ) SSB 2019

SOGN driftig raus ekte

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Formannskapssalen på rådhuset i Vågsøy, 3 etg Møtetid: Kl. 10:00

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Regionalplan for Sogn regionråd Utviklingstrekk og scenario Oppsummering etter møta Prosess og framdrift Innspel til vidare arbeid

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

EnergiKompe- tansesenteret

SAK 56-14, VEDLEGG 1 Eit prosjekt i utviklingsprogrammet for byregionar ByR Samspel og regional vekstkraft i Hallingdal»

Program for. Årdal Venstre

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Selje, Åhjemsbuda i Selje sentrum Dato: 13. mars 2017 Tid: Kl.

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

Ungdomstrinnsatsinga

Frivilligpolitisk plattform

Kommunereforma. Utviklingsarbeid i kommunane

Programkategori Distrikts- og regionalpolitikk

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:45-14:15. A. Desse møtte:

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Ole Aasaaren Regionsjef

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Strategi Forord

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Innovasjonsmetoden vår

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

NORDFJORDRÅDET MØTEINNKALLING. Møtedato: Møtestad: Kommunehuset i Selje Møtetid: Kl. 10:00

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap»

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Stryn kommune 1

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Næringsreisa Behov for faglært arbeidskraft og lærlingar i framtida. Innlegg ved leiar i fagopplæringsnemnda Nils P Støyva.

NORDFJORDRÅDET MØTEBOK

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Korleis oppretthalde regional konkurransekraft?

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Handlingsprogrammet er vedtatt! Min presentasjon Vedtak i RN og fylkesutvalet Kort om innhold Tilskotsordninger 2018 Budsjett for virkemidlene

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Kommunereforma regionsamling for ungdomsråd i Nordfjord. Kåre Træen Fylkesmannen

Stryn kommune 1

Hvordan rigge seg i kommunene? Lampeland 20. november 2018, Anne Irene Myhr

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

På veg mot auka regional ubalanse? Finnst det gode svar på korleis vi kan motvirke sentralisering og sikre regional vekstkraft? Regionaldirektør Jan

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

NAV inn i ei ny tid. Kommunekonferanse Loen Tore Thorsnes, Direktør NAV Sogn og Fjordane

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

STRATEGISK PLAN

Kva kan gjerast for at kommunane og fylkeskommunen arbeider stadig betre med næringsutvikling: Temaet no: Nytt næringshageprogram

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Strategiar for næringsutvikling. Felles formannskapsmøte, regionalplan, Sogndal 30. september 2016

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Trygg og framtidsretta

Skodje kommune Teknisk avdeling

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Saman for framtida (Ref # )

KS si rolle i kommunereforma sentralt og lokalt

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Stryn kulturhus. Tingsalen Dato: Tid: Kl. 10:00 15.

HALLINGDAL EIN FELLES BU- OG ARBEIDSMARKNADSREGION

NORDFJORDRÅDET MØTEBOK

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Ny næring, innovasjon og teknologi for klimatilpassing i Sogn?

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Nye strukturar og vegen vidare

Kommunereform samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i Vågsøy, Selje og Vanylven. Kommunestyra i dei deltakande kommunar

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Utviklingsplan

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

15/584-2/K1-002, K3-&23//HAR Ajourført

Kommunestyra i dei deltakande kommunar

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

NORDFJORDRÅDET MØTEBOK

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Plantema nyskaping i verdiskapingsplanen

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

Regionplan Agder RUP 2012 & Setesdal! NB: Bildene i denne presentasjonen kan ikke benyttes videreuten tillatelse fra Setesdal regionråd.

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Transkript:

JAKTA PÅ NY ENERGI FØRER DEG TIL NORDFJORD NORDFJORDRÅDET Strategi- og handlingsplan Selje kommune Vågsøy kommune Eid Kommune Hornindal kommune Gloppen kommune Stryn kommune

Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet 1. Innleiing Målet med denne planen Målet med denne planen er å gje ei retning for Nordfjordrådet sitt arbeid, satsingar og prioriteringar i perioden og. Nordfjordrådet skal vere ein pådrivar og tilretteleggar for regional utvikling i Nordfjord. Strategiplanen skal bidra til kontinuitet i det regionale utviklingsarbeidet og gir retning for prioriteringar i perioden. «Vilje til vekst» inneber eit samarbeid mellom kommunane som byggjer på tillit og rausheit. At nabokommunen lykkast, er viktig for regionen samla. Gjennom å bygge på dei ulike stadane sine styrker og kvalitetar, skal vi heie kvarandre fram og styrke den regionale identiteten for Nordfjord. Nordfjord har ein sterk kultur for innovasjon og gründerånd, og har eit offensivt og variert næringsliv. Gjennom eit sterkt regionalt samarbeid skaper vi vilje til vekst. Overordna mål Nordfjordrådet sine overordna mål er å legge til rette for vekst og verdiskaping både i privat og offentleg arbeidsliv. Vi skal styrke regionen som ein attraktiv bu- og arbeidsregion og vidareutvikle tettstadane våre med bakgrunn i staden sine kvalitetar og fortrinn. Nordfjord som region skal vere kjent for god inkludering av nye tilflyttarar uansett nasjonalitet. Vi skal ha eit utdanningstilbod som er i samspel med næringslivets framtidige behov. Satsingsområde Basert på utviklingstrekk i samfunnet, nasjonale og fylkeskommunale føringar og strategidiskusjonar i Nordfjordrådet har vi prioritert følgjande satsingsområde for Nordfjordrådet sitt arbeid: Regionsutvikling gjennom satsing på ein fleirkjernestruktur Samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og FoU-miljø for å skape vekst og utvikling i nye og grøne næringar Inkludering i Nordfjord Utdanningstilbod i Nordfjord I denne planen presenterer vi mål, strategiar og handlingsplanar for satsingsområda til Nordfjordrådet. Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 1

Tiltaka skal gjennomførast som samarbeidsprosjekt mellom kommunane i Nordfjordrådet, verkemiddelapparatet, næringslivet, skule-/fou- miljø og/eller eksterne rådgjevarar. Fleire av tiltaka som er føreslege i handlingsplanane i kap. 3, vil innebere behov for ekstern kompetanse og kapasitet til gjennomføring. Desse vil vi samordne ved bestilling, og eventuelt søkje ekstern finansiering på. Samarbeidsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune Nordfjordrådet samarbeider med Sogn og Fjordane fylkeskommune om regional utvikling. Det er etablert ein samarbeidsavtale som har som mål å samordne planlegging og gjennomføring av regionale utviklingsprosjekt, og setje i verk tiltak for ei god regional samfunnsutvikling i Nordfjordregionen. Nordfjordrådet sin strategi- og handlingsplanen vert ein del av denne samarbeidsavtalen, som igjen er grunnlag for regionale utviklingsmidlar som blir tildelt Nordfjordregionen frå fylkeskommunen. Om Nordfjordrådet Nordfjordrådet består i dag av kommunane: Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Stryn og Gloppen. Bremanger kommune melde seg ut av rådet i 2012, men deltek i enkeltprosjekt. Nordfjordrådet er i dag organisert slik at det å vere leiar i rådet går på runde mellom ordførarane - to år om gangen. Oppgåvene med sekretariat går også på runde, og følgjer kommunen som har leiaren. Nordfjordrådet skal vere ein pådrivar og tilretteleggar for regional utvikling. Vi kan vere eit bindeledd mellom næringsaktørar og regionalt nivå, søkje om eksterne mildar til regionale utviklingsprosjekt og skape arenaer og nettverk som er viktige for regional utvikling. Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 2

2. Kort om Nordfjordregionen Nordfjord er ein bu- og arbeidsmarknadsregion med omlag 30.000 menneske, attraktive tettstader som kompletterer kvarandre, sterk kultur for innovasjon og gründerånd og eit svært offensivt og variert næringsliv. Mykje ligg til rette for vekst i Nordfjord i åra framover, fordi vi har eit næringsliv som er godt tilpassa "det grøne skiftet" og framtidas vekstnæringar. Befolkningsutviklinga i kommunane er stabil eller i positiv utvikling. Prognosane viser befolkningsvekst i dei fleste av kommunane i åra framover. (tal frå fylkeskommunen) Regionen har utfordringar som landet elles med ei aldrande befolkning. I vår strategiplan ser vi dette opp i mot tiltak vi vil jobbe med innan rekruttering og profilering, integrering og buarbeidsplassutvikling. Nordfjord er den regionen i Sogn og Fjordane med færrast statlege arbeidsplassar. Vi har om lag 200 i Nordfjord-kommunane samla, medan Sogndal/Leikanger har 1000, og Førde-regionen har rundt 500. For at Nordfjord skal utvikle seg i ei retning vi ønskjer, er vi avhengig av ein variert arbeidsmarknad, der vi får vår del av denne type arbeidsplassar. Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 3

Til tross for at Nordfjord i perioden 2008 2011 mista 10% statlege arbeidsplassar, har regionen totalt hatt ein auke i tal arbeidsplassar. Dette skuldast vekst i både private og kommunale arbeidsplasser. Fylkeskommunen legg i sin regionale planstrategi opp til eit mål om å skape 500 nye arbeidsplasser kvart år, med ei satsing på lokale ressursar, kopling til det grøne skifte, og i eit samspel mellom kunnskapsmiljø, offentleg sektor og næringsliv. Nordfjordregionen skal vere ein aktiv medspelar for å nå dette målet, og har m.a. sin styrke i gründarkulturen i næringslivet, ein variert næringsstruktur, naturgitte fortrinn og attraktive buforhold. Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 4

3. Mål, strategi og handlingsplan Satsing 1: Regionsutvikling gjennom satsing på fleirkjernestruktur Bakgrunn Det har i strategiprosessen kome klare signal om at Nordfjordrådet bør evaluere måten dei er organisert på for å kunne følgje opp rolla som regionsutviklar på ein slagkraftig måte. Nordfjord har tettstadar med ulike styrkar, svakheiter og utviklingsmulegheiter. Det er eit potensial for å utvikle ein fleirkjernestruktur i Nordfjord der tilboda forsterkar kvarandre, og styrkar oss som bu-, arbeids- og turistregion. Nordfjordrådet vil vere ein pådrivar for ei slik utvikling ved å: Utvikle eit sterkt og samla regionråd med administrativ kapasitet til å følgje opp Byggje ein sterkare regional identitet, m.a. gjennom å bidra til utvikling av merkevaren «Visit Nordfjord» Koordinere og samordne næringsapparatet i Nordfjord Vere ein pådrivar for utvikling av offentlege arbeidsplassar i Nordfjord Felles formannskapsmøter på tvers av kommunane og felles ungdomsråd for Nordfjordkommunane Mål Nordfjordrådet skal planlegge og gjennomføre utviklingsprosjekt som aukar bu- og arbeidsattraktiviteten i regionen som heilskap Nordfjord skal få på plass ein felles og tydleg profil utad, der fortrinna til tettstadane våre er kjent Ein skal unngå lokaliseringsstridar fordi ein har prioritert satsingar som forsterkar regionen, og jobbar samla for å gjennomføre desse Strategi Styrke Nordfjordrådet politisk og administrativt og utvikle rådet til eit meir slagkraftig og samordna regionsråd m.a. ved fokus på: Politisk leiarskap med tydleg retning og lojalitet bak prioriterte utviklingstiltak Styrke administrativ kapasitet til å følgje opp utviklingstiltak før og etter møter Profilering og merkevarebygging av Nordfjord som region Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 5

Handlingsplan, organisering og framdrift Tiltak Ansvar Framdrift 1 Studiesamling til Hallingdal for å hente inspirasjon til framtidig organisering av regionssamarbeidet i Nordfjord Sekretær Sept 2 Analyse og vurdering av alle sentra i regionen med sikte på funksjonell fordeling og utvikling av ein fleirkjernestruktur, og utvikle eit koordinert og slagkraftig næringsapparat 3 Basert på innspel så langt - få opp ei utgreiing som viser alternative organisasjonsmodellar for eit regionsråd i Nordfjord. Ekstern leveranse Ekstern leveranse Innan Jan Relevante tema: - Ulike organisasjonsmodellar - Rolle, kapasitet og økonomi - Møteplassar (for eksempel felles formannskapsmøter, ungdomsråd og møteplassar mellom kommune/næringsliv) - Samarbeid med andre utviklingsaktørar - Korleis bygge ein kultur basert på tillit og rausheit mellom kommunane («heie kvarandre fram») - Heilskapleg plan for idretts- og kulturanlegg - Rekruttering og profilering av kommunane i Nordfjord 4 Få opp heimeside/sosial mediastrategi for Nordfjordrådet - Kopling til karrieremessene i Bergen, Trondheim og Oslo/ merkevarebygging Visit Nordfjord Sekretær Innan 5 Presentasjon av utgreiing med diskusjon og avklaring rundt framtidig organisering av regionsutviklarrolla i Nordfjord 6 Presentasjon av planar og forankring i den enkelte Nordfjordkommune Leiar Ordførar/ sekretær Mai Juni Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 6

Satsing 2: Samspel mellom næringsliv, offentleg sektor og FoU-miljø for å skape vekst og utvikling i nye og grøne næringar Bakgrunn Marknadane for fornybar energi, grøn teknologi og reinare produkt er i vekst. I Nordfjord har ein eit rikt ressursgrunnlag og gjennom dette eit næringsliv med potensial for vekst i nye og eksisterande bedrifter. Vi har små og oversiktlige kommunar, som gjennom samarbeid med næringsliv og FoU-miljø bør vere rigga for å ta i bruk framtidsretta løysingar. Nærings- og samfunnsstrukturen i Nordfjord gjer det muleg med god samhandling mellom bedrifter, kommunar og FoU-miljø m.a. for å utvikle grøn næring og smarte samfunn. Nordfjordrådet kan vere ein pådrivar for denne utviklinga, m.a. ved å legge til rette for: Kunnskap om ny teknologi og ressursar til å ta denne i bruk Kunnskap og kapasitet til utvikling av berekraftige forretningsmodellar m.a. innan fornybar energi, biologisk produksjon, reiseliv, helse og velferdsteknologi Samarbeid bedrift, kommune, verkemiddelapparat og FoU-miljø innan nemnde satsingar Innovasjonskultur og nytenking i næringsliv og kommunal leiing, evne og vilje til omstilling Innkjøpsprosessar der leverandørar med berekraftige forretningsmodellar vert prioritert Digitalisering av offentlige prosesser, m.a. for å få betre arbeidsflyt og meir effektive prosessar Mål Fleire bedrifter etablerer og utviklar seg innan grøne næringar i Nordfjord Fleire endrings- og omstillingsprosjekt innan kommunal tenesteproduksjon med velferdsteknologi og grøne produkt/tenester Fleire anbodsprosessar der berekraft vert vektlagt i samband med val av leverandør Strategi Nordfjordrådet skal saman med verkemiddelapparatet og eventuelle andre nøkkelpersonar vere ein pådrivar for grøn og kunnskapsbasert næringsutvikling ved å legge til rette for kompetanseheving og samarbeid mellom kommune, FoU-miljø og bedrifter. Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 7

Handlingsplan, organisering og framdrift Tiltak Ansvar Framdrift 1 Få opp ei oversikt over satsingar innan grøn og/eller kunnskapsbasert næringsutvikling i Nordfjordkommunane, og mulegheitene for auka verdiskaping gjennom privat-/offentleg samarbeid. Ekstern leveranse Sept Formålet er at Nordfjordrådet skal klargjere næringslivets behov sett i lys av utviklingstrekk, og vere ein god pådrivar for utvikling av desse næringane. 2 Basert på oversikt sette tema på dagsorden i Nordfjordrådet og invitere nøkkelaktørar med i diskusjonen: - Korleis kan ein samordne/koordinere satsingane i framtida? - Kva rolle kan Nordfjordrådet ta i dette arbeidet? - Konkretisering av utviklingsprosjekt 3 Vurdere mulegheiter for å starte opp eit bedriftsutviklingsprogram i samarbeid mellom privat- og offentlig sektor innan for eksempel, «grøn næringsutvikling», helse- og velferdsteknologi og/eller grønt reiseliv. 4 Legge til rette for at Nordfjordregionen i sterkare grad blir påkopla FoU-miljø gjennom eit samspel mellom dei vidaregåande skulane, fylkeskommunen, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Forskningsrådet, HiSF, NTNU og eventuelt andre aktørar. 5 Kommunal innkjøpspolitikk på dagsorden i Nordfjordrådet - Korleis kan kommunane gjennom sine innkjøpsordningar vere ein pådrivar for grøn og kunnskapsbasert næringsutvikling? - Basert på diskusjon - konkretiser tiltak og Nordfjordrådet si rolle - Som ledd i diskusjon - vurder mulegheiter for å gjennomføre ein anbodskonferanse/innkjøpskonferanse med denne tematikken Okt Okt Jan Febr * I gruppediskusjon er følgjande næringar/tema eksplisitt nevnt: Grønt reiseliv, hydrogensatsing, "smarte bygg", energi, helse og omsorg, landbruk og biologisk produksjon Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 8

Satsing 3 Inkludering i Nordfjord Bakgrunn Som eit av satsingsområda for Nordfjord ønskjer regionen å legge til rette for god inkludering av nye tilflyttarar uansett nasjonalitet. Mykje av jobben her ligg til kommunane lokalt, med å legge til rette for utdanning, arbeid, bustader, gode oppvekstvilkår, sosial kontakt og møteplasser. Nordfjordrådet ønskjer med denne satsinga å sette fokus på kva vi kan lære av kvarandre innan dette området, og om det er tiltak vi kan jobbe med i fellesskap regionalt. Arbeidskraft frå utlandet er viktig for mange bedrifter og kommunar i Nordfjord. Innvandringstala (i dette ligg det både arbeidsinnvandrarar og flyktningar) er, og har vore høge, i fleire av Nordfjordkommunane. Inkludering er viktig for å ivareta og behalde dei ressurspersonane som kjem til vår region. I Nordfjord har vi lukkast med ei satsing knytt til utdanningsprogram i vidaregåande skule tilrettelagt for innvandrarar. Sett opp i mot framtidig behov for arbeidskraft, kan dette styrke utviklinga i regionen. Nordfjordrådet kan vere ein pådrivar for utvikling av gode inkluderingstiltak, m.a. ved å legge til rette for: Kunnskapsdeling mellom kommunane om tiltak som gir gode resultat, og avklare kva ein kan samarbeide om regionalt Samarbeide regionalt om utdanningsprogram som er i samsvar med behovet til bedriftene og kommunane i regionen Auka satsing på lærlingplassar Mål Styrke utdanningstilbodet for innvandrarar tilpassa kommunane og næringslivets behov Etablere samarbeidsformer som på ein god måte dekker regionen sitt behovet for fagutdanning. Fleire av dei som flyttar til Nordfjordregionen får jobb, etablerer seg med eigen bustad, trivast og blir værande. Strategi Nordfjordrådet skal vere ein pådrivar for korleis ein regionalt kan samarbeide om god inkludering. Både ved å sjå på utdanningstilbodet i regionen, men også ved å sjå mulegheit for jobb i ein felles arbeidsmarknadsregion. Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 9

Handlingsplan, organisering og framdrift Tiltak Ansvar Framdrift 1 Få opp ei oversikt over næringslivet behov for arbeidskraft framover, og sjå dette i samanheng med utdanningstilbodet i regionen. Samspel med dei vidaregåande skulane og fylkeskommunen for å vurdere mulegheiter for inkluderingstiltak gjennom utdanning Ekstern leveranse I samanheng med satsing 3 Des 2 Basert på denne oversikta invitere til møter med rektorane for dei vidaregåande skulane i Nordfjord, fylkeskommunen, NAV og representantar frå næringslivet. Eksempel på tema som kan diskuterast: - Studieprogram for helsefag modell som har overføringsverdi for andre? - Andre studieprogram versus næringslivets behov - Deling av lærekrefter mellom VGS i Nordfjord - Digitalisering av undervisning 3 Legge til rette for kunnskapsbygging regionalt med inkludering som tema. Kva tener vi på å samarbeide om regionalt? Kva rolle kan Nordfjordrådet ta i dette arbeidet? Febr Mars I samarbeide med Distriktssenteret - https://distriktssenteret.no/2015/12/11/sysselsetting-innvandrereregionale-muligheter-barrierer-inkludering/ Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 10

Satsing 4 Utdanningstilbod i Nordfjord Bakgrunn I Nordfjord har vi fire vidaregåande skular som er viktig for utvikling av regionen. Det å ha utdanningstilbod som er i samsvar med næringslivets behov, kan bidra til at vi sikrar oss nødvendig arbeidskraft i framtida. I ei tid der elevtala er synkande, er det viktig at regionen jobbar i fellesskap for korleis ein kan styrke dei ulike skulane gjennom samarbeid, og legge til rette for utdanningstilbod som er basert på skulane sine fortrinn. Satsingsområde er også viktig for rekruttering. Kjennskap til behov og mulegheiter i vårt næringsliv, kan bidra til at dei vel yrkesretning som gjere at dei vert buande i regionen, eller kjem tilbake etter avslutta utdanning. Nordfjordrådet kan vere ein pådrivar for å utvikle eit utdanningstilbod i Nordfjord der: Dei vidaregåande skulane er tilpassa næringslivet sine behov Samarbeid mellom skule, kommune og næringsliv på regionsnivå legg til rette for vidare drift og utvikling av fire vidaregåande skular, m.a. i lys av strukturreform innan det vidaregåande skuletilbodet Dei vidaregåande skulane er ein viktig start for regionen sine ungdomar til å kvalifisere seg som fagarbeidar eller gå vidare på høgare utdanning. Dei vidaregåande skulane er ein utviklingsaktør i samspel med næringsliv, kommune, fylkeskommune, FoU-miljø og HiSF. Mål Styrke utdanningstilbodet i dei vidaregåande skulane tilpassa næringslivets behov Oppretthalde fire vidaregåande skular i regionen Dei vidaregåande skulane er ein utviklingsaktør som bidreg til utvikling av regionen Strategi Nordfjordrådet skal vere ein pådrivar for eit relevant og tilpassa skuletilbod gjennom samarbeid med rektorane, opplæringsavdelinga på fylket og bedrifter i regionen. Nordfjordrådet skal vere ein pådrivar for at dei vidaregåande skulane har ei rolle i regional utvikling gjennom kunnskap om kommunane og næringslivets behov. Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 11

Handlingsplan, organisering og framdrift Tiltak Ansvar Framdrift 1 Ei samanfallande bestilling med satsingsområde 3 - oversikt over næringslivet behov for arbeidskraft framover, og sjå dette i samanheng med utdanningstilbodet i regionen. Samspel med dei vidaregåande skulane og fylkeskommunen for å tilpasse behovet. Ekstern leveranse Des 2 Invitere til møte med rektorar, kommune, fylkeskommune, FoUmiljø og HiSF med fokus på den vidaregåande skulen sin rolle i regional utvikling. Febr 3 Basert på dei ulike skulane sine fortrinn, jobbe for å oppretthalde fire vidaregåande skular i regionen 4 Stimulere til at ungdom blir godt kjent med næringslivets behov og utdanningstilbodet i regionen - gjennom støtte til hospitering - støtte opp om karrieremesser Sept Jan 5 Bidra aktivt for å auke tal læreplasser for yrkesfag i regionen. Samspel med fagopplæringsnemnda i fylket. Strategi- og handlingsplan for Nordfjordrådet og Side 12