HORDALAND FYLKESKOMMUNE Re ionalavdelin a y KVINNHERAD KOMMUNE - 5 DES Næringsseksjonen Høyringsorgan etter adresseliste,..- K:;n: r klykode P Arkivkode S. CJok Hr. Saks beil.e Kopi Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 30. november 2011 201112490-31C. 37.21/OYSIMS HØYRING: PLANPROGRAM FOR REGIONAL NÆRINGSPLAN 2013-2017 Hordaland fylkeskommune skal utarbeide ein ny fire-årig overordna plan for næringsutvikling i fylket. Planen skal innehalde ein analyse av dei viktigaste utfordringane, overordna mål for næringsutviklinga i fylket, erfaringar og viktige resultat av innsatsen dei seinere åra, strategiane for næringsutvilding i planperioden og roller og arbeidsmåtar for offentlege aktørar og deira samarbeid med private. Det er utarbeidd eit planprogram som no vert sendt ut på høyring. I planprogrammet er det lagt opp til strategiprosessar der relevante partar og organisasjonar vert inviterte til å kome med innspel. Sjølve utkastet til plan vert sendt ut på høyring høsten 2012 med endeleg vedtak i Hordaland fylkesting desember same år. Utkast til planprogram er vedlagt. Det er 6g lagt inn på www.hordaland.no. Dessutan finst Planprogrammet i resepsjonen i Hordaland fylkeskommune, Agnes Mowinckels gate 5. Høyringsfrist er 12. januar 2012. Fråsegn kan sendast til Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen eller på e-post: ostmottak.sentralarkivetr& ost.htk.no. Ver venleg å oppgi sak nr. 201112490. Med helsing Mette Nora Sætre Næringssjef, /idv K ;. Øystein Imset Vedlegg: Høringsutkast Planprogram for regional næringsplan 2013-2017 Beseksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 BERGEN - Telefon 55239282 - Telefaks 55365142 Direkte telefon: E-postadresse: Bankgironr. 520106 74239 - Foretaksnr. NO 938626367 mva.
Adresseliste Høyring Planprogram for Regional næringsplan 2013-2017 Alle kommunar i Hordaland Kommunenes Sentralforbund Hordaland Alle regionråd/tiltakskontor i Hordaland Business Region Bergen Næringsalliansen Bergen Næringsråd Fylkesmannen i Hordaland Innovasjon Norge, Hordaland Universitetet i Bergen Norges Handelshøyskole, Bergen Høgskolen i Bergen NHO Hordaland LO Hordaland Norges forskningsråd, Hordaland NAV, Hordaland Fiskeridirektoratet region Vest, Bergen Hordaland fylkeskommune: - Samferdselsavdelinga - Opplæringsavdelinga - Kulturavdelinga
Versjon-FUV-281111-rev-høyring PLANPROGRAM: REGIONAL NÆRINGSPLAN (2013-2017) "Planprogrammet skal gjøre rede for formålet med planarbeidet, planprosessen med frister og deltakere, opplegget for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt, hvilke alternativer som vil bli vurdert og behovet for utredninger... " (Plan- og bygningsloven 4-1) Bakgrunn og premissar: Gjeldande næringsplan for Hordaland er Fylkesdelplan for Hordaland 2005-2008. I regional planstrategi for Hordaland fylkeskommune er det vedtatt at det skal utarbeidast ein Regional plan for næringsutvikling i Hordaland. Hordaland fylkeskommune vil no starte arbeidet med den nye regionale næringsplanen for Hordaland 2013-2017. Regional næringsplan vert heimla i plan- og bygningslova kapittel 8 og skal mellom anna byggje på relevante innspel i regjeringa sine "Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging" (24.06.11) og andre relevante regionale planar. Foremål: Den regionale næringsplanen skal vere eit kort, strategisk dokument som syner tydeleg kva for utfordringar vi står overfor i næringsutviklingsarbeidet, inkludert lokalsamfunnsutvikling, dei næraste åra og kva for strategiar som er særleg relevante for å møte desse utfordringane. Næringsplanen skal gi grunnlag for det årlege regionale utviklingsprogrammet, som i praksis vil vere næringsplanen sitt handlingsprogram. Planen skal soleis gje føringar for den årlege bruken av næringsretta utviklingsmidlar som vert omtala i Regionalt utviklingsprogram. Planen skal 6g gje føringar for prioriteringar av statleg verksemd innan næringsfeltet og for kommunal verksemd, særleg innan kommunal planlegging og forvaltning av økonomiske verkemiddel til lokal næringsutvikling. Innhald: Planen skal som minimum innehalde: - Analyse av dei viktigaste utfordringane - Overordna mål for næringsutviklinga i fylket Erfaringar og viktige resultat av innsatsen dei seinare åra - Strategiane for næringsutvikling i planperioden - Roller og arbeidsmåtar for offentlege aktørar og deira samarbeid med private. Plandokumentet skal vere kjenneteikna ved at det er gjort nokre strategiske val, der nokre strategiar er særskilt prioriterte. Tiltak innanfor desse strategiane kan få noko meir midlar enn andre, og dei vil få ekstra merksemd i fylkeskommunen og hjå samarbeidspartnarar. Det vil soleis vere strategiar og område som ikkje vert omtala i planen, men som likevel er viktige for næringsutviklinga i fylket. Plandokumentet skal først og fremt føre til at relevante aktørar i næringslivet når resultat i form av meir innovasjon, fleire arbeidsplassar, betre nettverk, meir kompetanse eller liknande,
- resultat som dei ikkje hadde makta utan innsats forankra i plandokumentet. Den regionale næringsplanen skal 6g medvirke til at offentlege aktørar (seg imellom) og offentlege og private aktørar har same forståing av overordna mål, prioriteringar og strategiar i næringsutviklingsarbeidet. Plandokumentet og planprosessen skal soleis bidra til meir samordna og slagkraftig innsats for brukarane. Den nye plan- og bygningslova seier mellom anna at eit planprogram skal gjere grei for "kva for alternativ som vert vurderte". Samstundes er det Idårt at alternativa vert utforma og endeleg utvalte i sjølve planprosessen. Her vil ein nøye seg med å omtale kriteria for val av strategiar i planen. Dei valde strategiane skal vere svar på viktige utfordringar for å skape næringsutvikling i fylket, skal stø opp om område som Hordaland er eller kan bli særskilt gode på, inneber innsats der offentlege myndigheiter har ei klår rolle i gjennomføringa baserer seg på (ei kritisk vurdering av) eksisterande prioriteringar, og dei valde strategiane kan vere ei vidareføring av nokre av desse prioriteringane. Innsats for næringsutvikling som skapar resultat, er avhengig av systematisk og kontinuerleg innsats over fleire planperiodar. I den regionale planstrategien er det nemnd døme på tema som kan vere med i planen. Desse er mellom anna utvikling av våre viktigaste klynger, utforming av ein politikk for landbruk og for forvaltning av midlar til kompetanseutvikling, tilgang til næringsareal og trong for kompetanse. Kva for utfordringar og tema som til slutt kjem med i planen, vil bli handsama i sjølve planprosessen. 4. Deltaking/prosess: Planprosessen må leggiast opp slik at ein får ein god balanse mellom ønskje om ein kort planprosess og ønskje om brei deltaking. Strategisamling: Det vert arrangert ei samling der føremålet er å vurdere utfordringane, diskutere mål, peike ut kva for strategiske val ein står overfor og gi signal om kva for strategiar som er dei viktigaste. Deltakarar er Regionalt næringsforum, andre representantar frå RNF-organisasjonane, utvalde private verksemder, bransjeorganisasjonar, kommunar/regionråd med fleire. Om lag 30-40 deltakarar. Workshops: Når strategiane er peika ut, vert det arrangert korte workshops. Føremålet er å få innspel på vidare utvikling av dei einskilde strategiane. Innspelarar kan vere forskarar, næringslivsaktørar, finansiørar, ressurspersonar. Deltakarax i diskusjonane kan dels vere nokre av dei same som i strategisamlinga, men mange av deltakarane vert handplukne etter interessar og kompetanse innan kvar einskild strategi. Om lag 20 deltakarar. I tillegg legg fylkeskommunen opp til uformelle, direkte møte med relevante aktørar, organ, grupper etter behov.
Utgrelingsbehov: Det er truleg ikkje naudsynt med større utgreiingar. På mange område finst det relevante forskingsrapportar eller utgreiingar allereie. Eininga Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) i HFK kan eventuelt gjere nokre korte, naudsynte utgreiingar. Organisering: Prosjekteigar er Fylkestinget i Hordaland. Dei skal til slutt vedta planen. Det vil bli lagt opp til orienteringar og drøftingar medfidkesutvalet undervegs i arbeidet. Regionalt Næringsforum (RNF) utgjer styringsgruppa. Dei representerer sentrale partar/interessar. RNF har følgjande samansetning: Hordaland fylkeskommune (Regionaldirektør, leiar, Næringssjefen, Opplæringsdirektøren, 2 politikarar), hmovasjon Norge, Fylkesmannen (Landbruksdirektøren), NHO, LO, Universitetet i Bergen, Bergen kommune, Fiskeridirektoratet region Vest, Kommunenes Sentralforbund, Norges forskningsråd, Hordaland, NAV. Prosjektleiar er Næringsseksjonen, Regionalavdelinga, HFK. Dei har ansvaret for utarbeidinga av planen og gjennomføringa av planprosessen. Arbeidsgruppa er representant(ar) frå Innovasjon Norge, Fylkesmannens Landbruksavdeling og Hordaland fylkeskommune. Prosjektleiar er leiar i arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa gjev råd og innspel til prosjektleiar. Fyikesfinget (Frospkteigar) FUV Regionalt I læringsforum :-.StYfingsgruPPe) Relevante organ HFKINæengsseksMen (Prosjekfieiar) Arbekisgruppe (1-1Rf IN/FMLA) Informasjon og kommunikasjon: HFK vil halde alle relevante partar informert undervegs om planarbeidet. HFK vil 6g vurdere å etablere ikt-løysingar/sosiale media som kan gi god to-vegs kommunikasjon, og dermed nå "nye" grupper. Tidsplan:
November 2011: Planprogxammet vert diskutert i Fylkesutvalet (FUV) og sendt ut på høyring. Januar 2012: Høyringsfrist 6 veker etter utsending. Februar 2012: Planprogrammet vert vedteken i FUV. Mars 2012: Strategisamling Mars 2012: Strategisamlinga sine innspel diskuterast i FUV April/mai 2012: Arbeidsseminar på kvar einskild strategi August 2012: Førsteutkast vert mellom anna diskutert i HFK, RNF og andre fora. September 2012: Andreutkast vert handsama i RNF (viss naudsynt) og FUV Oktober 2012: Utkast til plan vert sendt ut på 6 vekers høyring Desember 2012: Handsaming i FUV og avgjerd i Fylkestinget.